<$BlogRSDUrl$>

30.6.05

Festspel 

Dei nynorske festspela er i full gang, fortel Sunnmørsposten (og om eg ikkje tek feil, er journalisten ein gammal studiekamerat av meg frå musikk på Chateau Neuf tidleg på 1980-talet).

Eg er ikkje der, eg er nett heimkomen frå Sørlandet (svigermorbesøk i Songdalen, vest for Kristiansand. Avslutta i dag med den rituelle softis-spisinga i Markens i Kristiansand). Men det er mykje anna bra folk der. Festspeldiktaren Edvard Hoem, til dømes. Dag og Tid har laga forfattaravis om han til dette høvet. Men berre på papir.
# lagt inn 30.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.6.05

Tida går 

Om du synest det er blitt lite blogging denne veka: Eg har ikkje vore på ferie, men eg har sluttført tredje kapittel av biografien, "Kristiania (1859-1871)", og sendt utkastet til forlaget. Skal det bli bok, må eg få Elias Blix gjennom 1870-talet snart.
# lagt inn 26.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Jesus stig i Baat ved Strand, / Lærer Folk, som stend paa Land.
So han byd: Til Fiskje far! / Og av Simon fær det Svar:
I all Natt me faafengt for, / Men eg fer daa paa ditt Ord!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 107

Nokså enkelt evangelierim over dagens tekst, Lukas 5,1-11. Men det kunne vere interessant å sjå på fiskar-salmane til Blix som gruppe. Jamfør til dømes I Jesu Namn me stemna fram og Ein Baat i Stormen duvad.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Sist sundags Blix.
# lagt inn 26.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.6.05

Minnekvad 

Salmeskalden Elias Blix's minne
Gud signe deg du salmeskald
fyr salmen, som du gav!
Du var av Gud til det utvald
aa bera grøda tusunfald:
di heidre Noreg di grav!

[Andre strofe står i parentes, meininga er kanskje at den skal gå ut]
Gudsandens norske røyst var gløymd;
daa gav deg Gud ditt kvad,
ei livsens aa or hjarta strøymd -
so fager draum var ikkje drøymd
som no ved di kvilestad.

Nattsoli skin yver skodde-eim,
og burt driv dei skuggar svarte.
Skaldsoli skin uti mannaheim
og ter oss dei synir bjarte.

Nordland lærde deg ljosens lengt,
og Sudland gav sjølve ljose:
Godt og ljuvlegt er saman mengt. -
du glimesteinen fann i bose.

Glimestein og gull som berre faa
visste der munde vera.
Ingen kunde den skatten gaa
og fram til sin vyrdnad bera.

Ingen gaadde det ervegull
som federne hadde bore.
Og daa kom du med barmen full:
paa norskt det livande orde.

Glede deg Gud i himmelrik!
Du gleder oss her paa jordi.
Kved no fyr Gud, hans englar lik,
dei ævlege livsens ordi!

"Hosianna i høgste høgd!"
me bid med vaar sæle songar.
Jamvel her gjeng me sæl' og nøgd'
igjenom dei livsens trongar,

syng som han med vaart barnemaal,
som moder i løynd oss lærde.
Han hev slipa det blankt som staal,
i vigseleld han det herde.

Sæle deg Gud i himmelkor
at du maa en ljuvare syngja.
Signe og Gud hjaa oss sitt ord,
so folke det upp maa yngja!

[Leonhard Næss, manuskript i Opplandsarkivet, Maihaugen]
# lagt inn 22.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.6.05

Møringar 

Dessutan har eg hatt kontakt med to myndige møringar frå Høgskulen i Volda dei siste par dagane. Per Halse har vore på Oslo-tur, men han fekk eg berre møtt på telefon denne gongen. Terje Aarset møtte eg på Hamar i dag. Eg hadde mykje å prate med han om, og det viste seg jamen at mor mi (på leiting etter eit sjeldsynt personnamn i slekta) og far min (som er oppvaksen i Ofoten, der Terje + frua har mykje slektstilknyting) også hadde det.
# lagt inn 21.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Lillehammer 

I dag har eg vore på Maihaugen. Ikkje i museet, men i Opplandsarkivet. Dei har nemleg privatarkivet etter Leonhard Næss (1855-1940) - prest, bibelomsetjar og målmann, fødd i Beiarn, seminarist frå Tromsø, teolog frå Kristiania, lærar ymse stader, prest i Bjarkøy, Norddal, Elverum og Vågå.

