<$BlogRSDUrl$>

30.6.06

Blix-bilete 

Du har sett han slik:



og slik:



Kan hende har du til og med sett han slik:



Men dette biletet trur eg aldri du har sett:



Familiealbumet tilhøyrer Leiv-Erik Blix Bondevik i Ålesund. Etter festspela fekk eg besøke han og familien. Det var eit veldig hyggeleg møte, og utbytet var, som du forstår, svært godt.
# lagt inn 30.6.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Festspeldag 5 

Og så var det sundag. Den tradisjonelle friluftsgudstenesta måtte flyttast innandørs, visstnok for første gong. Med det har ein fullført både vigslinga av Salen i Aasen-tunet ("ein høgare himmel enn sjølv det arkitekt Sverre Fehn kunne skape", Ottar Grepstad med referanse til overlyssjakta) og ikoniseringa av Olaug Nilssen (både veggen og preikestolen var pryda av festspelplakaten, dominert av eit stort Olaug-bilete).

Salen var fullsett, det var fint å høyre Ørsta kyrkjekor og kantor Roar Goksøyr Lillebø att (hans og Jakob Sandes "Åndeleg sjømannssong" er årets kyrkjelege festspelslager), sokneprest Matias Austrheim forretta, Oskar Stein Bjørlykke var tekstlesar og Kari Veiteberg preika om Sakkeus, som blei hente ut av søndagsskolen og gjort til ei utfordring for vaksne menneske. Kari fann også høve til å "lufte ordet 'frelse' litt".

Etter kyrkjekaffien var det min tur. I panelsamtalen over spørsmålet "Kva gjer ein salme god?" fekk Kari Veiteberg, Oskar Stein Bjørlykke og Olaug Nilssen (rekkefølgje etter loddtrekning, litt basar skulle det vere) velje seg kvar sin salme for allsong og utgangspunkt for eigne refleksjonar.

Kari presenterte den nye og for dei fleste ukjente salmen "Bortom tid og rom og tanke" (tekst: Heidi Strand Harboe, tone: Carl Petter Opsahl. Du kan finne ei innspeling her), ein stillfarande tekst med bilete vi ikkje har høyrt før: "Gjennom ørsmå hol i dagen / får eg venda mine tankar, / ta eit lite steg til sides, / søkja Herren, Han som er." Kari la stor vekt på den musikalske sida ved den gode salmen, den skal vere god å syngje. Ho framheva også gudsbilete, menneskesyn og sjølvbilete som kritiske målestokkar.

Valet til Oskar Stein var ein nynorsk klassikar, påskesalmen "Ljos over grav som oss livsvoni gav" av Blix. Oskar Stein gav ein fin analyse av salmen med utgangspunkt i sentralbiletet "ljos". Definisjonsspørsmåla løyste han greitt: Ein salme er eit dikt som kan syngjast i kyrkja. Ein god salme er eit dikt det er godt å syngje i kyrkja. Vidare reflekterte han mellom anna over tilhøvet mellom det personlege og det objektive, og over salmar frå ulike epoker. Ein treng ikkje underskrive kvart ord i salmeboka, men ein syng seg inn i ein tradisjon.

Olaug hadde funne fram pasjonssalmen "Du som låg i natti seine" av Jakob Sande, ein diktar som har vore i fokus ved mange arrangement under festspela. I Hybrideleg sjølvgransking har ho gjeve ei nærlesing av denne salmen, lesen opp mot Sandes eigen "Etter ein rangel" og evangelieforteljingane. Ho les salmen som ei "tvilserklæring", eg-et er ein Tomas som nok inderleg ønskjer å tru, men som krev teikn for å gjere det: "Syn meg dine merkte hender, / så eg frelst mitt auga vender / opp til deg på krossen, du." Både Olaug sjølv og andre yngre forfattarar har nytta salmar i skjønnlitterære tekstar - gjerne i situasjonar der personane er under press og ikkje veit si arme råd. Akkurat denne tråden burde vore følgt betre opp i samtalen. Salmane er ein ressurs som vel har utgangspunkt i kyrkjerommet, men som ikkje kan stengjast inne der, dei har eit rom som er mykje større. "Det inderlege" ser elles ut til å vere ein viktig kategori i Olaug si lesing og bruk av salmetradisjonen.

