<$BlogRSDUrl$>

29.10.09

Bjørlykke 

Veldig hyggeleg melding frå Samlaget i kveld om ein god bibelomsetjarkollega, formidla av ein annan ditto (Jan Ove Ulstein):
Oskar Stein Bjørlykke fyller 70 år 4. desember 2009, og i samband med dette gir vi ut boka Diktet lyser i kvelden. Dikt i utval, redigert av Jan Ove Ulstein, Jan Inge Sørbø og Per Olav Kaldestad.

Oskar Stein Bjørlykke (f.1939) er frå Fitjar på Stord, og bur no i Oslo. Han er utdanna teolog, og har skrive ei lang rekkje romanar, diktbøker og bøker for barn. I år fyller han 70 år, og ved dette høvet gir Samlaget ut eit krese utval av dikt frå hans mangfaldige produksjon. Utvalet inkluderer både dikt for barn og dikt for vaksne. Boka inneheld også fleire tekstar om forfattarskapen.

Frist for teikning til tabula gratulatoria er 6. november 2009.
Skund deg, skund deg. Dessutan blir det Bjørlykke-dag på Litteraturhuset torsdag 10. desember med fleire arrangement.
# lagt inn 29.10.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Bærum 

Til mi store overrasking les eg på budstikka.no:
Onsdag i Grinilund kirke
torsdag 29. oktober 2009 kl 19.00
Grinilund kirke
Blix i ord og toner
Foredrag: Anders Aschim Nabokoret
Ei sak er no det at dei legg onsdagane sine til torsdag på vestkanten, ei anna at eg ikkje har vore i Bærum i kveld. Eg trur ikkje det er eg som har gløymt arrangementet, men kanskje arrangøren som har gløymt å varsle om at Blix-kvelden er flytta til onsdag 4. november. Vel møtt!
# lagt inn 29.10.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

28.10.09

Blix på Hamar 

Som kjent blir ingen profet på heimstaden sin, men sundag får eg i det minste seie noko om Elias Blix i den kyrkja der eg både er konfirmert og ordinert:
"Og vandra i hans ljos. Elias Blix og salmane hans"
Søndag 1. november 2009 - Hamar domkirke - kl. 19.00 v/Anders Aschim.
Hamar menighet er medarrangør.
Du kan lese meir på heimesida til Hamar Misjonsforening.
# lagt inn 28.10.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.10.09

Blix i Skudeneshavn (?) 

Fredtunkveld
Fredtun inviterer til hyggekveld onsdag 28.okt.kl.19.00. Lærer Tønnes Hammersmark kåserer: "Om Elias Blix". Solo-og allsang med Blixsanger. Kveldstanker v.prest i Åkra Tor André Lindstad.
Bevertning.Alle hjertelig velkommen.

(annonse i Haugesunds Avis)
Fredtun er det fleire stader som heiter, men ting kan tyde på at nett denne ligg på Karmøy.
# lagt inn 27.10.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.10.09

(Gammalt) salmenytt 

Aage Myksvoll har gjort meg merksam på eit kraftfullt innlegg i salmebokdebatten. Det er frå i vår, men eg har oversett det:
– Salmesjangeren står for fall
– Dette vert Elias Blix sin åndelege død, seier Trond Kverno om framlegget til ny salmebok der den nordnorske komponisten sine salmar er drastisk redusert.

– For nokre år sidan feira me 100-års jubileet for Elias Blix sin død. I år feirar dei jubileet for hans åndelege død, ved å fjerna halvparten av salmane hans frå salmeboka, sa kyrkjekomponisten Trond Kverno til tilhøyrarane på Kirkelig Fornyelse sine Arbeiderdager i Centrumskirken i Bergen.
Frå Indremisjonsforbundets nettsider. Artikkelen er datert 26.05.2009.
# lagt inn 26.10.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.10.09

Dr. Halse 


Da har Per Halse gjennomført ein særs vellukka disputas over avhandlinga "Gudsord og folkemål. Framveksten av nynorsk kyrkjespråk 1859-1908." Disputasar kan vere heller traurige greier når opponentane driv flisespikkeri på eigne kjepphestar og nyttar tida meir til å fortelje kva som manglar enn å diskutere kva som faktisk står i avhandlinga. Denne disputasen var ein fest. Tonen var velvillig, og doktoranden fekk mykje ros for grundig kjeldearbeid og engasjerande forteljing. Samtidig stilte opponentane gode spørsmål, og det på ein måte som skapte ein engasjert og spennande fagleg samtale.

