<$BlogRSDUrl$>

31.5.09

Dagens Blix 

Kvitsundag (Landst. 20).
Du Loge av Guds Kjærleiks-Eld,
Du Himmel-Visdoms Klaare,
Som ned paa dine Vitne fell,
Lys upp i Hjarto vaare!
Me um ditt Ord er samlad her,
Vis oss, at Kristi Lovnad er
Eit evigt Ja og Amen!
Vaar Frelsar, som til Himmels for,
Me ventar paa ditt Lovnads-Ord.
Velsign oss allesaman!

Birgitte Boyes høgtidsvers er først publisert i Blix si gjendikting i Luthersk Kirketidende 24.05.1902, altså posthumt.

God pinse til lesarar av BlixBlog!
# lagt inn 31.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

30.5.09

Lillehammer 

I dag er eg på tur til Lillehammer. Eg seier ikkje nei til tenåringsdøtrer som kjem og spør om vi skal dra på litteraturfestival.
# lagt inn 30.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Agnes Ravatn 

Apropos Dag og Tid: Sjå opp for Agnes Ravatn! Bokaktuell med "Stillstand", opphavleg ein serie høgst særprega - tja, kva skal vi seie - gonzo-reportasjar i nett Dag og Tid der ho oppsøkte stader og situasjonar "der ingenting skjer", frå Nasjonalgalleriet i Oslo til Rorbua i Tromsø til retreat på eit kloster.

No er ho i full gang med neste prosjekt, "Snarvegar", der ho "forbetrar livet sitt på lettvinte måtar." Denne veka legg ho ein plastisk kirurg under kniven. Det er ikkje mykje att av han etterpå. Heia Agnes!
# lagt inn 30.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Verdig død 

BlixBlog har aldri lagt sjul på ein sterk skepsis mot det såkalla Framstegspartiet, i meir og mindre saklege ordelag. Eg har ikkje tenkt å drive aktiv valkamp (sjølv reknar eg meg som ein heimlaus sosialist, for radikal i miljøspørsmål for Arbeidarpartiet, for lite kulturradikal for SV). Men eg har behov for å seie offentleg at eg er opprørt over prinsippvedtaket på FrP-landsmøtet sist helg om å opne for aktiv dødshjelp. Heldigvis har leiaren i Legeforeningen vore tydeleg på at legar skal berge liv, ikkje ta liv.

Det er mykje å seie om omsorg for menneske ved slutten av livet i dette landet. Det er framleis mykje som manglar, men det har òg vore store framsteg i seinare år, ikkje berre når det gjeld smertebehandling. Mellom anna har hospice-institusjonane vore med på å bevisstgjere at omsorg ved slutten av livet har mange dimensjonar.

Både Morgenbladet og Dag og Tid har kome på den gode ideen å intervjue Stein Husebø denne helga, legen som for femten år sidan sette i gang ein større debatt nett om dette spørsmålet. Han er - kanskje overraskande for somme - svært tydeleg motstandar av framlegget. Eg siterer sluttreplikken hans i Dag og Tid-intervjuet:
- Om aktiv dødshjelp blir lovleg i Noreg, kva trur du då er den største utfordringa?
- Faren for misbruk. Faren for at me ikkje har nok ressursar til å gje omsut og lindring til dei som treng det. Faren for at menneske skal oppleva det som ei plikt å forlata livet når dei kjenner at dei er til last. Slik eg ser det, har landa der aktiv dødshjelp er legalisert, store utfordringar her.
# lagt inn 30.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.5.09

På kyrkjebakken 

Kyrkjene her ute i skogen er fulle av konfirmasjonspynta folk i dag, så eg reiste til Oslo og nynorsk gudsteneste i Uranienborg. Det blei riktig fint, med domprost Øystein Bjørdal som gjestepredikant og landets finaste liturgiske organist, Inger Lise Ulsrud, på orgelkrakken. Ja, ho er ein framifrå konsertorganist òg. Alle vers av "No livnar det i lundar", pluss salmar av Bernt Støylen (vel, gjendikting etter Paul Gerhardt), Per Lønning og Edvard Hoem. Og så nysteikte sveler til kyrkjekaffien, direkte frå takka på kyrkjebakken. Eg møtte eit par kjenningar eg sjeldan ser og har i det heile hatt ein triveleg søndag.
# lagt inn 24.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.5.09

Nynorsk i Uranienborg 

Nynorske gudstenester har det vore regelmessig i Oslo i over hundre år, for tida i Slottskapellet i regi av Studentmenigheten.

