<$BlogRSDUrl$>

30.11.06

Stilling ledig 

Stilling ledig:
Kirkeverge/daglig leder
I Gildeskål sokn er det fra 1.januar 2007 ledig fast stilling som kirkeverge/daglig leder. Stillingen lyses ut som 60% årsverk, men muligheten for å utvide med 20% kirketjener-arbeid knyttet til hovedkirken kan drøftes. Gildeskål sokn har ca 2100 innbyggere.
Les heile annonsen og søk jobb som kyrkjeverje på heimstaden til Elias Blix.
# lagt inn 30.11.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.11.06

Eksetiana 

I dag har eg fått Eksetiana frå forlaget - Jostein Fets monumentale bibliografi over utgjevingar ved Aarflots Prenteverk 1809-1935. Det er ei imponerande utgjeving, eit imponerande stykke arbeid og eit enda meir imponerande emne. Utruleg kva dei får til der oppe på Sunnmøre.
# lagt inn 27.11.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Hognestad 

Bloggarprestekollega Arne Berge har godt nytt frå prestegjeldet sitt ("i kveld" er i skrivande stund blitt i går kveld):
Biskop Peter Hognestad (1866-1931) var her frå Time. I kveld arrangerte Time sokneråd ein kulturkveld der denne biskopen fekk vera i fokus, 75 år etter sin død. Kulturkvelden blei arrangert som ei første markering fram mot Time kyrkje sitt 150-års jubileum som skal feirast i 2009.

Peter Hognestad kom frå bygda Hognestad like ved Bryne, der denne bloggen blir skriven. Han er kjent som prest og biskop, forfattar og salmediktar. Spesielt har nokre av dei salmane han har omsett og gjendikta, blitt mykje brukt; Fager kveldssol smiler og Det hev ei rose sprunge er eksempel på det.

Peter Hognestad var aktiv målmann. Interessant nok blei han i 1903 tilsett som stiftskapellan i Oslo, med spesielt ansvar for å halda gudstenester på nynorsk! Og i 1906 var han blant innbydarane til stiftinga av Noregs Mållag. I 1916 blei han biskop i Bjørgvin. Han var den første biskopen som preika på nynorsk, og dette blei det visst mykje oppstyr omkring!

Han var også hovudredaktør for den første nynorske bibelutgåva (Studentmållagsbibelen), som kom i 1921.
Les meir.

I tillegg var Peter Hognestad elev av Blix, må vite. "Jau, Blix kunne vere morosam," fortalde han ein gong og fekk sagt to ting samstundes: At Blix kunne vere morosam, og at det skulle ein ikkje tru. Bibelomsetjar Elias Blix fekk ikkje gjort så mykje med Det gamle testamentet på nynorsk, berre dei første nokre-og-førti salmane. Den som tok opp Elias' kappe og fullførte salmeomsetjinga var Peter Hognestad.
# lagt inn 27.11.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.11.06

Blix i Tromsø 

Denne meldinga (frå avisa Tromsø) stod sist laurdag og er altså dessverre blitt uaktuell, sidan "i morgon" no er blitt "i går". Men det er interessant å følgje med på kva som skjer på målfronten i den byen der Elias Blix opplevde si språklege omvending:
Nynorsk i kirka
Det blir sang og dikt i stedet for preken når Elverhøy kirke feirer messe på nynorsk i morgen. Helge Stangnes, Kine Hellebust og Sunniva Eliassen står for kunstneriske innslag i den litt spesielle gudstjenesten som avholdes i morgen. Stangnes stiller med selvskrevne dikt, Hellebust synger sanger av Elias Blix og Eliassen synger sanger av Trond Hellemo. Fungerende sogneprest Kjell Y. Riise skal lede gudstjenesten.
# lagt inn 20.11.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kyrkjemøtenytt 

Komitésekretærrolla på kyrkjemøtet kan utformast på ymse vis, forstår eg etter dagens Hugin og Munin (Vårt Land). Det finst jamvel eit gripande innslag i Dagsrevyen frå fredag 17.11.06 til illustrasjon av poenget.
# lagt inn 20.11.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Omtale 

Eg skulka siste seminardag på Lysebu sundag, vi hadde ein åremålsdag i heimen. Men dei som var der, fekk mellom anna høyre danske Joachim Garff fortelje om den store Kierkegaard-biografien han har skrive. Det må ha vore ei oppleving, etter det Guri Hjeltnes skriv i VG i dag under tittelen "Sirkusartist i loft og kjeller".

