<$BlogRSDUrl$>

29.7.08

Meir Møre-Nytt 

Frå ein trufast lesar i Ørsta (takk, Terje!) har eg fått tilsendt dokumentasjonen av Per Lønning si gjesting i det nynorske hus under Dei nynorske festspela, som eg har omtala tidlegare. Mistanken min blei stadfesta, det er Vårt Land som er skuld i alle trykkfeil, Møre-Nytt er heilt uskuldig. Dette har hendt:

Møre-Nytt 1. juli: "Flammande Lønning i søndagspreika i Aasen-tunet: Stortinget slo beina under sivilisasjonen". Det er altså ekteskapslova det gjeld, og konklusjonen er kjent: "'No er det i Noreg atter dag' klarer eg ikkje lenger å syngje, avslutta Lønning."

Møre-Nytt 10. juli, spalta "På telefonen": Pit Myklebust frå Vartdal spør: "Kva er det Lønning vil?" og avsluttar med utfordringa: "eg må også seie at eg synest det er merkeleg at dei lokale arrangørane gjekk med på å sensurere salmen."

Møre-Nytt 12. juli: "Fedrelandssalmen skal syngjast fritt i Aasen-tunet", lovar Ottar Grepstad. Dette innlegget har Vårt Land alt sitert det meste av, så det brukar eg ikkje meir plass på, sjølv om direktør Ottar kunne fortent å få retta opp "æille feili frå Vårt Land", som Prøysen ville sagt det.

NYTT: Møre-Nytt 19. juli: Under overskrifta "Når Blix vert 'sensurert'" svarer Per Lønning sjølv på klagemåla. "Få her i landet har vigsla meir av eit langt liv på arbeid med salmar og salmebruk enn eg, noko det snautt er trong for å prova svart på kvitt. Her skal det berre nemnast at eg heldt hovudføredraget ved 150-års Blix-høgtida i Gildeskål i 1986."

Ja, føredraget var bra, det, det er publisert i Kirke og Kultur same år, men som argument i den aktuelle diskusjonen er det helst litt mindre enn halvgodt. Mesteparten av spalteplassen nyttar Lønning heldigvis på å argumentere for det han faktisk gjorde, med utgangspunkt i søndagsteksten frå Josva 24 og i det dagsaktuelle lovvedtaket i Stortinget. Eg siterer avslutninga:
Hadde sluttordet der og då vorte at "No er det i Noreg atter dag", då kunne dette på bakgrunn av Josva-teksten lett opplevast som ein sams rømingsaksjon. Derimot ville sløyfing av eit vers, av folk av gamal vane rekna for sjølvsagt, ha utfordra til ettertanke.

Den som trur at det i staden hadde gått av seg sjølv å oppleva det nemnde Blix-verset "reint", lausrive frå den sutløyse tidsånda der og då ville ha lagt inn i det, veit lite både om salmar og om tidsånd. Skulle det då ikkje vera at dei er lite opptekne av grunnhaldninga til salmediktaren Elias Blix.
Der står saka no, og der er det kanskje greitt at den blir ståande. Per Lønning er ikkje kjent for å gje andre det siste ordet. Eg kan likevel ikkje la vere å knytte ein merknad til talarens ethos: Eg hadde stor respekt for Per Lønning da han trekte seg som biskop i Borg etter at abortlova var vedteke for tretti år sidan. Eg var vel ikkje, og er ikkje, samd i vurderinga av den lova heller, men eg har respekt for konsekvens og integritet. Profetkappa til Lønning falma kraftig for meg da han tok imot bispeembetet i Bjørgvin nokre år seinare. Kanskje det no er på tide å hengje frå seg gamle klesplagg.
# lagt inn 29.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmedebatt 

NRK Hordaland melder i dag: "Salmebokutvalget har nå sendt de nye salmene ut på høring og til utprøving i utvalgte menigheter. Planen er at "Norsk Salmebok" og supplementet "Salmer 1997" i 2010 skal bli erstattet av en ny salmebok bestående av to bind.
Blant salmene som er foreslått fjernet, er flere nynorske salmer av Elias Blix.
Men flere reagerer sterkt på planene."

