<$BlogRSDUrl$>

30.11.04

Signe 

Historia om Signe Blix har eg hittil berre hatt frå familiegravstaden. På gravminnet står "Signe 1875-1875". I dag kan eg fortelje den, med kyrkjeboka for Gamle Aker som kjelde.

2. november 1875 kom det tredje barnet til Emma og Elias Blix til verda. Men rubrikken for dåpsdato i kyrkjeboka er tom, og der namna på fadrane skulle stått, er det notert: "Barnet døde, førend Hjemmed. ble stadf. i Kirken". Signe var heimedøypt av sokneprest Dop. Ho døydde 21. desember 1875 og vart gravlagt på sjølvaste julaftan. Dødsårsaka var "Navlebetændelse".

Slik var altså denne jula heime hos familien Blix i Stensberggata 25. Dette var den første jula nokon hadde høve til å syngje "No koma Guds englar", det tredje heftet av Nokre Salmar kom tidleg i september. Kva dei orka å syngje i heimen til opphavsmannen, veit vi ikkje.

Husstanden er lista opp i folketeljinga for 1875. Men den vart først teken opp 3. januar 1876. Dei to levande barna, Hans og Marie, står her, saman med mor, far og dei to tenestejentene Marie Olsen og Emilie Olsen. Men Signe rakk altså ikkje å bli registrert her eingong.
# lagt inn 30.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Seg Jerusalem: / Sjaa din Konung kjem
Som ein Frelsar logn og tolen, / Ridande paa Asenfolen!
Fagna deg, Guds Stad! / Møt din Konung glad!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 3

Salmen fann forma si på første forsøk (1875-heftet av Nokre Salmar). Den står framleis i Norsk Salmebok (nr. 17), men med inngangsverbet "Sjå" i staden for "Sei".

Den typisk bibelsk-Blix'ke intertekstualiteten (her er det spela på fleire sentrale adventstekstar) har eg kommentert før. Eg har sagt noko om melodien også. "Våk, o sjel, og be" var ikkje nytta i Landstads salmebok eller Lindemans koralbok. Derimot stod den i Birger Halls "Kirkeklokken" (1890). Er det vekkingsrørslene som har bore denne salmen inn i norsk salmesong? Det er litt rart, for forfattaren er den kjende svenske salmediktaren Wallin, og omsetjaren er Wexels.

I alle fall, Blix var glad i dette versemålet, han nytta det mange gonger. Ein annan som også gjorde det, noko seinare, var Gustav Jensen ("Konge er du visst", "Be for oss, o Krist").

Heile salmen.
Førre utgåva (1883).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 30.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.11.04

Redaktørplakat 

Dagens innlegg på BlixBlog har fått meg til å tenkje grundig gjennom kva redaksjonelle prinsipp som ligg til grunn, og til å formulere dei:
  1. BlixBlog vil ta opp saker som har ei eller anna tilknyting til Elias Blix.
  2. Ikkje noko tilknytingspunkt er for lite.
  3. I tvilstilfelle avgjer redaktøren (loggskrivaren). Avgjerda er endeleg.
  4. Saker utan tilknyting til Elias Blix kan takast opp dersom redaktøren brenn for dei.
# lagt inn 29.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Refs 

Frå dagens Vårt Land, den kjende baksidespalta "Hugin og Munin":
Ikke 100, men sann
Per Bang meldte seg nylig, riktig oppglødd over å ha knepet bilagets Bjarte
Botnen i en alvorlig faktafeil. I spalten «Takk for i dag» skrev Botnen om «en
100 år gammel vits, som sikkert ikke er sann». Poenget var at en utlending
spurte hvordan det gikk med revolusjonen i Norge, men nordmennene
var ennå ikke enige om hvordan ordet skulle staves.

Bang forteller at vitsen slett ikke er 100 år gammel, men dukket opp i en
tegning av Ragnvald Blix så sent som i 1919. Og dette burde en redaktør i
Vårt Land vite ettersom «Ragnvald Blix var sønn av en kjent salmedikter».
Og hermed er Botnen hengt ut til spott og spe, og han får 24 timer på
seg til å lære salme 29 i Nynorsk Salmebok utanboks.
Noko som minner meg om at eg framleis ikkje er den lukkelege eigar av noko eksemplar av Nynorsk Salmebok. Er det nokon som har eit å selje, eller i det minste kan slå opp for meg kva straff Botnen har fått?
# lagt inn 29.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Frå forfattarfronten 

Aftenposten, 26.11.2004:
Mens enkelte av medlemmene i Forfatterforeningen ikke har utgitt bøker på årevis, sliter unge, ferske forfattere med å slippe inn. - Skikkelig ubehagelig å bli avvist, sier Olaug Nilssen. Hun debuterte som forfatter i 1998.
- For to år siden ga jeg ut min andre bok, og søkte om medlemskap i DnF, men fikk blankt avslag. Det syntes jeg var sårende, sier Olaug Nilssen.
Slik begynner oppslaget om eit gammalt stridsspørsmål i fagrørsla til dei skjønnlitterære forfattarane (vi faglitterære har det litt meir fredeleg, men vi har andre opptakskriterium). Olaug Nilssen vart i sommar kåra til ein av "dei ti beste unge forfattarane i Noreg". At ho ikkje var god nok for Forfattarforeininga, var eg faktisk ikkje klar over. Sannsynlegvis seier det mest om foreininga. Sjølvforsvaret deira, ved leiaren, kan du lese i Aftenposten 27.11.2004. Og om du er interessert i kva Olaug eigentleg sa, er nok bloggen hennar ei vel så god kjelde som Aftenposten.

Kva dette har med Elias Blix å gjere? Ein heil del, sjølvsagt, mannen var både medlem og tillitsvald i Forfattarforeininga.
# lagt inn 29.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Krig (2) 

Andre verdskrigen held fram. Nokre skvetter brunfarge på døde heltar frå språkstriden, andre tek på seg vaskejobbar. Eg har erklært at eg ikkje kjem til å følgje opp på denne plassen, men eg må gjere eit unnatak for Ottar Grepstad sitt innlegg i laurdagens Dag og Tid, særleg sidan innlegget ikkje ligg ute på vevsida til avisa. Det er Olav Midttun (vart avsett frå stillinga som riksprogramsjef under krigen, men heldt fram som professor og som Syn og Segn-redaktør) som vert reinvaska i følgjande avsnitt av "Kjeldene professoren valde bort":
Med sin velutvikla sans for dissidentar kunne Hans Fredrik Dahl her ha undra seg over at Midttun fann si særmerkte form for motstand sjølv når han førelas: Han tok allsongen i bruk. Når Midttun underviste i nynorsk litteratur, høvde det til dømes framifrå å syngje fedrelandssalmen av Elias Blix.
Vel, Grepstad har nokre andre argument i tillegg. Men for BlixBlog er saka med dette avgjort.
# lagt inn 29.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Emma-ætta 

Og her er litt om ættetavla til Emma Blix, skrive i samband med den same debatten:

Emma Alvilde Marie Blix, f. Hansen, fødd 30.04.1849 (Kristiania), død 1927 (Oslo).

Søsken:
Hans Wilhelm Hansen (1830-1896), snikkarmester, ugift.
Richard Hansen (1835-1906), målarmeister, ugift.
Wilhelmine (Mina) Hansen (1840-1916), gift med "stadsveier" Carl Olsen, fleire barn.

Foreldre:
Hans Mathias Hansen (1806-11.08.1865), snikkarmeister. Fødd og død i Kristiania.
Marie Saxen (1804-20.11.1873). Fødd i Halden, død i Kristiania.

Farfar til Emma, kjøpmann i Kristiania Hans Hansen, kom frå garden Øsken i Høland. Denne lina er godt dokumentert attende til tidleg 1700-tal, sjå dette tidlegare innlegget her på bloggen og "Gårds- og slektshistorie for Høland og Setskog" av Gunn Cathrine Varder Løwe og Odd Ottesen, [Bjørkelangen] : Aurskog-Høland kommune , band 2 (2001), s. 179ff (Gnr. 7, bnr. 1).

Men eg skulle gjerne visst meir om dei andre besteforeldra til Emma Blix. Nokon med god greie på Halden der ute?
# lagt inn 29.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix-barna 

I Digitalarkivets brukarforum går det ein debatt om slekta til Elias Blix for tida. Eg har gjeve min skjerv, ei oversikt over barna til Emma og Elias Blix:Oppdatert 01.12.2004
# lagt inn 29.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

131 år 

29. november 1873 fekk Emma og Elias Blix det andre barnet sitt, ei dotter. Fødselen fann stad berre to dagar etter gravferda til Marie Saxen Hansen, og jenta vart heitande Marie etter mormora.

Marie Blix vart lærar. Ho gifta seg aldri, men vart buande heime og tok seg mykje av foreldra. Ho døydde tidleg, berre 47 år gammal, i 1920.
# lagt inn 29.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Korleides skal eg møta / Og fagna deg, Guds Son?
Du Hjartans Sol og Søta, / Du heile Heimsens Von!
Kom, Jesus, sjølv aa tyda, / Korleides Hjartat maa
Seg til di Koma pryda, / So du kann Fagnad faa!

Sjaa, Sion svingar Palmar, / Straar Greiner paa din Veg!
Eg vil med Song og Salmar / I Anden fagna deg.
Mitt Hjarta Gror skal giva / Som Grein i Skogen grøn
Og til di Æra liva, / Din Kjærleike til Løn.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 2

Den første av dei mange "nye" salmane i fjerde utgåve av Nokre Salmar. Originalteksten er av Paul Gerhardt (1607-1676). Det første verset er nytta i Bachs "Juleoratorium" (del 1, nr. 5, koralen "Wie soll ich dich empfangen", lydfil her).

Melodivalet er interessant. Blix oppgjev tonen "Mig hjertelig nu længes". Det er same tonen som Bach nytta, og den er sikkert tradisjonell. Men Landstads salmebok har ein heilt annan tone, "Jeg vil mig Herren love". Landstad nytta denne tonen til svært mange salmar, no er det berre nr. 10 i Norsk Salmebok som er att. Salmen vår står framleis (bokmålsversjonen) i Norsk Salmebok (nr. 7), men no med ein tredje melodi.

Til Skandinavia er salmen komen gjennom Brorson, til Noreg sannsynlegvis gjennom Guldbergs salmebok. Blix kjenner Brorsons versjon, men går sine eigne vegar. Brorson har til dømes lagt eit lag bruremystikk utanpå Gerhardts tekst. Det er fjerna hos Blix.

Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
Norsk Salmeleksikon nr. 1554
# lagt inn 29.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

28.11.04

Dagens Blix 

Gjer Dyrri høg, gjer Porten vid!
Sjaa Krist, din Konung til deg rid.
Han raader yver alle Land
Og er all Heimsens Frelsarmann.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 1

Første sundag i advent. Eg er travel i dag, skriv meir seinare i veka. Originaltekst: Georg Weissel.

Heile salmen.
Førre utgåva (1883).
Fredagens Blix.
# lagt inn 28.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.11.04

Forfattarstudium 

Siste skrivesamling på det faglitterære forfattarstudiet denne helga, og da meiner eg siste, ikkje berre på denne modulen, men i heile studiet. Det blir rart å bryte opp, to og eit halvt år etter at vi tok til. I dag har eg lagt fram nokre sider om dei to store overgangsritane i ungdommen til Elias Blix, konfirmasjonen og første lofotturen. Dessutan har vi tekstar om trekanten Noreg - Europa - USA, om lungekreft, om å gjere si første reise til sjøs, om komponisten John Cage og om matematikk og matematikarar (for 10-12-åringar). Triveleg samling heime hos Roy på Majorstua i kveld. Vi held fram i morgon. Men no er det leggetid.
# lagt inn 27.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

131 år 

27. november 1873 vart Marie Saxen Hansen, svigermor til Elias Blix, gravlagt på Vår Frelsers gravlund i Kristiania. Svigersonen hadde skrive denne salmen, som vart sungen ved grava.
# lagt inn 27.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.11.04

Siste time 

Da har eg hatt siste undervisningstime for semesteret i hebraisk på Menighetsfakultetet. Det står att ein del eksamensarbeid. Likevel, no får eg tid til litt meir samanhengande skriveøkter enn det som har vore mogleg hittil i haust. Det gler eg meg til.
# lagt inn 26.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kyrkjemøtespråk 

Avisa Nordland er oppteken av språk i andre samanhengar og. Under overskrifta Men feriebispen var ikke død har den ein kommentar om språkbruk og språkbrukarar på kyrkjemøtet, som vart halde i Bodø for kort tid sidan:
Wesenlund har for lengst erklært Fjertnes for død, men hans ånd svevde ettertrykkelig i rommet under Kirkemøtet. Her var den teologiske sjargongen høyst oppegående. Man kan vel nesten kalle det et ghetto-språk. I stor grad var møtets deltakere – mange av dem sprenglærde teologer – preget av yrkes-sjargong, men selv i Stortinget har man jo etter hvert begynt å legge av seg høytidelighetene. Ikke slik i "Kirkens Storting". Her var store mengder av språklig og intellektuell innavl, her var det viktig å tekkes kolleger.

Den særegne formen for "dagligtale" er ikke ukjent for kirkegjengere. Riktignok kan det å omtale det hellige gi en viss språklig avstand, men det skulle være unødvendig å si "...jeg sier deg takk..." i stedet for "takk skal du ha", og snakke om "medvandrere" i stedet for meningsfeller.

"Guds rike er kommet nær" er en kjent bibelsk frase. En del av geistligheten vil nok heller si: "Vi er glade for å si at Vårherre er tilstede".

Legg for øvrig merke til at hvis man kjører for fort, i strid med Vegtrafikkloven, heter det å gjøre en OVERtredelse, mens i kirken heter det å gjøre noe feil en overTREdelse.
Les meir.
# lagt inn 26.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Nordleg språk 

Avisa Nordland har mykje språk- og dialektstoff om dagen. Dei har sett i gang ei kåring av "Nord-Norges flotteste uttrykk," må vite. Seinast i går kunne ein lese at språkdirektør Sylfest Lomheim ikkje meiner nordlendingar har eit rikare språk enn andre folk, om nokon har trudd det.

Tidlegare har Gunnar Berg gjeve ei nyttig innføring i Saltendialekten. Du kan jo samanlikne med forsøket mitt på å gjere noko liknande.
# lagt inn 26.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 21,15-25
15 Daa dei no hadde etet, sagde Jesus til Simon Petrus: "Simon, Jonas' Son, elskar du meg meir enn desse?" Han sagde til honom: "Ja Herre, du veit, at eg heve deg kjær". Han sagde til honom: "Fød mine Lamb!"
16 Atter sagde han til honom andre Gongen: "Simon, Jonas' Son, elskar du meg?" Han sagde: "Ja Herre, du veit, at eg heve deg kjær!" Han sagde til honom: "Vakta mine Sauder!"
17 Han sagde til honom tridje Gongen: "Simon, Jonas' Son, heve du meg kjær?" Petrus vart sorgfull yver, at Jesus spurde honom tridje Gongen: "Heve du meg kjær?" Og han sagde til honom: "Herre, du veit alle Ting, du veit, at eg heve deg kjær". Jesus sagde til honom: "Fød mine Sauder.
18 Sannelege, sannelege segjer eg deg: Daa du var yngre, batt du upp um deg sjølv og gjekk dit, som du vilde; men naar du vert gamal, skal du retta ut dine Hender, og ein annan skal binda upp um deg og føra deg dit, som du ikkje vil".
19 Men dette sagde han til aa kunngjera, med kvat Daude han skulde æra Gud. Og daa han hadde sagt dette, sagde han til honom: "Fylg meg!"
20 Men Petrus vende seg og saag, at den Læresvein, som Jesus elskade, fylgde etter, han som ved Kveldsverden hadde leget upp til hans Brjost og sagt: "Herre, kven er det, som forraader deg?"
21 Daa Petrus saag denne, sagde han til Jesus: "Herre, kvat skal daa denne?"
22 Jesus sagde til honom: "Um eg vil, at han skal vera, til dess eg kjem, kvat heve du med det? Fylg du meg!"
23 Difyre kom den Segni ut imillom Brødrom: "Denne Læresvein døyr ikkje", endaa Jesus ikkje hadde sagt til honom: "Han døyr ikkje", men: "Um eg vil, at han skal vera, til dess eg kjem, kvat heve du med det?"
24 Dette er den Læresveinen, som vitnar um desse Ting og heve skrivet dette; og me vita, at hans Vitnemaal er sant.
25 Men der er og mange andre Ting, som Jesus gjorde, so um dei skulde verta skrivne kvart fyre seg, trur eg, at jamvel ikkje Verdi vilde røma dei Bøker, som maatte verta skrivne. Amen.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889

Slik sluttar Johannesevangeliet i Elias Blix si omsetjing.

Det er på tide å vende attende til salmane. I 1891 kom fjerde utgåva av Nokre Salmar, for første gong med forfattarnamnet på tittelbladet. Det var denne utgåva som skapte det definitive gjennombruddet for Blix-salmane. Den vart godkjend til bruk i gudstenesta i kyrkjelydar som gjorde vedtak om det, ved kongeleg resolusjon av 4. mars 1892. Same året kom den første utgåva av Landstads salmebok som hadde "Nokre Salmar" med som tillegg. Hittil har Elias Blix stått fram i det offentlege rommet som professor og (eks-)statsråd. Først no er det han blir salmediktar. Det skjer eit viktig rollebyte i hans offentlege persona.

I Dagens Blix kjem eg no til å arbeide gjennom Nokre Salmar, fjerde utgåve. I kyrkjeåret 2004-2005 kjem du til å møte alle Blix-salmane til rett tid. Boka er organisert etter kyrkjeåret, og 1. sundag i advent er rett rundt hjørnet.

Les teksten i dagens bibelomsetjing
(Får du bokmålsteksten? Gå inn på Bibelen.no og vel "Nynorsk").
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 26.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.11.04

Me heime heldt kor 

Å "halde kor" var det vanlege uttrykket for å ha husandakt. I svært mange heimar slutta dagen med at huslyden samla seg til ei stund med salmesong, lesing og bøn. Slik var det til dømes heime hos Anton Chr. Bang på Nesna:
Ved Ottetiden var "Kveldseta" slut, og vi gik fra hverandre efter at have "holdt Kor" eller samlet os til Andagt. Først sang vi et Par Vers, saa læste Fætter Jon [Klæbo] eller jeg Aftenbønnen i Kingos Salmebog, og saa sang vi atter et Par Vers.
Endå meir utbreidd var skikken å samlast til felles andakt på sundagane, når det ikkje var gudsteneste eller det var vanskeleg å kome til kyrkje. Det var brukeleg både i heimane og i fiskeværa. Ved slike høve kom gjerne fleire grannar saman, ein las preika for sundagen frå ein postill og song høvelege salmar. Her finn vi altså brukskonteksten for dei bøkene folk flest hadde heime. Også dette gjev Bang eit levande bilete av:
Det var ikke mange Husfædre, som ikke holdt Husandagt. De mest brugte Prædikenbøger var Müllers og Brochmands Postiller. Jeg mindes engang at have paahørt en Diskussion om, hvilken der var bedst af disse Postiller, og hvad der var det eiendommelige ved hver af deres Forfattere. Med Hensyn til dette Spørgsmaal var alle af den Mening, at Müllers Postille var at foretrække af den Grund, at han stod paa den simple Mands Side, medens Brochmann holdt med "Storkarran".
Moderne (eller postmoderne, eller post-postmoderne) individualistar kan fort komme til å feilvurdere denne kvardagsreligiøsiteten. På den eine sida: Ein må hugse elementet av kontroll, til og med tvang. Kongen, bispen og presten ville gjerne ha lydige og kristne borgarar. Eit seint, og derfor interessant, døme finn ein i dette utdraget frå visitasberetninga om biskop Kjerschows visitas i Gildeskål (med Beiarn) 26. juli 1848 (du kan lese heile beretninga her):
Kirkerne flittig benyttes, Helligdagerne overholdes og Husandagt anvendes undtagen af enkelte Nybyggere i den øvre Deel af Beyeren. Med Hensyn til disse ansaaes det tjenligt, at Sognepræsten dels alene dels i Forening med sine Medhjælpere advarer dem, og, hvis saadan Advarsel ikke frugtes[?], da anmelde Vedkommende for den civile Øvrighed.
Kjerschow var nok ein noko gammaldags og heller streng bisp, det var ikkje vanleg å straffeforfølgje denne typen "brot" med bøter eller kva det no kan bli tale om.

