<$BlogRSDUrl$>

30.4.04

Eksamen 

I dag er det muntleg "eksamen" ved det faglitterære forfattarstudiet - det vil seie ein fagleg samtale om innleverte tekstar. Mine handlar stort sett om bibelomsetjing.

Send ein kommentar.
# lagt inn 30.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Paulus 

Romarane 8,38-39
38 For eg er viss paa, at korkje Daude elder Liv, korkje Englar elder Krafter, korkje det noverande elder det tilkomande,
39 korkje Høgd elder Dypt elder nokon annan Skapning skal kunna skilja oss fraa Guds Kjærleike i Kristus Jesus, vaar Herre.
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

[Oppdatering, same dag: Les heile kapitlet (.pdf-fil).]
Les avsnittet i dagens bibelomsetjing (Får du bokmålsteksten? Gå inn på Bibelen.no og klikk på "Nynorsk" i menyen til venstre).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 30.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.4.04

Dagens Blix/Paulus 

14 For so mange, som verta drivne av Guds Ande, dei ero Guds Born.
15 For de fekk ikkje ein Trældoms Ande til Ræddhug atter; men de fekk ein Barnekors Ande, og ved honom ropa me: Abba, Fader!
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Les avsnittet i dagens bibelomsetjing (frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 29.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

28.4.04

Blix i Valdres 2 

Gjekk du glipp av Dvergmål-konserten i Valdres i påska? Fortvil ikkje, men legg Jørn Hilme-stemnet inn i sommerferieplanane dine. Programmet "Song i himmelsalar" er sett opp i Skrautvål kyrkje torsdag 22. juli kl. 21.00

Send ein kommentar.
# lagt inn 28.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kjeldegransking 2 

Måndag var eg på Riksarkivet, i lag med bror Per Kristian. Mest interessante funn: I arkivet til Kyrkje- og undervisningsdepartementet ligg ein del brev frå 1861-62 frå tidlegare elevar ved lærarseminaret i Tromsø. Desse seminaristane hadde fått mykje offentleg støtte til seminarutdanninga si, mot ei pliktteneste på sju år i skolen i Tromsø stift. Dei fleste som reiste til hovudstaden for å studere (og det vart ein del av dei nett i åra rundt 1860) hadde ikkje oppfylt denne plikta si. I 1861 skjerpa Stiftsdireksjonen i Tromsø regimet, og seminaristane fekk krav om tilbakebetaling. Det førte til ein flaum av søknader om fritak. Stiftsdireksjonen stod strengt på sitt, men departementet var noko mildare stemt, så fleire av studentane vart fritekne eller fekk beløpet redusert.

Noka sak om Elias Blix har eg ikkje funne enno. Eg har han mistenkt for å ha vore så framsynt at han søkte før han reiste til Kristiania. Men fleire av omgangsvenene hans har eg funne. Resultatet er eit langt meir nøyaktig bilete av miljøet Blix vanka i. No veit eg mykje om Johan Olsen, Carl Johan Nielsen, Ole A. Johannesen og Ole Tobias Olsen som eg ikkje har visst før.

Send ein kommentar.
# lagt inn 28.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kjeldegransking 1 

Fredag var eg i Handskriftsamlinga til Nasjonalbiblioteket att, det er ei stund sidan sist. Denne gongen var det Henrik Krohn eg var interessert i. Det går mot ein liten artikkel om "Da Blix kunne blitt prest i Kvam", og eg gjorde nokre funn i brev frå Johan Einar Unger til Krohn. I breva frå H. E. Berner til Krohn var det ikkje meir å finne om denne saka, men mykje interessant om målrørsla generelt og Samlaget spesielt i dei turbulente åra 1870-72 (stikkord: Olaus Fjørtoft og "Fram").