Hymnologen Nils Aksel Danbolt Mjøs reagerer sterkast, han blir sekundert av Stig Wernø Holter, som er leiar i Norsk Hymnologisk Forening, men motsagt av Åge Haavik, sekretæren i salmebokkomiteen. Og debatten er i gang.

Eg har ikkje studert utkastet. Noko svinn må ein nok rekne med, også når det gjeld Blix. Som Mjøs har eg òg somme gamle salmar eg gjerne ville ha inn att, ikkje minst gjeld det påskesalmane "I Edens sæle sumar" og "Statt upp or svevne". Men køen av påskesalmar er spesielt lang, så det er nok små utsikter til bønhøyring.
# lagt inn 29.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Olsok må vere eit passande høve til å publisere eit hittil upublisert ungdomsdikt av Elias Blix. Diktet er datert november 1858 og altså skrive i Tromsø. Manuskriptet finst i Nasjonalbiblioteket i Oslo under signaturen Ms 4to 4483:2
Hellig Olafs Drøm.

1.
Ved den aarle Morgenrøde
Olaf skrider ned mod Stiklestad;
ser det Land, hvor nys han strøde
Ordets Sæd, den Himmelføde,
glad i Haab om herlig Grøde, –
da med hellig Andagt saa han bad:

2.
”Stærke Krist, din Kirkes Herre!
se i Naade til det arme Folk!
Jeg dem bød dit Navn at bære
for at voxe ved din Lære
som et Skud til Himlens Ære; –
men de sveg dit Ord og Ordets Tolk.

3.
Og idag de drage Sverdet,
byde mig og byde Ordet fly;
men jeg møder uforfærdet,
tidt din Kraft min Klinge hærded;
sejrer jeg, da trygt omgjærdet
staar din Kirke her i Fjeldets Ly.

4.
Men om Du det bedre finder,
at idag jeg kjæmper sidste Kamp,
da er dette ej til Hinder:
Jeg en bedre Krone vinder,
selv du magter dine Fiender,
og mod dig al Modstand vorder Damp!”

5.
Da nu Kongen Bønnen endte,
bød han Hæren sætte sig til Ro;
der hans Fylking skulde vente
og i Bøn ny Kræfter hente,
at den Herre, som den tjente,
kunde finde den i Striden tro.

6.
Som nu Kongen dette taled,
satte han sig midt paa Højen ned.
Da en Engel flux neddaled,
med en Slummer ham husvaled,
høje Syner for ham maled,
mens hans Aasyn lyste himmelsk Fred.

7.
Men kun kort, for kort var Blunden;
thi Finn Arnessøn til Kongen træder hen:
”Nu er omme Hvilestunden;
alt jeg øjner Thore Hunden,
hører Kalf med Raab i Munden:
”Frem med Mod i Bringe, Bønders Mænd!””

8.
Hellig Olaf taus maa grunde;
saa til Finn han mælte mod i hu:
”Ak! hvi vilde du ej unde
mig en Stund endnu at blunde,
at min Drøm jeg nyde kunde?
Bønders Flok er ej saa nær endnu.”

9.
Hvad er det for sære Drømme,
at du i en saa alvorlig Stund,
nu da Fiender mod dig strømme,
Kampens Time vil forsømme
og retsom et Barn dig ømme
ved at du ej længer nød din Blund?”

10.
”Ja en Drøm foruden Lige,”
sagde Kongen, som rejste sig,
”thi jeg saa en herlig Stige
herfra op til Himmerige; –
opad den jeg syntes stige,
ak! – ved sidste Trin du vækte mig!”

11.
Hermed endte Kongen Talen. –
Hellig Olaf! ja din Drøm var sand:
kun et Trin du nedad Dalen
skred og gjennem Kamp paa Valen
svang dig op til Himmelsalen
og i Døden herlig Sejer vandt!