På den andre sida, dei tradisjonelle skuldingane om "død vanekristendom" er neppe rettvise. Det er ikkje grunn til å tvile på at desse kollektive normene var internaliserte og integrerte for svært mange "kvardagskristne" - i ei tid før dei store vekkingane på 1850-talet har gjort religion til ei sak for det inderlege individet.
# lagt inn 25.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 20,24-31
24 Men Tomas, ein av dei tolv, han som var kallad Tvilling, var ikkje med deim, daa Jesus kom.
25 Difyre sagde dei andre Læresveinar til honom: "Me hava seet Herren". Men han sagde til deim: "Utan at eg fær sjaa Nagleholet i hans Hender og leggja min Finger i Nagleholet og leggja mi Hand i hans Sida, vil eg aldri tru".
26 Og aatte Dagar deretter var hans Læresveinar atter inne og Tomas med deim. Jesus kom, medan Dyrrerna var stengde, og sstod midt imillom deim og sagde: "Fred vere med dykker!"
27 Deretter sagde han til Tomas: "Rett din Finger hit, og sjaa mine Hender! og rett di Hand hit og legg henne i mi Sida, og ver ikkje vantruande, men truande!"
28 Og Tomas svarade og sagde til honom: "Min Herre og min Gud!"
29 Jesus sagde til honom: "Avdi du heve seet meg, Tomas, heve du trutt. Sæle ero dei, som ikkje saag og endaa trudde".
30 Mange andre Teikn, som ikkje ero skrivne i denne Bok, gjorde vel Jesus og fyre Augom paa sine Læresveinar.
31 Men desse ero skrivne fyre det, at de skulo tru, at Jesus er Kristus, Guds Son, og at de som tru, skulo hava Livet i hans Namn.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 25.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.11.04

Med moder eg bad 

Ein har gjerne lese stader der Blix nyttar ordet "mor" som uttrykk for eit særleg nært morstilhøve hos ein som tidleg vart farlaus. Noko er det i denne lesemåten, mora var utan tvil ein person som hadde svært mykje å seie for han. Men det er truleg slik at han her òg set ord på ei allmenn oppleving: Mødrer skulle ikkje berre lære barna sine å lese, dei skulle òg læra dei å be – og dei to tinga hang nøye i hop.

Mødrene sin plass i den religiøse oppsedings- og sosialiseringsprosessen er eit interessant kapittel. I luthersk tradisjon står husfaren sentralt, både hos reformatoren sjølv og i seinare tradisjon vert han pålagt eit stort ansvar for husfolket sitt og kristendomskunnskapen deira. Men eg har ei kjensle av at husmora alt tidleg spela ei vel så sentral rolle. Eg skulle gjerne hatt dette over frå kjensleplanet til eit meir empirisk fundament. Kjenner nokon undersøkingar av dette emnet eller gode eksempel?
# lagt inn 24.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Gud var attved 

Felles religiøs praksis var ein sjølvsagt del av den livsverda Elias Blix voks opp i. Den utfalda seg i tre konsentriske sfærar. Dei kjem tydeleg fram i denne strofa av "Barndomsminne (fraa Nordland)":
I min Heim var eg sæl,
Avdi Gud var attved,
Og eg kjende so væl,
Kor det andad Guds Fred,
Naar til Kyrkja me for,
Naar me heime heldt Kor,
Og med Moder eg bad.
Aa eg minnest, eg minnest so væl denne Stad!
# lagt inn 24.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 20,11-18
11 Men Maria stod utanfyre ved Gravi og gret; medan ho daa gret, lutte ho seg og glytte inn i Gravi
12 og saag tvo Englar sitjande i kvite Klæde, den eine ved Hovudet og den andre ved Føterne, der som Jesu Likam hadde leget.
13 Og dei sagde til henne: "Kvinna, kvi græt du?" Ho sagde til deim: "Fyredi dei hava teket min Herre burt, og eg veit ikkje, kvar dei hava lagt honom".
14 Og daa ho hadde sagt dette, vende ho seg um og saag Jesus standande der; og ho visste ikkje, at det var Jesus.
15 Jesus sagde til henne: "Kvinna, kvi græt du? Kven leitar du etter?" Ho tenkte, at det var Hagemeisteren, og sagde til honom:"Herre, dersom du heve boret honom burt, so seg meg, kvar du heve lagt honom, so vil eg taka honom".
16 Jesus sagde til henne: "Maria!" Ho vende seg og sagde til honom: "Rabbuni!" det er utlagt: Meister.
17 Jesus sagde til henne: "Rør meg ikkje! for enno er eg ikkje uppfaren til min Fader; men gakk til mine Brøder og seg deim: eg fer upp til min Fader og dykkar Fader, og til min Gud og dykkar Gud".
18 Maria Magdalena gjekk og forkynte Læresveinom, at ho hadde seet Herren, og at han hadde sagt henne dette.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 24.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.11.04

Ferdi 

"Kor mange Aar hever du vorit i Ferdi, og hever du gjengit fyre full Kar dar?" lyt ein spyrja Guten, naar ein vil vita, kvat Dygd dat er i honom, fyrr er han no inkje vaxin, og dan som inkje hever vorit med i Lofoten, er ingen god Sjømann.
([Elias Blix (anonymt),] "Frettnader um Livet i Nordland", Dølen, tilleggsblad til nr. 34; 1860)
Kor mange år var Elias Blix med på lofotfisket, det som for fiskarbonden er "nokot so ovstort, at Lofotreisi berre verdt kallad Ferdi eller Utferdi (Utfala)"? Tre år, seier somme, berre eitt, seier andre. Nevøen Peder Ravik er i tvil, men konkluderer med tre, "to år som Kokgut og et År som fuld Kar". I så fall var han med til Lofoten alt før han var konfirmert. Det var slett ikkje uvanleg og kan godt vere rett. Historia om at han i 1850, sommaren før konfirmasjonen, skal ha fått vere med som kokkglunt heilt til Bergen på jektefart, verkar òg meir rimeleg dersom han alt hadde ei slik erfaring med seg frå Lofoten. Jekta høyrde til utreiaren, handelsmannen Carl Olsen på Nord-Arnøy. Utreiaren spela ei sentral rolle i fiskarbondeøkonomien. På den eine sida kjøpte han opp fisken frå fiskarane, frakta og selde den vidare til kjøpmenn sørpå, for det meste i form av tørrfisk. På den andre sida forsynte han fiskarane med utstyr til fisket, med matvarer og andre handelsvarer som lokalsamfunnet ikkje kunne produsere nok av, særleg mjøl – og han gav kreditt når det var naudsynt. Fiskarbonden var heilt avhengig av utreiaren, og stod som regel i gjeld til han.

Elias Blix si manndomsprøve som "full kar" kan i alle fall tidfestast til vinteren 1853. Stefaren Ole Helgesen dreiv fiske i nærleiken av Reine, og det skal ha vore grannen Peder Mikal Bruun som var høvedsmann på båten Elias var med på. Sju år seinare skreiv han ei livleg skildring av lofotferda i Dølen. Den må for ein stor del vere bygd på eigne erfaringar.

Førebuinga tok til på seinhausten, etter onnearbeidet og fjordfisket etter sild. Mykje av silda skulle brukast som agn under lofotfisket. "No verdt dar eit Liv og ei Annsemd i Garden, som er sjeldsynt," fortel han. Alle er med. Førjulsvinteren går med til syslar som garnbøting og -binding, klargjering av liner, baking av brød og lefser, reparasjon og stell av klede. Julehelg tyder stille, "men naar Trettanddagen er umme, daa er dat Ferdtid, og Mannen maa afstad." Avskilsstunda er ei høgtid med sine eigne ritual. Det trengst. Eit fråver på opptil tre månader, ikkje utan risiko, står føre. "Heile Huslyden fylgjer honom til Baats: dar gjever han deim Kistemat af dat betste, som Kista hans kann bjoda."

Å reise vinterstid i open båt med årer eller segl kan vere stritt, får vi vite. "Baarurna ganga høge og slaa yvir Baaten inn paa Fiskaren; um ein Augneblink er Skinnhyret hans islagt, og dat glimar af honom som af ei Isbræda." Overnattinga på gardane langs leia får stor plass. Gamle kjende treff einannan, og både drammen, den gode historia og kveldsbøna høyrer med. Men endeleg:
Dan Dagen, naar Fiskaren naar fram til sitt Rorvær, er han so glad, at eg trur mangein Utvandrar inkje er stort gladare, naar han hever vunnit fram til "dan nye Verdi". Fiskarens Hus er ei Rorbud med Gruva i, Ljore i Taket og "Billar" elder Sengir langs med baade Langveggirne. Her samlast no Houvdsmannen og Karlarne hans, drikka kverandre til med eit "Velkomen i Budi!" og godrøda og ero so fornøgde, som um dei varo komne heim; dat einaste som vantar, er at deira Konur og Systrir og andre Skyldingar ero so langt burte, og difyre lyt deira Tanke millomaat leika med deim dar heime.
Fisket tok til ved kyndelsmessetid, 2. februar, og det kunne halde fram heilt til sommarmålsdagen, 14. april. Talet på fiskarar som deltok låg på 1850-talet i overkant av 20 000. I tillegg kom lausarbeidarar, kramkarar, fiskekjøparar og mange andre, så befolkninga i Lofoten var mangedobla medan sesongen stod på. Til gjengjeld var det nesten tomt for vaksne mannfolk andre stader langs kysten.