På 1880-talet var Næss aktiv i "Nordlændingernes Forening". Vel, han var stridbar og til dels skismatisk, så periodevis stod han sentralt i den konkurrerande foreininga "Fembøringen".

Arkivet inneheld ikkje noko frå denne tida, men mykje anna kultur- og lokalhistorisk interessant materiale. Nokre smakebitar:
# lagt inn 21.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.6.05

Dagens Blix 

Kor fager skal Guds Kyrkja staa/ Og fyr hans Aasyn Ynde faa,
Naar alle Hjarto samde er/ Og i den same Tanke slær:
Aa elska Gud og halda fram/ I Broderkjærleik, Fred og Sam!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 105

Den gamle evangelieteksten for dagen er Lukas 6,36-42. Ein eigen evangeliesalme til denne teksten skreiv Blix først seinare. "Som du dømer, fær du Dom" blei publisert i Salmar og Songar (1900) og står framleis i Norsk Salmebok (nr. 699). Her brukar Blix ein nestekjærleikssalme etter Kingo som han alt hadde omsett i 1870.

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1870-, 1883-utgåva
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Tysdagens Blix.
# lagt inn 19.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.6.05

Nytt NT 

Bibelselskapet.no:
Det femte bindet i serien NTR - Det nye testamente revidert er her. Det inneheld Apostelgjerningane og ni av breva i Det nye testamentet.

Med denne boka er serien med reviderte tekster fullført. Her kan bibellesarar gjera seg kjende med nye tekster og lesa kommentarane som omsetjarane har skrive til omsetjinga.

Bibeltekstene i boka er Apostelgjerningane, Første og Andre Timoteusbrev, Brevet til Titus, Brevet til Filemon, Hebrearbrevet, Jakobs brev, Peters første og andre brev og Judas' brev.
Vårt Land:
I november får Norge en ny utgave av Det nye testamente.

Det er fem år siden prosessen med å skape et nytt NT startet. To oversettelsesteam, med til sammen ti personer, tok fatt i hver sin hovedbolk av Det nye testamente. Denne uka ble bindet med prøveutgaven av de ni siste reviderte skriftene utgitt både på nynorsk og bokmål.
Les meir:
Bibelselskapet.no
Vårt Land

3. juli, under Dei nynorske festspela, kan du få med deg debatten: Blir det nye bibelspråket for nytt? i Aasentunet. Debattleiar er min gode ven Per Halse. Undertittelen er også formulert som eit spørsmål: "Er bibelomsetjarane Sylfest Lomheims læresveinar?" Det kan jo bli interessant å høyre kva Sylfest Lomheim vil svare på det, han sit i panelet. Det teologisk korrekte svaret er nei (og her ser eg bort frå endringa "læresvein > disippel", den er eg ikkje glad for), vi tener ein annan Herre ...
# lagt inn 17.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.6.05

Fyrebilsbibelen 

Evangelium (= godt nytt) frå Studentmållaget: No kan du lese Studentmållagsbibelen frå 1921, den såkalla "Fyrebilsbibelen", på internett! Frå presentasjonen:
Av alle saker Studentmållaget har hatt føre seg gjennom hundre år, er påfunnet om å gje ut den fyrste nynorske bibelomsetjinga mellom dei mest ambisiøse og oppsiktsvekkjande.

Bibelen kom ut sommaren 1921 og vart prenta i eit opplag på 50 000, som vart utselt i løpet av ein tiårsperiode. Halvparten av bibelutgåva bygde på omsetjingane til Alexander Seippel.
Dette er ei storhending som kvalifiserer til fast peikar i venstremargen på BlixBlog. Soga om Fyrebilsbibelen kan du lese hos Jarle Bondevik, Og ordet vart nynorsk, Bergen: Norsk Bokreidningslag, 2003, s. 86-98. Seippel hadde omsett evangelia, så Blix' omsetjing av Johannes frå 1889 er ikkje med her. Men Blix er representert som omsetjar av Romarbrevet og første delen av Salmane.

