<$BlogRSDUrl$>

30.9.04

Preika 


Dette utklippet frå Morgenbladet sundag 8. mars 1868 er så langt den einaste staden eg har funne Elias Blix i ei preikeliste. Men her er han oppført som predikant i Oslo (= Gamlebyen) kyrkje 2. sundag i faste (myten om at han aldri kom på nokon preikestol er altså usann). Det er dimisspreika hans det handlar om, ein del av praktisk-teologisk eksamen.
# lagt inn 30.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.9.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 9,39-41
39 Og Jesus sagde: "Til Dom er eg komen til denne Verdi, at dei, som ikkje sjaa, skulo sjaa, og dei, som sjaa, skulo verta blinde".
40 Og dei av Farisæarom, som var hjaa honom, høyrde dette, og dei sagde til honom: "Ero daa me og blinde?"
41 Jesus sagde til deim: "Dersom de var blinde, so hadde de ingi Synd; men no segja de: Me sjaa; difyre vert dykkar Synd vedvarande".
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Måndagens Blix.
# lagt inn 29.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.9.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 9,1-7
Og daa han gjekk frametter, saag han ei Menneskja, som var blindfødd.
2 Og hans Læresveinar spurde honom og sagde: "Rabbi, kven heve syndat, denne elder Foreldri hans, at han er blindfødd?"
3 Jesus svarade: "Korkje denne heve syndat elder Foreldri hans; men at Guds Gjerningar skulde verta openberrade paa honom.
4 Eg maa gjera hans Gjerningar, som sende meg, so lenge det er Dag; det kjem ei Natt, daa ingen kann arbeida.
5 Medan eg er i Verdi, er eg Ljoset til Verdi".
6 Daa han hadde sagt dette, sputtade han paa Jordi og gjorde Røra av Sputtet og smurde Røra paa Augo til den blinde;
7 og han sagde til honom: "Gakk og vaska deg i Dammen Siloam - det tyder: utsendt - Daa gjekk han og vaskade seg og kom atter sjaaande.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Fredagens Blix.
# lagt inn 27.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.9.04

Kontrafaktisk 

Morgenbladet denne helga har eit intervju med Øystein Sørensen i samband med den nye boka hans, Historien om det som ikke skjedde: Kontrafaktisk historie (Oslo: Aschehoug, 2004). I ingressen heiter det:
Professor Øystein Sørensens nye bok handler om kontrafaktisk historie. Om alt som kunne ha gått annerledes i de åpne historiske øyeblikkene, og den verden vi da ville ha levd i.
Dette perspektivet har interessert meg lenge. Ein biografi over ein avdød person vert skriven med fasiten klar. Ein veit kva det vart av biografiobjektet, og det blir lett slik at ein kjem til å framheve dei trekka ved livet hennes/hans som førte dit. Sjangeren står i fare for å trekke ei deterministisk tvangstrøye over stoffet: Elias Blix vart den store nynorske salmediktaren, fordi han var predestinert til det - anten det no var av Gud eller av lagnaden eller av Historia med stor H.

Eg ville så gjerne få fram alle dei store og små vegskilja på vegen, der meir eller mindre tilfeldige val gjorde utslaget for livskursen til biografiobjektet. Det var så mykje anna Elias Blix kunne ha blitt: Fiskarbonde, omgangsskolelærar, kyrkjelydsprest, internasjonalt kjend forskar i semittiske språk .. Kva hadde hendt om han til dømes hadde emigrert til Amerika i staden for å reise til Kristiania da 1860-talet tok til?

Eg tenkjer meg to moglege måtar å innarbeide eit slikt perspektiv på.

Den eine er å late bipersonar i forteljinga representere alternativa. Eg har nokre gode kandidatar. Carl Johan Nielsen har eg alt presentert - bondestudent frå Nordland med same bakgrunn som Elias Blix, men utan den same suksessen. Ein annan er den tre år yngre bror til Elias Blix, Ole Pareli(us) Pedersen. Han gjekk den vegen som låg nærast i lokalsamfunnet og vart ein (så vidt eg kan sjå) vellukka fiskarbonde på garden Ravik i Gildeskål. Eg har etter kvart funne noko materiale om han, så det skulle vere mogleg å flette inn veslebroren si historie som ein slags "parallellbiografi" på nokre stader i hovudforteljinga.

Det andre grepet er å lage små sosialhistoriske ekskurs på einskilde punkt i forteljinga. Eg har alt teke for meg dei som gjekk på lærarseminaret i Tromsø i åra 1853-1855 saman med Elias Blix. Eit oversyn over karrierene deira er samtidig ein katalog over kva Elias Blix kunne ha blitt. Eg arbeider med ein liknande database over artiumskullet frå 1860. Det er mogleg å gjere noko liknande med teologane som tok embetseksamen i 1865, og kan hende til og med med konfirmantkullet frå Gildeskål frå 1851. Men det siste blir vel for tidkrevjande, er eg redd.
# lagt inn 26.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Gløymd grunnvoll 



Og her kjem nokre bilete frå stadene der farsslekta til Elias Blix kom frå, i Beiarn.
# lagt inn 26.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.9.04

