<$BlogRSDUrl$>

31.10.06

Veteranar 

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å kommentere nominasjonane til Brageprisen, men i dag blei eg provosert av oppslaget til NRK.no - Kultur:
Skal kjempe mot veteraner
Jan Jakob Tønseth, lyrikeren som ble romanforfatter, skal kjempe mot veteranene Kjartan Fløgstad og Dag Solstad om årets Bragepris. I dag ble nominasjonene klare [dei var klare i går, men det kan vere det same].
No er ikkje Jan Jakob Tønseth fødd i går, men i 1947. NRKs eiga forfattarside om mannen kan fortelje at han debuterte "alt i 1971". Dessutan har han eit omfattande, kresent og kritikarrost forfattarskap å vise fram. Er det opplagstala som gjer Fløg- og Solstad til "veteranar" i samanlikning? Eller er det fødselsåra, Fløg- er fødd i 1944 og Sol- i 1941? Neppe grunn god nok til å gjere seks år yngre Tønseth til jypling. Eg skulle til å seie noko om tabloidisering av statlege media, men eg trur det er best eg teier stilt.
# lagt inn 31.10.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.10.06

Nord-Noreg 

Det er modig gjort å skrive boka Hva skjer i Nord-Norge? Det har nemleg vore gjort før, av samfunnsforskaren Ottar Brox i 1966, med undertittelen: "En studie i norsk utkantpolitikk". Dette er ein faglitterær klassikar, nytta som lærebokdøme i Ottar Grepstads store norske sakprosabibel Det litterære skattkammer (1997).


Den modige oppfølgjaren heiter Morten A. Strøksnes.

Ifølgje meldingane så langt har Strøksnes skrive ei "strålende" (Nordlys), men "sjølvmotseiande" (Morgenbladet - om du har abonnement) bok.

Oppdatering, 03.11.06: I dag svarer Strøksnes på Morgenblad-kritikken.
# lagt inn 27.10.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Rollemodell 

Det Nye er ikkje ein publikasjon BlixBlog har på lista over regelmessig lesnad. Under tvil gjer eg likevel merksam på kåringa "Årets rollemodell" (kategorisert under "Skjønnhet"). Eg er ikkje heilt trygg på det rollemodell-begrepet bladet opererer med (i samarbeid med ein kosmetikkprodusent): "en kvinne som er stolt både av kroppen sin og det hun har oppnådd." Det er tydeleg at det skal kunne tolkast velvillig, lista bladet har sett opp, er i alle fall politisk korrekt. Her finn ein både Ny Tid-redaktør Martine Aurdal og stortingsrepresentant Inga Marte Thorkildsen. BlixBlog vil nøye seg med å peike på Dei nynorske festspela som leverandør av rollemodellar. Både festspeldiktar Olaug Nilssen og årets nynorskbrukar Kari Traa er mellom kandidatane. Festspeldiktarens eigne tankar om å vere rollemodell har ho delt med NRK Sogn og Fjordane.
# lagt inn 27.10.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.10.06

Aasen komplett 

Sunnmørsposten:
Ordsamlaren Ivar Aasen
I dag vart det siste bandet i ti-bandsserien som samlar Ivar Aasen sine skrifter lansert. I denne boka tek forfattarane mellom anna føre seg sunnmørske ordspråk, som til dømes: "Ein lyte drikke, so einn hè' bryggja".
Men det spørst om ikkje den siste avdelinga kjem til å vekkje størst offentleg interesse:
I det siste bandet i ein ti-bandsserie om Ivar Aasen sine skrifter tek forfattarane føre seg ordspråk, personnamn, sunnmørske stadnamn, plantenamn, dyrenamn og, kanskje noko overraskande, sexualia.

Ingenting skulle nemleg vere utelate frå Aasen sitt språk. Derfor systematiserte han òg ord som hadde med det kjønnslege å gjere.
Artikkelen er illustrert med eit vakkert bilete av dei tre utgjevarane Terje Aarset, Jarle Bondevik og Oddvar Nes. BlixBlog gratulerer så mykje med fullføringa!

