<$BlogRSDUrl$>

30.11.08

Elstad VIII: Teologen 

Hallgeir Elstad, NTT 3-2008, s. 267:
Teologen Blix er merkeleg fråverande i denne biografien. Det kunne vore spennande om biografen hadde freista å teikne ein teologisk profil av Blix ut frå salmane hans. Truleg ville òg ein grundigare analyse av eksamenssvara hans til teologisk embetseksamen ha kasta noko av seg. ... Og kva med tilhøvet til grundtvigianismen?
Dette må eg ærleg vedkjenne at eg ikkje forstår. Kva i all verda meiner Elstad med at "teologen Blix" er "fråverande"? Eg vil meine at eg har gått grundigare inn på hans formatio som teolog enn nokon annan biograf hittil, Elstad inkludert. Den handlar slett ikkje berre om teologisk embetseksamen, men la meg no ta unna dette først. Elstad:
Svara til Blix blir karakterisert som "flinke", men utan at Aschim tek seg bryet med å gå nærare inn på det innhaldsmessige i dei. Han konstaterer at Elias Blix er "solid fundert i den luthersk-ortodokse skolastikken, slik den er formidla gjennom Gisle Johnsons teologisk-psykologiske system" (s. 144). Som lesar er eg nyfiken på korleis denne profilen kjem til uttrykk i eksamenssvara.
No er eg ikkje sikker på at andre lesarar er like nyfikne som Elstad på dette punktet, men OK. Eg har faktisk teke bryet med å transkribere, lese og tenkje gjennom desse eksamenssvara, og eg meiner min samanfattande karateristikk er adekvat. Elstad og andre er velkomne til å etterprøve, eg har kommentert samtlege eksamenssvar her på bloggen, ein kan ta til her og nøste seg bakover. Fleire av svara ligg også ute i fulltekst, mellom anna svara i kyrkjehistorie og etikk.

Forminga av teologen Elias Blix begynner mykje tidlegare, i heimen, skolen og kyrkja i Gildeskål, for ikkje å snakke om på seminaret i Tromsø. "Seminarist-teologien" er karakterisert på s. 68-69, det johnsonske systemet på s. 130-131. Ein kan innvende at eg gjer for lite ut av skilnaden mellom Caspari og Johnson, særleg når det gjeld kyrkjesyn. Det er vel rimeleg å karakterisere C. som meir høgkyrkjeleg og mindre pietistisk enn J.

Og eg har "teikna ein teologisk profil ut frå salmane" til Blix. Den er samanfatta på s. 173, under analysen av "I Edens sæle Sumar": "Elias Blix er ein norsk rabbinar som ser verda frå Edens hage."

Eg har ein mistanke om at det er i setninga om grundtvigianismen Elstads agenda kjem til syne. Eg har ikkje sett Blix i bås, eg har ikkje låst han til nemningar som "pietist" eller "grundtvigianar".

Vel, må eg det, så er Blix meir av det første enn av det siste. Men han har meir med seg av den tradisjonelle oppsedingskristendommen frå statspietismens og Pontoppidans tid enn av dei nye vekkingsrørslene, sjølv etter fleire år under Gisle Johnsons kateter. Meiner eg. Dette trur eg også er noko av grunnen til den breie populariteten salmane hans har oppnådd. Teologisk formidlar han ein felles arv frå den statspietistiske folkekyrkja på 1700-talet meir enn dagsaktuelt 1800-talskonfliktstoff. Dette "gammalkyrkjelege" preget er det fleire kommentatorar som har peikt på, mellom andre Eivind Berggrav.

Når det er tale om kjelder: Eg trur det er meir teologi å få ut av førelesingane til Blix enn av eksamenssvara hans. Her er det enno arbeid å gjere. Alle som har prøvd å lese gamle eksegetiske førelesingar, veit at ein skal gjennom mykje knastørr filologi før ein finn eventuelle gullkorn. Men manuskripta finst i Nasjonalbiblioteket i Oslo, det er berre å gå i gang, for den som har mot til det. Eg har berre gått systematisk gjennom ein del av manuskriptet til 1. Mosebok; det finst nokre nedslag av det i boka. Der handlar det mest om møtet med moderne kritisk bibelforsking, som Blix nok aldri heilt greidde å ta inn over seg.

Med dette sluttar eg diskusjonen av meldinga til Hallgeir Elstad, ei lesing eg altså er djupt usamd med på viktige punkt, men som eg alt i alt likevel er svært takknemleg for. Eg kostar på meg avslutninga hans:
Til slutt: Det er samla sett eit solid arbeid Anders Aschim har levert. Elias Blix - ikkje minst salmane hans - spelar ei viktig rolle i den norske kulturhistoria. Biografien fortener å bli lesen av alle med interesse for denne historia.
Elstad VIII: Teologen
Elstad VII: Salmane
Elstad VI: Gildeskål 1866
Elstad V: Statsråd
Elstad IV: Klassereise
Elstad III: Tittelen
Elstad II: Grundtvig
Elstad I: Retorikk
# lagt inn 30.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

28.11.08

Elstad VII: Salmane 

Hallgeir Elstad, NTT 3-2008, s. 266:
Aschim gjennomfører fleire gode og perspektivrike salmeanalysar. Ein skulle hatt fleire av dei! Det er grunn til å etterlyse ein meir samlande analyse av Blix-salmane.
Her får eg takke og bukke, men eg må gjere merksam på at sjølv i ei framstilling på 600 sider ligg det ei rad avgrensingar og val.

Eg måtte tidleg velje korleis eg skulle handtere salmane til Blix. På den eine sida: Det er dei som lever vidare som hovudverket hans. På den andre sida: Boka skulle vere ein biografi, ikkje ein analyse av eit litterært livsverk.

No finst det alt fleire gode samla analysar av Blix-salmane. Dei viktigaste er magistergradsavhandlinga til Oskar Søndeland og hovudoppgåva til Tove Bull. Kortversjonar finst i bokform, i Blix-bøkene til Reidar Bolling og Egil Elseth.

Alle desse framstillingane er synkrone. Dei tek utgangspunkt i den fjerde, siste og største utgåva av Nokre Salmar (1891) og Salmar og Songar (1900) og analyserer salmetekstane som ei samanhengande flate, der dei kartlegg idear og tema systematisk. Eg har brukt ein diakron innfallsvinkel. Eg ville prøve å kartleggje korleis salmeverket til Blix har vakse fram over tid, korleis det har påverka og er blitt påverka av andre sider ved livet hans. Dessutan ville eg vite noko om det tekstproduksjons- og distribusjonsapparatet som spreidde salmane. Her har eg hatt god nytte av det tverrfaglege perspektivet som gjerne går under namnet "bokhistorie".

