<$BlogRSDUrl$>

30.9.03

Spott og salmar 2 

Og her finn du programmet.
# lagt inn 30.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Storegut 

Gratulasjonen i dag går til Berge Furre, som fekk Storegutprisen under litteraturdagane i Vinje sist helg. "Storegutprisen vert gjeven til den eller dei som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk." Programmet bar elles preg av diktaren Aslaug Vaa.

Send ein kommentar.
# lagt inn 30.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Spott og salmar 

"Spott og salmar" er tittelen på eit seminar om "religiøs ambivalens i den nynorske tradisjonen" 6.-7. november i år. Arrangørar er Ivar Aasen-instituttet ved Høgskolen i Volda og Nynorsk kultursentrum. Frå omtalen:
Kva slags forhold har Det nynorske mennesket til religion? Skal vi tenkje på den andektige vestlandslæraren som opna dagen med salmesong og Fadervår, eller på spottarar og ironikarar som lengta etter Sions bedehus berre dagen etter ein Rangel? Kanskje det mest påfallande nettopp er det doble; opprør og oppslutning, spott og salmar. Slik var det alt i tekstane til Vinje og Garborg, og slik er det framleis hos Fløgstad og Kenneth Sivertsen.

Foredrag ved Inger Bråtveit, Per Halse, Edvard Hoem, Ragnar Hovland, Karin Moe, Jan Inge Sørbø og Stephen Walton.

Send ein kommentar.
# lagt inn 30.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Guds Ord det er vaar Fedrearv, / Til Søner skal det ganga.
Den Ætt, som kjem, og den som kvarv, / Ved Ordet trufast hanga.
Gud giv og oss den Ros: / Ditt Ord det er vaart Ljos!
So lenge Verdi stend, / Det lyse i vaar Grend
Som Ervegull i Ætti!

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye III, Christiania: Det norske Samlaget, 1875

"Dette Verset stod i 2dre Heftet men kjem her i ny Umskrift," fortel ein fotnote. Når vi kjem til dei seinare utgåvene av Nokre Salmar, skal vi sjå at Blix ikkje berre utvida samlinga ved å dikte nye salmar, han arbeidde i høg grad vidare med dei tidlegare salmane sine og.

Poetisk er denne versjonen sterkare enn den førre, men den skapar eit problem for ettertida (notida) som Blix neppe tenkte på: Salmen er kjønna ("gendered") på ein måte som i dag vanskeleg let seg forsvare. Norsk Salmebok (nr. 550) har halde på "fedrearv", men "Søner" er bytta ut med "borni".

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 30.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.9.03

Verda i Tromsø 

Den internasjonale veka "Verden i Tromsø - Tromsø i verden" får altfor lite merksemd i nasjonale medier. Unnataket er omtalen av laurdagens Verdskonsert med Women's Voice, Mari Boine og Nasra i NRK P 2 - Kulturbeitet i dag. Men det hender mykje meir i Tromsø, som framleis er ein internasjonal by.

Oppdatering 30.09.03: Presentasjon av konserten i Nordlys.

Send ein kommentar.
# lagt inn 29.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Rikets tilstand 

Med god sans for timing (som det heiter på nynorsk), ei snau veke før regjeringa legg meldinga om rikets tilstand fram for Stortinget, heldt direktøren for Nynorsk Kultursentrum, Ottar Grepstad, laurdag 27. september den tredje årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur. Sjangeren deler han med sentralbanksjef Svein Gjedrem i Noregs Bank. Tittelen var "Kulturens kritiske masse," og Grepstad heldt i år talen på heimebane, i Stardalen i Jølster.

Talen er innhaldsrik og verd å lese. Utgangspunktet sitt og mange av illustrasjonane finn Grepstad nett på heimebanen i Jølster-bygda. Eit par poeng skal refererast her (og det er faktisk ikkje dei som nemner Blix-salmane). Eit stort avsnitt drøftar den enno ferske kulturmeldinga:
... det kan kome tider då ei slik kulturmelding trengst som autoritetsargument. Difor bør all kritikk av enkeltsider i dokumentet først ta til med at meldinga faktisk er både viktig og verdfull, og eit godt fagleg dokument som attpåtil er tidstypisk. Det vesentlege er at meldinga vil styrkje norsk kulturliv og at heile regjeringa står bak setningar som denne: "Eit stort prosjekt er planane om ein allmenn elektronisk kunnskapsbase på nynorsk." Av og til er éi setning nok. Mange store prosjekt er blitt til i slike små setningar. No har kulturministeren klistra Høgre til hovudlinjene i norsk kulturpolitikk for lang tid. Det kan nokon kvar av oss få glede av etter valet i 2005.

Språkstatistikk og -sosiologi får tilbørleg merksemd, med konklusjonen:
Alt etter kva vi måler, ligg nynorsk ein stad mellom 10 og 20 %. Det er med nynorsken som med Jostedalsbreen: Litt vekst her og litt kalving der, men ingen openberre utsikter for å bli borte i den framtida vi trur vi veit noko om.

Eit viktig poeng for Grepstad denne gongen er slagkrafta til dei nynorske institusjonane, særleg medieinstitusjonane. Det er her omgrepet "kritisk masse" kjem inn. Som svoren ikkje-realist skal eg gje avkall på å prøve å forklare metaforen. Det let Grepstad ein kjernefysikar frå Jølster få gjere. Derimot skjønar eg som teolog godt poeng som dette:
Når styresmaktene no omorganiserer norske arkiv, bibliotek og museum, legg dei til grunn at dei nye einingane bør ha 11-12 medarbeidarar. Det er noko kjent ved det talet, er det ikkje? Ein av dei første som kanskje stilte denne typen spørsmål, var Jesus. Svaret hans var som kjent tolv. ... Eg trur vi gjer klokt i å rekne med at miljø som er mindre enn 10-12 personar, før eller seinare blir for spinkle.

Grepstad tek til orde for ei samordning og nyorganisering av institusjonar, "ut frå ei erkjenning av at der er for mange einmannsføretak og fåmannsmiljø i det nynorske." Mellom anna. Les gjerne heile talen.

Send ein kommentar.
# lagt inn 29.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Kvitsundagen, Kyrkjehagen,
Kyrkjehagen ber Sumarskrud.
Blomarne mange yndeleg Ange,
Yndeleg Ange ber upp til Gud.
Kvitsundagen, Kyrkjehagen,
Kyrkjehagen ber Sumarskrud.

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye III, Christiania: Det norske Samlaget, 1875

Denne andre pinsesalmen i hefte 3 er og eit originalarbeid. Av dei store pinsediktarane ligg Blix her nærare Grundtvig enn Luther. Pinseforteljinga, kyrkja og naturen spelar på same laget. Det er ikkje lenge sidan vi støytte på melodien "Her vil ties, her vil bies" (betre kjend som "Påskemorgen slukker sorgen"), og kommentarane er framleis gyldige, sjølv om denne salmen nok er sterkare enn "Gode Hyrding, Konungs Vyrding."

Send ein kommentar.
Fredagens Blix.
# lagt inn 29.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.9.03

Skiltstriden 

NRK - Kultur i dag:
Det norske teatrets venner ønsket å sette opp et skilt i forbindelse med det nynorsktalende teatrets 90-årsjubileum i oktober.

- Bare hvis teksten er på bokmål, svarer Oslo Byes Vel.

E-postadressa til Oslo Byes Vel er post@oslobyesvel.no - om du skulle ha lyst til å meine noko om saka.

Send ein kommentar.
# lagt inn 26.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Kved upp, Guds Folk, syng høgt i Kor! / No er det Kvitsunhelg paa Jord,
Guds Ande kjem med heilag Glod: / Kved upp, Guds Folk, med Helgaljod!

Kom med din Varme til kvar Gard, / Der Kulden enn ligg tung og hard!
Og tendra upp det Liv av Gud / Fraa Fjellmanns Heim til Fiskars Bud!

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye III, Christiania: Det norske Samlaget, 1875

Norsk Salmebok (nr. 224) har gjort eit forsøk på å få denne fine pinsesalmen i bruk att, men utan å lukkast. Det er synd, for salmen er god. Valet av ein heilt ukjend melodi i NoS var nok ikkje vellukka. Opphavleg er salmen skriven til "Fra Himlen høit," seinare har han vore sungen på "Gjør døren høy".

I tillegg til det første verset gjev eg att det nest siste, som Norsk Salmebok har utelate, men som er eit godt døme på Blix sitt reformatoriske verk, ønsket om å gjere kristendommen stadeigen på norsk grunn. Den urbane Blix (bymann 1853-1902) er det ikkje mykje å sjå til her heller. Spenninga mellom norskdom og urbanisering er eit interessant kulturhistorisk felt, ikkje berre når det gjeld Blix.

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 26.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.9.03

Salmediktarar før Blix 

Verbum forlag presenterer:
Torleif Elgvin
Mine lepper spiller fløyte
Jødiske bønner før Jesus
Denne boken presenterer for første gang gammel esseisk visdom for norske lesere. Poetiske tekster fra Dødehavsrullene og andre skrifter fører oss inn i det jødiske folks tro, håp og lengsel i de siste par århundrer før vår tidsregning.

Svært få av "Dødehavsrullane" er så langt omsette til norsk, så boka til Torleif er eit kjærkome tilskot til litteraturen om jødedommen i antikken - og til hymnologien. Det siste rettferdiggjer ein presentasjon av boka på denne staden. For øvrig viser eg til nettstaden qumran.no.

Send ein kommentar.
# lagt inn 25.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens injurie 

I serien Tromsø for 150 år sidan: Tromsøposten torsdag 6. oktober 1853
Forøvrigt har man rigtignok hidtil havt Grund til at betvivle, at Sindighed og aarvaagen Omtanke ere Egenskaber, hvoraf han i nogen væsentlig Grad er i Besiddelse.

Slik lyder avisas avskilsord til kapellan Johann Ernst Welhaven (f. 1818), bror av diktaren og yndlingsfienden til nokre av Wergeland-"liberalarane" kring avisa. Welhaven vart den første soknepresten til det nyoppretta Målselv prestegjeld, trass i at fleire søkjarar hadde lenger ansiennitet, noko avisa gjer høgt og tydeleg merksam på. Welhaven var mellom anna engasjert i fråhaldsrørsla, og var tydeleg oppfatta som noko fanatisk av det tolerante borgarskap rundt avisa.

