<$BlogRSDUrl$>

31.12.04

Utreiarar 

Ein svært viktig faktor i den gamle kystøkonomien var tilhøvet mellom fiskarbonden og utreiaren. Ei kort utgreiing om utreiarsystemet finn du i denne artikkelen frå Salten Museum.

Ein fiskarbondeheim - slik som barndomsheimen til Elias Blix - hadde fire bein å stå på som økonomisk fundament:
  1. Dei store sesongfiskeria. I Gildeskål på 1840-talet handla det mest om lofotfisket på etterjulsvinteren. Berre nokre få tok del i finnmarksfisket etter påske.
  2. Heimefisket, året rundt.
  3. Åkerbruk: Potet og litt korndyrking.
  4. Husdyrbruk: Kyr, sauer, geiter, og etter kvart kan hende ein gris.
Dei tre siste av desse næringane produserte helst for hushaldets eige forbruk. Det var lofotfisket som skapte eit overskot som kunne bytast i varer fiskarbonden ikkje kunne produsere sjølv, eller i kontante pengar. Det siste var det lite av, økonomien var langt meir basert på varebyte.

Dette økonomiske mønsteret var fleire hundre år gammalt. Den viktigaste marknadsplassen var Bergen. Kjøpmennene på Bryggen hadde eit stort internasjonalt nettverk, som gjorde Bergen til ein sikker marknad. Her var det alltid avsetning på fisk og fiskeprodukt for eksport, med tørrfisk, klippfisk, tran og rogn som dei viktigaste. Og her var det alltid mogleg å få kjøpt importvarer som korn (noko nordlandsbøndene sjølv aldri kunne produsere nok av), utstyr til fisket, tekstilvarer, brennevin, kaffi, tobakk, sirup ... Den einskilde fiskarbonden hadde sin eigen kjøpmann som han handla med, i eit gjensidig forpliktande forhold. Fiskaren leverte råvarer og fiskeprodukt, og fekk att korn og andre importvarer. Var fisket dårleg eit år, sytte kjøpmannen likevel for det naudsynte av matvarer og utrusting. Men på denne måten kom fiskaren i gjeld, og vart dermed endå meir avhengig av kjøpmannen. Du finn mykje interessant materiale om ulike sider ved denne handelsforbindelsen i oppslagsverket til Bergen Byarkiv, t. d. i artikkelen om Nordlandshandelen.

Denne marknadstilgangen var tydeleg viktig nok til å vege opp for den store risikoen den lange transporten innebar. Her kjem vi i kontakt med ei anna viktig gruppe i kystøkonomien: Jekteskipperane (sjå denne artikkelen om jektefarten frå Salten Museum), som frakta fisk sørover og handelsvarer nordover på vegner av mange fiskarbønder i bygdelaget sitt. Dei utgjorde noko av ein lokal overklasse, og nett i første halvdel av 1800-talet etablerte mange seg som lokale handelsmenn langs kysten av Nord-Noreg. Etter kvart tok desse handelsmennene på seg utreiaransvar. I forhold til Bergens-kjøpmennene vart dei på den måten til dels konkurrentar, til dels eit nytt mellomledd i omsetjinga. Det høyrer med til biletet at kjøpmenn frå Trondheim frå gammalt spela ei viss rolle. Dei reiste gjerne sjølv nordover og kjøpte opp fisk, medan Bergenskjøpmennene overlet transporten til fiskarane og jekteskipperane. Trondheimsmarknaden var likevel aldri så viktig som Bergen.

Kva for utreiarar hadde barndomsheimen til Elias Blix? Den viktige handelsstaden Nord-Arnøy ligg tvers over fjorden for Våg, og eg har trudd at kjøpmannen der var utreiar. Reidar Bolling skreiv i Blix-biografien sin (s. 23-24): "Faren handla hos Carl Olsen på Arnøya, ein landhandlar som dreiv stort i Lofoten og som førde turrfisken til Bergen på si eiga jekt." Det var denne Carl Olsen som (saman med søskena sine) var grunneigar for garden dei bygsla, og som seinare var velgjeraren som gav Elias Blix høve til å ta artium.

Men gjennomgangen av skifta etter foreldra har fått meg til å tvile på det. Bortsett frå åbota til grunneigarane i 1840-skiftet er det ikkje noko som tyder på mellomvere med Carl Olsen. Derimot er det gjeldspostar til Bergenskjøpmenn i begge skifta. Dette kan tyde på at både faren og stefaren framleis heldt på det tradisjonelle tilhøvet til Bergen framfor å knyte seg til lokale kjøpmenn. Er dette ei rimeleg tolking? Faren Peder Christophersen hadde ei ubetydeleg skuld til Albert Mohns Sønner og til Petter (Peter?) Mohn (1840-skiftet), stefaren Ole Helgesen hadde ei større skuld til Henrich Thomsen (1857-skiftet). I det siste skiftet finst ei rekning og eit brev bevart som vedlegg. Det er så interessant at eg gjev det att:

Modtaget af Her Ole Helgesen Vaag
1. Stevne 1857 fra J. Ellingsens Jægt
2 Tdr [Tønder] brun Tran à 5 ½ Kande à 22 Sp[esidalar] 42-0-9
2 1/6 Vog Længer 1 Sp 6 S[killing] 2-1-9
1 Vog Rodskjær 0-4-12
Sp. 45-1-6
Derimod:
Fragt Sp. 1-3-7
Afgift 0-0-14
Seneste Debet 46-2-10
7 Tdr Korn à ? 4 Sp 12 S 28-3-12
3 ” Korn à 4 Sp 12 S 12-1-12
3 Klaverdugs Sække 3O[rt] 22 S 2-1-18
1 Tde Rug 4-1-0
17 Pund Sirup a 9 ½ 1-1-18
1 Krukke paa 3 Kd. 0-1-6
8 Mark Tobak à 20 S 1-1-16
6 Mark Traad à 16 S 0-4-0
Contant til IJSHS[?] 5-0-0
104-2-14
Debet Sp 59-1-11
Til Deres Ven
Henrich Thomsen
Bergen den 12 Juni 1857

Her Ole Helgesen Vaag

Jeg beklager meget at erfare Deres kjære Kones Død, dog De maae jo skikke Dem deri, og hun har jo saavidt jeg har erfaret, længere Tid været sygelig saa at De maatte være forberedt derpaa. –

Jeg har intet imod at De efter Deres Ønske bliver siddende i uskiftet Boe. – Den forlangte Tønde Malt har jeg ei villet sende Dem paa Grund af at samme i denne Stevne var 3 Ort 12 S pr Tønde dyrere end Korn, og jeg maatte formode at De troede at den stod i Prisforhold til Kornet som i forrige Aar. –

Skulle De imidlertid ønske samme til sidste Stevne skal samme blive Dem sendt med Fornøielse. –

Som De seer efter Regning er De godtgjort for 12 S pr. Tønde Kornvarer og tillader mig at sende Dem fire Flasker Viin.

