<$BlogRSDUrl$>

27.8.08

Blix Street 

Den påtenkte serien om Elias Blix' gate(r) gjer at eg sjølvsagt følgjer nøye med når eg høyrer om "Blix Street", ei gate som jamvel viser seg å ha sitt eige plateselskap, Blix Street Records. Men eg finn ikkje "No livnar det i lundar" på nokon produksjon frå selskapet.
# lagt inn 27.8.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.8.08

Katalog 

2008-katalogen til Samlaget er no publisert på nett. Les omtale av Blix-boka her, eller sjå heile katalogen her.
# lagt inn 20.8.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.8.08

Hauge 

Olav H. Hauge er hundre år i dag.
# lagt inn 18.8.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.8.08

Blix i haust 

I morgon tek skoleåret til for dei unge her i huset. Eg har vore i arbeid nokre dagar alt, men det er først no kjensla av haust kjem sigande. I dag har eg rydda i kalenderen for å få oversikt over kva for Blix-arrangement eg har lova meg bort til i haust. Om du har lyst til å synge Blix-salmar og høyre meir om forfattaren, kan du t. d. halde av ein av desse datoane:

tysdag 16. september kl. 19.30: Hamar Y’s Men’s Club
torsdag 18. september kl. 18.30: Israelsmisjonen, Enebakk
tysdag 23. september kl. 19.30: Uranienborg kirkeakademi, Oslo
onsdag 15. oktober: Fjellhaug skoler, Oslo (fagsamtale med lærarane)
torsdag 23. oktober: Fana kyrkje eller kyrkjelydshus, Bergen (i samband med kulturdagane i Fana og Ytrebygda)
søndag 9. november kl. 19.30: Dalen kyrkje, Folldal

Eit tidlegare annonsert arrangement på Bryne blei det ikkje noko av. Om det finst fleire som har lyst til å arrangere Blix-kveld, kan eg framleis finne noko ledig tid i haust.
# lagt inn 17.8.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.8.08

Skademelding 

I går la Samlaget fram haustlista, noko som blei høgtida med pressekonferanse i Det Norske Teatret og fest i forlaget. Mykje godt i vente, eg ser særleg fram til ny roman av bibelomsetjarkollega Jørgen Norheim og "Dr. Munks popleksikon" ved Ragnar Hovland.

Størst inntrykk gjorde det likevel å bli møtt av ein heiderskrona litteraturforskar med orda: "Du har nesten teke livet av meg". Historia, illustrert med mobiltelefonbilete, gjekk om lag slik: Vedkommande, som nett hadde fått Blix-biografien min, gjekk av eit offentleg transportmiddel med boka under armen, ramla og kunne, fordi armen altså var oppteken med andre oppgåver, ikkje ta seg for i fallet. Fotografia av skadane i ansiktet gjorde djupt inntrykk, særleg var nasen ille medfaren. Heldigvis såg ikkje vedkommande ut til å ha fått varig mein av uhellet.

Dette er den andre meldinga eg har fått om skadar som har direkte samanheng med boka (den første finst her). Eg er så betenkt over dette at eg vurderer å be forlaget om å utstyre boka med ei åtvaring om helserisikoen knytta til å eige og bruke den. Verken forlaget eller eg har økonomi til å bere større erstatningskrav.
# lagt inn 15.8.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.8.08

Postkolonialt 

"Riksdekkende medier behandler Nord-Norge som om landsdelen var en koloni. Det meste som skrives handler enten om en potensiell pengebinge eller kuriosa som skal få folk til å trekke på smilebåndet." Det er Morten Strøksnes som blir referert slik i Dagsavisen. Men redaktøren i Nordlys seier det ikkje er hans skuld.
# lagt inn 5.8.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.8.08

Sakprosakanon 

Nei, Dagbladet har ikkje brukt det ordet. Men no har langt om lenge ein jury kåra den viktigaste sakprosaboka i Noreg etter krigen. Boka er Georg Johannesens Om den norske tenkemåten, ei samling essays utgitt på Gyldendal i 1975. Kjartan Fløgstads ramsalte kommentar til valet er lesverdig. Ja, boka også, sjølvsagt.
I 2008 fører Norge krig i Afghanistan. Frp nærmar seg regjeringskvartalet. Norsk dannelse er å kjøra fort med bil og snakka dårleg engelsk. I massemedia er historia om sosialisme på norsk omskapt til den triste farsen om romanpartiet AKP (m-l). Likevel kårar Dagbladet Georg Johannesens artikkelsamling frå 1975 til Norges viktigaste sakprosabok. Er dette rein hån frå eit samfunn på full fart bort frå alt Georg Johannesen sto for? Takk for sist frå pressa han hudfletta? Grovt ran frå dei sakprosaiske profesjonsbyggarane?
Eg har ikkje tenkt å gå inn i nokon inngåande analyse av Dagblad-lista. Men eg registrerer at ikkje ein einaste lovtekst er funnen viktig nok til å kome med, heller ikkje Fellesprogrammet av 1945. Når det gjeld dei obligatoriske kalkulatorøvingane, kan ein registrere at kvinnelege forfattarar står bak 40 % av dei viktigaste sakprosatitlane, men at dei ikkje når høgare opp enn til 6. plass (Åse Gruda Skard, Ungene våre, 1948). Berre 15 %, tre av tjue titlar, er skrivne på nynorsk. I tillegg til før omtalte Skirbekk gjeld det Hans Skjervheims Deltakar og tilskodar og Kjartan Fløgstads Loven vest for Pecos.
# lagt inn 2.8.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?