Eg var tidleg klar over at den samlande analysen Elstad etterspør, ville sprengje rammene for boka fullstendig. Løysinga blei å gje nokså inngåande analysar av eit nokså lite utval salmar. Men, og det er eit viktig poeng: Dei utvalde salmane er meint å vere representative, både i tid og tema. Ei liste over desse analysane følgjer:
I tillegg har eg gjort litt ut av eit par ungdomsdikt.

Ei anna avgrensing eg måtte gjere, handla om resepsjonen av Blix-tekstane, altså korleis dei blei tekne imot og brukte. Her måtte eg kort og brutalt setje punktum ved forfattarens død, sjølv om eg veit vel at kampen for Blix-salmane var ein av dei viktigaste frontane (og ein av dei viktigaste sigrane) for målrørsla i dei to første tiåra av det 20. hundreåret. Slik er det berre. Her er plass til to bøker til: Ein ny samla analyse av Blix-salmane og ei historie om korleis salmane slo igjennom i kyrkjeleg bruk, til dei grader at Blix pr. dato er den opphavsmannen som har flest tekstar i Norsk Salmebok.

Dementi: Elstad har sitert meg på følgjande utsegn: "I norsk samanheng er det ingen som har drive det interkontekstuelle spelet med bibeltekstar så langt og så konsekvent som Elias Blix" (s. 173). Eg har sjekka sitatet. Det står heldigvis "intertekstuelle", som det skal. Dette er det viktig for meg å få sagt.

Elstad VIII: Teologen
Elstad VII: Salmane
Elstad VI: Gildeskål 1866
Elstad V: Statsråd
Elstad IV: Klassereise
Elstad III: Tittelen
Elstad II: Grundtvig
Elstad I: Retorikk
# lagt inn 28.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Peters stol 

Så er det offisielt frå statsråd: Halvor Nordhaug, i dag praktikumsrektor ved Menighetsfakultetet, blir ny biskop i Bjørgvin. Han skal altså ta over bispestolen til Peter Hognestad og Ragnvald Indrebø.

Det var på høg tid. Halvor har vore ein sterk bispekandidat ved fleire høve. Han har førebudd seg godt til å ta over Peters (altså Hognestads) stol, mellom anna ved å levere svar på nynorsk i den skriftlege intervjurunden Bispedømmerådet tok initiativ til som ein del av grunnlagsmaterialet for den lokale avrøystinga.

Eg høyrer (NRK Dagsnytt kl. 12.00) at nybispen blir karakterisert som "konservativ". Nokon kjem til å bli overraska.
# lagt inn 28.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.11.08

Elstad VI: Gildeskål 1866 

Hallgeir Elstad, NTT 3-2008, s. 266:
Eit tema som har vore mykje drøfta i Blix-litteraturen, er kvifor han ikkje vart prest. Men også dette spørsmålet blir litt borte i framstillinga. Underkapitlet som handsamar saka startar med å presentere ei rekkje "facts" om heimplassen og kva som har endra seg der sidan Elias Blix reiste derifrå i 1859. Først heilt mot slutten av det tredje avsnittet kjem forfattaren til saka: "Sokneprest Daae spelar hovudrolla i den mest omdiskuterte episoden i livshistoria til Elias Blix" (s. 145). Men ein slik viktig episode i Blix sitt liv kan ikkje introduserast så bortgøymd som her. Igjen er det tydeleg at forfattaren har vanskar med å presentere det viktige framfor det mindre viktige.
Å nei, eg er ikkje ferdig med bokmeldinga til Elstad på ei god stund enno. Eg har det med å bli spydig når eg blir irritert, det er litt dumt, særleg på internett, så eg får freiste å kommentere nøkternt, sjølv om det er vanskeleg på akkurat dette punktet. Lat meg berre nemne at denne innvendinga er som klipt ut av Dag Kulleruds melding i Aftenposten tidlegare i år:
Enkelte partier blir også unødvendig tunge på grunn av mangel på prioritering i fremstillingen av materialet. Et eksempel: På side 145 står undertittelen «Farvel til Gildeskål». Den nettopp ferdigutdannede teologen kommer til hjemtraktene i Gildeskål for siste gang. De første avsnittene tar for seg stort og smått. Så, etter nesten en side, kommer denne setningen, nærmest i likegyldig flukt med det trivielle som er skildret: «Sokneprest Daae spelar hovudrolla i den mest omdiskuterte episoden i heile livshistoria til Elias Blix». Slik kan ikke det «mest omdiskuterte» presenteres. Det må frem. Dersom setningen var blitt plassert rett etter undertittelen, ville «farvelet» fått en annen brodd, intensiteten i teksten ville blitt styrket. Nå må vi lese mer eller mindre likegyldige opplysninger før vi kommer til poenget. ...
Vel, eg takkar for belæringa frå biograf Kullerud og kyrkjehistorikar Elstad. Det er berre det at dei tek feil. Den omtala hendinga, da soknepresten i Gildeskål skal ha nekta nybakt cand. theol. Elias Blix å preike i heimekyrkja si, er rett nok den mest omdiskuterte episoden i livshistoria til Blix, men samtidig den suverent mest overvurderte, spør du meg. Det som er hovudsaka for Kullerud/Elstad er altså av underordna betydning for meg, men eg har høgst motvillig vore nøydd til å bruke ein god del plass på å diskutere den famøse episoden.

Langt viktigare er dei "mer eller mindre likegyldige opplysninger" (Kullerud)/ "ei rekkje 'facts' om heimplassen" (Elstad) som meldarane helst vil hoppe over. Det første avsnittet handlar om ein av dei mest sentrale bipersonane i boka, heilbroren til Elias Blix. Dessverre har eg vore slepphendt i korrekturlesinga av registeret, så denne personen går under to namn, "Pedersen, Ole Pareli" og "Ravik, Ole". Den som har høve til å bruke litt meir tid på lesinga enn bokmeldarar under tidspress, vil vonleg få auge på at broren dukkar opp ved fleire krossvegar som ein viktig raud tråd i framstillinga.

Ei av dei vanskelegaste grøftene å styre unna for ein biograf, er den deterministiske: Det gjekk som det måtte gå, Elias Blix var fødd til å bli den store salmediktaren, bestemt til det av lagnaden eller forsynet eller kva det no kan vere. Eg skal ikkje utelukke tanken om guddommeleg forsyn, men ein historisk biograf har ikkje det privilegiet å sjå Gud i korta. For meg blir Elias Blix den han blir gjennom ei rad bevisste og ubevisste val, ved hjelp av hardt arbeid, gode hjelparar og ein god porsjon flaks. Historia kunne vore annleis. Dette såkalla "kontrafaktiske" perspektivet meiner eg er ei god hjelp mot å gå i den deterministiske grøfta.

