<$BlogRSDUrl$>

31.3.04

Dagens Blix 

Kvar den, som et av Herrens Braud / Og drikk av Kalken, som han baud,
Han Dauden hans forkynner,
At Jesus Krist, Guds Son so god, / Paa Krossen botte med sitt Blod
Fyr alle vaare Synder.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), s. 101-102

Salme over Paulus' versjon av nattverdorda, 1. Korintarbrev 11. Gjendikting, etter Sebald Heyden (1499-1561). Det ser ut til at det var W. A. Wexels som først omsette salmen til norsk (nr. 615 i Christiania-tillegget til Evangelisk-christelig Psalmebog, 1856). Men det er Landstads gjendikting (nr. 313 i Landstads Kirkesalmebog, 1869) Blix byggjer på.

Heile salmen (.pdf-fil).
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 31.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

30.3.04

Dagens Blix 

Herre, kvar skal me vel av, / Burt fraa deg, som alt oss gav?
Fraa den livande Guds Son, / Kruna paa vaar Tru og Von,
Fraa den einaste paa Jord, / Som kann tala Livsens Ord?

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), s. 100-101

I siste utgåva av Nokre Salmar har Blix tre salmar for "Skirtorsdag". Denne første er ei gjendikting av Grundtvig-salmen "Herre! hvor skal vi gaae hen.". Salmen er bygd over ein tekst frå Johannesevangeliet, kapittel 6 - eit bibelsk skrift som ofte kjem att i Blix sine salmar.

Heile salmen (.pdf-fil).
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 30.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.3.04

Dagens Blix 

Hans Ferd er ring i Syne, / Eit Asen honom ber,
Daa kann han gjera Tyne / Paa Satan og hans Her.

Her er han, som vil frelsa / Kvar syndebunden Træl.
Upp, Sions Dotter, helsa / Og møt din Konung vel!

Her er han, som vil fagna / Deg med sin Kjærleik god.
Her er han, som vil gagna / Deg med sitt Hjarteblod.

Her er han, som vil bera / Ein Tornekrans fyr deg.
Her er han, som vil vera / Din Konung æveleg.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), s. 98-99

Påska nærmar seg, og det må jo markerast på BlixBlog. No er det med påska som med jula, moderne menneske tek ut det meste på forskot. Det har vore påskemarsipan å få kjøpt i fleire veker alt. Men sjølve påskehøgtida begynner først natt til første påskedag. Da varer den til gjengjeld i sju samfulle veker, heilt til pinse. Med femte sundag i faste, som var i går, er vi inne i pasjonstida (som altså ikkje er funnen opp av Mel Gibson). Her skal vi vere gjennom palmesundag, skjærtorsdag, langfredag og påskeaftan. Den liturgiske fargen er fiolett, fargen for bot og for ettertanke.

Ein einaste salme har Blix skrive til palmesundag, Sjaa, no vil Jesus draga – og den er av Thomas Kingo.

Heile salmen (.pdf-fil).
Førre utgåva (1883).
Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 29.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.3.04

Eksaminator 

Eksamen 1879

Eg held framleis på i arkivet til Det teologiske fakultet. Det er ei sentral kjeldesamling ikkje berre til studietida hans på 1860-talet, men òg til det seinare arbeidslivet hans. I åra 1873-1879 var han knytta til fakultetet som adjunktstipendiat. Da vart han tilsett som professor i hebraisk ved Det historisk-filosofiske fakultet. Men i røynda pendla han mellom fakulteta. På TF overtok han store delar av professor Caspari sine plikter, halvdelen av undervisninga og alt eksamensarbeidet.

Denne vesle kuriositeten er frå fakultetet sin "voteringsprotokoll" ved eksamen. 8. desember 1879 var første gong professor Blix signerte eksamensprotokollen ved TF som sensor, saman med Gisle Johnson, F. W. Bugge og Fredrik Petersen. Fakultetssekretæren (notarius) O. Gjerløw førte protokollen. Den andre kandidaten Blix hadde oppe, Sigurd Odland (kandidatnr. 1626), skulle sidan bli professor i Det nye testamente og ein nær ven og kollega. Endå seinare skulle han gå av i protest mot den teologiske utiklinga ved fakultetet og skipe sitt eige - Menighetsfakultetet (1907).

Send ein kommentar.
# lagt inn 26.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Søndagens Betydning for den Christne.
Sagen er meget mer den, at forsaavidt Loven kan siges at være ophøret ved Christum, forsaavidt maa man sige, at den hele Lov er ophøret, medens man i en anden Forstand ligesaa bestemt maa fastholde, at ikke en Tøddel af Loven er afskaffet. Christus siger, at han ej er kommen for at afskaffe Loven, men for at fuldkomme den; følgelig maa der i den være en uforgjængelig Kjærne. Dette er Lovens evige Idé, der under de mosaiske Former og Symboler skjulte evige, almengyldige Indhold. Ved Christi Komme er Israels Mission som Frelsens Forbereder opfyldt og dermed ogsaa alt det i Loven, der kun havde hensyn til denne Israels forberedende Stilling. Ved Christi Død er Lovens Væsen hævet ud af de historiske Skranker, hvori den før var bunden og netop derved fuldkommet, løst ud af de Former og Billeder, hvori den maatte tydes for Israel, og just derved gjort gjeldende efter sit indre Væsen, i Aand og Sandhed. Dette gjelder nu ogsaa om det 3die Bud; forsaavidt ogsaa det som Del af den mosaiske Lov var gaaet ind i de for den ejendommelige Skranker, saa ere disse vistnok faldne ved Christi Død, men just derved er ogsaa Sabbatsbudet aandeliggjort, hævet og forklaret til et i Sandhed almengyldigt. Til disse Skranker hører da alle de specielle Bestemmelser om Sabbathens ydre Helligholdelse, og navnlig ogsaa den, at den netop skulde fejres paa den 7de Ugedag. Herved skulde den Tanke symbolsk fremstilles for Israel, at det gjennem Ugens Strid og Møje skulde arbejde sig frem til Hvilen; denne blev derved betegnet som Arbejdets Løn, og derved blev den da ogsaa et Billede paa det forjættede Lands Hvile, hvortil Israel maatte gaa ind gjennom Kamp. –

Forsaavidt maa Budet om den bestemte Dag siges ej at være bindende for den Christne. Men dermed er Budets Kjærne, Ideen om en Hviledag for Guds Folk, ingenlunde ophøret, man faar meget mere først for den Christne sin fulde Sandhed, thi den Hvile, som Israel kun nød i Forbilledet, indtraadte først i sin fulde Virkelighed ved ham, der gjenoprettede Freden mellem Gud og Mennesker og dermed bragte Paradiset med dets sabbatismos tilbage. – Da denne Hvile blev grundlagt ved Christi Død og Opstandelse, saa var det ogsaa naturligt, at den ældste Kirke henlagde sin Hviledag til den første Dag i Ugen, Opstandelsesdagen, og det saa meget mere, som Stiftelsen af den første Menighed, som hans Opstandelses Førstegrøde, ogsaa faldt paa denne Dag. Derfor finde vi allerede i den apostoliske Tid, at Menigheden plejede at samles paa den første Ugedag (1 Cor 16,2), og snart blev den nu den almindelige Hviledag, først ved Siden af Sabbathen, siden traadte den ganske i dens Sted. Derfor fik den ogsaa Navn af Herrens Dag (dies domini, kyriake osv).
----------------------
Det teologiske fakultet, skriftlege svar til teologisk embetseksamen våren 1866
1121. Elias Blix

Som du skjønar, eg fann att Blix sine skriftlege oppgåvesvar til teologisk embetseksamen i går, med god hjelp av Hallgeir Elstad.

Les heile oppgåva (.pdf-fil)
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 26.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.3.04

Dagens Blix 

Romarane 7,21-25
21 So finn eg daa den Log fyre meg, naar eg vil gjera det gode, at det vonde ligg meg fyre Handi;
22 for eg er glad i Guds Log etter den indre Menneskja;
23 men eg ser ei onnor Log i mine Lemmer, som strider imot Logi i min Hug og fangar meg under Synde-Logi, som er i mine Lemer.
24 Eg arme Menneskja! kven skal frigjera meg fraa denne Daudens Likam?
25 Eg takkar Gud ved Jesus Kristus, vaar Herre! So tener eg daa Guds Log med Hugen, men Synde-Logi med Kjøtet.
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Om Romarbrevet verkar vanskeleg å forstå, er det ikkje sikkert at omsetjarane Blix og Aasen har skulda. Framstillinga til Paulus er svært komplisert, anten ein nærmar seg frå ein filologisk, ein teologisk eller ein logisk synsstad. Ein kan undre seg over kvifor dei begynte her, med ein av dei mest kompliserte bøkene i Bibelen, i staden for med ein enkel forteljande tekst, dei tre første evangelia eller Apostelgjerningane.

Mykje av svaret ligg i stortingshandsaminga av spørsmålet om offentleg løyving til landsmålsomsetjing (1881), som min gode ven Per Halse arbeider med for tida. Her vart Romarbrevet og Johannesevangeliet uttrykkeleg nemnde som eigna skrifter for prøveomsetjing. Dette er i røynda ein eksamen for sjølve den nye målforma. Kunne landsmålet nyttast til Romarbrevet, kunne det nyttast til det meste.

Les heile kapitlet (.pdf-fil).
Les kapitlet i dagens bibelomsetjing (frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 25.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.3.04

Praktikumsarkivet 

Som du skjønar: Eg har fått tilgjenge til arkivet ved praktisk-teologisk seminar i dag. Seminaret er ein sjølvstendig institusjon på universitetet. Det har alltid vore samlokalisert med Teologisk fakultet, men er altså ikkje ein del av dette.

Eg takkar min gamle hebraiskstudent, bodøværingen og kontorsjefen Nils Jøran Riedl, for all velvilje. Hallgeir Elstad har skrive historia til seminaret.

Det var ikkje obligatorisk å følgje undervisninga ved seminaret, med unnatak av undervisninga i messesang, som den mektige domorganist, komponist og koralbokutgjevar Ludvig Mathias Lindeman stod for. Det er ikkje godt å seie kor mykje Blix hadde tid til å høyre på undervisninga, oppteken som han var med lærarjobben på Nissens skole. Men han hadde sjansen til å høyre hovudlæraren, Julius Bruun, i faga pastoralteologi, homiletikk (preikelære) og liturgikk. Pedagogikk-undervisninga var det sjølvaste professor Gisle Johnson som tok seg av. Kateketikken høyrde under stiftsprost P. A. Jensen - han med leseboka. Men han døydde dette året. Dessutan hadde Sophus Broch undervisning i kyrkjerett, men det var ikkje eksamensfag enno.

Blix har - som vanleg - ein heilt jamn og svært god eksamen, laud overalt. Eksamen inkluderte to praktiske prøver, ein i "Katechisation" og ei "Dimisprædiken". Katekisering var jo Blix kjend med heilt frå seminaret. Den viktigaste nye opplysninga her er nok den om dimisspreika, som altså fann stad i noverande Gamlebyen kyrkje 8. mars 1868. Denne eine offentlege preika har Elias Blix i alle fall halde, og den skulle eg gjerne visst meir om.

Eg noterer meg elles at den noko yngre Anton Chr. Bang på dette tidspunktet har nådd att venen og førebiletet Elias Blix. Praktikum tok dei saman.

