<$BlogRSDUrl$>

26.12.09

125 år! 

Annandag jul feirar BlixBlog med bilde av Høydalsmo kyrkje. Det er 125 år sidan den historiske gudstenesta 2. juledag 1884 da prost Sønke P. Sønnichsen lét kyrkjelyden i Høydalsmo syngje nynorske salmar i gudstenesta for første gong. Meir om kyrkja her. Nyårsdagen 1885 fekk dei syngje Blix-salmar i hovudkyrkja i Lårdal med.

Wikipedia (nynorsk) feirar høvet i vekas artikkel. Også Allkunne.no har ei markering i spalta "Dagen i dag" (høgre sidespalte).

Les meir i Per Halse, Gudsord og folkemål, s. 354 og Anders Aschim, Ein betre vår ein gong. Elias Blix, s. 316-317.
# lagt inn 26.12.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.12.09

Jul i Gildeskål 


Annonse i Avisa Nordland i dag. "Elias Blix" er lokalbåten, om nokon skulle lure på det.
God jul til alle Blix-vener, i Gildeskål og annan stad!
# lagt inn 23.12.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.12.09

Mot jol 

Du skal få enda ein god grunn til å lese Den nynorske songskatten av Terje Aarset. På s. 145-152 finn du nemleg soga om denne songen:
Jolekveld
Kaldt og myrkt og lite sol,
soleis er det fram mot jol.
Snø og is all jordi gøymer,
allting ligg i lengt og drøymer.

Barnet spør, kor langt det lid
enno fram til joletid.
Mor so mangt har med aa fara,
like vel ho stødt lyt svara.

Naar so klokketonar skjelv
under høge himmelkvelv,
melder malmsterk tonebaare
største høgtidskveld i aare.

Verdi fekk ein liten gjest,
difor held ho barnefest.
Smaa og store høgt maa kveda
saman um den store gleda.

Fatigt barn til verdi kom,
barnet vende verdi um.
Under stort, ja utan like,
det er Jesus og hans rike.

Han som kom, seg sjølv oss gav,
fekk ei krubba og ei grav.
No bør vi med gledestaare
gje ’om rom i hjarto vaare.

L. F. H.
Bonden 30. desember 1912.
Dette er førsteutgåva (s. 146 hos Aarset), meir kjent er nok versjonen frå Lars Søraas' songbok (s. 148 same stad) med tittelen "Mot jol". Ingen annan song har vekt slikt lesarengasjement på BlixBlog som denne, enda den ikkje er av Blix ein gong, men av gudbrandsdølen L. F. Hov. Berre sjå her og her. Så seint som i går fekk eg ein kommentar frå Robert Coates, som har sett ut songen for blandakor (det har forresten Terje Aarset òg, på s. 151).
# lagt inn 20.12.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmar i BT 

Bergens Tidende i dag har òg eit dobbeltsidig oppslag om julesalmar, eller meir presist denne:
Det var den gongen songbøkene låg framme og blei flittig brukte både heime, i kyrkja og på skulen. «Juleklokker over jorda» er ein av songane som blei mykje sungne i etterkrigstida, men som er ukjend for mange i dag. Terje Aarset, førsteamanuensis i norsk språk ved Høgskulen i Volda, har grave fram historia om denne kraftfulle julesongen i boka «Den nynorske songskatten».
Eit langt og fint intervju med Terje Aarset følgjer. Boka er no trykt i andre opplag, du kan enno få tak i den til jul. Eg er, av ein eller annan grunn, kalla inn som sidekommentator, mellom anna får eg sagt at "[a]kkurat salmesongen er det viktigaste bidraget den lutherske tradisjonen har gitt til den internasjonale kyrkja". Men eigentleg er eg eit unødig innslag her, synest eg, det er Hovden og Aarset det handlar om.
# lagt inn 20.12.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.12.09

Salmar i Klassekampen 

Bokmagasinet i Klassekampen i dag har sett av ei heil dobbeltside til å drøfte salmesong, under overskrifta "Høysang". Kva er det som skjer i norsk åndsliv? Kanskje er det berre eit kollektivt anfall av julestemning, ikkje veit eg, men den siste veka er eg blitt oppringt av to journalistar, det vil seie to meir enn normalt, og begge ville snakke om salmar. Den eine var altså Klassekampens Martin Grüner Larsen. Han skriv:
I juletida blir et av de mest påfallende folkelige litterære fenomener i norsk diktning særlig synlig, der vi ser statskirkekristne og gladagnostikere samle seg sammen i et absurd ritual. Man danser rundt innendørs bartrær og synger religiøse sanger fra 1600-, 1700- og 1800-tallet. Hva gjør dette ritualet, med sine ikoner og salmer, i vårt gjennomsekulariserte samfunn? Hvorfor er det et av de faste punktene i det multikulturelle, sekulære Norges kultur?
Eit vel så viktig utgangspunkt for refleksjonane i Klassekampen er noko Jørgen Sejersted har skrive om salmar i Den norske litterære kanon 1700-1900: "[D]et finnes vel overhodet ingen kulturuttrykk fra 1600-, 1700- eller 1800-tallet som er mer kjent, anvendt og levende i moderne kultur enn salmene." Med dette som utgangspunkt har Larsen intervjua Sejersted, Åge Haavik - grand old man i norsk salmebokarbeid - og underteikna.