Meir sjeldsynt er det med nynorske høgmesser i soknekyrkjene i hovudstaden. I Uranienborg, heimekyrkja til Elias Blix, har ein i seinare år halde gudsteneste med nynorsk liturgi i samband med dei årlege salmeseminara. Det siste salmeseminaret var i fjor, men tradisjonen med nynorsk gudsteneste held fram, fortel Jarle Skjørestad, som er med i arrangementskomitéen:
Som ei oppfylgjing av salmeseminara dei seinare åra har menighetsrådet i Uranienborg menighet vedteke å ha ei nynorsk-gudsteneste kvart halvår.

Det vert nynorsk-gudsteneste søndag 24. mai kl. 11.00 i Uranienborg kirke.
Preike ved domprost Øystein Bjørdal, liturg: sokneprest Jan Oskar Utnem. Organist Inger-Lise Ulsrud. Gruppe frå Oslo kammerkor. Kyrkjekaffe.

(Nynorsk-gudstenesta i haust vert etter planen søndag 27. september)
Sjå òg heimesida til Uranienborg kyrkjelyd.
# lagt inn 21.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Tone: Et lidet Barn

Det er fullendat! Fallne Jord,
Syng glad ved Himmelferdi!
Vaar Herre Krist til Himmels for,
Fraa Sorg og Strid i Verdi.
Syng daa, du Himmel og mi Sjæl!
No sit han hjaa sin Fader sæl
Som Herren til Guds Æra.
No alt er honom underlagt,
Og hans skal Riket, Pris og Magt
Og Æra evig vera!


Etter Birgitte Boye ved Blix.

Høgtidsvers for helgetorsdag. Publisert posthumt i Luthersk Kirketidende 24.05.1902 (s. 322), teke inn i seinare utgåver av Nokre Salmar. I mi skoleutgåve av gamle Landstad med Blix-tillegget er dette nr. 791 - det aller siste nummeret, faktisk.
# lagt inn 21.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.5.09

Lydboka er her! 

I dag må eg få opphøgje ein kjær prestekollega, Magne Bjørndal, frå ein noko meir bortgøymd kommentarplass og gje han skikkeleg spalteplass. Han skriv mellom anna:
Eg har lese boka di!
Ho kom frå NLB i slutten av april ...

Heile tekstdelen, inkl bilettekstar er lese inn, men ikkje notar, register osb. Kva eg dermed har gått glipp av veit eg jo ikkje, men eg har ikkje tenkt å gjera forskarkarriere, så det er sikkert ikkje så mykje. Prinsippielt kan det likevel absolutt diskuterast om vi som synshemma bør utestegjast frå tilgjenget til dei par hundre siste sidene av ei slik bok.
Men boka var ei stor leseoppleving, og eg er imponert over den innsatsen du la ned.
Hjartans takk. NLB er, for uinnvigde, "Norsk Lyd- og blindeskriftbibliotek". Auga til Magne ser ikkje. Elles er han på mange måtar ein klarsynt mann, og så er han altså ein landsens prest som meg sjølv.