Send ein kommentar.
# lagt inn 24.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Praktikum 

Frå Charakterprotokol No. 1 ved Det praktisk-teologiske seminar:
1868
260. Elias Blix66a
Skriftlig Examen d. 16 & 17 Januar.
Mundtlig do. 1ste Februar.
Katechisation d. 24. Januar.
Dimisprædiken d. 8 Marts i Oslo, Høimesse.
Characterer
PastoraltheologieLaudabilis.
KatechetikLaudabilis.
HomiletikLaudabilis.
LiturgikLaudabilis.
PædagogikLaudabilis.
KatechisationLaudabilis.
Dimisprædiken
Laudabilis.
HovedcharacterLaudabilis
C. P. Caspari.Jul. Bruun.Gisle Johnson.
Ex.Vidb. udst. & sendt ham 9/3.

Send ein kommentar.
# lagt inn 24.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Romarane 6,23
For den Løn, som Syndi giv, er Dauden, men Guds Naadegaava er ævelegt Liv i Kristus Jesus, vaar Herre.
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Til samanlikning:
Samtidig norsk (dansk) bibelomsetjing:
Thi Syndens Sold er Døden; men Guds Naadegave er et evigt Liv i Christus Jesus, vor Herre.
Dagens nynorske bibelomsetjing (Bibelen.no):
For den løn synda gjev, er døden, men Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre.
Les heile kapitlet (.pdf-fil).
Les kapitlet i dagens bibelomsetjing (frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 24.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.3.04

TF-dokument 

Nokre dokument frå arkivet til Det teologiske fakultet. Klikk i biletet for å sjå detaljane betre (storleik på fila i parentes).
Eksamensoppmelding for Elias Blix
Eksamensoppmelding for Elias Blix, 02.05.1866 (300 K)

Skriftleg sensurjuni 1866
Skriftleg sensur, einskildkarakterar, juni 1866 (1000 K)

Sensurmøte
Protokoll frå sensurmøte, skriftleg sensur ved teologisk embetseksamen, 02.06.1866 (135 K)

Endeleg sensur
Voteringsprotokoll, med endeleg sensur for Elias Blix etter muntleg eksamen, 04.06.1866 (290 K)
Send ein kommentar.
# lagt inn 23.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Romarane 5,1-2
Daa me no ero rettferdiggjorde av Trui, hava me Fred med Gud ved vaar Herre Jesus Kristus,
2 liksom me og ved honom hava i Trui fenget Tilgjenge til denne Naade, som me standa i, og me rosa oss av Von um Guds Herlegdom.
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Til samanlikning:
Samtidig norsk (dansk) bibelomsetjing:
1. Idet vi altsaa ere retfærdiggjorte ved Troen, have vi Fred med Gud ved vor Herre Jesus Christus,
2. ved hvem vi ogsaa have Adgang ved Troen til den Naade, hvori vi staa, og vi rose os af Haab om Herlighed hos Gud.
Dagens nynorske bibelomsetjing:
Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom.
Les heile kapitlet (.pdf-fil).
Les kapitlet i dagens bibelomsetjing (frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 23.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.3.04

Holmboe 

Reidar Bolling, Elias Blix, 161:
Sommaren 1867 følgde han studiekameraten Jørgen Holmboe heim til Jevnaker prestegard. Vel heimkomen etter ferien skreiv han eit langt rimbrev til dottera i huset, Nora, og takkar for all hugnad om sommaren, og det skin fram av dei varsame orda at han ville ikkje ha noko mot å utdjupe kjennskapen.
Eg har ikkje gjort noko med denne passasjen hos Bolling, anna enn å irritere meg over kjelder eg ikkje finn, her: Rimbrevet til Nora Holmboe. Men i arkivet ved Teologisk fakultet fann eg eksamensoppmeldinga til Jørgen Holmboe (1838-1917), og den sette meg på eit spor eg burde ha lukta tidlegare, sporet av ein annan del av Tromsø-nettverket til Elias Blix.

Jørgen Holmboe var nemleg fødd i Tromsø. Han var 1838-årgang, to år yngre enn Elias Blix, og han budde framleis i Tromsø medan Blix gjekk på seminaret der i 1853-1855. Far hans, prost Leonhard Holmboe (1802-1887), representerte kontinuiteten i Tromsø-presteskapet i dei urolege 1850-åra.

Mot slutten av 50-åra var Blix med på å stifte Tromsø Indremisjon saman med Leonhard Holmboe. Indremisjonen var for øvrig litt av ei familiebedrift. Mellom stiftarane finn vi C. F. Holmboe (Leonhards son og personellkapellan), M. W. Holmboe (Leonhards bror, kjøpmann), Conrad Holmboe (kjøpmann, son av M. W.), Joachim Giæver (kjøpmann, systerson av L. og M. W.) og Hillebert Pettersen (kjøpmann, gift med brordotter til L. og M. W.). Holmboe er ei patrisierslekt av den typen som har generert eigne slektsbøker og jamvel ein vevstad. Det er ei stor hjelp i leitinga.

Jørgen var ute av reiret på det tidspunktet, han studerte i Tyskland ved "Hannoveri polytech. Institut". Men det var vondt om arbeid for ein nyutdanna ingeniør, så etter nokre år ved vassverkanlegget i Kristiania vart det til at Jørgen styrte prestegarden for faren – som i mellomtida var komen til Jevnaker på Hadeland som sokneprest. Men gamle Holmboe var raus, han kosta på sonen utdanning nr. 2: Artium 1863, andre-eksamen 1864, teologisk embetseksamen 1866. Fort, effektivt, men ikkje spesielt godt gjekk det. Men Jørgen tok sin eksamen og vart prest.

Så langt er vi ikkje komne enno. Det kan godt vere rett at Elias Blix var med Jørgen Holmboe til Jevnaker prestegard sommaren 1867. Han var av same eksamenskullet som Jørgen, dei gjekk vel saman på praktikum, og på Jevnaker kom jo Blix til gamle kjenningar.

Cherchez la femme. Kor kjem så Nora frå? "Dotter i huset" var ho ikkje. Det var ei heimeverande dotter på Jevnaker prestegard. Men i 1865-folketeljinga heitte ho Maren Marie og var fødd i 1830. Noko dotter Nora hadde Elise og Leonhard Holmboe ikkje.

Men det hadde bror til Leonhard, den legendariske skolemannen og politikaren Hans Holmboe (1798-1868), og kona Welgjerd f. Løberg (1805-1889). Hans Holmboe hadde vore rektor ved katedralskolen i Bergen i ei årrekkje, jamvel etter at han vart blind. Men i 1865 er dei busette i Kristiania. Det er òg yngste dotter deira, Anna Margarethe Eleonora Holmboe (1848-1901) – der har du Nora.

Det er slett ikkje usannsynleg at Jørgen si 19 år gamle kusine var sommargjest på Jevnaker i 1867, heller ikkje at mannlege sommargjestar la merke til henne. Nora gifta seg tre år seinare, 5. september 1870, i Jevnaker kyrkje, med ingeniør Jonas Wessel (1839-1884). Dei må ha flytta til Sverige, for Stockholm er oppført som dødsstad for Jonas. I 1886 gifta Nora seg på ny, med ein svensk godseigar og oberst.

Rimbrevet frå Elias Blix har ho tydelegvis ikkje teke med seg. Men eg skulle gjerne visst om det framleis eksisterer ein eller annan stad, i Jevnaker eller i Holmboe-familien. Når alt kjem til alt, er nok styrken til Tromsø-nettverket eit meir handfast resultat av utflukta til Jevnaker enn ei mogleg kjærleikssoge.

Send ein kommentar.
# lagt inn 22.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Rom 4,16-25
16 Difyre er Arven av Tru, at han kunde vera av Naade, at Lovnaden kunde standa fast fyre all Ætti, ikkje berre fyre den, som heve Logi, men og fyre den, som heve Abrahams Tru, han som er Fader fyre oss alle
17 (som skrivet er: "Eg heve sett deg til Fader fyre mange Folk") fyre Guds Aasyn, som han trudde paa, som gjerer dei daude livande og kallar det, som ikkje er til, som um det var til.
18 For han trudde med Von mot Von, at han skulde verta Fader til mange Folk, etter det, som sagt var: "So skal di Ætt vera;"
19 og daa han ikkje var veik i Trui, so saag han ikkje paa sin eigen Likam, som alt var utlivd, med di han var fram mot hundrad Aar gamall, og ikkje paa det daude Moderlivet hennar Sara;
20 men paa Guds Lovnad tvilade han ikkje med Vantru, men vart sterk ved Trui og gav Gud Æra,
21 fullviss paa, at det han heve lovat, er han og megtug til aa gjera.
22 Difyre vart det og reknat honom til Rettferd.
23 Men ikkje berre fyre hans Skuld vart det skrivet, at det vart honom tilreknat,
24 men og fyre vaar Skuld, som det skal verta tilreknat, naar me tru paa honom, som vekte Jesus, vaar Herre, upp fraa dei daude,
25 han som vart yvergjeven fyre vaare Misgjerningar og uppvekt fyre vaar Rettferdiggjering.
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Les heile kapitlet (.pdf-fil).
Les kapitlet i dagens bibelomsetjing (frå Bibelen.no).
Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 22.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.3.04

Henrik Krohn 

Ny transkripsjon av brevet frå Henrik Krohn i papira til Blix:
Sogndal 20 Aug 1871.

Gode Vin!

Presten Unger heve bedet meg skriva til einkvan god Kjenningen i Hovudstaden med Krav um, at han skulde gjera sitt til, at dar kunde koma ein god Personelkapelaan att i staden hans i Kvam: “ein, som umfram dat gode Prestesinne, ogso hadde Hugnad av dei folkelege Straumdrag i Landet, hadde Kjærleike til Bonden og Maalet hans.” Eg vonar at du inkje vil spara Umaken at gjera kvat du kann i dette Stykket. Eg heve ogso skrivet til Klæbo um dat same, og daa eg inkje veit kvar han bur, so bed eg deg vere so snild at fli honom Brevet. Dan som vil faa høyra Vilkori fyr Kapellanen, kann ganga til Doktor Tiedemand i Gamlebyen.

Kor er dat *** med Maalsaki darburte? Gjeng ho no i rette Faret? Dat ser fulla inkje so ut fyre meg, men me sjaa alle Stykkevis, maa vita, og dat kann gjerna vera, at dat er Gagn i Gjerdi, alt um eg tykjer, at dat ber paa Skade laust. Soframt som eg heve Rett i min Maate at sjaa Saki paa, so skulde dat no vera paa Tid, at dei gamle Maalmenner i Hovudstaden tok i av all Magt, og fekk Saki inn i sitt rette Far atter. Til dessa trur eg at Saki vaar heve voret framburet med Kjærleike, no synest ho vera komi i Hender paa Hatet, som aldri heve fenget nokot godt fram i Heimen. Me lyt sjaa til at faa i Stand eit Maalmannsmøte til Aaret komande fyre alt Landet! Tenk paa dette og gjer kvat du kann.

Din
Henrik Krohn

Eg fer til Byen um nokre Dagar.