Og her kjem Ole Pedersen Ravik inn i bildet. Han gir nemleg gode svar på spørsmålet "Kva var alternativet?" Han hadde same bakgrunn som broren, var like skoleflink, stod like langt framme på kyrkjegolvet med beste karakter til konfirmasjonen. Men han valde annleis og slo seg ned som ein svært vellukka (så vidt eg kan bedømme) fiskarbonde på Sandhornøya. Eg siterer det "likegyldige" første avsnittet på s. 145 i sin heilskap, med fare for å verke like belærande som d'Hrr bokmeldarar:
Mykje er forandra. Da han forlét heimstaden i 1859, var veslebroren Ole Pareli framleis berre tjue år og heimeverande arbeidskar på Volden. No er han veletablert, nygift med Gjertine Kirstine Mentzoni og sjølveigar på eigen gard. Ravik ligg om lag sju kilometer frå Våg, inst i vika på nordsida av Sandhornøya. Ole kan nesten måle seg med stefaren alt, både når det gjeld buskap og avling. Storebror Elias har nok skaffa seg lærdom og gode framtidsutsikter, men verken eigedom eller familie. Han har vore sju år i teneste på framand stad, men noka Rakel har ikkje dukka opp.
Dessutan er Elstad og eg samde om at den omtala hendinga ikkje har hatt noko å seie for yrkesvalet til Blix. Når Elias Blix ikkje blei prest, kom det av at han nett på det tidspunktet dette hadde vore aktuelt, fekk sjansen til ein akademisk karriere. Punktum. Dette er ikkje blitt meir "borte i framstillinga" enn at Elstad har greidd å få det med seg, heldigvis. Men det er altså ikkje dette underkapitlet som "handsamar saka", det er det neste, som heiter "Praktikum" og begynner på s. 149.

Elstad VIII: Teologen
Elstad VII: Salmane
Elstad VI: Gildeskål 1866
Elstad V: Statsråd
Elstad IV: Klassereise
Elstad III: Tittelen
Elstad II: Grundtvig
Elstad I: Retorikk
# lagt inn 27.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.11.08

Kan Gud bli sint? 

Dette er tittelen på dagens kronikk i Vårt Land (papirutgåva). Ingress:
I bibelnorsk kan nok Gud bli både harm og vreid, men sint blir han aldri. Omsetjingstradisjonen ser ut til å ha ein innebygd motstand mot det vanlegaste norske ordet for slike emosjonar. Kvifor?
Andre problemstillingar er: Kan Gud angre? Er han sjalu? Kan han lage ting? Det handlar om det høgst konkrete og menneskelege bildespråket Bibelen nyttar for å seie noko om Gud. Det ser ut til å vere lettare å tale menneskeleg om Gud på bibelhebraisk enn på bibelnorsk.

Og om du spør kva dette har med Elias Blix å gjere, har du følgt dårleg med i timen. Stikkord: Bibelomsetjing.

Nei, det er ikkje Blix som har skrive kronikken. Det er eg.
# lagt inn 24.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.11.08

Bokmesse 

Og i helga er det bokmesse på Lillestrøm. Eg var der i går ein tur og stod nokre timar på stand for Bibelselskapet og Verbum forlag. I dag skal eg samtale med Karl Ove Knausgård midt i kyrkjetida under seminaret "I begynnelsen var Ordet. Bibelen - klassisk tekst i ny tid". Innlegget mitt har eg kalla "Tre ting på en gang. Å oversette Bibelen på nytt". Dette ser eg fram til. Det blir spennande om det kjem folk.

Oppdatering, 24.11.08: Jo da, det kom om lag 20 svært interesserte tilhøyrarar på seminar. Vi fekk altså betre frammøte enn både Frid Ingulstad, Jan Guillou og Tore Renberg, ifølgje Aftenposten ("Skrint på bokseminar"). Karl Ove Knausgård heldt eit flott og engasjerande innlegg om sitt møte med omsetjingsarbeidet, der han mellom anna bora djupt i opningsversa frå 1. Mosebok. Eg prøvde å samanfatte utfordringane innan bibelomsetjing under overskriftene Heilag tekst - Klassisk tekst - Framand tekst.
# lagt inn 23.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Aktivistråd 

Under innlegget eg heldt på Sand i Suldal fredag 23.11.08 tok eg mellom anna fram intensjonen til utvalet som har arbeidd med forslaget til ny salmebok om å halde på den fordelinga som er innarbeidd gjennom Norsk Salmebok, 60 % bokmål og 40 % nynorsk. Landsmøtet i Noregs Mållag i år (fråsegn nr. 4) kravde ei 50 - 50-fordeling. Det viser seg vanskeleg å nå desse måla. I framlegget til ny salmebok er om lag ein tredel av tekstane på nynorsk. Eg sette opp fem praktiske råd til aktivistar som vil hjelpe salmebokutvalet med å få til ei betre fordeling mellom målformene. Kanskje andre kyrkjelydar, mållag og enkeltpersonar kan ha nytte av dei. Grunnlagsmaterialet finn ein på www.kyrkja.no.
  1. Gå gjennom lista ”Salmer som er videreført/utelatt”
  2. Finn utelatne tekstar frå Nynorsk Salmebok som bør få ein sjanse til
  3. Gå gjennom dei omsette salmane. Finst det gode nynorske versjonar?
  4. Gå kritisk gjennom forslaga til nye salmar
  5. Få fram heilt nye tekstar
Eit par høgst subjektive innspel til somme av punkta:
# lagt inn 23.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.11.08

Salmar på Sand 

Fredagen fekk eg først låne eit kontor på Ryfylkemuseet før møtet på Sand i Suldal kommune. Her fekk eg høve til å helse på biografkollega Ernst Berge Drange (Rasmus Løland), til dagleg museumskollega av Trygve Brandal. Det sette eg stor pris på. Eg skal ikkje påstå at eg har lese heile boka hans, den er enda tjukkare enn mi, men mykje har eg lese med interesse og noko har eg jamvel sitert.

