<$BlogRSDUrl$>

31.5.04

Dagens Blix 

Fraa Himmelen Guds Ande for, / Guds Ande for,
Og løyste Tungeband paa Jord. / Halleluja, Halleluja!

-----------
E. Blix, Nokre Salmar (4. utgåva; Kristiania: Samlaget, 1891) nr. 95

Eg har kommentert denne salmen tidlegare, så berre eit grammatikalsk spørsmål i dag: I siste verset førekjem uttrykket ei fager Kvitsunfest, der "fest" altså er eit hokjønnsord. Kan nokon forklåre det for meg? Trykkfeil er det ikkje, for forma er konsekvent i alle tre utgåvene av Nokre Salmar. Men hos Aasen er då ordet eit hankjønnsord?

Heile salmen (.pdf-fil)
Førre utgåva (1883)
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 31.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Hålogaland 200 

Så har Hålogaland bispedømme markert 200-årsjubileet sitt i Lofoten. Sidan internett er eit interaktivt og brukarstyrt medium, kan du velje om du vil ha referat med eller utan Ludvig Nessa og Per Kørner.

Send ein kommentar.
# lagt inn 31.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

30.5.04

God pinse! 

# lagt inn 30.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Du, som Sorg kann svala, / Du, som Trøyst kann tala
Sælt til Hjarta saart,
Raads og Storverks Ande, / Liv i Daudens Lande,
Ljos paa Vegen klaart!
Giv oss Kraft /Og Livsens Saft!
Lat din høge Himmelgivnad / Lysa i vaar Livnad!

-----------
E. Blix, Nokre Salmar (4. utgåva; Kristiania: Samlaget, 1891) nr. 94

Oppdatering, 2. pinsedag: Ny salme i 1891-utgåva av Nokre Salmar. Dette er ei gjendikting av "Sannhets tolk og taler", etter Landstad (1861) og Benjamin Schmolk (1672-1737). Synd at dei norske gjendiktingane har utelate første vers av originalteksten:
Schmückt das Fest mit Maien,/ lasset Blumen streuen,
zündet Opfer an,
denn der Geist der Gnaden/ hat sich eingeladen,
machet ihm die Bahn!
Nehmt ihn ein, / so wird sein Schein
euch mit Licht und Heil erfüllen/ und den Kummer stillen.
Heile salmen (.pdf-fil)
Les originalteksten (frå Gesangbuch.org)
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 30.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.5.04

Dagens Blix 

Lys upp og klaarna, Saal og Sinn! / No blæs so kraftig Andens Vind.
No renn hans Dag so ljos og fjelg, / Den blide sæle Kvitsunhelg.
So lat oss lova Jesus Krist! / Sin Lovnad heldt han sant og visst!

-----------
E. Blix, Nokre Salmar (4. utgåva; Kristiania: Samlaget, 1891) nr. 93

Heile salmen (.pdf-fil)
Førre utgåva (1883).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 29.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

28.5.04

Fritt Ord 

Dagens gladmelding kjem frå Institusjonen Fritt Ord: Eg får kr 75 000 i støtte til prosjektet Elias Blix: Ein biografi!

Eg er svært glad for denne løyvinga, som vil få mykje å seie for kvaliteten på gjennomføringa av prosjektet. Mellom anna får eg no høve til å reise til Leipzig for å gå i fotefara til Elias Blix.

Send ein kommentar.
# lagt inn 28.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

I dag 



Les meir.

# lagt inn 28.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Høgsong 

Norsk Litteraturfestival (Sigrid Undset-dagane) på Lillehammer i dag:
18:00 INGER ELISABETH HANSEN: JEG VELGER MEG SALOMOS HØYSANG
Da Inger Elisabeth Hansen utga diktsamlingen I rosen i 1993 brukte hun Salomos høysang som undertekst. Når nå Brageprisvinneren er med i en gruppe av forskere som skal revidere oversettelsen, oppdager hun stadig nye lag i en av bibelens mest poetiske tekster. Eller som Inger Elisabeth Hansen selv sier: Jeg oppdager et land jeg ikke selv har sett, som tydeliggjør det jeg selv holder på med.
Inger Elisabeth Hansen er for tida, saman med Hans Johan Sagrusten og Torleif Elgvin, ansvarleg for å revidere omsetjinga av dei poetiske tekstane i Bibelselskapet si utgåve av det gamle testamentet.

Send ein kommentar.
# lagt inn 28.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

92.
Tone 44: Hvad kan os komme til for Nød.

Gud, heilag Ande, rett oss lær / I Hjartans Tru, den reine,
Vaar Frelsarmann aa hava kjær / Og tena honom eine,
So me mot Daudens Fæla maa / Uti hans Saar den Frelsa faa,
Som han fyr oss fortente!

Hjelp, at din sæle Lærdoms Kraft / I Hjartat trutt me gjøyma!
Av Gudsords Braud og søte Saft / Lat Sæla til oss strøyma!
Ja lat oss døy fraa Syndi rett, / Og fød oss ny' til Himmel-Ætt,
Til Frukt i Tru aa bera!

Naar Liv og Ande slokna maa / I Daudens stride Stunder,
So lat vaart Hjarta kjenna faa / Din Verknads sæle Under,
So me vaar Ande giva kann / Med heilraadd Hug i Jesu Hand
Og der i Æva kvila!

(Etter Ringwald og S. Jonassøn.)

-----------
E. Blix, Nokre Salmar (4. utgåva; Kristiania: Samlaget, 1891) nr. 92

Denne vesle salmen var ny i 1891-utgåva av Nokre Salmar. Originalteksten, "Gott Heil'ger Geist, hilf uns mit Grund", er av Bartholomæus Ringwaldt, men Blix har nytta Søren Jonassøns danske gjendikting som førelegg. Salmen stod både i Landstad og i Christiania-tillegget til Evangelisk-christelig. Den versjonen har ein sterk dåm av 1600-tal. Første verset lyder:
Gud Helligaand, i Tro os lær, / Vor Frelsermand alene
Af Hjertet ret at have kjær, / Og hannem saa at tjene,
At vi mod Dødens Grumhed maa / Udi hans dybe Vunder faa
Den Frelse, han fortjente!
Sjå originalteksten (frå lutheran-hymnal.com)
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 28.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.5.04

Litteraturfestival 

På Lillehammer er Norsk Litteraturfestival (Sigrid Undset-dagane) i gang. Dei held på fram til sundag. I dag har det vore kåring av dei beste unge forfattarane i landet, i samarbeid med Morgenbladet.
# lagt inn 27.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Læraren 

I åra 1863-1874 underviste Elias Blix på Hartvig Nissens latin- og realskole. Den mest kjende skildringa av det indre livet på Nissens skole i slutten av 1860-åra er den som Theodor Caspari (1853-1948) gjev i Fra mine unge aar. Han meiner det gjekk nedover med skolen generelt, og disiplinen spesielt, da sjefen sjølv slutta i 1865 for å bli ekspedisjonssjef i Kyrkjedepartementet. Caspari minnest heile fire seinare universitetsprofessorar mellom lærarane, historikarane Gustav Storm og Yngvar Nielsen, latinaren L. B. Stenersen og Elias Blix – "allesamen kundskapsrike og fremragende mænd, men ikke netop pædagoger." Det er Nielsen som får det beste skussmålet mellom desse fire, men Blix stilte rett nok med handikap:
Og hvor hører jeg ikke endnu den dag idag den senere saa navngjetne salmedigter Elias Blix's trætte røst – han læste religion med os, i regelen i sidste time –: "Aa sit naa rolig paa bænken da, Caspari!" Sitte rolig paa bænken i sidste time, og det i religion! – ja, det var nok lettere sagt end gjort.
Før ein dreg for raske konklusjonar om Blix sine pedagogiske evner, bør ein få med seg framhaldet. Der skriv nemleg Caspari, som sjølv var lærar i gymnaset gjennom eit langt liv:
Mere end en gang har denne røst senere i livet lydt i mine øren, naar jeg selv var stedt i samme kasus som lærer, og træt og sliten anropte en elev: "Aa sit naa stille paa bænken, da Ola!"
Og det må, i rettferds namn, leggjast til at det finst heilt andre og meir sympatiske skildringar av Blix som pedagog.