Den norske kyrkja skal utgje ny salmebok i år 2010, og dette var noko av bakgrunnen både for denne samtalen og for salmekonkurransen Nynorsk kultursentrum og Kyrkjemusikkveka i Volda står bak. Kantor Ole Karsten Sundlisæter har vore ein nøkkelperson begge stader, denne søndagen spelte han til allsongane. I tillegg til dei tre salmane paneldeltakarane hadde valt, fekk publikum høve til å røyste på to Salmar og songar vi gjerne høyrer frå ei liste på ti, sett opp av panelet. Etter at den opphavlege ideen om eit salme-Idol med SMS-avrøysting var forkasta, blei det delt ut røystesetlar i lokalet. Det fullstendige resultatet av folkerøystinga er publisert på nettsidene til Ivar Aasen-tunet. Desidert flest røyster fekk "Deg å få skode" i Arve Brunvolls gjendikting, med Blix og "Med Jesus vil eg fara" som god nummer to.

Ingen stad er allsongen betre enn på Sunnmøre.

Ivar Aasen-stemnet (flytta frå Aasen-tunet til Ørsta kulturhus) fekk eg ikkje med meg, da var eg alt på tur vidare.
# lagt inn 30.6.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.6.06

Festspeldag 4 

var laurdag. Den begynte med festspelfrukost i gatene både i Ørsta og Volda. Eg var i Ørsta, der min gode fe Terje Aarset tok meg med på pilegrimsferd til lokale nynorske heilagstader som Aarflot og Vassbotn (Ekset rakk vi ikkje denne gongen). Her var rom både for stille stunder og interessante opplysningar.

Eg droppa "dei nynorske golfspela" og gjekk for å høyre Litteratur med (Jan) Landro i staden, ein samtale med Olaug Nilssen, Gunnhild Øyehaug og Tormod Haugland over emnet "Kva skjer i Bergen". Fasit: Bergens litterære miljø er dominert av ikkje-bergenske surrealistar, eller noko slikt. Las høgt gjorde dei òg.

Ettermiddagen og kvelden gjekk slag i slag: Møte med fantasy-forfattaren Lene Kaaberbøl, mykje ung skriveglede i skrivetevlingane både til dei lokale mållaga og til Noregs Mållag, deretter ei grundig innføring i grovt språk (banning, drit og sex, i nemnde rekkefølgje, for å vere eksakt) med eit panel beståande av husdiktarane Nilssen og Øyehaug, pluss vulgærlingvist Tor Erik Jenstad, det heile leia av Halvor Folgerø. Referansebanning blei henta frå kapitlet "Vi sit og bannar og steiker og ser tenksamt ut av vindauget" (frå Ragnar Hovland, Dr. Munks testamente). Dette blei så sterkt at eg gjekk heim og la meg etterpå og gjekk glipp av humorkvelden med "Møre banan" (eg berre tullar, eigentleg hadde eg litt førebuing att til søndag).
# lagt inn 29.6.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Heime 

har eg vore sidan måndag kveld, men her venta det ein garasje som skal målast og ein datamaskin der systemet hadde brote saman. Heldigvis hadde eg filene ein annan stad, så biografien skal ikkje bli forseinka av den grunn.

Eg får prøve å ta opp tråden der eg mista den: I Ørsta.
# lagt inn 29.6.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.6.06

Festspelhelg 

Og no førebur vi sundagen, med gudsteneste og salmesong. Vårt Land har ei sak om salmekonkurransen og festspelsundagen i dag.
# lagt inn 24.6.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Festspeldag 3 

i samandrag, ved starten av dag 4: Eg fekk ikkje med meg Andreas Homplands Aasen-føredrag om regionalisering, men det var konferanse i Aasen-tunet om same tema med politikarar og byråkratar, så tilhøyrarar hadde han sikkert. Ferjeturen med Jakob Sande-program hadde vore svært vellukka, høyrde eg etterpå.

Festspeldiktaren heldt bloggekurs på Høgskulen i Volda, der var eg heller ikkje (sjølv om eg var innom høgskulen i anna ærend). Men heilt på eiga hand trur eg at eg har greidd å fikse den irriterande feilen som har gjort det vanskeleg for Internet Explorer-brukarar å lese ei side heilt til bunns.

Men Vamp måtte eg få med meg litt av, dotter mi har vore litt misunneleg for det. God jonsokstemning i Volda bygdetun, regnbygene var over og mykje folk og mykje knott var ute.