Send ein kommentar.
# lagt inn 25.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Gildeskål 

Heimkommunen til Elias Blix kan verte sletta av kartet for å gå inn i ein storkommune i Salten. Avisa Nordland melder at Salten Regionråd i dag og i morgon drøftar ei utgreiing om kommunestrukturen i Salten.
Utredningen ønsker å se på fire ulike inndelinger av Salten. En av dem er å beholde kommunegrensene som i dag. En annen å slå hele Salten samme til én, stor kommune. Et tredje forslag er å opprette fire kommuner, basert på regionene i Salten: Indre Salten (Fauske, Saltdal, Sørfold), Bodø/Skjerstad, Søndre Salten (Meløy, Gildeskål og Beiarn) og Nordre Salten (Steigen og Hamarøy).

Det fjerde alternativet er å slå sammen kommunene rundt Saltenfjorden til én kommune. Mens de andre kommunene består, med muligheter for visse endringer i kommunegrensene. Den nye Saltenfjorden kommune vil bestå av Bodø, Skjerstad, Gildeskål, Fauske, Saltdal og Sørfold. Dette er kommuner som i dag utgjøre en felles bo- og arbeidsmarkedsregion med utstrakt pendling.

Send ein kommentar.
# lagt inn 25.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Arkiv attende 

Problemet frå i går er løyst, og arkiva til BlixBlog er tilgjengelege att.
# lagt inn 25.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Som Vaaren vitnar / Um Herrens Skaparmagt,
Naar Bandet slitnar / Som var paa Livet lagt, -
Den Jord, som blundar / Inn under Vetters Skrud,
Til Bløming stundar / Og klæder seg som Brud,
Og Fugl i Lundar / Ber Lovsong upp til Gud:

So Livsens Gneiste / Sprang fram or Jesu Grav;
Han upp seg reiste / Og Verdi Livet gav.
No grønkar Tuva, / Der visne Gravblom stod,
Og Livsens Druva / Spring fram av Jesu Blod;
No kjem Guds Duva / Med Sumars Tidend god.

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye III, Christiania: Det norske Samlaget, 1875

Fjerde og femte verset av påskesalmen "Statt upp or Svevne" (Tone: På Gud alene). Vår-songaren Blix er fullt utvikla i det tredje salmeheftet. "No koma Guds Englar" har vi sett på alt, seinare kjem "No livnar det i lundar." Og Bibelen finst alltid der. Her er eg særleg imponert over "Guds Duva," som knyter påskehendinga til forteljinga om Noas ark (merk og korleis dua er forbunde med vegetasjon). Samstundes kling forteljinga om Jesu dåp med.

Oppdatering, 27.11.2003: Sjå heile salmen.

Kjelde for bibeltekstane: Bibelen.no.
Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 25.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.9.03

Arkivproblem 

I dag vil du sannsynlegvis få ei feilmelding om du prøver å opne ei arkivert melding på BlixBlog. Problemet er forbigåande. Sjå Status.Blogger.Com.
# lagt inn 24.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Gode Hyrding! Konungs Vyrding,
Konungs Vyrding du ber med Skil!
Drott utan Like, som fyr ditt Rike,
Som fyr ditt Rike læt Livet til!
Gode Hyrding! Konungs Vyrding,
Konungs Vyrding du ber med Skil!

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye III, Christiania: Det norske Samlaget, 1875

Denne salmen, for langfredag, er ein av dei få frå det tredje heftet som ikkje har overlevd i bruk. Ein kan spekulere på kvifor. Kan hende har Bolling (s. 126) rett når han kommenterer: "Elles er det ikkje Blix sin styrke å skildre Kristi liding." På den andre sida: Blix har gjendikta fleire av dei klassiske pasjonssalmane, og det er sterkt arbeid.

Blix skriv her i ei form som ser enkel ut, men som er sers bunden, både når det gjeld rim, rytme og gjentaking. Eg trur noko av problemet ligg her, teksten er ikkje sterk nok til å bære alle gjentakingane. Mønsteret er Brorson-salmen "Her vil ties, her vil bies", det best kjende eksemplaret er Grundtvigs "Påskemorgen slukker sorgen".

Her er det rom for refleksjon over tilhøvet mellom tekst og tone. Elseth (s. 140-141) ser valet av "denne leikande rytmen" og tonen som eit liturgisk mistak. Det er vel ikkje heilt sikkert at det var Lindemans tone (den vi kjenner til "Påskemorgen") Blix hadde i hovudet, men det er sannsynleg; melodien er datert 1864. Men denne melodien er altså skriven til Brorsons alt anna enn muntre tekst. Eg trur tonen har endra karakter, tempo og framføringspraksis nett gjennom assosiasjonen til "Påskemorgen".

Blix har prøvd seg i det same formmønsteret fleire gonger. Det mest vellukka resultatet er utan tvil "Kling no klokka," som altså opphavleg var skriven til same melodi.

Oppdatering, 20.11.2003: Sjå heile salmen.
Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 24.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Musikk 

Kva lærte Blix på seminaret i Tromsø i åra 1853-1855?
Neste: II. Religion
Lat oss ta musikkundervisninga først.

Det var undervisning i "Sang og Psalmodikon" tre timar for veka i første klasse, to i andre. Salmodikon var 1800-talets viktigaste pedagogiske instrument. Det var ei rektangulær kasse med ein streng og gripebrett. Ein spela på instrumentet med feleboge. Det var så enkelt at alle kunne lære det, og instrumentet fekk plass i skolekista til omgangsskolelæraren.

Lærarseminara var ein viktig institusjon for standardiseringa av kyrkjesongen på 1800-talet, noko ein til dømes kan sjå av dette sitatet frå J. N. Skaar, "Kort Udsigt over Kirkesalmebøgernes og Kirkesangens Historie i den norske Kirke" (tillegg til M. B. Landstad, Kirkesalmebog):
Forat den norske Kirke med sine 3 Salmebøger dog kunde have en fældes Melodibog, udarbeidede Organist ved Fruekirke i Trondhjem, O. A. Lindeman, "Koralbog, indeholdende de i Kingos, Guldbergs og den evangelisk-kristelige Salmebog forekommende Melodier", som ved Resol. 15de Juni 1835 blev autoriseret til udelukkende Brug ved Gudstjenesten i Rigets Kirker. Omtrent samtidig oprettedes Seminarier til Uddannelse af Skolelærere og Kirkesangere. Her blev disse, som rimelig var, oplærte til at synge Salmemelodierne efter Lindemans Koralbog, men Menighederne, som elskede sin tilvante kirkelige Folkesang, reiste sig paa flere Steder til Modstand mod den stive og slæbende Koralsang, som deres seminaristisk dannede Lærere og Kirkesangere søgte at indføre. Naar Kirkesangeren begyndte at synge en Salme paa sin Vis, stemte Menigheden i af al Kraft paa sin Vis og gik ikke sjelden af med Seiren.

I Tromsø var det tredjelæraren si oppgåve å undervise i kyrkjemusikk, særleg song. Men sidan tredjelærar Jenssen døydde tidleg på hausten 1854, fekk Blix Tromsø-organisten Nicolai Larsen som lærar i song, og dessutan i orgelspel, som var friviljug fag i andre klasse. Om Nicolai Larsen fortel N. A. Ytreberg i Tromsø bys historie 1.722:
Siden 1850-årene hadde Nicolai Larsen vært organist. Han utgav i 1858 på Urdals forlag "Fireogtyve Choraler for to Stemmer" til bruk i almueskolen, og gav sangundervisning for pikebarn på Hegboms sal. Men noen drivende kraft i musikklivet var han ikke.

Korteneste ved gudstenesta om sundagane høyrde og med til seminaristane sine plikter i øvste klasse.

Blix har nok hatt O. A. Lindemans Choralbog som lærebok, og sannsynlegvis sonen J. A. Lindemans Choral-Melodier for Psalmodicon. Kan hende Larsen nytta eigne satsar i undervisninga og?

Dimisjonsattesten fortel om karakterane 1 1/2 i song og salmodikon og 2+ i orgelspel, og gjev i tillegg denne vurderinga:
Han har en vel ei stærk, men reen Sangstemme, et meget godt Øre og meget gode musikalske Kundskaber. Paa Orgel har han Færdighed nok til med Held at kunne overtage en Organistpost.

Den siste setninga om orgelspel er ei standardformulering, men det som står foran gjev ei svært positiv vurdering av musikaliteten hans. Så er og salmane hans feilfrie frå ein rytmisk og musikalsk synsstad.

Neste: II. Religion
Send ein kommentar.
# lagt inn 24.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.9.03

Dagens Blix 

No koma Guds Englar med Helsning i Sky,
Guds Fred og Velsignad dei bjoda.
No stig ifraa Jordi ein Helgasong ny,
Som skal gjenom Himmelen ljoda:
Guds Fred og vel møtt, / Du Barn, som er født!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

Lat Gitordet ganga fraa Grend og til Grend,
So vide som Tunga kann mæla,
Um Sonen, som er oss fraa Himmelen send
All Verdi til Siger og Sæla!
Syng ut i kvar Bygd: / Guds Fred ifraa Høgd!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye III, Christiania: Det norske Samlaget, 1875

Korleis skal ein kommentere "No koma Guds Englar" utan å hamne i det svulstige? For meg er dette julesalmen framfor alle andre. Jul handlar om inkarnasjon, at Gud stig inn i den verda han har skapt og kjennast ved ho. Og jul handlar om språk - som er mykje meir enn ord: Ordet vert kjøt og tek bustad mellom menneska, i dagleglivet, lokalmiljøet og daglegspråket deira.

Kombinasjonen av bibelsk biletrikdom, norsk naturoppleving og sikker form er karakteristisk for Blix-salmane. Eg gjev att det nest siste verset, i tillegg til det første. Det les eg som eit program både for salmediktaren og kyrkja hans.

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 23.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.9.03

Dagens gratulasjon 

går til Jon Fosse, som er tildelt Norsk kulturråds ærespris for 2003.
# lagt inn 22.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Du vere lovad Jesus Krist! / Du Mann er vorden sant og vist,
Som Broder vaar du komen er, / Og difyr gledest all Guds Her. / Halleluja!

Den Gud, som styrer Heimsens Gang, / Han ligg no her paa Moders Fang.
Den, Allting heve Upphav fraa, / Ligg her som ein av vaare Smaa. / Halleluja!

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye III, Christiania: Det norske Samlaget, 1875

Den første av dei to julesalmane i dette heftet er ein av dei sentrale reformasjonskoralane. Luthers "Gelobet seist du, Jesu Christ" kom visstnok første gongen som flygeblad i 1524. Eg gjev att det første og det tredje verset av Blix si gjendikting. Diverre er denne salmen mest gått av bruk. Eg veit ikkje om det skuldast dei mange rytmiske variantane av melodien, det velformulerte, men dogmatiske innhaldet, eller om vi rett og slett har for mange julesalmar å velje i og ikkje rekk å syngje alt?

