<$BlogRSDUrl$>

24.8.04

Kommentarar 

Eg eksperimenterer med nye Blogger-verktøy (skal lesast: nye for meg) som gjev eventuelle lesarar høve til å kommentere innlegg på vevloggen. Denne meldinga er her helst for å sjå om dei verkar. Dei gjer det med den nyare Windows-maskinen, men ikkje med den eldre Macintoshen i huset. Det har vel helst med programvareversjonar å gjere, tenkjer eg.

Om du no skulle finne på å klikke på peikaren Skriv ein kommentar, kjem du til ei side med tittelen "Comment Sign In". Du treng ikkje bry deg om det som står der om brukarnamn, passord og innlogging, berre bruk peikaren "Or post anonymously" som står med lita skrift litt nede på sida. Dette er eit triks leverandøren brukar for å skaffe seg nye kundar.

Du må gjerne signere kommentaren din; da må du altså skrive namnet (eller oppnamnet) ditt sjølv i kommentarteksten. Og du har framleis høve til å sende meg kommentarar på e-post; adressa finn du på toppen av sida.

# lagt inn 24.8.04 4 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Først eit forsøk på å skrive ein kommentar i Internet Explorer 6.
Av Blogger Anders, 8:55 a.m.  
Så eit forøk i Opera 7 (framleis Windows).
Av Blogger Anders, 8:57 a.m.  
Hei. Eg synes (eg må vel skriva nynorsk her..) at den 'comments' funksjonen som Blogger har er mykje meir tungvint å bruke enn den Haloscan har å tilby. Du finn Haloscan her: http://www.haloscan.com/. Det er den eg brukar m.a. på mi Philo side....:)
Av Blogger TorreyS, 1:15 p.m.  
Takk for tipset, Torrey! Eg er glad for all hjelp til orientering i dette landskapet. Torrey sin fagblogg om den jødiske religionsfilosofen (med mykje meir) Filo frå Aleksandria er å finne på adressa http://philoblogger.blogspot.com/.
Av Blogger Anders, 2:12 p.m.  
Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?