Av katalogkortet til lydboka ser eg at boka er lesen inn av Hallvard Lydvo (sic) og at den varer i 22 timar og 4 minutt.
# lagt inn 18.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.5.09

Grunnlovsdagen 

er ikkje fullt så hard å feire som da vi hadde tre barn i barneskolen og var utkommanderte til å leike eller selje pølser og is under den årlege dugnaden for lokalsamfunnet. Men eg skal no tidleg opp og heise flagget på skolen med speidargruppa eg framleis er leiar for, syngje Fedrelandssalmen i kyrkja og spele bratsj i orkesteret under Oslo kommunes festkonsert i Konserthuset. Same procedure as every year.
# lagt inn 16.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Fedralandet 

Ja vel, eg må spandere eit par ord på Fedrelandssalmen likevel. Human-etiske Fritanke.no melder nemleg at Human-etisk forbund synest at "'Gud signe vårt dyre fedreland' er ok i skolen":
Synging av "Gud signe vårt dyre fedreland" i forkant av 17. mai er norsk felleskultur, ikke religiøs forkynnelse, mener HEFs generalsekretær Kristin Mile.
Bakgrunnen for oppslaget er eit oppslag i Norge IDAG (vekeavisa utan statsstøtte du veit) sist onsdag om at "Fedrelandssalmen forbys i skolen", ettertrykkeleg dementert i Vårt Land. Meir hos DagenMagazinet.
# lagt inn 16.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.5.09

... og livnar ... 

I desse tider burde eg vel heller registrere treff for "Gud signe vårt dyre fedreland", men det orkar eg ikkje. Kvar norsk kommune med respekt for seg sjølv har lagt ut det lokale 17. mai-programmet på heimesidene sine, og i kvar kommune med respekt for seg sjølv har Fedrelandssalmen ein sjølvskriven plass. Altså blir det meir vår i denne spalta. Det er ikkje mange sitat frå Vi Menn på BlixBlog, men her kjem eit om "Elendig veistandard i Russland":
Om vinteren er det altså greit, veien er stivfrossen og man kan kjøre i henhold til fartsgrensen, 70 km/t.

Men når det livnar i lundar og det blir vår, er det en helt annen sak. De siste 100 milene før Jakutsk er ikke dekket med asfalt, og de som vil til denne byen pr. bil, bør tenkte seg om flere ganger – i det minste sjekke langtidsvarselet.

Dette gjelder hele sommeren, som er ganske kort i dette området av Russland. Her er stort sett kaldt. Vinterstid er gjennomsnittstemperaturen i Jakutsk 41 minusgrader.

Les også: Her tenker det mest på sex
I det noko oftare siterte Harstad Tidende kunne ein for eit par dagar sidan lese:
No livnar det i lundar
...no lauvast det i li. Liene blir grønnere for hver dag som går. Og snøklokka koser seg i sola.

De siste par ukene har våren virkelig gjort seg gjeldende. Også i år blir 17. mai et fargesprakende skue i det rødt, hvitt og blått... og grønt.
Litt lenger sør følgjer Helgelands Blad opp:
Det er vår!
No livnar det i lundar, no lauvast det i li. Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord. Og atter som eit under, nytt liv av daude gror.

Vi låner Elias Blix' ord for å beskrive årstiden vi er inne i. Vi skal riktignok ikke påstå at ting er helt dødt om vinteren, - for det da skjer da vitterlig ting da også i vår flotte, aktive region; ytre Helgeland. Men det er noe som våkner om våren.
Bloggaren Olastuen.no har ein annan innfallsvinkel:
No livnar det i lundar, no lauvast det i li…
Våren har kommet for fullt. Strålende vær på Østlandet de siste dagene har ført til en ekstrem blomstring, og for oss allergikere er ikke alt like positivt med nettopp det. I følge NAAF er nærmere 900.000 nordmenn plaget med pollenallergi, og ca 1/3 av disse lider så fælt at livskvaliteten reduseres betraktelig.
I dag sluttar vi eksotisk. Klar Tale har sett på 17. mai-feiring i Sjømannsmisjonen:
Svein Helge Rødahl er nok den som skal feire 17. mai lengst. Han er prest i Sørøst-Asia. Fra fredag 15. mai til mandag 18. mai skal Rødahl reise rundt på Filippinene for å feire sammen med andre nordmenn.
– Jeg har allerede begynt feiringen av 17. mai. Jeg er i en liten by som heter Toledo. Her har jeg møtt flere nordmenn. Vi har sunget både «Ja, vi elsker» og «No livnar det i lundar», sier Rødahl.

