<$BlogRSDUrl$>

28.2.09

Rojalisme 

Verket om Haakon og Maud vil bli stående i norsk historieforsking og sakprosa, selv om både vinklinger og påstander er omstridt. Om det er noe verk som bør være allment tilgjengelig for det breie historieinteresserte publikum, så er det dette. Vi er fullstendig klar over at innkjøpsordningen for sakprosa er mindre omfattende enn den skjønnlitterære og bare omfatter rundt 50 titler i året. Men uansett antallet bøker som blir kjøpt inn, er «Makten» et fullstendig uunngåelig valg. Dette bokverket om kongefamilien tilhører rett og slett den norske sakprosaens førstedivisjon.
Eg trudde eg var ferdig med å skrive om stormen mot sakprosautvalet til Kulturrådet. Men dagens leiarartikkel i Klassekampen (sic!!) kan ikkje gå ukommentert over i historia. På BlixBlog held vi framleis den republikanske fane høgt (sannsynlegvis stikk i strid med meiningane til Elias Blix).
# lagt inn 28.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Hamsun 

Eg har halde meg langt unna Hamsun-jubileet, bortsett frå at eg passerte ei oppvarming til gateteater i Universitetsgata i Oslo for ei god veke sidan. No får jubileet dekning jamvel i New York Times:
“We can’t help loving him, though we have hated him all these years,” said Ingar Sletten Kolloen, author of “Dreamer & Dissenter,” a Hamsun biography. “That’s our Hamsun trauma. He’s a ghost that won’t stay in the grave.”
Eg må berre vedgå at eg har problem med å ta del i festrusen. For meg er det vanskeleg å skilje litteratur og liv på den måten dei ivrigaste jublarane gjerne vil ha oss til. Eg har reflektert litt over dette, eg har nemleg ikkje same problem når det gjeld mitt bysbarn Rolf Jacobsen, enda problematikken er noko av den same. Eg er fint i stand til å lese Jacobsen utan nazistiske lik i lasta (eller zombiar, for den saks skuld, det er jo så populært om dagen). Men hos Hamsun ser eg spøkjelse ved høglys dag, eg finn det vanskeleg å lese han utan ideologske briller. Og skal eg eigentleg det?

Vel, eg har faktisk gjeve mitt eige vesle bidrag til Hamsun-forskinga: På s. 388-390 i Ein betre vår ein gong finn du dokumentasjonen av Elias Blix' innsats for å hjelpe unge Hamsun til statleg reisestipend i 1897, dels som medlem av den sakkunnige komiteen, dels gjennom eit direkte initiativ andsynes kyrkjestatsråd Jakob Sverdrup. Det hjelpte ikkje. Hamsun skreiv for umoralsk.
# lagt inn 28.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.2.09

Refusert 2: Salmar 

Salmar
”Midten” av Stavanger Aftenblad 17. februar er vigd framlegget til ny salmebok for Den norske kyrkja. Det er gledeleg. Salmeboka er, i kraft av opplaget, den viktigaste lyrikkantologien vi har på norsk. Det er grunn til å følgje dette arbeidet med eit kritisk og konstruktivt blikk.

På eitt punkt må eg få leggje ned ein mild, men bestemt protest. ”Men den som leter etter Elias Blix, Bernt Støylen og Thomas Kingo, vil finne ut at de tre er kraftig svekket. Det gjør kanskje ikke noe, ettersom mange av deres tekster oppleves som fjerne fra dagens virkelighet og kunstige i forhold til vår språkbruk,” skriv Tarald Aano.

Ei grunngjeving for at Blix og Støylen skulle vere fjernare i så måte enn Brorson og Grundtvig, som er nemnde like før, kan eg ikkje finne hos Aano. I tillegg kjem eit moment artikkelen ikkje nemner: Utvalet som arbeider med salmeboka, har ikkje greidd å oppfylle sitt eige mål om ein like stor nynorskprosent som i dagens Norsk Salmebok.

Dei gamle salmane er kanskje nærmare vår tids røyndom og språk enn det Aano er villig til å sjå. Brorson-salmen ”Opp, alle ting som Gud har gjort” er meir aktuell i vår økologisk bevisste tid enn den har vore på lenge. Om Brorsons språk verkar fjernt, er det berre å finne fram Blix si gjendikting av salmen i Nynorsk Salmebok. Den treng ikkje noka ekstrem oppussing for å gje ord til dagsaktuelle tankar.