Send ein kommentar.
# lagt inn 28.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Nynorsksundag 

Sundag 25. april var dagen for den årlege nynorskgudstenesta i Uranienborg kyrkje. Det var ei oppleving, midt i finaste Oslo 2. Men så hadde Elias Blix den faste plassen sin der i huset i tjue år. Salmar av Støylen, sjølvsagt. Ralph Kolnes var liturg, og Per Lønning preika om namnen sin, Peter.

Men ein annan Per, med etternamnet Halse, er viktigare for meg. Studiekamerat, kollega og Hovdebygding Per var i hovudstaden, og vi hadde ein fin sundag i lag. Per arbeider med ei avhandling om framveksten av det nynorske kyrkjespråket, med hovudvekt på omsetjinga av nytestamentet i 1880-åra. Det seier seg sjølv at eg har svært mykje å hente i arbeidet hans.

Send ein kommentar.
# lagt inn 28.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

NHF 

Etter Støylen-seminaret vart Norsk Hymnologisk Forening (NHF) skipa. Det kan bli ein spennande møtestad for folk med interesse for salmesong. Her var både salmediktarar, kyrkjemusikarar, teologar, komponistar, filologar, historikarar og andre interesserte. Åge Haavik vart vald til leiar. Med seg i det første styret fekk han Vigdis Berland Øystese og Stig Wernø Holter, medan Einar Bjorvand og sr. Ragnhild Bjelland O.P. vart vararepresentantar. Sekretær er David Scott Hamnes ved Liturgisk senter i Trondheim. Du kan skrive til han dersom du er interessert i foreininga.

Send ein kommentar.
# lagt inn 28.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Støylen-seminaret 

Det har hendt mykje sidan sist eg hadde høve til å "blogge" noko særleg, så eg får prøve å oppsummere litt. Laurdag 24. april heldt Nynorsklaget og Uranienborg kyrkjelyd for tredje gong det årlege salmeseminaret sitt. Det begynte i Blix-minneåret 2002, heldt fram med Anders Hovden i fjor, og i år var det Bernt Støylen som stod for tur. Eg var med for første gong. Det var ein gild dag, det må ha vore nær 70 frammøtte, mellom dei mange av etterkommarane etter Bernt Støylen. God salmesong og interessante føredrag ved Leif Mæhle, Per Lønning, Åge Haavik og Bjørn Kvalsvik Nicolaysen. Vi vart godt kjende med salmane til Støylen, og vi fekk nokre gløtt inn i arbeidet som låg bak Nynorsk salmebok frå 1925. Støylen, Hovden og Peter Hognestad sat i komiteen som laga den boka.

Send ein kommentar.
# lagt inn 28.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Paulus 

Romarane 8,1-4
So er der daa ingi Fordøming fyre deim, som ero i Kristus Jesus, deim som ikkje fara etter Kjøtet, men etter Anden;
2 for Logi av Livsens Ande heve i Kristus Jesus frigjort meg fraa Logi av Syndi og Dauden.
3 For det, som var umogelegt fyre Logi, avdi ho var magtlaus ved Kjøtet, det gjorde Gud, daa han sende Son sin i syndugt Kjøts Likning og fyre Syndi Skuld og fordømde Syndi i Kjøtet,
4 at Logkravet skulde verta fullnøgt i oss, som ikkje fara etter Kjøtet, men etter Anden.
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Les avsnittet i dagens bibelomsetjing (frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 28.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.4.04

Dagens Blix 

Aa eg veit meg eit Land / Langt deruppe mot Nord
Med ei lysande Strand / Millom Høgfjell og Fjord.
Der eg gjerna er Gjest, / Der mitt Hjarta er fest / Med dei finaste Band.
Aa eg minnest, eg minnest so væl dette Land.

----------------------
Elias Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Husebye, 1900), s. 133-136

Reprise i dag, mest for å korrigere trykkfeilen i versjonen til Avisa Nordland ved starten av fotballsesongen. Som bonusspor får du heile songen.