Han forteller at det er mange norske menn som bor på Filippinene. Flere av dem er gift med filippinske kvinner. Rødahl holder gudstjeneste og arrangerer 17. mai-leker for barna.
# lagt inn 15.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.5.09

Forskingsoppgåver 

Eg har visst ikkje rapportert frå sist onsdags møte i Norsk forum for bibeloversettelse. Det blei ein gild kveld. Mellom dei femten eller vel så det frammøtte var det garva bibelomsetjarar (med røynsle frå to generasjonar norsk bibelomsetjing og frå Papua Ny-Guinea), framifrå filologar og teologar (inkludert ein språkdirektør og ein biskop emeritus). Særleg sette eg pris på å få tid til ein god prat med Per Halse.

Om sjølve føredraget skal eg ikkje seie stort, det meste står no spreidd rundt i biografien. Men eg har lyst til å nemne at eg avslutta med å lansere ei rad uløyste forskingsoppgåver i grenselandet mellom teologi, filologi og historie. Her er ledige emne både for doktoravhandlingar, masteroppgåver og meir avgrensa arbeid. Eg står gjerne til disposisjon om nokon er interesserte i meir informasjon. Ønskjelista mi ser slik ut:
# lagt inn 11.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.5.09

... og livnar 

INNGANGSSALME 765
No livnar det i lundar,
no lauvast det i li.
Den heile skapning stundar
no fram til sumars tid.
I eigenskap av gammal onkel har eg vore til stades ved konfirmasjonen til nevø J. i Hamar domkyrkje i dag.
# lagt inn 10.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.5.09

Post festum 

# lagt inn 8.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Det livnar og livnar 

Bilettekst i Vikebladet 05.05.2009, konfirmasjon i Ulstein kyrkje:
Det sikraste av alle vårteikn er når du ser konfirmantar i kvit kappe på ei kyrkjetrapp. (Første songen på gudstenesteprogrammet – under konfirmantane sin prosesjon inn i kyrkja – var då også, passande nok, ”No livnar det i lundar”)
Same avis, same dag:
Vi har allereie starta neste konkurranse og denne gangen er temaet "No livnar det i lundar." Våren er endeleg her og fotoklubben Fotodilla vil derfor ha "No livnar det i lundar" som tema for den nye fotokonkurransen.
Budstikka 07.05.2009:
["hva skjer?" 8. mai] FOREDRAG: Nesøya Eldres Vel (under Kiwi). Servering fra 11.00. Foredrag «No livnar det i lundar» – glimt av norsk poesi ved Asbjørn Liland 12.00.
Oppland Arbeiderblad 07.05.2009, referat frå Raufoss og omegn pensjonistlag 27. april:
Husorkestret med Åge som forsanger, stemte i med «No livnar det i lundar». Sekretær leste referat fra forrige medlemsmøte. Det ble godkjent.
Porsgrunns Dagblad 08.05.2009, referat frå Fagforbundet Porsgrunn pensjonistklubb 18. mars:
... et spesielt velkommen til Gunnar Thuve fra Kulturavdelingen i Porsgrunn kommune. Han skulle snakke om «Kulturtilbud for eldre». Med Marith Weholt ved pianoet sang vi «No livnar det i lundar»; Kari leste så diktet «Hestehov» skrevet av Håkon Olsen, før hun ga ordet til Gunnar Thuve.
Ryfylke 08.05.2009, referat frå Sauda Pensjonistforening 29. april:
Møtets første sang var ”Nå livnar det i lundar” og den passet fint.
Sluttstrek for i dag frå bloggen til Damene.no:
Det er vår!
Nå, når det "livnar i lundar og lauvast i li", er fasiten slik at man skal boble over av energi fra fuglenes første morgenkvitter. Trangen til å trekke dyna over hodet og "bli på rommet" hører ikke hjemme nå!
Tja. God helg!
# lagt inn 8.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.5.09