Send ein kommentar.
# lagt inn 27.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Den Gjerd er Gud til Vilje gjord, / Som paa hans Ord me grunna.
No gav du, Jesus, oss det Ord: / Du Anden vil oss unna.
So kjem eg her til deg: / Giv det, du lovad meg!
For Ordet av din Munn / Det kjem or Hjartans Grunn.
Du sviklaus stødt er funnen.

-----------
E. Blix, Nokre Salmar (4. utgåva; Kristiania: Samlaget, 1891) nr. 91

Pinsesalme nummer to er òg ei gjendikting som stod alt i 1869-heftet av Nokre Salmar.

Heile salmen (.pdf-fil)
Førre utgåva (1883).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 27.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.5.04

Studieplan 1860 

Eg sit framleis og filar på kapitlet om Blix si studietid på 1860-talet. Eg skulle levert eit utkast tidleg i mai, no vert det visst til pinse.

Det var nok ikkje så lett å vere student i dei dagane. Studierettleiing var det lite av, og mange oppdaga seint at dei hadde lagt studiet sitt lite effektivt opp. Mange studentar trong meir enn dei tilmålte tre åra (etter artium og examen philosophicum) for å få embetseksamen. Men vi finn faktisk noko så moderne som ein rettleiande studieplan hos Gisle Johnson, eit Methodologisk Schema for et 3aarigt theologisk Studium:
Første år:
• teologisk encyklopedi (innføring i teologien)
• bibelsk lingvistikk, innleiing, historie, geografi og arkeologi
• det gamle testamentet: tolking av Første Mosebok
• det nye testamentet: tolking av evangelia, Apostelgjerningane, og Romarbrevet
• kyrkjehistorie
Andre år:
• kyrkjehistorie
• det gamle testamentet: poetiske og profetiske bøker
• det nye testamentet: resten av brevlitteraturen
• dogmehistorie
Tredje år:
• det nye testamentet: Hebrearbrevet og Johannes' openberring
• repetisjon av bibeltolking, bibelhistorie og kyrkjehistorie
• symbolikk (studiet av kyrkja sine vedkjenningsskrifter)
• systematisk teologi
Denne utgåva avslutta førelesningsrekkja Theologisk Encyclopædi i 1858, etter I. Ottesens referat (Menighetsfakultetets arkiv), attgjeve i Vidar Haanes, "Hvad skal da dette blive for prester" (Trondheim, 1998), 176, note 67.

Send ein kommentar.
# lagt inn 26.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kvitsunn i Fron 

Om du ikkje har planar for helga, og ikkje har høve til å reise til Vågan i Lofoten, er kan hende Kvitsunn-feiringa i Fron i Gudbrandsdalen eit alternativ? Den har sine komersielle sider, "Peer Gynt as" står som arrangør (best kjent for Peer Gynt-stemnet om sommaren, med skodespelet framført i friluft ved Gålåvatnet). Men det er altså framfor alt ein kyrkjefest, der den store Sør-Fronkyrkja står sentralt. Pilegrimsvandring kan du òg vere med på, i lommeformat.

Sjølv skal eg i konfirmasjon i Ås til helga, så det vert ikkje nokon Fronstur. Men det hadde vore hyggjeleg. Eg vikarierte i Sør-Fronkyrkja ein sommar. Dessutan har eg vore prest i Nord-Fron i eitt år og i Ringebu i fire, så det er mange gode minne knytta til dette landskapet.

Send ein kommentar.
# lagt inn 26.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Kom Heilag Ande, til oss ned!
Lys inn i Hjartat med din Fred,
Du Guddoms Ljos og Stjerna!
Du Sannings Sol, som aldri sig,
Giv, at me Sannings Veg og Stig
Ved deg maa fylgja gjerna!
Leid meg / Den Veg!
Lys fyr Fotom! / Riv med Rotom / Ut dei Tankar,
Som fraa Myrkheim til meg vankar!

-----------
E. Blix, Nokre Salmar (4. utgåva; Kristiania: Samlaget, 1891) nr. 90

Det nærmar seg pinsehelg. Ni pinsesalmar har Blix, og eg vil presentere dei her dei næraste dagane. Dette er den første av alle, ei gjendikting frå 1869-heftet av Nokre Salmar.

Heile salmen (.pdf-fil)
Førre utgåva (1883).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 26.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.5.04

Peikaren 

Det er lenge sidan eg har lagt til nokon ny peikar i venstremenyen. Frå i dag finn du Salten Museum på lista. Etter omorganiseringa av museum i Nordland er Gildeskål bygdesamling ein del av Salten Museum.

Send ein kommentar.
# lagt inn 25.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix på esperanto2 

Nun venas anĝeloj kun kant' en aer'
Og kva for ein Blix-salme trur du begynner slik - på esperanto?

Blix på esperanto [1]
# lagt inn 25.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

200 år 

I pinsehelga vert det feiring nordafor. Det er 200 år sidan Hålogaland vart eige bispedøme.
I pinsen går hovedarrangementet av stabelen. Det skjer på det gamle kirkestedet Vågan i Lofoten. Der skal begge bispedømmene møtes til en kirkelig storfest. Dit kommer representanter fra alle våre menigheter, kirkelig ansatte og gjester. Målet er å fylle den store Lofotkatedralen i takk og lovsang. Her skal det bl.a. framføres en nordnorsk messe som er laget til jubileet. For de kirkelig ansatte blir det mulighet til å reise nedover til Lofoten med en av de gamle hurtigrutene under mottoet: I samme båt. Jeg kan love at dette blir en storfeiring.
---
Motto for jubileet er ”Kirke for framtida”. Riktig nok skal vi bruke jubileet til å se tilbake på den historien som har vært og preget nordnorsk kirkeliv. Men vi skal først og fremst se framover, mot de utfordringer og oppgaver som den nordnorske kirke står overfor. Vi vil at vår kirke på en sunn måte skal kombinere tradisjon og fornyelse.
BlixBlog gratulerer, og følgjer feiringa frå eksil i sør.

Les meir.
Send ein kommentar.
# lagt inn 25.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Septuagintas Oprindelse, Beskaffenhed og Betydning.
---
At ej den hele Oversættelse kan være af en og samme Forfatter, fremgaar klart af de enkelte Bøgers meget forskjellige Beskaffenhed. Pentateuchen er den Del, som er oversat med størst Troskab og Takt og Sprogkyndighed. De historiske Bøger røbe meget mindre Omhu og kun tarvelig Indsigt i det Hebraiske. I Profeterne er Friheden og Vilkaarligheden endnu større, og gaar navnlig i Jeremia over alle Grændser. Af de poetiske Bøger er Proverbia bedst oversat, Psalmerne derimod uden Aand og Poesi, Oversættelsen af Daniel endelig mere en Omskrivning end en Oversættelse. ---

Septuaginta afviger saaledes betydelig fra Originalen. Dens Afvigelser bestaa dels, som allerede berørt, i en altfor stor Frihed, idet den oftere oversætter omskrivende og forklarende og mere søger at gjengive Meningen end den ligefremme Betydning af de enkelte Ord; dels deri, at den læser anderledes end den almindelige Text, og dels endelig deri, at den ej sjelden tillader sig rent vilkaarlige materiale Ændringer. Saaledes forandrer den i Lighed med den samaritanske Text, dog med ejendommelige Afvigelser, Levealderen for de ældste Patriarcher fra Seth til Floden (Gen 5) og ligesaa i Sems Linje (c. 11). Den udfylder af og til Slægtregistrene og forandrer endelig undertiden Ordenen indenfor de enkelte Bøger, saaledes navnlig i Jerem.
------------
Det teologiske fakultet, skriftlege svar til teologisk embetseksamen våren 1866, 1121. Elias Blix

I tillegg til å tolke ein tekst frå det gamle og ein frå det nye testamente, måtte kandidatane ved teologisk embetseksamen skrive ei oppgåve innan dei såkalla "innleiingsdisiplinane" i bibelfag. Septuaginta er det tradisjonelle namnet på den gamle greske omsetjinga av det gamle testamentet. Elias Blix har levert ei god oppgåve, som gjer greitt greie for vurderinga av Septuaginta midt på 1800-talet. Nett difor er det interessant å sjå kor mykje som faktisk har endra seg gjennom seinare forsking. Skilnadene mellom den tradisjonelle hebraiske teksten og den tradisjonelle greske får Blix greitt fram. Men i dag er forklåringane langt meir nyanserte. Når det gjeld Daniel, har Blix rett i den negative vurderinga av den greske omsetjinga. Og det finst mykje "nonsense in the Septuagint" (tittel på ein enno uskriven artikkel av Emanuel Tov, ein av verdas viktigaste Septuaginta-forskarar i dag – han skal ha ei stor mappe med materiale til temaet). Men funn av tidlegare ukjende hebraiske bibelmanuskript, mellom anna i Qumran, har vist at mange skilnader skuldast at Septuaginta har omsett ein hebraisk tekst som såg annleis ut enn den tradisjonelle. Ved fleire høve ser det ut til at Septuaginta-variantane representerer ein eldre og betre tekst enn den tradisjonelle.