Eg var nokså spent på om det ville kome folk på eit møte ein blank fredag formiddag. Men det viste seg at det var stor interesse for salmebokforslaget, det må ha vore meir enn tretti personar til stades. Det blei ein engasjert samtale etter innleiinga mi, "'Me syngja skal den nye song.' Framtid for nynorsk salmesong?" Vi diskuterte ikkje berre strategiar for å ta vare på og utvikle den nynorske salmeskatten, men òg dei heilt grunnleggjande spørsmåla om kva ein salme eigentleg er og kva som eigentleg høyrer heime i ei salmebok. Det er fint å sjå at dette er spørsmål som engasjerer folk. Mållagsleiaren i Suldal, Wenche Haugen Havrevoll, er mellom aktivistane. Ikkje berre har ho fått dette møtet i stand, ho har til dømes òg fått Eyvind Skeie til å lage ein nynorsk versjon av adventssalmen "Tenn lys". Den er rykande fersk, teksten finn du på bloggen hans.

Ei stor glede var det å treffe att Ellen, ei ungdomsvenninne frå studietida som har slått seg ned i Suldal. Til stades på møtet var òg kvinna som eig den hagebenken Elias Blix skal ha sete på da han gjorde ferdig "Gud signe vårt dyre fedreland" under eit besøk på Fjellhaug (eg har nemnt denne versjonen av soga eit par gonger på bloggen, trur eg, sist her). Og så er jo Suldal heimbygda ikkje berre til forfattaren Rasmus Løland, som er død for lenge sidan, men òg til forfattaren Inger Bråtveit, som er høgst levande, aktuell med ny bok og omsetjarkollega i Bibelselskapet.

Gode hjelparar skyssa meg opp til Røldal. Eg hadde mykje å tenke på på bussen heim.
# lagt inn 22.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix på Fister 

Torsdagskvelden hadde Hjelmeland mållag skipa til den tradisjonelle bokkvelden sin på Fister bedehus. Der hadde eg gleda av å opptre saman med koret Rygjaljom (sanneleg song to brør av Sigrid i koret!) og dei lokale forfattarane Ingebjørg Vik Laugaland (Stort er trua sitt mysterium, eit trusopplæringsopplegg for 6-åringar) og Trygve Brandal (jubileumsboka om Hjelmeland kyrkje). Programmet var såpass kyrkjeleg at sistnemnde, som òg er leiar i mållaget, fann å måtte minne om at mållaget er ein livssynsnøytral organisasjon. Stemninga var svært god, eit talrikt og interessert publikum som både spurte og song. Det siste er det viktigaste. Eg får stadig nye prov på at Blix-salmane lever og rører ved folk på ein særleg måte. Per (som altså er gift med Sigrid) hadde forsynt meg med informasjon frå ærverdige Den 17de Mai om kyrkjelydsmøtet i juli 1900 da Fister sokn innførte Blix-salmane som første kyrkjelyd i Ryfylke. Ikkje noko tyder på at dei kjem til å bli kasta ut att.

Hos mållagsleiar og historikar Brandal fekk eg både hus for natta og skyss til Suldal neste morgon. Trygve, gift med soknediakon Ellen, arbeider ved Ryfylkemuseet ved sida av å drive fruktgard i Jøsenfjorden. Verda er full av bra folk.
# lagt inn 22.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Ryfylkereisa 

Seint i går kveld kom eg heim att etter ei to dagars festreise i Ryfylke.

Under arbeidet med Blix-biografien slo deg meg ofte kor mykje utviklinga av kommunikasjonar har hatt å seie for utviklinga av fedrelandet. Den opplevinga kom eg i kontakt med att desse to dagane. For ein som har budd store delar av livet på det indre austlandet eller i Oslo-området, er både hurtigbåtferda i Rogalandsfjordane og ekspressbussen Røldal-Oslo eksotiske opplevingar. Interessant er det å høyre om utviklinga av vegnettet. Å reise med fly, derimot, er berre mas. Takke meg til toget, eit miljøvenleg og komfortabelt alternativ. Kor er den politikaren som vågar å finne fram att dei verkeleg ambisiøse jernbaneplanane frå mellomkrigstida? Men no snakkar eg meg vekk.
# lagt inn 22.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.11.08

Rogaland 

Blogging frå Stavanger i dag. Stavanger kulturhus, betre kjent som Sølvberget, inneheld mellom anna eit stort bibliotek med offentleg tilgjengeleg trådlaust nettverk. Slik skal det vere! Det er litt for mykje vind for ein austlending i Stavanger i dag, så eg har heller hatt ei arbeidsøkt innandørs og gjort ferdig presentasjonen til salmemøtet i Suldal i morgon. Men først er det bokkveld på Fister bedehus i Hjelmeland, i kveld kl. 19.30. Det skal bli fint. Min gode ven Per Halse, gift med Sigrid Sigmundstad frå Fister (bygdas store svigerson?) har delt litt lokal målsoge med meg som eg har tenkt å nytte til ei sjarmopning. Elles treng eigentleg ikkje Blix noko slikt, stoffet hans kviler i si eiga tyngd.
# lagt inn 20.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.11.08

Suldal 

Suldalsposten 19.11.08:
Støytesteinar i den nye salmeboka
Vil utskifting av tradisjonelt salmestoff og ein minkande del nynorske salmar skapa større avstand til bydefolk? Dette er spørsmål målfolket og sokneråda ønskjer å drøfta i høyringsrunden for ny salmebok.

Suldølene får høve til å ta diskusjonane alt fredag.
Les meir
# lagt inn 19.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.11.08

Elstad V: Statsråd 

Hallgeir Elstad, NTT 3-2008, s. 266
Undervegs i lesinga blir ein stundom sitjande med inntrykket av at den biograferte "druknar" i detaljskildringar. Mest tydeleg er dette i framstillinga av Blix som statsråd. Det skortar så visst ikkje på innsikta i norsk politisk historie i det aktuelle tidsrommet. Forfattaren viser at han er svært fortruleg med stoffet. Men detaljrikdomen blir til tider så stor at Blix si rolle som statsråd blir litt borte i den omfattande stoffmengda. Dermed får heller ikkje lesaren noko tydeleg og samlande bilete av innsatsen til Blix som statsråd.
Denne innvendinga er forståeleg. Ingen stad har eg streva meir enn i statsrådskapitlet. Men det er heller ingen stad eg har stroke meir enn her, faktisk. Eg har eit par merknader til det Elstad skriv.

For det eine: Dette er ikkje historia om statsråd Elias Blix. Det er historia om Sverdrup-regjeringa sett gjennom brillene til statsråd Elias Blix. Nokon stor politikar var han nok ikkje. Men eg meiner at eg har kasta ein heil del nytt lys over Sverdrup-ministeriet nett frå dette utsiktspunktet, ikkje minst fordi eg har vore så heldig å ha tidlegare unytta kjelder til disposisjon.