Les meir.
# lagt inn 26.10.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.10.06

Sande-nytt 

Til Oslo med Sande
VIK: Vik ungdomsslag skal denne helga til Oslo med framsyninga si 'Godt år, Jakob'.

Les meir iSogn Avis
# lagt inn 24.10.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Evangelium 

"Lyden av evangelier" er overskrifta til Dagsavisens presentasjon av det nye nytestamentet som lydbok.
– Det er en tillitserklæring å få lese inn Det nye testamentet, det er grunnpilaren i vår kultur. Interessant og krevende. Eller utfordrende, det er et populært ord for vanskelig, sier Birgitte Victoria Svendsen, som har gitt stemme til Evangeliet etter Lukas og Brevet til hebreerne.

– Mitt første spørsmål om brevet var «hvem har skrevet det»? Det er ikke godt å si. Evangeliene er vitneskildringer som du enten tror eller ikke tror på. Å lese inn disse tekstene har åpnet opp for mange spørsmål, sier Svendsen.
Les meir.
# lagt inn 24.10.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.10.06

Vinnarsalmane 

Ivar Aasen-tunet:
Nynorsk kultursentrum fekk inn over 100 salmar til konkurransen om nye nynorske feiringssalmar. Torsdag 2. november skal tenoren Sveinung Hølmebakk urframføre dei tre vinnarsalmane i eit arrangement på Det Norske Teatret. Salmediktarane og innhaldet i salmane er hemmeleg fram til dette arrangementet, men som feiringssalmar er det sjølvsagt mykje fest og glede i tekstane.
Les meir.
# lagt inn 23.10.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Røyndom 

Nationen: "Kva skjer når ein riksmålsmann blir råka av røyndom? Han skriv på nynorsk.

Ikkje Elias Blix denne gongen, men Asbjørn Aarnes.
# lagt inn 23.10.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.10.06

Sande 

Denne veka kjem Ove Eides biografi Jakob Sande: Liv. DiktingSamlaget.

Oppdatering, 19.10.2006: Så langt er det forfattar Eides utfall mot skodespelar Jon Eikemo som har vore best synleg i medieresepsjonen av biografien. NRK (kultur):

Jakob Sande-biograf Ove Eide tek eit kraftig oppgjer med Jon Eikemo. Eide meiner skodespelaren framstiller Sande som ein moromann. ... Eide meiner Eikemo har fortrengt den mørke straumen av einsemd og fortaping i Sande si dikting.
Eikemo: "Kyss meg bak!" Eller sa Eikemo eigentleg "Kjøss meg bak!" (NRK Sogn og Fjordane)? Eide har visst sagt noko nedsetjande om ungdomslag òg, for 20.10. reagerer dei i NRK Sogn og Fjordane:
- Det er urettferdig om ungdomslaga blir skulda for å ha gjort noko gale når dei har valt å presentere den humoristiske sida av Jakob Sande. Det seier Ottar Wiik etter kritikken frå Sande-biograf Ove Eide.
Det er ikkje greitt. Sjå òg Firda Tidend 18.10.06; Aftenposten 19.10.06. Telemarksavisa Varden 18.10.06 er meir oppteken av Jakob Sandes forelsking i Halldis Moren Vesaas, som på si side takka ja til Tarjei nett på den tida. Og Fredriksstad Blad (med to s-ar) kan under overskrifta Sandes Fredrikstad-liv fortelje at "I den nye biografien om dikteren Jakob Sande er lektorårene i Fredrikstad viet et helt kapittel."

22.10.06: Papirutgåva av Dagladet (du kan alternativt leite deg gjennom dette søket) har to oppslag dei siste dagane. "Dikteren bak lutten" (20.10.06) er eit velvillig intervju med Ove Eide. "De krangler, trur eg ..." (SIC, 19.10.06) er ein analyse (vel, det var kan hende å ta sterkt i) av debatten Eikemo - Eide. Om det er forfattaren, forlaget eller eit fikst hovud i NRK som har opphavsretten, veit eg ikkje. Men å terge på seg ein kjendis ser ut til å vere eit bra salstriks, både for biografiar og for meir flyktige media. Ideen er notert. No lurer eg berre på kven ein kan greie å terge på seg ved hjelp av den fredsæle Elias Blix. Kyrkje- og kulturminister Trond Giske, kan hende? Han verkar snarsint, og i alle fall er han sikra plass i mediebiletet så fort han viser seg.
Så må eg ikkje gløyme eit stort intervju med Ove Eide frå Nynorsk Pressekontor, det kan du til dømes lese på nesteklikk.no.