Eg fekk høve til å løfte fram den overraskande revitaliseringa av Kingo/Blix-salmen "Upp gledjest alle" ved Sissel K og Odd N. Kor mykje vitugt eg elles hadde å bidra med slik på ståande fot, er eg meir usikker på. Men fenomenet som blir skildra, er høgst interessant og utfordrande, ikkje minst for alle oss som arbeider med å utforme eit religiøst språk for vår tid som kan kommunisere "ei glede for heile folket" og ikkje berre for små kyrkjelege elitegrupper.
# lagt inn 19.12.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.12.09

Talemålsnytt 

Eg har visst ikkje kommentert diskusjonane om talemål i NRK, seinast aktualisert gjennom bølgjene rundt nyheitsanker Ingerid Stenvold, som har fått lov å snakke dialekt i sjølvaste Dagsrevyen. Dette er kontroversielt, jamvel mellom målfolk. Mange er urolege for at det kan bli for lite normert nynorsk tale i riksmedia (og bokmål med, for den del).

Eg har fått, og takka ja til, ein invitasjon til å bli med i Facebook-gruppa "Vi som støtter Ingerid Stenvold i dialektsaken". Eg er fundamentalt usamd med tidlegare språkkonsulent Finn-Erik Vinje, som held på ei streng normaliseringslinje, og tilsvarande samd med etterfølgjaren Ruth Vatvedt Fjeld: Talemål er ikkje noko å vere redd for.

For å ta tydeleg stilling i ein debatt som har følgt målsaka heilt frå starten: For meg (som framleis er sidemålsbrukar av nynorsk) ligg det viktigaste argumentet for nynorsk nett i det talemålsnære. Dessutan meiner eg at nynorsk er ein idé som er for god til at vestlendingane skal ha den for seg sjølv.

Kva Blix hadde meint? Sannsynlegvis ville han ha vore tilhengar av relativt sterk normering. Men eg vil nytte høvet til å sitere eit av innlegga hans i stortingsdebatten 29. april 1885 om målsaka (økonomisk støtte til lærarkurs i landsmål og bygdemål):
Gaar man ud fra Landsmaalet som Materiale for Undervisningen ved disse Kurser, saa vil man naturligvis lempe Landsmaalets Form saa nær efter vedkommende Lærers egen Dialekt som gjørligt, saa at altsaa Landsmaalet her ikke bliver andet, end hvad det i mine Tanker skulde være og faktisk maa siges at være -: en Normalform, hvori en hvilkensomhelst af vore Dialekter kan lægges ind.

(Ein betre vår ein gong s. 321)
# lagt inn 18.12.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Slottsnytt 

Hei!
På "voksensidene" oversetter vi mellom 20 og 25 % av tekstene våre. Det er mulig det samme vil skje på barnesidene, men det er ikke tatt stilling til enda.

Vennlig hilsen,

....
Webredaktør

DET KONGELIGE HOFF
Kommunikasjonsstaben
Det kongelige slott, 0010 Oslo
www.kongehuset.no
(frå epost-svar på spørsmål frå lærar i nynorskkommune som saknar nynorsk stoff på dei kongelege sidene)
# lagt inn 18.12.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Forvaltningsnytt 

frå Noregs Mållag:
Utlendingsdirektoratet (UDI) har fram til no berre laga statsborgarbrev på bokmål, men skal no lage slike brev også på nynorsk. Det skjer etter at Stephen, Agnes og Edmund Walton og Språkrådet tok opp saka.

Alle nye statsborgarar får statsborgarbrev. Då Stephen, Agnes og Edmund Walton søkte om statsborgarskap på nynorsk, venta dei å få både vedtak og statsborgarbrev på denne målforma, slik dei har rett til etter mållova.

UDI svara at statsborgarbrevet berre var tilgjengeleg på bokmål fordi det ville vere dyrt å produsere dette brevet på begge målformer. Då Språkrådet skreiv til UDI på vegner av Walton-familien, snudde UDI i saka.

– No gler vi oss til å få statsborgarbrev på rett målform, seier Stephen Walton.

