<$BlogRSDUrl$>

31.3.05

Nynorsksenteret 

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa opna i Volda i går. Eg vurderte ei stund å reise dit, mest på grunn av ei samling i forskarnettverket for nynorsk skriftkultur og for å treffe nokre myndige møringar. Det blei ikkje noko av, eg heldt meg heime. Men det har vore mykje anna gildt folk der. Kristin Clemet, til dømes (jamen er ho her òg). Og Ottar Grepstad, og Olaug Nilssen, og endå nokre. For ikkje å snakke om alle dei gilde folka som var på konferansen Nynorsk i opplæringa i dag. Eg håpar dei har hatt det gildt. Og nynorsksenteret er vel kvalifisert til ein plass i peikarsamlinga til BlixBlog med, skulle eg tru.
# lagt inn 31.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Krist stod upp av Daude / I Paaske-Morgonraude.
So syng no høgt og hjarteglad / Hans Kyrkjelyd i kvar ein Stad:
Æra vere Gud i det Høge!

Krist stod upp med Velde, / Han Synd og Daude felde.
Vaar Synd er sonad, Livet kjøypt / Og Dauden er i Siger gløypt.
Æra vere Gud i det Høge!

Krist stod upp med Heider, / Han oss til Himmels leider.
Der lova me med Engleljod / Guds Son, som upp av Daude stod.
Æra vere Gud i det Høge!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 67

Grundtvig-salme, ny hos Blix i 1891.

Tidlegare kommentar.
Tysdagens Blix.
# lagt inn 31.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.3.05

Dagens Blix 

Som den gyllne Sol kann brjota / Klaar igjenom kolsvart Sky
Og ein Straum av Straalar skjota, / So at Natt og Myrker fly:
So min Jesus or si Grav / Og det djupe Daudsens Hav
Upp seg reiste til vaar Fagnad, / Daa det Paaskemorgon dagnad.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 66

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1869-, 1883-, 1891-utgåva.
Påskedagens Blix.
# lagt inn 29.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.3.05

Påskedagens Blix 

I Edens sæle Sumar/ Eit Livsens Tre av Rotom rann,
Og av kvar Kvist og Kumar / Sprang evigt Liv fyr alle Mann.
So Treet stod i Hagen / I Livsens rike Blom
Alt til den myrke Dagen, / Me fall i Synd og Dom.
Daa Herren Vegen stengde, / Som inn til Treet gjekk,
Og Dauden inn seg trengde / Og Vald i Verdi fekk.

So Verdi Treet misste, / Der ikkje meir vart til det spurt,
Og Ingen Vegen visste, / For Eden kvarv fraa Jordi burt.
Men Livet, Verdi vantad, / Daa ikkje utdøytt var,
For Herren atter plantad / Ein Livsens Aldegard.
Or Kristi Grav er runnet / Det Tre paa betre Vis,
Og Livet atter funnet, / Som kvarv fraa Paradis.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 73

BlixBlog helsar GOD PÅSKE, med same salmen som i fjor. Vi har halde påskedagsgudsteneste i heimekyrkja vår i dag (familieprosjekt, eg er gift med ein prest), og eg nytta denne salmen som utgangspunkt for preika.

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1870-, 1883-, 1891-utgåva
# lagt inn 27.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.3.05

Salmar i Aftenposten 

"I dag viser salmene seg å være et av de poetiske og musikalske uttrykk som har en av de største kulturelle breddvidder: fra bedehus til kulturens 'profane' musikkmiljøer er den en kilde til fornyelse på flere plan. Salmenes poesi og slitesterke melodier har gitt bedehus og kirker et kulturelt ansikt, og for deler av artistmiljøet har salmenes tekster og melodier hatt en nærmest magnetisk tiltrekningskraft."