Men fotballimperialistane skal ikkje få monopol på denne songen. Sjølv ser eg på fotball som ei religionsform, og fotballfanatiske prestekollegaer som Baalsdyrkarar (vi kunne trenge ein Elias til å rydde opp her).

Eg har sterke opplevingar med avsynging av "Å eg veit meg eit land" i forsamlingar av eksilnordlendingar. Det var alltid farmor som song høgast og gret mest. Ho var fødd i Stavanger. Men ho hadde vore prestekone nordafor i nesten 35 år.

Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 27.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.4.04

Dagens Blix 

Undertiden kunde vi tilbringe hele Mødet med et enkelt Udtryk, som vi fandt uheldigt, uden at det lykkes os at finde et andet, som vi var rigtig tilfreds med.
----------
Elias Blix i brev til Matias Skard, 05.02.1883 (NBO Brevs. 514)

Etter fire intense dagar med bibelomsetjingsarbeid fell det naturleg å sitere dette brevskiftet mellom to tidlegare kollegaer. Skard hadde levert utkastet til nynorsk omsetjing av Markusevangeliet, og Blix og Ivar Aasen så gjennom det i perioden oktober - desember 1882. "I 4-5 ugentlige Møder, der ofte optog hele Eftermiddagen, holdt vi paa lige til lille Julaften, da vi foreløbig var færdige," fortel Blix.

For tida er fire omsetjargrupper i gang med det gamle testamentet. Arbeidet går kontinuerleg, men to gonger i året møtest alle tolv. Vårmøtet var denne veka. Fint arbedsklima og gode arbeidsdagar.

Sundagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 23.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.4.04

Støylen-seminar 

Seminar om salmediktaren Bernt Støylen
Biskop Bernt Støylen er ein av dei store salmediktarane i Noreg.
Nynorsklaget og Uranienborg menighet inviterer til seminar med foredrag, samtale og song.

Laurdag 24. april 2004 kl. 10.00–14.30
Uranienborg menighetshus, Daasgt. 17, 0259 Oslo

Høgmesse i Uranienborg kyrkje
Søndag 25. april 2004
Bernt Støylen-salmar
Les meir på kirken.no
eller på heimesida til Uranienborg kyrkje.
# lagt inn 22.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.4.04

Blix i Hardanger 

Og om du enno ikkje har fått med deg Blix-programmet til Dvergmål, kan du få med deg musikkfestivalen Hardingtonar i Norheimsund. Sundag 20. juni kl. 13.00 er konserten, i Øystese kyrkje - på staden der Blix kunne vore prest, om historia hadde teke ei anna vending enn den gjorde i 1871.

Send ein kommentar.
# lagt inn 21.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Valdres  

I serien "post festum", frå avisa Valdres 14.04.2004:
Gruppa Dvergmål, med Marit Mattisgard frå Øystre Slidre som den eine av utøvarane, gav dei frammøtte i Aurdal kirke ei rik kveldsstund fyrste påskedag. «Song i himmelsalar» var tittelen på programmet, der gruppa framførte hovudsakleg påskesalmar av Elias Blix i folketonedrakt.
Oppdatering, 28.04.2004: Ny sjanse på Jørn Hilme-stemnet i juli!

Send ein kommentar.
# lagt inn 21.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.4.04

Denne veka 

er det innlevering av eksamensoppgåve på det faglitterære forfattarstudiet, firedagars tekstmøte for omsetjarane i Bibelselskapet, og konsert med orkesteret eg spelar i, Oslo Symfoniorkester.

Aktiviteten på BlixBlog vert difor lågare enn vanleg. Dagens Blix kjem ikkje i dag, og det er ikkje godt å seie om det kjem bidrag til denne spalta i det heile denne veka. Men no har du jo mange gilde påskesalmar å gle deg over.