Og så var det MålBar i Ørsta med Radio Røynda-kjendisane Finn Tokvam og Halvor Folgerø (sistnemnde iført fagott). Hysterisk morosam presentasjon av romanen (også inkludert ei diktsamling) Tyl, med Olav Stedje som kultfigur. Og sanneleg dukka den lys levande Olav Stedje opp, til stor glede særleg for, kva skal ein seie, den litt tilårskomne delen av publikum (sånn frå min alder og nokre år oppover).
# lagt inn 24.6.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.6.06

Hovdan 

Veret er ustabilt på Sunnmøre, men for arkivrotter gjer det ikkje så mykje. I dag: Arkiv for norsk målreising, eit einmannsføretak bygd opp av Peder E. Hovdan (1874-1965). Mange godbitar i avisklippsamlinga her. Protokollen får vente til eit anna høve.

Smaksprøve: 28. juli 1908 refererer avisa Den 17de Mai ei bokmelding av Alexander Seippels omsetjingar av 1. og 2. Mosebok som religionshistorikaren Wilhelm Schencke hadde publisert i Verdens Gang. Schencke er oppglødd:
Seippel er en oversætter af Guds naade, en sprogkunstner af høi rang. Hvorledes har han ikke formelig dukket sig ned i de gamle fortællinger og bringer os nu deres hemmeligheder op til overfladen. Og det uforlignelig naive, det mægtig pompøse, det fortryllende poetiske, alt dette som det ikke er saa let at gjøre sig rede for i det enkelte, det lister sig nu ind i en sammen med sprogtonen, den Seippel saa mesterlig har truffet.

Det er gamle enfoldige myter og sagn, produkter af en svunden tid og kultur, vi her staar overfor. Derfor er det en god ide af Det norske samlaget at overføre dem netop til landsmaal.
Eg har høyrt om at nynorsk er så "vakkert i dikt", men at det skulle vere spesielt veleigna til "gamle enfoldige myter og sagn" var nytt for meg.

Schencke var opphavleg teolog, men han utvikla seg etter kvart til ein radikal bibel- og religionskritikar. Blix hadde han av spesielle grunnar eit godt tilhøve til. Eg skal fortelje meir om det ved eit anna høve.
# lagt inn 23.6.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Festspeldag 2 

er blitt natt for lenge sidan. Jakob Sande-konserten i Ørsta kyrkje (omtala i førre post) var ei flott oppleving, fint samansett program av opplesing og korsong, med mykje nykomponert materiale. Høgast av alle Sande-tekstar står for meg den mystisk-ekstatiske "Då Gud heldt fest i Fjaler" - apokalypse frå Sunnfjord. Den var med. Det same var "Tale ved Kleng spelemanns grav" og "Åndeleg sjømannssong" og dei to Sande-tekstane i Salmeboka (lesarkonkurranse: Kva for tekstar er det?). Til hausten kjem koret på Oslo-turné til Uranienborg kyrkje.

Så var det uroppføring av Karl Seglems tingingsverk "Ny rørsle". Eg var imponert. Det er ikkje alt eg skjønar, men eg er tiltala av denne musikken. Lur, bukkehorn, saksofon, gitarar, (harding)fele, song (Berit Opheim!), bass, slagverk - og elektronika. Er det jazz? Tja, jo. Er det folkemusikk? Kan hende. Crossover? Støymusikk (av og til)? Det er ikkje så farleg kva ein kallar det. Vekslande klangflater, bygde på ostinat (repeterte figurar/mønster) med variasjonar på mikroplan, som i slåttemusikken, i grunnen. Kammermusikk på høgt nivå, med slagverket i ei svært sentral rolle. Bruken av naturtoneinstrument gjev ein eigen farge (songstemma er òg nytta som naturtoneinstrument i denne samanhengen). Avansert kombinasjon av akustisk, forsterka og reint elektronisk lyd - og tekstar av Jon Fosse, dels formidla av Jons eiga røyst (i opptak), dels av songaren.

Og så har eg vore på besøk hos Terje Aarset og songbøkene hans! Det var i grunnen verd heile sunnmørsturen aleine.