Eg noterer at min gode redaktør har førehandsannonsert Blix-biografien tydeleg nok til at den er nemnt i Hjeltnes si liste over biografiutgjevingar neste år. Eg er sjølvsagt takksam for all drahjelp.
# lagt inn 20.11.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Advent og jul 

Advents- og julesalmane i Salmar og Songar (1900) har eg kommentert tidlegare, så dei kjem eg til å hoppe over no (eg har det litt travelt). Det handlar om desse:
# lagt inn 20.11.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Her kjem me, Herre, paa ditt Ord,
Som bed oss til ditt Hus og Bord,
Der du giv Himmelføda.
Gud, lat daa Ordet av din Munn
I Hjartat finna grornæm Grunn
Og bera fager Grøda!
Giv Hug / Og Dug,
Opet Øyra / Til aa høyra, / So me gjøymer
Ordet og det aldri gløymer!

Ja, Herre, lat ditt dyre Ord
Daa ikkje falla tomt til Jord,
Men ved din Ande verka
I oss den rette Tru og Trong,
So du vaar arme Bøn og Song
Maa høyra mildt og merka!
Giv du / Vaar Tru
Rette Varmen, / Lat i Barmen /Hjartat brenna
Og di Røyst i Ordet kjenna!

-----
E. Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900) s. 3-4

Tredje og siste salme i bolken "Inngangssalmar". Det ligg ein heil liturgisk teologi i desse to små og nokså tradisjonelle strofene, eit gudstenestleg forankra kristendomssyn som er svært typisk for Elias Blix. Sjølv om "Guds Bord" er nemnt i første verset, spelar ordet ei langt større rolle enn sakramenta. Gudstenesta har ei sakramental side, Gud "giv Himmelføda" i form av ord og sakrament og lèt ordet "finna grornæm Grunn" i menneskehjartet og "verka ... den rette Tru og Trong" ved Den heilage ande. Og den har ei sakrifisiell side, den menneskelege responsen på Guds handling i form av "fager Grøda", ei varm tru og eit brennande hjarte - som får uttrykk i "Bøn og Song".

Det bibelske utgangspunktet for salmen er å finne på stader som Markus 4,8, Johannes 6,31 og Jesaja 55,10-11.

Første strofe finst i Norsk Salmebok på nr. 561.

Norsk Salmeleksikon nr. 1255.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 20.11.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.11.06

Dagens Blix 

I Jesu Namn
All Gjerd me gjera maa,
Um ho skal Lukka faa og Framgang jamn,
Ikkje Skam oss føra paa.
All Gjerning gjord
I det Namn, paa Guds Ord,
Ho Lukka med seg ber
Og fram til Maalet fer:
At Guds Æra fremjast maa,
Og me kann den Vinning faa,
Som vaar sanne Velferd er.

-----
E. Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900) s. 2-3

Fast inventar i dansk-norske salmebøker sidan 1600-talet - og på semesteropningar ved Menighetsfakultetet.

Norsk Salmeleksikon nr. 1723
Heile salmen.
Sist sundags Blix.
# lagt inn 19.11.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.11.06

Katta-treff 

Morosamt å oppdage at heile fire av deltakarane (mellom dei to av innleiarane) på Lysebu-seminaret har gått på Hamar katedralskole: Tore Rem (som har snakka om Bjørneboe i dag), Hanne Lillebo (som har snakka om Rolf Jacobsen og Sigbjørn Obstfelder), Solveig Øye (forlagsredaktør i Samlaget) og eg (ældstemand).
# lagt inn 18.11.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Feiring 

I tillegg har vi på Lysebu fått vere med på tildelinga av admiral Carl Hammerichs minnelegat til Benny Andersen. Det var vel helst slik at vi tilfeldigvis var i nærleiken, men det høver jo fint, viseromanen "Svantes viser" kan vel seiast å ha eit visst slektskap med biografien. Hovudpersonen var i slag og las eigne tekstar, Per Husby spela piano, Liv Dommersnes og Morten Røhrt las opp frå produksjonen til Andersen.
# lagt inn 18.11.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Biografiseminar 

I helga er eg på Lysebu, på seminaret "Biografiens oppstandelse" i regi av Fondet for dansk-norsk samarbeid, med Jan Inge Sørbø som primus motor. Dette passa bra nett no, eg skal prøve å avslutte manuskriptet til Blix-biografien før nyttår (helst; det skal godt gjerast). Her er akademikarar, biografiforfattarar og forlagsfolk. Interessante føredrag i dag ved Birgitte Possing, som for nokre år sidan var årsak til ein større dansk debatt om den historiske biografien, og Marianne Egeland, som for litt færre år sidan var årsak til ein stor norsk debatt om den litterære biografien. Min eigen redaktør, Sverre Tusvik, var tredje talar, med laus snipp og ditto munn, som vanleg. Gode samtalar undervegs, og mat i ein klasse eg svært sjeldan er i nærleiken av. Framhald i morgon.
# lagt inn 18.11.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix-prisen 

Tromsø 17.11.2006:
Blix-prisen for år 2006 er tildelt Irene Larsen.
Språk, menneske, livskår i Nord-Norge er ein finstemt klangbotn i alt Irene Larsen skriv.