Kva meir skulle eg sagt? Jau: Er du i Oslo tysdag kveld, er du velkommen på konsert i Universitetets Aula kl. 19.30. Dirigent for kvelden er Bjarte Engeset, sunnmørsk som Ivar Aasen sjølv [Oppdatering, same kveld - og ikkje berre det. Min gode studiekamerat, samtalepartnar og kontaktperson i Hovdebygda, Per Halse, skriv i ein e-post:
Om du ikkje er klar over det, er Bjarte ikkje berre sunnmøring, men ekte hovdebygding. I vår samanheng kan det vere grunn til å nemne både at han er son av Aasen-entusiasten og Hovden-biografen Jens Kåre, og at han er oppkalla etter morfaren Bjarne Slapgard.
Det var ikkje småtteri.] Men norsk musikk finst det ikkje på programmet: Rossini-ouvertyre, Paganini-felekonsert med Catharina Chen (kjendis frå Dan Børge Akerøs "Kjempesjansen"), og, sist men ikkje minst: Dvoraks 6. symfoni.

Om du møter opp, kan du jo få høve til å ta personleg stilling til Jon Øystein Flinks revolusjonære karakteristikk av fiolinen, fiolinistane og utdanningsinstitusjonane deira (frå ei CD-melding i Morgenbladet 02.04.2004):
Den borgerlige fiolinen villeder oss, undertrykker oss, noen ganger passivt, andre ganger aktivt. På Barratt Dues Musikkinstitutt blir fiolinen for eksempel brukt aktivt som instrument for hjernevasking, som et nymotens lobotomiserende våpen mot den frie musikalske utfoldelse. På slike institusjoner benyttes fiolinen til å skape vidunderbarn for Dan Børge Akerøs talentiader; man tvinger musikalske ungjenter gjennom et fascistisk utdanningssystem som produserer russisk filolinkonsertspillende anoreksiaofre på løpende bånd. Der har du det torturapparatet som kalles fiolinen, og der alle gitarister er solide amatører i sjelen, og dermed den uutgrunnelige melankoliens apostler, er fiolinister alltid profesjonelle i sjelen, og derfor den selvfølgelige misantropiens apostler.
Ein kan sikkert seie mykje om Barratt-Dues musikkinstitutt og Catharina Chen, men karakteristikken "misantropiens apostlar" har faktisk aldri falle meg inn.

Send ein kommentar.
# lagt inn 19.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.4.04

Dagens Blix 

Er her Nokon, som vil høyra / Største Under kjent paa Jord,
Kom daa hit og laan ditt Øyra / Til det store Engleord:
"Jesus han er ikkje her, / Han or Grav uppstaden er.
Kvi vil de i Graver aude / Søkja Livet millom Daude?"

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 72

Denne salmen har fått eit ufortent dårleg rykte. Dette første verset er vel ikkje all verda, ein nokså enkel parafrase over påskeevangeliet frå Lukas 24. Men det djerve intertekstuelle spelet til Blix overraskar og imponerer meg stadig. Han er rabbinar på høgt nivå. I dag ser eg noko i andre verset som eg ikkje har sett før:
Ja det var eit Herrens Under / Utan Like under Sol.
Verdi laag i djupast Blunder, / Yver Graver Hanen gol:
Sjaa, daa rann or Livsens Os / Ut ein Straum av Liv og Ljos!
Daudens Engel Sverdet vender, / Daa Guds Son av Daude stender.
Her trur eg Blix skildrar oppstoda som ei ny skapingshending. Blix sin bibelske heimstad er og blir Edens hage, han er aldri heilt blitt kasta ut derifrå, og det er der vi finn han i dag òg. Den tredje lina, med ein "Straum" som renn or "Livsens Os", les eg på bakgrunn av 1 Mos 2,6 og 10. Samstundes spelar han på understrengar som "livets vatn" og "livets kjelde". Her får vi nøye oss med ein referanse, Op 22,1. Og engelen med sverdet? Sjå på 1 Mos 3,24.