Heile oppgåva (.pdf-fil)
Førre eksamen (GT).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 25.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.5.04

Dagens Blix 

Psalme 74,1-9.
"O Gud! Hvorfor forstøder du for stedse; hvorfor ryger din Vrede mod din Græsgangs Hjord? Kom ihu din Menighed, som du erhvervede fordum, din Arvs Stammer, som du forløste, Zions Bjerg, hvorpaa du bor. Ophøj dine Trin til de evige Ruiner! Alt har Fienden fordærvet i Helligdommen. Modstanderne have brølet midt i dit Sammenkomststed; de have sat sine Tegn til Tegn. Han er kjendt som den, der hæver Øxen i Skovens Tykning. – Og nu, deres Billedværk tilhobe have de knust med Øxer og Hammere. De have sat Ild paa din Helligdom; ned til Jorden have de vanhelliget dit Navns Bolig. De have sagt i sit Hjerte: Lader os nedtræde dem tilhobe! De have brændt alle Guds Sammenkomststeder i Landet. Vore Tegn se vi ikke, der er ej mere nogen Profet og Ingen hos os, som ved, hvor længe."
------------
Det teologiske fakultet, skriftlege svar til teologisk embetseksamen våren 1866, 1121. Elias Blix

Slett ikkje verst. Språket er jo prega av hebraismar, omsetjinga legg seg nær opp til kjeldespråket. Men eg reknar med at det var idealet for eksamenssvara på denne tida. Det er få feil. Det einaste måtte vere "Modstanderne" i vers 4; på hebraisk står det "dine motstandarar".

Les avsnittet i dagens bibelomsetjing.
Førre eksamen (NT).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 24.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.5.04

støyBlix 

Sesongens mest overraskande Blix-lydspor kjem frå støymusikk-gruppa NOXAGT frå Sandnes. Frå presentasjonen av plata The Iron Point (Load Records, 2004):
Norwegian three piece NOXAGT come at you with record #2. Bass, drums and viola configured for maximum damage to ear canals. After wowing audiences on their October 2003 US tour, they unleash a monster studio recording that has an amazing diversity of sounds. This record swings hard my friends, rocks like a demon and has some majestic dynamics. "The Iron Point" even has Nils Erga's (Noxagt's viola player) octogenarian grandfather singing on one track!

NOXAGT is for fans of hard rock and swinging unconventional riffage, dirty crawl such as the MELVINS, and single minded pummel like label-mates/touring partners LIGHTNING BOLT.
Kva den åttiårige bestefar til bratsjist Erga syng?
Kling no, klokka! Ring og lokka!
Ring og lokka frå tusund tårn!
Tona um frelsa! Kalla og helsa,
kalla og helsa med fred Guds born!
Kling no, klokka! Ring og lokka,
ring og lokka frå tusund tårn!

Roots, bloody roots: Akkurat som amerikanske Sunn O))) nylig benyttet seg av norsk folketradisjon på White1 (2003), tar Noxagt sitt jafs av kulturarven med salmedikteren Elias Blix' Kling No Klokka, fremført av Nils Ergas bestefar Hagbard Heien. Erga & co har utvilsomt kommet et godt stykke siden sine tidlige bruddstykke-baserte eksperimenter. Med The Iron Point følger de tendensen fra Turning It Down Since 2001 (2003) med en kort plate bestående av ni fokuserte angrep av kraftfull tungrock, djevelske bratsj-droner og gamle norske folketoner.
(musikkguiden groove.no)
Og om du no trur at dette handlar om eit perifert garasjeband, tek du feil. Berre sjå her!

Og turnéprogrammet for sommaren 2004 finn du her. Kjem dei til å spele "Kling no klokka" på Quart eller Roskilde i sommar, tru?

Send ein kommentar.
# lagt inn 21.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Joh 5,19-27.
Jesus svarede derfor og sagde til dem: Sandelig, sandelig siger jeg Eder: Ej kan Sønnen gjøre Noget af sig selv, uden hvad han ser Faderen gjøre, thi hvad som helst denne gjør, dette gjør ogsaa Sønnen ligesaa. Thi Faderen elsker Sønnen og viser ham Alt hvad han selv gjør; og større Gjerninger end disse skal han vise ham, forat I skulle forundre Eder. Thi ligesom Faderen opvækker de Døde og gjør levende, saaledes gjør og Sønnen levende dem han vil. Thi heller ikke Faderen dømmer Nogen, men den hele Dom har han givet Sønnen, forat Alle skulle ære Sønnen, ligesom de ære Faderen. Hvo som ikke ærer Sønnen, ærer heller ikke Faderen, som ham sendte. Sandelig, sandelig siger jeg Eder, at hvo som hører mit Ord og tror paa den, som sendte mig, han har et evigt Liv, og til Dommen kommer han ikke, men er gaaet over fra Døden til Livet. Sandelig, sandelig siger jeg Eder, at en Time kommer og er nu, da de Døde skulle høre Guds Søns Røst, og de som den høre, skulle leve. Thi ligesom Faderen har Liv i sig selv, saaledes har han givet ogsaa Sønnen at have Liv i sig selv, og han har givet ham Magt til ogsaa at holde Dom, fordi han er Menneskets Søn. –
------------
Det teologiske fakultet, skriftlege svar til teologisk embetseksamen våren 1866, 1121. Elias Blix

Dei første bibelomsetjingane vi har etter Elias Blix er prøvesvara hans i bibelfag til teologisk embetseksamen. Dette er omsetjingsdelen frå oppgåva hans i nytestamentleg eksegese. Seinare skulle han omsetje heile evangeliet til landsmål.

Heile svaret (.pdf-fil, 777 K)
Les avsnittet i dagens bibelomsetjing.
Førre eksamen (kyrkjehistorie).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 21.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.5.04

Dagens Blix 

Guds Kyrkja stend og stirer / Til Himmels upp, der Herren for.
Av Lengsla Augat tirer, / Ho ser og stundar paa hans Ord:
At han skal atter venda / Og henta heim si Brud,
Og all vaar Trengsla enda, / Og føra oss til Gud;
Der me uti hans Sæla / Skal fagnast utan Trot
Og aldri turva fæla, / At me skal skiljast aat.

-----------
E. Blix, Nokre Salmar (4. utgåva; Kristiania: Samlaget, 1891) nr. 86

Helgetorsdag i dag. På BlixBlog feirar vi himmelferda med ein av dei fire første eigne salmane Blix publiserte i 1869.

Heile salmen (.pdf-fil)
Førre utgåva (1883).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 20.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.5.04

Blix i California 

Post festum: MULTICULTURAL DAY 2004 - Moorpark College, 13.04.2004
11.30 a.m. - 1.00 p.m
Norwegian Fairytales
Library - 212
Grethe Wygant will be reading selected Norwegian fairytales by Asbjornsen and Moe, and poems by Elias Blix, Rolf Jacobsen, Hans Borli, Bjornstjerne Bjornson, Einar Skjaeraasen and others. The fairytales and poems will be read in Norwegian and translated into English. Beautiful photographs from Norway will be shown.
# lagt inn 19.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salme-rap 

Stadig på etterskot. Dei første dagane i april gjekk det ei ordveksling på debattsidene til SOL.no, med utgangspunkt i "Max" sitt innlegg Salme-rap:
Hei!

Jeg er med i en gjeng som består av fire jyplinger i ungdommens vår. Vi bobler over av ungdommelig selvtillit og spilleglede – og vi elsker rapping, dikt og breakdance.

Særlig har vi sansen for gamle salmer, og nå har vi tenkt å gi oss i kast med en salme som min farfar har på CD med Sunnmøre Kristelege Mannskor, nemlig Himmelske Fader.

Denne låten har en ekstrem bra kvalitet over seg. Elias Blix kunne dikte, jammen men.
Vi synes det er viktig å rappe på norsk, og vi rapper både på bokmål og nynorsk. Vet ikke om andre som rapper på sidemål.

