<$BlogRSDUrl$>

27.11.07

Korrektur 

I dag har eg levert frå meg retta 1. korrektur til Elias Blix-biografien. Eller kanskje eg heller skulle seie: I dag har eg skrive boka ferdig? Det er ein god del små og store endringar i forhold til manus, særleg for å få innarbeidd nytt kjeldemateriale som har dukka opp den heilt siste tida. Finn Blix, barnebarn av Elias og son av Ivar, døydde dessverre i vår. I haust har enkja Karen flytta til ny bustad. Under flyttesjauen kom det for dagen ein god del brev, manuskript, avisutklipp og anna materiale som har lege innpakka og bortgøymt i lang tid. Dette materialet er no overlevert til Nasjonalbiblioteket i Oslo og tildelt katalogsignaturen Ms 4° 4483. Ja, avisa med "Gud signe vårt dyre fedreland" låg også her. Stor takk både til Marit Blix, dotter til Karen og Finn, som har tatt seg av dette materialet, informert meg og overført det til NBO, og til Oddvar Vasstveit ved NBO, som har gjeve meg tilgang til materialet i enno uregistrert stand, slik at det blei mogleg å få det med i boka.
# lagt inn 27.11.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.11.07

Blix-prisen 

NRK Troms og Finnmark:
Forfatteren Sigrid Merethe Hanssen fra Finnsnes får Blix-prisen for 2007.
Prisen ble delt ut under den nordnorske bokdagen på Finnsnes fredag kveld. Sigrid Merethe Hansen debuterte med novellesamlinga 'Sprang' i februar 2007. Boka fikk mange svært gode kritikker. Blix-prisen deles ut av Samlaget til minne om salmedikteren Elias Blix, og går til en nordnorsk forfatter som skriver på nynorsk.
Oppdatering, 27.11.2007:På nettsidene til Samlaget kan du lese meir, grunngjevinga frå juryen inkludert.
Det enkle språket og den stramme forma gjer novellene lette å lese, men dei manglar ikkje undertekst, ettertanken varer lenger enn lesinga. Eg-synsvinkelen styrkjer kjensla av intimitet, av å få direkte innsyn i personen i teksten. Novellene slektar vel så mykje på poesien som på romanen. Dei kan opplevast som poenglause i den forstand at dei ikkje eigentleg har nokon slutt, men konsentrerer seg om å skildre ein spenningsfylt tilstand i eit kort tidsrom.
Les meir.
# lagt inn 24.11.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.11.07

Illustrasjonar 

Nye steg på veg mot bokform. I går hadde eg møte i forlaget om illustrasjonar. Eg er vel nøgd. Boka blir rikt illustrert med om lag 75 bilete av ulike slag. Eg kan ikkje la vere å røpe det mest spektakulære, sjølv om du berre får sjå ein uklår versjon frå eit handhalde kamera utan ekstra lys, ikkje den profesjonelle versjonen som kjem i boka.

Dette er den første kladden til "Gud signe vårt dyre fedreland", notert med blyant i margen på Lillehammer-avisa "Framgang" for 20. februar 1889. Eg har leita etter denne legendariske aviskladden i fem år. Den dukka opp for to veker sidan i samband med ei flyttesjau. Avisa og ei rad andre interessante dokument er no trygt forvarte i Nasjonalbiblioteket si handskriftsamling.

Eg trur dette elendige biletet er det første som er publisert nokon gong. Som sagt, betre er i vente i boka.
# lagt inn 13.11.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.11.07

Fedraheimen 

journalisten.no er ein nykommar her på bloggen, men når dei har noko godt å melde, får dei vere med: "Tre årganger Fedraheimen lagt på nett
ØRSTA (Journalisten): En digitalisert utgave av Norges første nynorskavis, Fedraheimen, ble presentert på Ivar Aasen-tunet i Ørsta onsdag."

Les Fedraheimen hos aasentunet.no.
# lagt inn 8.11.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?