Og med det er vi gjennom alle påskesalmane til Blix. Men hugs at påska er for viktig til å avgrensast til påskeferien: Den varar heilt til pinse!

Heile salmen (.pdf-fil).
Kjelde for bibeltekstane: Bibelen.no
Førre utgåva (1883).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 18.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.4.04

Fotball 

Ja, eg veit at fotballsesongen har begynt, og det er få ting som interesserer meg mindre. Men eg har pliktkjensle nok til å gjere eventuelle lesarar merksame på Øyvind Johansens artikkel Guide til Aspmyra - fra A til Å - "Avisa Nordlands alfabetiske oversikt over nyttig og totalt ubrukelig informasjon om Glimts hjemmearena," som han skriv. Det er sjølvsagt berre eit mogleg oppslagsord når han endeleg kjem til bokstaven Å:
Å eg veit meg eit land heter egentlig «Barndomsminne fra Nordland». Første verset av Elias Blix' perle fremføres på Aspmyra i forkant av alle Glimts hjemmekamper. Her er teksten:

Å eg veit meg eit land
langt der oppe mot nord,
med ei lysande strand
mellom høgfjell og fjord.
Der eg gjerne er mest,
der mitt hjarta er fest
med dei finaste, finaste band.
Å eg minnest, eg minnest
so vel dette land!
Les meir i Avisa Nordland
# lagt inn 17.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Molde 

Dagsavisen 16.04.2004:
Det er nå klart at den tidligere lederen for FNs våpeninspeksjoner i Irak, svenske Hans Blix, kommer til Bjørnsonfestivalen i Molde i august. Prinsesse Märtha Louise skal stå for åpningen, og Blix skal holde «åpningsforedraget».
Les meir.
# lagt inn 17.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Upp, Hjarta! rør din beste Streng, / So Tonen rein til Himmels gjeng
Og Songen rett kann laata
Til æra fyr den Sigersmann, / Som veldug yver Dauden vann
Og løyste Livsens Gaata!
Han av / Si Grav
Sprengde Stenget, / Fyrehenget / Sunder rivnad,
Og dei Daude atter livnad!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 71

Denne salmen kunne då godt fått plass i Norsk Salmebok, synest de ikkje?

Heile salmen (.pdf-fil).
Førre utgåva (1883).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 17.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.4.04

Blix og Garborg att 

Ikkje minst hugsar Ivar Blix mykje frå sommaropphalda til familien på Slependen i Asker. Mellom anna fortel han:
Garborg var far og jeg og besøkte en gang vi kom fra Asker kirke. Mange år senere, da jeg som landbrukslærling var hos August Skjærpe på Jæren, besøkte jeg Garborg en søndag formiddag nettopp som han var kommet til Jæren.
Her finst altså dokumentert i det minste eitt besøk på Labråten. Det kan godt ha vore ved dette høvet at Blix og Hulda Garborg hadde den samtalen som resulterte i diktet "Modersmaalet". 21. august 1898, dagen diktet vart skrive, var i alle fall ein sundag. Ein skal jo ikkje sjå bort frå at Elias Blix kan ha vitja Labråten fleire gonger, men daglegdags var det tydelegvis ikkje.

Blix og Garborg I.
Blix og Garborg II (Reisestipend, 1882).
Blix og Garborg III (Albertine, 1886).
Blix og Garborg IV (Nettverka, 1900).
Blix og Garborg V (Asker).
Blix og Garborg. P. S.
Send ein kommentar.
# lagt inn 16.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Ivar Blix 

(1889-1967) var yngste son til Emma og Elias Blix, og far til dei to barnebarna eg har hatt kontakt med. Av Siri Salvesen fekk eg låne ein verkeleg juvel: Dei Erindringer Ivar Blix begynte på jula 1941 og seinare skreiv vidare på.