Der eg stima som gut 


Det er på tide du får sjå nokre bilete frå turen min i månadsskiftet juli-august til Elias Blix sine heimtrakter.
# lagt inn 25.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.9.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 8,39-47
39 Dei svarade og sagde til honom: "Vaar Fader er Abraham". Jesus sagde til deim: "Dersom de var Abrahams Born, so gjorde de Abrahams Gjerningar.
40 Men no søkja de aa slaa meg i Hel, ei Menneskja, som heve sagt dykker Sanningi, som eg heve høyrt av Gud; dette hadde ikkje Abraham gjort.
41 De gjera dykkar Faders Gjerningar". Dei sagde daa til honom: "Me ero ikkje avlade i Hor; ein Fader hava me, det er Gud":
42 Jesus sagde daa til deim: "Dersom Gud var dykkar Fader, so elskade de meg; for eg er utgjengen og komen fraa Gud; for eg er ikkje komen av meg sjølv, men han heve sendt meg.
43 Kvifyre skyna de ikkje min Tale? Fyre di de ikkje kunna høyra mitt Ord.
44 Men de hava Djevelen til Fader, og de vilja gjera dykkar Faders Lyster. Han var ein Manndraapar fraa Upphavet, og han stend ikkje i Sanningi; for det er ikkje Sanning i honom; naar han talar Lygn, so talar han av sitt eiget; for han er ein Ljugar og Faderen til Lygni.
45 Men avdi eg segjer Sanningi, tru de meg ikkje.
46 Kven av dykker kann yvertyda meg um nokor Synd? Men segjer eg Sanning, kvi tru de meg ikkje daa?
47 Den, som er av Gud, høyrer Guds Ord; difyre høyra ikkje de, fyre di de ikkje ero av Gud".
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Den kyrkjelege utgåva av Johannesevangeliet er i praksis ei samling fyndord og "mannakorn", meir eller mindre lausrivne frå samanhengen sin - til dømes den "vesle bibelen". Når ein vert tvinga til langsam lesing (og skriving) av den samanhengande teksten, kan ein forstå det. Her er mange "hard sayings", som den ovanfor. Kristne teologar prøver i det lengste å verne evangelistane mot skuldingar om antisemittisme. Men eg må seie at eg synest Johannes kjem farleg nær i ein del av desse framstillingane av "Jødarne".

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 24.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.9.04

124 år 

I dag er det fødselsdagen til Einar Blix (1880-1941), den mellomste av dei sju Blix-barna som levde opp.

Einar fekk polio som liten, og han var heile livet merka av det. Mellom Blix-barna var han den som i høgast grad slutta opp om faren sitt standpunkt i målspørsmål. Han var til dømes mellom stiftarane av Studentmållaget.

Frå ungdommen fortel den legendariske Dagbladet-redaktøren Einar Skavlan:
[Ragnvald] Blix's far, professor Elias Blix, bodde på hjørnet av Holtegaten og Briskebyveien, i samme leilighet som professor Francis Bull nå har. [Ragnvald] Blix hadde værelse sammen med sin litt eldre bror Einar, som gikk i parallellklassen [på Otto Anderssens skole]. Og på dette værelset møttes en 5-6 gutter fra klassen nesten hver eneste ettermiddag i lang tid. Hvordan Blixene skulle få tid til å lese lekser var ufattelig. Ragnvald fløt iallfall på sitt lette hode. Her ble diskutert og politisert og ledd av alt og alle. Vi var venstremenn alle sammen.
("Fra guttedagene," i Blix: En kavalkade gjennom 50 år. Utgitt til Ragnvald Blix' 70 års dag 12. september 1952, Oslo: Dreyer
Av utdanning var Einar Blix jurist, han vart byråsjef i Rikstrygdeverket.
# lagt inn 23.9.04 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 8,12
Daa talade Jesus atter til deim og sagde: "Eg er Ljoset til Verdi; den, som fylgjer meg, skal ikkje ganga i Myrkret, men hava Livsens Ljos".
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 23.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.9.04

Meir fotBaal 

Torrey Seland melder: "Fotba'al-dyrkinga går vidare. Kva trur du Blix ville ha sagt til dette?"

Ikkje veit eg. Men eg får ei ny stadfesting på den religionshistoriske teorien min.
# lagt inn 22.9.04 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Fødsel og fiske 

Ekteparet Peder Christophersen (1804-1839) og Margrethe Christopherdatter (1808-1857) fekk tre søner: Alle tre vart heimedøypte. Det er tydeleg at heimedåp var vanleg i Gildeskål på denne tida. Eg har tenkt meg at det var vanskeleg å fare i båt til kyrkje med spebarn vinters dag, og at dette var hovudgrunnen til praksis med tidleg heimedåp og stadfesting i kyrkja nokre månader seinare.

Men det slo meg her om dagen at det kan vere ein annan faktor med i biletet. Etterjulsvinteren er tida for lofotfisket, eit av dei viktigaste elementa i næringsgrunnlaget for fiskarbøndene langs kysten av Nord-Noreg. Alle desse tre gutane var fødde i lofotsesongen.

Eg veit for lite både om fødselens og fiskerias kulturhistorie, så om nokon har kommentarar er eg takksam. Men det er vel ikkje usannsynleg at Peder Christophersen var borte på fiske da sønene hans vart fødde - kvar gong? Kan hende såg han aldri den førstefødde sonen? Hushaldet hadde vel neppe økonomi til at far kunne halde seg heime frå sesongfisket, sjølv med høggravid kone og traumatisk forhistorie?

Det er berre for Elias Blix at eg veit dato for stadfestinga, den fann stad etter påske, i slutten av april. Fordi lofotsesongen var over og far hadde nådd heim? Er dette ein rimeleg rekonstruksjon?
# lagt inn 22.9.04 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 8,3-11
3 Men dei skriftlærde og Farisæararne førde til honom ei Kvinna, som var gripi i Hor, og stelte henne fram
4 og sagde til honom: "Meister, denne Kvinna er gripi paa fersk Gjerning i Hor.
5 Men Moses baud oss i Logi, at slike skulo verta steinade; kvat segjer no du?"
6 Men dette sagde dei til aa freista honom, at dei kunde hava nokot aa klaga honom fyre. Men Jesus bøygde seg ned og skreiv med Fingren paa Jordi.
7 Men daa dei heldt ved aa spyrja honom, rette han seg upp og sagde til deim: "Den av dykker, som er syndefri, han kaste Steinen fyrst paa henne!"
8 Og han bøygde seg atter ned og skreiv paa Jordi.
9 Men daa dei høyrde det og kjende seg sakade av Samvitet, tok dei til aa ganga, den eine etter den andre, fraa dei eldste lika til dei sidste; og Jesus vart laten aaleine og Kvinna standande der framme.
10 Men daa Jesus rette seg upp og saag ingen utan Kvinna, sagde han til henne: "Kvinna, kvar ero dine Klagarar? Heve ingen fordømt deg?"
11 Men ho sagde: "Nei, Herre, ingen". Men Jesus sagde til henne: "Eg fordømer deg helder ikkje. Gakk, og synde ikkje meir!"
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Det er fleire interessante ting ved teksttradisjonen bak denne kjende forteljinga. Som den nyaste norske kyrkjebibelen gjer merksam på: "7,53-8,11 vantar i dei eldste handskriftene. Ei gamal overlevering utanom Johannes-evangeliet ligg truleg til grunn for dette stykket." Ein teori går ut på at stykket eigentleg skulle vore med i eit av dei tre første evangelia (språk og stil liknar i grunnen meir på dei enn på Johannes), men at innhaldet vart for radikalt. Det skulle vere forklåringa på at det først kom med i siste redaksjon, som tillegg til det yngste evangeliet i nytestamentet.