Sitatrett 

"Det verste var ikke at Røkke apte etter Sylvia Brustad, men at hun fant seg i det," skal byrådsleiar i Bergen Monica Mæland (H) ha sagt på eit møte om tilhøvet mellom journalistar og politikarar, ifølgje ei ANB-melding som er attgjeven t. d. i Firda. Ho meiner dessutan at Røkke ikkje ville oppført seg slik mot ein mann.

Samtalepartnar Carl I. Hagen (FrP) er usamd:
– Hvis du siterer muntlig er det helt greit at du gjør det på denne måten. Jeg ville ikke sitert Ivar Aasen på bokmål, sa Hagen.
Lesaroppgåve: Når høyrde du sist eit nynorsk Ivar Aasen-sitat frå Carl I. Hagen? BlixBlog ser fram til det neste.
# lagt inn 7.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.5.09

I kveld 

held eg føredraget "Elias Blix som bibelomsetjar" i Norsk forum for bibeloversettelse. Arenaen er min eigen heimebane, Bibelselskapets kontor i Bernhard Getz' gate 3 i Oslo. Eg veit det kjem eit par svært kompetente samtalepartnarar, så eg ser fram til ein interessant diskusjon.

Bibelselskapet finn du altså i same hus som Kirkens Nødhjelp, mellom Thon Hotel Munch og Tempelet, eller bak Tinghuset, eller midtvegs mellom Pilestredet og Akersgata, om det hjelper deg. 3. etasje. Vel møtt, det er eit ope møte.
# lagt inn 6.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.5.09

Omsetjing 

"Når tror du den kommer på bokmål", hørte jeg noen spørre under en samtale jeg ikke kunne unngå å overhøre. Svaret er aldri. Hva skal vi med det, når vi har nynorsktekster som denne?
Liv Riiser i Vårt Land 04.05.2009, om Tove Bakke si omsetjing av Anna Gavalda, Lykka er ein sjeldan fugl.
# lagt inn 4.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.5.09

Det livnar framleis 

Sanderfjords Blad 30.04.2009, i ein omtale av "Per Tveits ønskekonsert" (som blei halden i Bugården kyrkje i går):
Temaet for konserten er lengting, liv og song, som det heter i den kjente sangen «No livnar det i lundar».
– Det blir et veldig variert materiale, med alt fra «Kom mai du skjønne milde» til komposisjoner av John Rutter, sier Tveit.
Framtid i Nord 02.05.09 gjev att ein tekstmeditasjon for søndagen av prostiprestvikar Idar Mikkelsen:
Det går mot vår-og om en stund er det sommar.Våres dikterskald i nord skriver det slik.Du vår med ljose dager,Med lengting liv og song, Du spår at Gud oss lagar, Ein betre vår ein gong.

Det fortelles at to personer lå utsultet og syke i en tysk fangeleir våren 1945. En prest og gudsfornekteren Arnulf Øverland. Øverland-den store dikter-siterte dette verset av Elias Blix. Han var interessert i diktets udødelige kvalitet-og ville få opp livsviljen ved å tenke å sitere den store skald.Ein betre vår ein gong-også han så sikkert mataforen for dimensjonen utafor livet som svant.

Hva presten tenkte veit vi ikke men kanskje også her ble øynene opplatt av de "umyndige"- hva veit eg.I alle fal lød de veldige ord i elendighten deres:Ein betre vår ein gong.
Nett denne må eg nesten kommentere, for det er eit interessant kasus som viser korleis vandrehistorier oppstår og spreier seg. Utgangspunktet er heilt tydeleg opningskapitlet i Blix-biografien min, der lektor Hans Bovim høyrer Arnulf Øverland sitere dette verset. Du finn forresten eit intervju med Bovim her. No er altså mannen blitt prest. Meir interessant er tolkingane forfattaren legg på historia, ikkje minst innsynet i "kva Øverland meinte". Ingen moralske dommar frå mi side, det var berre interessant å observere kva det er blitt ut av noko ein sjølv har skrive ...