Deres Ven
Henrich Thomsen
Her er jo eit og anna å reflektere over, både når det gjeld sorgarbeid og når det gjeld tilhøvet mellom utreiar og fiskar. Dette er oppgjeret etter første jektelast, til vårstemna i mai/juni. Tran er viktigaste salsvare, mengda av tørrfisk er lita. Det var helst fisk frå hausten før. "Rodskjær" er ein tørrfiskkvalitet (det meste vart levert som "rundfisk"). Ordet "Længer" eller "lenger" er eg ikkje blitt heilt klok på. Er det fiskearten lange det handlar om? Nordlandsjektene gjorde ein tur til, til hauststemna i august/september. Det er høvet for omsetjinga av årets tørrfiskproduksjon frå Lofoten.

Litteratur:
# lagt inn 31.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Det Folk, som sat i myrke Natt / Og djupe Daudeskugge,
Dei saag ei Sol i Auster spratt / Med Ljos og Liv og Hugge.
Dei saag so stor ein Dag / Eit Ljos med ukjent Lag
Som yver Jordi rann, / Og lyste vidt um Land
Med Sumar og med Sæla.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 16

Dette er ein av dei få Blix-salmane der eg synest førsteutgåva er betre enn dei seinare revisjonane frå Blix si hand (sjå kommentaren til 1883-utgåva), sjølv om den nynorske språkforma enno var uferdig. Salmen fortener ein spesiell plass i soga om nynorsk kyrkjespråk. Det var nemleg den aller første salmen lesaren fekk auge på ved å opne det aller første vesle heftet av Nokre Salmar. Men noko langt liv fekk den ikkje. Alt på 1920-talet er den ute av salmebøkene, verken Landstads reviderte eller Nynorsk Salmebok hadde rom for den.

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1891-, 1883-, 1869-utgåva.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 31.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

30.12.04

Ulukka 

Ja, eg har fått med meg jordskjelvet og flodbølgja som har råka store delar av Det indiske hav. Dimensjonane er ikkje til å fatte.

BlixBlog er ikkje staden til å følgje opp dei mange norske familiane som er råka. Eg har mange slags tankar om det, og kollegaer og slektningar som er involverte i hjelpearbeidet. Men eit spørsmål verkar det naturleg å stille her: Korleis har det gått med fiskarbefolkninga i det aktuelle området? Nationen er det norske mediet som, så langt eg har sett, har teke opp denne problemstillinga. Avisa reiser spørsmålet: "Hvorfor kan ikke Norge sette en stopper for statsstøttet opphugging av fiskebåter, og i stedet sende fullt brukbare fiskefartøyer til de nødrammede etter flodbølgen i Asia? Norge bruker 70 millioner kroner i året på å ødelegge hundrevis av små fiskefartøyer fra kystfiskeflåten."
– Disse kystfartøyene kan brukes. Trolig må det noen små tekniske endringer til. Jeg vil oppfordre myndighetene til å gjøre et prøveprosjekt med for eksempel ti båter. Det sier førstekonsulent Kanapathipillai Sivarajah i Fiskeridirektoratet i Tromsø.

Han er selv tamil fra Sri Lanka, kom til Norge i 1972 som filetarbeider ved Nestlé/Findus i Hammerfest, og utdannet seg så ved Fiskerhøgskolen. I år har han tilbragt tre måneder i fiskeridistriktene som ble rammet på nord- og nordøst-kysten av Sri Lanka. De tamilske tigrene ga ham i oppdrag å utrede utvikling nettopp av fiskeriene, som nå er bortimot utradert.

– Jeg møtte lederne i veldig mange fiskerikooperativer. Det som er veldig trist, er at nesten alle jeg traff, er omkommet. Fiskerne er hardt rammet. Jeg har vært i kontakt med mine hjemområder på telefon og per e-post, og har fått bilder av fryktelige ødeleggelser.

– Akkurat nå er nødhjelp viktigst. Det er i gang. På sikt må det enorm innsats til for å få opp fiskerinæringen. Folk trenger hus, og skal de fiske, må alt kjøpes på nytt – båter, utstyr, isfabrikker, sier Sivarajah.
Les meir.
# lagt inn 30.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Landbruksreiskap etc. 

Når det gjeld jernreiskap til gard og hus, har ikkje utstyret endra seg mykje mellom 1840- og 1857-skifta. Begge registreringane nemner ein plog, ei harv, ein (jern)spade, ein slipestein, ljåar (to i 1840, fem i 1857 - gamle er dei i begge tilfelle), grev (auke frå to til fire), to økser, ei sag, ein navar (eit bor). Fire sigder er nemnt i 1840 (men ikkje i 1857).

Dessutan er det ein slede (i 1857 er det blitt to gamle) og ei vogn ("Hjultrille" i 1840). Seks grinder har garden, og 200 kornstaur (i 1840. Dei minkar til 100 i 1857).

Vidare eit assortert utval skåler, holkar, dallar og anna utstyr til mjølk og mjølkeprodukt.

Og så må det nemnast at garden i 1857 hadde sitt eige "Møllebrug". Det var visst ikkje uvanleg å ha gardskvern.

Her er ikkje nemnt gjenstandar som skytevåpen eller revesaks. Det ser ikkje ut til at jakt eller fangst var nokon næringsveg i denne heimen. På land var det åker- og husdyrbruk som gav mat og klede.
# lagt inn 30.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Fiskereiskap 

Eg driv stadig og strevar meg gjennom arveskifta etter foreldra til Elias Blix. Eg trur det er verd bryet. Men du verda, så mykje eg ikkje har greie på! Fiskereiskap, til dømes. Du skal få eit omtrentleg samandrag her:

I 1857 fanst det 15 djupe og 15 grunne torskegarn i buet, og i alt 19 liner. Dette er vel utstyr primært til lofotfisket, så vidt eg kan forstå. Her ligg ein stor auke frå 1840. Da var talet på torskegarn berre halvparten (15 i alt), og talet på liner ein tredel (6). Ein kan vel halde dette saman med auken i flåten som eg har omtala tidlegare. Stefar Ole Helgesen må ha slått seg opp som fiskar, og drive sesongfiske med fleire båtar og leigd hjelp. Far Peder Christoffersen dreiv nok i litt mindre skala.

Når det gjeld sildegarn, derimot, er det omtrent like store kvanta i begge registreringane. I 1857 er det summarisk tale om 17 sildegarn. 1840-registreringa er noko meir spesifikk. I tillegg til 13 sildegarn er det tale om tre "smaabændte" (tyder det meir finmaska?), dessutan 3 1/2 "Sildgarnstræng" og ein "smaabændt Do." Dei verkeleg store sildeåra i Nordland kom noko seinare. Det fisket det er tale om her, har Elias Blix sjølv omtala i ein artikkel i Dølen i 1860:
Etter Haust-Onnirna teker Mannen sine Sildagarn i Baatskutten og soknar Fjord ut og Fjord inn leitande etter Sild; ho er no reint umissande fyre Nordlendingen baadi til Husbruk og endaa meir til Agn til Lofotfisket, og spyrer du Mannen um Aarvegen, vil han som tidast svara: “Aa berre Uaar,” naar han inkje hever fengit Sild nok til Vettren. Dei gamle hava nok ellest mange Merke paa, um dat skal verda godt Sild-Aar elder ei: dat er soleides eit godt Fyribod, at dar um Sumaren vexer myki Ber, iser Blaaber. Dei tvo Ting hanga no ihop med einannan, maa vita.
Det er mange tomtønner nemnde i begge registreringane. Eg antar at mange av dei var etla til sild? I 1840 er for resten "1/4 Tønde spansk Salt" nemnt i registreringa.