På denne tida var fisket framleis strengt regulert, "kvert Baatalag hadde sitt Sett elder Havstykke til at setja Reidskapen i, og alle laut paa same Tid ro ut og draga upp." Nokre få år seinare (1857) vart lovgjevinga endra, og prinsippet om fritt fiske på fritt hav vart gjennomført, under statleg fiskerioppsyn. Elias Blix fortel levande om kapproinga for å kome først ut på feltet når startsignalet går om morgonen, og om utfordringane ver og vind kan skape. Skildringa av sjølve fisket er heller kortfatta. Men han gjev glimt som dette av livet i land:
I langvarugt Uvedr, naar Fiskararne hava Landlega, fær ein sjaa mange Slags Verk: Sume arbeida: binda Garn, gjera Skjeidir, Ausur og Dallar og annat Trearbeid; andre sova medan dei orka; og so er dar no ein og annan Galning, som sviver ute heile Dagen, drikker seg ein Dram endr og daa, driver Narreverk, so Folk bisna umkring honom, elder slæst og styrer paa dan Maaten; dette sidste verdt daa alt meir og meir sjeldsynt.
Kor god sjømann og fiskar var Elias Blix? Ikkje spesielt god, skal vi tru anekdotane som er overleverte. Boka spelar ei sentral rolle her òg. Han las til og med når han sat om kvelden og gjorde lina klar til neste dags fiske, heiter det. Ein episode har fått ein særleg plass i tradisjonen: Elias skulle bere ein rognstamp opp frå båten, men det gjekk ikkje betre enn at taket glapp. Rogna var forspilt. Ein kamerat – fleire kjelder namngjev Peder Mikal Bruun – sette i: "Når du ikkje klarer å bere ein rognstamp, kan du gjerne reise på Samaritanen!" Det er, i lett forvanska utgåve, lærarseminaret i Tromsø som vert lansert som alternativ, og bodskapen er eintydig: For Elias Blix ligg framtida i boka, ikkje i båten. Peder Ravik fortel òg at det var skikk å "halde kor" – å samlast til felles andakt – under Lofotturen. Det kunne gjerne vere mykje folk samla ved slike høve, og den seinare teologen vart lagt merke til: "De blev alle forbauset over Eliases dygtighed til at læse og synge." Den tvitydige haldninga til bokleg lærdom kjem tydeleg fram i desse to forteljingane: Ein har nok respekt for "dygtighed til at læse og synge," men det er andre eigenskapar som gjer ein til skikkeleg arbeidskar.

Det var den siste lofotreisa til Elias Blix. I april 1853 sende sokneprest Peter Andreas Berg – som no var avansert til prost – anbefalingar for to Gildeskål-ungdommar til stiftsdireksjonen i Tromsø for opptak på lærarseminaret der, premiekonfirmantane frå dei to føregåande åra, Elias Blix Pedersen og Hans Nicolai Hansen. 26. juni sender stiftsdireksjonen dette svaret: "Ifølge Stiftsdirectionens Bestæmmelse af 25te Dennes er Elias Blix Pedersen optaget som Elev ved Semin. iaar mod at han stiller Sikkerhed for at bidrage 15 Spd. aarlig til hans Underholdning ved Sem." Hansen er for ung, han må vente til året etter. Men Elias Blix skal ut på ei lengre ferd.

Les meir om lofotfiskets historie her:
Lofotmuseet
Salten museum
Statistisk sentralbyrå (Espen Søbye, "Karneval i Lofoten?")
# lagt inn 23.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Ei bøn for Ukraina 

Eigentleg sit eg og skriv om fisk i dag, meir eksakt: Om Elias Blix sin korte karriere som yrkesfiskar, med lofotfisket vinteren 1853 som høgdepunkt og avslutning.

Men det er ikkje heilt lett å samle tankane når det hender ting andre stader som gjer ein uroleg, no sist: Meldinga om at folk er på marsj mot parlamentet i Kiev etter avsløringane av omfattande valjuks i presidentvalet i Ukraina.

Situasjonen har ikkje heilt nådd toppen av nettavisene enno (13.00), men den verkar alt anna enn stabil. BBC og den norske Nettavisen har nokonlunde oppdaterte rapportar, som tyder på tilstandar i nærleiken av statskupp.

Eg er gammal nok til å ha både gode og dårlege minne om folkelege oppstandar frå ulike stader i verda. Det hender det går bra, og det hender det går heilt gale. Lite å gjere med frå kontorstolen min, sjølvsagt. Anna enn å sende ut ei oppmoding til ei kort stille bøn for Ukraina der du sit framfor PCen din.
# lagt inn 23.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Søk 

"Søk"-funksjonen på BlixBlog er skifta ut. Den nye er levert av FreeFind. Eg fekk etter kvart for mange sider for den gamle søketenesta. Vonleg vil denne vise seg meir nøyaktig. Google-søket som du finn øvst i skjermbiletet, er nemleg ikkje å stole på, det gjev for få treff.

Det står att ein del finarbeid for å tilpasse "Søk"-funksjonen, men den verkar, så det er berre å bruke den.

# lagt inn 23.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 19,28-30
28 Deretter, daa Jesus visste, at alle Ting no var fullendade, at Skrifti skulde verta uppfyllt, so sagde han: "Eg er tyrst".
29 Der stod daa eit Kjerald, fullt med Ædik. Men dei fyllte ein Svamp med Ædik og sette honom paa ein Ysopstilk og heldt det upp til hans Munn.
30 Daa no Jesus hadde fenget Ædiken, sagde han: "Det er fullendat". Og han bøygde Hovudet og gav upp Anden.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Førre Dagens Blix.
# lagt inn 23.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.11.04

Kommentarar 

Etter råd frå Torrey Seland prøver eg eit anna kommentar-verktøy enn det noko omstendelege som i sommar kom frå blogger.com. Frå no av nyttar eg Haloscan sitt kommentarverktøy. Det er nok enklare i bruk. Dei "gamle" kommentarane er ikkje gått tapt, sjølv om dei ikkje lenger er synlege på sidene. Eg kjem til å overføre dei etter kvart.
# lagt inn 21.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.11.04

Dampskipet 

Førti ungdommar samla på ein stad i seks veker greier sikkert å finne på eit og anna utanom pugging og salmesong. Plutseleg har dei eit større miljø av jamaldringar og likesinna rundt seg, det må vere ein ny og spennande situasjon.

Eg har ingen anekdotar å fortelje om konfirmantkullet frå 1851 i Gildeskål, og eg har ikkje tenkt å dikte opp nokon heller. Men ein ting skulle eg gjerne visst: Var Elias Blix vaken den lyse sommarnatta mellom 26. og 27. juni?

Det var han sikkert ikkje. Pliktoppfyllande og under streng kustus som han var, låg han vel og sov.

Men om han hadde vore vaken, kunne han sett det nordgåande dampskipet "Prinds Carl" dukke fram frå Fugløyfjorden, bak den låge øya Femris, på veg til anløpet på Nord-Arnøy. Ein av passasjerane er i alle fall vaken. Han noterer i dagboka si: "Gildeskaal, Fuglø (med et Slags Sandkilde), Sandhornet og flere mærkelige Fjelde." Mannen er på veg til Tromsø. Han heiter Ivar Aasen.
# lagt inn 20.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

På kyrkjegolvet 

Plasseringa på kyrkjegolvet ved konfirmasjonen var alt anna enn likegyldig, posisjonen der var uttrykk for ei offentleg rangering av dei unge. Tre ting kunne spele ei rolle for plasseringa: Sosial status, kunnskapsnivå og gåver til presten.

Elias Blix Pedersen fekk, som den einaste på kullet, beste karakter: "Udmærket gode Kundskaber, flittig & sædelig," noko som gav han førsteplassen både i kyrkjeboka og på kyrkjegolvet. Han var heldigare slik enn Hans Nicolai Hansen frå Sør-Sandnes, som fekk same karakteren året etter, men pent måtte stå som nummer to. Det året var førsteplassen opptatt: Der stod Peter Berg, son til soknepresten – med dårlegare karakter. Det var forskjell på folk, jamvel i Guds hus.

Kva hadde konfirmasjonen å seie for den personlege utviklinga til Elias Blix? Det er ikkje overlevert minne frå han sjølv om det. Likevel er det grunn til å tru at konfirmasjonstida har spela ei viktig rolle i trushistoria hans. Når soknepresten to år seinare i ein attest (april 1853) kan anbefale han for "udmærkede Evner, fromt Sind og exemplarisk Forhold," er det nok særleg kjennskapen han har fått til guten i konfirmasjonstida som ligg til grunn.

Det er i alle fall ingen tvil om at den posisjonen Elias Blix Pedersen hadde skaffa seg gjennom å oppnå "den i Almuens Øine saa store Ære at blive stillet øverst paa Kirkegulvet paa Konfirmationsdagen", opna dører for han til vidare utdanning. Han hadde merka seg ut mellom sambygdingane. "Hvad en Seierherre ved de olympiske Lege var blandt Grækerne, det var en slig 'Storlæsar' blandt Helgelendingerne. Han hadde opnaaet en Ære, der kastede Glans over ham hele hans Liv," fortel Anton Chr. Bang, sjølv ein "Storlæsar" (Erindringer, 60-61).
# lagt inn 20.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Konfirmasjon 

Attende til konfirmasjonen. Altarboka som var gjeldande gjennom det meste av 1800-talet fortel at konfirmasjon skal foregå slik:
Før Confirmations-Acten synges:
I JEsu Navn skal al vor Gjerning skee.
Eller:
Kom Gud Skaber, o Hellig Aand.

Efter examen gjøres enhver i Særdeleshed følgende Spørgsmaal:
1) Om han af ganske Hjerte forsager Djevelen og alt hans Væsen og alle hans Gjerninger.
2) Om han af ganske Hjerte troer paa Gud Fader, Søn og Hellig Aand.
3) Om han vil blive udi saadan sin Daabes Pagt indtil sin sidste salige Ende.

Hvilke besvares med Ja.

Derpaa under Haands Paalæggelse gjøres omtrent saadan Bøn for enhver:
Den Treenige Gud, som fordum haver antaget dig til sit Barn udi den hellige Daab, og gjort dig til en Arving til det evige Liv: han ville opholde dig udi saadan din Daabes Naade indtil din salige Ende; han give dig Bestandighed i din Troe, din Sjæl til Salighed!

Efter en liden Tale læses ovenanørte Bøn, som sluttes med Fader vor og HErrens Velsignelse.

Naar Forretningen er til Ende, synges:
Mit Barn frygt den sande Gud.
Eller:
Gud Fader udi Himmerig, sin Villie han os kjendte.
Sundag 13. juli 1851 var det Elias Blix Pedersens tur til å avleggje denne "formelle Eed for HErren", saman med førti andre unge. Dei var 13 gutar og 28 jenter som stod til konfirmasjon dette året.
# lagt inn 20.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.11.04

Krig 

"Das hört nicht auf. Nie hört das auf" (Günter Grass, Im Krebsgang).

Nei, den andre verdskrigen tek aldri slutt. Nett no er det Kjartan Fløgstad som fører den mot Hans Fredrik Dahl, som i Norsk idéhistorie har kopla målrørsla tettare til Nasjonal Samling enn godt (det vil seie historisk korrekt) er. Eg skal ikkje gjere noko forsøk på å referere debatten, den vert dokumentert fortløpande på nynorsk.no.

Men ein god konspirasjonsteori kan eg ikkje late liggje. Den er sett fram av redaktøren for verket Norsk idéhistorie, Trond Berg Eriksen, i Klassekampen i går:
- Dette er del av Gyldendals motoffensiv etter Alnæs-saka, seier Berg Eriksen.