Les Aage Myksvolls kronikk onsdag i den stille veka i Aftenposten.
# lagt inn 26.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix for påskeaftan 

Gode Hyrding! Konungs Vyrding,
Konungs Vyrding du ber med Skil.
Drott utan Like, som fyr ditt Rike,
Som fyr ditt Rike læt Livet til!
Gode Hyrding! Konungs Vyrding,
Konungs Vyrding du ber med Skil!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 65

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1875-, 1883-, 1891-utgåva.
# lagt inn 26.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.3.05

Blix langfredag kveld 

So elskad Gud oss, at han gav / Sin kjære Son til Kross og Grav,
At ikkje me skal Dauden sjaa, / Men evigt Liv ved honom faa.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 64

Heile salmen.
Tidlegare kommentar.
# lagt inn 25.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix for 9. timen 

Jesus, dine djupe Vunder / Og din Daude saar og strid
Huggar meg i alle Stunder, / I all Naud, som Hjartat lid.
Renn meg nokot Vondt i Hug, / Til di Pinsla ser eg bljug;
Det skal Syndehugen kjøva: / Dine Saar med Synd ei høva.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 63

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1869-, 1883-, 1891-utgåva
# lagt inn 25.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix for 6. timen 

Ver helsat, Hovud høge, / Som blodat er og hædt!
Du Hovud, som til Løge / Med Tornekrans er klædt!
Du Hovud, som er saarat / Og fram med Spottord synt,
Men lyser no forklaarat / Med Sømd og Siger krynt!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 62

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1870-, 1883-, 1891-utgåva
# lagt inn 25.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix for 3. timen 

Sjaa der Guds Lamb kjem gangande! / Stilt fer han fram på Ferdi.
Sjaa yver honom hangande / All Synd og Skuld i Verdi!
Til Offerstaden Vegen ber. / Han segjer: No eg ferdug er
Fyr Adams Ætt aa strida.
Dei syna Kross og Pinsla fram./ Han svarar: Gjerna, Saar og Skam
Eg viljug er aa lida!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 61

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1869-, 1883-, 1891-utgåva
# lagt inn 25.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.3.05

Påskebok 

Påska kom like tidleg i 1869 som den gjer i år. Tysdagen i den stille veka, 23. mars, sit Ivar Aasen med eit tynt lite hefte på 32 sider i handa, den nyaste utgjevinga til Det norske Samlaget, fersk frå trykkeriet. Han les juleevangeliet, i den målforma han sjølv har utarbeidd:
Det Folk, som fyrr i Myrker sat / Og Daudens djupe Skygge
Og sukkad i den lange Natt / So saart um Ljos og Hygge:
Dei saago braadt ein Dag / Med ukjent herlegt Lag
Ei Morgonstjerna rann, / Som lyste vidt um Land
Med Sumar og med Sæla.
Den første salmesamlinga i landsmålet er utkomen.

Alt i påskehelga kjem dei første meldingane. Påskeaftan har Dagbladet salmen "Den Paaske er væl ljos og blid" på framsida, nokre dagar seinare kjem ei bokmelding. Og sjølve påskedagen skriv sjølve Dølen, Aasmund O. Vinje, om boka i Dølen. Ei anna interessant melding er den som står i Den norske Folkeskole laurdag 8. mai. Meldaren, A. J., er ein av dei tre redaktørane. Andreas Johnsson (1835-1914) kom frå Steigen i Nordland. Han var klassekamerat med Elias Blix på Tromsø seminar, tok eksamen eitt år seinare enn han (1856), og var lærar i Ibestad og Kragerø før han i 1860 kom til Grønlands skole i Kristiania. Johnsson var svært aktiv i Kristiania lærerforeining, saman med ein annan god ven av Blix, Carl Johan Nilsen - og han var medlem av Det norske Samlaget.
# lagt inn 23.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Herre, kvar skal me vel av, / Burt fraa deg, som alt oss gav?
Fraa den livande Guds Son, / Kruna paa vaar Tru og Von,
Fraa den einaste paa Jord, / Som kann tala Livsens Ord?

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 58

Det er tett med salmar for den stille veka og påsketida. Skal vi nå over alle, må vi sjå å få begynt på salmane for skjærtorsdag.

Eg må minne meg sjølv om å gå systematisk gjennom Elias Blix sitt forhold til N. F. S. Grundtvig. Denne salmen stod for første gong i 1891-utgåva av Nokre Salmar (og før det i Landstad, nr. 311). Men Blix hadde omsett sine første Grundtig-salmar alt i 1870.