Novbr. 58
# lagt inn 29.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.7.08

Ramnungar 2 

Det er grunn til å gjere trufaste lesarar av BlixBlog merksame på Trond Kverno sin høgst interessante kommentar i høve det bortkomne andre verset av "Himmelske Fader". Klikk på "Kommentar"-peikaren til denne posten.
# lagt inn 26.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.7.08

Olsok 

nærmar seg, og med det det årlege olsokstevnet i Gildeskål. I reprtasjen til Avisa Nordland kan du mellom anna sjå eit fint bilde av to framifrå representantar for kystkulturen, Oscar Berg ved museet og kyrkjeverje Oddbjørn Nikolaisen. Takk for sist til begge to, eg reknar dei mellom englane mine, dei var begge djupt involverte i boklanseringa mi i februar.
# lagt inn 25.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.7.08

Codex Sinaiticus 

I dag opna vevstaden Codex Sinaiticus. Dette er ei viktig hending i den bibelske verda. Codex Sinaiticus er eit av verdas eldste fullstendig bevarte bibelmanuskript, produsert på 300-talet e. Kr. og lenge med bustad i det berømte Katarina-klosteret på Sinai-fjellet. Handskriftet inneheld den greske omsetjinga av Det gamle testamentet (Septuaginta) og heile Det nye testamentet på grunnspråket. For NT er dette eitt av dei to viktigaste tekstvitna (det andre er eit liknande manuskript i Vatikanbiblioteket). Vevstaden blir det einaste høvet du får til å sjå heile manuskriptet, for sidene er no spreidde på fleire ulike europeiske institusjonar.

Enno er berre delar av handskriftet lagt ut, digitaliseringa vil ta eit års tid til. Eg har så vidt vore inne og sett, og så langt er eg imponert over kvaliteten på den digitale presentasjonen.

I The Times (tips frå Jim Davila på Paleojudaica.com) kan du lese at "The story of the Codex Sinaiticus Bible, the oldest complete copy of the New Testament in existence, reads like a script from an Indiana Jones film." Det er heilt sant.

Kva dette har på BlixBlog å gjere? Du kan så seie. La meg prøve med to halvgode argument:

1. Mannen som har helte- eller skurkerolla i første episode av dette Indiana Jones-scriptet, Constantin von Tischendorf, var professor i Det nye testamentet ved det teologiske fakultetet i Leipzig medan Blix var der og studerte i 1871-72. Dette argumentet er litt under halvgodt, for Blix hadde ikkje kontakt med han.

2. Litt betre: Elias Blix var som kjent sentral i den nynorske omsetjinga av Det nye testamentet som kom ut på 1880-talet. På det tidspunktet var teksten i Codex Sinaiticus tilgjengeleg for forskarar og omsetjarar. Men Blix og kollegaene nytta ikkje denne teksten, særleg kollega Belsheim var tradisjonalist. Landsmåls-NT bygde på det som den gongen var gresk standardtekst, ein mellomaldertekst basert på langt yngre manuskript enn Sinaiticus. Denne avgjerda var nok dels prinsipiell (i alle fall, trur eg, frå Belsheim si side), men samtidig er det eit pragmatisk-politisk poeng her som det er viktig å få fram: Det var eit radikalt prosjekt i det heile å gje att bibelske tekstar på nynorsk, og det er tydeleg at omsetjarane sette mykje inn på å få landsmåls-NT til å framstå som ein trygg og tradisjonell bibeltekst. Ein kan peike på det nokså arkaiske språket, den høgtidelege syntaksen, den gotiske skrifta og, altså, på det tradisjonelle valet av grunntekst. Derimot hadde amatøren Georg Grieg, som omsette Markusevangeliet alt i 1870, nytta nyare tekstkritiske resultat, mellom anna variantar frå Codex Sinaiticus som han kjente frå populære publikasjonar av Tischendorf. Jarle Bondevik gjer greie for dette i Og ordet vart nynorsk.
# lagt inn 24.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.7.08

Bergslien-bok 

"Stasbok om to blad Bergslien", melder bt.no, avdeling Voss. Dei to biletkunstnarblada er onkel Knud B. (1827-1908) og nevø Nils B. (1853-1928) (men onkel Brynjulf B. manglar), og boka Bergslien-målarane. Folkeliv i fargar er skriven av Thor Warberg.