Ei sak er at Ivar Blix var ein av dei sentrale kjeldene for Reidar Bolling da han skreiv sin biografi, som eg no har større høve til å etterprøve. Viktigare er det at desse minna gjev eit unikt og nært bilete av Emma og Elias Blix frå heimemiljøet og familiekrinsen. Sjølv om Ivar berre kan reknast som primærkjelde til dei ti siste åra av livet til Elias Blix, og sjølv om han først gjorde minnet sitt om til skrift førti år seinare, er denne samlinga av eigne minne og familietradisjonar noko av det aller viktigaste eg har støytt på i leitinga mi. Du kjem til å få høyre ein del frå Ivar Blix.

Send ein kommentar.
# lagt inn 16.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

TF-arkivet 

I dag hadde eg siste arbeidsøkt i arkivet til Det teologiske fakultet. Eg har i grunnen vore mykje der den siste månaden, men no har eg hatt høve til å følgje Elias Blix frå han tok til som student ved fakultetet i 1861/62, og til han utførde sine siste professorplikter der i 1896. Dei siste arbeidsåra sine fekk han vere på full tid ved historisk-filosofisk fakultet, der han eigentleg var tilsett.

Det står att mykje arbeid med materialet, men no veit eg i det minste kva ein kan vente å finne her.
  1. Det er studietida på 1860-talet eg kjem til å konsentrere meg om i denne fasen. Eg konstaterer at ein 1800-talsstudent ikkje sette mange spor etter seg før han (som på denne tida utan unnatak var mann) gjekk opp til eksamen. I åra før eksamen er Elias Blix berre nemnd som stipendmottakar. Men det fortel da noko. Nordlandsstudentane var privilegerte slik, dei fekk stønad frå det Schytteske legat. Blix mottok 6 spesidalar i månaden fram til han tok embetseksamen, og det var nok eit økonomisk tilskot som kom godt med.
  2. Men frå eksamensåret 1866 er det eit rikt og sers verdifullt materiale: Eksamensoppmeldinga (i røynda ein kort sjølvbiografi), samtlege skriftlege eksamenssvar til embetseksamen (som kan seie mykje om den teologiske profilen til Elias Blix), og sensurvedtaka.
  3. Så var det praktikum og eksamensresultata der (vinteren 1868).
  4. Så kjem perioden der Blix byggjer opp ei akademisk karriere. Han får reisestipend til utlandet (løyving i 1870 og 1871, reisa finn stad i 1871-1872), og deretter adjunktstipend (frå 1873).
  5. Doktorgraden tok Blix ved det historisk-filosofiske fakultetet (1876), så arkivmaterialet her finst andre stader.
  6. Men Det teologiske fakultet var svært involvert i at Blix vart utnemnd til professor i hebraisk (1879). Han vart no formelt knytt til det historisk-filosofiske fakultetet, men halve arbeidsplikta si hadde han ved det teologiske fakultetet, der han skulle avlaste professor Caspari.
  7. Mellom anna tok han del i eksamensarbeidet gjennom mange år - med avbrot for statsrådstida, 1884-1888.
  8. Ein interessant fase begynner ved professor Casparis død i 1892. Her er det mykje eg ikkje har heilt klårt for meg, men eg kjem ikkje til å ta opp denne tråden før neste år. På dette punktet kunne Blix vorte ordinær professor i Det gamle testamente ved det teologiske fakultetet, nok eit opprykk på den akademiske karrierestigen. Men han ville ikkje. I fleire år levde fakultetet med midlertidige løysingar (der det viktigaste elementet heitte Elias Blix), til den unge Simon Michelet vart utnemnd i professoratet seint i 1896.
  9. I denne perioden hadde Blix fleire tunge akademiske oppgåver for Teologisk fakultet. Han var med i ein doktorgradskomité (Simon Michelet), i komiteen som vurderte kandidatar for professoratet i Det gamle testamente, og i det minste ein gong i komiteen som vurderte avhandlingar for Kronprinsens gullmedalje.
Send ein kommentar.
# lagt inn 16.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens gratulasjon 

går til Hallgeir Elstad, som vert ny rektor ved Kirkelig utdanningssenter i nord/Girkolaš oahpahusguovddáš davvin.