Det er nemnt ein god del snøre i 1840-skiftet, og ei gammal jukse i 1857. Det var vel ein del handsnøre i bruk under heimefiske?

Gangvad er nemnt i begge registreringane. Her er det faktisk 1840-skiftet som er mest velutstyrt (det vil seie: som har flest krokar). Gangvad er ei sterk line med kraftige krokar til kveitefiske.

Endeleg er seinot nemnt i begge registreringane (ja, det kjem ein del tilbehør i tillegg, som eg ikkje har lista opp).

Her var altså utstyr til eit nokså allsidig fiske, så vidt eg kan forstå. Men eg har ikkje noko særleg å samanlikne med.
# lagt inn 30.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Kling no, Klokka! Ring og lokka, / Ring og lokka fraa tusund Torn!
Tona um Frelsa! Kalla og helsa, / Kalla og helsa med Fred Guds Born!
Kling no, Klokka! Ring og lokka, / Ring og lokka fraa tusund Torn!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 15

Og no kjem eigenproduksjonen. Etter tre salmar frå reformasjonshundreåret (Luther og Philipp Nicolai) og to av Brorson kjem sju originaltekstar av Blix! "Kling no, Klokka" var ny i 1891-utgåva og er vel framleis den julesalmen av Blix som står sterkast i tradisjonen, sjølv om "No koma Guds Englar" har hatt ein renessanse etter at Norsk Salmebok kom.

Heile salmen.
Tidlegare kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 30.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.12.04

Dagens Blix 

Den fagraste Rosa er funni, / Ho upp millom Klunger er runni:
Vaar Jesus den dyraste Blomen / Rann upp av ei Ætt under Domen.
---
Stig ned fraa den sjølvgjorde Hægdi / Og graat fyr din Frelsar i Lægdi!
So skal du hans Kjærleike kjenna: /For Rosor i Dalarne renna.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 14

Brorson att, det første og sjuande av dei ti versa i Blix si gjendikting av "Den yndigste rose". Kvifor nett vers 7? På grunn av den eldste resepsjonen eg veit om, nemleg denne passasjen frå eit brev John Klæbo skreiv til Anton Chr. Bang.

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1891-, 1883-, 1870-utgåva.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 29.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

28.12.04

Grunneigarar 

Det er ikkje heilt lett å finne ut av eigedomstilhøva kring barndomsheimen til Elias Blix. I første halvdel av 1800-talet var det enno svært vanleg at bøndene i Nordland var leiglendingar. Dei bygsla jord anten av det benefiserte godset (jord som høyrde til kyrkja og gav leigeinntekt anten til eit presteembete eller til ei kyrkje) eller av private grunneigarar.

Delar av garden Våg i Gildeskål var benefisert gods. Om det galdt konkrete gardar/jordstykke eller ”ideelle partar” av gardar veit eg (enno) ikkje.

I 1821 vart det vedteke å selje det benefiserte godset. Eg har prøvd å finne fram i arkivmaterialet til 1. prestegardskontor i Kyrkjedepartementet, som hadde ansvaret for slike saker, utan å bli heilt klok på dette. Eg har skjøna så mykje at handelsmannen på Nord-Arnøy, Nils Jørde, 6. april 1832 fekk approbasjon på kjøp av 2 våger i garden Våg, i tillegg til noko jord på Nord-Arnøy.

No gjev skiftet frå 1840 etter Peder Christophersen Våg, far til Elias Blix, ei viktig opplysning om eigedomstilhøve. I registreringsforretninga er følgjande ført opp på utgiftssida:
Aabod til Skipperne Carl og Hans Olsønner Hustad eller Sandnæs samt deres Søster Oline som Eiere af den Afdødes paaboende Grund. hvilken Aabod blev taget af den Afdødes Faders Dødsboe 1835, men som Sønnen Peder Christophersen indestod for at betale med 30 Spd.
Og i tilfelle ikkje du heller veit kva ”åbot” er for noko (eg måtte slå det opp), her er leksikondefinisjonen frå NorgesLexi:
Åbot er betegnelsen på den plikt som påhviler eieren eller brukeren av en fast eiendom til å vedlikeholde gjerder, hus etc. og til å betale erstatning hvis han forsømmer denne plikt.
Du skal få ein kort presentasjon av dei tre grunneigarane. Carl, Hans og Oline var barn av skipper og gjestgivar Peder (Per) Olsen på Sandnes. Dei tok altså ikkje farsnamnet Pedersen, men brukte Olsen-namnet. Oline (f. 1822) ser ut til å ha teke over gjestgivarverksemda på Sandnes, saman med ektemannen Hans Olsen frå Saltdal, etter stefar sin Ingebrigt Eide.

Hans Mikal Bruun Olsen (f. 1811) etablerte seg som skipper og handelsmann på Hustad, altså på nabogarden til heimen der Margrethe Kristoffersdatter, mor til Elias Blix, var oppvaksen. Denne Hans Olsen Hustad vart oppnemnd til verje for Elias Blix og broren Ole Pareli.

Det er likevel Carl Olsen (f. 1809) som er av størst interesse for biografien til Elias Blix. Han gifta seg med enkja etter handelsmann Nils Jørde på Nord-Arnøy (død 1840), den nesten tjue år eldre Gjertrud, og overtok handelsstaden der. Dei var barnlause. Det var denne Carl Olsen som seinare gav Elias Blix økonomisk stønad dei siste par åra han var i Tromsø og det første året i Kristiania, slik at han kunne ta examen artium. Det er verd å nemne at Gjertrud Olsen kom frå Ytterøy i Trøndelag og var søster til sokneprest Peter Andreas Berg, konfirmantpresten til Elias Blix, som skal ha mykje av æra for at han fekk gå vidare på skole (Berg har fortent eit litt betre ettermæle enn han vanlegvis har fått; det er stort sett for alkoholproblema sine han blir hugsa).
# lagt inn 28.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

I denne søte Joletid / Me maa vel sæle vera
Og bruka all vaar Kunst og Id / Guds Naade høgt aa æra.
Ved den, som er i Krubba lagt / Me vil av all vaar Raad og Magt
I Hjartat søtt oss hugga.
Din Pris skal ljoda, Frelsarmann! / So vidt og breidt um Land og Strand,
At Jordi reint skal rugga.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 13

Og no, etter klassikarane frå reformasjonshundreåret, kjem Brorson. Ikkje med prestefavoritten "Mitt hjerte alltid vanker", men med "I denne søde juletid" og "Den yndigste rose er funnen".

"Søt" er eit ord Blix har ein tendens til å unngå. Men når det er jul, får det vere med.