[Tilføying i margen:] Inkje eit Ord um Tidskrifti vaar i Bladet ditt? Likar du dat likaso litet, som Framsguten? Lat dat i alle Tilfelle koma fram anten dat er til Lov elder Last. Du er pligtig at leggja Mark [?] paa Arbeidet fyre Maalsaki.
Eg har hatt høve til å drøfte teorien min med Per Halse, Oddmund L. Hoel og bror Per Kristian, og eg er stadig sterkare i trua: Dette brevet var opphavleg stila til Hagbard Emanuel Berner, Dagblad-redaktør og Samlags-leiar. Han har gjeve brevet vidare til Blix. Eg vil jo gjerne ha det til at Berner ville ha Blix til å søkje stillinga. Men Per H. har sjølvsagt rett når han seier:
Blix ville sjølv vere ein god kandidat etter "kompetansekrava" som er nemnde i brevet, men i tillegg tenkjer eg på at han kanskje også kunne vere ein mellommann/formidlar som evt kunne tipse fleire aktuelle kandidatar enn dei Berner kjende til (?)
Eg har skrive eit lite notat til Nasjonalbiblioteket om saka, det kan du lese her (.pdf-fil).

Les meir (.pdf-fil).
Send ein kommentar.
# lagt inn 19.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Rom 3,21-26
21 Men no er Guds Rettferd, som er umvitnad av Logi og Profetom, openberrad utan Log,
22 det vil segja: Guds Rettferd ved Trui paa Jesus Kristus fyre alle og yver alle, som tru; for der er ingen Skilsmun;
23 for alle syndade og vanta Æra fyre Gud,
24 og dei verta rettferdiggjorde til Givendes, av hans naade, ved den Atterløysning, som er i Kristus Jesus,
25 som Gud sette fram i hans Blod som ein Naadestol ved Trui, til aa syna si Rettferd, fyredi han hadde Tol med dei Synder, som fyrr vart gjorde under Guds Langmod. –
26 til aa syna si Rettferd i den noverande Tid, at han kunde vera rettferdig og gjera den rettferdig, som heve Jesu Tru.
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Les heile kapitlet (.pdf-fil).
Les kapitlet i dagens bibelomsetjing (frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 19.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.3.04

Eksamen 2 

Og 4. juni 1866 begynte muntleg eksamen, ein langdryg affære, som varte heilt til 16. juni. To kandidatar vart kvar dag krysseksaminerte av heile professorkollegiet. Elias Blix var oppe første dagen, og fakultetet sin voteringsprotokoll fortel nøkternt at lauden heldt. Protokollen er underskriven av dei same tre professorane som hadde skriftleg sensur, pluss professoren i semittiske språk. J. P. Broch, som òg var teolog.

Ifølgje Berge Furre (Soga om Lars Oftedal, 1.53) vart det jamvel ført referat frå samtalen med kandidatane under muntleg eksamen. Noko slikt har eg ikkje funne enno.

Send ein kommentar.
# lagt inn 18.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Eksamen 1 

Reidar Bolling, Elias Blix, s. 48-49:
Våren 1866 melde han seg opp til teologisk embetseksamen. Dei fekk desse oppgåvene: 1. "Psalme 74 v. 1-9". 2. "En Udvikling af den christelige Lære om de gode Gjerninger med Paaviisning af de vigtigste Vildfarelser som i dette Punct have gjort sig gjældende." 3. "Søndagens Betydning for den Christne." 4. "Johs. ev. 5 v. 19-27." 5. "Septuagintas Oprindelse, Beskaffenhed og Betydning." 6. "Arminianismens Historie og Betydning for Kirken." Svara er gøymde. Blix har skrive godt fråseggjorde oppgåver i alle fag, men det er lett å sjå kvar hovudinteressa hans har lege. Dei dogmatiske og kyrkjehistoriske svara vitnar om jamn dugleik, men dei eksegetiske oppgåvene ligg høgt over det vanlege. Serleg i den gamaltestamentlege oppgåva syner han djup innlevingsevne. Einskildkarakterane er diverre ikkje nedskrivne, men salmeoppgåva hans var sikkert verd innstilling.
Frå fakultetsarkivet til Det teologiske fakultet har eg no dette å melde av ny informasjon:

Eksamenssvara til Blix finn eg ikkje (men eg veit kven som hadde dei sist ...). Men skriftleg sensur fall under fakultetsmøtet 2. juni 1866 (sak 13/1866 i forhandlingsprotokollen). Professorane Tønder Nissen (kyrkjehistorie), Dietrichson (NT) og Johnson (dogmatikk/etikk) var til stades, Caspari (GT) var fråverande. Elias Blix fekk den kryptiske hovudkarakteren 2 4/18. I arkivsakene frå 1866 ligg ei liste over alle einskildkarakterar til skriftleg eksamen (som altså er nedskrivne). Her finn ein forklaringa:

Theologiske Examen Mai og Juni 1866.
Skriftlig Prøve d. 9de, 11de, 12de, 14de, 16de og 18de Mai. –

E. Blix Pedersen
G. T.s Exegese [oppg. 1, AA]2 1/4. 2 1/4. 2 1/4.
N. Ts Exegese [oppg. 4]2 1/4. 2 1/2. 2 1/4.
Dogmatik [oppg.2]2. 2 1/4. 2 1/4.
Ethik [oppg. 3]2 1/4. 2 1/4. 2.
Indledning [oppg. 5]2 1/4. 2 1/4. 2 1/4.
Kirkehistorie [oppg. 6]2 1/4. 2 1/2. 2 1/4.
Sum40 1/2.
Hovedkarakter2 4/18 Laudabilis ÷

Dette er som i hopprenn. Karakteren frå kvar sensor er oppgjeven i kvart fag, og hovudkarakteren er rekna ut som gjennomsnittet av alle dei 6 x 3 = 18 einskildkarakterane. Skalaen som er nytta, ser ut til å vere 1 (= laudabilis prae ceteris), 2 (= laudabilis), 3 (= haud illaudabilis), 4 (= non contemnendus), kvar karakter på nytt gradert i firedelar.

Vi kan slå fast at sensorane vurderte noko annleis enn Bolling.
  1. Blix hadde beste hovudkarakter etter skriftleg, hårfint føre Jesper Jespersen og Christian Lilloe med 2 5/18, og Martin Richard Olsen med 2 6/18.
  2. Det mest iaugefallande med eksamenskarakterane er kor jamn Blix er. Stort sett ligg vurderingane på 2 1/4 i alle fag. Det er ein svært god karakter. Preceteris sat langt inne i dei dagar.
  3. Om ein likevel vil analysere dei ørsmå utslaga i vurderingane, er dogmatikk og etikk dei to faga som gjev best (= lågast) poengsum, så kjem gammaltestamentleg eksegese og innleiing, svakast (om ein skal nytte eit slikt uttrykk) er nytestamentleg eksegese og kyrkjehistorie.
  4. Og endeleg: Blix er faktisk ikkje bestemann i gammaltestamentleg eksegese, den disiplinen som seinare skulle gje han levebrødet. Olsen låg to hårstrå føre han, Jespersen og Lilloe eitt.
Send ein kommentar.
# lagt inn 18.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Rom 2,14 For naar Heidingarne, som ikkje hava Logi, gjera av Naturi det, som Logi byd, so ero dei ei Log fyre seg sjølve, endaa dei ikkje hava Logi;
15 for dei syna, at Loggjerningi er innskrivi i deira Hjarto, med di deira Samvit vitnar med, og Tankarne seg imillom saka elder og orsaka deim
16 paa den Dag, daa Gud skal døma det dulde hjaa Menneskjom, etter mitt Evangelium, ved Jesus Kristus.

-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Les heile kapitlet (.pdf-fil).
Les kapitlet i dagens bibelomsetjing (frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 18.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.3.04

Eksamensoppmeldinga 

På tide å kommentere gårsdagens Blix-tekst – oppmeldinga hans til embetseksamen i vårsemesteret 1866. Alle som melde seg til teologisk eksamen, skulle sende inn ei kort oversikt over livet og studiet sitt. Dette er eit unikt materiale, som nokon ein gong burde gå systematisk gjennom. Det varierer mykje kva eksaminandane skriv i desse dokumenta. Blix sitt brev er (med unnatak for æresrunden om namnet) nokså typisk for den meir nøkterne og kortfatta enden av skalaen. Som eit tidleg stykke sjølvbiografi har det krav på stor interesse. Diverre fortel Blix ikkje om framtidsplanane sine. Eg skulle gjerne ha høyrt han sjølv seie på dette tidspunktet at det var prest han ønskte å bli, men det teier han altså om.

To detaljar i meldinga krev kommentarar.

1. I faget Det gamle testamente var det ein viss fridom til å velje grunnspråkleg pensum, men dei viktigaste litteraturformene skulle vere representert. Alle studentane eg har sett på, la opp heile Første Mosebok (det er mogleg dei kunne velje Femte Mosebok i staden, men det er eg ikkje sikker på). Alle la òg opp eit utval av Salmane, dei fleste (Blix inkludert) las dei 50 utvalde salmane som professor Caspari heldt førelesningar over, men nokre valde andre løysingar. Størst er variasjonen innan profetlitteraturen. Mange las tre av dei "mindre" profetbøkene, men utvala er ulike (Blix: Joel, Obadja, Jona). Andre las dei tolv første kapitla av Jesaja-boka.

2. Kvar student valde seg ein privatpræceptor mellom professorane. Blix hadde Jakob Frederik Dietrichson (1806-1879), fakultetet sin eldstemann og professor i Det nye testamente. Han vert, underleg nok, aldri omtala i samband med Blix' biografi.

Send ein kommentar.
# lagt inn 17.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Rom 1,14 Eg stend i Skuld baade til Grekarar og Barbarar, baade til vise og uvise.
15 Soleides er eg paa mi Sida viljug til aa forkynna Evangeliet fyre dykker og, som ero i Rom.
16 For eg skjemmest ikkje ved Kristi Evangelium; for det er ei Guds Kraft til Frelsa fyre kvar den, som trur, fyre Jøde fyrst og fyre Grekar.
17 For i det vert Guds Rettferd openberrad av Tru til Tru, som skrivet er: "Men den rettferdige av Tru skal liva."
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Det er på høg tid å sjå nærare på det bibelspråket Blix var med å utvikle gjennom omsetjingsarbeidet sitt. Apostelen Pauli Brev til Romarne, Umsett fraa den greske Grunntekst paa norsk Folkemaal og utgjevet med Statskostnad av Det norske Samlaget, kom alt i 1882, altså året før 2. utgåve av Nokre Salmar.

Les heile kapitlet (.pdf-fil).
Les kapitlet i dagens bibelomsetjing (frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 17.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.3.04

Dagens Blix 

Universitetet i Oslo, Teologisk fakultet, Arkivsaker 1866, journalnr. 12/1866:
Til
det theologiske Fakultet.

Undertegnede tillader sig herved at melde sig til den forestaaende theologiske Embedsexamen.

Jeg er født den 24de Februar 1836. Allerede tidlig følte jeg stor Lyst til at studere, men da mine Forældre kun kunde skaffe mig den allertarveligste Skoledannelse, blev der Intet af denne Tanke, førend jeg i 1856 som Skolelærer kom til Tromsø. Her begyndte jeg da i mine Fritimer under Overlærer Steens Vejledning at forberede mig til Artium, som jeg underkastede mig i 1860. I 1861 tog jeg Andenexamen og begyndte nu paa det theologiske Studium, hvormed jeg siden den Tid har været beskjæftiget. Af det gamle Testamente har jeg læst 50 udvalgte Psalmer og Profeterne Joel, Obadja og Jona. – Min Privatpræceptor er Professor Dietrichson.

Christiania, 2den Maj 1866.

Ærbødigst
Elias Blix.