Send ein kommentar.
Laurdagens Blix.
# lagt inn 22.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.9.03

Dagens Blix 

Seg Jerusalem: / Sjaa din Konung kjem
Som ein Frelsar logn og tolen, / Ridande paa Asenfolen!
Fagna deg, Guds Stad! / Møt din Konung glad!

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye III, Christiania: Det norske Samlaget, 1875

Denne andre advent-salmen er ein originaltekst av Blix. Som "Gjer Dyri høg" er denne salmen utforma i samspel med bibeltekstane for advent-sundagane, særleg den første. Dei viktigaste er evangeliet om inntoget i Jerusalem, og profettekstane om fredsfyrsten og om kongsvegen i øydemarka. Tonen er "Vaag, o Sjæl, og bed," ein nordisk variant av Adam Dreses (1620-1701) "Seelenbräutigaum", med noko endra rytme.

Kjelde for bibeltekstane: Bibelen.no.
Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 20.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.9.03

Norsk Ordbog 

Bokhandlarar i Kabul og Oslo skal eg late vere i fred. Men nyutgjevinga av Aasens Norsk Ordbog frå 1873 må nemnast. Utgjevinga er omtala på leiarplass i Dag og Tid denne veka. Teksten er dessutan tilgjengelig i elektronisk format - frå Aasen-tunet, sjølvsagt.

Send ein kommentar.
# lagt inn 19.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Forskingsdagane 

Eg passerte Forskingstorget på Universitetsplassen på veg til biblioteket i dag. Mykje folk, mest skoleelevar. Forskingsdagane er i gang.

Send ein kommentar.
# lagt inn 19.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Gjer Dyri høg, gjer Porten vid! / Sjaa Krist, din Konung til deg rid!
Han raader yver alle Land / Og er all Heimsens Frelsarmann.

Rettferdig kjem han til deg ned / Og byd deg Sæla, Liv og Fred.
Stillferdig kjem han, utan Krav, / og Miskunn er hans Konungsstav.

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye III, Christiania: Det norske Samlaget, 1875

Det tredje heftet av Nokre Salmar kom ut i 1875, fem år etter det andre. Kan hende er dette samla sett den sterkaste av alle utgjevingane til Blix. Det er to advent-salmar her, den første ei gjendikting etter Georg Weissel (1590-1635) - det vil seie, strengt tatt etter Niels Johannes Holm (1778-1845); det er nokre skilnader mellom "Macht hoch die Tür" og "Gjør Døren høi." Tonen var ikkje den vi nyttar i dag, men "Fra Himlen høit jeg kommer her."

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 19.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.9.03

Marit 

Eg er mykje på Handskriftsamlinga for tida, mest for å arbeide med brevsamlinga Blix - Johan Amundsen (skolekameraten frå seminaret, kyrkjesongar og lærar i Loppa). Det er mykje interessant å finne her, på og mellom linene. Men nokre vonbrot er der òg.

Marit, til dømes. Marit dukkar stadig opp i breva frå Blix, første gongen 16. mai 1856. Biografen fattar straks interesse. Ei ukjend kvinnehistorie? 21. november samme år er ho der att. 8. februar 1857 rapporterer Blix til Loppa at "Marit lever vel". Men 15. juli blir det tydeleg at Marit er - kjærasten til Amundsen. Og 15. september 1857 sender Blix gratulasjonar til den nygifte Amundsen.

Så Marit må vere identisk med Maria Løkke, fødd 1833 i Røros eller Ålen. Amundsen og ho må ha møttest i Tromsø. kan hende var ho mellom dei mange innflyttarane som prøvde lykka i Tromsø rundt midten av 1800-talet. Men noka ukjend kvinnehistorie om Blix var altså ikkje å oppdrive.

Send ein kommentar.
# lagt inn 18.9.03
Send innlegget til nokon du kjenner

Gammal i Tromsø? 

"... dog gaar det meget langsomt med mit Arbejde, saa det ser ud til, jeg skal blive gammel i Tromsø ..." (Elias Blix i brev til Johan Amundsen, 11. november 1857).

Jo, det kan kjennest slik for biografen og: Arbeidet går langsamt, og eg kjem meg ikkje frå Tromsø. Men eg er overtydd om at det er ei god investering å gå grundig til verks når det gjeld Tromsø-tida til Blix. Ho er ikkje godt nok kartlagt frå før, og det er ein svært viktig periode i utviklinga hans.

Send ein kommentar.
# lagt inn 18.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Dauden gjennom Verdi gjeng / Og vil rydja Liv or Lande,
Mansens Barn som Blom i Eng / Bleiknar fyr hans kalde Ande.
Under denne myrke Magt / Er alt Liv paa Jordi lagt.

Jesus gjennom Verdi gjeng. / Han kann Dauden slaa med Velde.
Livet han i Løysepeng / Gav fyr oss, som vaaro selde.
Difyr Livet paa hans Ord / Fagert fram or Gravom gror.

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Så er vi komne til vegs ende i det andre heftet av Nokre Salmar. "Dauden gjennom Verdi gjeng" er Blix sin eigen tekst; eg gjev att det første og det tredje verset. Mykje av salmen byggjer på forteljinga om enka i Nain og son hennar, Lukas 7,11-17.

Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 18.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.9.03

Biografi-oraklet 

Marianne Egeland gjev eit bidrag til biografi-debatten i Aftenposten i dag (papirutgåva, den tabloide du veit), under overskrifta "Et produkt av sin tid." Innhaldet er for så vidt ikkje overraskande, Egeland har vore inne på liknande tankar i mange publikasjonar. Biografar i morgon vil sikkert stille andre spørsmål og finne andre samanhengar enn biografane i dag. Men Egeland sin "biografiske formel" skal eg referere. Den er til ettertanke:
Det dreier seg om pose- og-sekk-biografier hvor biografen søker den beste av alle verdener: både opptre som respektert, etterprøvbar formidler av virkelighet og forbeholde seg retten til å bruke fiksjonens virkemidler for å omgjøre mylderet av fakta til en lesbar fortelling uten at det skal gå ut over troverdigheten.

Dagens pose-og-sekk-biografi om forfattere består av liv og tid – eventuelt kontekst om man vil være mer trendy – pluss psykologi og fortelling, minus verk – eller i hvert fall sentrale deler av det. Faktorenes orden i denne formelen kan endres etter behov og splittes opp i underelementer. Mon tro om den ikke passer på Kolloens Hamsun også?

Den viktigaste kritikken mot Kolloens Hamsun-biografi har vore at Hamsuns litterære verk får for liten plass. Eg får eit problem sjølv her: Eg vil gjerne nytte Elias Blix sine briller for å få innblikk i ei tid med store sosiale, kulturelle, religiøse og politiske endringar. Det kan vere interessant, men, som Egeland seier: "Ironisk er det selvsagt at diktverket som opprinnelig vekket interessen for livet, dermed kan fremstå som mindre viktig."

Den perfekte biografi.
Send ein kommentar.
# lagt inn 17.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

CD-en kjem! 

Gladmelding frå Øyonn Groven Myhren og resten av Dvergmål:
Kan informere at me den 11., 12. 15. og 16. september har spelt inn 16 viser og helgasongar av Blix. Me gjorde opptaka i Ris kirke i Oslo. Kyrkja er kjend for spesielt god akustikk. Tekstene som er spelte inn er

Songfuglen
Kyrkjeklokkerim (Dvs. inskripsjonar på kyrkjeklokker)
Høyr den ljod i kyrkjeklokka
Syng i stille morgonstunder
Sjå dagen sprett
Bekken
No livnar det i lundar
Upp mot ljoset
Far utor dine skor
Dei fire tusund
Vår Herre er ein hyrding god
Synd og sorg
Når hav og himmel dynja
Eg trur
Livet lid
No soli bakum blåe fjell
No koma Guds englar

Det er ikkje sikkert alle numra blir med. Det får me sjå på etterkvart. CDen er planlagt å kome ut på våren ein gong, truleg i mars.

Dvergmål.
Send ein kommentar.
# lagt inn 17.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Ver glad, mi Saal! og far med Fred, / Naar eingong du skal stiga ned
Imillom Daudens Skuggar!
Fylg med din Frelsar Jesus Krist! / Han aldri fører deg i Mist.
Hans Kjærleik mildt deg huggar / Og inn til Ro deg ruggar.

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Dei to siste salmane i det andre heftet har overskrifta "Dauden." Denne er ei gjendikting, etter "Vær glad, o Sjæl, og frygt dog ei" avden danske presten Jakob Johan Lund (1725-1798).

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 17.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.9.03

Borgarplikta 

Jo, eg HAR gjort borgarplikta. Frå Enebakk kan det meldast om tilbakegang for A og KrF. Om KrF vil, kan A likevel framleis få ordføraren. Kor stor skilnaden vil vere, veit eg ikkje; handlefridomen er heller liten.

Meir spennande er Oslo-valet, der NRK - Kultur melder at kulturpolitikken kan bli avgjerande for korleis byrådet blir sett saman:
Om kulturpolitikken ikke akkurat blir byrådsforhandlingenes hete potet, kan den faktisk avgjøre hvilke partier som sitter i byrådet. Valget i Oslo hadde ingen seierherrer. Arbeiderpartiet og SV gjorde gode valg, men fikk ikke flertall i bystyret, og fordi det er et parlamentaristisk system i Oslo får de derfor ikke byrådsmakten.

Nå må det sittende byrådet, Høyre, Krf og Venstre, forhandle med Fremskrittspartiet om sammensetningen av det nye byrådet, og Frp er helt klar, de skal inn. Og dermed blåser det rundt kulturpolitikken, ettersom Venstre, som har gått til valg på kulturpolitikk, byutvikling og miljøvern, nekter å sitte i byråd med Fremskrittspartiet.

Så får vi sjå korleis det går med sidemålsstilen ...

Oppdatering:
Og i Tromsø held Røde Herman (A) fram som ordførar.

Send ein kommentar.
# lagt inn 16.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmeboka til Blix 

Kva for salmebok nytta den unge Blix når han var i kyrkja?

Før Landstads salmebok vart teken i bruk i 1870, hadde kyrkjelydane tre (eller for å vere heilt presis, fire) moglege val: Kingos salmebok frå 1699, Guldbergs frå 1778, og Evangelisk-Christelig Psalmebog frå 1798, frå midten av hundreåret eventuelt supplert med det såkalla Christiania-tillegget av 1853, utarbeidd av W. A. Wexels, A. Grimelund og J. Moe (han med folkeeventyra, ja).