Omtalen på sida til Studentmållaget nemner dessverre ikkje den verkelege primus motor i dette arbeidet: Peter Hognestad (1866-1931), jærbu, teolog, den første "målpresten" i Kristiania, den første professoren i det gamle testamentet ved Menighetsfakultetet (og endå er det dei som vil ha han til å vere grundtvigianar!), og sist biskop i Bjørgvin.

Det talrike omsetjarkorpset inkluderer så ulike personar som Anders Hovden, Lars Eskeland (folkehøgskolen på Voss - heilt til han konverterte til den katolske kyrkja), Arne Bergsgård (historieprofessoren, ja), Erik Eggen (lektor og komponist), Torkell Mauland - og eit tital andre personar.

Slå opp i Fyrebilsbibelen, og
kjøp boka til Jarle Bondevik!
(Å få tak i Fyrebilsbibelen i bokform kan du gløyme, med mindre du veit om eit eksemplar du kan arve. Den er ikkje å oppdrive antikvarisk)
# lagt inn 14.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Vaar Gud oss skapte / Til Sæla utan Slut.
Men alt me tapte / Og fall i Synd og Sut.
Me gjorde illa / Og veik fraa Livsens Leid.
Me for i Villa / Som Sauder vidt paa Heid.
Til Spott og Spilla / Me fram i Uferd skreid.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 104

Endå ei vekkingspreike over Lukas 15, her meir over første del (likninga om den bortkomne sauen) enn siste (likninga om den bortkomne sonen).

Den gamle salmen "På Gud alene" er dessverre teken ut av Norsk Salmebok. Men den staselege tonen har vi heldigvis framleis (NoS 59, "Fra fjord og fjære").

Ein kan diskutere kor vellukka flettinga av veg- og havbileta er i siste strofe. Men den er svært typisk for Blix (og fjell- og fjordlandet Noreg), så du får strofa her:
I Storm og Stilla, / I Faare og i Fred,
I Veglaus Villa, / I Myrker utan Med
Vaar Gud oss leider / Og lyser fyr vaar Stamn,
Vaar Veg han greider / Og fører oss i Hamn,
Til Lov og Heider / Fyr sitt det store Namn!
Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Sundagens Blix.
# lagt inn 14.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.6.05

Olsok 

Medan eg er innom Gildeskål: Programmet for Olsok 2005 er publisert. I Gildeskål feirar dei olsok i ei heil veke, 24.-30. juli. Av høgdepunkta: Les meir.
# lagt inn 13.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

SMS 

frå mor mi kl. 15:01:41 i dag:
Har passert Våg og Sandhornøya [i Gildeskål, AA]og trasket i Bodø i 24 varmegrader og stilla. Flott. Nå skal vi gi oss i kast med Vestfjorden.
Dei gamle er på tur med hurtigruta.
# lagt inn 13.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.6.05

Frihet2005 

I går kunne du dessutan lese utdrag av "Gud signe vårt dyre fedreland" som heilsidesannonse i Aftenposten (og sikkert i andre norske aviser) - som del av "En frihetshilsen til det norske folk i anledning Frigjøringsmarkeringen" i regi av eit felleskristent tiltak som kallar seg "frihet 2005". Under mottoet "Jesus gjør virkelig fri!" har dette nettverket mellom anna arrangert Jesusmarsj i Oslo 4. juni, og bede for nasjonen i veka som har gått.