Jeg nødes her til at gjøre en Bemærkning angaaende mit Navn. Jeg har efter mine Forældres Ønske brugt Familienavnet Blix, der tilhører min Moders Familie, og som tillige er mit Døbenavn, indtil Hr. Kammerherre Holst i 1860 fandt det for godt at immatriculere mig under Navnet Blix-Pedersen. Det hjalp ej, at min Dimissor, Hr. Skolebestyrer Gjertsen protesterede og oplyste Kammerherren om det sande Forhold, Kammerherren var ubevægelig. Jeg troede at maatte give efter, da jeg ansaa Sagen for ubetydelig til at gjøre videre Kvalm i den Anledning; men jeg mærkede snart, at Resultatet blev, at jeg fik 2 forskjellige Navne med de deraf følgende praktiske Ulemper, og besluttede mig derfor til at lade hint Tillæg falde og bruge det Navn, jeg hidtil havde baaret.

Ærbødigst
E. Blix.
Førstegrøda av arkivundersøkingane mine ved Det teologiske fakultet. Dette er Elias Blix si oppmelding til teologisk embetseksamen, så vidt eg veit publisert for første gong her. Det er kveld alt, så eg får heller love deg meir i morgon. Berre ein sak i dag: Dette er den einaste staden eg har funne der Blix sjølv kommenterer namnet sitt. Det hjelpte ikkje. I eksamensprotokollen fekk han ver så god heite Blix-Pedersen.

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 16.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Teologisk fakultet 

I går ettermiddag fekk eg tilgang til ei viktig, men vanskeleg tilgjengeleg kjeldesamling for studiet av Elias Blix. Bergensar og heidersmann Geir Magnus Walderhaug, sannsynlegvis den personen som er best kjend i arkivet til Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo, gav meg ei innføring i løyndommane her. Dette arkivet er framleis å finne ved fakultetet, medan til dømes Det historisk-filosofiske fakultet har avlevert sitt arkiv til Riksarkivet.

Eg skal inn att i dag. Dagens Blix er utsett til i ettermiddag; eg har alt funne ein tidlegare upublisert Blix-tekst av stor interesse, og den må eg sjå litt nærare på. Følg med, følg med.

Send ein kommentar.
# lagt inn 16.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.3.04

Dagens Blix 

Av brev frå Elias Blix til Johan Amundsen, 20.09.1866 (NBO Ms. fol. 688):
Min kjære Ven!

Siden jeg sidst skrev Dig til, er der faaregaaet [SIC] mange Forandringer med mig. Først og fremst har jeg skilt mig med Examen og har derfor faaet lidt mageligere Dage end jeg i den nærmeste forbigangne Tid har haft. Dernæst har jeg været i Nordland, har gjenseet mit kjære Hjem og er dermed bleven ligesom forynget – aldeles nordlandsk i Sind og Skind.
...
Rigtignok var jeg saa lykkelig at se et Glimt af Dig paa min Nordtur, men det blev desværre kun "Goddag – Farvel"; der blev ingen Tid til Samtale. Jeg haabede at skulle gjøre det saa meget grundigere Sydvejen, men – saa kom der Brev fra Nissens Skole, at jeg om 8 Dage maatte være i Christiania, hvis jeg ønskede en Post, som just var bleven ledig, – og saa bar det afsted i en flyvende Fart, uden at der engang blev Tid til at underrette Dig om min Reise. Saaledes fik jeg ikke engang se Dig paa Sydvejen. Derimod var jeg saa heldig at træffe Hr. Marstrander, der bragte mig Din Hilsen, og i hvem jeg fik en særdeles hyggelig Reisefælle til Throndhjem. Den 13de Aug. forlod jeg Gildesk. og den 19. var jeg i Christiania.

Jeg lever for Tiden særdeles vel, naar undtages, at jeg savner mit kjære Nordland.

Og hermed være Du paa det hjerteligste hilset, og hils alle Dine fra
Din stedse hengivne

E. Blix.
Adr. Skrædder Reiersen
Østregade
Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 15.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.3.04

Innsida 

I Dag og Tid kjem frikvarteret på nest siste side, med Innsida. I går var det Ragnar Hovland som disponerte plassen. Det er mykje å ta av her, til hyggje, nytte og underhaldning. Ragnar Hovland er barnebarn av Ragnvald Indrebø, Bjørgvin-bispen som var ankermann for den nynorske bibelomsetjinga av 1938, og denne helga nyttar han høvet til å heidre bestefar på sin særeigne måte. Men eg kjenner meg forplikta til å sitere Ragnar Hovlands sitat av Elias Blix, så Indrebø får du lese om i papirutgåva av Dag og Tid.
Nær Jesus-oppleving
Alle hugsar jo frå skulen Blix-salmen "Ein båt i stormen duva, men Jesus var om bord" [Merknad: Det kjem nok an på kvar du gjekk på skulen, Ragnar. På Hedmarken song vi mykje salmar, men ikkje denne. Men så var vi jo ukjende med stormar]. Det er vel helst få av dei som lever i dag som har fått oppleve å ha Jesus i båten, men sist månad reiste eg med buss frå Havanna til badebyen Varadero på Cuba. Og kva heitte sjåføren? Jesus. Og aldri har eg vel kjent meg tryggare under ein busstur.
Send ein kommentar.
# lagt inn 14.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Baksida 

Sundag er fridag på BlixBlog, etter gammal og gudleg sed og i samsvar med religiøs så vel som sekulær visdom om vekslinga mellom arbeid og kvile. Etter høgmessetid skal eg likevel tillate meg å sitere eit par lesefrukter frå helgas lektyre av det noko lettare slaget. Ramnane Hugin og Munin har gjort baksida av Vårt Land kjend og populær i vide krinsar, gjennom sine daglege skråblikk på tilværet og språket. Men der er òg staden for eit dagleg fyndord i spalta Sitatet. I går, laurdag 13. mars, var det Knut Nærum (frå Nytt på nytt, NRK Fjernsynet) som fekk ordet:
Vil vi kunne kommunisere med vesener fra andre planeter, vi som hevder at vi blir dumme av nynorsk?
Send ein kommentar.
# lagt inn 14.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.3.04

11. mars 

har alltid vore ein festdag her i huset. Vi fekk ei dotter denne datoen i 1988, og ein son på treårsdagen hennar i 1991. Men 11. mars 2004 vart annleis. Terror er ikkje nytt i Europa, og særleg ikkje i Spania, men desse dimensjonane av vald mot tilfeldige mål er urovekkande.
# lagt inn 12.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Av brev frå Elias Blix til Johan Amundsen, 16.12.1864 (NBO ms. fol. 688)
Det vil efter dette vistnok klinge utrolig for Dig, naar jeg nu fortæller, at jeg siden Septbr 1863 i bogstavelig Forstand ikke har været frisk en eneste Dag. Vel har jeg den hele Tid været oppe og læst (sc: undervist) mine 2 Timer daglig paa Nissens Skole; men dermed har Du da hele min Dagsgjerning angivet, medens mit eget Studium bogstavelig har hvilet, da min Doktor i det sidste Aar aldeles har forbudt mig at studere; nu er jeg det [SIC] vel noget bedre og jeg har igjen saa smaat begyndt at læse paa Theologien, men tør dog ikke gjøre mig noget Haab om at blive fuldkommen. Den Sygdom, jeg lider af, er almindelig Nervesvaghed (rimeligvis en Følge af tidligere Overanstrængelse); saalænge jeg gaar og driver, føler jeg mig nok saa stærk og rask (i Sommer var jeg endog en Fodtur til Fjelds oppe i Thelemarken); men saa snart jeg sætter mig til at arbejde lidt anstrængt, er jeg strax klar og udmattet – og saa maa jeg ud og gaa en lang Tur, inden jeg igjen kan tage Arbejdet fat. Nu er det vel saa, at en Sygdom ikke kan siges ret og slet at være et Onde, men meget mere et nødvendigt Led i den menneskelige Opdragelse og Optugtelse i Sandheden, og saaledes har den da, som jeg tør haabe, heller ikke været uden gavnlig Indflydelse ogsaa for min Theologi – men med den theologiske Examen har det under saadanne Forhold lange Udsigter; jeg har endnu ingen Mening om, naar jeg kan blive færdig med den – at sige hvis det da bliver nogensinde; dog derpaa lægger jeg nu liden Vægt. Gud har nu givet mig et Vink om, at han maaske snart vil have mig op til en anden Examen – maatte jeg bestaa den, og min Sygelighed ikke være uden Gavn for den – da har jeg heller ikke i det sidste Aar levet forgjeves. – Da jeg, som sagt, endnu aldrig har holdt Sengen, ja ofte endog kan være temmelig rask, naar jeg blot er i tilbørlig Bevægelse, og da jeg som alle nervøse Mennesker ser taalelig godt ud, saa kan jeg godt foklare mig, at Folk herfra har fortalt Dig, jeg var frisk; det er kun mine nærmeste Venner, som kjender noget til min Sygdom; jeg ynder overhoved ikke videre at gjøre Alle og Enhver bekjendt med et Forhold, der kun har Betydning for mig selv. –
Det har lege i lufta lenge, har det ikkje? Før eller seinare måtte det gå gale. Det er mykje aktuell lærdom i dette brevet. Ta deg ein lang tur ut i dag, så du får "tilbørlig Bevægelse".

Send ein kommentar.
# lagt inn 12.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.3.04

Bladet 

NB: Sjå oppdatering, 19.03.2004
Sidan eg først er inne på dei uløyste spørsmåla mine, eit problem til. I brevsamling nr. 407 ved Nasjonalbiblioteket i Oslo (Brev til Elias Blix) ligg eit brev frå vestmannen Henrik Krohn, dagsett Sogndal 20.08.1871. Brevet lyder slik (eg er ikkje van med handskrifta til Krohn; * signaliserer at eg ikkje har greidd å lese ein eller fleire bokstavar):
Gode Vin!

Presten Unger heve bedet meg skriva til einkvan god Kjenningen i Hovudstaden med Krav um, at han skulde gjera sitt til, at dar kunde koma ein god Personelkapelaan att i staden hansi [SIC] Koren [NB: Endringsforslag, sjå under]: “ein, som umfram dat gode Preste**ing, ogso hadde Hugnad av dei folkelege Straumdrag i Landet, hadde Kjærleike til Bonden og Maalet hans.” Eg vonar at du inkje vil spara Umaken at gjera kvat du kann i dette Stykket. Eg heve ogso skrivet til Klæbo um dat same, og daa eg inkje veit kvar han bur, so bed eg deg vere so snild at fli honom Brevet. Dan som vil faa høyra Vilkori fyr Kapellanen, kann ganga til Doktor Tiedemand i Gamlebyen.

Kor er dat *** med Maalsaki darburte? Gjeng ho no i rette Faret? Dat ser fulla inkje so ut fyre meg, men me sjaa alle Stykkevis, maa vita, og dat kann gjerna vera, at dat er Gagn i Gjerdi, alt um eg tykjer, at dat ber paa Skade laust. Soframt som eg heve Rett i min Maate at sjaa Saki paa, so skulde dat no vera paa Tid, at dei gamle Maalmenner i Hovudstaden tok i av all Magt, og fekk Saki inn i sitt rette Far atter. Til dessa trur eg at Saki vaar heve voret framburet med Kjærleike, no synest ho vera komi i Hender paa Hatet, som aldri heve fenget nokot godt fram i Heimen. Me lyt sjaa til at faa i Stand eit Maalmannsmøte til Aaret komande fyre alt Landet! Tenk paa dette og gjer kvat du kann.