Anders Aschim, Ytre Enebakk
(sendt Stavanger Aftenblad)
# lagt inn 27.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Refusert 1: Veiden 

Ein idé til Pål Veiden
Eg trur ikkje at sosiologar flest er historielause, men det er synd Pål Veiden er det. Sluttavsnittet i meldinga hans av den idehistoriske boka ”Tidslinjer” (Morgenbladet 13. februar) begynner slik: ”Bare synd at det ender så dårlig; med oppslagsordet Aasen, Ivar. Her heter det at Aasen før sin død får oppleve at Stortinget likestiller hans skriftspråk med riksmålet. Sprø ideer kan ha stor innflytelse, dessverre.”

Referansen er det såkalla ”jamstellingsvedtaket” av 12. mai 1885: ”Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.”

Aasen, Ivar var ikkje den einaste sprø fyren som gledde seg over dette vedtaket. Det gjorde òg ein husmannsson frå landsbygda som heitte Knudsen, Knud. Stortingsdebatten kan nemleg lesast slik at vedtaket inkluderte fleire former av ”det norske Folkemaal ... uden Hensyn til, om den kaldes efter Knudsen eller efter Aasen.” For å gjere ei lang historie kort: Sluttprodukta av Aasens og Knudsens språklege reformprogram fekk etter kvart namna ”nynorsk” og ”bokmål”. Det siste er altså noko anna enn det ”almindelige Skrift- og Bogsprog” som jamstellingsvedtaket omtalar; dette er identisk med det språket vedtaket sjølv er utforma på: pære dansk.

Til liks med Aasen møtte Knudsen kraftig motbør. Det var ikkje alle som trudde på ei språkform ”som fyrst er samansett av Dansk og Tydsk og so verdt utmengt med ein Helming Norskt.” Som Veiden treffande seier, ”sprø ideer kan ha stor innflytelse”.

Sjølvsagt er den norske språksituasjonen både upraktisk og uøkonomisk. Pål Veiden skal få ein idé av meg: Det måtte gå an å forhandle fram ei felles språknorm, ein kunne til dømes kalle den ”samnorsk”, til å avløyse bokmål og nynorsk. Kan ikkje Veiden stille seg i spissen for ei slik rørsle, så kan vi bli ferdige med desse sprø ideane ein gong for alle?

Anders Aschim, Ytre Enebakk
(sendt Morgenbladet)
# lagt inn 27.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Refusert 

Det hender eg skriv lesarinnlegg til aviser, som regel fordi eg er provosert over eitt eller anna. Det hender at dei blir publiserte. Og det hender at dei ikkje blir publiserte. Det blir jo ein del skriving for papirkorga på den måten. Ein tanke slo meg her um dagen: Kvifor ikkje publisere papirkorga? Eventuelle lesarar får seie frå om det blir for mykje søppelpost her, men frå i dag finst det ei ny spalte på BlixBlog: "Refusert".
# lagt inn 27.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Sakprosainnkjøp 

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å ta del i diskusjonen om innkjøpsordninga for sakprosa (den går høgt om dagen). Men eg får nytte høvet til å gjere merksam på bloggen til Forskningsmiljøet norsk sakprosa. I dag er det ei Aftenposten-sak som blir kommentert:
Avisen melder om stor misnøye rundt innkjøpsordningen for sakprosa når regnskapet for fjoråret nå er gjort opp. Blant annet har komiteen vraket kjente biografer som Tor Bomann-Larsen, Ingar Sletten Kolloen, Ragnar Kvam og Jonas Gahr Støre.
Komiteen har vraka ein del mindre kjende biografar òg. Sjølv er eg ferdig med å vere sur. Men det er vanskeleg å sjå at denne ordninga slik den fungerer no, kan vere eit insitament for forlaga til å satse systematisk på sakprosa. Til det er inntrykket av sjansespel for sterkt.
# lagt inn 27.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.2.09

Trikset II 

referat frå vinterferien. den ferien er rett nok ikkje avslutta, men det er fare for at ein fort kan gå lei. livnar det i lundar på heimebane, er det ikkje måte på kor mykje lundane livnar på nordmøre.
Guffen gjer det igjen.
# lagt inn 26.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Bilde 3 


Kjelda for dette fine postkortet er sjølvsagt Terje Aarset (sidan det ikkje er Låtefoss- eller kongepostkort det handlar om, da hadde det sjølvsagt vore Sverre Tusvik). Det vil seie, eigentleg er det Volda-kollegaen Ingvar Elgesem som er kjelda bak kjelda.