- Meiner du dette er ein bevisst strategi frå forlaget?

- Ja, forholdet mellom Kjartan Fløgstad og Geir Mork [direktør i Gyldendal, red.anm.] er såpass nært at eg trur dette er avtalt spel. Fløgstad nemner forlaget Aschehoug mange gonger i teksten, og nemner òg Alnæs-debatten.
Ein meir interessant kommentar har avisa i dag, der Gunnar Skirbekk reflekterer over kva norsk idéhistorie bør handle om:
- Det som er interessant med Norden i eit internasjonalt perspektiv er korleis vi fekk ei modernisering som ikkje var frå marknaden eller ovanfrå og ned. Nordens diskré sjarm består i at dei folkelege rørslene var så involverte i moderniseringsprosessen. Dette fenomenet, samt den norske anti-intellektualismen, er dei to interessante fenomena som ei idéhistorie burde diskutere, meiner Skirbekk.

I gårsdagens avis omtalte Berg Eriksen desse folkelege rørslene som norske del-offentlegheiter, som ikkje «vert synlege i bybiletet» og dimed ikkje er «ein del av det diskusjonsrommet ein føler seg forplikta til å omtale i Norsk idéhistorie». Det synest Skirbekk er provinsielt:

- Nokon skulle ha gjort ei sosiologisk gransking av dette «bybiletet». Det gjeld eit lite miljø i Oslo der folk er duse, dei går på dei same hageselskapa og har vore gifte med einannan. Det er ei kopling mellom folk i media, i dei politiske miljøa og ved nokre av kontora på Blindern, som eg vil kalle det «gylne triangelet». Slik oppstår det eit miljø av folk som liker å framstå som internasjonale, men som i røynda fungerer provinsielt. Og den manglande kritikken av Dahl heng truleg saman med dette, seier Skirbekk.
Les meir.

# lagt inn 19.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.11.04

Finnmarkslova 

kyrkja.no i dag:
- Hva gjør Stortinget med Finnmarksloven?
- Sametinget er begeistret for at Kirkemøtet peker på sammenhengen mellom anerkjennelse av samiske rettigheter og mulighet for forsoning. Den sammenhengen håper jeg våre politikere på Stortinget også oppdager, sier leder av Samisk kirkeråd, Oddvar Andersen.
Les meir.
# lagt inn 18.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix-prisen 2004 

Landet er fullt av litterære prisar, men den gjevaste er sjølvsagt Blix-prisen: "Minneprisen etter Emma og Elias Blix blir kvart år gitt til ein nordnorsk forfattar som skriv nynorsk eller nordnorsk dialekt. Prisen blir delt ut av litteraturselskapet Det Norske Samlaget, og statuttane seier at det skal leggjast vekt på å heidre yngre forfattarar og forfattarar som skriv for ungdom." Nordnorsk forfatterlag melder:
Blix-prisen for år 2004 til Trond Hellemo
Blix-prisen for 2004 går til Trond Hellemo. Juryen har lagt vekt på Trond Hellemos dikting for barn og unge og på salmar og tekstar til bruk i kyrkjelege samanhengar. I dei nynorske salmane frå nord er han ein verdig arvtakar til Elias Blix.
---
Juryen grunngir tildelinga av prisen slik:
Trond Hellemo har skrive både for barn, ungdom og vaksne og i mange sjangrar: dikt, salmar, forteljingar, drama, prologar og andre høvesdikt, og gjendiktingar. Han har gitt ut diktsamlinga Utanfor allfarveg. For barn og ungdom har han også forfatta 4 librettoar til musikalar med bibelsk innhald, mellom anna ein musikal på senjadialekt for konfirmantar.

I 2004 har Trond Hellemo skrive teksten til ei jubileumsmesse som er eit bestillingsverk til feiringa av 200-årsjubileet for skipinga av Hålogaland Bispedømme. Denne messa for stort kor, orkester, joik og sopran blei urframført i Lofotkatedralen i Kabelvåg i mai, og turnerer no til Vadsø, Tromsø og Bodø.

Juryen har i første rekkje lagt vekt på Trond Hellemos dikting for barn og unge og på salmar og andre tekstar til bruk i kyrkjelege samanhengar. I dei nynorske salmane frå landet her nord er han ein verdig arvtakar til Elias Blix.

Forfattaren og læraren Trond Hellemo er fødd på Senja og har budd i fiskeværet Senjahopen det meste av sitt vaksne liv, med fisken og storhavet like utfor dørstokken. Tekstane hans har rot i denne naturen, dette folket og dette miljøet. Det er sett melodi til fleire av dikta hans, som blir brukt som viser. Frå heimkommunen Berg fekk han kulturprisen i 1991.
BlixBlog gratulerer!

Les meir.
# lagt inn 18.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.11.04

Kyrkjenynorskdebatt 

I går hadde Vårt Land tydeleg sett av debattspalta si til den debatten avisa sjølv har lagt opp til om nynorsk bibel- og kyrkjespråk. Eg siterer nokre høgdepunkt her, frå tre lesarbrev, ein innringar og ein redaksjonell kommentar.

Dei tre lesarinnlegga har fellesnemnaren Kampanje mot nynorsken - som det òg står som overskrift over innlegget frå kapellan Ingebrigt Austnes i Spjelkavik. Dei to andre forfattarane er Roger Lockertsen (nordnorsk nynorskmann, slike skal ein ta godt vare på) ved Høgskolen i Stavanger og Svein Volle, utan tittel eller adresse (slike har eg sans for. Om argumenta dine ikkje står på eigne bein, kan det vere det same kva tittel du gøymer deg bak).
Ikkje rart at VL set i gang ein kampanje mot nynorsken. Avisa veit garantert at dei får solid støtte land og strand rundt. Ein aksjon mot nynorsken høver som hand i handske med den nyrike populismen som herjar landet vårt. Suksessen for eit slikt prosjekt er like sikker som at sosialministeren får vonord [SIC] for ein ansvarlig alkoholpolitikk.
(Ingebrigt Austnes)
-----------------
Men eg er ikkje sikker på at eg har sans for linja med kampanjejournalistikk som avisa har lagt seg på i det siste. No er det tydelegvis nynorsken i kyrkja som skal få gjennomgå.

Eg er van med at språket mitt vert utsett for hets. Det toler eg dersom det ikkje kjem frå hald der ein skulle vente større sans for kultursamanhengane.
(Svein Volle)
-----------------
Retorisk sett var oppslaget berre eit av dei vanlege ukyndige innlegga imot nynorsk ---
(Roger Lockertsen)
Ein svært interessant reaksjon, som eg skal gjere mitt beste for å unngå å psykologisere (men eg innrømer at det held hardt). Den redaksjonelle kommentaren til Jon Magne Lund er fullt på høgd:
Vårt Land har skrevet mye om nynorskbibelen i det siste. Noen lesere har beskyldt oss for å drive kampanjejournalistikk mot nynorsken. Dette gjør meg arg.
Det gjer eit patetisk inntrykk når ein profesjonell pressemann er personleg fornærma på redaksjonell plass. Privat må han få vere det så mykje han vil, men det kan han halde for seg sjølv.

Men konspirasjonsteorien til innsendarane verkar ikkje mindre patetisk på meg. Nei, eg greier det ikkje: Skal eg forstå styrken i reaksjonane, må eg psykologisere dei. At målfolk til dei grader oppfattar seg som ein forfølgd minoritet under press, hadde eg faktisk ikkje tenkt over. Lesarbrevskriving er kan hende god terapi, men konspirasjonsteoriar gjer det gjerne vanskeleg å halde fram eit ordskifte om sak, dersom det skulle vere å ønske.

Diskusjonen bør snarast forlate det paranoide nivået. Det finst nok av saklege poeng å ta tak i. Roger Lockertsen har til dømes eit godt retorisk spørsmål: "Forstår ungdommen alle orda i Bibelen på bokmål? Sjølvsagt ikkje!" Og Ingebrigt Austnes formulerer eit springande punkt slik: "For både møtet med Skrifta og liturgien er ei særleg hending i eit mennskliv [SIC. Konspirasjonsteori: Sabotasje i korrekturlesinga frå Vårt Land si side? AA]. --- Derfor må det språket som vert nytta, nettopp vere sakssvarande for denne hendinga."

Det er dette debatten bør handle om. Lesne saman fortel sitata frå Lockertsen og Austnes at vi har med to store quaestiones disputatae å gjere: Kva er eit moderne nynorsk? Og kva er eit høveleg bibel- og kyrkjespråk?

Eg har enno ikkje sitert Ivar Aars. På telefon frå Valdres seier han til avisa:
For meg ser det ut til at en nå vil lage et nynorsk som passer for folk i storbyene, og ikke for folk som bor i distriktene og som bruker nynorsk. --- Slike språkforandringer bryter ned tradisjonen og vil bar gjøre nynorsken fremmed - også i nynorskområdene.
Sjølv er eg notorisk optimist på vegner av nynorsken (det er i grunnen rart, dei fleste andre sider ved tilværet har eg ein tendens til å sjå heller svart på). Som "sekundærbrukar" av nynorsk (altså ein som, etter Ottar Grepstads definisjon, "har nynorsk som sidemål og avgrensar bruken av nynorsk til lesing og lytting, og til pliktig bruk i skule eller i arbeid, som regel då i offentleg teneste"), eventuelt "nynorsksympatisør", må eg vedkjenne at eg kjenner meg om lag like kvalifisert til å avleggje vitnemål i fellesskapet av truande som eit interessert, men verdsleg menneske på bedehusgalleriet under eit vekkingsmøte. Min retoriske ethos vil neppe overtyde truande målfolk. Eg tillet meg likevel eit par små kommentarar for eiga rekning.

1. Til Ingebrigt Austnes: Kva har trua på inkarnasjonen, det at Gud vart menneske og Ordet kjøt, å seie for korleis vi ser på religiøst språk? Det eldste arbeidet med nynorsk bibel-, preike- og liturgispråk vart møtt med ei innvending som gjerne er herma slik: "Dei kan då ikkje preika på same målet som me bannar på!" Svar? "Me svarar at det målet som er vårt eige, er ikkje for simpelt til å beda og syngja på. Og me vilde helst preika soleis på det, at folk skulde slutta å banna" (Peter Hognestad, "Kyrkja og maalreising"). No er det ei kjensgjerning at norsk språk har endra seg mykje sidan Hognestad skreiv desse orda for nitti år sidan. Korleis følgjer ein opp programmet hans i dag?