Din
Henrik Krohn
I margen har Krohn føyd til desse linene:
Inkje eit Ord um Tidskrifti vaar i Bladet ditt? Likar du dat likaso litet, som Framsguten? Lat dat i alle Tilfelle[?] koma fram anten dat er til Lov elder Last. Du er pligtig at leggja Mark[?] paa Arbeidet fyre Maalsaki
Det er noko her som ikkje stemmer, og eg undrar meg på om dette brevet eigentleg var stila til Blix.
  1. Kjende Blix og Krohn kvarandre? Ikkje umogleg. John Klæbo, som er nemnd i brevet, stod Blix nær.
  2. Kva for eit "Blad" er det Krohn nemner i sitt P. S.? "Tidskrifti vaar" er greitt: Krohn og Vestmannalaget gav ut Fraa Bygd og By frå 1870. Eliminasjon: Dølen døydde med Vinje i 1870. Olaus Fjørtoft sitt Fram er omtala negativt i brevet. Eg står att med Svein Urædd og Andvake, to kortliva tidsskrift som eg kjenner lite til. Men eg trudde Svein Urædd var gått inn ved denne tid. Når det gjeld Andvake, finst det eit interessant og langt brev frå Ivar Aasen, sannsynlegvis frå april 1871, der han seier opp bladet, med argument som like gjerne kunne vore retta mot Fram si radikale omlegging av språket i talemålsnær retning. Hovudproblemet er: Det er ikkje kjent (i alle fall ikkje for meg) at Elias Blix var med å redigere noko "blad".
  3. Difor spør eg: Var brevet stila til nokon annan, som seinare gav det til Blix? Men kven er kandidatane? Vinje var borte. Klæbo fekk eit anna brev. Aasen har skrive med Krohn (mellom anna om Blix, i eit viktig brev av 30.03.1872), han er mogleg, men lite sannsynleg. Kristofer Janson er ein sterk kandidat, men eg trur han var på Vonheim i Gausdal på det aktuelle tidspunktet. Kan det vere Hagbard Berner? Då må det vere Dagbladet det er tale om. Dette er mitt beste forslag hittil, trur eg. Berner og Krohn korresponderte, ser eg av Kjell Haugland, Striden om skulespråket, s. 17-18 og 226 (note 4 og 6). Eller VAR Blix faktisk aktiv som bladmann ei kort stund?
  4. Det finst jo ein god grunn til at ein ukjend x (Samlags-skiparen Berner?) kunne overlate brevet frå Krohn til Blix: Han skulle vere ein framifrå kandidat til personellkapellanstillinga i Sogndal, etter Unger sin stillingsomtale.
  5. Om brevet er til Blix, kan det ikkje Krohn ha kjent han altfor godt. Dette brevet er skrive like etter at Emma og Elias Blix gifte seg (19. juli 1871), men det er ingen gratulasjon eller helsing til kona. Det er heller ikkje nemnt noko om reisestipendet frå Universitetet, som sette dei nygifte i stand til å reise til Leipzig, der Elias skulle studere semittiske språk. Dei gav seg ut på reise i oktober 1871.
Forslaget mitt er altså: Dette brevet var opphavleg stila til Hagbard Berner, sentral i landsmålsmiljøet i Kristiania (Døleringen, Det Norske Samlaget) og redaktør i Dagbladet. Han gav det til Elias Blix, som mogleg kandidat til prestestillinga i Sogndal.

Kva tykkjer du om dette stykket detektivarbeid? Er eg på ville vegar?

Oppdatering, same kveld: Kyrjehistorikarbror Per Kristian er som vanleg til stor hjelp, med si gode oversikt over presteskapet i det 19. hundreåret. Han seier i eit straumbrev (høgnorsk for e-post) i kveld:
Jeg har undersøkt. Det er ingen Koren som er pers.kap. omkring 1870-71.

Derimot slutta Johan Einar Unger som pers. kap. i Vikør og begynte som res.kap. i Hammer dette året. Kan ordene "ein god Personelkapelaan att i staden hansi [SIC] Koren" tydes "ein god Personelkapelaan att i staden hans i" -(altså i Ungers sted) og stedsnavn? ...

I Vikør var det på denne tiden en prest som hette Hans Henrik Beer Jæger, f.1805, c.theol 1829, i Vikør 1838-1874 (han døde da). Jæger har sikkert trengt en ny pers.kap. i 1871.
Per Kristian må ha rett. Eg må sjekke lesinga over helga i Nasjonalbiblioteket, men eg har eit godt forslag: "i staden hans i Kvam" (i Hardanger) - som den gongen var i Vikør prestegjeld.

Elias Blix vart, som kjent, aldri prest. Men om dette sporet leier nokon stad, kan det vere grunn til å skrive ein liten artikkel om "Da Blix kunne blitt prest" - i Kvam i Hardanger ...

Oppdatering 2, seint same kveld: Av denne meldinga i Bergens Tidende 09.03.2004 forstår eg at Henrik Krohn har fått sin biografi, som eg burde visst om. Det er Jostein Krokvik som har skrive Vestmannalagsreisaren og målreisaren.

Og med det får de ha ei god natt.

NB: Sjå oppdatering, 19.03.2004
Send ein kommentar.
# lagt inn 11.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix(!) 

Frå eit oppslag over fire spalter på første side(!) i Christiania-Posten tysdag 12.03.1861:
Innlegg i Maalstriden.
Dat Maalemne, me her vilja skriva eit Ord um, er vistnog so tidt og so klaart utgreidt, at dat var ventande, at Ingen, som vilde tenkja roleg og døma rettvist, ennu skulde vera i Uvissa um, korsu dan Sak stend. Men daa sume af vaare Motmælarar aldri verda trøytte af at slaa um seg med Vaapn, som lengesidan ero døyvde, og stødt og stendugt venda vaare Ord paa Ranga, so maa dat orsakast, at me endr og daa freista paa at greida ein og annan af dei Vasar, som vaare ærade Motstandarar so truleg vinda.
...
Nu kom dei setajnde [SIC] med alle dei Motgrunnar, som tenkjast kunde og vel so dat; og desse hava dei sidan so jamt tekit uppattr utan at ansa dan Motbyr, som bles fraa andre Kanten, at dei nu hava deim so greidt som i ein Sekk. Me vilja nu løysa paa Bandet og skoda ned i denne Sekken, som nu attr med so stor Styrke er kastat ut imot os, lik ei Pandorasøskja full af usæle Foreignir.

Øvst af alle sjaa me dat gamle Ordtak: At skriva dat norske Landsmaal vid Sida af vaart Bokmaal vilde vera likso narreligt, som at skriva eit tysk Bygdemaal og giva dat ut fyre betre Tysk enn dat aalkjende Bokmaal.
...
Dan neste Motgrunnen lyder so paa Lag: Dat sokallade Landsmaalet høyrer ingenstad heime i Landet; gakk til Sunnmøre, Thelemork, Setersdal, – gakk Landet rundt og sjaa, um du nokonstad finner eit Maalføre, som ser slikt ut som dette "Landsmaalet"; dat er di fyre inkje norsk Maal, dat er eit tillagat Maal, som ein Mann hevar gjort paa sitt Lesarbur og so giver ut fyre eit Landsmaal. – Dar hava me daa dan knusande Setning, som du kann vera likso stød paa at høyra, naar vaare Motstandarar røda um Landsmaal, som Gauken i Saadtid og Amen i Kyrkja.
...
Nedst paa Sekkebotnen finna me ei Setning, som nettupp ligg so djupt fyre at verda gjøymd som ei Varpil, til dei andre ero bortskotne; og at ho daa kann gjera den betra Verknad, so hava dei sodit henne inn med ei Seid, som dei paa sitt Maal kalla Kulturen. "Landsmaalet kann inkje semjast med Kulturen, inkje røma den høgre Andsuppleving", heiter dat. Kvat Samlag er dat millom Ljos og Myrker, millom Sedhevd og Landsmaal. Atter ei hard Skulding, som kunde giva os Blygsel fyre os sjølv, um ho maatte finnast sann. Her skulo me nu stoppast so djupt ned i Raaskap, Used og Villmannskap (barbaries), at alle sedade Folk verda rædd os. Og dat verste ved denne som all annor Seid er, at ho er so vand at verda klok paa, daa dei vise Seidkonur aldri hava viljat visa, kvat Brest det er i vaart Maal, som valder denne usæle Vande, og me brjota faafengt Hovud og Heile paa at gjeta, kvat han daa nærast ligg i denne Skaden i Maalet. Ligg han i sjølve Ordi? Me vilde gjerne tru dat, naar me inkje havde røynt, at me lagde likso høge Tankar og reine Kjenslur inn i vaare Ord um Himmel og Heim, Liv og Ljos, Sanning og Sæla, som vaare danske Vinir, naar dei nemna dei same Ting paa sitt Maal. Elder ligg han i Ljoden og Klangen, i dei harde Medljodir og dei stærke Tviljodir? Men daa maa vel det svenske Maal vera likso vonlaust med sine harde Ljodir (hata, smkra [SIC], tapa) og dat tyske med sine mange Tviljodir (laufen, träumen, meinen), som nettupp svara til dat norske. Elder kannskje Bresten endeleg ligg i Ordlaget og Setningsbygnaden. Dat er knapt truande, daa dat nettupp er i dette Stykket, at Landsmaalet alramest likest dat danske og alle andre nærskylde Maal. Me maa standa til, at vaar Forstand her stend still, naar dat geld at uppdaga Grunnen til dette leide Lyte. Men dat skal nu heldr inkje finnast med Forstanden, sagde ein Mann i "Posten" fyre tvo Aar sidan, dat skal sitja i Smaken; men daa ein af vaare største Maalkunnige spurde honom, kven dat daa var, som skulde smaka og døma, daa svarade han turt og godt: "Dat er i mindste inkje Din Smak, som skal fella Domen." Og hermed vard me daa atter lika vise, so me til Slut inkje vita rettare enn at raada dei gode Menn at styra sin fine Smak fyre dat fyrste. Me hava aldri tenkt at tvinga inn paa andre ein Kost, som dei finna Usmak i. Lat dat vera sagt, at me hava inkje annat Krav enn dette, at dei som kunna og vilja skriva vaart Maal, kunna faa Lov at gjera dat i Ro utan at høyra Neitord; eiger daa Maalet Kraft til at fylgja med Kultur og gode Sedir, so vil dat nog vita at søkja Sessen sin og vinna dan Vyrdnad, dat fortener, og kan dat inkje, – nu, so lat dat fara burt med Fred!