Klikk på bildet for større storleik.

Medan eg har ordet, det er framleis ingen som har identifisert dette bildet?
# lagt inn 26.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.2.09

Fritt etter Blix 

Når den totale spilletida er på 17 minutter og 44 sekunder er det ikke mye rom for tull, for å si den på den måten. Derfor tar denne Bergens-gruppa store sjanser når de åpner plata med tittelkuttet som mest høres ut som en hardcore egotripp uten substans. Da «livnar det i lundar» når smått monotone, men likevel enormt energiske «Shiver» overtar. Kompromissløse og stinne av selvtillit terger de nesten de som måtte høre på med overlegen instrumentbehandling og nerve.
Per-Magne Midjo melder CD-en "Ahoi De Angst" (Simon Says No) i Trønder-Avisa 24.02.2009.
# lagt inn 25.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i leksikon 

Den Store Norske Leksikondagen er komen. Frå i dag kan du lese artiklane frå SNL gratis, til dømes den om Elias Blix. Ikkje berre det, du får jamvel tilgang til Tove Bull sin fine Blix-artikkel i Norsk Biografisk Leksikon.
# lagt inn 25.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.2.09

Allkunne 

Mellom dei levande er heldigvis Eirik Helleve, nytilsett dagleg leiar for kunnskapsbasen Allkunne (eg var frista til å skrive "arkitekst", som malapropos til posten nedanfor, men den nemninga er opptatt av eit framifrå språkvaskfirma. Dei er forresten særs gode på nynorsk, vi har brukt dei i Bibelselskapet).

BlixBlog ønskjer til lukke med ein viktig jobb. No må eg slutte, eg kjem på at eg skuldar Eirik og Allkunne eit par artiklar.

Eirik Helleve er elles mest kjend i bloggarverda for sin nære kontakt med bloggarfenomenet Guffen.
# lagt inn 24.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Arkitekten 

Sverre Fehn døydde i går.

Eg veit ikkje om det finst tilknytingspunkt mellom Sverre Fehn og Elias Blix, og sjølv veit eg fint lite om arkitektur. Men eg har eit nært forhold til to av dei mange betydelege bygningane han skapte. Storhamarlåven er hovudbygningen til Hedmarksmuseet på Hamar. Eg er oppvaksen tett ved og hadde sommarjobb i dette huset i fleire ungdomsår. Forholdet mitt til Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda skulle vere rimeleg kjent for lesarar av denne bloggen. Direktøren der, Ottar Grepstad, har skrive eit fint minneord.

Fred over minnet.
# lagt inn 24.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

173 

I dag er det 173 år sidan Elias Blix blei fødd.
Og det er på dagen eitt år sidan eg lanserte biografien om han på heimstaden i Gildeskål.
Om eg får tid til å reflektere noko særleg over dette i dag, veit eg ikkje. Men eg vil no nemne det.
# lagt inn 24.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.2.09

Salmebokytring IV 

I går var "Midten" av Stavanger Aftenblad tileigna framlegget til ny salmebok, eit dobbeltsidig oppslag signert Tarald Aano under overskrifta "Ateistens salme – og 1149 andre rop til Gud". Ateisten er Arnulf Øverland, ser det ut til. Ja, det er fleire andre representert.

Det er fint at framlegget får brei dekning i dei store avisene, for dette er viktig. Eg siterer eit av dei siste avsnitta.
Hedre din far og din mor og noen enda eldre
På mange måter representerer det nye forslaget et generasjonsskifte. Men fortsatt kan forsiktige og konservative kirkefolk fortsette som om ingenting nytt er skjedd. De kan synge sine velbrukte salmer av Brorson, Landstad og Grundtvig – disse er søyler også i neste års salmebok. Men den som leter etter Elias Blix, Bernt Støylen og Thomas Kingo, vil finne ut at de tre er kraftig svekket.

