<$BlogRSDUrl$>

31.1.11

Jubileumsnytt: Blix på verdsveven 

Avisa Nordland i dag:

GILDESKÅL: Elias Blix online
Tirsdag skal Gildeskål kommune lansere nettsider og program for Elias Blix-jubileet for presse og samarbeidspartnere. Nettsidene vil bli tilgjengelig for publikum på eliasblix.no.
# lagt inn 31.1.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

28.1.11

Nye Blix-tonar 

No kjem Blix-tonane! Og det frå sjølvaste Trond Kverno. Dei to siste dagane har eg fått nye tonar pr. epost til "Himmelen med all sin her" (den teksten fortener ein sjanse til) og "Det er so godt å vitja" (med tittelen "Prosesjonssong"), så ferske at blekket knapt er tørt. Får vi høyre dei alt under jubileumsfeiringa i slutten av februar?
# lagt inn 28.1.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmeprosjekt 

Vårt Land har ei sak i dag om kultur i kyrkja og eit intervju med kulturrådgjevaren i Kyrkjerådet, Turid Myrholt. Ei faktaramme fortel om ein del kyrkjelege kulturprosjekt:
I Sør-Hålogaland jobber de med et stort salmeprosjekt neste år med fokus på Elias Blix i forbindelse med 175-årsjubileet.
I så fall kjem dei på etterskot, 175-årsjubileet er i år. Det spørst om ikkje kjelda avisa har nytta, er datert 2010.
# lagt inn 28.1.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.1.11

Garborg 160 

Gratulera med dagen, Garborg!

Med faklar og langt tog i grålysinga feira Undheim skule Arne Garborg sin 160 årsdag. Og brått var han der sjølv også.

Gratulera med dagen, Garborg! - Stavanger Aftenblad

Og på Litteraturhuset i Oslo blei dagen feira med lansering av boka “Med lykti i hand”. Garborg som diktar og tenkjar.

Her fekk vi mellom anna høyre Jan Inge Sørbø argumentere for Garborgs plass i den norske litterære kanon med denne trefaldige grunngjevinga:

  1. Garborg har skrive den beste norske romanen frå 1800-talet (Fred).
  2. Garborg har skrive den beste norske diktsamlinga frå 1800-talet (Haugtussa).
  3. Garborg har skrive det beste norske essayet frå 1800-talet (“Hanna Winsnes’ kokebok”).

Slik er det berre.

# lagt inn 26.1.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.1.11

Jubileumsnytt: Nygårdsjøen 

GILDESKÅL: Lørdagskafé med Blix
Lørdag 22. januar inviterer FAU ved Nygårdsjøen oppvekstsenter til lørdagskafé, der elevene skal lese Blixsalme, framføre en Blix-rap og holde foredrag og quiz med Elias Blix som tema.

(Avisa Nordland)
# lagt inn 21.1.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?