<$BlogRSDUrl$>

31.10.08

Den nynorske pateren 

På heimveg frå Fredrikstad i går møtte eg ein gammal kjenning, pater Arnfinn Haram OP (dominikanarmunk, med andre ord), på jernbanestasjonen. Eg blei kjent med Arnfinn i Bergen, den gongen midt på åttitalet da eg gjorde verneplikta som prest på Haakonsvern orlogsstasjon og han var (luthersk og statskyrkjeleg) sokneprest i Loddefjord.

Eg har visst aldri nemnt bloggen til den konsekvent nynorskbrukande fr Arnfinn Haram, med mottoet "Cor ad cor loquitur (hjarte talar til hjarte)". No er det gjort, det var på høg tid. Den er verd å følgje med på.
# lagt inn 31.10.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Ytre Enebakk 

Også i kveld skal eg ha eit lite Blix-innslag, ikkje tidlegare annonsert. Den lokale foreininga av Misjonssambandet inviterer til kulturkveld på Misjonshuset i Ytre Enebakk klokka 19.00 med ymse lokale kulturpersonar. Fleire biletkunstnarar skal stille ut arbeid, Bjarne Solberg (ein institusjon i bygda, lærar og rektor h. v., kyrkjemann og misjonsmann er han framleis) skal resitere prestens tale frå Peer Gynt, og eg har lova å gje min skjerv, eg òg. Fint å ha eit arrangement i gangavstand heimanfrå, for ein gongs skuld.
# lagt inn 31.10.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Fredrikstad 

Jau, det var rom for anna enn fotball i Fredrikstad. Det blei eit riktig hyggeleg møte på lærarrommet til Christianslund vidaregåande skole, i regi av norskseksjonen og Fredrikstad mållag. Dei var til og med så rause å ta del i "Å eg veit meg eit land", songen er som kjent annektert av ein konkurrerande fotballklubb.
# lagt inn 31.10.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.10.08

Blix i Fredrik(s)stad 

Fredriksstad [sic] Blad i dag:

Arrangementet er altså i morgon, torsdag 30. oktober kl. 19.30. Marit, kona til Magne Aasbrenn, er medstudent frå det faglitterære forfattarstudiet og primus motor for dette arrangementet. Det skal bli gildt å treffe målfolk og anna godtfolk i Fredrikstad. Om dei no tenkjer på anna enn fotball der i byen for tida.
# lagt inn 29.10.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.10.08

Bestseljar 

"Betroelser selger", skriv Dagbladet i dag.
Selv om bokhøsten ennå ikke er over og julesalget ikke har startet, rapporterer forlagene om medvind for kjendisenes og politikernes personlige betroelser. Biografien "Fullt og helt" som handler om den tidligere politikeren, Jens Christian Hauge, ligger på topp på Bokhandlerforeningens liste over biografier og memoarer.
Det er forfattar Olav Njølstad vel unt. Sjølv er eg meir oppteken av og ikkje så lite overraska over at Ein betre vår ein gong. Elias Blix ligg på 8. plass på den same lista, "Bokhandlerforeningens liste over de mest solgte biografiene og memoarbøkene som er utgitt i 2008".

Om nokon skulle lure på korleis det kjennest å vere på ei slik bestseljarliste, er svaret at det er ikkje så verst, men eg tek det med fatning. Salstal blir vakta som statsløyndommar i forlaga, men det må vel vere lov til å seie at dei vanlegvis er nokså nøkterne samanlikna med dei opplagstala som kjem på trykk i avisartiklar som dette.
# lagt inn 27.10.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.10.08

Pianoteksten 

Sidan ikkje alle lesarar av BlixBlog les Aftenpostens søndagsnummer, refererer eg eit innlegg eg har skrive til "Leserforum":
Piano til Aftenposten!
Ny salmebok. Dei siste dagane har Aftenposten hatt fleire gode oppslag om framlegget til ny salmebok for Den norske kyrkja. Det tener redaksjonen til ære. Salmeboka er framleis den viktigaste lyrikkantologien vi har, så her står mykje på spel. Mellom anna hadde Ulf Andenæs ein leseverdig kommentar fredag 17. oktober. Men siste avsnitt inneheld ei sjokkerande opplysning: "Her i Postgirobygget fant vi hverken piano eller orgel til hjelp for å prøvesynge dette nye mangfold av toner. Det får være vårt siste forbehold".