Neste lørdag kommer vi til å rappe på Plata. Kom og hør oss kl. 15:00. Ta dere gjerne tid til å lære denne vindunderlige teksten, den er bare helt rå…

Himmelske Fader
Herleg utan like!
Til alle stader når ditt store rike
Stjernor du styrer
Og alt liv som yrer
Alt ned til mauren i mold

Ramnungar ropar
Og du gjev deim mette
Hungrande hopar
Til ditt bord vært sette:
Alt gjev du føda,
Signar landsens grøda,
Sender oss solskinn og regn.

Fader, du sæle
Høgt i himmelstova
Med barnemæle
Me ditt namn vil lova
Takk, at du ville
Med ein faders milde
Taka oss til dine born!
Dette var interessant. Eg er ikkje heilt sikker på kva for tolkingsramme denne debatten skal lesast i, men eg noterer datoen 1. april som eit mogleg signal.
# lagt inn 19.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix på esperanto 

Ĉarma Krist-vesper’! Slik begynner "Sæle jolekveld" på esperanto! Omsetjing: Hans Amund Rosbach.
# lagt inn 19.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix-hus i Bodø 

Ved Høgskolen i Bodø driv dei med nybygging. Studentar og tilsette er inviterte til dugnad. Det gjeld forslag til namn på bygg og rom. Kåre Fuglseth (tilsett ved lærarutdanninga og aktiv i Salten mållag) meiner:
Elias Blix er elles ein så viktig person for Nordland at han var verdig eit hus, så det er mitt forslag på eitt av husa på Lærarutdanninga.
På BlixBlog har han sjølvsagt full støtte. Heia, Kåre!
# lagt inn 19.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Rana 

I serien Post festum: Rana Blad 06.05.2004.
Nå kommer Kine til Mo og Havmanndagene, med en «forteller-konsert» basert på tekstene og historien.
Vokalgruppa Accord skal også være med på konserten.
- Musikken var en hyggelig overraskelse, sier Rita Hovde i Accord.
- Jeg er glad i salmer, men må virkelig ta hatten av meg for Kine Hellebust som komponist. Salmene er virkelig fine, sier Hovde.
- Dessuten er hun jo en veldig god tekstformidler. Hun er jo skuespiller, så det har nok sitt å si.
I tillegg medvirker organist Malcolm Pentelow.
Men det er altså eit par veker sidan.
# lagt inn 19.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Arminianismens Historie og Betydning for Kirken.
---
Først i Begyndelsen af det 17de Aarhundrede udbryder der en egentlig Lærestrid i den reformerte Kirke, den saakaldte arminianske, og denne drejer sig da om det Punkt, som indenfor det calvinske System har den største, mest centrale Betydning, Læren om Naadevalget.

Den calvinske Prædestinationslære var vel i det Væsentlige optaget i alle reformerede Bekjendelser, men ikke overalt blev den i Praxis gjort gjeldende med lige stor Skarphed og Konsekvents. --- Saadanne forskjellige Opfattelser føre nu til Sammenstød og Stridigheder, der tildels faa en stor Betydning for den reformerte Kirke. Den vigtigste af dem udbryder i Nederlandene i Begyndelsen af det 17de Aarhundrede. – Jakob Arminius var fra 1603 Professor i Leyden. Man vidste, at han hyldede den laxere Opfattelse af Prædestinationslæren, og Tilhængerne af det andet Parti foranledigede ham til at udtale sig nærmere om dette Punkt, hvorved det viste sig, at han meget stærkt har afsvækket den absolute Prædestinations Begreb.

--- Arminianismen blev fordømt og dens Tilhængere udstødte af Kirken. --- Dermed var nu Striden afgjort, men Arminianismen var dermed ingenlunde tilintetgjort. Tvertimod faar den endog fra nu af den største Betydning. Dens charakteristiske Ejendommelighed er herefter ej saa meget dens Lære om Naadevalget som meget mere dens Stilling til Kirken og dens Bekjendelse i det hele. Dens Løsen bliver den Enkeltes Frihed for al Symboltvang og navnlig den fri Forsknings Ret. Arminianerme optræde som den videnskabelige Friheds begejstrede og ensidige Talsmænd. ---
----------------------
Det teologiske fakultet, skriftlege svar til teologisk embetseksamen våren 1866
1121. Elias Blix

Eg har ikkje undersøkt kva for lærebøker Elias Blix las i kyrkjehistorie, men det stod tydelegvis mykje meir der om nederlandsk kyrkjehistorie på 1600-talet enn i nokon av mine lærebøker til teologisk embetseksamen. Emnet er meir sentralt enn det kan sjå ut til ved første augekast; arminianismen byggjer på mange måtar bru frå renessansehumanismen på 1500-talet til den kritiske vitskapen på 1700- og 1800-talet. Framstillinga til Blix er solid og detaljrik. Han hugsar godt namn og årstal, samspelet mellom religion og politikk gjer han godt greie for, men sjølve hovudsaka, stridsspørsmålet som galdt læra om nådevalget eller predestinasjonen (det at Gud på førehand har valt ut dei som skal verte frelste - og, i nokre utgåver, bestemt kven som skal gå fortapt) er kan hende litt uskarpt framstilt.

Heile eksamenssvaret (.pdf-fil)
Gårsdagens Blix/Førre eksamen (dogmatikk).
Send ein kommentar.
# lagt inn 19.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.5.04

Dagens Blix 

En Udvikling af den christelige Lære om de gode Gjerninger, med Paavisning af de vigtigste Vildfarelser, som i dette Punkt have gjort sig gjældende
--- I den christelige Tro er det altsaa 2 lige væsentlige Momenter, at de gode Gjerninger paa den ene Side ganske vist ere nødvendige, forsaavidt de ere Troens uudeblivelige Livsyttringer, og at Gud derfor i sin Dom tager Hensyn til dem; men at paa den anden Side deres Værd for Gud netop kun bestaar deri, at han i dem ser de organiske Frugter af den Tro, der ejer Christum og i ham Faderens Velbehag. –

Det gjelder her at fastholde den rette Midte lige over for talrige Vildfarelser. Paa den ene Side haver vi de antinomistiske Retninger, der paa den Maade adskille Tro og Gjerninger, som om de aldeles Intet havde at gjøre med hinanden, som om den Troende er i den Forstand hævet over Loven, at dens Krav ej mere ere til for ham, som om han paa Grund af sin Tro var berettiget til at sette sig ganske ud over Loven og gjøre hvad der efter den ("for Lovens Menneske") er Synd. ---

Den anden Hovedvildfarelse gaar den modsatte Vej, idet den sætter Tro og Gjerninger som 2 selvstændige, sideordnede Faktorer for Erhvervelsen af Guds Naade og Velbehag. Denne Lære optræder navnlig i 2 Hovedformer, idet den enten sætter de gode Gjerninger som medvirkende allerede ved Retfærdiggjørelsen, eller dog som Betingelse for Bevarelsen i Naadestanden. ---
----------------------
Det teologiske fakultet, skriftlege svar til teologisk embetseksamen våren 1866
1121. Elias Blix

Utdrag av eksamenssvaret i dogmatikk til teologisk embetseksamen i mai 1866. Patent luthersk-ortodoks skolastikk.

Gårsdagens Blix.
Førre eksamen (etikk).
Send ein kommentar.
# lagt inn 18.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.5.04

17. mai-konsert 

Om du feirar grunnlovsdagen i Oslo og framleis ikkje veit kva du skal ta deg til om ettermiddagen, kan du jo dra innom Oslo konserthus. Oslo Symfoniorkester spelar ei sentral rolle i den tradisjonelle festkonserten kl. 16.00, og eg skal spele bratsj i år òg.

Send ein kommentar.
# lagt inn 17.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 


I Norigs Vetter rann ein Vaar, / Og Sol reiv Myrkret sunder.
Det var ein Maimorgon klaar / Og fager som eit Under:
Daa rann vaar Fridoms Sol, / Vaar gamle Konungsstol
Vart reist i Norig ny, / Og upp fraa Bygd og By
Steig Lovsong yver Landet.

----------
E. Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Husebye, 1900), s. 114-116

Til 17. mai for 105 år sidan skreiv Elias Blix denne salmen, som i dag neppe vil passere som politisk korrekt, men som er eit svært interessant tidsbilete frå åra før unionsoppløysinga. Eidsvoll 1814 har fått mytologiske dimensjonar i denne høgst maskuline og noko militante teksten. Men over det heile skin vårsola, og "Gud ... stod attved / Og Fridomsverket fremjad" (vers 2). Tonen er Blix sin høgtidstone nummer ein, "Vor Gud han er saa fast en Borg".