Førsteopponent Hallgeir Elstad, sjølv kyrkjehistorikar ved Teologisk Fakultet, etterlyste til dømes ei grundigare kartleggjing av den teologiske profilen til dei ulike aktørane. For meg var likevel andreopponenten Bjørg Seland, historikar frå Universitetet i Agder, høgdepunktet. Dette var langt frå gamle dagars trykkfeilsdjevel-opposisjon. Gjennom gode konkrete døme peikte ho på punkt der doktoranden med fordel kunne ha vore tydelegare og gått lengre i bruken av analytiske grep. Begrep som "klassereise" og "sentrum-periferi" stod til diskusjon; dette er eit terreng eg kjenner meg heime i. Per svarte godt for seg, og eg trur tilhøyrarar med ulike føresetnader var godt i stand til å få med seg mesteparten av diskusjonen.

I kveld har eg hatt den store ære å vere kjøkemeister i doktormiddagen, som sjølvsagt blei halden på Kaffistova. Rettleiar Berge Furre heldt ein flott kontekstualiserande tale om huset, doktoranden fekk godord og gåver, og eg fekk bekrefta ein fordom: I ei forsamling av sunnmøringar kan du alltid dele ut ein firstemmig korsats og vente at dei syng den frå bladet. I alle fall når det handlar om deira eigen Anders Hovden og teksten er "Fagert er landet".
# lagt inn 21.10.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Allkunne-nytt 

I går blei Allkunne.no høgtideleg opna. Den annonserte kunnskapsministeren var rett nok oppteken på Slottet - med å gå av, så det var leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregard som måtte vere stand-in. Det ser bra ut likevel. Eg var ikkje sjølv til stades (eg var oppteken i eit møte med å gjere klar ny nynorsk bibeltekst til dei mindre profetane), men gode kjelder fortel at det var ei gild stund.
# lagt inn 21.10.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.10.09

Songnytt 

Frå dagens Dag og Tid:
Ein storfelt konsert

Å lese Den nynorske songskatten er som å vere på konsert og høyre framståande musikarar framføre noko som lyfter ein ut or kvardagen.

SAKPROSA
Terje Aarset:
Den nynorske songskatten
FAGBOKFORLAGET

Her har vi årets nynorske bok! Det er i alle høve lenge sidan eg har fått noko så gildt, kveikjande og interessant i hende, og eg trur ikkje eg er så spesielt skrudd i hop at ikkje mange, mange andre vil oppleve det på same viset.
Oppdatering,17.10.09: "Årets julegave?" skriv Landslaget for norskundervisning. "Den nynorske songskatten" er hovudbok i Norskbokklubben. Eg visste ikkje eingong at det fanst noko slikt. Men kvifor spørjeteikn?
# lagt inn 16.10.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.10.09

Blix-nytt 

Avisa Nordland (Næravisa) i dag:
Forbereder Blix-jubileum
I 2011 vil det være 175 år siden Elias Blix ble født. Nå inviteres samtlige lokallag med i planleggingen av det forestående jubileet.

GILDESKÅL: – Dette er et arrangement vi vil ha hele kommunen med på, sier rådmann Even Ediassen. Gildeskåls store sønn, Elias Blix, er mest kjent for sin salmediktning. Men Blix var også en sentral person i norsk kulturliv og samfunnsdebatt. Blant annet var han kirkeminister under Johan Sverdrups regjering fra 1884 til 1888. Han var utdannet lærer og teolog, og hadde i tillegg doktorgrad i språkvitenskap. 24. februar 2011 er det 175 år siden han ble født på Våg på Sandhornøy.