2. Til Roger Lockertsen: Du har rett, men du tek feil. Da Bibelselskapet i 1978 gav ut den noverande kyrkjebibelen, vart bokmålsomsetjinga møtt med kraftig kritikk frå riksmålshald, med Lars Roar Langslet og Det norske akademi for sprog og litteratur i spissen. Omsetjarane sin talsmann mot skuldingane om språkleg forfall var den gongen professor Ingard Hauge. "På egna och översättarnas vägnar förklarade han sig totalt ovillig och oförmögen att göra bibeln till ett reservat för gamla ord och utdöende språkformer" (her referert av den mest interessante kommentatoren eg kjenner til norsk bibelomsetjingsdebatt, svensken Edvin Larsson, professor i Det nye testamente ved Menighetsfakultetet i ein mannsalder). Spørsmålet no er om nynorskomsetjinga gjekk lenger, kan hende for langt, i å halde på "gamla ord och utdöende språkformer" i 1978. Dette spørsmålet er ikkje reist av ei tilfeldig gruppe konfirmantar eller ein ditto bokmålsbrukande journalist, det vert grundig diskutert i mange ulike samanhengar i Bibelselskapet i samband med den revisjonen av bibelteksten som no er i gang.

Ein ting skal eg gje Austnes rett i: "Det mest typiske med debatten i Vårt Land om bibelspråket og nynorsken, er at det heile vert skrive på bokmål. Ikkje ein gong formannen i Noregs Mållag vert sitert på nynorsk." Det er for dumt, Vårt Land.
# lagt inn 17.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Konfirmasjonstid 

Så vidt eg veit har Elias Blix ikkje late etter seg minne om si eiga konfirmasjonstid, sommaren 1851. Det er grunn til å bruke ein del spalteplass på den likevel. Konfirmasjonen var ein svært viktig overgangsrite, både kyrkjeleg og borgarleg, og det er grunn til å tru at den fekk mykje å seie for den vidare utviklinga til Elias Blix.

Hans meir ordrike ven Anton Christian Bang (1840-1913) vart konfirmert fem år seinare, i Nesna på Helgeland. I Erindringer (1909) gjev han dette biletet av si eiga konfirmasjonstid (s. 79):
Paa Grund af de lange Afstande var og vistnok ogsaa er det saaledes ordnet i Tromsø Stift, at Konfirmandforberedelsen foregaar paa Prestegaarden i et samleet Tidsrum af omkring 6 Uger; i denne Tid bor da Konfirmanderne paa Nabogaardene, forsynede med Niste fra Hjemmet, og samles om Presten til Undervisning hver Formiddag, for om Eftermiddagen at forberede sig til den følgende Dag. Ved denne Ordning blev saavel Undervisning som den religiøse Paavirkning meget intens. Det ved jeg, at vi alle sammen følte os ligesom nærmere Gud i disse Uger, da vi daglig havde Presten midt iblandt os, og at vi alle ønskede i vort stille Sind, at dette kunde vedvare hele vort Liv.

Det er Idyllen i min Ungdomstid disse 6 Uger om Sommeren 1856, da jeg sammen med mine Medkonfirmander blev forberedt for Konfirmationen paa Nesne Prestegaard af Sogneprest Søren Møglestue Dometius.
Eg tyr ofte til Bang i mangel av betre kjelder til hendingar i livet til Blix. Det reiser ei rad kjeldekritiske problem. For det første må ein hugse at dette er ein gammal manns bilete av ein ungdom femti år tidlegare. For det andre var dei to venene nokså ulike personar. For det tredje er det ein liten, men ikkje uviktig skilnad i alder mellom dei. Og for det fjerde kan ein ikkje alltid samanlikne tilhøva i Nesna og Gildeskål. Skolen i Nesna heldt til dømes ein heilt annan kvalitet. Når det er sagt: Dei to bygdene ligg ikkje langt frå kvarandre, næringsgrunnlag og sosiale tilhøve må ha vore temmeleg like.

Når det gjeld konfirmasjonen, hadde ein same ordninga i Gildeskål som i Nesna. Bestefar min heldt så seint som 1950 "konfirmantskole" på tilsvarande måte medan han var sokneprest i Evenes (litt kortare, fire vekers tid, trur eg).

Noko seinare nemner Bang at kyrkjesongaren (lærar og klokkar) òg tok mykje del i konfirmasjonsførebuinga. Tilsvarande i Gildeskål, der Hans Hansen assisterte sokneprest Peter Andreas Berg.
# lagt inn 17.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 19,9-11
9 Og han gjekk atter inn i Domhuset og sagde til Jesus: "Kvar er du ifraa?" Men Jesus gav honom inkje Svar.
10 Pilatus sagde daa til honom: "Talar du ikkje med meg? Veit du ikkje, at eg heve Magt til aa krossfesta deg og Magt til aa lata deg laus?"
11 Jesus svarade: "Du hadde ingi Magt yver meg, dersom det ikkje var deg gjevet ovan ifraa. Difyre heve han, som yvergav meg til deg, større Synd".
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889

Ord for dagen: Domhuset er omsetjinga av det greske praitorion, som på si side er ein latinisme. Eit praetorium var vel verken meir eller mindre enn residensen til ein praetor - tittelen på ein høg embetsmann i Roma. Etter ei funksjonstid på eitt år fungerte pretoren som guvernør i ein viktig romersk provins. Pontius Pilatus var nok eit hakk lenger ned på rangstigen, procurator eller praefectus. Judea var ikkje viktig nok til å bry ein pretor med.

"Domhuset" overlevde ikkje i norsk bibelspråk. Det vart til "borgi", og "borga" heiter det til denne dag.

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 17.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.11.04

Kyrkjemøtet 

Kyrkjemøtet 2004 i BodøKyrkjemøtet i år finn stad i Bodø 15.-20. november. Du kan følgje møtet på kyrkja.no. Her kan du til dømes lese hovudforedraget til Olav Fykse Tveit, generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja, over temaet "Ei vedkjennande kyrkje" - på nynorsk. Generalsekretæren er oppvaksen i Hallingdal, og er ein bra kar på alle måtar. Nokre sitat:
I sitt foredrag "Ei vedkjennande kyrkje" åtvara han mot å nytta formuleringar i kyrkja si vedkjenning som eit våpen for å ta andre.

- Ein kan stundom få inntrykk av at det å vere ei open folkekyrkje er å seie ja til mangfald og ulike retningar, medan det å vere ei vedkjennande kyrkje er å seie nei til det nye og ukjende. Det ville vere historisk og teologisk misvisande, sa generalsekretær Olav Fykse Tveit i Mellomkyrkjeleg råd i hovudforedraget årets Kyrkjemøte.

- Det er nettopp på grunn av vedkjenninga at kyrkja skal vere open. Å følgje Jesus Kristus er å møte kvarandre slik han møtte menneske, ope og tydeleg. Kyrkja har ein open invitasjon til Guds opne famn. Det er jo det som er sentrum i vedkjenninga vår, sa Olav Fykse Tveit.

- Vedkjenninga er eit vern, men ikkje eit bur. Vedkjenninga er også eit vindauge vi kan opne, som gjev utsyn – til ein større røyndom, sa Fykse Tveit.
Les meir.
# lagt inn 16.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Lesehistorie 

Eg har konfirmasjonsdag i dag, det vil seie: Eg prøver å skrive noko om konfirmasjonstida og konfirmasjonsdagen til Elias Blix. Dette var den eine viktige overgangsriten ein ung gut skulle gjennom i miljøet hans. Den andre var "Ferdi" - første reis på lofotfiske.

Eg fann nett artikkelen "Hvordan lære å lese? i Apollon. Den kan høve bra som oppvarming.
En gruppe forskere ved Det utdanningsvitenskapelige fakultet samarbeider nå for å kaste lys over en problemstilling som angår oss alle: Det å kunne lese og skrive. Utgangspunktet er deltakelse på årets Forskningstorg hvor det pedagogiske miljøet ønsker å vise fram et tverrfaglig perspektiv på forskningen rundt lesningens historie i Norge. Verken lesning eller leseopplæring er nemlig hva det en gang var. Det å lære å lese og skrive har variert sterkt gjennom tidene både med hensyn til metode og mål.

– I begynnelsen var det konfirmasjonen som var målet for leseopplæringen. Allerede i 1739 ble det opprettet allmueskoler på landsbygda for å utrydde analfabetismen. Da var det kirkens behov som skulle tilfredsstilles, og det var bare religiøs litteratur som ble lest, slik som Luthers katekisme, Pontoppidans forklaringer, salmeboken eller en huspostill, forteller Knut Tveit, som er skolehistoriker og professor ved Pedagogisk forskningsinstitutt.

Målet for leseopplæringen var ferdighet i å lese kjente tekster. Elevene var altså familiære med innholdet i de tekstene som de selv skulle lære å stave seg igjennom. Dette førte til at lesekyndigheten ikke strakk til for å lese en tekst med ukjent innhold.

En nødvendighet
Allmueskolen var en omgangsskole på landsbygda hvor elevene begynte i sjuårsalderen og gikk regelmessig fram til de var 11-12 år gamle og måtte begynne å arbeide. Fram til konfirmasjonen to-tre år seinere ble leseferdighetene vedlikeholdt. Selv om skoletiden strakk seg over mange år, var det neppe snakk om mer enn undervisning tilsvarende et halvt år på skolebenken. Men alle måtte lære å lese. Det var en nødvendighet. Konfirmasjonen var nemlig noe langt mer enn en kirkelig handling. Dersom du ikke var konfirmert, kunne du ikke gifte deg eller bygsle gård.

– Du måtte være konfirmert for i det hele tatt å være statsborger, understreker Frøydis Hertzberg, norskdidaktiker og professor ved Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling.

