<$BlogRSDUrl$>

28.2.11

Laurdag 26. februar 

Eg må hoppe over fredagen, da var det salmekveld i Elias Blix' eiga kyrkje, den gamle middelalderkyrkja i Gildeskål. Den veit eg ikkje så mykje om.

Laurdagen tok programmet til klokka 14.30 med panelsamtale i hovudkyrkja over emnet "Hva er det med Elias Blix?" Songar og skodespelar Kine Hellebust stod for den kunstnarlege innfallsvinkelen, sokneprest Svein Malmbekk (no Rønvik, før Gildeskål) for den kyrkjelege, underteikna for den historiske og samtaleleiar (og direktør for Nynorsk kultursentrum) Ottar Grepstad for den nynorske, eller noko slikt. Vi hadde ei gild stund og var samde om at Elias Blix var ein framifrå kar. Det meinte visst dei frammøtte òg. Avisa har kalkulert dei til om lag 200, ser eg.

Det var elles ei stor glede for meg å sjå tømmerveggene på nykyrkja i Gildeskål lyse mot meg. Eternittplatene er endeleg fjerna. Det står att ein god del målararbeid, og her trengst det pengar. Kyrkjelyden bed om ei Blix-gåve for å få fullført denne utvendige oppussinga. Kontonummeret er 4609.20.42650, merk giroen "Blixgåve".

Mellom slaga hadde min gode fe Oscar Berg ei av sine uforliknelege omvisningar i gammelkyrkja. Det var ei glede å møte han att.

Og så var det fest for Blix i Kulturhuset på Inndyr. Fullt hus og stor jubel, om lag 400 frammøtte, påstår avisa. Eit lite referat og lenkje til Avisa Nordland sine bilde finn du her.

Bankett etterpå, kortreist tapas med høgst lokal vri, talar og helsingar frå ymse notabilitetar: TRE biskopar (Sør-Hålogaland, Nord-Hålogaland, Nidaros), leiaren for Kyrkjerådet, generalsekretæren i Bibelselskapet (min sjef), og forsyne meg var det ikkje ein prest som heldt talen frå Salten-ordførarane òg, Rolf Steffensen, ordføraren i Hamarøy. Det var godt med ei lekmannshelsing frå fylkeskommunen. Gildeskål-ordførar Walter Pedersen ønskte velkomen som vert. Han og medarbeidarane hans har gjort ein gedigen innsats med dette jubileumsarrangementet.
# lagt inn 28.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Bursdag 24. februar 

Når eg først har sett i gang denne bloggen, har eg vel ei viss meldeplikt når det gjeld Elias Blix-jubileet.

Torsdag 24. februar var det bursdagsselskap på Sandhornøy skole. Eg var ikkje der, men eg har høyrt rykte om eit fint arrangement med kjempeinnsats av skoleelevane. Etterpå var det samling ved Blix-bautaen på heimstaden Volden. Der tala domprost Elin Vangen.
Oppdatering, 2. mars: Referat frå feiringa på Sandhornøy i Meløyavisa (via eliasblix.no)

Ordføraren var ikkje der, han var i Oslo saman med dei andre Salten-ordførarane og biskop Tor Jørgensen. Dei høgtida fødselsdagen til Blix med ei minnestund ved grava på Vår Frelsers gravlund og eit arrangement i Det Norske Teatret. Talar haldne ved dette høvet finn du på eliasblix.no, biskopens tale i teatret finn du på bloggen hans òg.

I Bodø var det altså stor Blix-kveld i Rønvik kyrkje.

Sjølv feira eg dagen i Sandnessjøen og på Alstahaug.
# lagt inn 28.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.2.11

Fest for Blix 

Eg er nett heimkomen etter to svært innhaldsmetta og vellukka festdagar i Gildeskål. Det blir nok ikkje mykje blogging i kveld, men denne smakebiten frå Avisa Nordland kan du få:

...

Gildeskålensemblet og sogneprest Eivind Ørum rappet i gang Blix-festen i kulturhuset Foto: Jonas Bjørkli

Fest som sømmet seg

Håvard Lund har gjort noe så modig som å lage nye melodier på to av de mest kjente Blix-salmene. Det fikk han stor applaus for i festforestillingen for Blix i Gildeskål lørdag.

www.an.no - Kultur

Rutinerte artistar som Kine Hellebust og Ola Bremnes var med. Men Håvard Lund og bassklarinetten(!) hans var verkeleg høgdepunktet, særleg i duoformat med Ingebjørg Bratland. Likevel, den musikalske ankermannen heile helga har vore trollmannen Bjørn Andor Drage, på orgel og med det profesjonelle kammerkoret VocalART.