Dette skriver Samlaget om dikteren fra Troms.

Larsen er født på Skjervøy i 1964. Hun er bosatt i Ersfjordbotn på Kvaløya vest for Tromsø. Hun jobber til daglig som lærer på Kvaløya.
# lagt inn 18.11.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.11.06

Kyrkjemøteblogg 

BlixBlog har ikkje tenkt å følgje kyrkjemøtet, som tok til på Lillehammer-kanten i dag, dette er eit for moderne fenomen. Ikkje for det, eit av dei tre lovforslaga til ny kyrkjeordning som blei lagt fram for Odelstinget i 1887 ville institusjonalisere eit kyrkjemøte. Men eg fall for eit innlegg frå kyrkjemøtebloggar Harald Gundersen.
«Trond Giske kommer på Kirkemøtet, hører på sitt eget innlegg og stikker etter en kjapp middag.» Delegat og vl.no-blogger Harald Gundersen er ikke imponert over kirkeministerens kirkeinteresse.
Dessutan er Per Kristian bror på kyrkjemøtet som medlem av sekretariatet. Kor mykje nattesøvn det blir på han denne veka, står det att å sjå. Eg har ein mistanke om at stat/kyrkje-saka kjem til å krevje nattarbeid.
# lagt inn 13.11.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Rennebu 

Opdalingen:
Kine Hellebust tolker Elias Blix i Rennebu kirke søndag kveld [BlixBlog: Det vil seie i går], akkompagnert av Rune Skjolden og Jørn Bjørnaas.
Hellebust ankom Berkåk torsdag kveld, og i tillegg til konserten, har hun besøkt flere av skolene i Rennebu. Også over helgen skal hun besøke flere skoler.

Mandag gir hun ut praktbok fra Troms fylke.
# lagt inn 13.11.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.11.06

Dagens Blix 

Kom heilag Ande, Kristi Tolk,
Fyll Hjartat paa ditt Kristenfolk!
Lat oss din Eld i Hugen kjenna,
Lat Kristi Kjærleik i oss brenna!
Dei skilde Tungor einar du
Og samlar i den same Tru
Dei mange Folkeslag og Ætter,
Som einmelt Lovsong til deg retter.
Halleluja, Halleluja!

-----
E. Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900) s. 1

Provosert av konkurrenten, kan hende. Det er best å få liv i spalta "Dagens Blix" att. Eg har enno ikkje gått systematisk gjennom den siste Blix-samlinga med lesarane av BlixBlog.

Dette eine verset står først i boka, under "Inngangssalmer". Opphavet er ei gammal latinsk bøn, "Veni, sancte spiritus, reple tuarum corda fidelium". Den har ei lang historie i norske salmebøker, frå Thomissøn til Norsk Salmebok nr. 207, der den (ny)norske teksten er tilskriven Johannes Smemo. Smemo var ein framifrå gjendiktar, og han har sikkert hatt ei hand med i revisjonen av denne teksten òg, men faktum er at NoS 207 på to linjer og nokre småord nær er identisk med inngangssalmen i Salmar og Songar - utan at Elias Blix er nemnt ved namn på nokon plass i tradisjonslekkja. Kan hende har redaktørane av Norsk Salmebok tenkt at Blix hadde så mange andre, ikkje veit eg. Ha ein gild sundagskveld.
# lagt inn 12.11.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.11.06

Konkurrent 

Eg har vore litt i tvil på om eg skulle gjere lesarane merksame på den konkurrerande spalta Dagens Blix (på bloggen Jarls gale verden). Ein kan aldri vite med slike, kan hende går lesarane over til konkurrenten, og så sit ein der. Eg har konkludert med at open og fri informasjon er forskingsetisk mest korrekt, og at lesarane sine skal ein stole på.
# lagt inn 9.11.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.11.06

Casparis gate 

"Byens gater" er ein type avisspalte eg har mykje til overs for. Byen er Trondheim, avisa Adresseavisen. I dag: Casparis gate.
Carl Paul Caspari (1814-1892) var en europeisk ekspert på orientalske språk i sin tid. Det kanskje mest imponerende arbeid var en arabisk grammatikk. Og bare få måneder etter ankomsten til Norge, foreleste han på norsk.
Slett ikkje verst, det journalisten har fått med. Ho veit til og med at Elias Blix var Caspari-elev. Det er ikkje rett at Caspari "hadde Elias Blix som elev i Leipzig", det var nok i Kristiania. Men Caspari hadde, saman med semittistkollega Jens Peter Broch, mykje av æra for at Blix reiste til Leipzig på studieopphald hos læraren deira, Heinrich Leberecht Fleischer. Det var Caspari og Broch som fremma forslaget om å gjere Elias Blix til professor. Caspari ønskte seg lenge Blix som etterfølgjar i professorstillinga i Det gamle testamentet ved det teologiske fakultetet. Det blei det ikkje noko av. Etter at Caspari døydde i 1893 vikarierte Blix i embetet eit par år, men han ville ikkje søkje det.
# lagt inn 7.11.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.11.06

Blix-nytt 

Det er vel på tide med noko Blix-stoff på BlixBlog. Tre korte meldingar i dag.

