16.5.08
St. Olav
Første tidsskriftmeldinga, så vidt eg veit, av Ein betre vår ein gong står i siste nr. av det katolske kulturtidsskriftet St. Olav (nr. 4-5 for i år), som nett er kome ut. Tove Bull har alt meldt boka i Nordlys, men i St. Olav har ho fått heile fire sider til disposisjon. Det er eg svært glad for, for dette er ei uvanleg kompetent og grundig lesing av boka. Meldinga byggjer på seminarinnlegget hennar ved Tromsø-lanseringa i februar. At Tove Bull liker det ho les, er sjølvsagt eit ekstra pluss. Eg tillet meg å sitere ein passasje om aspekt ved boka som andre meldarar ikkje har skrive så mykje om:
Språk og form
Desse to ulike opptaktene til biografien viser oss ein uhyre formmedveten biograf. Eitt er at han skriv uvanleg godt, noko anna at han komponerer minst like godt. Det er ein sakprosatekst Aschim har forfatta, og hadde det ikkje vore for at det ville vore ei stygg undervurdering av sakprosa eller normalprosa å seie at denne teksten er blitt så god som han er blitt ved at forfattaren også nyttar skjønnlitterære verkemiddel, ja, da hadde eg sagt det slik. La meg heller formulere det litt annleis: Boka er uvanleg velskriven; ho avslører høgt stilmedvett og disiplinert og gjennomarbeidd bruk av ymse retoriske verkemiddel.
15.5.08
Arendals Tidende?
Det er ikkje alt eg får med meg. Til dømes er eg først i kveld blitt merksam på at Arendals Tidende skal ha hatt ei melding av Ein betre vår ein gong i april - via nettsida lokalhistorie.no:
[Publisert 2. mai 2008 ]No spekulerer eg over korleis eg skal finne eit eksemplar av den aktuelle avisa.
Biografi om Elias Blix
Teologen Anders Aschim har skrevet biografien Ein betre vår ein gong om teologen og salmeskriveren Elias Blix (f. 1836) fra Gildeskål. Tittelen på boka er hentet fra Blix’ salme No livnar det i lundar. Boka er på 474 sider med ytterligere 125 sider noter, tillegg og register, og anmelderen Arne Bergersen i Arendals Tidende mener at boka ikke bare er en personbiografi, men i stor grad en kulturhistorie fra siste halvdel av 1800-tallet. [Kilde: Arendals Tidende, 19. april 2008.]
13.5.08
Lokalnytt
Nytt nummer av Menighetsblad for Enebakk og Mari kom til pinse. Her står det eit lite referat av Blix-kvelden på heimebane 3. april. På same sida er det eit intervju med ein annan Enebakk-biograf: Arnhild Skre fortel om arbeidet sitt med Ragnhild Jølsen. Boka kjem til hausten.
4.5.08
VG (reprise)
Eg veit ikkje kva slags reprisepolitikk dei har i landets største avis, men i dag står Sten Inge Jørgensens melding av Ein betre vår ein gong. Elias Blix på ny på trykk i VG, som tidlegare har publisert nøyaktig same tekst 20. april. For meg er jo det berre fint, for meldinga var riktig god.
2.5.08
Nynorsk salmenytt
Ivar Aasen-tunet: "Tre av salmane som blei sendt inn til salmekonkurransen Nynorsk kultursentrum arrangerte i 2006, er med i forslaget til ny salmebok som blir sendt ut på høyring til hausten."
Dette er det glede over ved Nynorsk kultursentrum. Men det er òg skepsis: "Vi ser at nynorskandelen går ned, til 36,8 %. Det er også betenkeleg at ingen av salmane til bruk ved gravferd er på nynorsk. Vi ser at salmebokutvalet har skrive ein merknad om at dei bør få inn nokre nynorske salmar her, og det er definitivt på sin plass, seier [Gaute] Øvereng."
Dette er det glede over ved Nynorsk kultursentrum. Men det er òg skepsis: "Vi ser at nynorskandelen går ned, til 36,8 %. Det er også betenkeleg at ingen av salmane til bruk ved gravferd er på nynorsk. Vi ser at salmebokutvalet har skrive ein merknad om at dei bør få inn nokre nynorske salmar her, og det er definitivt på sin plass, seier [Gaute] Øvereng."
1.5.08
Meldingar og slikt
Her samlar eg bokmeldingar og anna stoff om biografien Ein betre vår ein gong. Elias Blix (Oslo: Samlaget, 2008). Posten blir oppdatert etter kvart.