For det andre: Det er eit dilemma for ein biograf kor mykje han skal overlate til lesaren og kor tydeleg han skal styre lesaren i retning av sine eigne konklusjonar. Samtida sine vurderingar av Blix var sterkt sprikande, og det har eg forsøkt å vise fram.

Likevel trudde eg mi eiga vurdering kom nokså tydeleg fram i teksten. Lat meg samanfatte. Særleg på to område hadde statsråd Blix reell politisk betydning og hausta politiske gevinstar. Det gjeld målsaka og høgare utdanning, særleg universitetet. Når det gjeld dei store og ambisiøse skole- og kyrkjereformene var det andre som greip det politiske initiativet, særleg statsminister Johan Sverdrup sjølv og nevøen Jakob Sverdrup, den andre teologen i regjeringa. Tilhøvet mellom Blix og Jak. Sverdrup er i det heile eit leiemotiv i dette kapitlet. Det blei stadig meir anstrengt. Eg har eit slag motvillig beundring for Jakob Sverdrup, ein mann med store idear og samtidig ein handlekraftig realpolitikar. Det var ikkje Blix i same grad. Men eg har drege fram Blix si brubyggjarrolle internt i regjeringa som kanskje hans sterkaste side som politikar.

Om eg har lov til å etterlyse noko hos meldarane mine: Eg er litt lei meg for at ikkje Elstad kommenterer gjennomgangen min av det fatale kyrkjereformforslaget og det politiske etterspelet etter nederlaget i denne saka. Dette skulle eg gjerne hatt respons på frå fagleg kompetent hald.

Elstad VIII: Teologen
Elstad VII: Salmane
Elstad VI: Gildeskål 1866
Elstad V: Statsråd
Elstad IV: Klassereise
Elstad III: Tittelen
Elstad II: Grundtvig
Elstad I: Retorikk
# lagt inn 18.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.11.08

Elstad IV: Klassereise 

Meir frå Hallgeir Elstad si melding i NTT 3-2008:
Forfattaren freistar å framstille Blix sin livsveg som ei klassereise. Og det er det gode grunnar for. Men han lukkast dessverre ikkje med å gjennomføre dette som eit konsekvent grep i biografien.
Eg veit ikkje det, akkurat dette klassereise-perspektivet er noko mange lesarar og meldarar har fått med seg og siterer med tilslutning, ser eg, Elstad inkludert. Det verkelege problemet hans ligg vel i neste setning, reknar eg med:
Framfor alt saknar eg ei introduserande drøfting av dette perspektivet. Botgjøymd, under framstillinga av Tromsøtida, i ei fotnote(!) kjem ein nærare presentasjon og drøfting av det moderne omgrepet "klassereise" (s. 94, note 97). Dersom tanken har vore å gjere dette til eit sentralt og integrerande perspektiv, burde det ha vore løfta fram på ein ganske annan måte.
Observasjonen er rett, men eg er ikkje så sikker på at konklusjonen er det. Det kjem an på kva for lesarar ein vender seg til. Forholdet mellom forteljing og analyse er eit grunnproblem i biografisk skriving. Eg har med opne auge prioritert forteljinga. Sånn sett er boka mi ein "gammaldags" biografi. Men eg har i høg grad nytta fotnotane til å setje forteljinga på spel, her finst ikkje berre kjeldebelegga for framstillinga mi, men òg diskusjonar av kjeldekritisk og teoretisk art. Eit knippe andre døme på det siste er presentasjonen av hermeneutikken (s. 474, note 11), diskusjonen av Stein Rokkans sentrum-periferi-modell (s. 499, note 122), tilknytinga til det bokhistoriske forskingsperspektivet (s. 500, note 126) og drøftinga av Edward Saids orientalisme-begrep (s. 505, note 8). Og det finst fleire. Sjølvsagt er dette irriterande for den akademiske lesaren, men boka er ikkje først og fremst skriven for han. Mi oppleving var at metaforen "klassereise" fungerte godt og sjølvinstruerande i hovudteksten. Ordet har blitt allmenneige i dei siste åra, så eg trur dei fleste lesarar har ei intuitiv forståing av kva det gjeld. Så får akademikaren finne seg i å grave i fotnotane; det finst gull der, ikkje berre gråstein.

Elstad VIII: Teologen
Elstad VII: Salmane
Elstad VI: Gildeskål 1866
Elstad V: Statsråd
Elstad IV: Klassereise
Elstad III: Tittelen
Elstad II: Grundtvig
Elstad I: Retorikk
# lagt inn 15.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.11.08

Elstad III: Tittelen 

Eg forstår difor ikkje heilt kva forfattaren siktar på med tittelen på biografien: Ein betre vår ein gong. Tittelen er eit sitat frå salmen No livnar det i lundar. Men livsløpet til Blix er på ingen måte slik at det skulle kalle på ei lengt etter "ein betre vår". På mange måtar er det ytre livsløpet hans ei suksesshistorie, og difor "passar" liksom ikkje dette som ein samlande tittel på biografien.
(Hallgeir Elstad, NTT 3-2008, s. 265)
Ikkje? Vel, det er to andre meldarar som har stussa over tittelen. Dag Kullerud skreiv i Aftenposten:
Derimot er det vanskelig å se at undertittelen "Ein betre vår ein gong" representerer en tråd, eller nøkkel. Den vitner riktignok om et dypere motiv bak den språklige og nasjonale vekkelsen Blix tok del i, men den utgjør ingen linje i selve teksten.
Og først ute var Espen Søbye i Dagbladet:
Gjennom livet hans var både våren og sommeren så å si evigvarende. Det er verken noe tragisk, sørgelig, tungsindig eller ulykkelig over denne skjebnen som skulle berettige en bedre vår? Det kunne snarere innvendes at det gikk litt for lett for Elias Blix.
Eg har vore litt forunda over denne reaksjonen. Kan dette vere så vanskeleg, da? Eg trur kanskje Søbye kan salmen for dårleg medan dei to andre kan den for godt. I alle fall er eg litt lei meg for at tittelen verkeleg går kompetente lesarar hus forbi, for med den har eg nettopp meint å gje nøkkelen eller hovudlinja i teksten.

Så får eg til å tolke min eigen tittel, da.

For det første er sitatet "Ein betre vår ein gong" henta frå den kanskje mest kjente salmen Elias Blix har skrive. Det representerer altså det som i dag står att som hovudverket hans, nemleg salmediktinga.