# lagt inn 27.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.2.11

Blix i Varden 

I Telemark Tidend, inderst hos Skiensavisa Varden, står det ein kronikk i dag om "Mannen mot straumen", 175-årsjubilanten Elias Blix. Forfattar er Merete Bratsberg Aae.
Oppdatering, 2. mars: Nettversjon her.
# lagt inn 26.2.11 3 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix anno 1936 

Avisa Nordland har òg eit fint tilbakeblikk på den store hundreårsfeiringa for Blix i 1936. Den gongen var fleire tusen menneske samla på kyrkjestaden i Gildeskål med biskop Eivind Berggrav i spissen. Denne feiringa var rett nok lagt sommarstid. Pass på, det kjem eit stort jubileumsarrangement denne sommaren òg.
# lagt inn 26.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Bodø 

Avisa Nordland (bilaget FriHelg) i dag:
Ingen koordinerer kulturarrangementer i Bodø. Torsdag kolliderte tre kirkekonserter. Det gikk ut over to av dem.
Og vinnaren var feiringa av Elias Blix' 175-årsdag i Rønvik kyrkje med stinn brakke og 350 frammøtte. Vel fortent, men synd for dei framifrå utøvarane i Bodø Sinfonietta (Bodin kyrkje) og Ensemble Ylajali (Bodø domkyrkje).
# lagt inn 26.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.2.11

Biskopen som Blix-bloggar 

Det er travle tider for Blix-bloggarar, så det er godt å få hjelp, til dømes av biskop Tor B. på Biskopens Ark.

# lagt inn 25.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Fergerute 18-444 

Godt å vite om du kjem via Sandhornøy til festen i morgon:

Fergerute 18-444, Sund-Horsdal-Sørarnøy

Torghatten Nord AS informerer om ruteendring i fergesambandet Sund-Horsdal-Sørarnsøy, lørdag og søndag 26-27.02-11. I forbindelse med Elias Blix markeringen vil det utføres ekstraturer lørdagskveld samt fremskyndelse av rute på enkelte avganger. Lørdag: Avgangen fra Sund kl. 1615 endres til kl. 1545. Fra Horsdal kl. 1555, fra Sørarnøy kl. 1640 og fra Horsdal til Sund kl. 1715. Det utføres ekstraturer fra Sund kl. 2030, fra Horsdal kl. 2040 og fra Sørarnøy til Sund kl. 2115. Søndag: Avgangen fra Sund kl. 0900 endres til kl. 0845. Fra Horsdal kl. 0855, fra Sørarnøy kl. 0935 og fra Horsdal til Sund kl. 1020.

177 Nordland | Avvik i dagens trafikk | Fergerute 18-444, Sund-Horsdal-Sørarnøy

# lagt inn 25.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

NaboNytt 

Eg kunne berre ikkje la vere å formidle denne … (signert Espen Tørset):

Heidres over heile landet

Skrevet 24.02.2011 22:17 - Kultur


Vil du bli betre kjent med Blix, er denne biografien eit godt val!

Som politikar, teolog, bibelomsetjar, språkmann og ikkje minst salmediktar har Elias Blix ein heilt spesiell plass i den norske kulturhistoria.

Denne mannen frå Gildeskål i Nordland vart fødd 24. februar 1836, og er dermed 175 år i dag. Denne "runddagen" vil bli markert i heile landet i 2011.

Han var med på å kjempe gjennom jamnstillingsvedtaket i 1885, han var hovudmannen bak omsetjinga av Det nye testamentet, og han gjorde nynorsken levande for kyrkjefolk i heile landet med sine salmar med bilete som folk kjente seg igjen i.

Enno i dag er 51 av salmane i salmeboka skrive av Elias Blix, og 20 av salmane i boka har han satt om. Fedrelandssalmen, No livnar det i lundar, Med Jesus vil eg fara og Barndomsminne frå Nordland er kanskje dei mest kjente tekstane han har skrive.

Alle som har vore skoleborn i Noreg og Skaun er kjent med den rike songskatten til Blix.