Bokmeldingar
Annan omtale
Bokmeldingar
- Dag og Tid 29.02.08 (Bjørn Kvalsvik Nicolaysen)
- Nationen 03.03.08 (Elin Lindberg)
- Dagbladet 09.03.08 (Espen Søbye)
- Vårt Land 19.03.08 (Bjarte Botnen)
- Morgenbladet 28.03.08 (Jan Inge Sørbø)
- DagenMagazinet 01.04.08 (Paul Odland)
- Stavanger Aftenblad 01.04.08 (Jan Inge Sørbø)
- Sunnmørsposten 02.04.08 (kronikk, Birger Løvlie)
- Aftenposten 06.04.08 (Dag Kullerud)
- Fædrelandsvennen 09.04.08 (Alf Kjetil Igland)
- Nordlys 14.04.08 (Tove Bull)
- VG 20.04.08, reprise 04.05.08 (Sten Inge Jørgensen)
- St. Olav nr. 4/5-2008 (Tove Bull)
Annan omtale
- Bokomtale frå forlaget
- "Ein betre vår ein gong." Intervju, Gildeskål kirkeblad nr. 1/2008
- "Ny Blix-biografi lanseres i Gildeskål." Reportasje, Avisa Nordland 09.02.08 (Connie Slettan Olsen)
- "Han var limet i regjeringen." Intervju, NRK Nordland 24.02.08 (Malvin Eriksen)
- "Ny bok om Elias Blix." Reportasje/intervju, Avisa Nordland 25.02.08 (Hanna Lisa Skau)
- "Ungt møte med Blix." Reportasje, Avisa Nordland 26.02.08 (Connie Slettan Olsen)
- "Urframføring av Blix-salme i Aasen-tunet." Omtale av arrangement 02.03.08, lagt ut 26.02.08
- "Blyg og ærekjær." Intervju, Klassekampen 27.02.08 (Guri Kulås)
- "Som å gå i eit par gode sko." Reportasje frå Blix-kveld i Ulstein kyrkje 02.03.08, Vikebladet Vestposten 08.03.08 (Leiv Arne Grimstad)
- "Anders Aschim med biografi om Elias Blix." Intervju, Menighetsblad for Enebakk og Mari nr. 1/2008
- "Flott Blix-kveld i Mari." Referat frå Blix-kveld på Mari menighetssenter 03.04.08, Menighetsblad for Enebakk og Mari nr. 2/2008
29.4.08
Sidan sist II: Salmenytt
På salmefronten hender det mykje om dagen. Dette er viktig for framtida til norsk kyrkjesong.
- Fleire bloggarar har kommentert det ferske framlegget til ny salmebok. Salmediktaren Eyvind Skeie har skrive dette innlegget. På bloggen Purisme har Endre Brunstad denne kommentaren, der han mellom anna kritiserer mangelen på nynorske gravferdssalmar i framlegget.
- Kyrkjerådet har bestemt å gje oppdraget med produksjon av dei nye salmebøkene til Forlagshuset Vigmostad & Bjørke i Bergen (som m. a. inkluderer Fagbokforlaget). Sjå òg denne saka frå Vårt Land (23.04.08). Dette har store konsekvensar for min eigen arbeidsplass. Verbum forlag, som tapte kampen om dette tilbodet, er søsterforlaget til Bibelselskapet. Vårt Land i dag fortel det eg for så vidt veit frå før: Dette er eit tap som er svært tungt for Verbum.
Sidan sist I: Støylen-nytt
Noko Blix-nytt har eg ikkje å melde sidan sist. Men eit par Støylen-nyheiter bør nemnast.
- I Klassekampen har Guri Kulås eit fint intervju med Bernt Støylen-biograf Olga Støylen Runde, under tittelen "Presten som samla barnerim" (24.04.08)
- Noregs Mållag gjer meir heider og stas på neste Runde-generasjon, teikneserieskaparen.
Roma
Det har vore tyst ei vekes tid på BlixBlog. Eg har hatt ei fin ferieveke i Roma saman med ei eg er glad i. Det var hennar første Roma-reise, sjølv var eg i byen for temmeleg nøyaktig 30 år sidan (med latinlæraren min frå gymnaset, Jostein Høgetveit, som reiseleiar). God blanding av kulturminne, folkeliv og mosjon (vi har gått mykje), sol og godt vêr heile veka. Eg må nok innrømme at Roma er litt for barokk for meg, det eine kunstverket slår det andre i hel. Av overraskingar som det ikkje står om i turisthandboka vår må særleg nemnast den store (årlege?) putekrigen på plassen foran kyrkja Santa Maria in Trastevere. Hundrevis av ungdommar var samla på plassen søndag ettermiddag og delja laus på kvarandre av hjartans lyst, medan eit stort politioppbod passa på at putekrigen ikkje utarta til krig med tørre nevar eller andre våpen.
No er det striskjorta og havrelefsa att.
No er det striskjorta og havrelefsa att.
20.4.08
VG (sic)
No står ikkje verda til påske. Trur du ikkje jamvel VG brukar spalteplass på å melde ein biografi om Elias Blix (papirutgåva, i dag):
Mange av oss var ikke overbegeistret forMeldinga er signert Sten Inge Jørgensen. Dette er, på den vesle plassen VG-meldarar har til disposisjon, ei svært god lesing av boka. For meg er Ein betre vår ein gong ei slags "Historia om Noreg" i åra fram mot unionsoppløysinga - slik den tar seg ut sett gjennom brillene til ein einskild aktør. Dette har meldaren fått med seg.
salmesang da vi gikk på skolen, det var
liksom noe gammelmodig og oppstyltet
ved disse melodiene. Om læreren hadde
fortalt at "Nå livnar det i lundar", nærmest
var uttrykk for noe revolusjonært, ville vi
trodd det rablet for ham. Men så grensesprengende
var det faktisk da Elias Blix
opprinnelig skrev den, forteller Anders
Aschim i denne biografien om vår store
salmedikter.
...
Anders Aschim, som selv er teolog og
bibeloversetter, har gjort et svært godt arbeid
med denne boken - helt på høyde med hva
våre beste biografer presterer. Klokelig nok
er han forsiktig med psykologiseringen, for
Elias Blix’ liv var uløselig knyttet til strømninger
i hans samtid.
...
Det ferdigtegnede portrettet er ikke noe
glansbilde, for Aschim er klar på at også
Blix hadde sine svakheter. Men han får tydelig
frem at denne salmedikterens livsløp
representerer et verdifullt stykke norgeshistorie.