På 1700-tallet bodde vel 90 prosent av befolkningen på landsbygda, og det var der myndighetene i første omgang innførte obligatorisk skole. Første byskolelov kom så sent som i 1848. Tidligst ute med skole var faktisk Nord-Norge: samene og kvenene fikk statlig finansiert skole fra rundt 1720, som ledd i misjonsarbeid og sikring av Norges grenser mot Sverige og Russland. I Sør-Norge fikk bygdene skole ved forordninger i 1739 og 1741. I byene ble allmueskolen innført gradvis på eget initiativ fra rundt 1650, mens middel- og overklassen hadde egne skoler eller sørget for privat undervisning for sine barn.
Les meir.
# lagt inn 16.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Odd Fellow 

Eg er prinsipielt skeptisk til denne typen lukka fora, men informasjonsplikta kjem først: Ein av dei yngste losjane i Odd Fellow er Odd Fellow Loge nr. 147 Elias Blix, med adresse Bodø. Den vart skipa 06.03.2004.
# lagt inn 16.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kristofer Janson 

I Bergens Tidende har Johannes Gjerdåker ei melding av Anne Lofthus Solheim og Rolf Erik Solheim, Visdomsperspektivet. En guddommelig saga om Kristofer Janson og åndshøvdingene i hans tid (Kolofon forlag). Han seier mellom anna:
Det er fleire gode grunnar til at Kristofer Janson skal leva i det ålmene minnet, og så sant litteraturhistoriene i framtida vert skrivne av kunnige menneske, vil Janson ha ein trygg plass der. Han hadde hjelpande og styrkjande innverknad på to generasjonar av norske diktarar, frå Aasmund Olavson Vinje til Knut Hamsun - han gjorde ein stor og ugløymande innsats som lærar gjennom ni år ved Chr. Bruuns folkehøgskule på Sel og i Gausdal - og i det norske samfunnet i Amerika grunnlagde han fem unitarkyrkjer. Det litterære verket hans, som femner om lyrikk, drama, romanar, noveller og kulturhistorie, er på i alt meir enn 40 einskildverk. Kanskje har tida gått frå mykje av dette, men det har ho gjort frå mykje av Bjørnsons verk òg; berre så at éin av hans samtidige er nemnd. Nokre av songane til Janson har levt og vorte lærde utanboks av overlag mange gjennom 140 år, mellom andre «Hu hei, kor er det vel friskt og lett uppå fjellet», «Fjukande skyer», «Ung Åslaug» og «Millom Rosor», som Edvard Grieg tonesette.
Bergensmålmannen Kristofer Janson (1841-1917) tok teologisk embetseksamen i 1865, året før Elias Blix. Janson og Blix høyrer til same generasjonen målfolk, og det er sannsynleg at dei må ha hatt noko med ein annan å gjere i studietida på 60-talet i Kristiania, men eg har ikkje funne mykje spor etter slik kontakt. Janson gjekk over til unitarismen, eit trussamfunn som mellom anna forkasta treeiningslæra, så teologisk vart han ståande nokså langt frå den meir tradisjonelle Blix.

Les meir.
# lagt inn 16.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 19,1-5
Daa tok difyre Pilatus Jesus og let hudflengja honom.
2 Og Stridsmennerne flettade ei Kruna av Klungrar og sette paa Hovudet hans og hengde um honom ei Purpurkaapa og sagde:
3 "Heil du, Jødekonge!" Og dei gav honom Slag paa Øyrat.
4 Daa gjekk Pilatus atter ut til deim og sagde til deim: "Sjaa, eg fører honom ut til dykker, so de skulo vita, at eg ingi Skuld finn hjaa honom".
5 Daa gjekk Jesus ut og hadde Klungerkruna og Purpurkaapa paa seg. Og han sagde til deim: "Sjaa denne Menneskja".
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889

Ecce homo.

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Fredagens Blix.
# lagt inn 16.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.11.04

Nordnorsk historie 

Nordlysredaktøren Asbjørn Jaklin har gjeve ut Historien om Nord-Norge, som får ei fyldig melding i avisa hans:
---
Jaklin vil ta livet av mytene. Nordlendingen er ikke lenger den sære, den som er brukbart objekt på revyscenen.
---
En innvending mot Jaklins fortelling er at han så ofte og så tydelig i teksten refererer til sine kilder, i stedet for å bruke fotnoter. Det hindrer noe av flyten, men er en form for kvalitetssikring og hindrer diskusjon om faktagrunnlaget. Jeg skulle imidlertid ønske meg noe mindre av det, og noe mer Jaklin. Et mer personlig temperament og mer av forfatterens sjel på sidene.

Likevel. Det finnes. Ikke minst i det som kan synes å være ett av forfatterens hovedanliggende. Nemlig å være historieskriver i nasjonsbyggerens tradisjon. Vi er mer og vi er viktigere enn forfattere utenfra har beskrevet. Her skal det bygges bevissthet om at landet i nord er noe langt annet enn en klient og en belastning på den norske kroppen. Slik landsdelen vår har vært betraktet og betraktes fra hovedstadens ignorante, men innflytelsesdominerende miljøer.

– Historien om Nord-Norge er ikke historien om en bakevje, tilbakeviser Jaklin. Litt sånn som Mikael Niemi fortalte i "Populærmusikk fra Vittula".
---
Asbjørn Jaklins anliggende synes i stor grad å være å vise at Nord-Norge var undervurdert, men at landsdelen nå er en del av landets selvfølgelige gjennomsnitt. Fiskarbonden dominerer ikke lenger. Den sære profilen som Mykle kolporterte, som Arthur Arntzen gjorde til levebrød og som Lars Andreas Larssen ga en nordnorsk språkdrakt ingen vedkjenner seg.

Asbjørn Jaklin påviser at Norge har en undervurdert historie i nord. Sosialdemokratiet er født her. Vi er skrevet ut av krigshistorien. Vår industrihistorie er knappe parenteser.

Jaklins verk er ikke historieskriving, men en fortelling som løfter nordnorsk historie opp på plassen den fortjener. Vi har ingen grunn til å stå med hua i handa, det har Asbjørn Jaklin dokumentert i denne boka.

Den fyller plassen norske historieverk har latt stå åpen om nordnorsk historie. Få boka inn i hjemmene og i skolen – en gave til bevisstgjøring av den fordømte og forsømte nordlendingen.
Men eg er framleis ikkje heilt klok på prosjektet til Jaklin, eller er det til meldar Odd R. Olsen. Skal ein finne fram Stein Rokkan eller Edward Said for å forstå, tru? Eller Jaklin, kan hende, eg blir vel nøydd til å lese boka.

Les meir.

Boka er dessutan presentert i konkurrentavisa Tromsø, under overskrifta: "- Nord-Norge er ingen bakevje". Den differensierte pressa? Vel, Jaklin er i det minste konsistent når han uttalar seg. Sjå og Finnmark Dagblad (med hammerfestingen Ole Olsen som sentral figur, sjølvsagt), Fremover (med vekt på Narviks rolle i nordnorsk historie).
# lagt inn 12.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kyrkjespråk 

Medan eg har hatt ei hektisk veke (omsetjarmøte i Bibelselskapet mandag-onsdag, undervisning i går og i dag), har Vårt Land halde oppe interessa for nynorsk bibel- og kyrkjespråk, som eg tillet meg å profetere om på måndag - til ei viss uro for ein av spesialistane på feltet, Per Halse (sjå kommentaren hans).

Onsdag melde domprosten i Molde, Øystein Bjørdal, at han
Vil ha fart på liturgirevisjonen
Domprost Øystein Bjørdal ønsker en raskere revisjon av høymesseliturgien. Han mener spesielt at den nynorske liturgien trenger en fornyelse.
---
- Det er noe med språket og liturgien som gjør at gudstjenesten kan oppfattes som for stiv og oppstykket. Da kan det fort oppleves for formelt og høytidelig, men det er forskjell på høytid og høytidelig. Det haster med en revisjon av dette, sier Bjørdal.
---
Øystein Bjørdal tar i bruk store ord når han beskriver problemene knyttet til dagens gudstjenesteordning.
- Liturgien skal være et levende møte mellom Gud og menneske. Men slik det liturgiske språket fungerer, blir ikke gudsnærværet i menneskenes liv godt nok ivaretatt. Det blir ofte noe opphøyet og fjernt over gudstjenesten. Og det påvirker kroppsspråket og formidlingen. På denne måten kan liturgien være med på å stenge for menneskers gudsforhold, sier Bjørdal, som samtidig understreker at ordenes teologiske betydning må bli ivaretatt.
---
Domprost Bjørdal understreker at et kirkelig, sakralt språk ikke må være fjernt fra det språket som folk bruker.
- Det språket som brukes i kirken må bære preg av inkarnasjonen, at Gud blir menneske. Dette er en sannhet som vi som kirke skal formidle. Vi må ikke gjøre dette til noe fremmedartet og opphøyet. Gud bøyde seg ned til menneskene. Dette må også få et språklig uttrykk som folk forstår.
Les meir.

Og torsdag var det vår tur - representerte ved Hans Johan Sagrusten:
Nynorsk-bibelen mer forståelig
Mange av de ordene som nynorskbrukerne ikke forstår i Bibelen, vil bli endret i den nye oversettelsen.

Konfirmantenes språk har vært avgjørende for valg av ord i den nye nynorskbibelen.
– Vi som arbeider med den nye nynorskutgaven av Bibelen, er glade for den oppmerksomhet som dette spørsmålet har fått den siste tiden. Mye skjer med språket hele tiden, også etter at vi utga prøvetrykkene på den nye nynorskutgaven, sier bibeloversetter Hans Johan Sagrusten i Det Norske Bibelselskap.

Sogneprest Theis Salvesen i nynorskkommunen Valle fortalte i Vårt Land lørdag at mange konfirmanter har problemer med å skjønne ord som er brukt i Bibelen. Om dette, sier Hans Johan Sagrusten:
– De fleste av de ordene som Salvesen klager på, vil bli endret i den nye oversettelsen. Vi som arbeider med oversettelsen, har hatt barn og ungdoms språkbruk for øye når vi har arbeidet med bibelspråket. Dette er et språk som er i stadig endring. Derfor har vi blitt nødt til å gjøre forandringer også etter at prøvetrykkene er ferdig, sier Sagrusten.
---
Forandringer. Gudbrandsdølen Hans Johan Sagrusten innrømmer at han selv har hatt problemer med å forstå noen av ordene som finnes i den nynorske 1978-utgaven av Bibelen.
– Ord som «duld» og «trylt» var helt ukjente for meg før jeg begynte å arbeide med dem som oversetter. Disse ordene blir endret i den nye oversettelsen, sier Sagrusten, som også kan røpe en del andre endringer:
* Mange «y-ord» blir endret til «ø-ord». For eksempel blir «fyrst» til «først».
* «Hjå» blir til «hos»
* «Or» blir i de fleste tilfellene erstattet av «ut av».
* «Åt» blir til «til».