Kvifor denne plutselege interessa for biletkunst på BlixBlog? Jau, det har seg slik at Nils B. hadde ei dotter, Bergljot, som blei gift med Ivar Blix, yngste sonen til Elias Blix. Ikkje nok med det, Nils Bergslien har jamvel portrettert Elias Blix (rett nok etter eit fotografi) for Helge Blix, Ivar sin eldre bror.

Meir om Bergslien på BlixBlog her, her og her.

Meir om boka på heimesida til Selja forlag.
# lagt inn 21.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.7.08

Møre-Nytt 

Til liks med ein del andre aviser har Vårt Land kvar veke ei klippspalte, "På blokken", der stort og smått frå andre aviser blir presentert, gjerne i ei litt skeiv eller ironisk ramme. I dag er Elias Blix emne for fleire av klippa.

Under overskrifta "GEOGRAFI" refererer avisa frå GD at "Elias Blix brukte Lillehammer-avisa 'Framgang' som kladdepapir da han skreiv 'Gud signe vårt dyre fedreland'." Men dette veit sjølvsagt lesarar av BlixBlog alt.


Dei andre klippa skal eg referere i full lengd, til opplysning for lesarar som ikkje har tilgang på landets siste fullformatavis, kulturorganet Møre-Nytt. Eg har ein mistanke om at trykkfeila skuldast Vårt Land og ikkje Møre-Nytt. Der i huset lar dei datamaskinar lese korrektur.
NORGE OG NORDMENNENE
– No er det mogleg at eg er litt naiv, men kan nokon som har vit på det forklare meg kvifor Per Lønning ville kutte ut verdet "No er det i Noreg atter dag"?, seier Pit Myklebust på Vartdal.
Møre-Nytt

Det Lønning sa frå preikestolen var at med den nye ekteskapslova er det ingen dag i Noreg lenger. Det er Per Lønning sitt syn, og det har han rett til å meine. Kor klokt det var å seie det han sa på den måten han sa det i denne festspelgudstenesta, får kvar og ein vurdere. Festspelgudstenesta blir arrangert av Volda og Ørsta sokneråd kvart sitt år. Arrangementsansvaret ligg såleis hos dei. Det var heilt ukjent for Nynorsk kultursentrum at biskopen ville sensurere fedrelandssalmen av Elias Blix nettopp i Aasen-tunet. Hadde vi visst det, ville vi teke affære. Det han sa om salmen i preika, kom altså like uventa på meg som på resten av kyrkjelyden. Då eg frå talarstolen takka for gudstenesta og ønskte vel møtt til kyrkjekaffi en, kunne eg ikkje gjere anna enn å seie: "Over oss er himmelen den same. Det kjennest rett å seie et nett no." Kva eg som ansvarleg for Ivar Aasen-tunet elles meinte om dette, sa eg både til biskopen og arrangøren etter gudstenesta. Nynorsk kultursentrum drøfta saka grundig på eit svært god måte måndag 7. juli. Vi er samde om at samarbeidet om festspelgudstenestene er svært positivt og bør førast vidare. Det er viktig at kyrkja ikkje kjenner seg bunden, at samarbeidet byggjer på gjensidig respekt, og at gudstenestene spelar breidda i Den norske kyrkja. Vi er også samde om at fedrelandssalmen til vanleg bør ha ein sentral plass som avsluttande salme ved festspelgudstenestene. Er det ein stad Blix skal kunne syngjast fritt, er det i Ivar Aasen-tunet. Slik blir det.
Ottar Grepstad, direktør, Nynorsk kultursentrum, i Møre-Nytt
Amen. Eg har høyrt om hendinga frå fleire som var til stades under festspelgudstenesta i Ivar Aasen-tunet 28. juni. Gamlebispen Per Lønning nytta altså høvet, i kjent profetisk stil, til å seie si hjartans meining om den nye ekteskapslova. Eg var ikkje der, men eg har vanskeleg for å sjå at dette var ein spesielt klok bruk av ein så eineståande preikestol. At ein ikkje tullar med Blix i Nynorsk kultursentrum, burde biskopen ha forstått, spør du meg.