Men det har vore fortalt vidare på forteljinga. Setninga "og kjende seg sakade av Samvitet" i vers 9 er tydeleg eit seinare tillegg. Det førekjem rett nok i mange greske manuskript, men først i slike som er av sein dato.

Moderne tekstkritisk (det vil seie edisjonsfilologisk) arbeid med Det nye testamentet var kome i gang før Blix og komiteen sette skriftene om til landsmål, men omsetjarane har følgt den kyrkjelege tradisjonelle greske teksten (textus receptus) utan omsyn til nyare forskingsresultat. På denne og mange andre måtar held den første landsmålsomsetjinga ein konservativ profil. Ikkje minst Blix sjølv la vinn på å unngå støytesteinar som kunne skape hindringar for målsaka.

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 22.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.9.04

Modersmaalet 

"Maal med Malm og Tone full / Av vaar Mor me lærde," song Elias Blix på sine eldre dagar ("Modersmaalet"). Men korleis var no eigentleg malmen og tonen i det målet han lærte å snakke på?

Vi har ikkje samtidige kjelder som kan fortelje oss det. Rett nok, det første storstilte forsøket på å beskrive norske dialektar var i gang: På 1840-talet, medan Elias Blix Pedersen enno var gutunge, reiste Ivar Aasen landet rundt for å utføre "Undersøgelse og lexikalsk samt grammatikalsk Bearbeidelse af de norske Dialekter." Sommaren og hausten 1846 gjorde Aasen to turar til Nordland. Men han reiste ikkje lenger nord enn til Rana, så i tittelen på rapporten sin, "Oplysninger om Almuesproget i Nordlandene," har han ganske riktig lagt til: "fornemmelig Helgeland". Dette materialet er grunnlaget for den kortfatta analysen av den "nordlandske" forgreininga av den "nordenfjeldske Sprogart" i Det norske Folkesprogs Grammatik (1848). Aasen legg her til: "Denne Forgrening omfatter ... adskillige Underarter eller Dialekter; men disse ere ikke tilstrækkelig undersøgte, og deres Forskjel skal heller ikke være meget betydelig." I 1851 reiste Aasen heilt til Tromsø. På denne reisa var han fleire dagar i Lofoten, men Salten reiste han forbi, jfr. Brev og dagbøker 3.177-178. I framstillinga i Norsk Grammatik (1864) viser Aasen likevel, rett nok sers kortfatta, at han er merksam på nokre sermerke ved Salten-målet.

Det er vel lov å tenkje seg at Salten-målet har vore relativt stabilt. Dialekten er, som Aasen er inne på, ein typisk nordleg dialekt. Men så vidt eg kan forstå må Salten-målet (ved sida av nokre trønderdialektar) vere mellom dei mest effektive i landet. Her kastar ein ikkje bort tid på overflødige stavingar, saltværingane må ha noko bortimot norsk rekord når det gjeld apokope, bortfall av endingar, til dømes i infinitiv av verbet og i eintal av ein del substantiv.

Poenget med desse funderingane er vel helst å spørje om det er nokre norskfilologar der ute som har ein god referanse å foreslå til Salten-målet spesielt eller (nord)norsk dialektgeografi og -historie generelt?

Ja, eg må hugse å nemne denne artikkelen (av Ludvig Kvandal) frå vevstaden til Salten Mållag.
# lagt inn 21.9.04 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 7,40-43
40 Daa no mange av Folket høyrde den Tale, sagde dei: "Dette er i Sanning Profeten". Andre sagde: "Det er Kristus".
41 Men andre sagde: "Skulde daa Kristus koma fraa Galilæa?
42 Segjer ikkje Skrifti, at Kristus kjem av Davids Ætt og fraa Betlehem, den Byen, der David var?"
43 Daa vart det Tvidrag imillom Folket fyre hans Skuld.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Ord for dagen:
Tvidrag, n. Tvedragt (= Tvidrætte); egentl. Dragning til to Sider. Sdm.
(Ivar Aasen, Norsk Ordbog, 1873)
Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Fredagens Blix.
# lagt inn 21.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.9.04

Nielsen 

Eg tek med eit tips til, av same type, som eg har gløymt å nemne. I januar gjorde eg eit forsøk på å finne ut noko om Tromsø-ferda til Ivar Aasen i 1851. Poenget var å finne eventuelle landsmålssympatisørar i byen som kunne hatt noko å seie for Elias Blix si "omvending" til målet seinare på 1850-talet.

Ein av personane Aasen hadde kontakt med i Tromsø var ein "Nielsen". Eg kommenterte at "Å identifisere ein Nielsen er som å finne nåla i høystakken." Men tidleg i august skreiv Lisa Morken:
Kanskje jeg kan være behjelpelig med å finne nåla i høystakken:
En av Niels Peter Trosdals døtre, Elisabeth Fredrikke Trosdal f. 1815, ble viet den 25/9-1843 til Nils Johan Nielsen f. 1814 i Lurø, Nordland.
Han var fogd i Tromsø.