Språkdirektøren. Språkdirektør Sylfest Lomheim har fungert som konsulent for Bibelselskapets nynorskoversettere. Han forklarer bibeloversetternes oppgave slik:
– De som skal oversette det Jesus sa, skal oversette det til ord som han ville brukt hvis han hadde snakket nynorsk i dag. Hvis det Jesus sa var vanskelig da han sa det, så skal det også være vanskelig for oss i dag. På samme måte skal det som var enkelt fra Jesu munn, også være enkelt å forstå for oss som lever i 2004, sier Sylfest Lomheim, som har snakket med sogneprest Salvesen på telefonen. Han ønsker ikke å gå inn i noen avispolemikk med Valle-presten, men han er kritisk til påstanden om at Bibelen er vanskelig å forstå for ungdom i dag.
– Ikke alt i Bibelen er enkelt og klart. Det må vi leve med, og det må en prest selvsagt forstå, sier Lomheim, som samtidig understreker at ord og uttrykk som brukes i Bibelen skal være i pakt med et levende språk. Han bruker ordet «vermor» som et eksempel på at språket forandrer seg.
– «Vermor» ble brukt i den forrige bibeloversettelsen fordi det en gang var et ord som ble brukt. Nå er ikke dette ordet lenger i bruk, og blir derfor ikke brukt i den kommende oversettelsen, sier Sylfest Lomheim.
Les meir.

Eg skal berre leggje til at vi har snakka om dette i omsetjargruppa på prinsipielt grunnlag (det har nok vore diskutert i styrande organ i Bibelselskapet og, men min omgangskrets rekk ikkje så langt) lenge før utspelet i Vårt Land denne veka, at vi er høgst merksame på at vi forvaltar ein verdifull tradisjon, at vi likevel nødig vil gjere Bibelen til eit museum for døde ord, og (dagens profeti) at eg ventar ein stor diskusjon om kva for ord og uttrykk som er verneverdige og kva som bør skiftast ut.
# lagt inn 12.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 18,1-3
Daa Jesus hadde talat dette, gjekk han ut med sine Læresveinar yver Bekken Kedron, der det var ein Hage, som han og hans Læresveinar gjekk inn i.
2 Men Judas, som forraadde honom, kjende og Staden; for der kom Jesus ofte saman med sine Læresveinar.
3 Daa no Judas hadde teket med seg Herflokken og Tenarar fraa Øvsteprestom og Farisæarom, kom han dit med Lysor og Lampor og Vaapen.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889

No vert det alvor.
Ord for dagen:
Lysa, f. 1) Lysning, Lysglimt. Rbg. - 2) en liden Fakkel eller Brand at lyse med. Buskr. Jf. Loga, Skunda.
(Aasen, Norsk Ordbog, 1873)
Seippel (1920) har "kyndlar", ser eg. Og han "som forraadde honom" blir hos Seippel til "svikaren", som han framleis heiter.

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Måndagens Blix.
# lagt inn 12.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.11.04

Nynorskprofeti 

I dag tek vi til med det halvårlege tekstmøtet for omsetjargruppa som reviderer den gammaltestamentlege bibelteksten. Det er profetane som er mitt arbeidsfelt. Eg må nok definitivt reknast mellom dei mindre profetar, men eg tillet meg likevel å profetere at vi kjem til å få førelagt oss dette oppslaget frå laurdagens Vårt Land:
Til angrep på bibel-nynorsken
Sogneprest Theis Salvesen i Valle går til angrep mot språket i nynorskbibelen. Han mener bibeloversetterne bruker ord og uttrykk som er fjernt fra virkeligheten for dagens nynorskbrukere.

- Bibelselskapet sier at den nye oversettelsen skal være på «et levende språk». Men de formuleringene og ordene som brukes, er stein døde. Det språket som blir brukt er med på å stenge Bibelen, sier Theis Salvesen.

Enige.
Konfirmantene i Valle er stort sett enig med sognepresten i hans kamp for en mer forståelig bibel. Men en av guttene avdramatiserer allikevel problemet.
- Selv om det er noen vanskelige ord, skjønner vi hva disse betyr når vi leser hele sammenhengen, sier konfirmanten på brei Setesdals-dialekt.
Blant de ordene som Valle-konfirmantene humrer over, er spørreordet «korkje». For dem er det er helt fremmed ord.
- Det heter jo «verken», sier konfirmantene i Valle, som imidlertid ikke kan love å lese mer i Bibelen hvis oversettelsen blir endret.
Vidare profeterer eg mykje sympati for Theis Salvesen sine synspunkt i gruppa. Han har ein talefør alliert i setesdølen Paal-Helge Haugen. Eg trur dette skal gå bra, eg, Theis.

Les meir.
# lagt inn 8.11.04 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 17,20-23
20 Men eg bed ikkje berre fyre desse, men og fyre deim, som ved deira Ord skulo tru paa meg,
21 at dei alle skulo vera eit, liksom du, Fader, i meg, og eg i deg, at dei og skulo vera eit i oss, at Verdi skal tru, at du sende meg.
22 Og eg heve gjevet deim den Herlegdom, som du heve gjevet meg, at dei skulo vera eit, liksom me ero eit,
23 eg i deim og du i meg, at dei skulo vera fullendade til eit, og at Verdi skal kjenna, at du sende meg og elskade deim, liksom du elskade meg.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889

"Den gang Johannes skrev ned sitt evangelium var han blitt så gammel at han tangerte vrøvlet."

Nei, denne mildt bibelkritiske relfeksjonen er ikkje det Elias Blix som står bak, det er Kaj Munk (Ved Babylons floder (1941/1945), s. 40). Han held rett nok fram: "Desto lykkeliger er det at man har et slikt levende inntrykk av at hva selve saken angår er hans hukommelse funklende ung". Vel, vel.

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Fredagens Blix.
# lagt inn 8.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.11.04

Oslo-kristendom 

Eg har forsømt meg. I Bergens Tidende 2. oktober skreiv Oddmund Utskarpen om morgonandakten i NRK P1:
Kristendom - mest eit Oslo-fenomen?
--- Men i eit språkdelt land som vårt, syndar NRK grovt mot ånda i pinsebodskapen. I det halve året som no har gått sidan første april i år, har vi berre høyrt ein person som har tala nynorsk og ein nordnorsk dialekt. Elles har dei 18 andre forkynnarane i denne programposten berre ytra seg på ymse variantar av Oslo-bokmål. Var nokon innflyttar i Noreg og kjende til prinsippet for pinsebodskapen, måtte han tru at i dette landet var kristendommen mest eit Oslo-fenomen!

I motsetnad til dette gav salmediktaren Elias Blix eit varmt uttrykk for, i biletleg tale, det arbeidslivet han voks opp med som grunnlag for å forstå forkynninga. Men forkynninga i P1 står, samla sett, fjernt frå den daglege røyndommen til folk flest i dag, anten dei no er i fiskarbåten, traktor- og trailersetet eller i arbeid på oljeplattforma. ---
Amen. Meir Blix til plattforma, det er eit krav som sjølvsagt har full støtte frå BlixBlog!

Les meir.
# lagt inn 7.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.11.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 16,25-26
25 Desse Ting heve eg talat til dykker i Liknadar; men det kjem ei Tid, daa eg ikkje lenger skal tala til dykker i Liknadar, men beint fram forkynna dykker um Faderen.
26 Paa den Dag skulo de beda i mitt Namn; og eg segjer dykker ikkje, at eg vil bede Faderen fyre dykker;
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Ord for dagen:
Liknad (?), m. en Lignelse. "Ein Liknabolk", et Exempel som fremsættes til Sammenligning. Nhl.
(Ivar Aasen, Norsk Ordbog, 1873)
I 1889-landsmålstestamentet er det greske parabole omsett slik. Ordet overlevde ikkje i nynorsk bibeltradisjon, det vart erstatta av "likning" - noko Aasens ordbok òg opnar for: "1) Sammenligning; ogsaa Lignelse, Exempel".

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Onsdagens Blix.
# lagt inn 5.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.11.04

John Horsdal 

Steinar Karlsen hadde meir å fortelje, om ein av underskrivarane på visitasprotokollen frå 1848 som eg publiserte her om dagen, "John Johnsen Horsdahl m. p. p" (som kjent fortel dei siste bokstavane, "med påhalden penn", at underskrivaren ikkje sjølv var i stand til å skrive namnet sitt. Ein annan skreiv namnet, medan underskrivaren heldt ein finger på pennen. Lesekunne var langt meir utbreidd enn skrivekunne tidleg på 1800-talet. Det er ei lang historie):
Jeg vet ikke mye om min tippoldefar John Johan Johnsen, men han var ca 60 år i 1848.
Han var gift med Sara Cathrine Pedersdtr Blix, datter av Peder Nielsen som ble gift 2.gang med Elias B sin mormor Anne Helgesdatter.

Matrikkel for 1838 viser at han var en betydelig jordeier i Horsdal og på Mårnes i Gildeskål.

Jeg antar derfor at det er min tippoldefar som har fått hjelp til å signere dette dokument.
Det trur eg han har heilt rett i, og eg takkar så mykje for opplysningane.
# lagt inn 3.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Ole 

Ole Raviks gravstein
Gravsteinen til Gjertine og Ole (Pareli Pedersen) Ravik på Bodin kyrkjegard.

Biletet har eg fått av Steinar Karlsen, Ole sitt tippoldebarn. Ole (1839-1923, fødselsåret på gravsteinen er feil) var einaste heilbroren til Elias Blix. Han var fiskar og gardbrukar på Ravik i Gildeskål.
# lagt inn 3.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 16,7-11
7 Men eg segjer dykker Sanningi: Det er dykker til Gagn, at eg gjeng burt; for dersom eg ikkje gjeng burt, skal ikkje Maalsmannen koma til dykker; men dersom eg gjeng burt, so vil eg senda honom til dykker.
8 Og naar han kjem, skal han yvertyda Verdi um Synd og um Rettferd og um Dom:
9 um Synd, avdi dei ikkje tru paa meg;
10 men um Rettferd, avdi eg gjeng til min Fader, og de ikkje sjaa meg lenger;
11 men um Dom, avdi Hovdingen fyre denne Verdi er dømd.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Parakleten III.

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 3.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.11.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 15,26-27
26 Men naar Maalsmannen kjem, som eg skal senda dykker fraa Faderen, den Sannings-Ande, som gjeng ut ifraa Faderen, han skal vitna um meg.
27 Men de og skulo vitna; for de hava voret med meg fraa Fyrstningi".
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Atter ein gong: Parakleten i Johannesevangeliet, i norsk utgåve.

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Blix frå førre veka.
# lagt inn 2.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?