I Aura Avis 02.05.09 skriv Bodil Rød i spalta "For egen regning":
«No livnar det i lundar, no lauvast det li. Den heile skapning stundar no fram mot sumars tid». Elias Blix sin gamle vakre salme gjør samme inntrykket hver gang jeg hører den, det samme er det med Hans Hyldbakks «Vårsøg». To totalt forskjellige diktere, men med samme fantastiske evne til å beskrive og formidle vårens mirakler.
Oppland Arbeiderblad 02.05.09 har under "Foreningsliv" eit referat frå møte i Snertingdal Bygdekvinnelag 22.04., der eit tjuetal frammøte fekk ei innføring i «Rengjøring – dagens moderne
metoder».
Kvelden ble avsluttet med noen vers av «No livnar det i lunder».
Ref.
Andakt over Markus 4,26.28 i Stjørdalens Blad 02.05.09:
Det er vår, det gror og spirer over alt og underet skjer atter en gang. «Nytt liv av daude gror» rundt omkring i bygdene våre, driver bonden og bearbeider jorda, så den blir myk og god for sitt såkorn. ogdet han sår forventer han og høste.

I Bibelen, er det og snakk om såkorn, det såkornet er Guds ord, av beste salg, og det er gitt til oss alle, men hvordan bearbeider du og jeg, vår Hjertegod! Hva gjør vi! Lar vi Guds ord få spirekraft i vårt hjerte, så Herren kan forvente en god høst.
Han har gitt oss det beste ,sin sønn, Jesus Kristus, Han var førstegrøden, for at vi, ved Ham skulle få evig liv.

Det kommer en høst for oss alle, sørg for at du er god jord og la Herrens vårsol få la ordet spire i ditt hejrte, mens det ennå er grotid.

Du vår med ljos dager, med lengting, liv og song.
Du spår at Gud oss lager ein betre vår ein gong.
Strofe av Elias Blix

God vår til dere alle,
Jorid Arstad
Så er det Ove Mellingen, han gjev til beste ein heil collage av vårsongar i Telemarksavisa 02.05.09:
Eller Blix, Elias blant venner, og Vaarsong – som vi tror heter Livnar i lundar;

Det er vel fagre stunder
Naar vaaren kjem her nord
Og atter som et under
Nytt liv av daude gror.
Sjølv er eg mest glad i den aller første tittelen på salmen. I 1875-utgåva av "Nokre Salmar" heitte den "Gudleg Vaarsong". Og da kan det passe å runde av for i dag med Nina Solvang i spalta "Dyrlegen", Fædrelandsvennen Magasinet, 02.05.09:
No livnar det i lundar ...
... no lauvast det i li! - Og i dyreriket skal jeg hilse og si at det yngles!
# lagt inn 3.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.5.09

Blix i Oslo 


Klikk i teksten for større storleik.

Vel møtt. Vi held til i same huset som Kirkens Nødhjelp, like ved Tempelet (Frelsesarmeen) og Thon Hotel Munch.

PS: Om du heller vil gå på seminaret "Skeive lesingar av Bibelen" med Halvor Moxnes og Jorunn Økland på Litteraturhuset, blir eg ikkje sur for det, berre du fortel meg om seminaret etterpå. Eg skulle gjerne vore der sjølv, men det går altså til nøyaktig same tid som mitt eige føredrag.
# lagt inn 2.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Biografinytt 

Vel, ikkje heilt nytt: Alt 28.04.2009 meldte Gudbrandsdølen Dagningen at det er Truls Gjefsen som skal skrive biografien om Arne Næss for Cappelen forlag.