Potensial. Mandag 19. oktober møtes representanter fra de sju lokalutvalgene, Salten Museum, Gildeskål kirkelige fellesråd og hovedutvalget for kultur for å diskutere jubileet. Før det første planleggingsmøtet er det ikke lagt noen føringer fra kommuneadministrasjonen.
– Vi har en del tanker om hva som kan være mulig å få til, men svært lite er satt ned på papiret. Møtet denne mandagen vil bli veldig viktig for prosjektet videre, sier Ediassen. Likevel legger ikke Ediassen skjul på at de med interesse har fulgt Hamsun-jubileet med tanke på Blix’ 175 årsdag.
– Dette jubileet har et potensial i seg til å gå bredt ut, ikke bare som et jubileum i regionen, men over hele landet. Det er derfor vi begynner så tidlig å planlegge.
# lagt inn 13.10.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.10.09

Kriminalspalte 

NRK Sogn og Fjordane:
Kyrkjerådet braut mållova
Det skapte sterke reaksjonar då Kyrkjerådet berre sende ut informasjonsbrosjyre på bokmål til Kyrkjevalet.
Rådet får no på pukkelen frå Kultur- og kyrkjedepartementet, som meiner at Kyrkjerådet braut mållova.
# lagt inn 12.10.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.10.09

Songnytt oppdatert 

Om du ikkje fekk med deg "Sangtimen" i NRK P1 i dag morges klokka åtte, eller om du har lyst til å høyre programmet ein gong til, finst programmet no på nettradio. Gå til heimesida og klikk på peikaren "Sangtimen (11.10.2009 08:07)" under "Nettradio" oppe til høgre på sida. Heile songutvalet er frå Terje Aarset si bok om Den nynorske songskatten, og forfattaren sit sjølv i studio i samtale med Nils Abrahamsen. Blix er representert med "Å eg veit meg eit land".
# lagt inn 11.10.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.10.09

Språknytt 

frå dei uslitelege husramnane Hugin og Munin i Vårt Land:
Guds språk
Her om dagen nevnte vi at språket i himmelen er nynorsk, ja, vi vil tro at den himmelske dagligtale ligger ganske så nær det målet som dikteren Elias Blix benyttet. Dermed blir det også schwung over salmesangen.
Dei smålege protestane mot dette synspunktet som er innkomne til avisa, nektar BlixBlog å referere.
# lagt inn 10.10.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.10.09

Kunnskapsnytt 

Utdanning:
Solhjell opnar nynorsk nettleksikon
Det nynorske nettleksikonet Allkunne blir lansert 20. oktober.

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell står for den formelle opninga. Hovudlanseringa vert i Oslo, men lanseringa vert òg markert med arrangement seks andre stader i landet.
Og Allkunne finn du sjølvsagt på allkunne.no.
# lagt inn 9.10.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Songnytt 

Det er ikkje ofte eg høyrer NRK P1 før høgmessetid på søndagar, men denne helga skal eg gjere eit unntak. Klokka 08.07 er det "Sangtimen" med Nils Abrahamsen og Terje Aarset - med songar frå boka Den nynorske songskatten.

Lytt. Og syng, framfor alt. Det er for lite allsong i det norske samfunnet no til dags.
# lagt inn 9.10.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.10.09

Boknytt 

I DAG (nei, det var visst i går, midnatt er nett passert) kjem boka Den nynorske songskatten av Terje Aarset. Ta og les, og ikkje minst: Syng!
# lagt inn 7.10.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.10.09

Disputas 2 

Medan vi ventar på den offisielle kunngjeringa frå NTNU, sjå Krundalsbloggen:
"Komiteen sin konklusjon er at Oddmund Løkensgard Hoel si avhandling fortener å bli forsvart for graden PhD." Disputasen vert 20. november i Trondheim
Faget er historie, og emnet er "Målreising og modernisering i Noreg 1885-1940"
# lagt inn 6.10.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Disputas 1 

Siste nytt frå Teologisk fakultet, Universitetet i Oslo:
Cand.theol. Per Halse holder sin prøveforelesning for graden philosophiae doctor, under Det teologiske fakultet:
Tirsdag 20. oktober kl. 17.15-18.00 over oppgitt emne:
"Religionsfaget i norsk skule sett i eit danningsperspektiv - frå allmugeskule til RLE."