25.10.06: No har sanneleg politisk redaktør Harald Stanghelle i Aftenposten teke på seg rolla som linjemann i (det medieskapte?) oppgjeret Eide-Eikemo, under overskrifta "Sande, Eide og Eikemo, trur eg". Stanghelle gjennomfører i fin stil på nynorsk, Aftenposten-Dagbladet 1-0, trur eg.
Både Stanghelle og Olav Kobbeltveit i Bergens Tidende rykker ut til forsvar for Eikemo.

30.10.06: I dag er Sande-striden utgangspunkt for ein kommentar i Nationen av Inger Marie Kjølstadmyr. "Biografenes umulige jakt på sannhet" er, når sant skal seiast, for kort til å bringe noko særleg interessant. Ove Eide kan elles notere seg for ein fin 5. plass på salslista til Bokhandlerforeningen.

Bokmeldingar: Aftenposten (Arnhild Skre, "En konstruert offerrolle") 19.10.06.
Vårt Land (Bjarte Botnen, "Stor og sterk biografi om Jakob frå Sunnfjord") 23.10.06
Dag og Tid (Ole Karlsen, "Mykje dikt, lite liv") 27.10.06
VG (Yngvar Ustvedt, "Grundig om Jakob Sande") 30.10.06

Følg med på heimesida til Jakob Sande-selskapet.

Oppdatert 20.10.06; 22.10.06; 23.10.06; 25.10.06; 27.10.06; 30.10.06
# lagt inn 17.10.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.10.06

Salmemaraton 

Avisa Nordland, 05.10.2006:
Kontinuerlig. Det hele begynner tirsdag 17. oktober klokka 18.00, og målet er å bli ferdig onsdag 18. klokka 18.00.

I disse 24 timene skal det ikke være et sekunds musikkpause. I samme øyeblikket den ene salmen er ferdigsunget toner den neste inn. Det er bare to vers på hver salme som skal synges, men alle skal være med.
Kva & kor? Domkyrkjejubileum i Bodø, så klart!

Oppdatering, 18.10.2006: Og i dag kan du lese korleis det gjekk (Avisa Nordland).
19.10.2006: I dag òg (Avisa Nordland)
# lagt inn 16.10.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Festspeldiktar 

I dag er det blitt kjent kven som blir festspeldiktar ved Dei nynorske festspela 2007. Eg seier ikkje meir, men det gjer Nynorsk kultursentrum.
# lagt inn 16.10.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.10.06

Reigstad 

Aasen-tunet, Hovdebygda:
Haldis Reigstad frå Nordhordland er blant Noregs mest populære lyrikarar, på linje med Jan Erik Vold, Jakob Sande og Halldis Moren Vesaas. Ho har selt 73 000 diktbøker på 18 år, men kultureliten i Oslo har ikkje eingong høyrt om henne, i følgje Norgesglasset i NRK. Søndag 22. oktober kjem Haldis Reigstad til Aasen-tunet for å kåsere og lese sine eigne dikt om natur, tru og menneske. Asle Reigstad gir ho tonefølgje på trompet.
Les meir.

Halldis Reigstad er representert i salmeboktillegget Salmer 1997 med to tekstar, mest kjent er nr. 71 "Tett ved sida mi går Jesus".
# lagt inn 14.10.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.10.06

Lydtestamente 

Nationen
Det nye testamente som lydbok
Skal du køyre Trondheim – Oslo og treng noko å korte reisetida med? Denne månaden kjem Det nye testamente som lydbok.
Les meir.
# lagt inn 11.10.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?