For det andre er linja eit karakteristisk uttrykk for det tette tilhøvet hans til naturen, dels som brukar av fysisk natur i form av primærnæringsarbeid og friluftsliv, men mest som ein av dei fremste naturbildekunstnarane i norsk lyrikk.

For det tredje introduserer den eit av dei viktigaste motiva som særpregar diktinga hans, og ikkje berre salmediktinga: Våren er eit sentralt bilde i produksjonen hans heilt frå ungdomsdiktet "Noregs Vaar" (1860, s. 110-112 i boka mi) og til salmen som blei sungen i gravferda hans, "Renn upp yver Grav" (s. 470).

For det fjerde kan våren stå som eit kraftfullt samlande symbol for mange av dei utopiane som forma ikkje berre livet og karrieren til Elias Blix, men jamvel dei folkerørslene han var ein del av og som prega samtida hans: Dei nasjonale og demokratiske politiske prosjekta, dei religiøse, språklege og kulturelle vekkingane. Elias Blix har sjølv langt på veg brukt motivet slik. Dette meiner eg å ha dokumentert rikeleg, særlig i eit svært sentralt avsnitt i boka: Analysen av "No livnar det i Lundar" på s. 224-227. Ingen av dei tre siterte meldarane har elles kommentert det innleiingskapitlet til boka mi som eg har kalla "Brillene". Der har eg forsøkt å fortelje at ein biografi om Elias Blix kanskje ikkje berre, og kanskje ikkje eingong først og fremst, handlar om Elias Blix:
Det er ikkje berre individet som er i rørsle, det er heile samfunnet. På Elias Blix si tid er det ikkje opplagt korleis det norske politiske systemet, det norske språket, det norske utdanningsvesenet eller den norske kyrkja skal utvikle seg. Blix har vore deltakar i mange av dei prosessane som forma det moderne Noreg i tiåra før unionsoppløysinga i 1905. Gjennom hans briller kan det vere mogleg å sjå samanhengar som det er vanskeleg å oppdage på annan måte. (s. 12-13)
Og for det femte og siste, i "ein betre vår ein gong" er vårmotivet transformert til noko som er så karakteristisk for Blix at eg har karakterisert det som ein signatur: "I ein Blix-salme er det alltid ein himmel over livet og bak døden som får det siste ordet" (s. 227).

Er det noko arbeidet med denne boka har lært meg, så er det at utopiar faktisk har kraft til å forandre. Her må eg nemne ei viktig personleg inspirasjonskjelde, som eg faktisk ikkje var bevisst under arbeidet med boka: Nymarxisten Ernst Bloch. Eg har ikkje sjølv lese Das Prinzip Hoffnung, eg fekk den formidla gjennom den unge Helge S. Kvanvig si bok Håpet om en annen verden. Verdensflukt og verdensforankring i lys av den kristne tro (1976) da eg sjølv var enda yngre. Eigentleg skulle eg vore nittensekstiåttar, men eg var berre ti år på det tidspunktet, så eg kom for seint.

Attende til hovudpersonens biografi: Ja, den var ei suksesshistorie. Men det veit vi først etterpå. Den hadde ikkje blitt det utan utopiane, utan ambisjonane, utan hardt og målbevisst arbeid, utan ein god porsjon flaks og utan strategiske val. Eg har forsøkt å leggje inn signal mange stader i teksten om at det kunne gått annleis. Det viktigaste grepet var valet av historisk presens som hovudform i forteljinga.

Konklusjon: Eg vil motseie kritikarane mine på det mest bestemte. Nett lengten etter "ein betre vår" var den fundamentale drivkrafta bak den individuelle klassereisa til Elias Blix og bak dei før omtala folkerørslene.

Kan dette vere så vanskeleg, da?

Elstad VIII: Teologen
Elstad VII: Salmane
Elstad VI: Gildeskål 1866
Elstad V: Statsråd
Elstad IV: Klassereise
Elstad III: Tittelen
Elstad II: Grundtvig
Elstad I: Retorikk
# lagt inn 14.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.11.08

Elstad II: Grundtvig 

På eitt punkt (minst) skal eg gje Hallgeir Elstad rett:
Og kva med tilhøvet til grundtvigianismen? Forfattaren peikar på visse likskapar med salmediktinga til Grundtvig. Her kunne det vore spennande med ei meir inngåande drøfting av kva tilhøve Blix hadde til grundtvigianismen som teologisk og kyrkjeleg retning.
Dette er absolutt ein mangel ved boka, og den er heilt unødvendig: Eg har faktisk halde eit seminarinnlegg om Blix og Grundtvig ein gong. Eg må sjå å få bearbeidd det med tanke på publisering.

Mangelen på grundtvigianisme i boka mi (vel, heilt manglande er den no slett ikkje, sjå stikkordet "Grundtvig" i registeret) skuldast kanskje ein litt barnsleg motvilje mot eit fenomen eg har kalla "pan-grundtvigianisme". For å seie det grovt: Det har vore ein tendens i visse delar av det teologiske miljøet i Noreg til å forklare alt som er bra med grundtvigianisme og alt som er gale med pietisme. Om desse begrepa skal vere nyttige, bør vi bruke dei i fleirtal. Vi bør tale om "grundtvigianismar" og "pietismar".

Kortversjonen av "Blix og Grundtvig" følgjer:
1. Som salmediktar (og songlyrikar) har Blix mykje til felles med Grundtvig, som han både beundra og omsette(dette poenget er relativt rikeleg dokumentert i boka mi).
2. Som teologisk elev av C. P. Caspari og Gisle Johnson står Blix på lang avstand frå det som gjekk under namnet "grundtvigianisme" ved det teologiske fakultetet, og da er det særleg tale om den såkalla "kirkelige Anskuelse", som ved universitetet blei sett på som det reine kjetteri (s. 131-132 i boka). Likeeins sto Blix temmeleg fjernt frå den "nygrundtvigianismen" eller "venstregrundtvigianismen" eller kva vi skal kalle den, som Viggo Ullmann og folket på Sagatun folkehøgskole representerte.
3. Derimot har Blix motteke (pedagogiske og nasjonale) Grundtvig-impulsar via to andre viktige inspirasjonskjelder: Ein tidleg, tidsskriftredaktøren Ole Vig (s. 97 i boka) og ein sein, presten og Vonheim-mannen Christoffer Bruun. Den siste var ein nær ven av Blix (dette kjem ikkje tydeleg nok fram i boka, men sjå s. 456).