Ein kan meine mykje om slike tiltak i samband med "Hundreårsmarkeringen/a". Det gjer til dømes humanetikarleiar Jens Bruun-Pedersen (i NRK 2. juni):
Jens Brun-Pedersen i Humanetisk forbund reagerer på at Jesus-marsjen får stå i det offisielle programmet til hundreårsfestivalen, samtidig som ingen andre livssyn er representert.
BlixBlog finn fedrelandssalmen høgst passande som bodskap til nasjonen. Vi (Elias Blix og redaksjonen) trur heller ikkje at det gjer noko om folk bed. Og det er vanskeleg å sjå at ein Jesus-marsj skulle vere upassande i ei markering som har plass til både Turbonegro (Oslo) og Black Sabbath (Bergen) ...
# lagt inn 12.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Bergslien 

I Dag og Tid denne helga kan du mellom anna lese om "Bergsli-kunstnarane":
Brørne Knud og Brynjulf Bergslien kom frå ein husmannsplass på Voss, men enda opp på slottet. No vert dei heidra med utstilling.

I morgon opnar ei utstilling på Voss til minne om arbeida og liva til dei tre kunstnarane Knud, Brynjulf og Nils Bergslien. Bergslikunstnarane er brørne Knud og Brynjulf, og brorsonen Nils. Utstillinga finn ein i huset der Knud og Brynjulf Bergslien voks opp, eit hus stiftinga Bergsliminne har berga frå rivingsdauden.
– Ønsket vårt er å gjera dei tre Bergsli-kunstnarane meir kjende, seier Elisabeth Sølvberg Aase, fungerande leiar i styret for stiftinga Bergsliminne.
Kvifor BlixBlog interesserer seg for biletkunst? Mest fordi brorsonen det er tale om, Nils Bergslien (1853-1928), var far til Bergljot som blei gift med Ivar Blix, yngste son til Elias Blix.

Les meir.
# lagt inn 12.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Der Høgtid er i Himmelborg, / Naar um ein Syndar vender
Og ser si Synd med Hjartesorg / Og raadlaus retter Hender
Til Herren upp med Himmelhug / Og bøygd og bljug
Dei saare Sukkar sender.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 103

Ei vekkingspreike over Lukas 15, mest over evangelieteksten for 2. rekkje (den bortkomne sonen).

Denne bibelteksten spelar ei særleg rolle i soga om nynorsk bibelomsetjing. Ivar Aasen omsette sjølv forteljinga om "Den burtkomne Sonen" i 1859 (ifølgje Jarle Bondevik, Og ordet vart nynorsk, Bergen: Norsk Bokreidningslag, 2003, s. 33).

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Sist sundags Blix.
# lagt inn 12.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.6.05

Ja! 

1905:Norge, Sverige & unionen. http://www.nb.no/baser/1905/index.html

JA - Gud Ataat. Postkort til folkerøystinga 13. august 1905.

Frå databasen 1905: Norge, Sverige & unionen (Prosjekt 1905).
Sjå også Per Eriksen, "Samlet kirke viktig i 1905" (Vårt Land, 07.06.2005)
# lagt inn 8.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kirkeklokken IV 

Eg har skrive mykje om Birger Halls songbok Kirkeklokken (1890) før, seinast her, mest her og rettast her.

Terje Aarset har vore så god å sjå gjennom lista mi over Blix-salmar i Kirkeklokken. Han har gjort meg merksam på tre eg har oversett. Så eg legg ut lista i retta utgåve.
# lagt inn 8.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.6.05

Prolog-prosjektet 

Svært ivrige lesarar av BlixBlog (om slike eksisterer) vil kan hende ha registrert bror Per Kristians poetisk-politiske stunt "Prolog til 7.juni", som han har lurt inn bakvegen på kommentarplass. No har han levert ein detaljert (17 siders) prosjektrapport. Dette må ein trygt kunne karakterisere som aksjonsforsking. Prosjektet er, kort sagt, å arbeide for at 7. juni bør avløyse 17. mai som norsk nasjonaldag. Konklusjonen i rapporten lyder:
Den poetisk-politiske Prolog til 7.juni er i alt sendt til omtrent 51 ulike instanser, hvorav 41 medieinstanser. 36 aviser, 4 etermedier (alle NRK) og 1 Blog. I tillegg har norskseksjonen ved Stange Videregående Skoles interne organ uoppfordret publisert prologen. Dessuten har Statsministerens kontor vært så vennlig å sende Prologen videre til ytterligere minst en instans, nemlig Kirke- og Kulturdepartementet.