Heile salmen.
Tidlegare kommentar.
Palmesundags Blix.
# lagt inn 23.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

... ingen Dame have 

Eg har sendt frå meg 2. utkast til kapittel 2 i Blix-biografien: Tromsø (1853-1859). Det kan høve å markere det med ei sår lita historie som eg har oppdaga i løpet av dei siste par vekene. 24. oktober 1858 skriv Blix til sin gode ven Johan Amundsen, lærar og kyrkjesongar i Loppa:
– Af hvad der foregaar udenfor mine egne Vægge, ved jeg kun lidet at sige. Som en Nyhed skal jeg dog melde, at Andrea Høeg er bleven forlovet med – Karl Welhaven. Se der! det var jo ikke saa gal en "Nyhed"; det er jo didhen alle stevne; saanær som jeg. Min Tanke og Hukommelse og kortsagt hele Aand er bleven altfor meget spækket med Gloser og grammatiske Regler, følgelig altfor tør og prosaisk, Skjønhedssandsen og den levende Indbildningskraft altfor mat, eller ialfald for meget hendraget til den graa Oldtid, til Rom og Athene med deres Helte, Talere og Porter, til at jeg skulde kunne sætte den tilbørlige Vyrdnad paa vor Tids Skjønaander. Men forstaar sig, dette her maa ingen Dame have. Det kan jo hende, at jeg engang under gunstigere Forhold kan skifte Sind. Hellerikke maa Du nu finde paa at skrive til Høegs og fortælle at jeg har sagt Dig dette; rigtignok er det blevet offentliggjort her; men derved var det ingenlunde sagt, at de vilde have det til at strække sig ligetil Loppen. –

Her kom jeg nu rigtig til at forlibe mig i Singulariteter og snakke om Ting, jeg ikke forstaar, men tag det ej op i den værste mening; det er sjelden jeg er saa maalsnild og snakkesalig i mine Brever, og har de da tit indeholdt forlidet, saa tør det vel overbæres, at dette indeholder formeget og unyttigt.
Nei, greske gloser og latinsk grammatikk duger dårleg som konversasjonsemne i selskapslivet eller som sjekketriks. Det er nok ikkje tilfeldig at det er nett denne trulovinga som framkallar eit slikt hjartesukk frå Elias Blix. Andrea Høeg (f. 1834), dotter til byens bok- og avistrykkar, var ein av Blix sine to kvinnelege kollegaer på pikeskolen i Tromsø. Det kan nok hende at den unge andrelæraren sende eit og anna augekast i retning av den nesten like unge andrelærarinna, men nokon romanse blei det ikkje av det. Ho kunne på mange måtar vore eit høveleg parti for ein student in spe, men det blir altså ein annan som nyttar høvet.

Carl Fredrik Welhaven er ein av byens mange kjøpmenn. Han er av god Bergensfamilie, den vidgjetne diktaren og noko mindre vidgjetne filosofen Johann Sebastian er storebror hans. Ein annan bror er presten Johann Ernst, som har vore kapellan i Tromsø nokre år. Alliansen Welhaven-Høeg var nok ikkje heilt opplagt: Far til Andrea trykte den liberale lokalavisa Tromsø-Tidende, og prestebror Welhaven hadde vore den Wergeland-inspirerte redaksjonens desiderte yndlingsfiende. Småbyen Tromsø hadde hatt si lokale utgåve av hovudstadens kulturfeide Wergeland-Welhaven. Utropsteiknet til Blix kan altså ha fleire årsaker. Andrea og Carl F. Welhaven gifta seg i Tromsø 18.02.1859 og flytta seinare til hovudstaden, der Welhaven blei overtollbetjent.

Vel, Andrea får få plass i serien for kvinnehistorier det ikkje blei noko av, saman med Nora og Marit. Emma kjem først på banen i slutten av neste kapittel, men ho kjem for å bli!
# lagt inn 23.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.3.05

Hundreårsmarkering 

Vil feire Norge på nynorsk
Hundreårsmarkeringen bør skifte navn til «Hundreårsmarkeringa». Det mener Synnøve Midtbø Myking, nyvalgt leder i Norsk Målungdom.

Les meir i Bergens Tidende.
# lagt inn 22.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.3.05

Dagens Blix 

Sjaa, no vil Jesus draga / Inn i den Mordarstad,
Endaa dei honom laga / So stort eit Blodebad.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 57

Palmesundag, i dyster Kingo-stemning. Blix foreslår sjølv eit muntrare alternativ: Adventssalmen "Seg Jerusalem".