Elstad VIII: Teologen
Elstad VII: Salmane
Elstad VI: Gildeskål 1866
Elstad V: Statsråd
Elstad IV: Klassereise
Elstad III: Tittelen
Elstad II: Grundtvig
Elstad I: Retorikk
# lagt inn 13.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Elstad I: Retorikk 

Eg har lova å drøfte ulike sider ved Hallgeir Elstad si bokmelding av Ein betre vår ein gong i Norsk Teologisk Tidsskrift nr. 3 for i år, så det er berre å kome i gang.

Biografisjangeren har sin eigen meir eller mindre bevisste retorikk, noko som særleg Marianne Egeland (stikkord: "melankolske unntaksmennesker") og Stephen Walton (stikkord: "han betalte") har påvist. Eg liker å tru at eg har vore merksam på dette og unngått ein del tradisjonelle fallgruber.

Også biografimeldinga har nok sin eigen retorikk. Arnhild Skre skreiv i Prosa 2-2002 at meldarar har ein tendens til å melde livet, ikkje livsskildringa. Det kan ein ikkje seie om meldinga til Elstad. Han har teke boka på alvor, og det er eg glad for. Eg oppfattar det slik at han i dei refererande avsnitta faktisk refererer boka (t. d. når han skriv om Blix si vitskaplege karriere s. 266, eller om familien, s. 267), og at han i hovudsak sluttar seg til framstillinga mi på desse punkta.

Bokmeldinga er tradisjonell i disposisjonen: Litt innleiande ros, ein hovuddel med innvendingar og litt oppsummerande ros til slutt, dersom det er grunnlag for det. Slik skal det vere. Det er i innvendingane den interessante faglege samtalen kan kome i gang.

Biografimeldinga har sine eigne retoriske stader eller topoi. Elstad kan nok ha noko rett i at "forfattaren burde prioritert stoffet betre", men eg trur eg er betre til å "skilje mellom vesentlege og mindre vesentlege 'facts'" enn det han vil ha det til. Ei setning som "Undervegs i lesinga blir ein stundom sitjande med inntrykket av at den biograferte 'druknar' i detaljskildringar" tek eg ikkje så tungt, akkurat denne innvendinga har eg lese i meldingar av dei fleste biografiar med eit sidetal på over 300, den høyrer så absolutt til standardrepertoaret av retoriske topoi for slike høve. Dei konkrete døma Elstad tek fram, skal eg kome attende til.

P.S. neste dag: Og så det poenget eg gløymde på vegen i går kveld: Eit anna retorisk privilegium ein biografimeldar har, er retten til å motseie seg sjølv. Konkret: Å hevde at framstillinga er for omfattande og detaljert på den eine sida, og samtidig etterlyse fleire detaljar på den andre. Også Elstad gjer seg nytte av denne dobbelstrategien. Eg skal prøve å diskutere og grunngje avgrensingane mine etter kvart.

Elstad VIII: Teologen
Elstad VII: Salmane
Elstad VI: Gildeskål 1866
Elstad V: Statsråd
Elstad IV: Klassereise
Elstad III: Tittelen
Elstad II: Grundtvig
Elstad I: Retorikk
# lagt inn 13.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Folldal: Presse 

Upåklageleg pressedekning av arrangementet i Folldal sist søndag. Røros-avisa Arbeidets Rett (papir) har ei halv side i dag, med fine bilete. Tittel: Med nynorsken på rette staden - i Dalen kyrkje.
# lagt inn 13.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.11.08

Blix i Riska 

Stavanger Aftenblad, lørdag 07.11.:
Hjalmar Arnø synger salmer og sanger av Elias Blix i Riska gamle kirke, søndag kl. 19. Som tonefølge har han med seg Sjur Sørskår. ... Enok Lauvås kåserer om liv og dikting, illustrert med bilder.
Samtidig med at eg fortalte i Dalen i Folldal, var det altså Blix-kveld i Riska i Sandnes. Litt seint ute med denne kunngjeringa, eg må innrømme det, men slike viktige arrangement fortener ei registrering på BlixBlog.
# lagt inn 11.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.11.08

Norsk Teologisk Tidsskrift 

Den andre bokmeldinga er signert kyrkjehistorikaren Hallgeir Elstad (Teologisk fakultet, Universitetet i Oslo) og står i Norsk Teologisk Tidsskrift nr. 3 for i år. Med dette har talet på meldingar av boka passert 20, så langt eg har registrert. Eg er glad for denne meldinga, dels fordi Hallgeir kjenner Blix-stoffet godt, han har sjølv skrive ein biografisk artikkel om mannen, og dels fordi dette er den første meldinga av boka i eit tidsskrift for fagspesialistar. Meldinga er omfattande og balansert. Eg "har levert eit fagleg solid og grundig arbeid om Blix".
Framstillinga byggjer på eit imponerande kjeldetilfang. Personen Elias Blix, livet og lagnaden hans, blir sett inn i kontekst. Lesaren får innsyn i norsk politisk historie på 1800-talet, så vel som språkhistorie og kulturhistorie, utdannings- og universitetshistorie og kyrkjehistorie. Aschim demonstrerer oversikt og inngåande kjennskap til den aktuelle perioden i norsk historie.
Likevel har Elstad vesentlege innvendingar. Den mest sentrale er vel følgjande:
I det heile gjeld det fleire stader i biografien at sentrale perspektiv og problemstillingar ikkje kjem tydeleg nok fram. Det verkar som forfattaren har vanskeleg for å skilje mellom vesentlege og mindre vesentlege "facts". Forfattaren burde ha prioritert stoffet betre, for på den måten å fått [sic] fram eit meir profilert bilete av Elias Blix.
Eg kjem attende til denne meldinga, for den inneheld mange moment som eg gjerne vil diskutere. Det er ikkje rekna for god kutyme at ein forfattar tek til motmæle mot ei bokmelding på trykk. Men det fine med blogg-forma er at det lèt seg gjere å drøfte synspunkt i ei relativt uformell og utprøvande ramme.

Det blir ikkje i dag, for denne dagen passerer snart midnatt, og eg skal sove. God natt.
# lagt inn 10.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Fast Grunn 

To nye bokmeldingar av Ein betre vår ein gong. Elias Blix denne veka. I Fast grunn skriv hushistorikar Erik Kjebekk, som eg hadde gleda av å møte på Fjellhaug for nokre veker sidan. Under tvil kostar eg på meg å sitere slutten av meldinga:
Anders Aschim har gjort eit glimrande arbeid. Kvaliteten på denne boka kan måle seg med kvaliteten til boka om Lars Oftedal av professor Berge Furre. Det overveldande kjeldetilfanget som forfattaren har funne fram i Noreg og i utlandet, analyserer han med stor innsikt anten det gjeld Blix som salmediktar, språkforskar, bibeltolkar, bibelomsetjar eller politikar.