Dette er eit svært godt val. Truls Gjefsen har tidlegare skrive om Finn Alnæs, Hans Børli og Peter Chr. Asbjørnsen. Gjefsen arbeider som lektor på Otta. Eg møtte han så vidt i presteåra mine i Gudbrandsdalen. Det var eit svært sympatisk møte, sjølv om dette vel var ved eit høve der eg representerte kyrkja og han Human-etisk forbund.

Eg held Gjefsen for å vere ein av landets finaste biografar. Om du ikkje har høyrt om mannen før, kan det vere fordi han er ugunstig plassert i forhold til det perifere Oslo, eller fordi han ikkje har skrive om Wergeland, Ibsen eller Hamsun. Kjendis blei han først i fjor, og da var det på grunn av ein dramatisk episode i hans eigen biografi.
# lagt inn 2.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.5.09

Salmebokteknologi 

Eit friskt innspel i salmebokdebatten stod Lars Ove Kvalbein for i Vårt Land 28.04.09:
I stedet for å trykke opp hundretusenvis av salmebøker ber Lars Ove Kvalbein kirken utvikle det han kaller «en god løsning for en digital salmetjeneste, der salmene kunne hentes opp fra en sentral server og vises på skjerm i kirkene.»

Det samme kan gjøres med liturgiske tekster.

- Dermed kunne vi få mer eller mindre papirløse gudstjenester, sier Bjørgvin bispedømmes miljørådgiver i forbindelse med den pågående gudstjenestereformen i Den norske kirke.
Det er altså miljøomsyn som ligg bak synspunktet. Men Kvalbein får svar på tiltale dagen derpå i same avis av forleggjar Arnstein Bjørke:
Minimal belastning. Forleggeren mener miljøbelastningen på salmeboka er minimal i forhold til nesten alt annet forbruk av papir.

- Den nye salmeboka har en estimert levealder på minst ti år. I løpet av denne tiden er den kanskje brukt mellom 500 og 1000 ganger i kirken. Det gir et forbruk på 0,2 til 0,4 gram pr. kirkebesøk, fortsetter han.

– Er du redd for en miljødebatt som kan føre til redusert opplag på salmeboka?

– Det har jeg liten tro på. Men det kan være greit å få en anledning til å sette utspillet litt i perspektiv. Det finnes mye velment miljøeengasjement, men forankringen i virkeligheten er ofte for svak, mener Bjørke.
Her skuldar eg å minne om den kjeldekritiske regelen "Følg pengane"; Bjørke representerer forlaget som fekk kontrakten om utgjeving av dei liturgiske bøkene.

Eg sluttar meg til ein svært reflektert kommentar Eyvind Skeie skreiv på bloggen sin same dagen som utspelet frå Kvalbein. Han seier mellom anna:
Det jeg tror på er en salmebok med det absolutte kjernestoffet, og så en digital distribusjon av tilleggsmaterialet, og det som skapes underveis.

Dette siste tror jeg kommer til å tvinge seg frem, både fordi teknologien finnes og fordi tillegget til salmeboken, med de nye salmene, kommer til å være utdatert nesten før det kommer i bruk.
I gamle dagar regulerte permane i salmeboka kva det var lov å syngje i kyrkja. Den tida er forbi, av mange ulike grunnar. Pluralismen rår. Dette kan tale for ein omfattande salmebase der lokale kyrkjelydar kan hente tekstar og tonar til projeksjon på storskjerm (eitt poeng til Kvalbein, to til Skeie) ELLER til kopiering på papir. Ja, det siste òg, datateknologi og storskjerm har langt frå ført til eit papirlaust kyrkje-samfunn heller, det blir kopiert opp gudstenesteark i store kvanta i norske kyrkjelydar, og dette er eit større miljøproblem enn bruken av salmebok (eitt poeng til Bjørke).