NaboNytt - Lokalavis på nett - Nyheter fra Buvika, Børsa, Skaun og Viggja | Heidres over heile landet

# lagt inn 25.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Fødselsdagsfeiringa 

Da var dagen over. Elias Blix er ettertrykkeleg markert på heimstaden på Sandhornøy, med eit offisielt arrangement i Oslo, og med stor Blix-fest i Rønvik kyrkje i Bodø, har eg registrert. Mellom anna. Sjølv var eg på Petter Dass-museet på Alstahaug og heldt foredrag. Det var ein fin kveld.

Av avisene er det særleg dei nordnorske, dei nynorske og dei kristelege som har gjort noko ut av dagen. Lite av dette ligg på nett.

Avisa Nordland i Bodø står sjølvsagt i ei klasse for seg. Dei følgjer jubileet tett. Men Vårt Land i går hadde store oppslag både på kommentar- og kronikkplass. DagenMagazinet og Nordlys må òg nemnast. I Dag og Tid har eg skrive sjølv, sist fredag kom mine "Tre favorittar: Blix-salmar" på sistesida, i dag har broderen og eg ein kronikk med utgangspunkt i debatten om NRK og Fedrelandssalmen i fjor sommar.

Mest kjøt får du i kronikkane: Svein Malmbekk i Vårt Land i går, Harald Eintveit i DagenMagazinet i går, Tor Jørgensen i Avisa Nordland i går, Anders og Per Kristian Aschim i Dag og Tid i dag.

No er det frukost, deretter reiser eg frå Sandnessjøen til Bodø. Ha ein god fredag.

Oppdatering (Bodø, fredag kveld): Kronikken til Aschim & Aschim finn du her (via www.eliasblix.no)
# lagt inn 25.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.2.11

Til lukke med dagen 

 

Elias Blix 175 år

24. februar er det 175 år siden Elias Blix ble født på Sandhornøy i Gildeskål. Dagen blir som seg hør og bør markert med flere arrangementer.

Elias Blix - Jubileum 2011 - Nyheter

Sjølv sit eg på Gardermoen (kl. 06.35), på veg til Sandnessjøen.

Føremiddag: Prestemøte for Nord-Helgeland prosti i Sandnessjøen: "Elias Blix, hvem var han, hva skrev han og hvorfor betyr han så mye?"
Kveld: Føredrag på Petter Dass-museet, Alstahaug: "... de to store Bøger, hvori Gud har indskrevet Skabningens Historie. Bibelen og naturen hos Petter Dass og Elias Blix". Meir om dette her.

# lagt inn 24.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.2.11

Blix-markering i Oslo 

på 175-årsdagen, torsdag 24. februar. Frå pressemeldinga:
Det er Salten Regionråd som i samarbeid med Gildeskål kommune og Det Norske Teater gir salmedikteren, teologen, bibeloversetteren, professoren og statsråden Elias Blix den fortjente oppmerksomhet på 175-årsdagen for hans fødsel. Det inviteres til en minnemarkering på Vår Frelsers gravlund i Oslo torsdag 24. februar kl. 10.00. Leder for Salten regionråd, Kjell Magne Johansen, vil tale, og etter kransenedlegging synger Bodø-oktetten. Markeringen fortsetter i Det norske Teatret kl. 10.30, der Tor B. Jørgensen vil tale og Henny Moan leser Blix-tekster.
Det blir fleire helsingar, mellom anna frå Kyrkjerådet og Noregs Mållag.

Sjølv får eg ikkje med meg dette, eg er i Sandnessjøen torsdag.
# lagt inn 22.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.2.11

Blix i Bodø 

Og ikkje berre Blix, men Hoem og Bjørnson med. Det er i Rønvik kyrkje det skjer.

175-jubileet for salmedikteren Elias Blix markeres med flere arrangementer i Rønvik kirke

Først ut er forfatteren Edvard Hoem. Tirsdag 22. februar kl. 20 holder han foredrag om Bjørnstjerne Bjørnson og Elias Blix - "det norske, kristendommen, livet og landsmålet". Foredraget er i Kirkestua. Arrangør: Kirkeakademiet. Inngang kr. 50,-.

Rønvik/Kjerringøy - kirken.bodo.no

# lagt inn 21.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Den nye Blix-utstillinga 

Eg hadde det privilegium å sjå den nye temautstillinga om Elias Blix på opningsdagen i Aasentunet i går. Dette er meir enn ein revidert versjon av utstillinga frå 2002, det er ei heilt ny og kraftig forbetra utstilling. Denne må du sjå.