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1891-, 1883-, 1870-utgåva.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 28.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.12.04

Buskap 

Eit inntrykk av kva rolle husdyrbruket spela på heimgarden til Elias Blix kan denne tabellen gje. Kjeldene er dei to skifteforretningane etter foreldra og folketeljingane i stefarens tid som brukar, 1865 og 1875:

Skifte 1840 (etter Peder Christophersen)
1 hest, 5 storfe (4 mjølkekyr og 1 kvige), 9 småfe (sau)

Skifte 1857 (etter Margrethe Kristofersdatter)
1 hest, 8 storfe (5 mjølkekyr og 3 kviger), 17 småfe (12 sauer, 5 geiter)

Folketeljing 1865 (brukar: Ole Helgesen)
1 hest, 10 storfe, 20 småfe, 1 gris

Folketeljing 1875 (brukar: Ole Helgesen)
1 hest, 8 storfe, 20 småfe, 1 gris

Når det gjeld kapitalkrav kan ein jo samanlikne med båtane: Hesten er taksert til 10 spesidalar både i 1840 og 1857-skiftet. Mjølkekyrne er verd 7 spd. i 1840, 9 i 1857. Skottkeipingsbåten til Peder Kristoffersen var taksert til 9 spd. (1840), åttringen til Ole Helgesen og Margrethe Kristoffersdatter til 12 spd. (1857), medan ein fembøring var verd minst 2-3 mjølkekyr.
# lagt inn 27.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Or Høgdi ned i Verdi skin / Ei Morgonstjerna klaar og fin
Med Sanning og med Naade.
Du Jesse Rot og Davids Kvist, / Min Hjartans Brudgum, Jesus Krist!
Meg huggar i all Vaade.
Mi Sol / I Jol,
Væn og herleg, / Mild og kjærleg! / Gaavor gjæve,
Ljos og Liv til meg du heve.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 12

Philipp Nicolai. Salmen står i Norsk Salmebok på nr. 89.

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1891-, 1883-, 1870-utgåva.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 27.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.12.04

Dagens Blix 

Du vere lovad Jesus Krist! / Du Mann er vorten sant og visst,
Som Broder vaar du komen er, / Og difyr gledest all Guds Her.
Halleluja!

Guds Son med evig Herredom / Me finna her i Krubberom.
Uti vaart arme Kjøt og Blod / Seg klæder Gud, vaar Herre god.
Halleluja.

Den Gud, som styrer Heimsens Gang, / Han ligg no her paa Moders Fang.
Den, Allting heve Upphav fraa, / Ligg her som ein av vaare Smaa.
Halleluja!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 11

Luther. Om ein skal kåre EIN klassisk luthersk julesalme, må det bli denne.

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: Til 1891-, 1883- og 1875-utgåva.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 26.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.12.04

Dagens Blix 

No koma Guds Englar med Helsning i Sky,
Guds Fred og Velsigning dei bjoda.
No stig ifraa Jordi ein Helgasong ny,
Som skal gjenom Himmelen ljoda:
Guds Fred og vel møtt,
Du Barn, som er født!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

Til Frelsa den Fyrste er korad og krynd
Og komen til Løysning og Lukka
Fyr Menneskjeborn, som er fødde i Synd
Og alt uti Vogga maa sukka.
Guds Fred med dei Smaa,
Som honom fekk sjaa!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

I djupaste Myrker vart Himmelen klaar,
Daa Stjerna av Jakob seg viste.
I hardaste Vetter det grønkar som Vaar,
Og fagraste Knupp spring av Kviste.
Guds Fred og god Jol
Med Sumar og Sol!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

Der ute ligg Jordi so isende kald,
Og Trei stend svarte i Skogen.
Men Isai Stuv, som til Frelsa er vald,
Skyt Livskvisten fager og mogen.
Guds Fred med den Tein
Av grønkande Grein!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

No Stjerna fraa Betlehem lyser um Land
Fraa Høgsal til armaste Hytta.
Det ljosnar so vænt yver Dalar og Strand,
Der inn hennar Straalar faa glytta.
Guds Fred yver Mold!
Vaar Sol og vaar Skjold,
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

No ljodar ein Lovsong fraa alle Guds Born,
Paa alle Folks Tungor dei kveda.
So vida som Klokkorna tima fraa Torn,
Stig Tonar af Hugnad og Gleda.
Alt kling som i Kor:
Guds Fred yver Jord!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

Lat Gitordet ganga fraa Grend og til Grend,
So vida som Tunga kann mæla,
Um Sonen, som er oss fraa Himmelen send
All Verdi til Siger og Sæla!
Syng ut i kvar Bygd:
Guds Fred ifraa Høgd!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

Den Freden meg fylgje fraa Vogga til Grav,
Meg hugge i saaraste Suter!
So segjer eg, naar eg fraa Verdi fer av
Og døyande Hovudet luter:
Guds Fred og farvel!
No sovnar eg sæl.
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 17

Juledagen i år gjer BlixBlog eit unnatak frå den strenge nummerrekkjefølgja - til minne om juledagen for 120 år sidan, da nynorske salmar for første gong vart sungne i ei offentleg gudsteneste, i Lårdal kyrkje i Telemark. Og med dette ønskjer BlixBlog verda ei gledeleg jul.

Det er vel kjent at kyrkjelyden ved dette høvet song "No koma Guds Englar". Men veit nokon kva for to andre Blix-salmar som vart nytta i den same gudstenesta? Eg veit ikkje.

Heile salmen.
Meir om "No koma Guds Englar" her, her og her.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 25.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.12.04

Dagens Blix 

Fraa høge Himmel kjem eg her, / Og Tidend god til Jord eg ber,
So fagert Bod eg fører med, / Og derum no ein Song eg kved.

Idag er dykker fødd ein Svein / Utav ei Jomfru klaar og rein,
Ein liten Son so væn og grann / Til Gleda fyre alle Mann.

Det er Guds Son, vaar Herre Krist, / Som friar or all Trengsla visst.
Han vera vil ein Frelsarmann / Og løyser alle Syndeband.

Han Sæla ned til Jordi ber, / Som av Gud Fader etlad er,
At de i Himmerike maa / Til evig Tid Guds Andlit sjaa.

Men Teiknet vel de merka maa: / Ein Stall, ei Krubba reidd med Straa -
Der finna de det Barnet lagt, / Som ber all Verdi med si Magt.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 10

På julaftan helsar BlixBlog med engleorda i juleevangeliet, slik Martin Luther og Elias Blix har gjendikta dei.

Heile salmen.
Måndagens Blix.
# lagt inn 24.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.12.04

"... med helsing i sky ..." 

er tittelen på redaktør Jon Magne Lunds "Takk for i dag"-spalte i Vårt Land i dag.
1. juledag 1884 ble den første nynorske salmen sunget i en norsk kirke, forteller Arne Nygaard fra Stathelle i en mail han har sendt Vårt Land.
Nygaard kjenner forhistorien: I 1869, samme år som Landstads salmebok kom ut, utga Elias Blix det lille heftet «Nokre Salmar» med ni omsatte og fem originale salmer på nynorsk. Presten i Lårdal hadde for egen regning kjøpt inn og delt ut heftet til menigheten. «Og slik gikk det til at Lårdal menighet sang Blix´ mektige salme ‘No koma Guds englar med helsing i sky’ under gudstjenesten 1. juledag i 1884», skriver Nygaard.
Nygaard oppfordrer prester til å bruke denne salmen – som for lengst er innlemmet i Norsk salmebok – 1. juledag i år; spesielt bør den tone ut fra Lårdal kirke og i Gildeskål kirke i Nordland, der Elias Blix kom fra, 120 år etter debuten. Og han har helt rett i at dette er en flott salme, tenk bare på det første verset:
«No koma Guds englar med helsing i sky, Guds fred og velsigning dei bjoda. No stig ifrå jordi ein helgasong ny, som skal gjennom himmelen ljoda: Guds fred og vel møtt, du barn som er født! Vår fredsfyrste høgt vere lova!»
Vel, "No koma Guds Englar" vart først publisert i det tredje heftet av Nokre Salmar, som kom i 1875. Og det var nok andreutgåva frå 1883 kyrkjelydane i Lårdal og Høydalsmo nytta i jula 1884. Bortsett frå det er det berre å seie "Amen" til framlegget frå herrane Nygaard og Lund.