Nu kunna me inkje skygna meir paa Sekkebotnen, for um dar var nokot meir, so hever dat voret so fint, at dat ere dustat burt; me pakka difyre inn og binda Bandet atter.
Bakgrunnen for innlegget er eit stykke som stod i Budstikken (redigert av Peter Chr. Asbjørnsen og F. C. Schübeler) i februar 1861. Ivar Aasen noterte i dagboka si: "17. Nyt Hefte af Budstikken, med et Svinestykke om Sproget. Megen Ærgrelse. Søvnløshed." Eg har berre gjeve att eit lite utdrag; heile innlegget kan du lese her (.pdf-fil, retta utgåve 01.07.2004). Ifølgje Reidar Djupedal ("Elias Blix og salmane hans," Der eit fjell stig mot sky, s. 198) heiter den anonyme forfattaren av dette innlegget Elias Blix. Innlegget er interessant av mange grunnar, ikkje minst fordi det er skrive på landsmål. Om dette seier innsendaren sjølv:
Dette Innlegg er skrivit paa Landsmaalet af tvo Grunnar: fyrst fyredi ymse Blad hava meint, at dat var eit Merke paa Maalets Vanmagt, at dat laut forsvara seg i Bokmaalet, dinæst fyredi dat nylega er sagt, at berre tvo Menn kunna skriva dat.
Men kan nokon hjelpe meg med følgjande spørsmål: Korleis visste Djupedal at Blix var forfattaren? [Oppdatering, 05.04.2004: No veit eg svaret!] Innlegget er jo anonymt. Eg ser nokre moglege nøklar i teksten, men eg vil gjerne ha respons.
  1. Verken Aasen eller Vinje er forfattar, sjølv om teksten har stildrag som kan minne om begge. Det må vel vere desse "tvo" som "kunna skriva dat"; dessutan har Aasen svara Budstikken (i "det almindelige Boksprog"!) i Morgenbladet 27.02.1861.
  2. Forfattaren har ei brukbar skolering i klassisk retorikk og argumentasjon. Eg har verken tid eller kompetanse til ein utførleg retorisk analyse av innlegget, men det kunne absolutt vere på sin plass.
  3. Forfattaren har ei tydeleg og sjølvsagt bibelsk-religiøs referanseramme (det seier ikkje stort; på denne tida var bibelen ein del av kulturarven ...).
  4. Kan ein finne dialekttrekk i språket? Det er enno for tidleg å tale om ein "normal" for landsmålet, men nokre drag er likevel påfallande. Eg nemner nu for "no", men særleg korsu for "korleis". Min eigen dialektbakgrunn er høgst usikker og inkompetent, men eg meiner å hugse slike former frå dei første barneåra mine i Tromsø (som rett nok er ein by og ligg langt frå Salten). Ordet Foreignir er i Aasen si 1850-ordbok lokalisert til Helgeland: "Foreign, f. Forvarsel for en Hændelse, saasom for et Dødsfald. Helg." Men det treng ikkje tyde noko; innsendaren legg jo vekt på landsmålet sin eklektiske karakter når det gjeld gode dialektord.
Les heile innlegget (.pdf-fil, 54K. Retta 01.07.2004)
Oppdatering, 05.04.2003.
Gårsdagens Blix.
For å sjå .pdf-filer treng du gratisprogrammet Adobe® Reader®

Send ein kommentar.
# lagt inn 11.3.04
Send innlegget til nokon du kjenner

10.3.04

Brillene 

Brevet frå 11.09.1863 er typisk for brevskiftet mellom Amundsen og Blix. Mykje handlar om praktiske ting. Ofte er Blix mellommann for bokkjøp eller tidsskriftabonnement. Folkevennen, tidsskriftet til Selskapet for folkeopplysningens fremme, er eit emne som ofte kjem att. Men kjøp av briller pr. post er eineståande for dette brevet. Så får vi i det minste vite kvifor Blix har briller på dei fleste bileta av han: Han var "meget nærsynt".

Send ein kommentar.
# lagt inn 10.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Av brev frå Elias Blix til Johan Amundsen 11.09.1863 (NBO, Ms. fol. 688):
Jeg var ivaar hos flere Instru[m]entmageere, men Ingen kunde gjøre noget med Dine [B]riller, da de ej havde No. opgivet; jeg blev da fordetførste kjed af hele Grejen; jeg opgav det hele og tænkte flere Gange paa at gaa hen til Dybwad og abonnere paa "Gammelt og Nyt"; men det bliv lidt efter lidt udsat. Tiden gik, og saa rejste jeg paa Landet i Ferierne. Da jeg for kort Tid siden kom herind igjen, traf jeg en anden Instrumentmager (Enger), som efter min Beskrivelse troede at skjønne omtrent, hvad No. det maatte være (No. 12). Jeg bad ham da gjøre et Par, og her har Du dem. Hvis de nu ikke skulde passe til Dine Øyne, kan Du sende dem tilbage; jeg er selv meget nærsynt, og de indlagte Briller passer mig meget godt. Saa jeg kan beholde dem, ifald Du ej kan bruge dem; men saa maa Du nøyagtigt opgive, enten de er for stærke eller for svage (for Ex. om Du ikke ser bedre med dem end med blottet Øie, eller om Du ser altfor godt, saa at det svier i Øynene osv.).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 10.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.3.04

Sidemål i Oslo Ap 

"KULTURELT MANGFOLD: Oslo Arbeiderparti vedtok på årsmøtet i helga å ikke støtte byrådets forslag om valgfritt sidemål i den videregående skolen. Det er Ellen Horn glad for."

Les meir i Nationen
# lagt inn 9.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Av brev frå Elias Blix til Johan Amundsen, 27.12.1862 (Nasjonalbiblioteket i Oslo, Ms. fol. 688)
Om mig selv har jeg kun lidet af Interesse at fortælle. Mit theologiske Studium har jeg rigtignok begyndt paa; men det eneste jeg endnu har lært er, at jeg har faaet et svagt Indblik i, hvilken uendelig Rigdom af underlige Skatte dette Studium indeholder. Men netop denne Rigdom overvælder mig; jeg ved ikke hvor jeg skal begynde, endnu mindre, hvor jeg skal ende; jeg kunde læse en Evighed uden at blive færdig. Og dog har jeg saa liden Tid til at læse! Jeg er tilmode som en Mand, der lider af en brændende Tørst og saa endelig naar frem til en uudtømmelig Kilde af det klareste Vand. Han vilde helst styrte sig hel og holden ned i Kilden for i nogle lange Drag at slukke sin Tørst; men gjør han det, saa drukner han; han maa derfor nøjes med at sætte sig ved Kildens Rand og øse – ganske langsomt, draabevis, tællende. Tænk Dig en Saadan, saa har Du min Stilling. Der er saa mange andre Ting, der optager min Tid, at det kun bliver en liden Del af mine Kræfter, jeg kan offre paa det, der dog skulde være Hovedsagen. Den meste Tid af Formiddagen læser jeg paa en Skole; naar jeg saa kommer hjem Kl. 2, er jeg saa træt, at jeg ofte synes, det kunde være nok for den Dag, men saa først skal mit eget Studium begynde, og saa maa jeg sætte mit til paa en frisk. Og jeg har kunnet sidde den hele Eftermiddag uden at røre mig, og saaledes Dag efter Dag, ja jeg har ofte taget en god Del af Natten tilhjælp; – jeg har kunnet det, og jeg kan det endnu; men jeg føler dog saa smaat, at mine Kræfter ikke længe ville holde ud saadan at drives til det yderste, og dette nøder mig til at være forsigtig i min Læsning; men dette er netop det vanskeligste. Jeg kan være maadeholden i mange Ting; men at være maadeholden i mit Studium, det er lettere sagt end gjort. Hvo ved, om det ikke en Dag kan ende dermed, at jeg med Anstrængelse af mine sidste Kræfter styrter mig ind i den lokkende Kilde og – drukner?

Nu har jeg ikke mere at tilføye, end at jeg, Gud ske Lov, lever meget godt. I Løbet af Høsten har jeg dog oftere skrantet – efter al Sandsynlighed en Følge af for megen Stillesidden. Julen har jeg iaar tilbragt i Byen og befinder mig nu ret vel. – Jeg ønsker endelig Dig og Dine et lyksaligt Nytaar. Hils Din Kone og Svigerinde paa det venligste og vær selv venligst hilset fra

Din altid hengivne
E. Blix
Pilestrædet No. 7
Gårsdagens Blix
Send ein kommentar.
# lagt inn 9.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.3.04

Fotturen 

Breva til Amundsen frå hausten 1861 stadfestar det eg lenge har meint: Den vidgjetne fotturen til Elias Blix, Ole Tobias Olsen og Carl Johan Nielsen fann ikkje stad sommaren 1860, men sommaren 1861. I 1860 hadde Blix meir enn nok med artiumslesinga.

Biografien til Reidar Bolling frå 1953 er på mange måtar ei god bok, og Bolling har hatt gode kjelder til disposisjon. Diverre er eg nøydd til å slå fast at han ofte er unøyaktig i detaljar, slik som i dette tilfellet. Det gjev meg eit ekstra kjeldekritisk problem: Mange opplysningar hos Bolling (særleg slike han har frå munnlege kjelder) er nemleg ikkje å finne nokon annan stad.

Send ein kommentar.
# lagt inn 8.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Rode 

Ein person frå Tromsø-tida ser ut til å ha hatt meir å seie for Elias Blix enn nokon annan: Seminarstyraren Christian Ludvig Rode (1812-1885). I studietida til Blix var han residerande kapellan i Lier. Det var jo ikkje langt frå Kristiania, og nordlandsstudentane heldt kontakten. Mellom anna vart det samla inn mellom tidlegare elevar til ei gåve:
Til
Hr. Kirkesanger J. Amundsen!

Som Deltager i det forrige Aar indsamlede Bidrag til en Gave for Seminarbestyrer Rode underrettes De hermed om Sagens Udfald.

Fra 36 af Rodes Elever indkom ca. 40 Spd. De i Kristiania boende Ydere valgte 3 af sin Midte til at sørge for det indkomne Bidrags Anvendelse. Man bestemte sig for en Sølvkande, tjenlig saavel til The som Kaffekande; den kostede 48 Spd. 84 S. og blev forsynet med Indskriften: "Til Christian L. Rode fra hans fordums Elever ved Tromsø Seminarium 1859." - Kort før Jul blev den overbragt Rode ved en af de 3 Ovennævnte. Overbringeren henvendte sig til Rode med nogle Ord, hvori han ytrede, at han stod der paa hans fordums Elevers Vegne. Disse, som stedse med Højagtelse, Kjærlighed og Taknemmelighed erindrede Pastoren fra de Dage, da de ved Seminariet nøde hans Vejledning, havde søgt at bive disse deres Følelser et Udtryk ved den Gave, han nu overrakte ham. Den var imidlertid ubetydelig; man haabede, at Pastoren deri kun vilde se et ringe Forsøg paa at tolke ham deres velmente Følelser. Kunde den bidrage noget hertil og derved bringe ogsaa Pastoren til med Glæde at erindre sig de Dage, hvorom den skulde minde, da var Givernes Hensigt opnaaet. -

Rode takkede rørt for Gaven, idet han modtog den. Det var ham altid inderlig kjært at vide, at Seminaristerne erindrede ham, ligesom han dem, med Kjærlighed; og der maatte derfor nu glæde ham særdeles at se dette Bevis paa, at de fandt sig tilfredse med den Vejledning, han havde kunnet give dem. - Hvad en Gaves Størrelse angik, da var denne ikke et Udtryk for det Sindelag, hvoraf Gaven fremgik, men for noget ganske andet, nemlig Givernes større eller mindre Evne. I denne Henseende var han snarere bange for, at dens Værdi var for stor, da han jo vel vidste, at de fleste af Giverne levede under trykkende pekuniære Forhold. - Han erklærede, at Erindringerne fra den Tid, han var Lærer ved Seminariet hørte til hans kjæreste Minder. Tilsidst bad han Overbringeren at frembære for enhver Yder hans varmeste Tak og hans egen og Familiens venlige Hilsen. -

Og denne Opfordring er det Undertegnede en Glæde herved at kunne efterkomme. -

Kristiania, i Maj 1860 Venskabelig

E. Blix. O. T. Olsen. Johan Olsen.
Vel, Amundsen fekk ikkje dette brevet i mai 1860, men som vedlegg til brevet frå Blix 2. februar 1861.