Ordets sølvsmedkunstnar – Elias Blix 175 årblank

SØNDAG 20. FEBRUAR 19.15 Basisutstillinga, Ivar Aasen-tunet Opning av ny temautstillinga om Elias Blix Utstillinga står til og med 1. mai Gratis opningsdagen, elles inkludert i prisen til basisutstillinga

Den store salmediktaren som ikkje var prest, den kjedelege stortingsmannen, språkgeniet, mannen som kristna landsmålet. Mykje kan seiast om Elias Blix, og det blir det også gjort i den nye temautstillinga frå Nynorsk kultursentrum: Elias Blix – Ordets sølvsmedkunstnar. Blix står att som vår fremste salmediktar den dag i dag.

Ivar Aasen-tunet - Ordets sølvsmedkunstnar – Elias Blix 175 år

# lagt inn 21.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.2.11

Blix i Nationen 

Frå Nynorsk Pressekontor/Nationen:
# lagt inn 19.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.2.11

Blix til alle tider 

Eg er svoren P 2-lyttar, men for Blix-vener er det NRK P 1 som gjeld søndag 20. februar. Morgonfuglar kan få med seg “Sangtimen” med Nils Abrahamsen og underteikna klokka 08.07. B-menneske kan vente til 22.05. Da kjem “Salmer til alle tider” med Helge Gudmundsen.

”Salmer til alle tider” markerer Elias Blix. Torsdag 24.februar er det 175 år siden salmedikteren ble født i Gildeskål i Nordland. Nå er det helt umulig i løpet av 25 minutter å dekke hele hans forfatterskap, men du får en liten smakebit. Et hørbart bevis på at Elias Blix og hans salmer er en viktig del av vår kulturskatt.

Salmenøtta søndag 20. februar - NRK P1 - NRK

# lagt inn 18.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix på teatret 

Frå Noregs Mållag:

Jubileum for Elias Blix

I år vert det feira 175 års-jubileum for Elias Blix. Torsdag 24. februar er det markering på Det Norske Teatret.
Nestleiar i Noregs Mållag, Jens Kihl, skal halda helsingstale frå Noregs Mållag på dette opningsarrangement.

Jubileum for Elias Blix - Noregs Mållag

Andre detaljar om arrangementet er ukjende. Sjølv er eg i Sandnessjøen den dagen.

# lagt inn 18.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

i Dag og Tid:
# lagt inn 18.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.2.11

Blix og helsa 

Kronikk i Nordlys i dag.

«Ein betre vår ein gong...»

ELIAS BLIX: I store deler av livet hadde Elias Blix helseplager. Med dagens helsetjeneste hadde han trolig hatt et enda bedre liv.

Av Jan Norum, fagdirektør i Helse Nord

«Ein betre vår ein gong...» | www.nordlys.no

# lagt inn 11.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix hos Aasen 

om vel ei veke.

Tonje Unstad og to gongar Blixblank

Tonje Unstad (foto: Per Olav Heimstad), Elias Blix og Anders Aschim

Tonje Unstad (foto: Per Olav Heimstad), Elias Blix og Anders Aschim

Søndag 20. februar står visesongaren Tonje Unstad på scena i Ivar Aasen-tunet med gitar og eit knippe songar som spenner frå det rolege til det sprudlande.

Dette er nærast på dagen 175 år sidan ein annan markant nordlending vart fødd, Elias Blix. Dette skal sjølvsagt også markerast i Aasen-tunet, med foredrag av Blix-biografen Anders Aschim og opning av ei ny temautstilling.

Ivar Aasen-tunet - Tonje Unstad og to gongar Blix

# lagt inn 11.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.2.11

Blix mot helg 

Kine Hellebust og Elias Blix i NRK P 1:

NRK P1, fredag 11.2.2011 kl. 08.20

Mot helg med Kine Hellebust

NRK P1, lørdag 12.2.2011 kl. 05.33

Mot helg med Kine Hellebust

Mot helg - NRK
Oppdatering: Høyr programmet her.

# lagt inn 10.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.2.11

I studio 

BlixBlog har vore i studio. Resultatet kjem i Sangtimen på NRK P 1 om halvanna veke, sundag 20. februar om morgonen. Nils Abrahamsen har sett av heile programmet til å feire 175-årsjubilanten Elias Blix.
# lagt inn 9.2.11 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmebokdebatt 

på NRK Nordland 7. februar. “No livnar det i lundar” som konklusjon.