Eg er så heldig å ha ein kyrkjehistorikar-bror som er spesialist på norsk 1800-tal. Han har funne fram følgjande, med Tromsø-biskopen J. N. Skaar som kjelde (Et Blad af den evangelisk-kristelige Salmebogs Historie, Porsgrund 1891; Den evangelisk-kristelige salmebogs historie i Akershus bispedømme, Kristiania 1902, opphavleg i Norsk Teologisk Tidsskrift, 1901). Takk skal du ha, Per Kristian:

I Blix si barndoms- og konfirmasjonskyrkje Gildeskål nytta dei Guldbergs salmebok. Gjennom den kan Blix mellom anna lært Brorson-salmane å kjenne.

I Tromsø, der Blix hadde nokre av dei viktigaste ungdoms- og mogningsåra sine, var det den rasjonalistiske Evangelisk-kristelig, som etter kritikarane si meining verken var evangelisk eller kristeleg, og som i alle fall hadde lite rom for pietistar som Brorson. Men Skaar har ei vesentleg tilleggsopplysning:
Det skal desuden tilføies, at Brugen af den evangelisk-kristelige Salmebog var omtrent ophørt allerede i Slutningen af Femtiaarene; thi i de Menigheder, hvor den var kommen ind, benyttede man fra den nævnte Tid af næsten udelukkende 'Tillæg til den evangelisk-kristelige Salmebog, besørget af en Menigheds-Komite i Kristiania' (s.35).

Christiania-tillegget er nok den viktigaste kanalen for introduksjonen av Grundtvig i norsk kyrkjesong. Per Kristian legg for eigen del til:
Dette skulle vel ha funnet sted i Tromsø før Blix reiste. Kan det ha vært menighetsmøte om dette som Blix kan ha vært med på? Han kan teoretisk ha bidratt til å innføre Christiania-tillegget i Tromsø som menighetslem!

I Christiania på 1860-talet var situasjonen nøyaktig som i Tromsø tiåret før: Evangelisk-kristelig og Christiania-tillegget. I 1870 kom altså Landstad. Då var det første heftet av Nokre Salmar alt i trykken, og det andre var undervegs.

Send ein kommentar.
# lagt inn 16.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Essay-katekisme 

Til helga er det ny samling på kurset i essay-skriving. I det siste har mykje av tida gått med til arbeidet med teksten om "Essayets dogmatikk". Konklusjonen, slik han ser ut så langt (åtvaring: Bokmål):

Utkast til katekisme for essayister
Første parten: Budene


Det første bud: Du skal ikke ha andre guder enn deg selv.
Det er: Vi skal over alle ting frykte Georg Johannesen og elske Michel de Montaigne, og stole på vårt jeg alene.

Det andre bud: Du skal ikke misbruke essayets navn.
Det er: Vi skal frykte og elske (etc.) ..., så vi avholder oss fra pseudo-essays,
og forsake betegnelsen "essay" om vi likevel kommer i skade for å skrive et.

Det tredje bud: Du skal holde ironien hellig.
Det er: Vi skal frykte og elske (etc.) ..., så vi dyrker det tvetydige i all vår ferd.

Det fjerde bud: Du skal forakte din far og din mor, så det går deg godt og du får leve lenge i litteraturen.
Det er: Vi skal frykte og elske (etc.) ..., så vi ikke underkaster oss noen autoritet.

Det femte bud: Du skal ikke slå leseren i hodet.
Det er: Vi skal frykte og elske (etc.) ..., så vi behandler leseren som en likeverdig, eller i det minste gir inntrykk av å gjøre det.

Det sjette bud: Du skal bedrive hor.
Det er: Vi skal frykte og elske (etc.) ..., så vi overskrider grenser så snart det finnes en anledning, også grenser mellom sjangere, emner eller fag.

Det sjuende bud: Du skal stjele.
Det er: Vi skal frykte og elske (etc.) ..., så vi gjør andres stoff til vårt eget når det er behov for det. Litteraturen er til fri avbenyttelse.

Det åttende bud: Du skal ikke holde noe for sant.
Det er: Vi skal frykte og elske (etc.) ..., så vi stiller kritiske spørsmål ved enhver etablert sannhet og tar alt i verste mening.

Det niende bud: Du skal ikke begjære din nestes publikum, eller hans salgstall, eller noe som hører til hos din neste.
Det er: Vi skal frykte og elske (etc.) ..., så vi respekterer essayets eksklusivitet, og overlater publikumsfrieriene til andre.

Det tiende bud: Du skal ikke sette punktum.
Det er: Vi skal frykte og elske (etc.) ..., så vi aldri tror at siste ord er sagt.

Send ein kommentar.
# lagt inn 16.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Seg, kvar skulde me vel ganga / Utan Jesum her paa Jord?
Han oss eine hjelp kann langa, / For han heve Livsens Ord.
Fred me finna i hans Fang. / Var so Vegen nog so lang,
Det med vilde litet vyrda. / Jesus letta vil vaar Byrda.

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Original Blix-salme over bibelteksten: "Kome hit til meg alle de, som arbeida og ero tyngde, eg vil giva dykker Kvild." Referansen "Mat. 11,23" er ein trykkfeil for 11,28. Tone: Jesu, dine dybe Vunder.

Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 16.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.9.03

Skjervheim-seminaret 

Årets Skjervheim-seminar har funne stad på Voss i helga, utan den heilt store merksemda i riksdekkande media. Det er synd. Men via Bergens Tidende kan du mellom anna få hjelp av Håvard Nilsen til å avlive kulturradikalismen(begrepet, altså), og du kan dele Gunnar Skirbekk si uro over forfallet i den intellektuelle kulturen. Dessutan er det grunn til å gratulere Walid al-Kubaisi med Skjervheimprisen i år, og Svein Sundbø med utgjevinga av Skjervheim-bibliografien, sjå Morgenbladet.

Send ein kommentar.
# lagt inn 15.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Undarlege Ting me sjaa. / Sælt det Auga og det Øyra,
Som dei Ting kann sjaa og høyra / Og i Sanning kjenna faa!
Herren yver Himmerike / Er i Tenars Skapnad send.
Som vaar Broder og vaar Like / Synleg fyr vaar Tru han stend.

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Originaltekst av Blix, med eit bibelsitat som overskrift: "Sæle ero dei Augo, som sjaa det, de sjaa. (Luk. 10,23.24)."
23 Då han var åleine med læresveinane, sa han til dei: «Sæle dei augo som ser det de ser! 24 For eg seier dykk: Mange profetar og kongar hadde hug å sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra det.»

Blix har nytta same versemålet før, i nyårssalmen "Gamleaaret seig i Hav," med oppgjeven tone "Rind nu op i Jesu Navn." Denne gongen oppgjev Blix tonen "Saligheden er os nær." Med det siktar han nok til den tonen som i dag er i bruk for begge salmane: L. M. Lindemans melodi, datert 1863, sannsynlegvis publisert i "Tillæg til Den evangelisk kristelige Salmebog for orgel eller klaver." Tilhøvet mellom Blix og Lindeman er eit studium verd. Så langt veit eg berre at Lindeman var organist i Vår Frelsers kyrkje (Oslo domkyrkje) frå 1839 til 1887. Blix budde i Pilestredet mykje av 1860-talet, og høyrde vel til Trefoldighet kyrkjelyd, men ting tyder på at han var mykje i Domkyrkja.

Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Send ein kommentar.
Fredagens Blix.
# lagt inn 15.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.9.03

Blix-rap 

Eg er på leiting etter etterkommarar av Elias Blix, og eg har nokre namn eg skal kontakte. Talet er aukande, etter denne overraskande erklæringa frå Jørg1 og eksil-Bodøgruppa Tungtvann i låten "Landstryker" frå plata Mørketid:
Æ har ana som går rett bak te han Elias Blix….

Men Jørg1 er utan tvil ein slektning av E. B., i det minste ein åndeleg slektning, kan hende med fradrag for eit par kraftuttrykk. Slektskapen kjem særleg tydeleg fram i desse linene:
Æ e som en innvandrer når æ e der som æ bor/ Og når æ e i nord/ En flyktning som kryssa spor/ I fra en nord-norsk småby/ Sånn som han Lars Saabye/ Så utvandrer det e det en fyr som mæ må bli.

Den intertekstuelle leiken med norsk litteratur frå Knut Hamsun og Hans Jæger via Bjørg Vik og Herbjørg Wassmo og til Ingvar Ambjørnsen og Lars Saabye Christensen er òg ein Blix-ætling verdig. Sjølvkjensla hos Nordlands-ungdommen har kan hende auka noko dei siste 150 åra:
Æ e en seierherre fra kysten på Helgeland/ Og gir faen i om du har problema med å svelg det mann.

Send ein kommentar.
# lagt inn 14.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.9.03

Ragnvalds fødselsdag 

Aftenposten (papirutgåva) i spalta "Navn & nytt" for 12. september:
1882: Tegneren Ragnvald Blix ble født
Den kjente avistegneren Ragnvald Blix ble født denne dagen. Han slo igjennom i Paris med karikaturer av de mest kjente kunstverkene i Louvre-museet.

Senere tegnet han for aviser i Tyskland, Sverige og Norge. Han var fast knyttet til Dagbladet i mange år. Under den annen verdenskrig oppholdt han seg i Sverige og tegnet og kommenterte begivenhetene i Göteborgs Handels- och Sjöfarts-Tidning.

Det var her hans kanskje mest kjente tegning ble publisert, av Vidkun Quisling som kommer til Hitler, strekker ut armen til nazihilsen og sier: «Jeg er Quisling». Dørvakten spør: «Og hva er navnet?». Ragnvald Blix døde i 1958.

Og avisteiknaren, kulturradikalaren og riksmålsmannen var altså son av Emma og Elias Blix. Du kan jo feire dagen med ei vitjing til Ragnvald Blix-utstillinga i Münster og Berlin 1999, eller den i Szczecin i år.

Send ein kommentar.
# lagt inn 12.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Ein Saknad saar eg heve røynt: / Min Gud sitt Andlit heve løynt,
Eg einsam gjeng i Villa.
Kor er daa Livet audt og turt, / Naar du, min Gud, vil ganga burt!
Mitt Hjarta lid so illa, / Du eine kann det stilla!