Og om du spør meg om den nye ekteskapslova: Eg greier ikkje hisse meg slik opp over den. Eg er skeptisk til somme punkt, særleg det som gjeld rett til assistert befruktning for lesbiske par. No meiner eg at assistert befruktning med anonym sæddonor reiser ei rad etiske problem også når det gjeld heterofile par. På den andre sida skal eg, som lukkeleg far til tre barn, ikkje ha altfor bastante meiningar på vegner av dei som er i andre situasjonar. Men at likekjønna par kan få høve til ei forpliktande og offentleg ramme rundt samlivet sitt, ser eg på som eit gode.
# lagt inn 19.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.7.08

Nynorsk sakprosa 

Medan eg var borte, har første nynorske sakprosatittel dukka opp på 19. plass(?) i Dagbladets sakprosakåring. Den viktige teksten er Gunnar Skirbekks ungdomsverk Nihilisme? Eit ungt menneskes forsøk på å orientere seg frå 1958.
# lagt inn 18.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Britisk 

Vår årlege danningsreise gjekk til Skottland denne gongen. Der har vi ikkje vore før. G. og eldstedottera hadde eigne planar og har sysla med kvar sine ting, men dei to yngste og eg har vore nokre dagar i Edinburgh, med innlagde utflukter til Glasgow og Stirling Castle. Edinburgh viste seg å vere eit svært sympatisk reisemål, jamvel med høve til å gå fjelltur midt i byen. Fjellet er rett nok berre 251 m.o.h., men byr på passeleg fysisk utfordring og framifrå utsikt.

Eg prøver å få lese ei lokal bok ved slike høve. Det blei ikkje skotsk i år, men i det minste ekstremt britisk. Eg har lenge forstått at Lytton Stracheys Eminent Victorians frå 1918 er noko nær obligatorisk pensum for biografar, og på denne turen hadde eg selskap med far sitt gamle Penguin-eksemplar (1948-utgåva, sikkert innkjøpt den gongen han dreiv og tok engelsk bifag på 50-talet ein gong). Boka er utgangspunkt og skyteskive for den samla biografiteoretiske litteraturen, ser det ut som, så noko må det vere ved den.

Det var noko ved den. Mykje å lære her om språk, om stil, om litterære verkemiddel, men også om kor tids- og kulturbundne slike tekstar er. Dei fire portretta av kardinal Manning, Florence Nightingale, rektor Arnold (ved Rugby, som reformerte det engelske skolesystemet) og general Gordon (han med Gordons Golgata i Jerusalem - ein av dei mindre velfunderte lokaliseringsteoriane der i byen) gjev eit svært interessant bilde av Victoriatida - slik neste generasjon såg Victoriatida. Den siste presiseringa er viktig. Bildet har vist seg svært levedyktig, kan hende er det mogent for dekonstruksjon?

Eg er imponert over mykje, ikkje minst over den medvitne bruken av bipersonar, særleg antagonistar. Av og til tar eg meg i å lure på om det eigentleg er bipersonane som er hovudpersonar. Det gjeld til dømes (den i ettertid meir vidgjetne) kardinal John Henry Newman og spesielt statsminister Gladstone; begge speler viktige biroller i fleire av portretta.

Av dei meir kulturtypiske draga er den overklasseengelske perfide ironien, av dei meir tidstypiske er interessa for den psykologiske profilen til hovudpersonane (enno av før-freudiansk art), ofte kopla til andletsdrag, ganglag og andre kroppslege særdrag. Eg tok meg i å tenkje på Eivind Berggravs Norske kirkeprofiler fra siste slektledd (1946). Berggrav har, i motsetnad til Strachey, eit heilt uironisk forhold til religiøsitet, men dei psykologiserande portretta av Christoffer Bruun, Thorvald Klaveness, J. J. Jansen, Gustav Jensen, Johannes Johnson og Erling Grønland er i mangt skorne over same lest som dei Strachey skreiv tretti år tidlegare.