1. Statsråd
Eg har nett sendt frå meg kapitlet om statsrådstida til Elias Blix (1884-1888) til forlaget. Det er blitt for langt, det blir nok kortare når ein redaktør får sett på det. I motsetnad til dei andre livsfasene har biografen her eit luksusproblem: Kjeldene fløymer over. Her er så mykje å fortelje, jamvel mykje nytt. Eg har vore så privilegert at eg har hatt tilgang til hittil upublisert kjeldemateriale om det interne livet i Sverdrup-regjeringa. Leiemotivet er spenninga mellom dei to teologane i ministeriet, Jakob Sverdrup og Elias Blix. Men eg vil påstå at eg kjem til å kaste nytt lys både over målsoga (jamstellingsvedtaket i 1885 inkludert), universitetshistoria og kyrkjesoga. Somme problemstillingar har ikkje endra seg mykje på 120 år - målstrid, kyrkje- og skolereformer kan vere tre stikkord.

2. "Det store biografiåret"
Det er Ottar Fyllingsnes i Dag og Tid (berre på papir) som har utropt 2007 til "det store biografiåret". Eg får hard konkurranse, ser eg: Hagbard Berner, Halldis Moren Vesaas, Per Sivle, Torborg Nedreaas, Sigrid Undset ... Eg trur dette er den første "offisielle" omtalen av Blix-biografien min frå Samlaget. Sverre Tusvik er sitert slik:
Elias Blix
I tillegg kjem Anders Aschim med biografi om Elias Blix, heilt uavhengig av alle jubileum.
- Nordmenn flest kjenner best salmediktaren Blix, men han var ein av dei fremste europeiske professorane i semittisk og hebraisk språk med studieopphald ved universitetet i Leipzig. Blix var både biskop og kyrkjestatsråd, men han levde ei [SIC] spennande intellektuelt liv. Aschim er teolog og kan både semittisk og hebraisk, og han har vitja Leipzig og gått gjennom materiale som vart tilgjengeleg etter at Berlinmuren fall.
Eg har lova å mobbe min gode redaktør resten av livet for den om biskopen (derimot har han heilt rett i at Blix-eleven Bernt Støylen var biskop. Også han er i ferd med å få sin biografi, skriven av Olga Støylen Runde). Det er litt mykje smør på skivene elles òg, men det kan eg leve med.

3. Langtidsplanlegging
Og så hadde eg ein hyggeleg telefon frå ein god prestekollega. Mållaget hans planlegg Blix-kveld i oktober 2008 ein gong. Sjølvsagt har eg lyst til å vere med.

God helg!
# lagt inn 3.11.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.11.06

Gamle salmar 

Det blir Sunnmøre som er først ute med å syngje dei nye salmane. Ikkje berre det, sundag 5. november skal Per Halse presentere dei aller første (før-Blix'ke) salmane under et arrangement i Aasentunet, i samband med kyrkjemusikkveka i Volda.
# lagt inn 2.11.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Vinnarsalmar 

Du er Guds barn nett no.
Eit glimt av skaparverket så underfullt å skode.
Du er eit barn av Gud nett no.


Første strofe av "Guds barn nett no", vinnarbidraget i salmekonkurransen "Nye feiringssalmar". Teksten er av Emil Skartveit, melodien av Stein Skøyeneie.

Les meir om denne og dei andre premierte bidraga på aasentunet.no.
Sunnmørsposten er først ute med å fortelje den glade bodskapen. Dei er mest opptekne av 2. prisvinnaren ("Hareid-mann vann salmepris").
Orsak, Vikebladet var enda tidlegare ute, også der er det 2. prisvinnaren som er i fokus ("Held koken på salmetoppen").

Oppdatering, 03.11.06:
Sunnhordland: "Nyfødde Johannes inspirerte til dåpssalme"
Norge IDAG: "Dåpssalme vann salmekonkurranse" (Kristelig Pressekontor)
nesteklikk.no: "Nye salmar til fest og høgtid"
Oppdatering, 05.11.06:
Sjå og høyr Sveinung Hølmebakk syngje vinnarsalmen (NRK har sendt innslaget både i Dagsrevyen og i Rogalandsnytt 02.11.06)
# lagt inn 2.11.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?