Heile salmen (.pdf-fil).
Fredagens Blix.
Flaggbilete med løyve frå ITA's Flags of All Countries
Send ein kommentar.
# lagt inn 17.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.5.04

125 år sidan 

I serien Post festum: 12. mai 1879 skreiv stortingsrepresentant Sivert Nielsen dette brevet:
Hr. Dr. Blix!

Jeg gratulerer! Med 85 Stemmer er Din Professorgage i dette Øieblik bevilget.

Din
S. Nielsen

Storthingssalen
12-5-79
Send ein kommentar.
# lagt inn 14.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Om religionsundervisningen i gymnasierne:
Erklæring fra religionslærerne i gymnasierne dhrr. Dr. E. Blix og pastor B. Krogh.
[utdrag]
Det er med oprigtig glæde, vi erfarer, at det kgl. departement har taget spørgsmaalet om religionsundervisningen ved vore gymnasier under overveielse, da vi i alt væsentligt deler hr. biskopens mening angaaende det i flere henseender lidet tilfredsstillende ved den nuværende ordning af denne undervisning og følgelig ikke kan andet ene yde kirkestyrelsens bestræbelser for en forbedring i det bestaaende vor varme tilslutning.
---
Efter det anførte maa derfor bestræbelserne for en forbedring i det bestaaende efter vor mening rettes mod det dobbelte formaal dels at skaffe tid til en grundigere og sikrere tilegnelse af det i middelskolen meddelte lærestof og navnlig da af troeslæren, og dels til at tilveiebringe de fornødne hjælpemidler til en frugtbarere anvendelse af den nu til religionsundervisningen i gymnasierne bestemte tid. Hvad det første punkt angaar, tror vi, at det mindste , som maa fordres, er, at der aabnes eleverne adgang til i alle fald at vedligeholde de tidligere erhvervede kundskaber i den kristelige troeslære ved en grundig repetition af den i middelskolen brugte lærebog. Kunde man saa ved siden deraf vinde plads for en udfærligere gjennemgaaelse af bibelhistorien, vilde det naturlig være saa meget bedre.

Derimod stiller det sig for os mere tvivlsomt, om man under forudsætning af, at den fornødne tid kunde opdrives, bør tilraade indførelsen af en ny, mere tidsmæssig anlagt lærebog. Vi er for vor del tilbøielige til at tro, at man vilde kunne udrette fuldt saa meget ved en fornyet og grundigere gjennemgaaelse af Pontoppidans forklaring. I og for sig anser vi ikke en lærebog med mere dogmatisk tilsnit som fortrinlig egnet til paa det her omhandlede alderstrin at befordre enten en dybere forstaaelse eller en frugtbarere tilegnelse af den kristelige sandhed. Spørgsmaalet er for os væsentlig et rent praktisk, som først med bestemthed kan besvares, naar en brugbar lærebog af den antydede art foreligger. Saa god kunde en saadan bog vistnok blive, at den ubetinget burde foretrækkes for Pontoppidan; men med den tidligere erfaring for øie anser vi det for en fuldt saa nærliggende mulighed, at den kunde faa en form der snarere vilde vanskeliggjøre tilegnelsen og svække interessen og saaledes skade istedenfor at gavne. Vi ved i alle fald, at flere dygtige og erfarne lærere med os deler overbevisningen om, at den ældre latinskole i de senere aar formaaede at bringe mere ud af undervisningen i de øverste klasser ved en grundig repetition af "forklaringen" end tidligere ved de mere systematiske lærebøger, og at det derfor var til ubetinget gavn for religionsundervisningen, at de ældre "lærebøger" eller "omrids" blev afskaffede.

Dog dette er altsammen kun ønsker, hvis opfyldelse er betinget af, at vor skolestyrelse kan skaffe religionsundervisningen et forøget timetal. Men hvad der ogsaa uden dette kan gjøres, og som derfor for tiden maa opstilles som det første og mest paatrængende krav, er, at der snarest mulig sørges for udarbeidelsen af en for vore gymnasier og navnlig latingymnasiet afpasset forklaring over et af evangelierne.
----------
F. Gjertsen og M. Gjør, Indbydelsesskrift til den offentlige examen i juni og juli 1878 ved Gjertsens skole for den høiere almendannelse (Kristiania: Fabritius, 1878), s. 40-43.

Elias Blix var religionslærar ved Gjertsens skole i åra 1874-1879. Her underviste han i religion i middelskolen og gymnaset.

Det er sannsynleg at det er kollegaen hans, B. Krogh, som førte denne høyringsfråsegna i pennen. Blix skreiv konsekvent substantiv med store forbokstavar (men det kan jo hende skolemeister Gjertsen var streng med rettskrivinga ...). I alle høve, her ligg det føre ein pedagogisk prinsipptekst Elias Blix har sett namnet sitt under, og det er interessant i seg sjølv.

Heile teksten (.pdf-fil).
Send ein kommentar.
# lagt inn 14.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.5.04

Dagens Blix 

Leipzig, 25de Maj 1872.

Kjære Mor!

Det gaar fremdeles godt, udmærket godt med "Børnene vore". Storbarnet er nu helt kjæk og rask; imorgen skal hun faa Lov at gaa ud en Tur, hvis ellers Vejret bliver godt; og Lillebarnet – ja det er meget til Karl, han drikker og sover og skriger lidt til en Forandring, sandsynligvis fordi han ikke liker Tydskerne; dog synes han at trives udmærket godt iblandt dem, han er allerede saa rund i Kinderne som den fulde Maane, og saa lang, at Kurven begynder at blive ham for kort. Du kan tro, det er morsomt at se Emma sidde og betragte ham; ret som det er, kalder hun paa mig, og naar jeg da kommer til og spørger, hvad hun ønsker, saa er det bare det, at jeg skal se, hvor vakker Gutten er!
---------------
Brev frå Elias Blix til Marie Saxen Hansen, Universitetsbiblioteket i Bergen Ms. 1857a

Gårsdagens Blix
Send ein kommentar.

# lagt inn 13.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.5.04

Økonomien 

Brev frå Elias Blix til Marie Saxen Hansen, 19.05.1872 (framhald)
P. S. til Hans. Kjære Hans! Jeg nødes nok til at gjøre Brug af Dit venlige Tilbud engang i Vinter om at laane mig nogle Penge; jeg troede rigtignok jeg skulde have klaret mig til Udgangen af Juni; men den sidste Tid har trodset alle Beregninger, og Pengerne hagle daglig ud, saa jeg frygter for, det er saa vidt, at jeg klarer Maj. Jeg maa derfor allerede nu bede om Din Assistance. For at være sikker, tror jeg at maatte bede om 150 Spdl. Kan Du ikke saa Meget, saa laan mig hvad Du kan og vær saa snild at kjøbe derfor hos Heftye Akkredition lydende paa mit Navn til Vetter & Co. i Leipzig. Kan Du gjøre dette saa snart som muligt, vil jeg være Dig usigelig forbunden, og jeg vil gjøre min yderste Flid for snarest muligt at betale Dig det igjen. Det er rigtignok et stort Offer, jeg kræver af Dig; men jeg ved Du vil gjøre Dit Bedste. Lad mig i ethvert Falt strax faa høre dit Svar. Og vær saa venligst hilset fra

Din
Blix.

Send ein kommentar.
# lagt inn 12.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Leipzig, 19. Maj 1872.

Kjære Mor!