Vet ikke om dette er den riktige Nielsen, men det kan jo være en mulighet.
Det trur eg òg, og eg seier så mange takk for tipset.
# lagt inn 18.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Cathinka 

Faste gjester på BlixBlog (takk, mor) vil kan hende hugse at eg i sommar prøvde å kartleggje omgangskrinsen til Emma og Elias Blix i Leipzig gjennom året 1871-1872. Eg kom eit stykke, eg fann eit par jamaldringar av Emma som studerte ved musikkonservatoriet i byen, Johanne Rytterager og Sophie Cathinka Jacobsen. Om Johanne fann eg ein god del opplysningar, men forsøket på å identifisere Cathinka måtte eg gje opp. Synd, for ho var nok den næraste venninna til Emma, til og med fadder for eldstebarnet, Hans Peter Blix.

I denne veka har eg hatt ei sers interessant utveksling av informasjon med Leif Kåre Solberg. Han har greidd det! Han skriv:
Hun må være den Sofie Kathinka Jakobsen, født 23. April 1849 i Christiania, datter av Ole Jakobsen, som 1. november 1879 giftet seg med papirhandler Rikard Andvord på Stortorvet. I 1900 var paret standsmessig bosatt i Homansbyen (Riddervolds Gade 3) og hadde tre barn.
Dessutan er han svært godt kjent med familien Rytterager. Til dette har eg to kommentarar, 1) ein stor takk til Solberg, og 2) ein tanke om internett som effektivt medium for utveksling av informasjon - til dels på heilt overraskande måtar.
# lagt inn 18.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.9.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 7,37-39
37 Men paa den sidste, den store Dagen i Høgtidi, stod Jesus og ropade og sagde: "Um nokon er tyrst, so kome han til meg og drikke!
38 Den, som trur paa meg, av hans Liv skal der, som Skrifti segjer, renna Elvar med livande Vatn."
39 Men dette sagde han um Anden, som dei skulo faa, som tru paa honom; for den heilage Ande var endaa ikkje, avdi Jesus var endaa ikkje herleggjord.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Ei salmestrofe til denne teksten, frå dåpssalmen "Anden yver Vatnom sveiv" (1883):
Anden gjenom Vatnet enn / Liv i Verdi føder.
Enno Livsens Kjelda renn, / Andens Gneiste gløder.
Naar me døypa vaare Smaa, / Livsens Broddar renna,
Herrens Røyst me høyra faa, / Andens Krafter kjenna.

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Onsdagens Blix.

# lagt inn 17.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.9.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 7,24
24 Døme ikkje etter Synet, men døme den rettferdige Domen!
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 15.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.9.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 6,66-69
66 Fraa den Tid drog mange av hans Læresveinar seg tilbaka og gjekk ikkje meir umkring med honom.
67 Jesus sagde daa til dei tolv: "Vilja daa de og ganga burt?"
68 Daa svarade Simon Petrus honom: "Herre, kven skulo me ganga til? Du heve det ævelege Guds Ord!
69 Og me hava trutt og sannkjent, at du er Kristus, den livande Guds Son."
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Jamfør førstelina "Seg, kvar skulde me vel ganga / Utan Jesus her paa Jord". Resten av den salmen ligg elles nærare Matteus 11,28-30.

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 14.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.9.04

Jakob Sande 

Men det gildaste ved Dag og Tid 37 var no likevel vedlegget, den nye diktaravisa om Jakob Sande. Sande fekk sjølvsagt fortent merksemd på seminaret "Spott og salmar" i Ivar Aasen-tunet i fjor, og det var fint å sjå han att her. Eg gler meg over mykje, sjølv om eg saknar min personlege Sande-favoritt: Den apokalyptiske (og/eller mystiske), ekstatiske teksten "Då Gud heldt fest i Fjaler", der det bibelske universet og den nære naturen går opp i ein høgare einskap som brått gjer kvardagslivet gjennomskinleg, transparent, og uendeleg verdfullt. Det er den same opplevinga eg har med dei beste Blix-salmane -- trur eg (for no å seie det med Jakob S.).

Eit høgdepunkt er Olaug Nilssen si lesing av pasjonssalmen "Du som låg i natti seine" - i rommet mellom "Etter ein rangel" og Johannesevangeliet - som "tvilserklæring". Ho vert litt forsiktig mot slutten, trekkjer seg nesten i nedslaget, men avsluttar støtt:
Men på same måte som eg-et i "Etter ein rangel" fråskriv seg ansvaret for sine eigne ytringar med å avslutte alle saman med "trur eg", fråskriv eg-et i "natti seine" seg ansvaret for å bli frelst. Eller sagt på ein annan måte: Eg-et legg det i herrens hender, men berre viss dei verkeleg har hol tvers igjennom.
Ein slik lesar burde inviterast til å førelese for teologiske studentar. Det er vel ikkje så realistisk, kan hende ville både ho og dei synest det blei for skummelt. Men det er eit perspektiv her som eg skulle ønskje dei fekk innsyn i. Ja, dei kan jo lese Dag og Tid, sjølvsagt.

