<$BlogRSDUrl$>

31.7.05

Blix i kveld 

har eg jo sagt!


(Foto: GD)

POST FESTUM (Gudbrandsdølen Dagningen):
Dvergmål traff
NYE TONER: Dvergmål traff målet i skytterbygda da et andektig publikum takket varmt for ei god og vakker stund i Lesjakyrkja søndag kveld.
# lagt inn 31.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Forsking 

Det har hendt at eg har lurt på relevansen og kvaliteten av eiga forsking. I dag trøystar eg meg i det minste med at den ikkje står noko attende for den somme andre driv med, til dømes Nifu Step, som "evaluerer" "sidemålsforsøket" i Oslo. Les Jon Hustad i Klassekampen.
# lagt inn 31.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Ser du, Sion, Jesus græt, / Han, som Livet fyr deg læt!
Sjaa den Kjærleiks klaare Glans / Tindrande i Taara hans!
Sjaa, og bøyg deg djupt i Bot: / Graat so du i Hjarterot!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 113

Einaste salme for 10. sundag etter Trieinings-Helg = 11 sundag etter pinse, enkel evangeliesalme over det gamle evangeliet for dagen, Lukas 19,41-48. I røynda er det berre dei to første versa som blir nytta i salmen. "Gråt" er gjennomgangstema, kjem att i samtlege strofer med unnatak av den fjerde.

Heile salmen
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Fredagens Blix
# lagt inn 31.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.7.05

Blix i Lesja 

I Lesja tek Landskytterstevnet 2005 til i dag, på sjølve olsokdagen.

No er ikkje BlixBlog spesielt interessert i skyting, sjølv om emnet kunne gje høve til ei interessant utgreiing om sambandet mellom Venstre og Det frivillige skyttervesen og Lesja er ei fager bygd der eg har vore prestevikar ein sommar og prestevikarektefelle/organistvikarvikar ein annan.

Men det er på sundag det skjer: 31. juli kl. 20.00 framfører Dvergmål Blix-programmet "Song i himmelsalar" i Lesja kyrkje. Arrangør er kulturkomiteen for Landsskytterstevnet.

Ein liten fugl har kviskra at dette kan bli den siste sjansen til å oppleve Dvergmål live. Så møt fram om du kan
# lagt inn 29.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Olsok 2005 

Olsokstemning frå Trondheim i år - Olavsfestdagene

# lagt inn 29.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Olsok 1899 

Olsokstemning frå Trondheim 1899 (Throndhjems Adresseavis, 31.07.1899):
Olafsfesten
blev, som det erindres, opfunden i 1897 nærmest som Konkurrent til Throndhjems 900-aarige Jubilæum, hvilket "Dagsp." med alt andet end noble Midler søgte at hindre og nedsætte.

I Venstreleiren næredes nemlig dengang sterk Frygt for, at Byens Jubilæum i Forbindelse med Kongens Nærværelse vilde bidrage til Høirevalg i Throndhjem. Det gjaldt derfor at finde paa noget, der var skikket til at danne en Modvægt mod Jubilæet. Saaledes blev Olafsfesten til. Der sattes et stort Apparat igang: Ullmann, Lindboe, Wexelsen og alle Venstres Folketalere med selveste Bjørnstjerne Bjørnston i Spidsen fik alle paa en Gang Øinene op for, hvilken Karl Olaf den Hellige var, og Olaus Arvesen stakkar, der forholdsvis kort Tid i Forveien i en Tale paa Stiklestad havde givet Hellig Olaf en temmelig daarlig Attest, forsøgte at benægte sine egne Ord, hvilket takket være hans egen Avis totalt mislykkedes.

Det var ingen av disse radikale Herrer, som ikke svor paa, at Hellig Olaf var den rette "nationale Selvstændigheds" Repræsentant. Det var heller ingen af dem, som dengang huskede paa, eller langt mindre talte om, at Olaf førte 400 Svensker med sig for at kværke sine Modstandere de norske Bønder.

Det vil erindres, at det ikke lykkedes at hindre Jubilæumsfesten; men det lykkedes med Bjørnson som Lokkemad at samle mange Folk til den for Leiligheden opfundne Olafsfest.