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1870-, 1883-, 1891-utgåva
Tysdagens Blix.
# lagt inn 20.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.3.05

Barndomsminne 

Frå Ivar Havnevik har eg fått denne oppmodinga:
Av alle som skriver (mange, mye) om BARNDOMSMINNE FRAA NORDLAND, er det ingen som opplyser når den ble utgitt i bokform første gang. Det er sikkert noe du vet. Vennligst fortell.
Meir enn gjerne:

"Barndomsminne", med undertittelen "(Fraa Nordland)" og førstelina "Aa eg veit meg eit Land" er publisert i bokform for første gong i Elias Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Husebye, 1900), s. 133-136. Du kan sjå heile teksten her.

Men det var målfolket si eiga dagsavis, Den 17de Mai, som publiserte diktet aller først. Det stod på trykk på side 2 i avisa torsdag 13. august 1896 - usignert.

Filologen og musikaren Terje Aarset har skrive ein serie artiklar om opphavet til kjende nynorske songar. Vonleg får vi dei i bokform i ei ikkje altfor fjern framtid? Laurdag 19. januar 2002 publiserte han - eg trur det må ha vore i Dag og Tid - artikkelen "'Å eg veit meg eit land' - eit hundreårsminne" (dvs. for melodien). Eg tillet meg å sitere Aarsets sitat frå "17de Mai"-redaktør Rasmus Steinsvik (som kjelde oppgjev han Møre-Nytt 11.06.1954):
Eg sat som vanleg oppe i redaksjonen til Den 17de Mai då det banka på døra. Inn kom professor Elias Blix. Eg bad honom sitje og la til at eg hadde det mykje annsamnt, for eg hadde ikkje fått gjort ferdig all bladmaten til Den 17de enno, og i prenteverket var dei utolmodige. Då eg hadde fått frå meg det meste, vart vi sitjande og røde ei stund.

Så reiste professoren seg og gjekk åt døra. Han verka noko brydd, totte eg. Det var som han ville ha sagt noko, men fekk det ikkje fram. Endeleg kom han halande opp med eit stykke papir or vestlomma og gav meg det. "Eg har skrive ei lita vise som eg tenkte du kanskje ville sjå." Og så var det 'Å eg veit meg eit land'. Det var den vesle visa som forfattaren blygdest ved.
Til Aarsets opplysningar vil eg leggje min eigen teori om opphavet, hermed publisert for første gong: Det har vore vanleg å tru at songen blei framført for første gong i samband med sekstiårsdagen til Elias Blix, 24. februar 1896, og at nokre av dei første som fekk høyre teksten, var gratulantar frå "Nordlændingernes Forening" (Reidar Bolling, Elias Blix, s. 55-57; seinast har Asbjørn Jaklin, Historien om Nord-Norge, gjeve til beste ein sterkt fargelagt versjon av denne soga, s. 10-11).

Eg trur ikkje dette er rett. Eg trur Blix har skrive "Barndomsminne" sommaren 1896, under ferieopphald på sommarstaden familien leigde på Mellom-Nes gard på Slependen i Asker (rett ved der IKEA ligg i dag). Eg har ikkje funne nokon dokumentasjon for ein gratulasjonsvisitt frå "Nordlændingernes Forening" i samband med 60-årsdagen i februar, men det er godt dokumentert at styret i "Nordlændingernes Forening" møtte fram på Slependen for å gratulere Emma og Elias Blix med sølvbryllaupsdagen sundag 19. juli 1896, og eg trur "urframføringa" fann stad ved dette høvet. Det stemmer også betre med Steinsvik si soge og publiseringstidspunktet for songen.
# lagt inn 17.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.3.05

Dagens Blix 

Maria ho er ei Jomfru rein, / Som Gud vilde Miskunn visa.
Ho fødde ein Son forutan Mein. / Me honom lova og prisa.
Han hev oss alle fraa Syndi løyst, / Han give oss Trøyst
Og Himmerikes Lisa!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 56

Og her er den gamle Maria-visa, etter Thomissøns (og Landstads, nr. 297) salmebok.