Vi har idag første Pintsedag, og det er vort inderligste Ønske, at Du maa have en ligesaa glædelig Høytid som vi. Ja, her er bare Glæde og Lykke, Gud være Lov og Tak! – og det Eneste, som vi endnu kunde ønske for at fuldstændiggjøre vor Lykke, var at have Dig og vore andre Kjære om os, forat I kunde dele den med os, dog det vil vel med Guds Hjælp snart forundes os. Emma har nu været oppe en hel Uge ... hun er nu oppe hele Dagen og er svært rask og kjæk; hun begynder ogsaa at faa bedre Appetit, og om 8 Dage skal hun faa Lov at gaa ud og spadsere, saa meget hun orker. Den Lille var allerede igaar ude paa Tur; efter Doktorens Anordning tog Vaagekonen ham paa Armen og bar ham ud i Parken, medens vi stod ved Vinduet og saa paa, hvor stolt han spadserede under de gamle Egetrær lige udenfor os; vi har fuldkomment Sommervejr, og Turen syntes at bekomme ham særdeles vel; han knejsede saa højt med Nakken, at det var en Lyst at se det, og sov særdeles godt bagefter. Forøvrigt sover han ikke stort om Dagen, han er bestandig tørstig. Det er rigtig godt at Emma har rigelig Melk, for der skal meget til at mætte den Karlen. Naar han suger, klunker det som i en tom Tønde; men saa trives han ogsaa godt; han har allerede godt Huld, og han bliver sødere for hver Dag. Emma kan ikke se sig mæt paa ham og finder naturligvis hver Dag en ny Lighed mellem ham og mig ...
---------------
Brev frå Elias Blix til Marie Saxen Hansen, Universitetsbiblioteket i Bergen Ms. 1857a

Gårsdagens Blix
Send ein kommentar.

# lagt inn 12.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.5.04

Menyen 

Brev frå Elias Blix til Marie Saxen Hansen, 12.05.1872 (framhald)
Derimod er det ikke videre rart med hendes Appetit; vi faar hende næsten ikke til at spise andet end lidt Melkesuppe med lidt Hvedebrød til samt en kop Kakao med et Stykke Kage; i de sidste Dage har hun dog nydt en Kop god Bouillon, og idag spiste hun da den omtalte Barselsuppe. Hvad denne egentlig bestod af, skal jeg ikke kunne sige, thi jeg maa bekjende med min Landsmand, den nordlandske Præst Peder Dass:

"I kongeligt Kjøkken jeg aldrig har vært
og blev ej af fremmede Mestre oplært
en Suppe paa Tydsk til at koge;"

men Vaagekonen paastod, at det var noget aldeles Extraordinært, og saa maa jeg jo tro det, skjønt det for mine ukyndige Øjne saa ud som almindelig Kjødsuppe med Boller og Kalvenyrer i; ja, den tydske Mad er vel rar, kan Du tro! dog det kan Emma langt bedre end jeg skildre Dig; hun har sagt Tydskerne ligeud, at de aldeles mangler Evne til at lave spiselig Mad, og derimod saaledes skildret alle de norske Herreretter for dem, at vor Værtinde ganske bestemt tror, at "Norwegen" er et Land, der flyder af Melk og Honning, saa jeg ofte har haft mine store Løjer deraf.
Send ein kommentar.
# lagt inn 11.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Leipzig, 12te Maj 1872.

Kjære Mor!

Du længes vel, kan jeg tænke, efter at høre hvordan det staar til med Emma-Barnet vort, og jeg vil derfor strax begynde med at fortælle, at Alt gaar særdeles godt. Tænk, idag har hun for første Gang været oppe et Par Timer ved Middagstid og spiste den "Barselsuppe", som Frøken Wappler (en Kusine af Fru Pöschel) havde kogt i Dagens Anledning. Det var i Førstningen, som om Benene ikke rigtig vilde bære hende; men det gik dog over Forventning, da hun først havde øvet dem lidt, og hun kunde nok siddet længer oppe, men jeg syntes, det var bedst at være saa forsigtig som muligt, – saa fik vi hende da til Sengs igjen og nu sover hun en god liden Middagslur. Den Lille er ogsaa falden i Søvn, Vaagekonen er gaaet hjem for at spise, og jeg vaager over begge Børnene mine; det er det kjæreste Arbejde, jeg nogensinde har udført! Gutten er idethele roligere og sover langt mere regelmæssig end før, saa at Mama kan faa den nødvendige Ro.
---------------------
Brev frå Elias Blix til Marie Saxen Hansen, Universitetsbiblioteket i Bergen Ms. 1857a

Gårsdagens Blix
Send ein kommentar.

# lagt inn 11.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.5.04

Patriarken 

Brev frå Elias Blix til Marie Saxen Hansen, 04.05.1872 (framhald)
Ja, min kjære Emma har nu mer end nogensinde vist sig som Heltinde og er bleven mig dobbelt dyrebar; det er et velsignet Barn, Gud lønne hende rigelig for hvad hun har lidt!
Trass alt, eg kan kjenne att mykje, sjølv om skildringa av heimefødsel i eit anna hundreår og eit anna land inneheld mange framande element. Det mest framande er likevel den konsekvente omtalen av ektefellen som eit "barn", tre gonger i dette eine brevet, og tilsvarande i dei seinare.

Rett nok: Aldersskilnaden mellom Emma og Elias Blix var heile 13 år. Vidare skriv Elias til ei mor som er enkje, og i rommet mellom henne og Emma går han tydeleg inn i fars stad. Men "barnet" var no 23 år gammalt. Kvinnesynet som kjem til uttrykk, var vel nokså utbreidd, vil eg tru. Eg ser at eg har lese for lite historieskriving frå kvinnesynspunkt. Kor skal ein begynne, tru?

Send ein kommentar.
# lagt inn 10.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Regimet 

Brev frå Elias Blix til Marie Saxen Hansen, 04.05.1872 (framhald)
Strax efter Fødselen kom Cathinka igjen til os og blev yderlig forbauset ved at høre, at det Hele allerede var over. Hun fik kun Lov til at give Emma og Gutten et Kys og saa afsted igjen! (Gjordemoderen holder stræng Justits). Ogsaa i dag har hun og Frk. Hoffeldt[?] besøgt os men da Emma sov, fik de ikke tale med hende.
Send ein kommentar.
# lagt inn 10.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Sonen 

Brev frå Elias Blix til Marie Saxen Hansen, 04.05.1872 (framhald)
Og slig en Gut! Han er saa stor og tyk, at Fru V. sagde, han saa ud som om han var mindst 6 Uger gammel, og saa stærk, at han tog Theskeen fra mig, da jeg igaar skulde give ham Sukkervand, kort sagt, han er rigtig en liden Helt; men det er jo heller ikke at undres paa, da han har min "Heltinde" til Moder.
---
For Resten skulde jeg nok ønske, at den lille Herre vilde bruge sin Røst med lidt mere Moderation og unde sin Mama noget mere Ro; dog har hun sovet ret godt i den forløbne Nat og sover ogsaa nu (paa Formidd. Kl. 11 ½). Idethele synes Alt, Gudskelov! at gaa regelmæssig og godt, og Fru Vollstädt er ogsaa idag særdeles vel tilfreds.
Send ein kommentar.
# lagt inn 10.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Fødselen 

Brev frå Elias Blix til Marie Saxen Hansen, 04.05.1872 (framhald)
Men Kl. 1 om Natten vækker hun mig og siger, at hun tror, hun er bleven barnesyg; jeg stod da op og tænkte strax at hente Gjordemoderen, Fru Vollstädt, som heldigvis bor tæt ved os; imidlertid syntes det ikke at ville blive Alvor af for det Første; hun var nok syg, men Krisen var aabenbar ikke saa ganske nær endda; saaledes forløb Morgentimerne. Først omkr. Kl. 4 begyndte Veerne at indfinde sig med regelmæssige Mellemrum. Nu fik jeg i en Fart vækket Pigen for at være hos Emma, og saa løb jeg til Fru Vollstädt; men det var snarere sagt end gjort; jeg maatte gjennem 2 Porte med 2 meget søvnige Portnere, og da jeg saa endelig naaede Maalet, var Fru Vollstädt ikke hjemme, men var kl. 12 bleven hentet til en Anden langt borte i den modsatte Ende af Byen; hun har i Parenthese sagt meget stærk Søgning; blot i de 3 første Dage af Maj har hun hjulpet 5 Gutter og 1 Pige til Verden. Nu, hvad var at gjøre? Jeg lod hendes Mand løbe efter hende det bedste han orkede (imidlertid havde jeg allerede før skaffet mig Adressen til en Anden, om det skulde knibe). Heldigvis var hun netop færdig paa det andet Sted, da hendes Mand naaede frem, og Kl. lidt over 5 var hun hos os. Fra nu af gik det Slag i Slag, saa regelmæssigt og normalt, at Professor Credé vilde have fundet det efter alle Kunstens Regler – som Gjordemoderen udtrykte sig, og Kl. 9 var Gutten der. Hun sagde, det var en usædvanlig let Fødsel, navnlig da det var første Gang og Gutten var saa stor, og vist er det, at af de ikke ganske faa Fødende, som jeg har hørt, har Ingen skreget saa lidt som Emma. Imidlertid er det jo altid en haard Proces, og Du kan tro, jeg havde rigtig ondt av vort kjære Barn, saalænge det stod paa. Ret som det var, spurgte Emma: "Kommt er nicht bald" (kommer han ikke snart!); og ligesaa regelmæssig svarede den Anden: Ja wohl, er wird sicher kommen (kommer nok)", indtil Gutten med et vældigt Skrig overbeviste os om sin Kommen.