Meir om jula 1884 i Lårdal.
Teksten til "No koma Guds Englar".
# lagt inn 23.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Båtar 

Lat meg begynne gjennomgangen av skifta etter foreldra til Elias Blix med båtane. Eg er ikkje så god på nordlandsbåtar, men eg har hatt stor nytte av denne oversikta.

1840-skiftet: Peder Christophersen let etter seg "1 Sexrings Baatnøst" (seksringsnaust), og "1 Skotkjæppings Baad med Dræg, Seil og Behør", taksert til 9 spesidalar. Naustbygningen var taksert til 12 dalar. Skottkeipingen er ei mellomstor utgåve av nordlandsbåten, "en Baad med fire Aarepar og uden Lastrum" (Aasen 1873). Den er altså mindre enn "storbåtane" åttring og fembøring, men stor nok til å reise på lofotfiske med, så vidt eg kan forstå. Her tek eg gjerne imot sakkunnskap! Var desse båtane meir eigna til line- enn til garnfiske, til dømes?

1857-skiftet: Den mest markerte skilnaden på desse åra ligg nok på båtfronten. Stefar Ole Helgesen rår over ein langt større flåte. No er det to naust, "Nordnøstet" som er eit fembøringsnaust, og "Lillenøstet" (bygningane er takserte til 26 resp. 6 dalar). Og her er i alt heile seks større og mindre båtar:
1 guulmalet Fembøring med fuldt Behør30.0
1 Fembøring med Seil/Dræg og øvrig Tilbehør18.0
1 Ottring med Seil og Dræg12.0
1 3rums Baad med Behør7.0
1 ældre Do.2.60
1 Færing1.24
# lagt inn 23.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Skifte 

For nokre dagar sidan fekk eg kopiar av skifta etter foreldra til Elias Blix frå Statsarkivet i Trondheim. I arkivet til sorenskrivaren i Salten er skiftet etter Peder Christophersen Vaag nr. 65/1840 (slutta 06.10.1840), det etter Margrete Kristofersdatter Vaag nr. 66/1857 (slutta 21.11.1857).

Dette er eit svært interessant materiale. To gonger, med nesten tjue års mellomrom, er det halde registreringsforretningar der alt innbu og lausøyre i barndomsheimen til Elias Blix er talt opp: 23.01.1840 og 09.06.1857. Ved det første høvet var Elias Blix enno ikkje fylt fire år, ved det andre var han 21 år gammal og busett i Tromsø.

Det ligg mykje kultur- og sosialhistorie i dette materialet. Heimen er ein typisk nordnorsk fiskarbondeheim, "i taalelig god Formuesforfatning," som soknepresten skreiv. Skifta har vore nytta som kjelde tidlegare, særleg av Reidar Bolling (for meg ser det ut til at dei andre biografiane har bygd på Bolling, og ikkje gått direkte til skiftematerialet), men, så vidt eg kan sjå, unøyaktig og til dels feilaktig.
# lagt inn 23.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Gåvetips 

Song i himmelsalarManglar du enno ei julegåve til nokon? Prøv denne!

Les meir -
og endå meir.
# lagt inn 23.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.12.04

Proklama 

Adresseavisen 05.03.1840
Proclama
----
Ved undertegnede Skiftejurisdiction ere Boerne efter følgende Afdøde tagne under Behandling, sc.:
----
i Gilleskaals Præstegjeld:
- Gaardmand Peder Christophersen Vaag,
----
Med lovbestemt Varsel indkaldes derfor herved Alle og Enhver, som i disse Boer maatte have Noget at fordre eller bemærke, til for mig som Skifteforvalter, med deres havende Krav og Paastande at fremkomme og beviisliggjøre i rett Tid.

Saltens Sorenskriveries Skifteret; Støver pr. Bodøe, den 12te Februar 1840

N. J. Heidenreich
Sannsynlegvis den einaste gongen far til Elias Blix kom i avisa. Faksimile frå Adresseavisen (eller, for å vere heilt eksakt, Throndhjems borgerlige Realskoles alene privilegerede Adressecontoirs Efterretninger) for torsdag 5. mars 1840 (kjelde: Nasjonalbibliotekets digitale avisbibliotek). Proklamaet vart sett inn i avisene i Bergen og Trondheim. Og sanneleg kom det inn to krav frå Bergen: Albert Mohns Sønner kravde 3 spesidalar, 1 ort og 6 skilling; kjøpmann Petter Mohn kravde 1 dalar og 6 skilling. Det handlar om små beløp, aktiva i dødsbuet utgjorde 300 dalar, 4 ort og 4 skilling. Men krava fortel ei historie: Framleis spela direktehandelen med kjøpmenn i Bergen ei stor rolle i fiskarbondens økonomi.
# lagt inn 22.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Vêr 

I dag er det så mykje vêr i landet at vi kjenner vindkasta ta tak i huset jamvel i ei skogbygd på Austlandet. Så høver den bra, boka eg les på bussen for tida: Narve Fulsås' Havet, døden og vêret: Kulturell modernisering i Kyst-Noreg 1850-1950 (Oslo: Samlaget, 2003). Det er ei svært interessant bok, og godt leseleg. Fulsås kartlegg endringar i fiskarbefolkninga (særleg den nordnorske) sitt forhold til havet og vêret gjennom ei rekkje ulike innfallsvinklar: Religion, teknologi, kommunikasjon ... Sentralt står utviklinga av meteorologien. Fin julegåve til deg sjølv eller nokon du kjenner.
# lagt inn 22.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.12.04

129 år 

21. desember 1875 døydde Signe Blix, det tredje barnet til Emma og Elias Blix, av navlebetennelse. Ho vart berre sju veker gammal.
# lagt inn 21.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.12.04

Dagens Blix 

Upp, gledjest alle, gledjest no / Med Fagnad, Fred og heilag Ro
I Herren, dykkar Gleda!
For Jesus han er no so nær / Og vil, daa han oss heve kjær,
Uti vaart Kjøt seg klæda.

Burt Sorg og Saknad or vaart Sinn! / Guds Gleda lata me no inn,
At me kann Jesus fagna
Med Bøn og Hjartans Takk og Tru. / Med honom skal i Fred me bu,
Og Gleda aldri tagna.

Gud, lat din Fred, som høgre er, / Enn Hug og Vit kann fata her,
Vaart Hjarta vel faa vara
I Kristus Jesus, at me maa / So stor ei Jolegleda faa,
Som aldri burt maa fara!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 9

Denne salmen (opphavleg av Thomas Kingo) er så kort at det er plass til alle versa.