Allerede ifjor var dog Begeistringen for "den nationale Selvstændigheds" Repræsentant kjølnet, og Olafsfesten, gik trods "Dagsp."s Anstrængelser saa temmelig ubemerket hen. Iaar er den saa omtrent ikke ændset af Nogen udenfor "Dagsp."s nærmeste Omgivelser. Trods intense Opfordringer i "Dagsp." om at flagge, var der kun ganske faa som heisede sit Flag; af fremstaaende Venstremænd ikke en eneste undtagen Lindboe, der dog fandt det raadeligst at reise fra Byen Dagen forud. Selvfølgelig flaggede heller ingen Høiremand. Og Processionen svarede helt ud til Flaggene og Feststemningen. Det var i det hele 4 - fire - Foreninger, som deltog i "den store" Procession, foruden den liberale Forening, der indbefattet sin Bestyrelse havde samlet 33 Mand under Løvebanneret.

Humbugen er under saadanne Omstændigheder temmelig uskadelig.
Aviskrigen mellom Adresseavisen og Dagsposten må ha vore fullt på høgd med den mellom Trangviksposten og Trangviks Tidende (alias "Den lidende").

Sjå den originale avissida (frå Nasjonalbibliotekets digitale avisbibliotek)
# lagt inn 29.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Olavsdagens Blix 

Vaar Gud, deg vere Lov og Ros / Og Æra utan Ende,
At du ditt sæle Sanningsljos / Til vaare Strender sende!
Du valde deg ein Mann, / Som ved din Naade vann
Aa kristna Norigs Folk / Og talad som din Tolk
Til oss paa norrøn Tunga.

---------
E. Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900), s. 117-119
Opphavleg publisert i Den 17de Mai 30.07.1899

Eg har nok ikkje noko sterkt forhold til olsok, sjølv om eg er oppvaksen nær Domkyrkjeruinen på Hamar med årlege olsokmesser.

Men det hadde Elias Blix, og BlixBlog feirar dagen med olsoksalmen hans. Det er slett ikkje det beste han har skrive, men den gjev eit interessant innblikk i tenkinga kring nasjon og religion, "Fyr Gud og gamle Norig".

Heile salmen
Tysdagens Blix
# lagt inn 29.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

28.7.05

Integrering 

I kronikken Flerkulturell, gjensidig integrering (Aftenposten.no) skriv Stein Ringen mellom anna:
Integrering er et risikabelt begrep. Det kan tolkes som om mindretallet skal absorberes i og bli likt med flertallet - "fornorskning" kunne vi si. Regjeringen går ikke i den fellen, og det er prisverdig at oppgaven for det nye direktoratet er "å integrere og inkludere". Ikke alle europeiske regjeringer klarer den balansegangen. I Frankrike, for eksempel, styres politikken av en idé om assimilering. Et resultat er det skammelige forbudet for muslimske jenter mot å bære hodesjal i skolen.

En grunn til at norske myndigheter balanserer tryggere er at vi har erfaringer å bygge på. Politikken overfor våre gamle minoriteter, særlig samene, var lenge basert på en idé om assimilering, om fornorskning. Den linjen viste seg uholdbar. Det var først da flertallet i Norge ble i stand til å akseptere samene på deres egne premisser og gi deres kultur og språk aktelse, at det kunne gjøres fremskritt i integrering i egentlig mening. Dette er også maktutredningens perspektiv. De sammenligner gamle og nye minoriteters posisjon i samfunnet og finner store forskjeller. Dels i levekår, men mer grunnleggende sett i aktelse.

Da fornorskningslinjen ble forlatt i samepolitikken til fordel for en idé om kulturell likeverdighet, gjorde vi et veldig sprang i mentalitet og tenkemåte. Den forståelsen flertallet har vunnet for respektfullt samliv med de samiske minoritetene gjenstår det å finne for de nye minoritetene.
Det er overraskende sjeldan den norske erfaringa med integrering av minoritetar blir trekt fram, men den skulle vere høgst relevant, ikkje minst i diskusjonar om skole- og utdanningsspørsmål. Er det norske storsamfunnet i stand til å lære av eigne meir og mindre vellukka erfaringar?

Les kronikken.
Kvifor BlixBlog er så oppteken av samiske spørsmål - og kvifor BlixBlog er skeptisk til Siv Jensen (og snart er det stortingsval).
# lagt inn 28.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.7.05

Dagens Blix 

Kven vil no meg klaga / Og til Doms meg draga / Fram til Sinai?
Snart mi Synd eg kjenner, / Men til Jesus renner: / Han meg gjerer fri.
Kom med Krav / Ved Jesu Grav!
Han meg vil ein Fristad laga. / Kven vil der meg klaga?