I alt har jeg fått respons av 10 instanser, d.v.s. henimot 20 % av alle som fikk Prologen tilsendt.
---
I alt har Prologen med dette blitt publisert i godt og vel 106.236 eksemplarer, noe som må sies å være et anselig opplagstall for norsk lyrikk.
Les heile prosjektrapporten.
# lagt inn 7.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1905 

Det er altså i dag vi skal markere (NB: Ikkje feire!) oppløysinga av unionen med Sverige for hundre år sidan. Ja, ja.

Det er i grunnen berre ein feil med Elias Blix som biografiobjekt: Han døydde tre og eit halvt år for tidleg. Men fedrelandssalmen overlevde.

Du kan jo markere (NB: Ikkje feire!) dagen med den framifrå utgåva av Språknytt (direkte til .pdf-versjonen her) som Språkrådet har gjeve ut i samband med markeringa (NB: Ikkje feiringa). Verd å lese er ikkje minst Jarle Bondeviks artikkel "Bibelen i 1905" (s. 48-53) og Olaf Almenningens "Stoda for nynorsken og målrørsla i 1905" (s. 38-42).

Eller du kan markere (point taken?) dagen ved å ta tida attende, saman med rørsla, eller nettverket, eller kva det no er 07-06-05.

Eller du kan feire (SIC) mi svigerinne Marit, som i si tid passa på å bli fødd på ein dag med allmenn flagging. Gratulerer med dagen!
# lagt inn 7.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.6.05

Hjertesuk 

Attende til katekismeverset, som i Blix si gjendikting (1891) lyder slik:
Gud, lat oss i din Kunnskap mannast / so Læra maa i Livet sannast
og dagleg Framgang i oss faa,
til kristen Manndoms Maal me vinna, / at me hjaa deg maa Naade finna,
og du paa oss med Hugnad sjaa.
Eg har hatt god hjelp av bror Per Kristian att, og har dette å melde:

Dette verset, med overskrifta Hjertesuk for Børn, ser ut til å ha hatt ein trygg og fast plass i dansk-norsk katekismetradisjon, inkludert alle dei katekismeutgåvene frå 1800-talet vi har greidd å oppdrive.

Jamvel Anton Chr. Bang, Blix sin gode ven og professorkollega, tok det med i den nye katekismeutgåva han gav ut på offentleg oppdrag i 1891, rett nok under overskrifta: "Tillæg, indeholdende stykker som tidligere har været optat i katekismen". Den gode kyrkjehistorikar var oppteken av å skilje mellom den lutherske "grunnteksten" og seinare tillegg.

Det interessante er at Blix-utgåva, som er ei nynorsk parallellutgåve til Bangs og autorisert ved kongeleg resolusjon av 25. juli 1891, har sløyfa desse tillegga - med unnatak av det siste: "Bibelord til dei fem partarne i katekisma samlade av Dr. A. Chr. Bang". Neppe av prinsipielle grunnar. Kan hende av økonomiske, for ikkje å gjere boka for tjukk? Eg veit ikkje.

Men Blix har altså omsett "Hjertesuk for Børn" seinare same året, og publisert den i Nordmannen 30. september 1891.
# lagt inn 6.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.6.05

Dagens Blix 

Vaar Herre held ein Nattverd stor / Der uppe høgt i Himmelkor
Og kallar oss fraa Livsens Strid / Til Høgtid der til evig Tid.