Det gjør kanskje ikke noe, ettersom mange av deres tekster oppleves som fjerne fra dagens virkelighet og kunstige i forhold til vår språkbruk.
Og på dette punktet legg BlixBlog ned ein mild, men bestemt protest.
# lagt inn 18.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.2.09

Trikset 

det er ikkje måte på kor det livnar i lundar for tida. snoen lavar ned, og opptil fleire i hushaldet har funne fram skiene. kvart på sjuo surmular kvar gong dette skjer, sidan mor mi har bestemt at ho (altså kvart på sjuo) er i minste laget til å få seg ski.
Guffen har skjøna kva som skal til for å bli sitert på BlixBlog.
# lagt inn 17.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Livssogelaget 

Stephen Walton insisterer på å kalle "Norsk Biografisk Selskap" ved sitt rette namn, "Livssogelaget". Det følgjer eg gjerne opp. Det er møte i dag, i Nasjonalbiblioteket i Oslo:
Ragnhild Jølsen i film og bok - én eller flere personer?

tirsdag 17 feb 2009
kl 18.00

Marianne Bjørneboe og Arnhild Skre arbeider begge i 2009 med forfatteren Ragnhild Jølsens liv og forfatterskap, den første med film, den andre med bok. På møtet vises utdrag av Bjørneboes film som utgangspunkt for diskusjon og samtale om forskjellene mellom dokumentarfilm og den historiefaglige framstillingen som biografisk medium.
Eg har tenkt meg dit, ikkje minst av lokalpatriotiske grunnar. Ragnhild Jølsen, Arnhild Skre og underteikna har Enebakk som geografisk fellesnemnar.
# lagt inn 17.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.2.09

Sandhornøya 

BlixBlog er ikkje spesielt rik på bilde, så det er fint å ha andre å vise til. I dag fann eg ein flott bildeserie av bloggaren Starlett på Starlett i Trollmannens hatt. Forsommarbilde frå Sandhornøya i Gildeskål, akkompagnert av tekst frå "Å eg veit meg eit land".
# lagt inn 14.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.2.09

Namnestrid 

I Bodø er det strid om namnet på plassen i det nye kulturhuskvartalet, det er slett ikkje alle som finn "Knut Hamsuns plass" som det mest passande namnet. Avisa Nordland si "Åpen linje" var open for forslag i går. BlixBlog tek klar stilling, Tor P. Larsen er vår mann:
Elias Blix plass
– Området for kulturhus og bibliotek må hete Elias Blix plass, mener Tor P. Larsen på Sandhornøy. – Vi sokner til Bodø, legger han til.
Andre framlegg er "Fridtjov Anderssens plass" (har du gløymt han? Bodøs store komponist), "Halvdan Sivertsens plass" og "Domprost Iversens plass" . Men eg trur det er dette framlegget som må bli ein god nummer to:
– Hva med Horst Gõtz Plass? For å ære han som med fare for sitt liv ikke slapp bomber over Bodø, men over Vestfjorden og skrev seg inn i Bodøs krigshistorie. En plass Bodø blir alene om.
Oppdatering, 15.02.09: Stort engasjement i Bodø om denne saka, sanneleg heldt debatten i "Åpen linje" fram i går òg:
Elias Blix
– Synes Elias Blix plass blir riktig. Han var en stor salmedikter, mener en kvinne.
Men merk kommentaren nedanfor om skrivemåten! Av nye framlegg har eg mest sans for "Regine Normanns plass" - denne forfattaren var forresten dotter til ein skolekamerat av Elias Blix ved Tromsø seminar. Vel, namnestriden har stort konfliktpotensiale, like til avfolking:
Flytter fra byen
– Hvis navnet på den diskuterte plassen blir Terje Nilsens plass tar jeg med meg kjerring og unger å [SIC] flytter fra byen.
# lagt inn 13.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmestrid 

Agderposten 12.02.09: "Ordfører Hans Antonsen (V) har tirret på seg det store flertallet i kommunestyret. Han har gjort et forsiktig fremstøt for å avskaffe tradisjonen med å synge Fedrelandssalmen før hvert kommunestyremøte."