Og dette skal vere ei kulturavis? Skaff Aftenposten eit piano! No!
# lagt inn 26.10.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.10.08

På Fana 

Det var mykje vêr for ein austlending på Bergenskanten i går, det regna vassrett i store kvanta. Men inne i Fana kyrkjelydssenter var stemninga god og varm, overraskande mange trassa vêret og møtte fram. Eg hadde ein gild kveld på Fana (ikkje berre i Fana, no har eg lært at preposisjonsbruken er viktig her), og eg kan rapportere om framifrå allsong. I tillegg til å snakke om livet og tida til Elias Blix drøfta vi kort framlegget til ny salmebok. Vi song gjennom alle vers av Brorson-salmen "Upp alle Ting som Gud hev gjort" i Blix si gjendikting. Personleg held eg denne gjendiktinga høgare enn originalen. Eitt tips for å halde oppe nynorskprosenten må vere: Gå gjennom dei gjendikta salmane. Det er inga naturlov at bokmålsomsetjingane skal ha forrang.

Oppdatering, same kveld: Geir Møller har dokumentert arrangementet i tekst og bilde på heimesidene til kyrkjelyden. Så vidt eg kan sjå, hadde folk det triveleg.
# lagt inn 24.10.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Vefsn 

Vellykket jubileumsfeiring i Vefsn Venstre, melder Vefsn Venstre, som feira sine 125 år for eit par dagar sidan: "På programmet sto naturligvis også allsang. 'Her er et land' , 'Millom Bakkar og Berg' med tekst av Ivar Aasen og 'Å eg veit meg et land' av Elias Blix lokket fram sanggleden i forsamlingen."
# lagt inn 24.10.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.10.08

Fana (retting) 

Kulturkvelden i Fana kyrkjelydshus i morgon er kl. 19.00 (ikkje 19.30, slik eg har skrive tidlegare). Vel møtt!
# lagt inn 22.10.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.10.08

Støylen-nytt 

Det er ei stund sidan eg har skrive noko om Bernt Støylen her på bloggen, men dei siste dagane har eg registrert kompetente og hyggelege meldingar av Støylen-boka hennar Olga Støylen Runde både i Fast Grunn (nr. 5, ved Egil Sjaastad) og i Stille Stunder (nr. 5, ved Per Halse).
# lagt inn 20.10.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmebokdebatten 

Det kjem seg. I dag har Vårt Land (papiravisa) eit stort oppslag med kyrkjemusikaren Sigvald Tveit og teologen Trond Skard Dokka. Dei har friske og til dels sterkt kritiske synspunkt på framlegget til ny salmebok. Det går rykte om at meir salmebokstoff er i vente i nær framtid.
# lagt inn 20.10.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.10.08

Gravferdssalmar 

Aftenposten har sett fokus på framlegget til ny salmebok gjennom fleire oppslag i det siste. Det er bra, salmeboka er framleis den viktigaste lyrikkantologien her til lands, så her står mykje på spel.

Fleire målfolk har merka seg at framlegget er kjemisk fritt for nynorsksalmar under rubrikken "Gravferd". Eg har tillate meg å peike på ein bortkomen gravferdssalme av Elias Blix, og det har resultert i noko så sjeldsynt her på bloggen som eit tilløp til debatt. Klikk på kommentarpeikaren i denne posten, og ta gjerne del. Viktigast er det likevel at reaksjonar kjem tydeleg til orde i høyringsrunden.
# lagt inn 19.10.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.10.08

Blix i Fana 

Viktig melding til alle Blix-vener i Bergensområdet:
BLIX-KVELD: I samarbeide med Fana mållag arrangerer kulturutvalget i Fana menighet Blix-kveld Torsdag 23.oktober kl. 19.00 [RETTING, ikkje 19.30!] i Menighetssenteret, Fanavegen 320
Meir om kvelden på nettstaden til Fana kyrkjelyd. Kulturkvelden er eit arrangement i kulturdagane i Fana og Ytrebygda. Eg gleder meg til å kome til Fana, eg hadde nokre sporadiske vikartenester i prostiet den gongen eg var vernepliktig sjøforsvarsprest ved Haakonsvern orlogsstasjon for nokreogtjue år sidan.
# lagt inn 17.10.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.10.08