P.S.
Dessutan har Linda Eide fått Kulturdepartementets flunkande nye "Nynorsk journalistpris". Der var eg ikkje. Men det var andre. Festspeldiktaren har svara for seg i nettprat og halde platekåseri. Det fekk eg heller ikkje med meg.
# lagt inn 23.6.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.6.06

Arbeidsdag, Volda 

Arbeidsdagen i dag har eg nytta, saman med Per Halse, til å gå gjennom arkivet som historikaren Kjell Haugland har opparbeid i samband med arbeidet sitt på 1970- og 80-talet med målpolitiske spørsmål. Haugland har disputert på ei svært verdifull framstilling av Striden om skulespråket, han har skrive om striden om innføring av Blix-salmane, og har også seinare ein omfattande produksjon (pluss ein del artiklar), særleg knytta [for puristar: Eg veit det heiter "knytt", men det seier ikkje eg] til Oppdals lokalhistorie.

Det aktuelle arkivet finst no ved Ivar Aasen-instituttet, Høgskulen i Volda. Ei svært fokusert samling avisutklipp, kopiar av arkivmateriale og notatar har spart meg for meir enn ei vekes arbeid i Nasjonalbiblioteket, forsiktig kalkulert.

På veg til høgskulen møtte eg Terje Aarset på gata. I kveld skal eg på festspel att. Terje, Sigrid (kona til Per) og heile Ørsta kyrkjekor har Jakob Sande-konsert i Ørsta kyrkje, og så held det fram ut over kvelden og natta med programpostar av ymse slag.
# lagt inn 22.6.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Festspeldag 1 

er nett over. Eg stod over den høgtidelege opninga, det hadde visst vore folk nok der, bra folk òg. Bokmålsforfattarane Karsten Alnæs og Anne Oterholm (den siste også kjend som leiar av forfattarforeininga, festspeldiktar Olaug Nilssen og "Dei nordiske tenorane" alias "Nordic Tenors".

Derimot fekk eg med meg konserten til det sist nemnde ensemblet, alias Sveinung Hølmebakk, Jan-Tore Saltnes og Aasmund Kaldestad, pluss akkompagnatør Sjur Hjeltnes. Utekonserten var flytta inn i Salen sidan veret hadde vore så ymse før på dagen; ved konsertstart var det strålande sol. Ein fullsett og entusiastisk sal fekk mellom anna høyre ein svært vakker nynorsk versjon av Beatles-songen "She is leaving home", ein fullstendig utagerande versjon av "Only you" (eg lo så eg grein), ein fantasifull "miniopera" (dei sa det var ei urframføring av operaen "Ivar Aasen", men det meste av teksten var italiensk og det meste av musikken har eg spela på operagalla med Oslo Symfoniorkester, så meg lurer dei ikkje) og ein storslått musikal-medley. Bonus: Utdeling av prisen "Årets nynorskbrukar", ei oppriktig stolt Kari Traa, ved dette høvet i vossabunad. Prisutdelinga skulle vore i samband med opningsseremonien, men Widerøes Flyveselskap greidde ikkje å få prisvinnaren fram i tide.

På veg opp til Aasentunet møtte eg først dokumentasjonsleiaren på sykkel, deretter den gamle speidar kyrkjeverja i Volda (i rolla som parkeringsvakt), i inngangspartiet råka eg nynorskbibelspesialisten frå Hovdebygda (i morgon skal vi saman gå laus på eit arkiv ingen av oss har studert før) og forlagsredaktøren min, festspeldiktaren sjølv fekk eg også helse på. Det teiknar til å bli innhaldsrike dagar.

Eg kom på at eg gløymde å nemne det nummeret "Nordic Tenors" innkasserte mest applaus for: Ragnar Hovlands gjendikting av Liverpool-hymnen "You'll never walk alone". Som kjent er eg veldig uinteressert i fotball.

Oppdatering, 22.06.06: Gjett kven som har fått profilere festspela i media etter denne dagen? Svar finn du her og her og her og her og her. Ei noko meir allsidig dekning av opninga finn du på nesteklikk.no.
# lagt inn 22.6.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.6.06

Festspelsalmar 

Gledeleg salmenytt fra Aasentunet ved opninga av festspela:
Salmekonkurransen som Nynorsk kultursentrum inviterte til i vinter, har resultert i meir enn 100 nye salmar på nynorsk.
I same artikkelen finn du ein presentasjon av "mitt" arrangement under Festspela, panelsamtalen "Kva gjer ein salme god" med interaktiv allsong, "Salmar og songar vi gjerne høyrer". Folkets røyst avgjer kva vi kjem til å syngje. Er du i nærleiken, så kom og syng. Sundag kl. 13.
# lagt inn 21.6.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Ørsta 