Onsdag 21. oktober kl. 10:15 vil kandidaten offentlig forsvare sin avhandling:
"Gudsord og folkemål. Framveksten av nynorsk kyrkjespråk 1859-1908"
for graden philosophiae doctor, under Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo.
Oppdatering, 08.10.09: Arbeidsplassen til Per, Høgskulen i Volda, har meir om avhandlinga:
I den skriftlege fråsegna frå komitéen heiter det mellom anna:

Styrken i avhandlinga er utan tvil det nitide arbeidet med eit omfattande og mangfaldig, til dels tidlegare ubrukt kjeldemateriale. Kjeldehandsaminga er grundig og samvitsfull [...] Avhandlingsarbeidet demonstrerer i alle delar at doktoranden meistrar det historiske handverket svært godt.

Avhandlinga er i hovudtrekk lagt opp som ei kronologisk forteljing med deskriptivt preg - og forfattaren er ein god forteljar, med sans for litterære verkemiddel og evne til å uttrykke seg i klart og lettflytande språk. Framstillinga ligg tett opp til kjeldene. Ein kronologisk, deskriptiv og kjeldenær framstillingsmåte svarer også godt til eitt av hovudformåla med avhandlinga, som er å avdekke ein mangslungen prosess som det ikkje alltid er like lett å få overblikk over.
# lagt inn 6.10.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.10.09

Kyrkjenynorsk 

www.kyrkja.no finn du mellom anna bladet Kirkeaktuelt, ein offisiell publikasjon frå sentrale organ i Den norske kyrkja. I det nyleg utkomne nr. 3 for i år skriv den nytilsette kommunikasjonsdirektøren i Kyrkjerådet, Trude Evenshaug, sin første leiarartikkel. Tema: "Nynorsk i Kyrkjerådet". Konklusjon:
I Kyrkjerådet ønskjer vi å følgje «Lov om målbruk i offentleg teneste». Vi veit at vi på einskilde område ikkje heilt har oppfylt intensjonen i lova, men vi vil i tida framover prøve å ha auka fokus på nynorskbruken. Vi veit vi kan forbetre oss.
Elles i bladet kan du mellom anna lese eit intervju med påtroppande generalsekretær i Verdskyrkjerådet, Olav Tveit. På nynorsk, som er hovudmålet hans.
# lagt inn 2.10.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.10.09

Fedraheimen 

Men før Arnhild Skre skal opptre i Enebakk i kveld, skal ho forsyne meg delta i seminar på Litteraturhuset om den legendariske nynorskavisa Fedraheimen. Dit skal eg òg, og no må eg skunde meg, det er berre eit kvarter til.
# lagt inn 1.10.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Biografinytt: Jølsen 

Biografien om Ragnhild Jølsen er her! BlixBlog ønskjer forfattar og sambygding Arnhild Skre til lukke med utgjevinga. Den mest juicy presentasjonen er vel overskrifta i den middels lokale lokalavisa Østlandets Blad: "Hun fremkalte orgasmer i litteraturen." Den veldig lokale lokalavisa Enebakk Avis hadde ei stor sak sist veke. No skal forfattaren på lanseringsarrangement i rad og rekkje, i kveld i Enebakk kl. 19.30. Får du ikkje med deg dette, kan du sjå eit videoopptak frå pressekonferansen ved Aschehougs haustlansering her.
# lagt inn 1.10.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?