Heile salmen i .pdf-format.
Sundagens Blix.
# lagt inn 20.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.12.04

Dagens Blix 

Jesus kom til Jorderike, / Førde ut sin Faders Raad.
Han, som var Guds Son og Like, / Stor i Æra, Magt og Daad,
Kom til oss, som var fortjonad, / Og fyr vaare Synder sonad,
Kom og gjekk fyr oss i Grav, / Stod so upp og Liv oss gav.
---
Sjaa, han kjem! So lat oss fara / Ut og fagna honom vel!
Høyr, han helsar; lat oss svara: / Ver velkomen, heil og sæl!
Ver velsignad, som vil vitja / Oss, som her i Myrker sitja!
Kom, vaar Frelsar, Livsens Sol, / Kom og giv velsignad Jol!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 8

Fjerde sundag i advent. Eg har gjeve att første og siste vers av salmen, som har gjennomgangsmotivet "Jesus kom/Jesus kjem". Ja, det er ein adventssalme, sjølv om dei to første versa minner om påske og pinse, dei to neste om kyrkja og gudstenesta. Salmen er trygg i forma og dogmatikken, men litt fattig på bilete, kan hende. Den vart ståande likevel, både i Landstads reviderte og Nynorsk Salmebok, men den er teken ut av Norsk Salmebok. Tonen vart endra, frå "Kjærlighet er lysets kilde", som Blix oppgav, til den meir alvorlege "Jesus er mitt liv i live" (sjå NoS nr. 154).

Heile salmen.
Måndagens Blix.
# lagt inn 19.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.12.04

Dagens Blix 

Ein Saknad saar eg heve røynt: / Min Gud sitt Andlit heve løynt,
Eg einsam gjeng i Villa.
Kor er daa Livet audt og turt, / Naar du, min Gud, vil ganga burt!
Mitt Hjarta lid so illa, / Du eine kann det stilla!

Som Vaktmann stundar etter Dag / Og teler trutt kvart Klokkeslag,
So stundar eg og gjæter.
Og Timar lida, ein um Senn / Men ingen Morgon fyr meg renn.
Og Taara Augat væter / Dei lange, lange Næter.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 7

Første og femte verset av ein salme som tydeleg er skriven etter mønster av den gammaltestamentlege klagesalmen. Ein salme i anfekting, for syndarar, tvilarar - og for svevnlause. Det går bra til slutt.

Heile salmen.
Sundagens Blix.
# lagt inn 14.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.12.04

Eksamen 

Kl. 15.49 i dag leverte eg eksamensmappa mi til det faglitterære forfattarstudiet. Eg kan vel ikkje seie her kva innhaldet er, alt skal vere så anonymt, berre med kandidatnummer i staden for namn. Sikkert ei overrasking for sensor Solveig Aareskjold, ho har følgt utviklinga av tekstane under fullt namn i heile haust.

Ja, ja, frå i morgon skal eg sitje på andre sida av eksamensbordet. Dei tre neste dagane skal eg eksaminere studentane mine i hebraisk. Atten av dei skal opp til muntleg prøve. Tru om dei ville oppleve det som ei trøyst å vite at eg òg har vore gjennom ein eksamen desse dagane? Heller mager trøyst, er eg redd.
# lagt inn 13.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.12.04

Dagens Blix 

Døyparen stend ved Jordans Strand, / Lydt um Guds Rike han ropar.
Gitordet gjeng um By og Land, / Lokkar dei høyrande Hopar.
Alle, som venta Herrens Trøyst, / Lengtande lyda paa hans Røyst,
Stundande etter Guds Rike.

Døyparen Morgonstjerna er, / Varslar, at Soli vil renna.
Bod um den Komande han ber, / So dei kann Frelsaren kjenna.
Han er den Røyst i Øydeland, / Ropande ut til alle Mann:
Rydje no Veg fyre Herren!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 6

Tredje sundag i advent.

Heile salmen.
Måndagens Blix.
# lagt inn 12.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.12.04

Gladmelding 

Og før eg sluttar, må eg fortelje om brevet som låg og venta på meg heime: Ei melding frå Det Norske Videnskaps-Akademi om ei løyving på kr. 25 000 frå Nansenfondet til prosjektet "Elias Blix: Ein biografi". Det kjem svært godt med. Mellom anna set det meg i stand til å bruke ein del tid på å granske arkivet til - Det Norske Videnskaps-Akademi. Blix sin årelange innsats i leiinga for denne institusjonen er sterkt underkommunisert.
# lagt inn 9.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Politikk 

Dessutan har eg avslutta gjennomgangen av Ole Richters korrespondanse i statsministeråra. Det er ei spesiell oppleving å bla seg fram gjennom ei historie du veit slutten på. Eg har vore gjennom dei ulike krisene i regjeringa Sverdrup, nokre meir kjende (som unionsforhandlingane 1885/1886 og nederlaget i soknerådssaka 1887) og nokre mindre kjende (som striden om utnemninga av professor i latin 1887-1888 - den einskilde saka som, trur eg, var sterkast medverkande til at Blix trekte seg frå regjeringa). Og ein kan ikkje unngå å kjenne korleis det svartnar for Richter mot slutten, i mai-juni 1888, til han ikkje ser annan utveg enn det fatale skotet i Ministerhotellet.

Mellom meir kuriøse funn kan eg nemne ei oversikt over bordplassering og meny ved regjeringsmiddagen i Stiftsgården, statsministerbustaden i Kristiania, 16. februar 1888. Dagen etter braut regjeringskrisa laus, og statsrådane Arctander, Astrup og Kildal gjekk av. Blix følgde eksempelet deira nokre få veker seinare.
# lagt inn 9.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Farsarv 

Så er eg heime att frå Trondheim, og alt gjekk vel. I dag har eg sett gjennom ein del arveskifte frå Gildeskål, særleg dei etter foreldra til Elias Blix, Peder Christoffersen (død 1839, skifte 1840) og Margrethe Christoffersdatter (død 1857, skifte same året). Eg rakk ikkje å skrive av noko særleg, så detaljane må vente til eg får kopiar frå Statsarkivet.

Men eit inntrykk kan eg formidle. Farsarven til fireåringen Elias Blix Pedersen omfatta mellom anna ei ku med namnet "Jylland" [SIC], ei "gl. Salmebog" (det vil seie Kingo), fire sigder, og ei mengd fiskeutstyr: Fleire torske- og sildegarn, for ikkje å snakke om alle linene.
# lagt inn 9.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.12.04

Søknad 

Soknepresten i Gildeskål, Peter Andreas Berg, til Tromsø Stiftsdireksjon, 10. mai 1853
Tilfølge Begjærende af samtlige Vedkommende har jeg herved den Fornøjelse til den høye Stiftsdirection at indkomme med ærbødigst Andragende for tvende saare haabefulde Ynglinge, Elias Blix Pedersen Vaag og Hans Nicolai Hansen Sør-Sandnæs, begge her af Præstegjeldet, om at tilstedes Optagelse som Alumner ved Tromsø Seminarium, naar næste Skoleaar tager sin Begyndelse. Herhos skal jeg tillade mig at føje nogle Bemærkninger, anbelangende enhver af Aspiranterne især.