Han kom ingen veg.
# lagt inn 13.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Min salme VI 

Vårt Land-spalta "Min salme" har vel fått nok spalteplass på BlixBlog, så eg hadde tenkt å tenkt å hoppe av etter Ragnar Hovland førre veka. No viser det seg at Odd Nordstoga, i motsetnad til oss andre, er stor nok kjendis til at VL legg salmeintervjuet ut på nettavisa si. Så du kan lese tankane hans om "Herre Gud, ditt dyre navn og ære" som bonusspor. Personleg er eg meir nyfiken på kva Berit Opheim kjem med neste veke.
# lagt inn 13.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.2.09

Salmebokytring III 

frå nyhendesida til Noregs Mållag:
- Styrk nynorsk salmesong (10.02.2009)

"Me er opne for nye ord og uttrykksformer, slike som kan spegla vår eiga tid. Men samstundes er det viktig å ikkje framandgjera folk, sett i høve til det dei frå før kan og kjenner."

Vossingen Hermund Slaattelid meiner at framlegget til ny salmebok ikkje inneheld nok nynorske salmar. No lagar han ein underskriftsaksjon.
– Det er i første rekkje ei viktig målsak. At reduksjonen i talet på nynorsksalmar vert endå større enn ved forrige omlegging, er svært alvorleg for nynorsken, seier Slaattelid til avisa Hordaland. Opptakten tok Slaattelid saman med Torstein Sausjord og Johannes Gjerdåker.
Fråsegna som Slaatelid no samlar underskrifter til, uttrykkjer ei uro over at nynorskprosenten er synkande. Vidare etterlyser den ei jamnare fordeling sidan det i framlegget er for få salmar på nynorsk som høver til m.a. advent, konfirmasjon og gravferd.

Kjartan Helleve
# lagt inn 12.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Flagstad 

I Aftenposten i dag fortel filmskapar Karoline Frogner at Kirsten Flagstad "[b]rukte stemmen mot nazistene". Som kjent er det mange som har prøvd å skvette brunfarge på Wagner-songaren frå Hamar. Men berre høyr:
Da selveste Terboven la stort press på henne fra for at hun skulle holde konsert for nazistene, rømte hun til Irstad gård på Hedmark og ble der i tre uker. I disse traktene var dette et sentralt sted for Hjemmefronten. Her holdt Flagstad en lukket konsert for cirka 30 motstandsfolk, noen av dem skulle snart flykte til Sverige fordi situasjonen hadde blitt for farlig, noen av dem ble senere arrestert og hardt torturert.

–Det var en lukket konsert. Det var helt lukket, for det skulle være blant disse som arbeidet i det stille, sier Aslaug Gjerlaug i filmen. Hun var medlem av motstandsbevegelsen på Hedmark. Det var gripende da Flagstad avsluttet med Gud signe vårt dyre fedreland, har de som var til stede fortalt.
# lagt inn 12.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.2.09

Bibel og fedreland 

Arne Berge minner meg om at det meste av preika mi for dagen i dag ligg ute på nettsidene til Bibelselskapet. Det handlar om Jesus, såmannen, Blix, fedrelandssalmen og Bibelen. Samtidig kan du jo nytte høvet til å gjere deg kjent med den nyoppussa vevstaden vår, Bibel.no.
# lagt inn 8.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Når livnar det i lundar? 

Forskning.no:
Når livnar det i lundar?
Når en lærebok i naturfag bruker "No livnar det i lundar, no lauvast det i li" som overskrift på kapittelet om våren, er mange elever allerede hektet av.

- De har ingen assosiasjoner til sangtittelen, som de antakelig aldri har hørt, sier professor Bente Aamotsbakken og førsteamanuensis Norunn Askeland ved Høgskolen i Vestfold.

Barna forstår heller ikke ordene hver for seg. Livnar? Lundar? No?

- Og de ser i alle fall ingen sammenheng mellom en ubegripelig overskrift og innholdet ellers på siden, sier Aamotsbakken og Askeland.

Som et ledd i det store prosjektet Lesing av fagtekster som grunnleggende ferdighet i fagene, har de undersøkt hvordan elevene ved en skole med sterkt innslag av minoritetsspråklige elever i 2., 5. og 8. klasse leser naturfagbøker.