# lagt inn 13.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Biografidebatt att 

Famleis i siste Dag og Tid: Atle Christiansen tek til motmæle mot Bente Riise og Ole Karlsen, som har teke til motmæle "meir og mindre skjult mot mi bokmelding av Hauge-biografien til Knut Olav Åmås" (sjølv las eg i det minste Bente Riise som eit innlegg i den større debatten om biografien og denne konkrete boka, med ei langt vidare adresse enn til C., men det kan vere det same). Eg kan ikkje sjå at det kjem fram noko nytt, og eg har heller ikkje noko å tilføye. Debatten har no nådd nivået "Bente Riise sutrar over at kritikken furtar," og da er det kan hende på tide å avrunde?
# lagt inn 13.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 6,48-51
48 Eg er livsens Braud.
49 Federne dykkar aat Manna i Øydemark og døydde.
50 Dette er det Braudet, som stig ned fraa Himmelen, at ein skal eta av det og ikkje døy.
51 Eg er det livande Braud, som er nedstigen fraa Himmelen; um nokon et av dette Braud, han skal liva i all Æva; og det Braud, som eg vil giva, er mitt Kjøt, som eg vil giva fyre Liv aat Verdi".
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Det har vore lite salmar på BlixBlog i det siste. Men eg insisterer framleis på vekselverknaden mellom bibelspråk og salmespråk hos Elias Blix. "I øydemark forutan Braud" er ein av dei salmane som var nye i 1891-utgåva av Nokre Salmar. Eg siterer dei tre siste versa, som døme på simultanarbeidet til Blix med bibelomsetjing og salmedikting:
Som Manna fyrr i Øydeland / Du Himmelbraud oss giva kann:
Du Livsens Føda lagar.
Naar Hjartat lid av Hunger hardt, / Og Verdi ligg som Øyda svart,
Du som i gamle Dagar / Gjer Øydor til Guds Hagar.

Du er det sanne Manna, som / Med Liv i Øydelandet kom,
Det Land, som Dauden snøydde:
Aa giv oss Tru, so Liv me faa / Og ikkje Fedrom likjast maa,
Som Manna aat og døydde, / Daa ut deim Vantru øydde.

Ja framfyr alt den Mat oss giv, / Som varer til eit evigt Liv,
Lat Livsens Kjelda fløda!
Du Jesus Krist, vaart Himmelbraud, / Som metta kann til Liv ein daud,
Guds Rikes gode Grøda: / Aa giv oss denne Føda!
(E. Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891) nr. 53
Ein kan ikkje skulde (eventuelt heidre) Blix for å vere udogmatisk. I ei tid da den tradisjonelle nattverdteologien var ein intellektuell støytestein (vel, det har den vore heilt frå evangelisten Johannes' dagar; Jesus-ordet om å "eta Kjøtet til Menneskjesonen og drikka Blodet hans" [6,53] høyrest rimeleg krasst ut alt i evangeliet) gjev han utan problematisering att dei tradisjonelle dogmatiske vendingane. Men den personlege signaturen er òg med, eg tenkjer ikkje minst på lina "Gjer Øydor til Guds Hagar". Blix sit, som vanleg, i Edens hage og skriv.

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Fredagens Blix.

# lagt inn 13.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.9.04

Han 

Mykje interessant i siste Dag og Tid. Mellom anna har Tiril Rem, for tida busett i Finnmark, ei lita "Nordliste" på "Innsida" si - altså ei ordliste "for dei som kjenner seg kalla til det høge nord, eller berre ynskjer å setje seg inn i den lokale dialekten". Mykje nyttig her, men slike ordlistedefinisjonar kan lett bli for snaue. Når ho til dømes skriv
"Han": Ikkje "den rette", men vêret: Han er fin i dag.
er det naudsynt med ei lang presisering. Følgjande er henta frå Edmund Edvardsen, Den gjenstridige allmue: Skole og levebrød i et nordnorsk kystsamfunn ca. 1850-1900:
"Bar han imot", sa fiskeren om (mot-)strømmen, "bar det så og sei ikkje fram."

Denne kategorien "Han" (og "Det") som fiskere i sine beretninger seg imellom stadig refererer til, hva står den for - og hva kan vi forstå med den, i denne analysen?

Snart heter det "Han" om havet: "Han va grov sjø", "Han va svart hav." Snart heter det "Han" om fisken: "Han va ful i dag", "Han va som besett å ta i", "Men plutselig va han borte." Snart heter det "Han" om vind og vær: "Han va stygg", "Han va fin". Snart heter det "Han" om igår, og om imorgen: "Kor det går?" Snart yter "Han" motstand, snart hjelper "Han" til.

Med andre ord: i "Han" ligger overraskelsen. Men "Han" legger også anledninger tilrette. Menneskets innsats består i å finne ut av "Han" og "Det". Både gjensyn og gangsyn står i gjeld til "Han". Levebrød er i siste omgang utkomme av samspillet med "Han". Det rette øyeblikk er nettopp øyeblikket hvor "Han" og fiskeren begge viser seg fra sin beste side: "Han" kommer min tilegnelse imøte.

Om "Han" utlegges som Vårherre, Naturen eller Skjebnen osv. er et spørsmål av mindre interesse her. Der skolen og presten ville snakke om Vårherre, ville kanskje ateisten snakke om naturen. I denne analysen er "Han" mangelen på instinkt eller tilstedeværelsen av bevissthet: Når kystboeren (når mennesket) ikke sitter inne med instinktets bevisstløse ordninger, må han skaffe seg sine egne. "Han" blir fiskerens frihet, forutsetningen for varigheten og for nødvendigheten av overveielse. Og kulturen blir det alternative "instinkt" som modifiseres underveis.
Sidan eg er teolog, og det er sundag, skulle eg kan hende kjent meg kalla til å etablere ein preikestol her. Men eg let det vere, eg skal heller anbefale (eg veit det er eit dårleg nynorskord, men gje meg eit betre) boka til Edvardsen - noko så uvanleg som ei pedagogisk avhandling med kultstatus.
# lagt inn 12.9.04 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Faglitteratur 