Eg burde vel visst dette, men eg har ikkje landsmålstestamentet (1889) heime: Når blei Maria møy? I denne salmen er ho altså "jomfru". Det kan vere av pietet for den gamle Maria-visa, som var godt innarbeidd i folkeleg og kyrkjeleg song. Men eg ser at Blix vekslar ein del i ordbruken. Resultat hittil i Nokre Salmar: Heile salmen.
Sundagens Blix.
# lagt inn 15.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.3.05

Dagens Blix 

No kjem det Bod fraa Englekor / Med Ord og Ærend slike:
Guds Son, som bur i Æra stor / Og eiger Himmerike,
Vil no vaart Kjøt seg taka paa / Og Manndom faa,
Slikt Nytt er utan Like!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 55

Dei to salmane til "Mariamessa" er begge godt innarbeidde i dansk-norsk salmetradisjon. Begge går på den gamle melodien "Maria hun er en jomfru ren". Kingo-salmen "Nu kom her Bud fra Engle-Koor" er forkorta med eit par vers i Landstad (nr. 294), og det er Landstad-versjonen Blix har lagt til grunn.

Men på sett og vis kunne dette godt vore ein "original" Blix-salme, Blix står støtt i tradisjonen frå Kingo. Det vert spela på fleire bibeltekstar i desse versa, men særleg på evangelieforteljinga om bodskapen til Maria (Lukas 1,46-55), sjølvsagt. Merk den karakteristiske overgangen frå eksplikasjon av bibelteksten til applikasjon på det syngjande subjektets eige liv i dei to siste strofene. I strofe 3 finn vi engleordet til Maria: "Guds Kraft deg yverskyggja skal". I strofe 6 identifiserar det truande og syngjande eg seg med bibeltekstens Maria: "So lat din Ande, Frelsarmann / Meg kraftig yverskyggja!"

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Sist sundags Blix.
# lagt inn 13.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.3.05

Sidemålsføljetongen 

Siste - hittil:
Sidemålsføljetongen i Oslo held fram. Etter at ingen norske fagmiljø ville evaluera sidemålsprosjektet og Göteborgs Universitet i forrige veke trakk sitt tilbod, fortalte utdanningsdirektørane Astrid Søgnen i Oslo og Petter Skarheim i Utdanningsdirektoratet at dei hadde eit nytt forskingsmiljø på handa. Dei ville likevel ikkje fortelja kva for eit forskingsmiljø det dreidde seg om.

– Me har blitt kontakta av Oslo kommune og spurt om me kan laga ein plan for oppfølging av sidemålsforsøket som er metodisk forsvarlig. Det har me sagt ja til. Men om me også skal gjennomføra sjølve evalueringa, er ikkje avklart, seier direktør Petter Aasen i NIFU STEP, som er kortforma av Norsk institutt for studier av forskning og utdanning og Senter for innovasjonsforskning.

Tull
– NIFU STEP har ikkje peiling på leseforsking og språkforsking, som vil vera heilt nødvendig her. Det NIFU STEP kan tilby, er ikkje det ein spør etter. No er det på høg tid at politikarane grip inn og får ein slutt på dette tullet, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag.
Les meir i Dagsavisen
# lagt inn 12.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.3.05

Kva hende? 

24.2
Berømte personer født på din dag:
1788 J. C. Dahl – maler.
1836 Elias Blix – salmedikter og teolog.
1942 Paul Jones England – rockemusiker (Manfred Mann).

Hendelser på din dag:
1567 Svenskene prøvde et stormangrep på Akershus, men mislyktes.
1942 Biskopene nedla sine embeter i protest mot nazimyndighetene.
1946 Juan Peron ble valgt til president i Argentina.
1991 ”Operasjon Ørkenstorm” ble innledet for å befri Kuwait fra Iraks okkupasjon.
Les meir på astrolog.no
# lagt inn 11.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Parkeringsklage 

«På denne øya, som også er fødested for kirkeminister, professor i hebraisk, salmedikter, mållagsmann osv. Elias Blix, kjører jeg min Audi Quattro både på og utenfor veiene, og parkerer akkurat der det måtte passe meg. Med disse holdninger ankom jeg Oslo 16. mai.»

Les fleire parkeringsklager på vg.no
# lagt inn 11.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Anna Blix-verd 

Nei, vevloggen Blix sin verden handlar IKKJE om Elias Blix (1836-1902) ...

Det gjer heller ikkje Blixerns Hideout.

Så du kan trygt halde deg her, du.
# lagt inn 11.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Feil tekst? 