Det sentrale med ein slik salmedatabase, forutan valfridom, er å få eit ryddig forhold til OPPHAVSRETT. Ein bør ikkje stele i kyrkja, og i desse Pirate Bay-tider er det viktig å finne fram til eit ryddig, enkelt og brukarvenleg regime for bruk av opphavsrettsleg verna materiale (og her gjer Eyvind Skeie ein viktig innsats).

Vidare vil ein slik base gje plass til materiale med avgrensa levetid. Slikt er det antakeleg mykje av i salmebokframlegget. I Kirke og Kultur skreiv t. d. Trond Skard Dokka om dei såkalla "lovsongane": "Å plassere disse i bøker er i seg selv å rykke dem ut av deres naturlige habitat. Derfor bør de ut, og kan i stedet, etter anledning og behov, overlates til prosjektører og forsangere."

Likevel meiner eg det er bruk for ei kjernesalmebok med eit avgrensa utval sentrale salmar som er mykje nytta og som ikkje skal bytast ut med det første. Denne salmeboka bør maksimalt vere like stor som Norsk Salmebok. Ja, kanskje bør den vere identisk med Norsk Salmebok. Eg høyrer stadig fleire røyster som seier at vi framleis ikkje har nådd å syngje den boka inn, og at den godt kan få leve i mange år enno. Dette må vere det billegaste alternativet, og i alle fall det mest miljøvenlege ...

Oppdatering, 02.05.09:
Og nesten før eg har nådd å sove på det eg har skrive over, finn eg dette oppslaget i Vårt Land i dag:
‘Dropp ny salmebok’
Organist Jostein Maude i Ålesund kirke vil i stedet ha økumenisk «salme-YouTube».

...
Konkret foreslår han en tredelt løsning som alternativ til å produsere ny salmebok:
  • Digital sang- og musikkbank, en økumenisk «salme-YouTube» på nettet, som fornyes fortløpende og som rommer sang og musikk fra den tradisjonelle salmetradisjonen, men hvor det også er plass til frikirkelige bidrag, bedehusmusikk og moderne lovsang som Hillsong.
  • Den gamle salmeboka lever videre.
  • Nytt supplement i bokform, men i enkel paperback, ikke i stivperm som det nå legges opp til fra kirkelige myndigheter.
Maude har sterke, klare og lesverdige meiningar. Avisa oppmodar lesarane til debatt, så det er berre å skrive av hjartans lyst.
# lagt inn 1.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Internasjonalen 

Opp, trælar alle no kring jorda!
Opp, de som låg i naud og svolt!
Som elding lyser rettferdsorda,
det brest i band og slavebolt!
Rått og råte opp med rot vi river.
Opp træler, no or naud og skam.
Kring merkestonga tak vi triver:
Fram kamerat! Til fridom fram!

Til samling då på valen!
Siger veit vi, at vi får!
Og Internasjonalen
skal få sin folkevår!


Ikkje Blix, men Ole Martinus Høgåsen (1900-1964) frå Grue i Solør var det som sette om "Internasjonalen" til nynorsk, i 1929. Heile teksten fann eg her.

Merk særleg den mykje tøffare utgåva av linja "Alt det gamle vi med jorden jevner", rett nok med klammeforma "river". Kva kan høve betre på ein dag som denne ennå minne om referansen, Ivar Mortensson (Egnund) i Fedraheimen 15.10.1887:
Raatt og rotet skal med Rotom rivast. Ned med Kongemagt, Prestemagt og Svenskar og Stormannskap, Pengevelde og Bondegjøling! Upp med Husmenner og Arbeidarar og Smaafolk og alt som lid Urett og Mein i den gamle Samfundsbygning Fri Tenkjing, fri Ording, fri Skuring i alle Slag! Og ingen Mannamun!
Maalsaki skal som fyrr alltid vera Nummer ein. Men det duger ikkje aa arbeida for ho, utan naar me driv radikal Politikk. Det hjelper ikkje nye Tre paa skjemt Vin, det hjelper ikkje nytt Maal for gamle Tankar. Nytt Maal for nye Tankar, det er Maalsaki det!
# lagt inn 1.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?