I nokon grad kunne ein seie det same om Blix-portrettet til Berggrav frå 1936, for resten. Her ligg ein viktig og sikkert tidstypisk skilnad på Berggrav og meg. Eg psykologiserer svært lite, men sosiologiserer dess meir. Vel, tida kjem nok til å innhente meg òg, om den ikkje alt har gjort det.
# lagt inn 18.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.7.08

Gudbrandsdølen 

Ja, eigentleg heiter avisa Gudbrandsdølen Dagningen (GD), etter samanslåinga av Dagningen og Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuer (GLT) for nokre år sidan og samanslåinga av Gudbrandsølen og Lillehammer Tilskuer for enda fleire år sidan. Så no finst det berre ei avis på Lillehammer, den er til gjengjeld heilt tverrpolitisk (for upolitisk er den vel ikkje).

Det var ikkje det eg skulle fortelje. Eg skulle fortelje at i den lokalhistoriske serien "Det var engang" laurdag som var (12. juli) fortel Asbjørn Ringen - det er ingen kven som helst, han er vel pensjonist no, men han har vore sjef for heile avishuset - om at "Blix skreiv fedrelandssalmen på Lillehammeravis", med faksimile av "Framgang" for 20. februar 1889 og det heile. Eg har fått uttale meg, eg òg, i det som i fem år av famliens liv har vore vår lokalavis, vi var prestefolk i Nord-Fron og Ringebu først på 1990-talet.
# lagt inn 17.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Bergens Tidende 

Hyggeleg med teikn på at nokon les det ein har skrive i sommarvarmen(?). Slik som redaktør Olav Kobbeltveit i Bergens Tidende. Sist tysdag vigde han ei heil side, den faste kommentarplassen sin, til "Elias Blix' verksame ord". Kommentaren er velskriven og poengtert, det skal ikkje eg ta æra for, sjølv om eg har levert (og er kreditert for) ein god del av poenga.
# lagt inn 17.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.7.08

Apostrof 

Agurktid. Ny sak om apostrofen i "Elias Blix' gate" (Oslo) i NRK Østlandssendinga i dag. Lite originalt, sjå her

Dette minner meg forresten om eit "spin-off"-prosjekt (som det heitte på nynorsk før språkmeldinga blei lagt fram) eg av og til har tenkt på: Å oppsøkje alle stader som har ei gate eller ein veg oppkalla etter Elias Blix og dokumentere det gjennom ein fotomontasje. Fotokunst, samlemani eller mindre psykisk avvik? Same det, ein hobby skal ein jo ha.
# lagt inn 12.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.7.08

Lydbok 

Gladmelding frå prestekollega Magne Bjørndal i dag:

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek har sett Ein betre vår ein gong. Elias Blix i produksjon. No blir den lydbok!
# lagt inn 11.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.7.08

Sakprosakåring 

No er det sakprosa i alle kanalar. Dagbladet er i gang med ein serie der ein jury plukkar ut dei 25 viktigaste sakprosabøkene på norsk etter 2. verdskrig. Sanneleg har dei funne plass til ei bok av den kulturradikale avisas gamle yndlingsfiende Carl Fredrik Wisløff: Jeg vet på hvem jeg tror er plassert som nr. 22 på lista (som tok til nedanfrå tidlegare i veka).

Vi ventar framleis på nynorsk sakprosa, men det kjem nok.
# lagt inn 10.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Sommarlektyre 

Frå preste- og speidarkollega Arne Berge har eg fått ei utfordring som rett nok liknar svært mykje på eit kjedebrev, ei form eg tek prinsipiell avstand frå, men ei rad formildande omstende gjer at eg tek utfordringa og blir med på leiken. Arne er forresten utfordra av den danske bibelforskaren Søren Holst i København, han skriv ein blogg som både Arne og eg les med stor interesse.

Her følgjer reglane for leiken, no i mi norske omsetjing og tilpassing. Du gjer følgjande:
1. Rettar ut handa etter nærmaste bok
2. Slår opp på side 123
3. Finn femte setninga på sida
4. Legg denne setninga og dei to neste ut på bloggen (saman med instruksjonane)
5. Kommenterer sitatet
6. Sender leiken vidare til tre [opphavleg var dette fem, men både Søren, Arne og eg har tillate oss å gjere regelen litt mindre ambisiøs] andre personar og krediterer den som sendte leiken til deg.
Eg sit ved skrivebordet mitt, det flyt som vanleg av bøker, så det kjem an på kva for ei hand eg rettar ut. Eg tek venstre.

