<$BlogRSDUrl$>

27.2.07

Salmenytt 

Kirken.no:
Det har kommet inn mer enn 3000 forslag til den nye salmeboken som skal være ferdig i 2010. Medlemmene av Den norske kirkes salmebokutvalg har en vanskelig jobb med å finne ut hva som blir med i salmeboken.
Og kven skal ut?
# lagt inn 27.2.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.2.07

Arv 

I Norge IDAG skriv Dag Rune Lid, Norheimsund eit debattinnlegg under tittelen "Tenn vardar for vår kristne arv":
Frå gamal tid tende dei vardar på fjella som varsla fienden. På dette viset kunne bodskapen om angrep varslast frå landsende til landsende og vekkje opp folket til kamp for folk og fedreland.

Me opplever for tida at regjeringa prøver på ulike vis å fjerne det som har med vår kristne arv å gjere. Den arv som har vore til så stor velsigning for vårt folk og land. Elias Blix gjev oss dette veldige perspektiv når han skriv: «Vårt heimland i mørker lenge låg, og vankunna ljoset gøymde. Men, Gud, du i nåde til oss såg, din kjærleik oss ikkje gløymde. Du sende ditt ord til Noregs fjell, og ljos over landet strøymde.»

For tusen år sidan fekk me ljoset her nord, og Guds nåde var stor i mot Noreg. No opplever me at dei styrande vil ta dette ljoset bort frå heim, skule og samfunn. Det regjeringsutnemnde Bostadutvalet har no lagt frem fire utkast til nye formålsparagrafar for barnehage og skule, og me anar at regjeringa vil ta nye grep for å fjerne enno meir av vår kristne arv.
Ein kan forstå at det er nærliggjande å ty til Blix i slik ei stund. Men programmet "norskdom og kristendom" kan fort få ein annan valør i dag enn det hadde i hans tid. Eg ser ikkje bort frå at Blix sjølv kunne ha hevda slike synspunkt, hadde han vore mellom oss. Men eg ser heller ikkje bort frå at han ville ha sett dei prinsipielle problema eit pluralistisk samfunn reiser. Elias Blix var ein varm tilhengar av skolelova av 1860, og han var involvert i førearbeida til skolelova av 1889 - to viktige steg i sekulariseringa av skolen gjennom utviding av fagkretsen med andre fag enn religionsfaga. Føremålsparagraf og kyrkjetilknytning rørte han rett nok ikkje ved.

Det kan vere mang ei lekse å lære av historia. Men det er ikkje alltid eintydig kva pensum eigentleg er.

Les meir.
# lagt inn 14.2.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.2.07

Innvandring 

Forskning.no:
Det er vanlig å forestille seg at Norge ble flerkulturelt da de første pakistanerne kom kjørende inn på Grønland i Oslo. Men den norske innvandringsdebatten begynte på attenhundretallet, og handlet om nordnorske ghettoer og reservater for samer, sier historiker Einar Niemi.
Einar Niemi er professor i historie ved Universitetet i Tromsø, og har jobbet mye med både sin landsdels historie og minoritetsproblematikk.

Blant annet skrev han bind 2 i Norsk innvandringshistorie. Det tar for seg tidsrommet fra 1814 til 1860. For innvandring er ikke noe nytt fenomen, selv om vi ofte glemmer det.
Det har undra meg at den nordnorske erfaringa med eit fleirkulturelt samfunn har spela så lita rolle i debatten om notidas fleirkulturelle Noreg. Det er framleis langt frå Oslo til den nordlegaste landsdelen, men her finst mykje erfaring som både samfunnsforskarar, politikarar og pedagogar skulle kunne lære mykje av - på godt og vondt.

Niemi (namnet røper kvensk bakgrunn) tek særleg for seg innvandringa frå Finland til Nord-Noreg (at nordmenn mange stader må sjåast som "innvandrarar" innover i fjordane, bør ein heller ikkje gløyme).

For eiga rekning: Det ser dessverre ut til at mistenkeleggjorte innvandrargrupper treng ein verdskrig for å få høve til å vise seg lojale mot det norske samfunnet og norske verdiar. Mistenkeleggjeringa av kvenminoriteten i første del av 1900-talet var fullt på høgd med den kollektive mistenkeleggjeringa av muslimske innvandrarar av alle fargar i dag. For mange måtte det ein krig til for å forstå at kvenar faktisk kunne vere "gode nordmenn". Går det an å lære av historia?

Les meir.
# lagt inn 6.2.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Framleis Bergen 

Det var godt eg såg vermeldinga og tok vinterfrakken, for i Bergen har det vore vinter heile veka. Hardt å vere fugl, is på Lille Lungegårdsvann (og til og med på Arnavågen, har eg sett om morgonen på veg til stasjonen).

Det har vore gode skrive- og kjeldedagar. På UB i Bergen har dei meir enn dei fleste veit om, her har eg funne både publikasjonsstaden for "Klokkerim" (eg har spurt etter det ein eller annan stad på bloggen), eit ukjent avisinnlegg av IX frå 1865 om tilhøve ved Tromsø seminar, og ei skildring av livet i Blix-heimen rundt 1880 av ein teologisk student som hadde hybel der. Og mykje anna.

På toppen av det heile trefte eg Jarle Bondevik på spesiallesesalen i dag, det blei både bibel- og salmeprat av det, må vite.

I morgon fer eg heim att med toget.
# lagt inn 6.2.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Samefolkets dag 

Bergensbaserte bloggar Endre (Purisme) minnar meg om ikkje å gløyme 6. februar sjølv om eg ikkje er heime. Til lukke med dagen!

Kyrkja.no finn du opplegg for gudstenestleg markering av dagen.

PS: Og ved rådhuset i Bergen er det samiske flagget heist i dag.
# lagt inn 6.2.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Bergen 

BlixBlog har flytta til Bergen for nokre dagar, med von om ei god skriveøkt. Aktiviteten på biografifronten er høgare enn aktiviteten på bloggen røper, forlaget tek til å puste ein forsiktig i nakken.

Eg har eit par økter med kjeldearbeid att her i byen, men for det meste kjem eg til å sitje på eigna bibliotek og skrive.

Fint vintervêr i Bergen, kaffe har eg òg fått, så det teiknar bra.
# lagt inn 6.2.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?