<$BlogRSDUrl$>

1.3.04

Blix og Garborg IV 

Nettverka
"Målfolk laga sine eigne nettverk lenge før sosiologane hadde funne opp begrepet," seier Ottar Grepstad (Det nynorske blikket, 372). Han har rett, og to av dei dyktigaste nettverksbyggarane heitte Elias Blix og Arne Garborg. Rundt hundreårsskiftet møttest dei frå tid til annan nett ved slike høve. Grepstad fortel slik om eitt av dei: "Då ideen om den store målmarknaden i 1898 kom opp, ville Garborg at Blix skulle leie det arbeidet. Blix ville på si side heller at Garborg sjølv skulle gjere det, men tok seg i det minste av å kalle inn til møte i Rødelaget for å få orden på det vidare arbeidet." Brevet frå Blix til Garborg ved dette høvet finn du her (.pdf-fil).

Det er fleire døme på brevskifte mellom dei to frå desse åra, og eg tek gjerne imot hjelp til å rekonstruere dei ulike kontekstane. Julaftan 1899 (.pdf-fil) tek Garborg på ny kontakt med Blix, no for å vurdere "norske folkespel". Eg skulle gjerne visst noko meir om denne konkurransen, og ikkje minst om det "spél-lage" Garborg nemner (på beste midlandsnormal). Var det noko fru Hulda G. var involvert i, tru?
[Oppdatering, 03.03.2004: Ja, det må ha vore den første versjonen av Det norske Spellaget, der Hulda Garborg var primus motor i 1899 (omtala i denne Dag og Tid-artikkelen). Det vart visst eit blaff, men frå 1910 var eit lag med dette namnet på ny i aktivitet. Det er forhistoria til Det Norske Teatret det handlar om.]

Frå eit brev Blix skreiv til Garborg 24. mars 1900 (.pdf-fil) er det tydeleg at Garborg følgjer med i salmeboksaka. Det ligg ei mappe med materiale om "salmeboksaka" i Handskriftsamlinga til Nasjonalbiblioteket i Oslo. Eg har enno ikkje arbeidd med den. Men eg skjønar så mykje at det gjeld rettane til å gje ut salmebokutgåver med "Nokre Salmar" i, at salmebøker var sers god butikk, og at interessene til Det norske Samlaget stod på spel. Det er dei Garborg er oppteken av, ser det ut til.

Og tru kva for eit møte (.pdf-fil) dei to skulle i i februar 1901, saman med (Moltke) Moe og (Steinar) Schjøtt?

Eitt spor må eg kome attende til seinare: Både Blix og Garborg var sentrale personar i Forfatterforeningens første fase. Nils Johan Ringdal har skrive den siste og største historia om Den norske forfatterforening.

Blix og Garborg I.
Blix og Garborg II (Reisestipend, 1882).
Blix og Garborg III (Albertine, 1886).
Blix og Garborg V (Asker).
Blix og Garborg. P. S.
For å sjå .pdf-filer treng du gratisprogrammet Adobe® Reader®

Send ein kommentar.
# lagt inn 1.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?