Den finn boka Att skriva människan. Essäer om biografin som livshistoria och vetenskaplig genre (Stockholm: Carlssons, 1997). Som du forstår, eg driv og tenkjer gjennom kva eg eigentleg har nytta dei siste fem åra til. Boka er slett ikkje så tørr som tittelen kunne tyde på, den eine av redaktørane, Ronny Ambjörnsson, er t. d. ein framifrå essayist (les gjerne Fornavnet mitt er Ronny, ein rapport om hans eiga klassereise).

På side 123 begynner ein artikkel eg eigentleg hadde tenkt å hoppe over. Pedagogen Inga Elgqvist-Saltzman skriv om "Rostadlärarinnors livshistorier".

Setningane 5-7 lyder slik:
Hur har lärarinnors livsmönster förändrats? Hur har olika generationer lärarinnor kombinerat läraridentiteten med att vara kvinna och medborgare i sin tids samhälle? Sådana frågor har varit centrala i ett tvärvetenskapligt forskningsprosjekt som haft Rostadseminariet i Kalmar och där utbildade lärarinnor i fokus för analyser av en av de äldsta kvinnliga professionerna - lärarinnans."
Hm. Kanskje eg blir nøydd til å lese artikkelen likevel. Av grunnar eg ikkje har lyst til å røpe enno, tenkjer eg ein del tankar om undersjangeren kollektivbiografi for tida. Lærarar av begge kjønn er elles ei svært interessant sosialgruppe for den som vil studere korleis det moderne norske samfunnet har blitt til og utvikla seg. Eg har gjort mykje ut av dette i Ein betre vår ein gong, og det finst ein heil del forsking også frå Noreg. For menn frå lågare klasser har læraryrket vore ein veg til sosial opptur, for kvinner (gjerne av høgare klasser) har det vore ein veg til sjølvstendig deltaking i yrkes- og samfunnslivet. Spesielt i "venstrestatens" epoke, lat oss seie tida 1870-1930, har lærarane vore viktige politiske og kulturelle entreprenørar i norske lokalsamfunn. Å ja, både før og etter den tid òg, når eg tenkjer meg om.

Da skulle punkt 1-5 og halve punkt 6 vere fullført. Sommarhelsing og utfordring går til
# lagt inn 10.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.7.08

Kirke og Kultur 

Hefte 3 av Kirke og Kultur er nett kome ut. På s. 225-233 har Tor B. Jørgensen ein omfattande omtale av Ein betre vår ein gong. Eg kostar på meg følgjande sitat:
For Blix er
mer enn salmehistorie. Og han er mer enn nynorskhistorie. Det interessante
med Blix er at han også er aktiv politisk aktør og teologisk fagmann i
en politisk og kulturell, teologisk og kirkelig brytningstid. Elias Blix var på
reise ikke bare fra Nord-Norge til hovedstaden, men også sosialt. Vi har savnet
en framstilling som har maktet å holde alt dette sammen til den spennende
livsfortellingen som reisen til Elias Blix utgjør.
Anders Aschim har nå gitt oss det vi har manglet. Han har skrevet en forbilledlig
biografi, som ikke bare avslører stor fortellingskunst, men også en
utrolig bred forståelse av Blix sin samtid. En blir rett og slett imponert over
det omfattende arbeidet Aschim har nedlagt i denne biografien.
# lagt inn 3.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Øverland 

Ei hyggeleg sommarhelsing i posten frå Hans Bovim gjorde meg merksam på at opningskapitlet til Blix-biografien er sitert i Menighetsbladet for Ljan og Nordstrand nr. 2 for i år, saman med eit intervju med Bovim. Opningskapitlet inneheld, for dei som ikkje måtte ha lese det, ein samtale mellom Bovim og Arnulf Øverland i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen under dramatiske tilhøve i sluttfasen av siste verdskrig. Emne for samtalen var - Elias Blix.
Sjå side 7 i bladet.
# lagt inn 3.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?