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 106

Attergløyme frå 4. sundag etter treeining/5. etter pinse. Brorson-salmen "Hvo vil mig anklage?" var med i Landstads salmebokutkast og i fleire av salmebokforsøka midt på 1800-talet (t. d. Lammers og Wexels), den kom med i Andreas Hauges salmebok, men ikkje i den endelege utgåva av Landstads kyrkjesalmebok. Det er faktisk Blix som har berga denne teksten for norsk kyrkjesong, hans nynorske versjon står både i Landstads reviderte (nr. 491) og i Norsk Salmebok (nr. 329). Ja, og i Nynorsk Salmebok, sjølvsagt. Alt skanderinga av første line er meir vellukka i Blix' versjon enn i Brorsons.

Salmen er enkel, tradisjonell, sentral og evangelisk. Det bibelske utgangspunktet ser ut til å vere Romarbrevet 8,33-39.

Heile salmen
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix
# lagt inn 26.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.7.05

Dagens Blix 

Born av denne Verdi er / Sløgare enn Ljosens Søner:
Verdi sine Likar løner / Og seg dermed Vener fær.
Men Guds Born so jamleg ganga / I hans Ærend faavist fram:
Naar dei der skal Vinning fanga, / Verdi jamt deim gjerer Skam.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 112

Ferien er over, eg er heime og i dagleg rutine, det vil også seie ein Blix-salme som morgonandakt. Stort sett har eg greidd å halde følgje med kyrkjeåret i sommar, dei to salmane eg har til rest, skal du få i løpet av veka.

Denne salmen slo aldri gjennom. Den kom ikkje eingong så langt som til Nynorsk Salmebok (1925). Salmen er stort sett ein parafrase over den gamle evangelieteksten for dagen, den underlege likninga i Lukas 16,1-9

Heile salmen
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Sist sundags Blix
# lagt inn 25.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.7.05

Olsok-Gåte 

"Sveinung Sundli tror det kan bli en majestetisk aften når Gåte gjør åpningskonsert under Olsok 2005 søndag kveld. At de skal gjøre konsert på kirketunet, gir ham bare ekstra tenning i Elias Blix-land.

– Vi har et par opprocka salmer på repertoaret vårt. Dette bør bli bra, sier han" til Avisa Nordland. Olsok i Gildeskål er i gang.
# lagt inn 24.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.7.05

Seljord 

Dagens post kjem frå Seljord, bygda der både M. B. Landstad og Viggo Ullmann står på sokkel.

Salmediktaren Magnus Brostrup Landstad har vore to periodar i Seljord, først som presteson, seinare som sokneprest. Det var i Seljord Landstad blei folkeviseutgjevar (vel, Olea Crøger leverte no det meste av råmaterialet). Etter Seljord-tida laga han salmeboka si, det fremste uttrykket for fornorskingslina til Knud Knudsen, altså bokmålslina, på kyrkjeleg område. Men salmebokforslaget måtte gjennom ein grundig språkvask før det blei offentleg godkjent i 1869, og mange av dei særnorske orda Landstad førte inn, blei tekne ut att. Same året gav Elias Blix ut første hefte av Nokre Salmar. Samanlikna med den kritikken som hagla over forslaget og salmeboka til Landstad, slapp Blix frå det med langt mindre hogg. Kanskje kan ein seie at Blix med Nokre Salmar kom til å over-landstade Landstad, til å drive det kyrkjelege fornorskingsprogrammet ut i yttarste konsekvens, jamvel etter Aasens landsmålsline. Gamle Landstad var personleg svært sympatisk innstilt til arbeidet Blix gjorde.

Venstre-grundtvigianaren, politikaren og skolemannen Viggo Ullmann grunnla folkehøgskolen i Seljord. Om dagens folkehøgskole er eit direkte framhald av Ullmanns, veit eg ikkje. Ullman var ein kort periode leiar i Det norske Samlaget, men det var ein dødperiode for Samlaget, Ullmann hadde for mykje anna å gjere.

Sjølv er eg her på Korsvei-festivalen. Korsvei er eit kristent nettverk der svært mange blomar får bløme. Karakteristisk er sameininga av politisk interesse - med vekt på rettferd og miljø -, spiritualitet og estetiske uttrykk. Rørsla er ikkje svært stor, men tankegods herfrå har fått mykje merksemd i andre kyrkjelege samanhengar, også kyrkjemøte og kyrkjeråd, i seinare år.

Og så hender det noko her for folk i alle aldrar. I år har vi tre tenåringar med i TenKorsvei. Dei trivst endå betre enn foreldra.

Vårt Land har også vore her.
# lagt inn 23.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.7.05

Dagens Blix 

Kvart Tre paa Frukti kjennast maa. / Kann Klunger giva Druva?
Og kann ein Mann vel Fiken faa / Av Tornekvist paa Tuva?
So maa den Tru, som sannrøynd er, / Paa kristen Kjærleik kannast.
Den Læra, du i Munnen ber, / Maa i din Livnad sannast.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 110

Den gamle evangelieteksten for 9. sundag etter pinse (8. etter trieining) er henta frå Bergpreika, Matteus 7,15-21. Salmen er eit nokså enkelt evangelierim.