Denne helga er eg i Uranienborgveien 2 att. Det er oppstartsamling på den siste modulen i det faglitterære forfattarstudiet. Tema for undervisninga denne gongen er kjeldekritikk, nyttig for oss som på ein eller annan måte driv med historiske prosjekt. Men det finaste er framleis gruppearbeidet over eigne tekstar. Eg skal vere i ei gruppe der dei fleste arbeider med prosjekt som på ein eller annan måte har biografisk karakter. Her er journalistane Kjell og Bjarne (nei, Kjell Bjarne er ein annan), naturvitaren Norunn, den landbruksfaglege omsetjaren Karl, og den gode hjelparen vår, Solveig Aareskjold. Vi kjenner henne litt frå før, kvarandre kjenner vi etter kvart godt. Skåret i gleda: Pedagogen Kristine hadde ikkje høve til å vere med denne gongen. Eg skulle så gjerne hatt hennar samiske perspektiv på materialet eg arbeider med.
# lagt inn 12.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.9.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 6,35
Men Jesus sagde til deim: "Eg er Livsens Braud; den som kjem til meg, skal visst ikkje verta hungrig, og den, som trur paa meg, skal aldri verta tyrst.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Får du bokmålsteksten? Trikset er framleis: Gå inn på Bibelen.no og vel "Nynorsk" i venstremenyen).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 10.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.9.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 6,27
Verke ikkje fyre den Maten, som forgjengst, men fyre den Maten, som varar til ævelegt Liv, den, som Menneskjesonen skal giva dykker; for honom heve Faderen, Gud, innsiglat".
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 9.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.9.04

Beiarn 

Avisa Nordland har eit stort og fortent oppslag med lokalhistorikaren Øystein Ringaker. Det er han som, personleg og gjennom det han har skrive, har vore min vegvisar til Beiarn, der farsslekta til Elias Blix kom frå.

Les meir.
# lagt inn 8.9.04 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Prosalong 

I kveld har eg vore i sakprosaborga Uranienborgveien 2. Kveldens "Prosalong" hadde Knut Olav Åmås som gjest og "Å skriva om eit litterært liv: Biografien om Olav H. Hauge" som tema. Godt frammøte og interessant samtale. Eg har alt referert ein del av kva Åmås har sagt om emnet i andre samanhengar. Sidan eg ikkje les Dagbladet (så fekk eg nemnt det òg), har eg heller ikkje fått med meg kronikken hans 1. september, "10 punkt om biografien." Eit fint samandrag av det avsluttande teoretiske kapitlet i Mitt liv var draum, med noko ekstra krydder, til dømes dette:
8. ETIKK OG GRENSESETJING: Når skal ein stoppa, kor ein skal setja grenser for kva ein skriv om? Biografidebattar i Norge forfell påfallande ofte til moraldebattar om at grenser er overskridne. Det gjeld ofte naturlege, menneskelege tema som sjukdom og kjærleik. Dette er ikkje ordskifte som blir starta av lesarane, men av journalistar utan fantasi til å finna meir sentrale problemstillingar. Dei er òg ein avleiingsmanøver for å sleppa å diskutera det verkelege problemet: den ekstreme og banaliserande intimiseringa i den kulørte vekepressa og dagspressa.

Det blir sjeldan gjort etiske overtramp i norske biografiar. Interessa for det private i biografiar, utøvd ansvarleg og med dømekraft og grensesetjing, har ingenting med intimitetstyranni å gjera. Ein biografi dreier seg om det heile mennesket og det heilskaplege tilværet og livsløpet, og då er det ikkje berre offentlege handlingar som er relevante. Kva slags historie vil det vera å lesa om 100 år dersom alt som er privat, er tabu? Vi ville få ein mager og merkeleg menneskevitskap dersom vi berre skulle skriva om idear og institusjonar.
Les meir.
# lagt inn 8.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 6,16-21
16 Men daa det vart Kveld, gjekk hans Læresveinar ned til Sjøen.
17 Og dei steig inn i Baaten og for yver Sjøen til Kapernaum; og det hadde alt vortet myrkt, og Jesus var ikkje komen til deim.
18 Og daa det bles ein sterk Vind, gjekk Sjøen høgt.
19 Daa dei so hadde rott ei fem og tjuge elder tretti Stadier, saag dei Jesus gangande paa Sjøen og komande nær Baaten; og dei vart rædde.
20 Men han sagde til deim: "Det er eg, vere ikkje rædde!"
21 Dei vilde daa taka honom inn i Baaten; og strakst kom Baaten til Landet, som dei skulde til.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Måndagens Blix.
# lagt inn 8.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Meir Sivle 

i samband med minnehøgtida:
# lagt inn 8.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Sigurd Ibsen 

kronikkplass i Aftenposten i går presenterte Rune Slagstad biografien om Sigurd Ibsen, skriven av Lars Roar Langslet. Sigurd Ibsen var son til Henrik Ibsen og gift med Bergljot Bjørnson, ikkje det lettaste utgangspunktet. Han spela ei viktig rolle i norsk-svenske relasjonar kring unionsoppløysinga, men det er framfor alt sosiologen Ibsen kronikken fokuserer på.

Og no kjem Blix inn i biletet (du har venta på det, har du ikkje?):
I 1895 hadde en gruppe kulturpersonligheter foreslått at det burde opprettes et ekstraordinært professorat i sosiologi ved Universitetet for Sigurd Ibsen. Bak sto Ibsens redaksjonskolleger i Nyt Tidsskrift: Ernst Sars, Christen Collin og Arne Løchen, tiltrådt av Elias Blix, Moltke Moe, Erik Werenskiold m.fl.
Lang historie i kortform: Etter mykje om og men vart resultatet negativt: Null professorat i sosiologi i Noreg. Ikkje før i 1949.

Ein mellometappe: I eit brev frå Henrik til Suzannah Ibsen, datert Kristiania 13.07.1897, heiter det mellom anna:
Stemningen er i vide kreds stærkt indigneret over komitéens udtalelse til departementet. Professor Blix kom til mig og talte om sagen, kaldte det "skandale" og "dumheder" og betrodde mig at han og flere andre vilde gribe ind i fællesskab forinden sagen kommer for i stortinget.
Kva er rolla til eks-statsråd Elias Blix? Offentleg gallionsfigur? Eg trur han spela ei viktigare rolle som kulturpolitisk "bakmann" og nettverksbyggjar på 1890-talet enn dei fleste har vore merksame på.