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Overskrift: Saknad. Sterk salme om eit klassisk tema: Anfektinga, opplevinga av at Gud er langt borte. Salmen er rik på metaforar, mange av dei bibelske (eg anar at det kan gjelde fleire enn dei eg kjenner att; Blix overgår meg i bibelkunne). Ein detalj, frå vers 3: "Eg stirer ut i aude Rom / Og høyrer berre Toreljom / Og ville Stormar dura." Stormen er ein ikkje spesielt original metafor for motgang og vanskar i eit menneskeliv. Men at stormen durar, seier berre ein som faktisk veit korleis det meteorologiske fenomenet høyrest ut. Vel, vi får ha med den obligatoriske åtvaringa mot for tette koblingar mellom liv og verk, i dag frå Reidar Bolling (s. 31):
Det er sagt at Elias Blix vart gripen av vekkinga i Tromsø, og nokre vers frå adventsalmen "Ein saknad sår eg heve røynt" er nytta til å underbyggje denne påstanden. Det er eit mistak.

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 12.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.9.03

Fornorsking 2003 

Eit gufs frå fortida? Nei, Framstegspartiet i denne veka, ifølgje Ságat. Dette trudde eg ikkje var mogleg:
– Samer må lære norsk, og ikke samisk, på skolen, slik at de kan komme seg opp og fram her i verden, sa FrPs Siv Jensen da hun besøkte Porsanger mandag. Sametinget bør legges ned. Det er jo bare et rådgivende organ, og koster en masse ressurser. Om samer vil ha innflytelse, så må de inn på Stortinget, slår hun fast. Om samisk språk i skolen sier Jensen at det ikke kan være fellesskapets oppgave å lære noen samisk. – Det må den enkelte ha ansvar for selv. I norsk skole skal man lære seg norsk, sier Siv Jensen.

Send ein kommentar.
# lagt inn 11.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Digitale salmar 

Transkripsjonane mine av tekstar frå Nokre Salmar, hefte I (1869) er no å finne i Nettbiblioteket frå Ivar Aasen-tunet.
# lagt inn 11.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Ibsen og Fosse 

Aftenposten Nettutgaven, Kultur:
Hege Holde Andersson (26) har nylig avsluttet sin hovedfagsoppgave: "Jon Fosse Con Text". Dette er den første teaterfaglige hovedoppgaven om Norges ledende samtidsdramatiker.
...
- Utgangspunktet mitt var en undring over Jon Fosses unike posisjon i norsk teaterliv. Hvordan har han oppnådd en slik status på så kort tid? forteller Holde Andersson. Fosse er svaret på en moderniseringslengsel av Ibsen. Ibsen var en viktig del av den norske nasjonsbyggingen for hundre år siden. Jon Fosse fyller noe av den samme rollen i dag, men nå er det snarere snakk om å opprettholde og videreføre en tradisjon enn å skape en ny, sier Holde Andersson.
# lagt inn 11.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Samisk eller norsk? 

Førre: Kautokeino 1852
Neste: Samisk i Tromsø

II.
Inntrykka av Kautokeino-prosessen var djupe og sterke. Men det er viktig å teikne eit større bilete kring nordmannen (in casu: Blix) sitt møte med samisk språk og kultur. Tromsø seminar er i røynda eit av dei best tenkjelege utsnitta av det norske landskapet til eit slikt føremål. Når det første stiftsseminaret i Noreg vart lagt nordpå (Trondenes 1826-1848, seinare Tromsø), var ei betring av skolestellet i samiske strøk eit uttrykt mål, og utdanning i samisk språk ei viktig oppgåve. Seminaret vart ein sentral reiskap i det norske storsamfunnet sin skiftande samepolitikk, dels som premissleverandør, dels som utøvar.

Her er det grunn til å introdusere to aktørar utan direkte tilknyting til seminaret. På den eine sida: Presten Nils Vibe Stockfleth (1787-1866), prest i Finnmark på 1820- og 30-talet, seinare Christiania-basert, ivrig talsmann for bruken av samisk språk i skole og kyrkje, flittig utgjevar av publikasjonar på samisk og lærar i samisk og kvensk for interesserte teologiske kandidatar. I Kautokeino-dramaet kom han til å spele ei sers uheldig rolle. Som erfaren Finnmarksprest vart han sendt til Kautokeino i 1852 for å drive brannsløkking, men den heller hardhendte framferda hans mot dei "vakte" fungerte snarare som ein provokasjon. Det ligg nokre personlege gåter her, men eg skal la dei liggje; det er ikkje Stockfleths biografi eg skal skrive. Men Stockfleth personifiserer det eine samepolitiske standpunktet i norsk 1800-talshistorie: "Ethvert Folk har og maa have ikke blot en hellig Ret, men tillige en hellig Forpligtelse til at agte, haandhæve og udvikle sit Sprog og sin Nationalitet." Han representerer nasjonalromantiske tankar om folkespråk og folkeånd, og genuint evangelisk-lutherske tankar om at folk må få høyre Guds ord på sitt eige språk. Dessutan er han medveten om samane sin status som urfolk (og norsk som inntrengarspråk) i området. Fram mot 1850 er mykje av dette sentralt tankegods i norsk samepolitikk. I tillegg kom det faktum at dei samiske områda var grenseland mellom norsk-svenske og finsk-russiske interesser. Det var frå norsk side ein god grunn til ei venlegsinna tilnærming til samane.

På den andre sida: Juristen Martinus Nissen Drejer (1808-1872), prokurator og seinare fogd i Tromsø. Det var Drejer som førte aktoratet for underretten i Kautokeino-prosessen. I denne samanhengen representerer han den opinionen som frå midten av 1840-talet reiser seg mot Stockfleths synsmåtar. I 1843 hevdar han - i ein anonym artikkel i Tromsø-Tidende - "at man bør udrydde det finske Sprog i det mindste hos Fjordfinner [sjøsamar], hvis Amalgamation og Indforlivende med Nordmænd maa være Gjenstand for den norske indenlandske Politik." Slike synsmåtar skal vekse i styrke dei næraste åra. Fornorskingspolitikken vert utmeisla: Samane skal integrerast i det norske storsamfunnet, og god norskundervisning i skolen blir eit viktig instrument. Samisk språk er i høgda eit hjelpemiddel for å lære elevane norsk. Det er verd å merke seg at det er ein representant for den "liberale linje" i Tromsø-politikken som står for desse synsmåtane, sekundert av Tromsø-Tidende. Etter kvart skal fornorsking verte den rådande samepolitikken, og fornorskingsprogrammet vert skjerpa i fleire omgangar, rundt 1860 og rundt 1880. Det samiske elementet skal verte marginalisert gjennom eit samspel av tre faktorar: den norske nasjonsbygginga, sosialdarwinistiske synsmåtar, og tryggingspolitiske argument. Litteratur til dette: Helge Dahl, Språkpolitikk og skolestell i Finnmark (1957); Knut Einar Eriksen og Einar Niemi, Den finske fare (1981); Eivind Bråstad Jensen, Fra fornorskningspolitikk mot kulturelt mangfold (1991).

Men no, tidleg på 1850-talet, er vi midt i ein stor diskusjon for eller imot Stockfleth. Det er enno ikkje heilt klårt kva utfallet vil bli, og teikna i tida er fleirtydige. I 1848 var det bestemt at søkjarar med kunnskapar i samisk eller kvensk skulle prioriterast ved tilsetjing i mange prestestillingar nordpå. Men same året hadde Stortinget, etter kampvotering, vedteke å påleggje regjeringa å undersøkje "hvorvidt det skulle være Anledning til, ved at bibringe de norske Lapper, især de i Sødistricterne boende, Underviisning i det norske Sprog, at virke til dette Folks Oplysning." Med det var ein stor offentleg debatt i gang.
Førre: Kautokeino 1852
Neste: Samisk i Tromsø
Send ein kommentar.
# lagt inn 11.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11. september 

Sverige har fått sitt 11. september, medan USA minnast sitt. Men kven hugsar 30-årsminnet i dag? Søk på "Chile" på sentrale norske nyheitsforsider er mest resultatlaust. Heiderleg unnatak: NRK.

(Oppdatering, 18.00): Heiderleg unnatak 2: Morgenbladet.
# lagt inn 11.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Anna Lindh 

Den svenske utanriksministeren Anna Lindh døydde i dag tidleg av skadene ho fekk då ho vart knivstukken i går.

Til dette har eg ingen åndfull kommentar, berre sorg og sinne.
# lagt inn 11.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Utanriksnytt 

Det er mykje gammalt nytt i denne vevloggen, og eg har tidlegare kommentert postgang og nyheitsformidling midt på 1800-talet, då ein gjerne las fire veker gammalt nytt. Det er ikkje alt som går så mykje fortare i vår eiga tid. Aftenposten (nettutgåva) i dag:
Egypter vil ha tilbake gullet Moses tok med seg
En egyptisk jurist vil anlegge sak mot alle verdens jøder, som han anklager for tyveri. Jødene stjal med seg Faraos gull, da Moses førte dem ut av Egypt for flere tusen år siden, sier Nabil Hilmi.

Jim Davila omtala saka i vevloggen sin, paleojudaica.com måndag 25. august, i den humoristiske spalta "Dette kunne du ikkje ha funne på sjølv." Kjelda var det amerikansk-jødiske tidsskriftet Forward for 22. august.

Korleis oppstår nyheiter? Framleis ved at redaktøreren saksar fire veker gamle blad og sender ut resultatet til lesarane? Det verkelege problemet med oppslaget i Aftenposten er likevel eit anna: Den skeive framstillinga av både jødar og muslimar en bloc som pussige, men potensielt farlege, fundamentalistar. På jødisk hald er det dei færraste som er i stand til å ta dette utspelet seriøst, og den humoristiske handsaminga av det er i full gang. Det ville ikkje undre meg om det er tilsvarande på egyptisk side. Det er nok konfliktstoff i Midt-Austen, men vestlege media spelar neppe noko konstruktiv rolle ved denne typen utveljing og vektlegging av stoff.

Oppdatering 12.09.2003: Reuters-meldinga som er grunnlag for oppslaget i Aftenposten står her, under rubrikken "Oddly enough". For Aftenposten er dette "utenriks".

Send ein kommentar.
# lagt inn 11.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Min Heimstad i det Høge er, / Til Himmels stend mi Lengsla.
Vel veit eg, at min Heimveg ber / Igjenom myki Trengsla.
Men Jesus fyre drog, / Det er meg evig nog.
Eg er hans Fylgjesvein, / Di gjeng eg utan Mein.
Ved honom skal eg sigra.