I eit brev opplyser UDI at statsborgarbreva frå no av skal finnast både på nynorsk og bokmål.
Ein viser til jamstellingsvedtaket av 1885.
# lagt inn 18.12.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Fargenytt 

Stavanger Aftenblad i dag:
JUL OG VÅR: «Du grønne glitrende tre, god dag!» synger vi når vi går rundt juletreet. Går vi på fest 17. mai, velger vi kanskje «Mellom bakker og berg» som Ivar Aasen skrev i 1868. Slik lød en av de opprinnelige verselinjene: «Og naar Liderna grønka som Hagar». Velger vi Elias Blix - en annen av de gamle nynorskfedrene - så skrev han i 1890 i fjerde verset av Gud signe vårt dyre fedreland: «Det grodde så grønt i lier,».

Grønt er altså både en julefarge og en vårfarge.
Så veit vi det.
# lagt inn 18.12.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.12.09

Nytolking 

BlixBlog registrerer med glede at Krundalsbloggen har kasta seg på bølgja av salmetolkingar. Oddmund L. Hoel skriv:
På jobben fekk eg salmeplata til Herborg Kråkevik etter disputasen, og den høgare meininga med gåva gjekk opp for meg med andre sporet. Ein kunne kanskje tru at det hadde å gjera med at målfolka som kristna landsmålet har fått ein del plass i avhandlinga. Men nei: Grunnen er tvillaust at “Leid, milde ljos”, omsett av Peter Hognestad i 1914, eigenleg er ein song om avhandlingsarbeid.
Dette er lovande. No ventar vi "Dagens Herborg" som fast spalte. Kom igjen, Oddmund!
# lagt inn 13.12.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.12.09

Bjørlykke 70 år 

Oskar Stein Bjørlykke er 70 år i dag. Hjarteleg til lukke. Offentleg feiring blir det 10. desember. BlixBlog meiner denne mannen skulle ha vore nominert til ein eller annan fredspris.
# lagt inn 4.12.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Bodø 



Annonse i Avisa Nordland, Næravisa i dag.
# lagt inn 4.12.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Tokke 

Telemarksavisa (papir)
MO: Førstkommende søndag 6. desember kl. 18 blir det den tradisjonelle adventskonserten i Mo kirke.

Det blir sang, dans og instrumental musikk som skal dominere konserten.
Tradisjonelt som første salme under adventskonsert i Tokke vil vi synge «No koma guds englar» av Elias Blix. Det er den første nynorsk julesalme som ble sunget offentlig for første gang i Norge. Det skjedde 1 juledag i 1884 i Lårdal kirke i Tokke.
Fint at dei held på tradisjonane. Eg har forståing for at historisk revisjonisme tek si tid, men eg prøver tolmodig. Som Per Halse har vist i avhandlinga si og eg har nemnt i boka mi: Denne første Blix-salmen i kyrkjerommet skal IKKJE daterast til 1. juledag 1884 i Lårdal kyrkje, men til 2. juledag 1884 i Høydalsmo kyrkje. I hovudkyrkja fekk dei òg syngje Blix, men ikkje før nyårsdagen 1885. Dette går tydeleg fram av dagsregisteret til sokneprest Sønnichsen i Lårdal, som er å finne i Statsarkivet på Kongsberg.
# lagt inn 4.12.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.12.09

Kyrkjenytt, Oslo 

Søndag 6. desember klokka 11 er det nynorsk gudsteneste i Uranienborg, heimekyrkja til Elias Blix. Tekstlesar frå Tromsø (Roger Lockertsen) og predikant frå Vinje (Bjørn Sandvik), seier rykta. Så nord og aust er vel ikkje heilt tapt for målsaka enno.
# lagt inn 3.12.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kreasjonsnytt 

I kveld har eg sunge "Gaudeamus igitur" på latin. Det er lenge sidan sist. Eg har sete på supporterbenken under kreeringa av Per Halse til Ph.D. ved Det kongelige Frederiks universitet og hatt ein riktig gild kveld.
# lagt inn 3.12.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.12.09

Konsertnytt 

- men i dag ikkje om Sissel K (ho har forresten her i heimen gått under namnet "Julebø" sidan den første juleplata hennar kom ut) og Odd N - derimot om Helgeland Kammerkor i Helgelands Blad:
I siste del av konserten – «Den norske tradisjonen» – har koret hentet fram tekster og viser fra Petter Dass, Elias Blix og Trygve Hoff.
Eliax Blix' «Kling no, klokka» er også en av dirigentens favoritter.
– Den er så spennende, det er en fabelaktig tekst, mener han [Chris Eva].
Mens korleder Trude Gystad holder en knapp på den opprinnelig tyske sangen «Det hev ei rose sprunge» som sin favoritt.
Gjendiktaren av "Es ist ein Ros' entsprungen" er Blix-eleven Peter Hognestad. Adventskonserten til koret kan du oppleve i Sandnessjøen kyrkje fredag 4. desember og i Bardal kyrkje i Leirfjord laurdag 5.desember.
# lagt inn 1.12.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?