Lærebøkene tar mye for gitt

- Det vi ser er at lærebøkene i naturfag på mange måter er vanskelig tilgjengelige for minoritetsspråklige elever. Først og fremst skyldes dette metaforer og at deler av framstillingen forutsetter at man har god kjennskap til norsk kultur og tradisjon.
Bente Aamotsbakken og Norunn Askeland er viktige personar for Blix-interesserte av andre grunnar enn dette. Utan den faglitterære forfattarutdanninga som desse to organiserte ved Høgskolen i Vestfold hadde eg neppe gjeve meg i kast med å skrive biografi.
# lagt inn 8.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.2.09

Bilde 2 



Her er det andre bildet frå Terje Aarset, med Fedrelandssalmen under og ei lesaroppgåve til: Veit du kor det kjem frå? Dette er ein plansje i A3-format, og Terje meiner at den sannsynlegvis har vore vedlegg til eit blad. Men kva for eit, og når?
(Klikk på bildet for større storleik)
# lagt inn 6.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Bilde 1 


Terje Aarset sender meg ikkje berre salmeutfordringar og slikt, men jamvel interessante bilde. Her eit postkort med motiv av Trygve M. Davidsen (klikk på bildet for større storleik)
# lagt inn 6.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6. februar 

# lagt inn 6.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Min salme V 

I dag er det Ragnar Hovland som vel salme i Vårt Land (utfordra av Odveig Klyve sist veke). Han vel seg "Å, ver hjå meg" i Peter Hognestads gjendikting. Salmen kommenterer han slik (så vidt eg kan sjå, heilt utan hovlandsk ironi):
Det er en salme som lett rører ved det innerste, en trøstesalme man gjerne tar fram i tunge stunder. Det er en salme det er lett å bli rørt av. Når alt annet håp er ute, kan den være god å ty til. Så har det en av verdens vakreste melodier. Generelt er jeg svak for engelske salmer. det betyr nok også litt når jeg skal velge en.
Og neste veke er det Odd Nordstogas tur.
# lagt inn 6.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Bibelhelg 

Gjestespela mine i Kristiansand og Bergen er ikkje før seint i april. Men alt til helga skal eg på preikeferd. 8. februar er Såmannssøndag, ein dag i kyrkjeåret som Bibelselskapet har lukkast i å annektere og gjere til Bibeldagen.

Kl. 11.00 skal eg preike i Tistedal kyrkje (Halden) under ei tverrkyrkjeleg fellesgudsteneste. Her lovar eg Blix i fleire kanalar. Eg har bede om avsynging av Fedrelandssalmen, den blir akkompagnert av Frelsesarmeens hornmusikk.

Kl. 19.00 er eg på heimebane, Mari menighetssenter i Ytre Enebakk. Der skal eg halde føredraget "Tre ting på en gang. Å oversette Bibelen på nytt."
# lagt inn 6.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Bergen, Blix og bibel 

Ei Blix-reise har eg òg under planlegging i vår. Den går til Bergen, direkte frå Kristiansand. Blix-interessa i Hordaland ser ut til å vere høg, dette blir tredje turen min til Bergenskanten med boka i kofferten (Alversund sist vår, Fana sist haust).

Torsdag 23. april held eg føredraget "'Ein betre vår ein gong' – Elias Blix som salmediktar" i FBB Bjørgvin. Bli med på vesper i Mariakyrkja kl. 19.00. Møtet tek til kl. 19.45 i Dreggsallmenningen 20, der Mariae kyrkjelyd har lokala sine.

Eg kjem òg til å besøke Norsk Lærerakademi. Dei har bede meg seie noko om bibelomsetjing på lærarhøgskolen (Breistein) og noko om Blix på den andre høgskolen sin (Sandviken). Detaljane kjem etter kvart.
# lagt inn 6.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Bibel i Kristiansand 


(klikk på bildet for større versjon)

Kva dette har med Blix å gjere? Tja. Sonen Helge (arkitekten) busette seg i Kristiansand og var bygningssjef i byen i ein mannsalder. Og sjølv er Elias Blix mellom fedrane i norsk bibelomsetjing. Det får vere bra.
# lagt inn 6.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?