<$BlogRSDUrl$>

22.9.04

Fødsel og fiske 

Ekteparet Peder Christophersen (1804-1839) og Margrethe Christopherdatter (1808-1857) fekk tre søner: Alle tre vart heimedøypte. Det er tydeleg at heimedåp var vanleg i Gildeskål på denne tida. Eg har tenkt meg at det var vanskeleg å fare i båt til kyrkje med spebarn vinters dag, og at dette var hovudgrunnen til praksis med tidleg heimedåp og stadfesting i kyrkja nokre månader seinare.

Men det slo meg her om dagen at det kan vere ein annan faktor med i biletet. Etterjulsvinteren er tida for lofotfisket, eit av dei viktigaste elementa i næringsgrunnlaget for fiskarbøndene langs kysten av Nord-Noreg. Alle desse tre gutane var fødde i lofotsesongen.

Eg veit for lite både om fødselens og fiskerias kulturhistorie, så om nokon har kommentarar er eg takksam. Men det er vel ikkje usannsynleg at Peder Christophersen var borte på fiske da sønene hans vart fødde - kvar gong? Kan hende såg han aldri den førstefødde sonen? Hushaldet hadde vel neppe økonomi til at far kunne halde seg heime frå sesongfisket, sjølv med høggravid kone og traumatisk forhistorie?

Det er berre for Elias Blix at eg veit dato for stadfestinga, den fann stad etter påske, i slutten av april. Fordi lofotsesongen var over og far hadde nådd heim? Er dette ein rimeleg rekonstruksjon?
# lagt inn 22.9.04 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Nice site,

Greethings,

Kristel (Holland)
Av Blogger krisje_1984, 5:59 p.m.  
Heller ikkje eg er nokon ekspert på dette, men eg kom på ein replikk som Ivar Grimstad siterer i ei av morobøkene sine frå Sunnmøre (Velsigne kjæften din, prest 1974):
"Umedvite gav nok Håvoll-kjerringa uttrykk for si sentrale stilling då ho skildra inngangen til ei lettare årstid for hennar del i følgjande ordelag:
- Ej æ so glade når petetinnje æ oppkomne, saudinnje æ klippte, husa æ ne'vaska og ongjen æ fødde!"
Denne kona var altså haustber, medan Blix-mora fødde om vinteren.

Helsing Per.
Av Anonymous Anonym, 2:18 p.m.  
Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?