Ja, tænk det blev virkelig Gut, som Du havde spaaet, kjære Mina!
Fødselens kulturhistorie veit eg fint lite om. Litt klokare er eg no, takka vere far Elias' detaljerte rapport til svigermor. Den omtala professor Credé, med førenamnet Carl Siegmund (1819-1892), var Tysklands leiande gynekolog på denne tida, med tilhald ved universitetet i Leipzig. Han er omtala i denne artikkelen. Og Mina er syster til Emma Blix.

Send ein kommentar.
# lagt inn 10.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Elias Blix til Marie Saxen Hansen

Leipzig, 4de Maj 1872.

Kjære Mor!

Jeg har nok ofte tænkt paa at skrive Dig til, men det er dessverre ikke blevet noget af før nu, og det kunde vel ogsaa være saa temmelig overflødigt, saalænge Emma var frisk, thi det kjære Barn var flittig for os begge; der hengik næsten ingen Dag uden at hun nedskrev nogle Linjer til Mor, og vidste hun ogsaa bedre end jeg at skrive netop saaledes, som det interesserede Dig. Nu derimod, da Din lille Generalkorrespondent har faaet Forfald, iler jeg med at udfylde hendes Plads – saa godt jeg kan. – Saa har da vor kjære Emma skjenket mig en Søn og Dig en Dattersøn; jeg er ganske fornøjet af Glæde, og jeg ved, Du er det ikke mindre. Vi har ogsaa al Grund til at takke Gud; thi han har hidtil gjort alle Ting vel, og han vil ogsaa fuldføre hvad der saa godt er begyndt – det er mit faste Haab.
---------------------
Brev frå Elias Blix til Marie Saxen Hansen, Universitetsbiblioteket i Bergen Ms. 1857a

Fredagens Blix.
Send ein kommentar.

# lagt inn 10.5.04
Send innlegget til nokon du kjenner

8.5.04

Bergens-bilete 

8. mai i Bergen
Godver og yrande folkeliv.


I den eine enden av Torvallmenningen finn du krigsveteranane.


Rett bortanfor markerer Frelsesarmeen seg.


Meir musikk i andre enden av Torvalmenningen.


I Øvre Korskirkeallmenning møtest to buekorps, noko som resulterer i det tradisjonelle "drum battle."

Send ein kommentar.
# lagt inn 8.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.5.04

Bondevik 

Og innimellom: Lunsjpause med Jarle Bondevik, kunnskapsrik og hyggjeleg. Derifrå gjekk eg òg med kjeldemateriale eg ikkje visste om før. Bergensentusiasmen er stor i skrivande stund, forstår du.

Send ein kommentar.
# lagt inn 7.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Meir frå UBB 

Men det låg mykje meir i mappa merka Ms. 1857 i Manuskriptsamlinga: Send ein kommentar.
# lagt inn 7.5.04
Send innlegget til nokon du kjenner

Hans frå Leipzig 

Og så var det Manuskriptsamlinga ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Verd heile turen aleine: Fire brev frå Elias Blix til svigermor, dagsette 4., 12., 19. og 25. mai 1872 og sende frå Leipzig. Gjett kva dei handlar om?

Send ein kommentar.
# lagt inn 7.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Statsarkivet i Bergen 

Bergen framleis, stad: Accezzo internett-kafe på Torvalmenningen. Her ser det slik ut nett no. I dag er det Blix om å gjere.

Snartur innom Statsarkivet, med vellukka søk i bispearkivet. No veit eg det eg treng om presteskiftet i Vikør i 1871, da Johan Einar Unger flytta og Elias Blix ikkje vart etterfølgjaren hans. Meir i Bergens Tidende i juni ein gong.

Send ein kommentar.
# lagt inn 7.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Paulus 

Romarane 10,6-10
6 Men den Rettferd, som er av Tru, segjer so: "Seg ikkje i ditt Hjarta: Kven skal fara upp til Himmels?" (det er: til aa føra Kristus ned);
7 "elder: kven skal fara ned i Avgrunnen?" (det er: til aa føra Kristus upp fraa dei daude).
8 Men kvat segjer ho? "Ordet er deg nær, i din Munn og i ditt Hjarta;" det er Ordet um Tru, som me forkynna.
9 For dersom du medsannar Herren Jesus med din Munn og trur i ditt Hjarta, at Gud vekte honom upp fraa dei daude, so skal du verta frelst;
10 for med Hjartat trur ein til Rettferd, og med Munnen medsannar ein til Frelsa.
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Les avsnittet i dagens bibelomsetjing
(Får du bokmålsteksten? Gå inn på Bibelen.no og klikk på "Nynorsk" i menyen til venstre).
Les heile kapitlet.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 7.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.5.04

Blogging frå Bergen 

I dag er eg i Bergen. Gruppemøte i "Eufrat", omsetjargruppa med ansvar for profetane i Bibelselskapets revisjonsprosjekt. Jon Fosse, Sverre Bøe og eg møttest på Norsk Lærerakademi i Sandviken for å leggje (vår) siste hand på profeten Mika. No må andre seie kva dei meiner om arbeidet vårt.

Nett no (kl. 21.50) sit eg på prestegarden i Arna, ei av svigerinnene er prestekone her. Eg har vore innom UB i Bergen som snarast. Det er lovande funn i katalogen til manuskriptsamlinga: Fire brev frå Elias Blix til svigermor Marie Saxen Hansen frå året 1872. Dei må vere skrivne frå Leipzig, der Emma og Elias Blix hadde den første heimen sin, og der Hans Peter vart fødd. I morgon skal eg sjå på dei.

Eit anna viktig funn i dag, i jubileumsskriftet for Gjertsens skole i Kristiania: Elias Blix står oppført i lista over lærarar ved denne skolen med tenestetid 1874-1879. Eg har lenge trudd at han arbeidde som lærar samtidig med at han hadde universitetsstipend, men no veit eg det. Læraren Elias Blix er blitt viktigare og viktigare for meg. Han praktiserte altså i dette yrket på grunnivå frå 1855 til 1879, 24 år (med avbrot for artiumsåret 1859-60 og Leipzig-året 1871-72).

Send ein kommentar.
# lagt inn 6.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Paulus 

Romarane 10,4
4 For Kristus er Endemaalet fyre Logi til Rettferd fyre kvar den, som trur.
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Les avsnittet i dagens bibelomsetjing
(Får du bokmålsteksten? Gå inn på Bibelen.no og klikk på "Nynorsk" i menyen til venstre).
Les heile kapitlet.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 6.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.5.04

Hans frå Høland 

Farsslekta til Emma Alvilde Marie Blix (f. Hansen) kom frå garden Øsken i Høland. Eg er ikkje heilt i mål med slektsforskinga denne vegen, det står att noko kvalitetssikring gjennom kyrkjebøker frå Oslo, men så vidt eg kan forstå frå Ivar Blix' Erindringer og band 2 av Gårds- og slektshistorie for Høland og Setskog må samanhengen vere slik:

Far til Emma, Hans [IV] Mathias Hansen (1806-1865) var son av kjøpmann Hans [III] Hansen i Kristiania, og det var han som kom frå Øsken (Blix). I så fall må han vere identisk med "Hans [Hansen] f. 1773, kjøpmann, gift 1805 med Dortea Saksesdtr. fra Blesa, Fet, enke etter garver Hansen i Christiania" (Gårdshist. for Høland 2, s. 189).

Om far hans att seier gardshistoria (s. st.): "Hans [II] Sypriansen f. 1731 på Øsken, d. 1795 på Øsken, giftet seg i 1752 med Susanne Svendsdtr. f. 1731 på Sandem, d. 1817 på Øsken, og de tok over gården." Vi kan følgje slekta enno eit par generasjonar attende på Øsken, via Syprian Hansen til Hans [I] Hansen Øsken, som tok over garden i 1729. Av farsnamnet hans skjønar vi at det er fleire Hans-ar, men for vårt føremål kan denne få vere nummer I.