Til denne store Nattverds Dag / Han Gjester bed av alle Slag:
Kvar arm og usæl Mann han bed / Ved Vegamot og Gjerdeled.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 102

Evangeliesalme for "2. Sundag etter Trieinings-Helg" = 3. sundag etter pinse. Ikkje det største kunstverket til diktaren, men brukbart handverk. Dette er ei nokså enkel rimpreike over evangelieteksten om det store gjestebodet, eller "den store nattverden", som ein gjerne sa frå gammalt, Lukas 14,16-24. Her er mange velkjende og tradisjonelle trekk. Den inntrengande appellen til individet ("So kom, aa kom! No er det Tid, / Snart Naadens Dag til Ende lid") finn ein i mykje omvendingsforkynning. Men her er den sett inn i ei tydeleg gudstenestleg og sakramental ramme. Det ligg eit heilt kyrkjesyn i verset
Ved dette Ord han Frelsa byd / Og kallar so ein Kyrkjelyd,
Eit heilagt Herrens Folk paa Jord, / Eit Nattverd-Lag um Herrens Bord.
Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Sist sundags Blix.
# lagt inn 5.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.6.05

Endå ein 

Hr. Seminarist Blix, der for Tiden her i Christiania forbereder sig til at underkaste sig examen artium, har i 3 Aar fra 1856-1859 været Lærer ved en af mig bestyret Pigeskole og der undervist i Norsk, Historie og Regning samt Tydsk. Under denne hans Stilling har jeg i ham lært at kjende en ung Mand, der meg agtværdige Kundskaber, som han ved flittigt Selvstudium stræbte at udvide og forøge, forbinder gode Læregaver samt Evne til at holde Disciplin og dertil megen Interesse for Lærervirksomheden.- Dette i Forbindelse med hans Nidkjærhed og samvittighetsfulde Pligtopfyldelse gjør, at jeg med Tryghed kan anbefale ham som en dygtig tilgaaende Lærer.-

Christiania 30te Mai 1860
Steen
Overlærer ved Tromsø Skole

-------

Denne har eg visst om lenge, men eg har visst ikkje publisert den før. Johannes Steen var sjefen til Elias Blix ved pikeskolen i Tromsø (1856-1859), og dessutan ein av lærarane som hjalp han i gang med artiumsfag. Steen møtte på Stortinget for første gong i 1859-1860-sesjonen.
# lagt inn 4.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.6.05

Ein attest til 

Da Hr. Skolelærer E. Blix, der agter at reise til Christiania for at studere, har forlangt min Attest for hans Virksomhed som Lærer her ved Seminaret, er det mig en Fornøielse herved at bevidne, at han i en Tid af omtrent 1 Aar, nemlig fra Høsten 1856 til Høsten 1857, underviste i Norsk samt Historie og Geographi i begge Klasser. Dette sit Hverv udførte han med megen Dygtighed, Samvittighedsfuldhed og Nøiagtighed, saaat det var en stor Fornøielse at høre ham undervise. Jeg kan derfor trygt anbefale ham til Dhrr. Skolebestyrere i Christiania som en dygtig og nidkjær Lærer.

Tromsø den 7de Juli 1859

Chr. Kaurin,
Lærer ved Skolelærerseminariet hersteds.

----------

Denne også.
# lagt inn 3.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Attest 

Paa Forlangende bevidnes herved at Student Elias Blix, som agter at søge om Understøttelse af det Schytteske Legat, ingen Formue besidder; thi hans Forældre, som begge er afdøde, efterlade ham kun saa meget, at han derfor kunde opholde sig ved Tromsø Seminarium i 2 Aar. Senere har han erhvervet sig det fornødne ved at undervise, hvilket Ernæringsmiddel han til Skade for sine Studeringer atter maa gribe til, dersom han ikke faar Hjælp fra nævnte Legat. Han anbefales derfor paa det Bedste til at erholde den Understøttelse, han søger om.

Gildeskaals Præstegaard 22 September 1860.

H. Daae,
Sognepræst.

-------------

Denne har eg funne på ein godt bortgøymd stad i universitetets arkiv.
# lagt inn 3.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.6.05

Råd 

"Til alle som 'vil bli diktarar'. Lær 'Symra' og 'Nokre Salmar' utanaat! Etter at dei bøkerne er komne, er det ulovlegt aa skriva daarlege vers paa landsmaal."

Arne Garborg, "Bok-Brev", Den 17de Mai 05.01.1895
(sitert etter Idar Stegane, Det nynorske skriftlivet (Oslo: Samlaget, 1987), 159
# lagt inn 1.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?