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Den tredje og siste av salmane under overskrifta "Trengsla og Trøyst" er ein originalsalme, til tonen "Vor Gud han er saa fast en Borg."

Veg- og vandringsmotivet, pilegrimen på veg mot det himmelske målet, er ein klassisk salme-topos. Så ofte som Blix nyttar det, må det liggje noko meir her enn som så, noko djupt personleg. Men det er vanskeleg å trekkje slutningar frå verk til liv. Egil Elseth si slutning (Elias Blix: Verk og virke, s. 182) må i alle høve avsannast:
Ikkje så underleg at den kristne framtidsvona melder seg. Blix var ein gamal mann då han skreiv denne salmen, og tanken på det som skulle koma når "Stormen stilna" (uttrykket førekjem i vers 3, AA), gjev han mot til å gå pilegrimsvegen.

På det tidspunktet Nokre Salmar II kom ut, var Blix ein nyforlova mann i sin beste alder, midt i trettiåra.

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 11.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.9.03

Kautokeino 1852 

Det samiske sporet slepp meg ikkje. Endrar det noko ved biletet av Elias Blix, mennesket, salmediktaren, nasjonsbyggjaren? For den siste er sporet i alle fall relevant. Men viktigare ville det vere om vi, ved hjelp seminaristen og den seinare kyrkje- og undervisningsministeren sine briller, kunne sjå litt klårare nokre av drivkreftene i det norske storsamfunnet si tilnærming til det samiske folket. Det er slikt som rettferdiggjer biografien som historiefagleg disiplin. Historisk biografi er historieskriving ved hjelp av kvalitativ metode, djupundersøkjing innan eit avgrensa materiale: Eit menneskes livsløp.

I.
Det såkalla Kautokeino-opprøret, hendingane den blodige måndagen 8. november 1852, er ikkje til å kome utanom. Dels fordi det ligg spørsmål her som enno er uløyste, enno omdiskuterte, enno brennbare. Spørsmål som gjeld kulturell, økonomisk og politisk undertrykking, religiøs overtyding og fanatisme, friske og sjuke sinn (men òg makta i psykiatriske diagnosar). Hendingane er godt dokumenterte, medan tolkingane er mange og motstridande. Historikarar ved Universitetet i Bergen har nytta dette materialet for å lage ei digital innføring i historisk metode, "Jeg var i Retfærdighed", og det har vokse fram ein omfattande litteratur om opprøret. Standardverket er no den nederlandske antropologen Nellejet Zorgdrager si avhandling De rettferdiges strid, Kautokeino 1852: Samisk motstand mot norsk kolonialisme (Oslo: Norsk Folkemuseum/Vett og Viten, 1997). Den beste kortversjonen eg har funne stod i Dag og Tid 17. april 1997. Sjølv trur eg antropologiske studiar av såkalla millenaristiske religiøse rørsler kan vere ein eigna inngang til dette materialet. Eg har registrert at dette utgangspunktet har vore nytta i studiet av Kautokeino-hendingane, men eg har ikkje fått lese dei aktuelle bidraga.

Mest er Kautokeino-hendingane viktige for meg fordi dei sette så djupe spor i samtida, og Elias Blix er ein samtidig. Laurdagen 6. august 1853 tek han til som elev ved Tromsø Skolelærerseminarium. Same dagen fell dom i underretten i Alta over dei flyttsamane som var under tiltale for å ha drepe handelsmannen og lensmannen i Kautokeino. Biografen vil gjerne sjå eit symbol her (sjølv om nyheita neppe nådde Tromsø på ei vekes tid eller så, og sjølv om dommen ikkje var rettskraftig før Høgsterett hadde gjeve sitt votum 14. februar 1854). Det skal han vere forsiktig med, men noko rett har han.

Korleis verka Kautokeino-opprøret i Tromsø? Sterkt. Tromsø-Tidende hadde heilt frå sommaren 1851 stadig urolege meldingar om den åndelege tilstanden i Kautokeino, etter ein episode der nokre av flyttsamane derifrå hadde forstyrra gudstenesta i Skjervøy kyrkje. Episoden fekk eit kraftig rettsleg etterspel, noko som er ein viktig føresetnad for det som sidan kom til å hende. Dei psykiatriske forklåringane sit laust i avisa. Det same gjer skepsisen mot Lars Levi Læstadius og vekkinga omkring han. Så kom dei ekstreme november-hendingane, og ein langvarig rettargong. Etter dommen i underretten i Alta den 6. august 1853 vart dei fire som retten rekna som hovudmennene og dømde til dødsstraff, Aslak Hætta, Mons Somby, Lars Hætta og Aslak Rist, overførte til Tromsø, der dei vart sitjande i eineceller i arresten heile vinteren. I same byen sat ein nybakte seminarelev og mottok si første undervisning i det samiske språket.

Førte Kautokeino-hendingane til ei stigmatisering av samane som gruppe? Mest av den læstadianske rørsla og Læstadius sjølv, i det minste i somme krinsar. Interessant er ein redaksjonell "hale" til eit referat frå Härnösandposten i Tromsø-Tidende 12. februar 1854. Læstadius har i ei utgreiing for kyrkjeleg og verdsleg autoritet avvist skuldingar om at han skulle vere moralsk ansvarleg for utviklinga i Kautokeino. Kommentaren lyder:
Man ser altsaa, at man ialfald har denne Mand i Kikkerten, skjønt det er lykkets ham at undgaa retlig Tiltale; maatte Dette virke til at bestyrke ham i Sindighed og en fornuftig Nidkjerhed.

Men det fanst andre røyster i Tromsø. Den sterkaste tilhøyrde rektor Hans Blom, som i ein debatt i Norsk Kirketidende i 1860 gjekk langt i å oppvurdere Læstadius (sp. 158):
For mig staar det klart, at Manden ikke paa langt nær har nydt tilbørlig Anerkjendelse. Han var vistnok et forunderligt, men dog sikkerlig et udvalgt Redskab i Guds Haand til at virke der, hvor han blev sat.

Mange sentrale aktørar i Kautokeino-prosessen har tilknyting til Tromsø. Det gjeld amtmannen (først Harris, seinare Motzfeldt). Det gjeld den geistlege som nok viste den største forståinga for vekkingsrørsla blant samane og for situasjonen til dei rettsforfølgde, biskop Daniel Juell. Det gjeld Fredrik Hvoslef, soknepresten til Kautokeino som vart ståande midt oppe i hendingane; han skal kome til Tromsø noko seinare, som styrar ved seminaret frå 1857. Men den mest interessante aktøren frå "min" synsstad, som er synsstaden til ein nybakt seminarist hausten 1853, heiter Andreas Jacob Lasson. Lasson er teologisk kandidat, 38 år gammal. Han er den læraren ved seminaret som har lengst ansiennitet, har vore med sidan Trondenes-tida, frå 1846. Det er han som har ansvaret for samiskundervisninga ved seminaret. I Kautokeino-dramaet har han ei birolle. I mange framstillingar er han knapt nemnd. Men han kjenner tilhøva godt. I 1850 gjorde han ei lang studieferd, der han oppheldt seg fleire veker i Kautokeino. Biskop Juell, som òg er samiskkunnig, tek han med på råd når det gjeld sjelesorg for dei to av Kautokeino-opprørarane som til sist vart avretta, Aslak Hætta og Mons Somby.

Kva for haldningar og tankar formidlar denne mannen? Og kva får elevane med seg av uttrykte og skjulte pensa? Det er ting som kan tyde på at andrelærar Lasson ikkje var spesielt populær mellom elevane på seminaret, men det handlar nok mindre om Kautokeino-sak enn om personkjemi.

I morgon: Samisk eller norsk?

Send ein kommentar.
# lagt inn 10.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Den perfekte biografi 

Forfriskande å finne eit meir prinsipielt tilskot til biografidiskusjonen att. Ambisjonsnivået til Lars Frode Larsen i Aftenposten i dag (diverre ikkje i nett-utgåva, men abonnentar kan lese den arkiverte tekst-versjonen, innlogging her) er høgt. Overskrift: "Oppskrift på den perfekte biografi." Endeleg, dette har eg venta på.
Så enkel er altså oppskriften! Det forlag som ønsker å skaffe seg en bestselgende biografi, må bare finne frem til den flittige samler med det skarpe kritiske intellekt, et menneske som samtidig også er en dyktig psykolog og har en velutviklet skriftlig fremstillingsevne.

Så veit eg kvar lista ligg. Godt ingressen alt har lært meg at den perfekte biografien er eit "utopisk prosjekt."

Eg noterer at Larsen ikkje er redd for "forenkling og dramatisering" og "kitsch-grep" (samtalepartnaren er her Arnhild Skre, same avis 27. august) - berre forteljaren respekterer innsatsen til dei tre arbeidskollegaene sine: Samlaren, kritikaren og psykologen - som regel fire personar samla i eit fir-einig menneske.

Derimot dreg han ei tydeleg grense mellom biografien og "den biografiske roman". Kriterium: "Biografen har, liksom historikeren, avgitt et taust løfte overfor leseren om at han vil forplikte seg på å operere innenfor det historisk dokumenterbare." Den biografiske romanen "kutter med fullt overlegg forbindelsen til det dokumenterbare ... Denne urene bastardgenre bør henvises til det skjønnlitterære register og leses som et ordinært fiksjonsverk."

Dette er problematisk og luktar positivisme. Eg skjønar kva han meiner, men grensa er slett ikkje så lett å dra. Ein biograf, og ein historikar, er nøydd til å skrive fram ein samanheng mellom kjeldene som ikkje utan vidare er "dokumenterbar". Mange av fortidas psykologiske biografikonstruksjonar liknar vel for vår tid meir på "romanen"? Er ikkje eitkvart forsøk i denne sjangeren ein "bastard"? Her gjeld Knut Kjeldstadli sitt historikar-motto "Lenge leve kjøteren!"

Nei, no må eg gå og samle.

Send ein kommentar.
# lagt inn 10.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix og fotball 

Reportasje frå "slaget om Nord-Noreg", den tradisjonelle fotballkampen 16. mai mellom Tromsø IL og Bodø-Glimt, i år på Alfheim stadion i Tromsø, i Bodø Nu:
Og like før avspark, stående avsynging av vårres nasjonalsang "Å eg veit meg eit land" Det var like før vi reiste oss opp og ba de kutte ut samplinga og til Hel". finne seg sin egen dikter. Elias Blix er Glimt sin mann!

Kva for eit lag har Blix i stallen?