Men det hjelpte ikkje Sigurd Ibsen.
# lagt inn 8.9.04 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.9.04

Poetokratiet 

Før eg sluttar, må eg hugse å nemne Espen Søbyes breiside mot andreutgåva av Norsk Biografisk Leksikon i det nye heftet av Samtiden. Klassekampen følgjer opp:
– «Norsk biografisk leksikon» er et makkverk som dessverre vil bli stående i over 50 år, mener Espen Søbye. Han mener et arbeid preget av vennetjenester mellom Kunnskapsforlaget og Fritt Ord har skylda.
---
– Hva er gått galt?

– For det første: Se på utvalget! En tredel av de biograferte tilhører litteratur- og kunstfeltet, noe som er en voldsom overrepresentasjon i forhold til hvor mye de faktisk har vært med på å prege samfunnet. Personligheter fra vitenskap, politikk, næringsliv og byråkrati burde vært løftet fram i langt større grad. Toneangivende folk er ganske enkelt ikke med. Dette er å gjeninnføre poetokratiet når det motsatte burde vært gjort, sier Søbye.
Les meir.

For ordens skuld: Erik Rudeng har slått kraftig tilbake på vegner av Fritt Ord. Og både Espen Søbye (Käthe: Alltid vært i Norge) og eg har note godt av stønad frå Fritt Ord.
# lagt inn 6.9.04 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Per Sivle 

In memoriam: I dag er det altså hundre år sidan Per Sivle ikkje orka å leve meir. Det har visst vore eit innslag på Dagsrevyen, det fekk eg ikkje sett.

Eg hadde tenkt å skrive eit par ord om tilhøvet mellom Per Sivle og Elias Blix, som bidrag til minnehøgtida. Det får eg ha til gode. Kan hende ville det ikkje høve så godt heller, for det var slett ikkje noko ukomplisert forhold. Politisk vart dei usamde på slutten av 1880-talet. Blix braut med Johan Sverdrup, medan Sivle vart verande lojal Sverdrup-tilhengar. Men det kom seg etter kvart; noko av det siste Elias Blix fekk gjort her i livet, var å skrive under på ei oppmoding Anders Hovden hadde formulert om å forlengje Sivle sitt statlege kunstnarstipend - utan at det hjelpte.

Ja, soga om nynorsk skriftkultur har sine komediar (i den klassiske meininga: Drama med "happy end") og tragediar, med dertil høyrande heltar, der Elias Blix og Per Sivle gjerne får representere kvar sin type. Er det på tide å frigjere seg frå desse stereotypiane, tru? Eller kan dei framleis gje ei fruktbar tolkingsramme for desse to liva?
# lagt inn 6.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Biografidebatt 

Det kjem ein "biografidebatt" kvar bokhaust, ser det ut til. I fjor var det Ingar Sletten Kolloens Hamsun-biografi (det kjem meir) som stod i sentrum, i år er det Knut Olav Åmås' Mitt liv var draum (om Olav H. Hauge) og Jørgen Sandemoses fadermord Flyktningen (om Aksel Sandemose). Den siste har eg funne ut at eg slepp å lese. Men Åmås er eg godt i gang med. Og eg les med stor sympati, eg liker Åmås' grunnsyn på oppgåva si og måten han gjennomfører den på. No har ikkje eg lese dagbøkene til Olav H. Hauge; eg ser at nokre av dei som har, synest det blir for mykje reproduksjon av kjelder dei kjenner. Inntrykket mitt er vel nærare det som Bente Riise gjev uttrykk for i Dag og Tid denne veka:
Mitt liv var draum er kanskje ein av dei minst påståelege biografiane som har kome ut på lenge her til lands. Og kvifor ikkje?
---
Åmas legg ut kjeldene slik at alle kan sjå kvar informasjonen er henta frå, og kjeldene kan ettergåast av den som vil, slik ein forskar gjer det. Han har òg valt ei nøktern forteljarstemme, og bruker nesten aldri ord som årsak eller forklaring. Han legg fram, drøftar og peiker på ulike måtar å sjå hendingar og samanhengar på. Han tviler, spør, er open for ulike forklaringar. Han er audmjuk for at han ikkje kan vite kva som er sant. Han kan ikkje vite sikkert kva for forhold og samanhengar som var avgjerande for at det eine eller andre skjedde eller vart som det vart. Dette synest eg er svært sympatisk og etterretteleg gjort. Det er nesten freistande å seie at dette er meir jentemåten, men det blir vel oppfatta som flåsete. Det er vel betre å seie at denne metoden står i ein solid akademisk tradisjon. Det høyrest nok betre ut. Etter mitt syn står denne biografien langt frå ein macho-tradisjon med bombastiske påstandar om samanhengar mellom liv og dikting, mellom personlegdom og politikk, og mykje, mykje anna. Ei såpass drøftande og lang framstilling som dette er, viser også at ein tek på alvor at store delar av det lesande norske folket har høgare utdanning, som ein kommenterte boka.
OK, Bente Riise (og eg) slukar programmet til Åmås rått. Sjølvsagt kan han kritiserast på sine eigne premissar. Det er dei som har prøvd det òg, som eg har nemnt tidlegare.

Eg lærer mykje av Åmås. Men den viktigaste referansen for mitt personlege prosjekt er nok framleis Berge Furres Soga om Lars Oftedal (1990).
# lagt inn 6.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 6,5-13
5 Daa no Jesus lyfte upp Augo og saag, at der kom myket Folk til honom, sagde han til Filippus: "Kvar skulo me kaupa Braud, so desse kunna faa eta?"
6 (Men dette sagde han til aa prøva honom; for sjølv visste han, kvat han vilde gjera).
7 Filippus svarade honom: "Braud fyre tvo hundrad Peningar er ikkje nog aat deim, so at kvar ein av deim kann faa litet Grand".
8 Ein av hans Læresveinar, Andreas, Broder til Simon Petrus, sagde til honom:
9 "Her er ein Smaagut, som heve fem Byggbraud og tvo smaae Fiskar; - men kvat er dette aat saa mange?"
10 Men Jesus sagde: "Faa Folket til aa setja seg". Men det var myket Gras paa den Staden. So sette daa Mennerne seg ned, umkring fem tusund i Talet.
11 Men Jesus tok Braudi og takkade og skifte ut til Læresveinarne; men Læresveinarne til deim, som sat der, likeins og av dei smaae Fiskom, so myket dei vilde.
12 Men daa dei var mette, sagde han til sine Læresveinar: "Sanke upp dei Smular, som ero leivde, so ikkje nokot vert spillt!"
13 Dei sankade daa upp og fyllte tolv Korger med Smular, som var leivde av dei fem Byggbraud, etter deim, som hadde etet.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Fredagens Blix.