Lenge på etterskot, men du må nesten koste på deg å lese Arne Kristian Gansmos mildt ironiske kommentar til Agder-biskop Olav Skjeveslands tankar om at barn framleis bør lære salmar:
Riktig tanke, feil tekst
Petter Dass og Elias Blix er bautaer i norsk salmelitteratur, men de er totalt ubrukelige for et moderne menneske.
Les meir på NRK.no - Musikk
For ordens skuld: Eg trur han tek feil ...
# lagt inn 11.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.3.05

Kyrkje og kultur 

- Kirken og kunstlivet bør være to "kjerringer mot strømmen". Vi har felles interesser i å kjempe mot vår tids forflatning og kommersialisme.

Dette sier utvalgsleder Einar Solbu som 8. mars presenterte utredningen "Kunsten å være kirke". Dokumentet som også kalles "Kirkens kulturmelding" er laget av et utvalg under Norske kirkeakademier på oppdrag fra Kirkerådet i Den norske kirke. Kirkens kulturmelding anbefaler tettere allianse med kunstlivet.

- Tiden vi lever i, preges på den ene side av materialisme, egoisme og selvtilfredsstillelse. Nyhetene minner oss om det hver eneste dag. På den annen side ser vi en økende søken etter eksistensielle holdepunkter for livstolkning. Det er som motstrøm mot tilværelsens lettvinthet at kirken og kunstlivet har felles agenda, sier Einar Solbu som til daglig er direktør for Rikskonsertene.

Les meir på kyrkja.no.
Les kyrkja si kulturmelding: Kunsten å være kirke: Om kirke, kunst og kultur.
# lagt inn 9.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.3.05

Stopp II 

Valgfritt sidemål i Osloskolene må stoppes. Det mener leder i utdanningskomiteen på Stortinget, Rolf Reikvam. Verken norske eller svenske forskere vil evaluere forsøket - noe som var en betingelse for å sette det i gang.

- Det har jo ingen verdi lenger når vi ikke greier å få en forskningsbasert evaluering av ordningen, som var en forutsetning. Da har det jo ingen hensikt å fortsette med det, tvert i mot, da bør det stoppes, sier Reikvam.

Les meir på NRK.no
Amen!
# lagt inn 8.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.3.05

Dagens Blix 

Kor kann oss møta nokor Naud, / Naar Herren vil oss føda?
Han mettar oss med Himmelbraud / Og giv oss Livsens Grøda.
Han svalar og vaar Hjartegrunn / Med Vatnet søtt av Livsens Brunn,
Med Andens Naadekjelda.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 54

Den andre salmen til midtfastesundag (4. sundag i faste) i 1891-utgåva av Nokre Salmar er ei gjendikting. "Etter Cnophius", lyder Blix si eiga opplysning om opphavsmannen. Han er identisk med Andreas Knöpken (d. 1539), tysk av fødsel, kjent som Rigas reformator og første lutherske superintendent (biskop). Salmen har ein fast plass på denne sundagen i dansk-norsk salmetradisjon. "Hvad kan os komme til for Nød" står både hos Kingo og Landstad (men ikkje i Evangelisk-christelig. Guldberg har eg ikkje sjekka). Ein av strategiane til Blix i arbeidet med ei nynorsk salmebok var altså å gjendikte salmar som alt var knytte til den aktuelle sundagen.

Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 6.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.3.05

Bibelmål 

Dag og Tid kom nett i postkassa. I avisa denne veka finn du (på papir, ikkje på nett) artikkel nr. 3 i ein serie om revisjonen av den nynorske bibelomsetjinga. Dette er eit fint og balansert journalistisk arbeid, synest eg, der dei ulike syna i diskusjonen kjem godt fram. Tidlegare har det vore eit innlegg av redaktøren i Stille Stunder, Ivar Molde (5. februar; stykket har òg vore prenta i Stille Stunder) og eit intervju med språkdirektør Sylfest Lomheim (26. februar). I dag er det intervju med Jostein Stokkeland, Oskar Stein Bjørlykke og Paal-Helge Haugen, som representerer noko ulike posisjonar internt i prosjektet, og ein bråte lesarinnlegg av mange nynorske "tungvektarar" (Ola Breivega, Hermund Slaattelid, Ottar Grepstad, Kjell Venås og Jarle Bondevik). Personleg har eg nok mest sympati for synspunkta til Paal-Helge Haugen, som er mellom dei meir "moderniserande". Men når det gjeld eitt konkret punkt som mange tek opp, at "læresvein" i Det nye testamentet er skifta ut med "disippel", er eg samd med kritikarane. Eg kan ikkje på nokon måte sjå at "disippel" skulle vere meir moderne eller meir forståeleg. Hovudproblemet er sannsynlegvis at "læresvein" kan oppfattast som maskulint (og dermed som "non-inclusive language"). Men er det naudsynt? Det heiter "handverkarsvein" på nynorsk, gjer det ikkje? Same kva kva kjønnet og faget er?
# lagt inn 5.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