Attende til Hans III: Han var yngst av 11 søsken. Det var bror hans, Svend Hansen som tok over garden. Gjennom dotter hans, Mette Sofie kom Øsken med på lista over eigedommane til Hanneborg-slekta. I dag er det ei stifting som eig Øsken gard.

Og arvenamnet vart halde i ære: Bror til Emma, Hans [V] Wilhelm Hansen, bar det. Han var barnlaus, men nevøen Hans [VI] Peter Blix (1872-1936), eldste son til Emma og Elias, bar namnetradisjonen vidare.

Send ein kommentar.
# lagt inn 5.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Paulus 

Romarane 9,33
som skrivet er: "Sjaa, eg set i Sion ein Stein til Støyt og eit Berg til Avstyggjing, og kvar den, som trur paa honom, skal ikkje verta til Skammar."
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Eit sitat frå det gamle testamentet i dag òg: Jesaja 8,14.

Les avsnittet i dagens bibelomsetjing
(Får du bokmålsteksten? Gå inn på Bibelen.no og klikk på "Nynorsk" i menyen til venstre).
Les heile kapitlet.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 5.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.5.04

Bryllaupet 

23. juni 1871, på dagen tre år etter det møtet han seinare song om, møtte Elias Blix opp på prestekontoret til Vår Frelsers kyrkjelyd for å ta ut lysing, og 19. juli stod bryllaupet, i sjølvaste Domkyrkja. Forlovarar var skreddar Halvor Reiersen og "stadsveier" Carl Olsen.

Reiersen er ein viktig person i soga om Elias Blix, og han må eg finne ut meir om. Han var fødd i Holla i Telemark i 1828, var skreddar og dreiv forretning ved Stortorget, men bustad hadde han i Pilestredet. Gjennom mest heile studietida var han Elias Blix sin hybelvert og – ser det ut til – eldre ven. Ikkje berre var han forlovar i bryllaupet, han er òg registrert som medlem i Det Norske Samlaget i den eldste kjende medlemslista frå 1875. Olsen var gift med Emma si søster Mina (1840-1916). Emma hadde dessutan brørne Hans Wilhelm (1830-1896) og Richard (1835-1906). Begge var ugifte. Det var Hans som tok over snikkarverksemda etter faren. Richard var målarmeister, men emigrerte til USA og kom først attende til Noreg på sine gamle dagar.

Send ein kommentar.
# lagt inn 4.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kvinna 

Det var en Sankt-Hanskveld, / og Aftensolen strøde / sit Guld paa Norges Fjeld.
Da mødte jeg en fager Mø, / saa lys som Nordlands Sommer, / hvor Dagen ei kan dø.


Kvinna i livet sitt fann Elias Blix først da han var komen halvvegs. Den fagre møya han møtte sankthanskvelden 1868 heitte Emma Alvilde Marie Hansen og var på den tida nitten år gammal. Sjølv var han tretten år eldre.

Det var ikkje første gongen dei møttest. Han hadde vore læraren hennar, men det var lenge før ho vart aktuell som ekteskapskandidat – sannsynlegvis tidleg på 60-talet. På dette biletet skal dei begge vere å finne (eg har att litt arbeid ved Folkemuseet, ser eg). Frå 1863 hadde Blix postar ved Nissens og seinare Gjertsens privatskolar, og der var det helst gutar han hadde å stri med. Men den første lærarposten i hovudstaden hadde han ved Siewers' jenteskole. No fortel soga, pluss eit klassebilete frå sjette klasse (1864), at Emma Hansen gjekk på frøken Steffens' jenteskole, så her har eg noko å forklare. Det kan vere at eg enno ikkje har full oversikt over Elias Blix sine skiftande arbeidsgjevarar. Men det kan og tenkjast at Emma Hansen begynte på Siewers' skole og heldt fram på Steffens'. Siewers' jenteskole gjekk nemleg konkurs. Den fagre Emma skal elles ha vore god til å spele piano som ung. Ho var dotter til Marie (f. Saxen, 1804-1873) og Hans Mathias Hansen (1805-1865), og oppvaksen i Revierstredet 9 i Kristiania, like ved den noverande Bankplassen. Der hadde faren møbelsnikkarverksemd i eigen gard. Det var ei stor og velrenommert verksemd, Hansen leverte møbel både til slottet og til Thomas Heftye sitt Sarabråten. Men han var altså død før Elias Blix kom på tale som svigerson.

Send ein kommentar.
# lagt inn 4.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Paulus 

Romarane 9,25-29
25 som han og segjer hjaa Hoseas: "Eg vil kalla det mitt Folk, som ikkje var mitt Folk, og henne den elskade, som ikkje var elskad;
26 og det skal henda paa den Staden, der det var sagt til deim: de ero ikkje mitt Folk, der skulo dei verta kallade den livande Guds Born."
27 Og Esaias ropar ut yver Israel: "Um Talet paa Israels Born er som Havsens Sand, so skal daa berre Leivningen verta frelst;
28 for sitt Ord fullfører han og gjerer det snøgt av i Rettferd; for eit snøgt avgjort Ord skal Herren utføra paa Jordi."
29 Og som Esaias fyre heve sagt: "Hadde ikkje Herren Sebaot leivt oss eit Sæde, so var me vortne som Sodoma og vortne like med Gomorra."
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Å omsetje det nye testamentet inneber òg å omsetje store delar av det gamle. Det nye testamentet er fullt av sitat og allusjonar, og dette avsnittet er eit godt døme. Dei siterte versa er Hosea 2,23 og 1,10; Jesaja 10,22-23 og 1,9.

Les avsnittet i dagens bibelomsetjing
(Får du bokmålsteksten? Gå inn på Bibelen.no og klikk på "Nynorsk" i menyen til venstre).
[Oppdatering, 05.05.2004: Les heile kapitlet.]
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 4.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.5.04

132 år 


Eldste son til Emma og Elias Blix, Hans Peter, vart fødd 3. mai 1872 i Leipzig og kalla opp etter morfar Hans Hansen og farfar Peder Christoffersen. Veslebror Ivar fortel frå barndommen at Hans og den fem år yngre broren Helge ofte var i tottane på kvarandre:
Hans vilde for eksempel ha det varmt på værelset, mens Helge vilde ha det kaldt. Da den ene sørget for å stenge ovnstrekken, så den ikke kunde reguleres mere, boret den andre hull i ovnen. Helge gikk som regel av med seiren, da han ganske enkelt bare behøvet å nippe lorgnetten av Hans for å gjøre ham kampudyktig.
Hans vart jurist, tok jobb og fann seg kone (Sigrid) i min ungdoms by Hamar. Seinare var han byråkrat i Justisdepartementet, sorenskrivar i Hardanger (1918) og i Eidsvoll (1927). Sigrid og Hans fekk to barn. Leiv Erik Blix Bondevik, som har hjelpt meg med mykje materiale, er oldebarnet deira. Hans Peter Blix døydde i 1936

Flagg med løyve frå ITA's Flags of All Countries
Send ein kommentar.
# lagt inn 3.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

155 år 


Nei, no har eg forsømt meg att! 30. april var åremålsdagen til Emma Alvilde Marie Blix (1849-1927). Den drukna i eksamen.

Eg skal gå botsgang til Riksarkivet og finne ut meir om fru Blix i dag.

Flagg med løyve frå ITA's Flags of All Countries
Send ein kommentar.
# lagt inn 3.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Paulus 

Romarane 9,1-5
Eg segjer Sanning i Kristus, eg lyg ikkje, daa mitt Samvit vitnar med meg i den heilage Ande,
2 at eg heve ei stor Sorg og ein stendig Verk i mitt Hjarta.
3 For eg vilde ynskja, at eg sjølv var bannstøytt fraa Kristus fyre mine Brøder, mine Samættingar etter Kjøtet,
4 dei, som ero Israelitar, som hava Barnekoret og Herlegdomen og Pakterna og Loggivningi og Gudstenesta og Lovnadarne,
5 som hava Federne, og som Kristus er ættad fraa etter Kjøtet, han som er Gud yver alle Ting, velsignad i all Æva, Amen!
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Les avsnittet i dagens bibelomsetjing
(Får du bokmålsteksten? Gå inn på Bibelen.no og klikk på "Nynorsk" i menyen til venstre).
[Oppdatering, 05.05.2004: Les heile kapitlet.]
Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 3.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?