Blix hadde eit særleg nært tilhøve til Rode. Men eg undrar meg mykje over framstillinga til Bolling på s. 32:
Til femtiårsdagen hans [Rodes] i 1862 samla læresveinar frå dei åtte åra han hadde vore seminarstyrar ei heidersgåve som Elias Blix fekk den æra å bere fram på Sylling prestegard.
For min del finn eg berre ei elevgåve omtala i kjeldene. Men den er datert 1859/60, har ikkje samband med 50-årsdagen til Rode i 1862, og det var ikkje Elias Blix som overrekte den, men Johan Olsen. Brev til Amundsen 02.02.1861:
De 3 Medlemmer, der valgtes til at vælge Gaven, var: Ole Tobias Olsen, Johan Olsen og jeg. Johan Olsen bragte den ud til Rode, da O. T. Olsen var bortrejst i Julen og jeg - som mældt - laa syg.
Derimot fortel Blix i same brevet at han tilbringa julehelga 1861 heime hos Rode.

Send ein kommentar.
# lagt inn 8.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Helsa 

Blix fekk "Nervefeber", det vil seie: Tyfoidfeber, ved juletider i 1859, første hausten han var i Kristiania (brev til Amundsen, 02.02.1861):
Vel kunde jeg efter omtr. 3 Ugers Tid forlade Lejet, men den ondartede Sygdom havde medtaget mig saa haardt, at alt mit Arbejde maatte hvile i 2 1/2 Maaneder - og det netop i den Tid da jeg skulde arbejde ivrigst til Examen!
Det er ikkje første gongen vi høyrer om helseproblem, frå Tromsø hugsar vi mellom anna meslingane i mai-juni 1857 (brev til Amundsen, 15.07.1857). Og det skal ikkje bli siste gongen.

Send ein kommentar.
# lagt inn 8.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Artium 1860 

Eg har gjeve ein del sitat frå breva Blix skreiv til Johan Amundsen, sin gamle kamerat frå seminaret i Tromsø. Det er på tide å gje sitata ein kontekst, å tolke kva dei fortel om Elias Blix og livet hans.

Første prosjektet i Kristiania var å ta examen artium. Heilt fram til 1883 var det universitetet som arrangerte eksamen og avgjorde kven som fekk status som student. Det hende ved starten av haustsemesteret, i august kvart år.

Frå breva til Amundsen høyrer vi at Blix hausten 1859 hadde "kand. filol. Bugge" som lærar, og at han denne hausten arbeidde utelukkande med artiumsfag (30.10.1859). Han hadde alt eit godt grunnlag med seg frå Tromsø, som vi veit. Reidar Bolling (s. 42) seier at Blix "gjekk inn på Heltbergs studentfabrikk." Eg kjenner ikkje identiteten til lærar Bugge, og eg kjenner ikkje grunnlaget for Bolling si kobling til den kjende og særmerkte utdanningsinstitusjonen. Her tek eg gjerne imot hjelp.

På grunn av eit langt sjukefråver var Blix sterkt i tvil om han skulle gå opp til artium i 1860, fortel han (02.02.1861).
Men dels mine Læreres Forestillinger, dels Hensynet til mine Formuesomstændigheder, der ej vilde tillade mig at anvende endnu et helt Aar blot til saadan Læsning, drev mig da til den dristige Beslutning. - Og Udfaldet gik over Forventning. Den 31ste August var jeg Student med "Laudabilis" eller den saakaldte "bedste Karakter".
Denne passasjen seier mykje. Den stadfestar for det første at Blix var heiltidsstudent gjennom heile artiumsåret sitt. Seinare måtte han alltid arbeide ved sida av studiet. Bolling fortel (s. 38-40) at det var kjøpmann Carl Olsen frå Nord-Arnøy i Gildeskål som støtta han økonomisk slik at han fekk teke studenteksamen.

For det andre kan vi freiste å lese eit og anna om hovudpersonens psykologi mellom linene. Den "dristige Beslutning" gav altså eit "Udfald" som "gik over Forventning", og ein svært sterk artium. Bondestudentane var nok ofte utrygge og hadde vanskeleg for å finne fram i det akademiske livet. Kva var bra nok? Kva for standard skulle ein målast etter? Slikt må ha vore mykje enklare for embetsmannssønene.

Ligg det òg eit element av kompensasjon her, tru? Med ein svak økonomisk og sosial status kan Elias Blix ha kjent presset i retning av å gjere det godt, helst betre enn dei "betrestilte". Blix nyttar ofte uttrykket "slaa sig frem" om kjenningar i Kristiania. Yngvar Nielsen fortel: "Der gik da store Ord om disse flinke Nordlændinger, som kunde bryde sig selv Vei" (En Christianiensers Erindringer, 214). Iscenesetjinga av "the self-made man" er ikkje berre eit amerikansk fenomen. Elias Blix gjev ofte inntrykk av å vere ein smålåten mann, beskjeden til det sjenerte. Men det skin mange stader igjennom at han var ein svært ambisiøs og målmedveten mann.

Sikkert måtte ein òg vise heimbygda, familie og sponsorar at ein faktisk lukkast. Bygdedyret er gammalt her i landet. No er det ikkje lett å etterprøve kor mykje dette kan ha hatt å seie i det individuelle tilfellet Elias Blix. Nokre har drege fram tilhøvet til stefaren, som ikkje skal ha vore spesielt interessert i høgre utdanning. Det kunne vere interessant å studere Blix' psykologi i lys av tap og endringar i relasjonar til nære vaksne i barne- og ungdomsåra, men det er eit vanskeleg prosjekt.

Etter lang tids leiting har eg endeleg funne biografiane om Studentene fra 1860 i Nasjonalbiblioteket. Eg skal inn i dag for å sjå litt meir på data om artiumskullet til Blix. Det er mykje interessant sosialhistorie ein kan få ut av slike publikasjonar.

Send ein kommentar.
# lagt inn 8.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Av brev frå Elias Blix til Johan Amundsen, 20.09.1861 (Nasjonalbiblioteket i Oslo, Handskriftsamlinga, Ms. fo. 688):
Dit inderlig kjærkomne og venlige Brev af 28de Juni modtog jeg først sidst i Aug. Jeg rejste nemlig fra Kristiania den 9de Juli og kom ej igjen før 28de Aug.; jeg tog mig i Ferierne en Fodtur gjennem Valders, Lærdal, Sogn, Vos, Hardanger og Thelemarken.
Av brev frå Elias Blix til Johan Amundsen, 10.12.1861:
Hvad nu mig angaar, da har jeg i dette Aar, Gud ske Lov været ved den bedste Helbred, især har jeg følt mig usædvanlig stærk og frisk, siden jeg i Sommer gjorde den lange Fodtur gjennem Valders, Sogn, Hardanger og Thelemarken. Dette er et Gode, hvorfor jeg ej noksom kan takke Herren, især da jeg i høst har haft det usædvanlig travlt. I de 3 Maaneder fra Septbr-Decbr, skulde jeg nemlig klare hele 3die Afdeling af Andenexamen (examen filosofikum). Idag har jeg netop underkastet mig Examen i det sidste Fag. Fagene til Andenex. er følgende 8: Botanik og Zoologi, Mathematik, Oldnorsk, Græsk, Historie, Filosofi, Astronomi, Fysik. Jeg har i alle Fag faaet Karakteren 1, altsaa i Hovedkarakter "rent Laudabilis præ ceteris" - en Karakter, der ej er saa ganske almindelig. Saaledes har da denne Examen faaet et langt heldigere Udfald end jeg vovede at haabe, og jeg er endelig glad ved at være færdig og for Alvor kan begynde paa mit theologiske Studium. Nu skulde jeg da egentlig have Juleferie; men maa nok ganske strax begynde paa Hebræisk; dog dette er just et Studium, hvortil jeg føler stor Lyst, og Arbejdet vil derfor ikke falde mig tungt.

Jeg er lidet ude i Byen og ved da ogsaa kun lidet af hvad der foregaar omkring mig. Vi har i disse Dage oplevet en for vort Land sjelden Begivenhed, en Ministerkrise. Det norske og svenske Statsraad er kommen i Uenighed; H. M. Kongen kom igaar til Byen for at forsone begge Parter og - strax gaar vort hele Statsraad af. Sibbern har allerede søgt og faaet Afsked; Birch-Reichenwald og Ketil Motzfeldt har idag indgivet sin Ansøgning om Afsked, og man sige at alle de andre skal følge efter; dog er det ej umuligt, at Riddervold og Lange blive staaende. Hs. Maj. har overdraget den udmærkede, almindelig afholdte Stang at danne et nyt Ministerium. Iøvrigt ved endnu Ingen, hvorom den Uenighed egentlig har drejet sig, der har foranlediget denne store Krise; men at den angaa Sammensætningen af en "Unionskommitte," er utvivlsomt. - Gid nu de Mænd, i hvis Haand Kongen har lagt Statens Ror, naa faa Visdom fra oven til at styre Statsskibet mellem de mange Brændinger, der fortiden true, og det med større Held en Hr. Birch-Reichenwald!

Og herved slutter jeg for denne Gang med de kjærligste Hilsener til Dig og alle Dine Kjære, og de bedste Ønsker for Din og Deres Fremtid; og fremfor alt en lyksalig Jul.
Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 8.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.3.04

Dagens Blix 

Av brev frå Elias Blix til Johan Amundsen, 02.02.1861
I det Aar, som er svundet, har jeg gjennemgaaet meget, baade onde og gode Dage, men Herren har hjulpet mig saa vel ud af Alt, og med Lov og Tak til ham ser jeg nu tilbage paa det Aar, som svandt. Ifjor i Julen blev jeg angreben af Nervefeberen, og den tog sterkt paa mine baade legemlige og aandelige Kræfter. Vel kunde jeg efter omtr. 3 Ugers Tid forlade Lejet, men den ondartede Sygdom havde medtaget mig saa haardt, at alt mit Arbejde maatte hvile i 2 1/2 Maaneder - og det netop i den Tid da jeg skulde arbejde ivrigst til Examen! Og ved Begyndelsen af Læsningen fandt jeg snart at saa meget var glemt og mine Evner endnu saa sløve, at jeg maatte anse det for et dristigt Vovespil at melde mig til den forestaaende Examen artium. Men dels mine Læreres Forestillinger, dels Hensynet til mine Formuesomstændigheder, der ej vilde tillade mig at anvende endnu et helt Aar blot til saadan Læsning, drev mig da til den dristige Beslutning. - Og Udfaldet gik over Forventning. Den 31ste August var jeg Student med "Laudabilis" eller den saakaldte "bedste Karakter". Det følgende Halvaar har jeg anvendt dels til at undervise paa en Skole for mit Ophold, dels til at læse til Andenexamen. Første Afdeling af denne Examen underkastede jeg mig allerede nu i Decber og erholdt 1 i alle Fag (Botanik, Zoologi og Mathematik). Denne Jul har jeg tilbragt hos vor kjære Lærer Rode, der bor kun 4 Mil her fra, og der haft en dejlig Jul, rig paa skjønne og herlige Indtryk. Han og Fruen bad mig hilse alle hans Elever som jeg maatte skrive til. Han mindedes os alle med Kjærlighed. Jeg skal her vedlægge en Afskrift af den Beretning, der i Sommerens Løb er avsendt til Deltagerne i den Gave, som i forrige Jul blev overrakt Rode. De 3 Medlemmer, der valgtes til at vælge Gaven, var: Ole Tobias Olsen, Johan Olsen og jeg. Johan Olsen bragte den ud til Rode, da O. T. Olsen var bortrejst i Julen og jeg - som mældt - laa syg. Forøvrigt have vi i Beretningen søgt at give en sammentrængt, men dog forhaabentlig fuldstændig Oplysning om Anvendelsen af de ærede givne Bidrag. Den blev paabegyndt i Maj, men da vi ej havde Penge tilovers til Trykning af den, men maatte skrive til hver enkelt, drog det desværre ud paa Høsten, førend alle bleve færdige. Maatte nu I alle være ligesaa tilfredse med Udfaldet, som Rode blev glad og bevæget ved Modtagelsen af Gaven!