Vel, tilhøvet mellom Bodø-Glimt og Blix har gått inn som ein viktig del av Nordnorsk kulturhistorie (band 2, 1994): "Å, eg veit meg eit land" vart sungen spontant såvel i sorg (tapet for Frigg, 4. runde i cupen 1963, side 388) som i glede (cupfinalesigeren mot Vard i 1975, side 436).

På den andre sida: Blix budde i Tromsø i seks år, men aldri i Bodø. Og melodien er skriven av den legendariske Tromsø-organisten Alfred Thomsen.

Resultatet? Uavgjort 3-3.

Send ein kommentar.
# lagt inn 10.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Min Gud! kor vis er all din Veg, / Kor undarleg din Styrnad!
Min Tanke kann ei fylgja deg / Og lova rett med Vyrdnad,
Kor vist du fører dine Smaa, / Kor vel du Allting lagar / Alle Dagar,
Helst naar det hardt gjeng paa / Og Hjartat raadlaust klagar.

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Ein salme av Brorson om "Guds Forsyn og Regering":

O Gud! Fornuften fatter ej / Din Forsyns skjulte Naade.
Den ubegribelige Vej / Og underlige Maade,
At gøre dine Helgen paa, / At gange og ledsage, / Lede, drage,
Og altid med dem gaa / I alle deres Dage.


Slett ingen dårleg Brorson-salme. Men kva er det med gjendiktinga som gjer at salmen kjem meg så mykje nærmare?

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 10.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix-dans 

"No livnar det i lundar" kjenner eg godt, men ikkje som songdans (laaangt nede på sida, like godt å søkje på "Blix" i dokumentet). Oslo Songdanslag har lansert nett det hausten 2002:
Dansemåte (Vebjørn Bakken, 2002)
Dei tre første linene dansar vi kvilesteg (eller attersteg). På fjerde lina slepper vi framand, held høgre hand i høgre med eigen (tak som i attersteg) og dansar rundt (framover) ein gong på to låste bytomfotsteg.

Send ein kommentar.
# lagt inn 10.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix og politikken 

Dei siste tjue åra av livet finn vi Blix som aktiv deltakar i Venstre-rørsla. I kva grad var dei politiske interessene vekte alt i Tromsø-tida på 1850-talet? Stemmerett hadde han jo ikkje.

Partipolitikk er det enno ikkje tale i Noreg på dette tidspunktet, men interessemotsetnader fanst. Thrane-rørsla kom ikkje til å røre Tromsø nemnande, men det gjorde dei religiøse rørslene; læstadianismen til ein viss grad, "Tromsø-vekkinga" i høg grad. Det kan diskuterast kor mykje sosialt opprør dei var berarar av, men noko var det.

Stortingsrepresentanten frå byane i nord var gjerne ein embetsmann. I kommunestyre og formannskap i Tromsø var det etablert ein "maktbalanse" mellom handverkarar og kjøpmenn, ofte med ein embetsmann i "vippeposisjon." Eitt poeng skal vi merke oss ved dette miljøet:
Mange embetsmenn var konservative. Men i Tromsø går det en tydelig liberal linje fra Wergelandianere som adjunktene O. T. Krogh ("Lille Teodor") og Christie, fram til rektor Blom og rektor Steen, foged M. N. Drejer og postmester (foged) N. J. Nilsen, og videre til 70-80-årenes ledende venstremenn i byen.
(N. A. Ytreberg, Tromsø bys historie 1, 672)

Denne "liberale linja" har nok vore viktig for Blix. Særleg sterkt feste hadde ho blant skolefolk. Hans Blom og Johannes Steen hadde Blix personleg kontakt med; han tok privattimar hos båe med tanke på å ta artium. Johannes Steen skulle han treffe att i Christiania som Venstre-representant på Stortinget og seinare som statsminister. Ein annan kjenning frå Tromsø sat òg på tinget for Venstre medan Blix var statsråd i Sverdrup-regjeringa: Lærar T. O. Fosse.

Send ein kommentar.
# lagt inn 10.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.9.03

Volda 

Høgskolen i Volda kan by på meir enn Ivar Aasen-instituttet og bibelfaglege internett-guruar. "Dataspill er sunt, " kunngjer Torill Elvira Mortensen, som tek doktorgraden på slike spel til fredag, i Aftenposten og Vårt Land i går (og sikkert i ei rad andre media, ettersom saka i Vårt Land kjem frå NTB).

Ho er dessutan ein sentral norsk bloggar, under mottoet "thinking with my fingers."

Lukke til med disputasen fredag - både til doktoranden og til høgskolen, som for første gong er ansvarleg for slik ei tilskiping.

Send ein kommentar.
# lagt inn 9.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Eg gjeng i Faare, kvar eg gjeng. / For Satan med si Snara
So tidt i Vegen seter Steng, / Kvar helst eg fram vil fara.
Hans arge Raad og List / Meg leider lett i Mist;
Eg difyr saart til Varsemd treng. / Eg gjeng i Faare, kvar eg gjeng.

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

"Jeg gaaer i Fare, hvor jeg gaaer" er ein av dei mest populære Brorson-salmane. I Nokre Salmar er dette den første av tre under overskrifta "Trengsla og Trøyst".

Redigering av salmebøker er eit kapittel for seg. Tradisjonelt var hovudinndelinga etter kyrkjeåret. Kvar sun- og helgedag hadde sine salmar. Når pretensjonane om ei fullstendig nynorsk kyrkjesalmebok vert tydelege, det vil seie med fjerde utgåva av Nokre Salmar (1891), skal Blix og gjennomføre ein slik disposisjon. Men i dei tidlegare utgåvene er disposisjonen tematisk. Det er interessant at den nyaste kyrkjesalmeboka, Norsk Salmebok (1985), har forlate kyrkjeårsprinsippet og gått over til ein tematisk disposisjon, mellom anna med eit avsnitt med overskrifta "Trengsle og trøyst" (salmane 455-478).

Oppdatering 16.09.2003: Den samiske kyrkjesalmeboka Gir'ko-sal'bmagir'ji (1957) "er ordnet saklig etter innholdet. Slik er den en viktig forløper for den nye norske salmeboken" (Arne J. Eriksen, "Salmebokutgaver og -utkast i norsk kirkehistorie," En ny sang for Herren, Oslo 1981, s. 151).

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 9.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.9.03

Dagens Blix 

Kor fager skal Guds Kyrkja staa / Og fyr hans Aasyn Ynde faa,
Naar alle Hjarto samde er / Og i den same Tanke slær:
At elska Gud og halda fram / I Broderkjærleik, Fred og Sam!

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Under overskrifta Broderkjærleik; inkluderande språkbruk var enno ikkje eit krav til salmebøker. Nok ein Kingo-salme, til tonen "Fader vor udi Himmerig."Sam, n. Enighed, Samdrægtighed" (Aasen, Ordbog over det norske Folkesprog, 344)

Send ein kommentar.
Laurdagens Blix.
# lagt inn 8.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.9.03

Blogg og bibel 

Vevloggar på eit høgt fagleg nivå er i ferd med å bli eit viktig medium innan den sers spesialiserte bibelforskinga. Fenomenet er heilt nytt. Ein pioner, og ei direkte inspirasjonskjelde for BlixBlog, er PaleoJudaica.com, Jim Davila (St. Andrews, Skottland) sin vevlogg om jødedommen i antikken, som har vore i gang sidan mars i år.

For ei vekes tid sidan kom Mark Goodacre (Birmingham) med NT Gateway Weblog, inspirert av Jim, den og, som eit supplement til den veletablerte nettportalen hans, The New Testament Gateway.

På dette området er det for øvrig grunn til å vere patriot: Ein av dei eldste, beste og mest anerkjente nettportalane innan bibelforsking vert driven frå Volda: Torrey Seland sin Resource Pages for Biblical Studies er i dag kan hende det internasjonalt best kjende produktet frå det norske bibelfaglege miljøet?

Send ein kommentar.
# lagt inn 7.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.9.03

Dagens Blix 

Herre Jesu Krist! / Eg veit so visst,
Du er min Frelsar aaleine.
Eg trur paa deg. / Forlat ei meg! / I all min Veg
Meg huggar dit Ord det reine.

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Hans Christensen Sthen (1544-1610) har skrive "Du, herre Krist, min Frelser est."

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 6.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.9.03

Frå Salten til Aasen 

Salten mållag er ein peikar verd! Her kan du til dømes lese kva Kjellrunn Trohaug har å fortelje om "Elias Blix, landsmålet og julesalmane." Nett no har eg stor glede av Ludvig Kvandal sin artikkel "Frå nordnorsk til nynorsk." Eg grunnar stadig over kva det var ved Aasens Det norske Folkesprogs Grammatik som kunne verke så sterkt på den unge Elias Blix at han vart målmann over natta, mot alle odds, i Tromsø på 1850-talet. Sjølv har han sagt at nærleiken til hans eige talemål var grunnleggjande. Så eg treng å vite meir om målføre i Salten.

Hyggjeleg gevinst av denne nett- og tankevandringa: Ny kontakt med min gamle kollega Kåre Fuglseth, sunnmøring av opphav, KRL-lærar ved Høgskolen i Bodø av yrke, målmann av overtyding og datafrelst i ein grad som kan vere i konflikt med det første bodet. Men takk for hjelpa, Kåre!

Førre peikaren.
Send ein kommentar.
# lagt inn 5.9.03
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

På myken Styrke, Magt og Stand, / Paa Rikdom, Vit og Vinahand
Vil Verdi jamnan stydja seg, / Men eg til Gud vil halda meg.
Han skapte Himmel, Hav og Jord, / Han aldri sviker i sitt Ord.

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Etter Hans Thomissøn (1532-1573), grunnleggjaren av dansk-norsk salmeboktradisjon gjennom utgjevinga av Den danske Psalmebog med mange christelige Psalmer / Ordentlig tilsammensett / formeret oc forbedret (1569).

Det andre verset av "Til Gud eg lyfter Augat mitt" er attgjeve her, mest på grunn av bokstavrimet. "Vinahand" av "Vin" = "ven", sjå Aasen, Ordbog over det norske Folkesprog (1850/2000), 498.

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 5.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.9.03

Gudbrandsdølane 

Så er gudbrandsdølane over oss: Lomværen Knut Hamsun og kvamværen Ingar Sletten Kolloen. Eg har ikkje noko imot gudbrandsdølar; eg har vore prest i dalen i fem år (Nord-Fron og Ringebu). Men det sals- og medieapparatet biografien Svermeren har rundt seg, gjev meg ulyst til å lese sjølve boka (sjølvsagt er det misunning med i biletet, men ikkje berre). Eg blir vel nøydd, av faglege grunnar, i det minste.