Salmeboka blir moderne - Nordland 18:40 07.02.2011 - TV-sendinger kl.18:40 - NRK Nordland - Distrikt - NRK Nett-TV

# lagt inn 9.2.11 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.2.11

Blix på Sinsen 

Hit har eg tenkt meg i morgon:

Blix-jubileum i Sinsen kirke

I anledning Elias Blix' 175 års jubileum arrangeres Blix-kveld i sinsen kirke tirsdag 8. februar.

Jørn Martinsen og Egil Sjaastad er blant de medvirkende i Sinsen kirke tirsdag kveld. Foto: Arne Sæteren

Elias Blix, salmedikteren som blant annet har skrevet "Gud signe vårt dyre fedreland" og "Med Jesus vil eg fara", blir feiret i Sinsen Kirke tirsdag 8.februar. Medvirkende er blant annet Egil Sjaastad, lærer ved Fjellhaug Internasjonale Høgskole, og Jørn Martinsen, lærer ved Bibelskolen Fjellhaug.

Variert program

På plakaten står møter med Elias Blix og hans salmer gjennom fortelling, rollespill,  korsang , kvartettsang, solosang, allsang og deklamasjon.

Arrangementet starter kl 19.30, og har gratis inngang. Andre medvirkende er Nordlændingernes Foreningskor, Bente Mette Riise og organist Knut Myhre, i tillegg til en rekke sangere og musikere fra Fjellhaugmiljøet.

NLM Norsk Luthersk Misjonssamband - Blix-jubileum i Sinsen kirke

# lagt inn 7.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Skien 

 

Elias Blix-kveld i Ungdomshuset

I morgen, 8. februar, Ungdommens hus Skien

Velkommen til en kveld der salmedikteren Elias Blix er i sentrum. Det er tidligere skoleinspektør Arne Nygaard som vil holde foredrag, med tittlen: “Å eg veit meg eit land”. Det blir også mange av de
kjent, kjære Blix-salmene. I tilleg blir det sang av K-koret. Enkel bevertning.

Telemarksavisa

# lagt inn 7.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Universitetshistorie 

Universitetet i Tromsø feirar 185-årsdag for høgre utdanning i Nord-Noreg. Lærarseminaret på Trondenes starta opp i 1826 og blei seinare flytta til Tromsø. At rektor Jarle Aarbakke står som forfattar av På den tredje side-artikkelen i dagens Nordlys, saman med den rutinerte lærarskolehistorikar m. m. m. Eivind Bråstad Jensen, gjer vel følgjande til eit offisielt synspunkt:
I dag er det 185 år siden Trondenes seminar ble grunnlagt. Det var første «frø» til det som i dag er Universitetet i Tromsø.
Og sjølvsagt er Blix med i soga:
Tilbudet om friplass gikk til de som gjorde det best på opptaksprøven. Noen av disse tok etter hvert høyere utdanning, da som regel embetseksamen i teologi. De var gjennom tida på seminaret blitt knyttet nært sammen og utgjorde et tett sosialt nettverk i hovedstaden.

Faktisk hadde alle de 10 som deltok på stiftelsen av den første innflytterforeninga i Kristiania i 1862, Den nordlandske Forening, bakgrunn fra Tromsø seminar. Her finner vi kjente navn som Elias Blix, Anton Chr. Bang og Ole Tobias Olsen.
# lagt inn 7.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.2.11

Blix-jobb 

 

Ledig jobb på hurtigbåten MS Elias Blix II i GildeskålElias Blix

Vi søker motormann/matros for snarlig tiltredelse.

På hurtigbåten MS Elias Blix II som er stasjonert på Inndyr, søkes motormann/matros for snarlig tiltredelse. Stillingen er i første omgang et vikariat, med muligheter for fast tiltredelse.
Elias Blix II har ambulanseberedskap. Dette gjør at man ikke kan bo mer enn 20 minutter unna.