1.) Elias Blix, der er lidt over 17 Aar gammel, er født af Forældre, som endnu leve og befinde sig i taalelig god Formuesforfatning. Allerede som Barn skal han have lagt et mere end almindelig godt Nemme for Dagen og en stor Lyst til Bogen, som siden ogsaa altid har været ham kjær. Under mine Skoleexamina blev jeg snart opmærksom paa Drengen, som efter min Formening var udrustet med ualmindelige Aandsevner, og vilde have hans Forældre til at holde ham i den faste Skole, saaofte den var i Virksomhed, men dertil var de ikke at formaa. Imidlertid havde jeg Sommeren 1851 i ham en særdeles flink Confirmant. Paa saagodt som ganske egen Haand har han erhvervet sig tæmmelig Færdighed i Skrivning og Regning, ligesom han hellerikke er blottet for Kundskab i Historie. Hans moralske Forhold har været exemplarisk. Med en livlig Aand forener han et fromt Sind, hans Aasyn er aabent, hans Blik fast og hans Væsen intagende. Med sin forherskende Lyst til boglige Beskjæftigelser bør det saaledes være Føje til at haabe, at han vilde blive en duelig og dygtig Lærer i Skolen, et Formaal hvortil hans Sind og Hu staaer. -

2.) Hans Nicolai, er ligeledes kun i sit 18de Aar. Hans Forældre leve under mindre gunstige Formuesvilkaar. Om han end ei er saa fortrinlig udstyret med Hensyn til Aandsevner, som Førstnevnte, saa har han dog et godt Hoved. I 1852 blev han confirmeret med udmærkede Christendomskundskaber. Ogsaa han har fra Barndom op havt stor Lyst til Bogen, som endnu er hans kjæreste Beskjæftigelse. For Religionen nærer han den dybeste Høiagtelse; hans Ansigt er alvorligt, hans Sind stille og hans Væsen noget tilbageholdent, dog ikke forknyt, hans moralske Forhold udmærket godt. Udentvivl ville han blive en velskikket Skolelærer, naar han dertil fik den fornødne Dannelse.

Idet jeg herved henstiller disse Aspiranters Sag til den høye Stiftsdirections kyndige Afgjørelse, tillader jeg mig at bemærke, at Gildeskaal aldrig, siden Seminariets Oprættelse (1827?), derhen har sendt noget Subject til Oplærelse; og saaledes ikke har havt Andeel i de Fordele, som flyde af, at en Menighed erholde seminaristisk dannede Skolelærere, som ere fødte og opvoxne i dens eget Skjød og saaledes allerede ved deres Ansættelse have levet sig ind i de locale Forholde, Sædvaner og Skikke, som jo altid ere forskjellige paa de forskjellige Steder. Det kan vel være saa, at ovennevnte Aspiranter ei endnu har tilfulde den Alder, som er fastsat for Alumners Optagelse i Almindelighed, men paa den anden Side kan det formentlig heller ikke være gunstigt, at flere Aar hengaae efterat de ere confirmerede inden deres Optagelse, i hvilken Mellemtid de, beskjæftigende hovedsageligen med materielle Sysler, det Lærte glemmes og Sind og Hu bortdrages fra deres egentlige Bestæmmelse. Og hvad de her angjældende Subjecter in specie angaaer, da troer jeg ikke de skulle komme til at mangle den fornødne Stadighed og Alvor, om de end i en ung Alder fik Ansættelse som Skolelærere. Sluttelig maa jeg ogsaa tillade mig at tiljøye, at Gildeskaal Præstegjeld ingen omgaaende Skolelærer har med seminaristisk Dannelse, da ingen Saadan har været at bekomme.

For det Tilfælde, at kun En af de nævnte To kan tilstedes dennegang Optagelse i Seminariet, skulde jeg tillade mig at foreslaa, at Elias Blix bliver den Foretrukne, baade fordi hans Aandsevner utvivlsomt ere hans Rivals overlegne, og fordi han er et Aar ældre Confirmant, samt endelig ogsaa fordi han i længere Tid end Hans Nicolai har sat sin Forlængsel til at komme ind paa Seminarieskolen, eftersom en højere Skoleunderviisning desverre vel ei vil times ham. Næste Aar burde Hans maaskee kunne gjøre sig sikkert Haab om Optagelse.
Sitert etter kopiboka for soknepresten i Gildeskål, i Statsarkivet i Trondheim.

Og denne teksten var verd heile Trondheimsturen. Eg har ikkje sett den på trykk nokon stad tidlegare. Berg fekk det som han ville. Elias Blix vart elev ved seminaret i august 1853, medan Hans Nicolai følgde året etter.
# lagt inn 8.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Regjeringsintrigar 

Statsminister Ole Richter, Stockholm, til justisminister Aimar Sørensen, Kristiania, 26.06.1886:
Kjære Ven!

Disse Linjer alene for at varsle Dig om at der rimeligvis forestaar meget alvorlige Forhandlinger inden Raadet i Anledning Ombytningen her. Jacob Sverdrup har gjennem Onkelen [statsminister Johan Sverdrup] insisteret paa at vedblive Bestyrelsen af Kirkedepartementet, sluttelig med Forslag om et Kompromiss hvorefter han vilde overlade B. Departementet naar han har havt det 2 Aar hvorefter B skulde faa en lignende Termin. Blix har, under Henvisning af hvad der passerede ved Ministeriets Dannelse, som rimeligt er afslaaet dette Kompromis og erklærer som en uigjenkaldelig Beslutning at ville træde tilbage dersom Kirkedepartementet (i Henhold til det af ham ved Indtrædelsen udtrykkelig gjorde og af Statsministeren udtrykkelig vedtagne Forbehold) ikke paany bliver ham overdraget. Vel, jeg haaber at Du i dette tager fast Position og med de øvrige Kollegaer ser at bringe saavel Statsministeren som Jacob Sverdrup til Rimelighed. Hvadenten der tages Hensyn til den ved Ministeriets Dannelse (særligt ogsaa fra Kongens Side) gjældende Forstaaelse, hvorefter Sverdrup ikke skulde være Kirkeminister, eller der tages Hensyn til de Manifestationer af den offentlige Mening, man i den senere Tid har været Vidne til, synes det mig at Jakob S's Fordrng er lige uholdbar, endog bortseet fra hvad der skyldes Blix.

Jeg tror Arctander samtidig hermed skriver til Kildal og Haugland.

Med mange Hilsener

Din hengivne
O. Richter
Ole Richters privatarkiv, Universitetsbiblioteket i Trondheim

Eit av etter kvart mange slitasjepunkt på regjeringa Sverdrup. Det er mykje om løysinga på denne konflikten i Richter-arkivet, men eg treng noko tid til å sortere. Det blir nok ikkje før neste år.

Blix var kyrkje- og undervisningsminister i regjeringa Sverdrup frå juni 1884. Han reiste til Stockholm for å vere ved statsrådsavdelinga der, under leiing av Richter, året 1885-1886. Jakob Sverdrup reiste samtidig heim frå Stocholm og tok over kyrkjedepartementet.

No er det Blix sin tur til å vende attende til Kristiania. Men Sverdrup vil altså ikkje gje frå seg departementet.

Kortversjon: Blix fekk det som han ville, til slutt og etter mykje diplomati og krangel.
# lagt inn 8.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.12.04

Lærarlagnad 

Det er hardt å vere lærar.