Og nu, kjære Ven! har jeg intet Mere tilbage end at hilse Dej fra vore Venner: Johan Olsen, Ole Johannessen og J. Hveding, der alle holder paa at læse Latin. O. T. Olsen fik Artium i Sommer med Karakteren Haud. Vær endelig med hele Din Familie venligt hilset og modtag mine bedste Ønsker om Held og Velsignelse fra Oven i det nye Aar.
Breva frå Blix til Amundsen er mellom dei viktigaste kjeldene til Blix' biografi. Eg har no arbeidd meg gjennom breva frå 1860-talet. Du skal få nokre glimt. I Tromsø-tida skreiv Blix relativt flittig. Frå Kristiania blei det sjeldnare, mest eitt til to brev i året. Det første Kristiania-brevet, dagsett 30.10.1859, har eg alt sitert (du kan til og med lese heile). Dette er det andre.

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 5.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.3.04

Petter Dass-avhandling 

Nordlys presenterer den første doktoravhandlinga om Petter Dass - som ikkje var nordnorsk heimstaddiktar, men ein som skreiv Nord-Noreg inn i "den lærde verden", ifølgje stipendiat Hanne Lauvstad.
# lagt inn 4.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens gratulasjon 

"Distriktsredaktør Magni Øvrebotten i NRK Sogn og Fjordane er tilsett som sjef for det planlagde Nynorsk Mediesenter i Førde. Ho var ein av tre søkjarar til stillinga," melde Bergens Tidende i går (og eit kobbel av andre medium). Gratulerer!
# lagt inn 4.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Modersmaalet.
Moder er eit heilagt Ord, / Hjartat kjært aa høyra,
Leikar alle Folk paa Jord / Sælt i Hug og Øyra.
Kvar, som Moders Namn hev lært, / Skal og halda dyrt og kjært
Moders Ord og Minne.

Modersmaal er beste Arv, / Mor oss kunde giva.
Medan mange Minne kvarv, / Hennar Ord vil liva:
Fraa ho ved di Vogga song, / Til ho deg den sidste Gong
Døyande velsignad.

-----------
Elias Blix: Salmar og Songar (Oslo: Olaf Husebys Forlag, 1900), 131-133

Det er morgon, og eg tykkjer eg må spandere den songen eg fann i går kveld. Modersmaalet vart altså til ei kveldsstund på Slependen 21. august 1898, etter oppmoding frå Hulda Garborg, som hadde bede om eit bidrag frå Blix til den store målmarknaden i Kristiania nokre dagar seinare.

Det er mange interessante trekk med dette diktet. Dei siterte versa er i slekt med (og inspirerte av?) Per Sivles velkjende "Den fyrste Songen". Dei vert gjerne nytta som vitneprov om Blix sitt nære tilhøve til si eiga mor. Men minst like interessante er dei versa som ikkje er siterte (du kan lese alle versa her). For her er ringen slutta: Blix grip attende til tematikk, biletbruk, ja, til og med konkrete ord og uttrykk, som han nytta i det første landsmålsdiktet vi kjenner, "Dat norske Maalet" frå 1857. "Folkenatt", "Dvergar" og "Staal" finst det begge stader, likeeins ein periode dominert av "framandt Maal/framand Tunga", medan morsmålet overlever i "djupe Dalar" hos "Smaafolk", resp. i "Folkets Munn". "Modersmaalet" vitnar om ein heilt anna formsans enn "Dat norske Maalet". Men ideala er dei same. I synet på språk og nasjon er Blix romantikar av reinaste slag.

Heile songen.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 4.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.3.04

Blix og Garborg. P. S. 

Og eg som trudde eg var ferdig med Blix og Garborg for denne gongen. Men det var før eg fann fram til det eine bevarte brevet frå Elias Blix til Hulda Garborg i Nasjonalbiblioteket i dag. Det er dagsett 22.08.1898 og lyder slik:
Høit ærede Frue!

Paa Deres Anmodning igaar maatte jeg desværre svare, som sandt var, at jeg intet brugbart Bidrag havde færdigt og derfor intet turde love, da jeg for Tiden er stærkt optat af andet presserende Arbeide.

Det gjorde mig imidlertid ondt, da jeg saa inderlig gjerne vilde have ydet mit ringe Bidrag; da jeg saa kom hjem, satte jeg mig derfor til for at prøve, om jeg i en Snarvending kunde faa noget istand, og saaledes blev da disse Vers til. Jeg ved jo ikke, om De har tænkt paa noget Arrangement (Konsert eller et Marknadsblad ell. lign.), hvortil De kan bruge en saadan Sang. Men jeg sender den dog for at vise den gode Vilje til at imødekomme Deres Ønske.

Deres meget ærbødige
Slependen 22/8 98.
E. Blix.
(Nasjonalbiblioteket i Oslo, Brevsamling nr. 177)
Her har eg mange spørsmål. Kor hadde Blix møtt Hulda Garborg i august 1898? Kan han ha vore oppom på Labråten, når han først var i Asker? [17.04.2004: Ja. Sjå nedanfor.] Og kva for ein song er det tale om? Diverre er den ikkje å finne saman med brevet. Det aktuelle høvet er den før omtala "målmarknaden", som vart skipa til på Tivoli-området i Kristiania i september 1898. Vart bidraget frå Blix publisert eller nytta på annan måte, tru? Veit eller trur du noko om dette, høyrer eg gjerne frå deg.

Oppdatering, same kveld: Eg har funne songen! Det handlar om "Modersmaalet", publisert i Den 17de Mai 1. september 1898, og seinare i Salmar og Songar (1900), side 131-132. Eg er for trøytt til å sitere no. Men slik var altså soga om det diktet.
Korleis eg fann det ut? Dei hjelpsame folka i Ivar Aasen-tunet har forsynt meg med ein kopi av Ole Dalhaug sin database over alle artiklar i Den 17de Mai 1894-1913.
Oppdatering, neste morgon: Natta er forbi, og du kan lese "Modersmaalet" som "Dagens Blix".
Oppdatering, 16.04.2004: Ivar Blix har i det minste fortalt om eitt besøk på Labråten.

Blix og Garborg I.
Blix og Garborg II (Reisestipend, 1882).
Blix og Garborg III (Albertine, 1886).
Blix og Garborg IV (Nettverka, 1900).
Blix og Garborg V (Asker).
Send ein kommentar.
# lagt inn 3.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Renn upp yver Grav, du signad Sol! / Min Jesu, lat Straalar strøyma
Og lysa meg inn til Naadens Stol, / Naar her dei i Grav meg gøyma!
So heim eg kann fara i ditt Ljos / Og Striden i Gleda gløyma!

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 68

Vi er komne til den siste salmen i 1883-utgåva av Nokre Salmar, ny for denne utgåva - og til det aller siste bandet mellom Elias Blix og Arne Garborg: Dei to siste versa av denne salmen avslutta gravferdshandlinga til Elias Blix laurdag 25. januar 1902, ved grava på Vår Frelsers gravlund. Og i januar 1924 vart dei sungne under Arne Garborgs jordeferd frå Trefoldighetskirken. Det siste var det Ivar Mortensson Egnund som stod bak - i strid med kva avdøde og familien ønskte.

Høyr melodien her (frå sida til Svend Christiansen).
Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 3.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.3.04

Blix og Garborg V 

Asker
Eit samantreff må eg hugse å nemne før eg forlet tilhøvet mellom Elias Blix og Arne Garborg for denne gongen: Begge hadde band til Asker-bygda.

Miljøet på Labråten er velkjent (sjå denne artikkelen av Gudmund Harildstad). Garborg-familien hadde Labråten som base frå 1897 og utetter. Det var Rasmus Steinsvik, Garborg sin medredaktør i Den 17de Mai, som hadde kjøpt Labråten, og staden vart sentral i eit (mot)kulturelt nettverk med stor slagkraft. Ottar Grepstad har gjeve ein omfattande dokumentasjon og analyse i "Askerkretsen: mytar står for fall" (2002).

Mindre kjent, sjølv om biografane har nemnt det (t. d. Bolling, 163), er det at Blix-familien i mange år leigde sommarhus på Slependen. Huset står der framleis, tvers over vegen for IKEA. Det høyrde opphavleg til Mellem-Nes gard. Opplysningar om sommarhuset har eg fått gjennom historielaget og mållaget i Asker og Bærum. Særleg har eg Hans Christen Mamen og Per E. Vale å takke. Så langt er 1888 den tidlegaste omtalen av sommaropphald i Asker eg har funne (brev frå Sofus Arctander til W. C. Brøgger, 10.07.1888).

Eg har ikkje funne noko teikn på direkte kontakt mellom dei to periodeinnbyggjarane i Asker, i form av vitjingar eller slikt. [Oppdatering, 03.03.2004: Det måtte i så fall vere dette brevet frå Blix til Hulda Garborg] [Oppdatering, 17.04.2004: Jo, Ivar Blix nemner i det minste eitt besøk på Labråten.] Eg har heller ikkje funne teikn til direkte kontakt mellom Blix og det nasjonsbyggar-nettverket som Bodil Stenseth har skildra i boka si om Lysaker-kretsen - der dei viktigaste aktørane var Fridtjof Nansen og kunstnarvenene hans, som slo seg ned på Lysaker i slutten av 1890-åra.

Elias Blix var altså geografisk plassert mellom Lysaker og Labråten. Tru om ikkje dette kan tene som kulturpolitisk og -historisk plassering med? Men det var Blix som var først ute ...

Oppsummering
Elias Blix og Arne Garborg har vandra kvar sine vegar, men dei har møttest ved mange korsvegar. Dei har arbeidd målmedvete for ei felles sak, sjølv om dei nok aldri var nære vener. Men materialet dokumenterer, trur eg, ein varig og gjensidig sympati og respekt, trass alle ulikskapar i temperament og livssyn. Det klåraste vitnemålet er jubileumshelsinga frå Blix til Garborgs 50-årsdag.

Blix og Garborg I.
Blix og Garborg II (Reisestipend, 1882).
Blix og Garborg III (Albertine, 1886).
Blix og Garborg IV (Nettverka, 1900).
Blix og Garborg. P. S.
Send ein kommentar.
# lagt inn 2.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Dauden gjenom Verdi gjeng / Og vil rydja Liv or Lande,
Mansens Barn som Blom i Eng / Bleiknar fyr hans kalde Ande.
Under denne myrke Magt / Er alt Liv paa Jordi lagt.

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 67

Enno eit døme på den fine vevnaden av bilete frå naturen og frå Bibelen som er så karakteristisk for Blix-salmane. Den sentrale bibelteksten, særleg i strofene 4-6, er Lukas 7,11-17, forteljinga om son til enkja i Nain. Men du kan òg meditere over bibeltekstar som desse: Høyr melodien her (frå sida til Svend Christiansen).
Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Førre utgåva (1870).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 2.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?