Ledig jobb på hurtigbåten MS Elias Blix II i Gildeskål - Torghatten Trafikkselskap

# lagt inn 6.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.2.11

Blix' persona 

"Sjenert eller diskriminert?" er overskrifta til ein artikkel i Meløyavisa 1. februar av biografkollega Finn Tømmerberg. Her gjer han sitt beste for å dekonstruere Blix' påståtte sjenanse, mellom anna med adresse til eit tidlegare debattinnlegg av Steinar Aas i Avisa Nordland.
# lagt inn 4.2.11 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Norsk Tidend 

Rykande ferskt nummer av Norsk Tidend, medlemsavisa til Noregs Mållag. Frå framsida:
«Paa vaar tunga»

SALMESUKSESS: Diktaren og politikaren Elias Blix er verd både feiring og ettertanke. Livssoga hans gir innsyn i mange av dei prosessane som forma det moderne Noreg.
– Salmane hans har har vore med på å gjere Den norske kyrkja til målrørslas største suksess, meiner Anders Aschim.
JUBILEUM: Gildeskål kommune har vedteke ein ambisiøs plan for å markere at det i 2011 er 175 år sidan Blix vart fødd på Våg på Sandhornøy, og det er planlagt fleire store tilskipingar. Prislappen for markeringa er 3.6 millionar kroner.
OPPLEVINGAR: – Markering av 175-årsjubileet for Elias Blix sin fødsel skal gi opplevingar kommunalt, regionalt og nasjonalt som aukar kunnskapen om og forståinga av hans liv og dikting, seier prosjektleiar Petter Kjærnes.

SIDE 18-19
Les Norsk Tidend nr. 1-2011 her.
# lagt inn 4.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.2.11

Blix-kvitring 

frå @rjupa (22. januar, i samband med ein eller annan musikkonkurranse på fjernsyn, trur eg):

Elias har betre låtar enn Mimi Blix.

Rjupa på Twitter

# lagt inn 3.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.2.11

Jubileumsnytt: Fest 

Avisa Nordland:

Stjernelag til «Fest for Blix»

Og starten på det hele er «Fest for Blix» i Gildeskål Kulturhus. Det er ingen tvil om at dette blir et av jubileumsårets høydepunkter.

Listen med artister til forestillingen lørdag 26. februar er nå klar, og produsent Lisbeth Glanfield lover en storstilt og variert forestilling når Gildeskål kommune og Salten kultursamarbeid inviterer.

Hit kommer Ola Bremnes og Håvard Lund, Kine Hellebust og Ingebjørg Bratland, Bjørn Andor Drage og Vocal Art, pluss artister fra alle Salten-kommunene.

Stjernelag til «Fest for Blix» | www.an.no

# lagt inn 2.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Jubileumstrugsmål 

Denne saka ligg på nett-TV hos NRK Nordland i dag. Eg finn inga direkte lenkje, så du får rulle deg nedover på sida sjølv. Kampen for Blix blir fronta av domkantor Gro Bergrabb og sokneprest Kyrre Kolvik i Bodø, og av ordførar Walter Pedersen i Gildeskål.

Blix-salmer truet

Nesten halvparten av salmene til vår store salmedikter Elias Blix kan bli fjerna fra salmeboka. Salmebokkomiteen kommer med kutt-forslaget midt under feiringen av dikterens 175 års jubileum.

Nordland - NRK Nyheter

Oppdatering: Ein venleg lesar har gjeve meg lenkja. Du kan sjå saka her.
# lagt inn 2.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.2.11

Jubileumsnytt: Sinsen 

 Velkommen til Elias Blix-kveld i Sinsen kirke tirsdag 8. februar kl. 19:30. Vi møter Elias Blix og hans salmer gjennom fortelling, rollespill, korsang , kvartettsang, solosang, allsang, deklamasjon. 

Elias Blix er forfatteren av nasjonalsalmen vår. Han er salmedikteren som kristna nynorsken.

Medvirkende: Nordlændingernes Forenings Kor, sangere og musikere fra Fjellhaug utdanningssenter og organist Knut Myhre
Gratis inngang – Kirkekaffe

Sinsen menighet

# lagt inn 1.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Jubileumsnytt: No på nett 

Da er den nye vevstaden til Blix-jubileet høgtideleg opna. Ein får sjå stort på at teksten på framsida er på bokmål:

“Salmedikteren, teologen, bibeloversetteren, professoren og statsråden Elias Blix ble født på Sandhornøy 24. februar 1836. I 2011 legger vi an til en storstilt feiring av hans 175-årsjubileum, i Gildeskål, som Kulturknagg Salten 2011, og i nært samspill med kirken og andre over det hele land. Bli med!”

Mitt personlege bidrag til denne vevstaden finn du her.

Elias Blix - Jubileum 2011 - Hjem

# lagt inn 1.2.11 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?