BlixBlog har flytta til Sunnmøre i samband med Dei nynorske festspela. Etter ei turbulent landing på Hovden er eg framme i Ørsta. Sunnmørsposten si konfliktorienterte framside kan melde om "Publikumskrig i Aasen-grenda":
Klokka 21 i kveld er det opningskonsert for Dei Nynorske Festspela med "Nordic Tenors" i Aasen-tunet. I nøyaktig same stunda dreg Volda-konstnaren Astri Eidseth Rygh i gang kulturdugnaden sin i Ørsta Kulturhus, med heimvende songstjerner og ei rekkje andre aktørar i musikalen "Grammatikk og kjærleik". I morgon torsdag går Aasen-framføring nummer to i Ørsta, medan jazzmusikaren Karl Seglem framfører eit stort tingingsverk same kveld i Aasen-tunet.
# lagt inn 21.6.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.6.06

Noko på B 

"Bøker, brød, bilete, blogg, bannskap og bedehussalmar. Ingen skal klage over spennet i Dei Nynorske Festspela" som tek til i morgon. Les meir i Sunnmørsposten
# lagt inn 20.6.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.6.06

Grammatikk og kjærleik 

Nynorsksenteret, no med musikal:
Nynorsksenteret har kjøpt rettane til musikalen Grammatikk og kjærleik, som handlar om barndomen og ungdomstida til Ivar Aasen. Eit stort stjernelag av songarar og musikarar har lagt siste hand på verket på ein CD med songane frå musikalen, og me kan no by på ein eksklusiv smakebit frå plata.

CD-en, som kjem ut i vår, inneheld bidrag frå mellom anna Simone Larsen, Beate Slettevoll Lech, Side Brok, koret Stemmebandet og mange fleire.
---
Musikalen vert sett opp i konsertversjon på samfunnshuset i Ørsta 21. og 22. juni. Musikalen er ein kjempedugnad etter idé og initiativ av Astri Eidseth Rygh. Koret Stemmebandet, med dirigent Terje Hanssen, har øvd sidan jul til desse to framføringane. Alle som har høyrt Stemmebandet syngje veit at det er høg kvalitet på det dei opptrer med. Dei som ikkje har høyrt koret bør nesten få med seg musikalen berre av den grunnen. Orkesteret som spelar vert leidd av Svein Olav Blindheim, som òg har komponert dei fleste melodiane i musikalen.
Premiere/plateslepp i Ørsta kulturhus 21. juni.

Les meir hos Nynorsksenteret.
# lagt inn 12.6.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.6.06

Olsok 

"GILDESKÅL:Bakrusen etter fjorårets Olsok har lagt seg. Nå skal en ny komité lage en litt annen festival, med Helene Bøksle som plakattopp," melder Avisa Nordland. Det må ha vore litt av ei feiring i fjor, for "Det er definitivt slutt på alkoholservering på kirkestedet." Vel, vel. Som særleg interessant vil BlixBlog framheve "Søndag [23. juli] inviterer historiker og museumsbestyrer Oscar Berg til guidet, historisk vandring på Vigdel ved Forstranda. Det blir også Gudstjeneste i grotten Brusteinarhola."

Eg har planar om Gildeskål-ferd i sommar. Men eg er nok reist sørover att når olsokfeiringa tek til der oppe, så for min del gjer det ikkje noko at ein ikkje får kjøpt øl på kyrkjestaden.
# lagt inn 8.6.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.6.06

Dagens Blix 

Kvitsundag (Landst. 20)
Du Loge av Guds Kjærleiks-Eld,
Du Himmel-Visdoms Klaare,
Som ned paa dine Vitne fell,
Lys upp i Hjarto vaare!
Me um ditt Ord er samlad her,
Vis oss, at Kristi Lovnad er
Eit evigt Ja og Amen!
Vaar Frelsar, som til Himmsle for,
Me ventar paa ditt Lovnads-Ord.
Velsign oss allesaman!
-------
Luthersk Kirketidende 24.05.1902
("Til Minde om Professor Dr. Blix")
jfr. Norsk Salmebok 216
Andre pinsesalmar av Blix
# lagt inn 4.6.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?