Eg har notert overstrøymande melding i Aftenposten (Terje Stemland), noko meir samansett i NRK (Tom Egil Hverven) og Dagbladet (Bo Bjørnviger) - pluss dr. Per Sundes debattinnlegg "Når skal Hamsun få hvile?" i Aftenposten i dag:
Mitt hovedpoeng er: om tidsperspektivet er ett eller 200 år, tross skiftende tider og historiens gang - dere har ikke lov til å blottstille en del av de opplysningene som dere får tilgang til. Menneskets taushetsbelagte ytringer, nå Hamsuns fortrolighet til sin psykoanalytiker, må urokkelig være unndratt senere analyse i full offentlighet. Det blir ellers ingen personlig arena tilbake.

Siste ord er nok ikkje sagt med det. 17. september er det Bokbadet.

Send ein kommentar.
# lagt inn 4.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Bibelspråk 

I dag har eg vore på seminar om bibelspråk og omsetjing i regi av Bibelselskapet. Seminaret var dels ei evaluering av revisjonsarbeidet som er gjort dei siste åra med Det nye testamentet, dels ei oppvarming til det tilsvarande arbeidet med Det gamle testamentet, som tek til frå nyttår.

Eg skal vere med som omsetjar i dette prosjektet, og i dag fekk eg treffe dei andre. Alle er gamle kjende: Hans Johan Sagrusten (jamvel teiknar og tekstforfattar, vinnar av sonettekonkurransen i NRK P2 i fjor) og Elisabeth Levy (tidlegare busett i Jerusalem, no i Skien. Ho er forresten med i ei barnebok eg har skrive) frå Bibelselskapet, Rannfrid Thelle frå Teologisk fakultet, og ankermannen, Magnar Kartveit frå Misjonshøgskolen.

Dei viktigaste personane på seminaret var likevel forfattarpanelet: Edvard Hoem, Paal-Helge Haugen, Inger Bråtveit, Jon Fosse, Jan Jakob Tønseth og Hanne Ørstavik. Første del av dagen gjekk med til reaksjonar på det nyaste nytestamentet. I andre del arbeidde vi med gammaltestamentlege tekstar (Jesaja 1 og 2. Mosebok 17) i grupper, eit par omsetjarar, eit par forfattarar og ein eller to frå Bibelselskapet i kvar gruppe. Eg har sjeldan hatt ein meir interessant arbeidsdag. Det lovar godt for det vidare arbeidet. Eg vonar Bibelselskapet vil prioritere å dra inn litterær kompetanse der òg.

Kjelde for bibelsitata: Bibelen.no
Send ein kommentar.
# lagt inn 4.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Presteleiar 

Gratulasjonen i dag går til Ingeborg Midttømme, som i går vart vald til den første kvinnelege leiaren i Den norske kirkes presteforening.

Samtidig må følgjande påstand om Ingeborg frå Kurt-Johnny Olsen i Aftenposten dementerast på det mest bestemte: "Har flere etterutdanningskurs i blant annet lederutvikling og kvinnemishandling."

Ta det roleg, Ingeborg mishandlar ingen.
# lagt inn 4.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Paa Gud aaleine / Eg lit i Livsens Strid.
Hans Ord det reine / Veit Raad i rette Tid.
Han alle Stader / Meg fører fri og sæl.
Alt, som meg skader, / Han vender av so vel,
Den gode Fader, / Den Gud Immanuel.

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Under overskrifta "Tillit til Gud" finn vi tre omsette salmar. Ein bør nok ikkje misforstå det når Blix oppgjev at denne er "etter ein gamall dansk."

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 4.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Essayets dogmatikk 

Det har gått ein del tid til essay-kurset dei siste dagane. I dag (som no er blitt i går) tråkla eg i hop eit første utkast til den obligatoriske øvinga: å skrive "et essay om essayet som sjanger." Om denne forma for meta-litteratur har Ottar Grepstad desse oppmuntrande orda:
Når den biografiske framstillinga blir drøfta, skjer det aldri ved å skrive biografiar. Men når essayet skal drøftast, då blir det gjerne skrive essay. Viss det er slik at essayistikken som sjanger er vanskeleg å få tak i, har nok dei mange essaya om essayet vore ei viktig årsak til dette (Det litterære skattkammer: Sakprosaens teori og retorikk, 228).

For min eigen del samanliknar eg essayistikken med den luthersk-ortodokse dogmatiske tradisjonen. Tese: Den normative essay-teorien har sin eigen dogmatikk, sine lærefedrar, sine kjettarar og sine prestar. Eg sluttar med eit utkast til katekisme for essayistar (Første parten: Boda). Vi får sjå om det er liv laga.
# lagt inn 4.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.9.03

Dagens Blix 

Guds Ord det er vaart Ervegods. / Me vaare Born det læra.
Gud giv oss i vaar Grav den Ros: / Me heldt det høgt i Æra!
So lenge Soli renn, / So lenge Verdi stend,
Um Allting undan kvarv, / Lat daa ditt ord i Arv
I vaare Ætter ganga!

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Grundtvigs (1783-1872) originaltekst lyder:
Guds Ord det er vort Arvegods, / Det skal vor Afkoms være,
Det være skal i Grav vor Roes, / Vi holdt det høit i Ære;
Det er vor Hjelp i Nød, / Vor Trøst i Liv og Død,
O Gud ! ihvor det gaaer, / Lad dog, mens Verden staaer,
Det i vor Æt nedarves!


Opprinneleg er dette femte verset av salmen "Guds Kirke er saa fast en Borg" (1817), ein parafrase over "Ein feste Burg ist unser Gott." Men det er dette eine verset som er blitt ståande, både i dansk og norsk tradisjon, med status nesten som kyrkjeleg nasjonalsong. Midnattsgudstenesta i Vår Frelsers kyrkje (Oslo domkirke) som markerte inngangen til det 20. hundreåret vart til dømes avslutta med nett dette salmeverset.

Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 3.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.9.03

Avis og blogg 

Avislesing på Nasjonalbiblioteket i dag, framleis Tromsø-aviser frå 1850-talet.

Avisa var den tidas blogg: Redaktøren gjekk gjennom posten, fann interessante ting i aviser frå inn- og utland, klipte, omsette og trykte - gjerne med ein redaksjonell kommentar. Kjeldene er oppgjevne, ikkje noko tull der (derimot var lesarinnlegg oftast anonyme, noko som gav grunnlag for mykje god ryktespreiing).

Det er likevel eit par skilnader. Den eine er hypertekst. Det var noko meir omstendeleg for lesarar på 1850-talet å orientere seg vidare. Den andre er tidsfaktoren. Nyheiter i 1850-talsavisane var ofte fleire veker gamle. Første meldinga om dei dramatiske hendingane i Kautokeino 8. november 1852 stod til dømes i Tromsø-Tidende 2. desember. Men da hadde rykta gått i mange dagar alt.

Så inneheld Tromsø-Tidende stadig klager over postgangen og kommunikasjonane, sjølv om dampskipsruta med postgang i sommarhalvåret (frå 1838) gav tydeleg betring samanlikna med "fjellposten" gjennom Sverige via Haparanda.

Send ein kommentar.
# lagt inn 2.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Mellompartia 

Noreg vil vere best tent med at Kristeleg Folkerparti, Venstre og Senterpartiet forsvinn frå norsk partiflora, meiner Carl I. Hagen: "Hagen mener at Norge ville fått et mer ryddig og mer forutsigbart politisk landskap uten sentrumspartiene, skriver Dagbladet" (eller var det Dagsavisen, tru?)

Ingen veit kvar haren hoppar eller Framstegspartiet landar. "Forutsigbart"?

Elias Blix var forresten venstremann. Men det var før Venstre vart "mellomparti."

(OPPDATERING:) Jau, det var visst Dagbladet som var kjelda, men på papir: "Norge trenger ikke KrF" med krigstypar over heile førstesida. Det kunne vere interessant å reise spørsmålet om Noreg treng Framstegspartiet, men så mange spørsmål får ikkje plass i tabloid.
# lagt inn 2.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Guds Ord det er eit heilagt Sverd, / Som saara maa ei syndug Verd,
Men og kann Saaret grøda.
Snart talar Gud i heilag Logn, / Snart tek han Toresky til Vogn,
Hans Ord i Ljonet gløda.
I Eld / Paa Fjell
Fer han neder, / Gjenom Veder / Høgt det tonar,
Kor Guds Log mot Syndi ljonar.

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

Under overskrifta "Guds Ord" i dette heftet har Blix to salmar med same byrjingsorda: "Guds Ord det er ...," utan tvil inspirert av Grundtvigs "Guds Ord det er vårt arvegods." Omsetjinga av den kjem i morgon. Salmen i dag er ein originalsalme, og på fleire måtar ein typisk Blix-tekst. Kombinasjonen av den fine bibelske intertekstualiteten og naturbileta (som òg gjerne har bibelsk bakgrunn) kjem kan hende best til uttrykk i opninga av tredje verset:

Guds Ord det er mitt Siloam / Der Livsens Kjelda sildrar fram,
Som Herrens Hage vatnar


Den bibelske bakgrunnen for det første verset er særleg å finne i Hebrearane 4,12, Salme 104,3 og 2. Mosebok 19.

Kjelde for bibelsitata: Bibelen.no
Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 2.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.9.03

Bibliotek og val 

Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening er med på å sende oppmodinga "VELG BIBLIOTEKET" til politikarane. Bibliotekaksjonen og AKSJON Utvid innkjøpsordningen står bak. Onsdag 3. september er det markeringar på mange stader i landet. Ved Deichmanske bibliotek i Oslo held markeringa fram torsdag 4., med paneldebatt der kulturministeren møter representantar for kommunane, biblioteka og forfattarane.
# lagt inn 1.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Den Naud og Trengsla, som eg lid, / So lenge Kyrkja er i Strid,
Den skal eg fulla gløyma,
Naar eg med alle Helge kved / Ein Sigersong i evig Fred,
Og Tonar fram skal strøyma!

----------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye II, Christiania: Det norske Samlaget, 1870

"Den sigrande kyrkja" står det som overskrift over salmen. Det er ikkje heilt dekkande. Salmen ber preg av individuell himmel-lengsel. Teksten er "etter Kingo," og tonen er oppgjeven som "Om Himmerig vi tale vil." Eg har ikkje Kingos salmebok, og i dag må eg melde pass: Eg finn korkje originaltekst eller -melodi. Kan nokon hjelpe?

Send ein kommentar.
Laurdagens Blix.
# lagt inn 1.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?