<$BlogRSDUrl$>

28.6.07

På reisefot 

Og no reiser BlixBlog på festspel. I kveld er staden Volda kyrkje.
# lagt inn 28.6.07 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.6.07

Grand op(e)ning 


tek til i dag. Av programmet for kvelden nemner eg:
19.00–20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet
OPNINGSHØGTID
Programleiar: Maria Parr
Magnar Åm (flygel): Festspelfanfare av Roar Goksøyr Lillebø
”Sjølv tillit trengst”. Opningstale ved May-Helen Molvær Grimstad, leiar familie- og kulturkomiteen i Stortinget
Allsong: Fang sommarens ange i natt
Erna Osland les originaltekst
Astrid Simonnes, Hilde Renate Sætre og Ingeborg Widerøe Rotevatn syng frå Med lys er skipet lasta (tekstar Jan Ove Ulstein, musikk Magnar Åm)
Utdrag frå teaterstykket Kor vart det av jula? av Rune Belsvik med musikk av Goos ten Napel, etter tre bøker av Rasmus Løland. Dramaelevar frå Kulturskulen i Suldal, instruktør Anne Elisebeth Skogen
Utdeling av prisen Årets nynorskbrukar 2007
Astrid Kloster Særvoll (song)

21.00–22.00 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Opningskonsert: Spor i vest
Konsert med musikk av Kenneth Sivertsen
Astrid Kloster Særvoll (song), Karl Dag Kjosavik (kontrabass), Atle Hundsnes (tangentar), Stein Inge Brækhus (trommer), Stig Roar Wigestrand (fele) saman med Magnar Åm
Les meir.
# lagt inn 27.6.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmenytt 

frå Vårt Land i dag:

I.
Rolf Jacobsen i Salmeboka
De folkekjære lyrikerne Rolf Jacobsen og Olav H. Hauge er så langt med i forslaget til ny salmebok for Den norske kirke.
Les meir.

II.
Kamp om religiøse folketoner
Når Den norske kirke får ny salmebok, vil en del av de gamle salmene falle ut. Folkemusikeren Unni Løvlid frykter dette vil gå ut over folketonene. I en sak i Spelemannsbladet går hun kraftig ut mot revideringen
Les meir.
# lagt inn 27.6.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.6.07

Blix mot Dass 

"Blix" i dette Aftenposten-innlegget viser seg å vere Rune Blix Hagen. Ny runde i Petter Dass-feiden, med andre ord. Eg gjer merksam på innlegget fordi det er godt, og fordi det er skrive av ein av mine desiderte favoritt-historikarar, Narve Fulsås ved Universitetet i Tromsø (du MÅ lese Havet, døden og vêret! Boka om Ernst Sars er òg god). Eit karakteristisk sitat illustrerer stilen i Fulsås' analytiske prosa:
Kritikken mot dei som skal ha etablert eit falskt Dass-bilete på 1800-talet, er at dei reiv han laus frå si autoritære samtid. På same tid er Hagens kritikk av Petter Dass forsyne meg at han tilhøyrde si eiga samtid, og ikkje vår demokratiske tidsalder, og at derfor må vi fordømme han.
Få òg med deg visitten til Jostein Fets bokhistoriske arbeid.
# lagt inn 25.6.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.6.07

Branding 


"Det nye liberale Ministerium af 26de Juni 1884" i stofftrykk på raud bunn, som tørkle eller duk eller kva det no kan vere. Kyrkjestatsråd Elias Blix til høgre i midtre rad. Dette er slett ikkje einaste døme på denne typen produkt frå 80-åra, eg har sett avisannonsar for "Buxeseler med Statsm. Sverdrups Billede", og det finst eit liknande stofftrykk med Riksretten av 1883 som motiv.

Kor eg har fått dette frå? Det seier eg ikkje. Eg vil berre seie at det finst utruleg mange hyggelege, interessante og hjelpsame menneske.
# lagt inn 23.6.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Overveldet av salmer 

I går var jamvel Dagbladet "overveldet av salmer". Verda er ikkje til å kjenne att.
# lagt inn 23.6.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Forseinka gullkorn 

frå Adresseavisen 29. mai: "Det livnar i lundar, og de beste rosévinene fra 2006 er på vei inn på markedet for fullt".

Redaktøren i Adresseavisen, Arne Blix, har så vidt eg veit ikkje noko med salmediktaren å gjere.
# lagt inn 23.6.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.6.07

Nansen-musikk 

Nordlys (papirutgåva) presenterte 6. juni ein ny dokumentarfilm om Fridtjof Nansen, regissert av Kurt Salo. Filmen "Polhavets pionerer" kjem på NRK til hausten, ser det ut til. Verkeleg interessant (for BlixBlog) blir denne passasjen:
- Jeg fant mye unikt materiale ved Nasjonalbiblioteket. Spesielt bildene fra ekspedisjonen er fantastisk flotte og detaljerte, sier Salo.
På ett av disse bildene oppdaget Nils P. Johansen [som lagar filmmusikken], kjent som ene halvdelen av Bel Canto, et gammelt trøorgel.
- På bildet satt Nansen og spilte på dette orgelet, og etter det vi har funnet ut var det mye av Edvard Griegs musikk som ble spilt om bord - Nansen og Grieg var nemlig nære venner, sier Johansen.

Effektiv musikk
Dermed gikk turen til Tromsø Museum, hvor Johansen fant hele tre orgel av samme type som på Fram.
- Jeg valgte ut det ene, som faktisk ble brukt til å komponere sangen "Eg veit meg eit land", så det var med en viss ærefrykt jeg tok fatt på oppdraget, smiler musikeren, og forteller at han hentet ut lyder fra orgelet, som han deretter brukte til å lage låter basert på Griegs komposisjoner.
- På denne måten forsøker jeg å gjenskape stemningen om bord, sier Johansen, og mener musikken fungerer veldig godt sammen med de gamle bildene fra freden [SIC].
Av dette kan ein slutte at orgelet må ha tilhøyrt Tromsø-organisten Adolf Thomsen. Her høver det å minne om Elias Blix' vesle hyllingskvad til Nansen.

Nordlys-klippet har eg fått via Gulbrand Alhaug og Terje Aarset.
# lagt inn 18.6.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.6.07

Ikonoklasme 

Eg har forsømt meg på mange vis i vår, mellom anna har eg ikkje fått oppdatert lesarar av BlixBlog om den store Petter Dass-debatten, sett i gang av den kritiske Dass-biografien til Kåre Hansen. Debatten er på ingen måte død, i dag har spesialist på heksekunst ved Universitetet i Tromsø, Rune Blix Hagen, ein kronikk i Aftenposten under overskrifta "Redd Dass fra beundrerne".

Om sjølve saka har eg inga eiga velgrunna oppfatning, men prinsipielt meiner eg det er all grunn til å pirke i ikon. Nyanserte bilete må vere av det gode. Så får ein heller ta sjansen på at eit og anna ikon kan kome til å gå i oppløysing. Dei fleste greier seg nok lell.
# lagt inn 15.6.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.6.07

Blix-utstillinga 

Badebyen.no: "OSCARSBORG: Rikke Petersson bærer bunker med Blix-tegninger inn i Galleri Kommandanten på Oscarsborg Festning for å gjøre alt klart til utstillingsåpningen lørdag ettermiddag. Ragnvald Blix var en norsk kosmopolitt, som vi liker å smykke oss med når vi snakker om avistegnere av verdensformat."
# lagt inn 8.6.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?