I Øydemark forutan Braud – / Det er den visse Hungersnaud!
Kvar helst du Augat vender,
Du ikkje øygnar Raadabot: / Med matlaus Munn og magtlaus Fot
Du retter Hug og Hender / Imot dei bygde Grender.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 53

Til midtfastesundag (4. sundag i faste) hadde Blix skrive ein ny salme i 1891-utgåva av Nokre Salmar. Evangelieteksten handlar om brødunderet i ørkenen, og ulike avsnitt frå Johannes 6 har vore nytta. Eg har kommentert samspelet mellom bibelomsetjing og salmedikting hos Blix tidlegare, med nett denne salmen som eksempel. Blix avslutta arbeidet med landsmålstestamentet i første utgåve i 1889, og det var Johannesevangeliet, omsett av Blix sjølv, som var krona på verket.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Tysdagens Blix.
# lagt inn 5.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.3.05

Stopp forsøket! 

NRK og andre medium kan i dag melde:
Universitetet i Göteborg trekker seg fra jobben med å evaluere forsøket med valgfri nynorsk i Oslo. De mener de ikke er egnet til å gjennomføre prosjektet, sier skolebyråd Torger Ødegaard.

– Utdanningsetaten og universitetet i Göteborg har sammen funnet ut at det forskningsanbudet som er levert, ikke helt treffer det som er behovet i forsøket.
Inga overrasking så langt. Men no kjem dagens største logiske krumspring:
Til tross for at Utdanningsetaten nå står uten en forskningsgruppe som kan evaluere det igangsatte prosjektet, ønsker Ødegaard at forsøket skal sluttføres.

– Min klare anbefaling er at forsøket skal videreføres og sluttføres. Noe annet ville vært useriøst, ikke minst av hensyn til de elevene som nå er i gang med dette.
Ødegaard kjem sjølvsagt til å få høyre dette frå viktigare talerør enn mitt, men lat meg stemme i hylekoret: Sjølvsagt er dette tøv. Det VERKELEG useriøse ville vere å gjennomføre prosjektet trass i at den uttrykkelege føresetnaden, den om ei forsvarleg evaluering, er broten. Ødegaard har no gjeve den ultimate stadfestinga av det mange lenge har påstått: "Sidemålsforsøket" i Oslo er totalt useriøst, vurdert som pedagogisk prosjekt. Sidemålsforsøket vil vel bli gjennomført likevel, med rå politisk makt. Dette er det mest openberre dømet på ein skjult agenda eg har sett på lenge (og da er ymse utspel i bispestriden i Oslo inkluderte i rekneskapen).

Min eigen vesle innsats får vere - som NRKs Tom Egil Hverven har foreslått - å skrive meir nynorsk. På trass.
# lagt inn 4.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.3.05

Dagens Blix 

Eg gjeng i Faare, kvar eg gjeng. / For Satan med si Snara
So tidt i Vegen seter Steng, / Kvar helst eg fram vil fara.
Hans arge Raad og List / Meg lett kann leida mist;
Eg difyr vel til Varsemd treng. / Eg gjeng i Faare, kvar eg gjeng.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 52

Brorson-salmen "Jeg gaaer i Fare, hvor jeg gaaer" gjendikta Blix til det andre heftet av Nokre Salmar (1870). Eg synest dette er ein av dei beste Brorson-salmane - og ein av dei beste Blix-salmane. Egil Elseth har eit kapittel om pilegrimssalmane til Blix, men fordi han (som dei fleste hymnologar) er så fokusert på originalsalmane, nemner han ikkje denne gjendiktinga.

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1870-, 1883-utgåva.
Laurdagens Blix.
# lagt inn 1.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?