Blix i haust II 

(oppdatering av tidlegare post)

Resten av hausten skal eg tale offentleg om Blix ved følgjande høve:
# lagt inn 15.10.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Fjellhaug 

Det blei eit riktig gildt møte med lærarane på Fjellhaug, Misjonssambandets høgborg på Sinsen i Oslo, i dag. Engasjert samtale etter innleiinga mi, mange personlege vitnemål om sterke Blix-inntrykk frå oppveksten, og ein interessant diskusjon om aktualisering og kontekstualisering av den kristne bodskapen, i lys av livsverket til Elias Blix. Dette har dei greie på, Fjellhaug er ein misjonsskole.

Og 4. november har Egil Sjaastad og nokre studentar Blix-kveld i Sinsen kyrkje.
# lagt inn 15.10.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.10.08

Blix på Fjellhaug 

I morgon skal eg møte lærarane på Fjellhaug skoler for ein samtale om Elias Blix. Vonleg kan eg få vite meir om eit spor eg ikkje greidde å følgje til endes da eg skreiv biografien. Det gjeld sjølve fedrelandssalmen:
I miljøet kring Misjonssambandets skoler på Fjellhaug i Oslo finst det ein tradisjon om "at Blix gjorde ferdig denne salmen da han var på besøk hos sin venn, fargehandler Muus, på Fjellhaug (Sinsen, Oslo)." Om årstalet er 1889 eller 1890, er det ikkje nemnt noko om.
Det er Aage Myksvoll som har vore min kontaktperson på Fjellhaug. Aage og eg studerte musikkvitskap saman på Universitetet i Oslo tidleg på 1980-talet, i betongalderen, da faget var lokalisert på Chateau Neuf. Den gongen spelte vi fiolin begge to. Seinare har det gått nedover med meg, no er eg amatørbratsjist og utsett for bratsjvitsar, ein utbreidd humorsjanger i musikarmiljø.
# lagt inn 14.10.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.10.08

Etterrakst 

For ordens skuld legg eg ut eit par forseinka Blix-nyhende som eg ikkje har oppdaga før no.
# lagt inn 10.10.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

JUBILEUM 

Det er sjeldan BlixBlog talar i store bokstavar, men 10. oktober 2008 er eit unntak. Det er på dagen 150 år sidan AASMUND OLAVSSON VINJE gav ut første nummer av bladet DØLEN, ei mediehending som saknar sidestykke i norsk pressehistorie. Om "Dølen" (felles nemning for bladet og opphavspersonen) har det vore meint mangt og mykje i løpet av desse åra. Sjølv har eg stor sans for Jon Haarberg si karnevalistiske lesing ("Vinje på vrangen"). Same det, det er neppe mogleg å overvurdere betydninga av "Dølen" for norsk (eg seier med vilje ikkje "nynorsk") journalistikk, lyrikk og essayistikk.

I Oslo skal dagen feirast med eit arrangement på Litteraturhuset i kveld. Eg kjem meg ikkje dit, og det er eg lei for, men eg har plikter i lokalsamfunnet her ute i skogen. Eg får nøye meg med å glede meg over dei mange kommentarane til jubileet, som Vinje-biografen Olav Vesaas' kronikk i Aftenposten. Særleg lesverdig er Oddmund L. Hoel sin rause og omfattande bloggpost i høve jubileet.

Bidraget frå BlixBlog får vere å minne om Elias Blix' artikkel i Dølen frå 1860. Blix var sjølvsagt tidleg abonnent.

I skammekroken: Dag og Tid, som presterer å kome ut på sjølve jubileumsdagen utan ein lyd om Vinje!?
# lagt inn 10.10.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.10.08

Blix-kokkar 

Avisa Bodø har møtt tre nye kokkar frå restauranten Blix i Bodø under overskrifta "Fra Bagatelle til Blix".
# lagt inn 3.10.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?