Anders Aschim har naturleg nok skrive boka på nynorsk. Dette målføret meistrar Aschim godt. Sjølv om boka er ein murstein på 600 sider, må ikkje det store volumet hindre nokon i å lese dette verket som kjem til å bli ståande som standardverket om Elias Blix.
Vel. Eg har lenge visst det: Det finst ein opplagt referanse å måle biografiar skrivne om kyrkjehistoriske emne frå seint 1800-tal opp mot, særleg når dei er skrivne på nynorsk. Merkeleg nok er Kjebekk den første som introduserer den. Sjølv ville eg nok uttrykt meg litt meir beskjedent, eg set Oftedal-boka til Berge Furre svært høgt. Men eg skal greie å leve med dette.
# lagt inn 10.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Folldal, post festum 

Riktig gildt var det i Dalen kyrkje i går kveld. Bra frammøte, fin allsong og korsang og god stemning. Eg opna med å lese avsnittet "Ved Rundarne" (s. 240-242 i boka), om Blix som fjellturist, etter at kora hadde sunge "No soli bakom blåe fjell".

Eg fekk overnatte hos prestefolket, Olaug og Jon Olav Ryen. Det var òg hyggeleg. Jon Olav kjenner eg frå studietida. Han er ein lærd prest som har teke doktorgrad på eit emne frå mandeisk religion. I dag har vi hatt følgje på toget frå Hjerkinn. Jon Olav gjekk av i Øyer (Hunderfossen st.) for å ta del i Kyrkjemøtet.
# lagt inn 10.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.11.08

Folldal, framhald 

Dei er flinke, folldølane. Stort oppslag i Østlendingen i dag (papirutgåva, spalta "Norddalen") om Blix-kvelden søndag:
Søndag inviterer Dalen kyrkje i Folldal til salmekveld med salmer av og biografi om Elias Blix, samt øregodt fra Folldals lokale kor, akkompagnert av både orgeltoner og trompet. Til Dalen kyrkje kommer forfatter Anders Aschim, som nettopp har utgitt biografien «Ein betre vår ein gong» om salmedikteren.
...
Foruten at publikum får et spennende «møte» med Blix, deltar Folldals lokale kor «Ekko/Heimklang» og «Rett og Slett».
Folldal Mållag og Øvre Folldal sokneråd, som arrangerer salmekvelden, lover mye unison sang. Ved orgelet sitter Terje Vasskog og Steinar Plassen spiller trompet.
Østlendingen har elles vore mi lokalavis i eit kort, men viktig halvår av livet mitt: Den første prestestillinga mi hadde eg som vikarprest i Elverum våren 1987.
# lagt inn 7.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.11.08

Årbok for Helgeland 

Det kom ei hyggeleg pakke i posten i går, Årbok for Helgeland er komen frå trykkeriet. Eg har skrive ein artikkel om "Evangelisten frå Dønna. Anton Chr. Bang og det første nynorske juleevangeliet" - det vil seie teksten "Gudspjallet aa fyrste Joladagen" som stod i Den norske Folkeskole i første hefte for 1868. Mykje anna godt stoff, frå steinalder til etterkrigstid, fine illustrasjonar og interessante artiklar. Mellom anna held den lokale hegemonikampen om Petter Dass fram, for dei som følgjer med på slikt.
# lagt inn 6.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.11.08

Brage, bibel, biografi 

I går blei det kjent kva for bøker som er nominerte til Brageprisen i år. Til stor glede på arbeidsplassen i Bibelselskapet registrerer vi at forfattar, T-baneførar og bibelomsetjar Jørgen Norheim sin nye roman Adjutanten er mellom dei nominerte skjønnlitterære bøkene. At biografien til Olav Njølstad om Jens Chr. Hauge er nominert, er ikkje noka stor overrasking; dette må no vere ei av dei viktigaste bøkene som er komne på norsk i år. Svært hyggeleg er det at Stephen Waltons metabiografiske Skaff deg eit liv står på lista for sakprosa. Heia!
# lagt inn 5.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Folldal 

No er det berre dagar att til salmekvelden i Folldal, meir prestist i Dalen kyrkje (i Dalholen) søndag 9. november kl. 19.30:
Elias Blix sitt liv og virke. Foredrag ved A. Aschim, som har gitt ut biografi om Blix i 2008. Sang ved korene Rett og Slett og Ekko/Heimklang. Arr.: Menighetene i Folldal og Folldal Mållag
# lagt inn 5.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmar i Suldal 

Seinare i månaden skal eg til Ryfylke. Hjelmeland mållag har invitert til bokkveld på Fister bedehus torsdag 20. november. Neste dag er eg invitert til eit svært interessant arrangement av ein annan type i Suldal:
Dei fire sokneråda i Suldal og Suldal Mållag skipar til møte der det utsende framlegget til ny salmebok i Den norske kyrkja er tema. Møtet er ope for alle interesserte, men med tanke på etterkvart å samla støtte for uttale om framlegget til ny salmebok, bed me særleg inn medlemmer i sokneråd og mållag i kommunane Hjelmeland, Sauda, Vindafjord og Odda.

Anders Aschim ... vil snakka ut frå denne overskrifta:

"Me syngja skal den nye song." Framtid for nynorsk salmesong?

Dette blir innspel til samtale med utgangspunkt i salmebokframlegget. Anders Aschim vil forankra foredraget i arbeidet han har hatt med biografien om Elias Blix.

Møtet blir fredag 21.november kl 11.00 i kulturhuset på Sand. MERK tida!!

Aschim kjem frå Blix-kveld Hjelmeland, og må reisa tilbake til Oslo fredag ettermiddag, derfor føremiddagsmøte.

Det blir servering av kaffi/rundstykke. Fint om underteikna kan få ei førebels påmelding.
Dei som ikkje melder seg på, må berre koma likevel!

Det er fint om de vil spreia denne innbydinga til alle tenkjeleg interesserte.

Beste helsing

for
Suldal Mållag
Wenche Haugen Havrevoll (leiar)
wenche.havrevoll@gmail.com mob 400 92 745 / heim 52 794 833

Suldal Sokneråd
Marta Nerheim Tjordal (leiar)

Sand sokneråd
Kjetil Brekke (leiar)

Erfjord sokneråd
Jarle Haugsland (leiar)

Jelsa sokneråd
Gunn Bjørg Slåtto (leiar)
# lagt inn 5.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?