Dagens arbeid med sokneprestarkivet for Gildeskål har mellom anna gjeve eit endå klarare bilete av skoletilhøva i prestegjeldet på 1840-talet. Ved inngangen til dette tiåret hadde ein fire lærarar, to av dei var slektningar av Elias Blix. Vel kjend er kyrkjesongar Helge Helgesen, den første læraren til E. B. og farbror til mor hans. Mindre kjend er Peder Johan Johnsen. Han var gift med Doret Christoffersdatter, faster til Elias Blix, og budde i nabogrenda Mårnes. Men lærardistriktet sitt hadde han eit stykke unna, han var lærar i dei austre delane av Gildeskål og måtte vere mykje borte. I 1842 måtte han slutte, på grunn av "varig Legemssvækkelse" som følgje av eit forlis på skoleveg og eit syn som vart stadig dårlegare. Den vesle gardparten kunne ikkje brødfø den store familien, og soknepresten skreiv ei pen anbefaling til kasseraren for den nordlandske kyrkje- og skolefondet om pensjon, noko som vart innvilga. Slikt var alt anna enn sjølvsagt i dei dagane.

Yngste son til Doret og Peder, Andreas, var jamngammal med Elias Blix, og dei var mykje saman som barn. Finn Tømmerberg er ætling av denne Andreas, og han har eit tilfang av eigen familietradisjon i boka si om Elias Blix.
# lagt inn 7.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Moteord 

"Hvert år har sine nye mote-ord. Og i 2004 var Blog det heteste av dem alle."
Les meir i Adresseavisa.
# lagt inn 7.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.12.04

Dagens Blix 

Mi Von og Trøyst og Tillit stend / Til Gud med største Tryggja.
Gud er so god og trufast kjend, / Eg paa hans Ord vil byggja:
At han fyr meg / So naadeleg
Sin Son let Krossen bera.
Meg, som var daud / I Synd og Naud,
Han reiser upp til Æra.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 5

Det er sant, du skal få ein salme i dag og. Men no kjem det ikkje fleire denne veka, Blix har berre desse to for andre sundagen i advent. Denne er tradisjonell, heilt frå Thomissøns salmebok.

Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 6.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Brev frå Frosta 

Til
Kongen!

Hundraden af Frostingar, som den lukkelege Utgang paa den politiske Kampen vaar samlade til Fest, lyt faa Lov aa senda Dykkar Majestæt sin hjartelege Tak fyr dei folkekjære Menn, som no er benkjad om Kongens Raadsbord.

Vi kjenner det so væl, at ved denne Avgjerda og det, ho maa hava i Fylgje med sig, vil Folket her i Norig atter verta glade og trygge.

Konge og Folk vil no standa fast saman i Arbeidet fyr aa fremja Fedralandets Heider og Lukke.

Frosta i Juli 1884

C. Skar
J. Qvarme
H. Juberg
-----------------
Ole Richters privatarkiv, Universitetsbiblioteket i Trondheim

Eg har bladd gjennom den omfattande korrespondansen til Ole Richter frå åra 1884-1885 i dag. Freistingane står i kø. Det er mykje ein kan fordjupe seg i når ein får slike "hands on"-opplevingar av avgjerande fasar i norsk politisk historie. Eg må prioritere strengt det som er direkte relevant for studiet av Elias Blix, og elles vise til spesiallitteratur (Per Fuglum er eit framifrå tips). Men for dette brevet gjer eg eit unnatak. Dei var myndige, frostingane. Venstreforeining hadde dei skipa i 1883, og dei skriv landsmål til kongen sjølv - med dette følgjebrevet til trønderen Richter:
Statsminister Richter!

Vi tek os den Friheita aa bede Her Statsministeren bringa fram Frostingannes Tak aat Hans Majestæt.
Om Richter faktisk gjorde det, veit eg ikkje. Brevet til kongen ligg altså i hans arkiv, og ikkje i kongens.

Det var ikkje første gong frostingane nytta landsmålet i offisielle samanhengar. Ifølgje bygdeboka (s. 37) skal følgjande brev vere det første stortingsdokumentet på landsmål, prenta som vedlegg til Stortingsdokument 73/1879. Det gjeld flaggsaka:
Til Stortinget! I eit større Møte her idag den 19. april vardt det einstemmigt vedtikkjet aa senda Tinget den Helsingji, som her kjem: Forsamlingi ynskjer, at Flagget og Fanorne maa verdta fastsette ved Log. Vi har den visse Voni at Stortinget vil veta aa avgjera Sakji paa ein Maate, som samhøver likso vel med Fedralandets Sjølvstøda og Æra som med Unionen.

Frosta den 19. april 1879.
# lagt inn 6.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Brev frå Blix 

Deres Excellence!

Jeg har herved den Ære at meddele, at jeg reiser herfra Mandag og kommer til Stockholm Tirsdag den 7de om Morgenen Kl. 9 3/4.

Kr.ania 4de Juli 1885

I Ærbødighed
E. Blix
------------------
Brev frå Elias Blix til Ole Richter, Richters privatarkiv, Universitetsbiblioteket i Trondheim

Det eldste brevet mellom Blix og Richter som eg har funne til no. Blix er på veg til Stockholm for å vere med i statsrådsavdelinga der for eitt år.

Eg er i Trondheim att. I dag har eg arbeidd med Richter-arkivet, i morgon blir det Gildeskål-materiale i Statsarkivet.
# lagt inn 6.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.12.04

Dagens Blix 

Naar Hav og Himmel dynja / Med Storm og Toreljom,
Og Folk i Rædsla stynja/ Og gruva fyr Guds Dom,
Naar Jord og Himlar skaka/ Og skjelva i sin Grunn:
Daa gjeld det vel aa vaka/ Og venta Endens Stund!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 4

Andre sundag i advent.

Heile salmen.
Tysdagens Blix.
# lagt inn 5.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.12.04

Ingvald 

Orkar du ei trist barnehistorie til? Kjelda er nok ein gong kyrkjeboka for Gamle Aker.

Ingvald Blix var det femte barnet til Emma og Elias, etter Hans, Marie, Signe (†) og Helge. Han var fødd 22. august 1878 og døypt i Gamle Aker kyrkje 3. november. Men han vart berre tre år gammal. Han døydde 12. desember 1881 og vart gravlagt 17. desember. Ei spesiell jul for familien Blix det året òg, med andre ord. Dødsåraka er oppgjeven til "Morbelli", noko eg tolkar som meslingar (morbillis).
# lagt inn 1.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmebok 

Alltid spennande med bokpakke i posten. I dag har eg fått eit eksemplar av Nynorsk Salmebok, som eg spurde etter her om dagen. Det er Per Halse som har trylla det fram, takk skal du ha, Per! Den kjem eg til å bruke mykje.

No manglar eg berre Guldberg. Den er vanskeleg, og dyr, å få tak i. Mor mi gav meg farfars gamle Kingo og morfars eksemplar av Birger Halls Kirkeklokken tidlegare i haust.

Det er mykje som kan bli samleobjekt. Men eg har ingen ambisjonar om å slå Kingo-samlinga til Sigvald Tveit. Den er imponerande.
# lagt inn 1.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?