Heile salmen
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Sist sundags Blix
# lagt inn 17.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.7.05

ADB 

står ikkje for "administrativ databehandling", men for Allgemeine Deutsche Biographie. "Von 1875 bis 1912 wurden von der Historischen Kommission bei der Bayerischen Akademie der Wissenschaften 56 Bände mit insgesamt mehr als 26.500 Artikeln herausgegeben." Norsk biografisk leksikon er ein smågut i samanlikning.

Og alt dette finn du på nettet! Her kan du lese om Heinrich Leberecht Fleischer, Franz Delitzsch og Karl Paul Caspari - tre av dei viktigaste lærarane til Elias Blix i semittiske språk og gammaltestamentleg teologi.
# lagt inn 14.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.7.05

Dagens Blix 

Høyr ein fager Frettnad!
Mange Folk fær Mettnad
I eit matlaust Land.
Hunger vil deim døyda
I den ville Øyda,
Jesus Raad daa fann.
Ved sitt Ord / Eit velreidt Bord
Han i Øydemarki sette,
Gav deim Mat til Mette.

------------
Elias Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Husebye, 1900), s. 69

I fjerde utgåve av Nokre Salmar har Blix ingen eigen salme for "7. Sundag etter Trieinings-Helg" (8. s. e. pinse), berre ei tilvising "Sjaa Salmarne paa Midfastesundag."

Men han tek att det forsømte i Salmar og Songar (1900). "Høyr ein fager Frettnad" ber overskrifta "Dei fire Tusund", etter evangelieteksten for dagen, Markus 8,1-9.

Salmen gjev ei johanneisk lesing av Markus-teksten. Frå dei fire tusen svoltne magane i øydemarka byter den fokus til songaren si hungrande sjel.

Den rytmiske spensten i denne teksten kjem fint fram i Dvergmål si tolking ("Fager Frettnad"), synest eg.

Heile salmen
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Sist sundags Blix
# lagt inn 10.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.7.05

Kulturavis 

Eg har laga meg ein privat definisjon: Ei kulturavis er ei avis som har "Kultur" før "Sport" på menyen i nettutgåva si.

Av slike finst det ikkje mange her i landet, særleg ikkje mellom dagsavisene. Men du skal få ei heiderleg liste: Finn du fleire, så legg gjerne inn ein kommentar.
# lagt inn 6.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Ferielektyre 

Eg driv og ferierer litt no og da, er nett heimkomen frå ein snartur til København og Tivoli. Med meg på turen har eg hatt Odd Inge Skjæveslands nye bok om Ministerhotellet: Unionens glemte maktarena (Oslo: Arneberg, 2005). Elias Blix og heile familien, pluss to tenestejenter og ein huslærar, budde i Ministerhotellet på Blasieholmen sentralt i Stockholm frå sommaren 1885 til sommaren 1886. Skjævesland har spart meg for mykje arbeid med å skrive denne boka, som dokumenterer historia til huset utførleg og samtidig gjev eit artig perspektiv på den ofte repeterte historia om unionstida og -oppløysinga. Det er rart at ikkje nokon har gjort dette før.
Les bokmelding i Aftenposten (Ole Kristian Grimnes).

Og på Sørlandsturen for ei vekes tid sida fekk eg endeleg lese Egil Børre Johnsens biografi om Nordahl Rolfsen, Fola, fola Blakken (Oslo: Andresen & Butenschøn, 2003). Artig å sjå korleis ein gammal sakprosaringrev som Johnsen brukar biografisjangeren. Gamle lesebok-Rolfsen blir ingen støvsamlar, Johnsen legg ikkje skjul på eigne pedagogisk-polemiske agendaer.

Nordahl Rolfsen var ikkje berre ein yngre samtidig av Elias Blix, dei to sat saman i det første sentralstyret for barnebiblioteka her i landet. Johnsen skriv mykje om denne institusjonen, så eg sparer ein god del arbeid her også.
Les bokmelding i Dagbladet (Stian Bromark), VG (Yngvar Ustvedt)
# lagt inn 6.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.7.05

Nynynorskbibel 

Da er det på tide å ønske Per Halse lukke til som debattleiar om bibelnynorsk. Om 1 1/2 time er samtalen i gang i Aasentunet.