# lagt inn 6.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.9.04

KRL 

Vårt Land hadde 02.09.2004 ein større presentasjon av arbeidet til Sidsel Lied, som eg nemnte før helga:
På basis av dybdeanalyser av fire elevers KRL-besvarelser gjennom halvannet år, mener Lied å kunne fastslå at faget der ulike livssyn får framstå i likeverdig dialog, ikke truer livssynsidentiteten som elevene har med seg hjemmefra. Tvert imot konkluderer hun i sin analyse med at ungdom står trygt plantet i sin egen hverdags-virkelighet når de møter fortellinger fra andre livssynstradisjoner enn den de selv er oppdratt i, og at denne forankringen gjør møtet stimulerende snarere enn forvirrende.
---
– Det er tydelig at primærsosialiseringen er sterk. Familien er et filter og skaper tolkningsrammene for stoffet eleven møter i KRL-timene, sier Lied som mener hennes funn er relevant i møte med protester mot KRL-faget, for eksempel fra muslimske foreldre som i sin tid gikk til søksmål for å hindre at barna måtte delta i det de så som et skadelig, pluralistisk undervisningsopplegg.
– Møtet med fortellinger fra andre livssynstradisjoner skaper respekt og toleranse hos elevene, men ingenting skaper entusiasme og engasjement som fortellinger fra egen tradisjon, sier Lied.
Solskinshistorie om KRL-faget, altså. Her er nok eit og anna å diskutere. Primærmaterialet for avhandlinga er kvalitative analysar av elevtekstar frå berre fire elevar. Det kan vel vere bruk for fleire stemmer i koret. Men det er blitt ein svært interessant rapport frå klasserommet, sjølv om eg har ei kjensle av at Sidsel har vore fluge på veggen i rom hos meir enn vanleg reflekterte lærarar.

Les meir.
# lagt inn 3.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 5,36
36 Men eg heve dei Vitnemaal, som er større enn Johannes'; for dei Gjerningar, som Faderen heve gjevet meg, at eg skal fullføra deim, sjølve dei Gjerningar, som eg gjerer, vitna um meg, at Faderen heve sendt meg.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Fått med poenget no? Noko omstendeleg, denne Johannes. Og svært tru mot grunnteksten, denne Blix.

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Onsdagens Blix.
# lagt inn 3.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.9.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 5,19-27
19 Jesus svarade daa og sagde til deim: "Sannelege, sannelege segjer eg dykker: Sonen kann ingen Ting gjera av seg sjølv, utan det, som han ser Faderen gjera; for dei Ting, som han gjerer, dei same gjerer og Sonen lika eins;
20 for Faderen elskar Sonen og syner honom alt det, som han sjølv gjerer; og han skal syna honom større Gjerningar enn desse, so de skulo undra dykker.
21 For liksom Faderen vekkjer upp dei daude og gjerer livande, soleides gjerer og Sonen livande deim, som han vil.
22 For Faderen dømer helder ikkje nokon, men heve gjevet Sonen heile Domen,
23 at alle skulo æra Sonen, liksom dei æra Faderen. Den, som ikkje ærar Sonen, ærar ikkje Faderen, som sende honom.
24 Sannelege, sannelege segjer eg dykker: Den, som høyrer mitt Ord og trur den, som sende meg, han heve ævelegt Liv og kjem ikkje til Doms, men er yvergjengen fraa Dauden til Livet.
25 Sannelege, sannelege segjer eg dykker: Det kjem ein Time, og han er alt no, daa dei daude skulo høyra Røysti av Guds Son, og dei, som høyra, skulo liva;
26 for liksom Faderen heve Liv i seg sjølv, soleides heve han og gjevet Sonen aa hava Liv i seg sjølv;
27 og han heve og gjevet honom Magt til aa halda Dom, avdi han er ein Menneskjeson.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Og slik omsette Elias Blix same bibelteksten til teologisk embetseksamen, da han leverte det skriftlege eksamenssvaret i faget Det nye testamente i mai 1866:
Jesus svarede derfor og sagde til dem: Sandelig, sandelig siger jeg Eder: Ej kan Sønnen gjøre Noget af sig selv, uden hvad han ser Faderen gjøre, thi hvad som helst denne gjør, dette gjør ogsaa Sønnen ligesaa. Thi Faderen elsker Sønnen og viser ham Alt hvad han selv gjør; og større Gjerninger end disse skal han vise ham, forat I skulle forundre Eder. Thi ligesom Faderen opvækker de Døde og gjør levende, saaledes gjør og Sønnen levende dem han vil. Thi heller ikke Faderen dømmer Nogen, men den hele Dom har han givet Sønnen, forat Alle skulle ære Sønnen, ligesom de ære Faderen. Hvo som ikke ærer Sønnen, ærer heller ikke Faderen, som ham sendte. Sandelig, sandelig siger jeg Eder, at hvo som hører mit Ord og tror paa den, som sendte mig, han har et evigt Liv, og til Dommen kommer han ikke, men er gaaet over fra Døden til Livet. Sandelig, sandelig siger jeg Eder, at en Time kommer og er nu, da de Døde skulle høre Guds Søns Røst, og de som den høre, skulle leve. Thi ligesom Faderen har Liv i sig selv, saaledes har han givet ogsaa Sønnen at have Liv i sig selv, og han har givet ham Magt til ogsaa at holde Dom, fordi han er Menneskets Søn.
Les heile eksamenssvaret.
Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 1.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?