Les meir frå Aasentunet.
# lagt inn 3.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Kor illt det ser i Verdi ut, / So fæl og myrk og full av Sut!
For Vreide, Hat og Ovund no / Ligg yver Verdi liksom Snjo,
So vandt ein lenger kjenna kann / Den sanne Kjærleiks Broderband.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 109

Dette er ein Brorson-tekst, om du skulle lure. Det går bra til slutt.

"Hvor seer det ud i Verdens Ørk" har heile 17 vers i original, 15 hos Landstad (nr. 471), 14 hos Blix. Blix har berre denne eine salmen til 6. sundag etter trieining/7. sundag etter pinse. Kvifor valde han nett den? Når han ikkje finn på noko betre, ser han ofte over til Landstad og gjendiktar ein av salmane han har sett opp til dagen. Her er det ikkje slik, i Landstads salmebok er teksten knytt til sundagen for to veker sidan. Strofe 2 (hos Blix, nr. 3 hos Brorson) er bygd over ein del av den gamle evangelieteksten for dagen. Men elles synest eg ikkje salmen høver særleg godt til dei radikale motiva frå Bergpreika. Den har eit litt anna fokus, vekta ligg på den kristne kjærleiken og fellesskapen. Eg må nesten ta med ei strofe til, som helsing til forlaget mitt ...
Naar dette himmel-sterke Band / I Verdi rett fær Yverhand,
Daa veks Guds Kjærleik vænt og fridt, / Hans Rike breider seg so vidt
Og dreg so mange skilde Sinn / I dette Himmel-Samlag inn.
Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 3.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.7.05

Salmebok 

"Uker, måneder og år er gått siden starten i 1994. Nå er den endelig ferdig – den nye samiske salmeboken."

Les meir i Vårt Land
# lagt inn 2.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Med Jesus vil eg fara / Paa Livsens Ferd i Lag.
Gud, lat den Samferd vara / Alt til min døyand' Dag!
Det er mi høgste Æra, / Det er mi største Ros
Hans Fylgjesvein aa vera / Og vandra i hans Ljos.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 108

Kva er det som har gjort nett denne salmen så kjær for så mange menneske?

I denne utgåva av Nokre Salmar har Blix plassert salmen på sjølve Aposteldagen, Peters og Paulus' dag, dagen for å feire dei store trusheltane. Men Blix sin apostel er heller ein kvardagshelt, ein som nokon kvar kan kjenne seg att i.

Orda og bileta er enkle, dette kan eit barn forstå. Synsvinkelen er individuell, her er det "Jesus og eg". Dette fungerer til personleg andakt. Forma er gjennomarbeidd. I strofe 1 blir biletet av livet som ei vandring, ein veg, etablert. Strofe 2-4 begynner alle med eit Kristus-predikat, som blir utdjupa i resten av strofa. Det er lett å hugse. I strofe 2 blir Jesus identifisert med "Stjerna" som kastar lys på vegen, som Betlehemsstjerna i juleevangeliet (det til Matteus, altså, ikkje det vi les i kyrkja julaftan). I strofe 3 er det gåva (som får meg til å tenkje på likningane om skatten og perla). Midt i strofa, som også er midt i salmen, skiftar biletet frå veg- til vekst-biletet. Der held resten av salmen seg, hos "Sarons Lilja" (Jes 35,2; Høys 2,1) og "Vin-tre (Joh 15,1-8) i Guds Hage (Eden!)"

Ein enkel salme for kvardagskristne, med kjende og kjære bilete frå Bibelen og frå naturen. Men bileta er kombinerte på nye måtar, noko som gjev nye og stundom overraskande perspektiv.

For heng eigentleg denne salmen på greip? Kan ein verkeleg gjennom ein halv salme late mennesket "vandre", for så å setje det på rot og la det "vekse" i resten av teksten?

Av og til lurar eg på om "vandringa" er heilt reell i Blix-salmane. Elias Blix er aldri heilt blitt kasta ut frå Edens hage. Han har grodd fast der og blømer stadig.

Det slår meg at desse to motiva kunne vere eit brukbart analysegrep. Egil Elseth har eit fint kapittel om pilegrimsmotiv i Blix-salmane i boka si. Det kan hende at vekst-biletet er vel så karakteristisk.

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1875-, 1883-utgåva.
Sundagens Blix.
# lagt inn 2.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.7.05

Pitesamisk kyrkjenytt 

"Gildeskål: I fellesgraver uten navn skal samer ha blitt gravlagt fram til midten av 1800-tallet. Nå vil kirken gjøre opp for uretten de påførte pitesamene i Gildeskål, og inviterer til forsoningsmesse."

Les meir i Avisa Nordland.

# lagt inn 1.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?