Hallgeir er ein av dei som har hjelpt meg å finne fram i arkivet ved Det teologiske fakultet. Dessutan har han skrive "Elias Blix: Ei livssoge," Kirke og Kultur 107/1-2, 523-534.
# lagt inn 16.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix - ikkje bomber 

Blix not Bombs er ein parole eg absolutt ville gått i demonstrasjonstog under. Diverre var eg ikkje i New York da høvet var der.

I Vårt Land i dag melder Bjarte Botnen Hans Blix, Avgjørende dager - men berre på papir, og på bokmål ...

Send ein kommentar.
# lagt inn 16.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Statt upp or Svevne! / No renn vaar Sol med Ljos.
Kvar, som eig Evne, / Syng Jesu Lov og Ros!
Ein Dag er runnen, / Som kjenner ingen Kveld,
Ein Siger vunnen, / Som sonar all vaar Gjeld.
Paa denne Grunnen / Guds Kyrkja Paaske held.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 70

Heile salmen (.pdf-fil).
Førre utgåva (1883).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 16.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.4.04

Bibelen 100 år 

Frå Bibelselskapet.no:
100 år med norsk bibeltekst
16. april 1904 godkjente Bibelselskapets styre den første hele bibelteksten som helt og fullt var oversatt i Norge. 100 år senere arbeides det stadig på den samme, tidløse oppgaven: å gi folket "Guds Ord på et språk de forstår". I 2004 arbeider Bibelselskapet med oversettelse på både bokmål, nynorsk, nord-samisk og tegnspråk.
---
Hele Det nye testamente var blitt oversatt til landsmål i 1880-årene, og i arbeidet med å lage en ny bibeltekst på riksmål, kunne en hente inn enkelte ord herfra. Elias Blix, som hadde vært med på nynorskteksten, ble også med i arbeidet med 1904-utgaven. Slik ble det hetende "gjøre en sorg" i stedet for "bedrøve" og "fullt viss på" ikke "fuldeligen forsikret om".
Les meir.
Send ein kommentar.
# lagt inn 15.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Ljos yver Grav, / Som oss Livsvoni gav,
Rann med Guds Son ifraa Daude.
Solrenning klaar / Som den vænaste Vaar
Steig yver Gravstader aude.
Ljoset og Livet fyr alle Mann
Straalande upp med vaar Frelsar rann.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 69

Berre ein heilt ny påskesalme gav Blix ut i 1891-utgåva av Nokre Salmar (i tillegg til gjendiktinga av Grundtvigs "Krist stod upp av Daude"). Det er til gjengjeld sjølvaste "Ljos yver Grav", den mest sungne påskesalmen hans, og den einaste originale Blix-salmen som fekk plass i Norsk Salmebok (1986, nr. 188). [16.04.2004: Her vart eg for upresis, forstår eg. Det eg meinte å seie, var at "Ljos yver Grav" er den einaste av Blix sine eigne påskesalmar som kom med i Norsk Salmebok - og at eg synest det burde vore plass til nokre fleir.]

Skal eg peike på eit element som særpregar denne svært typiske og svært rike Blix-salmen, må det bli dette: Dei første kapitla av Første Mosebok er ei av Blix sine bibelske hovudkjelder, så òg her. Men i denne salmen teiknar han, som mange andre bibeltolkarar, dei verkeleg store bibelske linene. Og dei rekk heilt til dei siste kapitla i Johannes' openberring. Tydelege eksempel finn du i vers 2 og 3:
Engelen kvad / Yver daudstille Stad: / Krist er med Siger uppstaden!
Sigrande vel / Yver Ormen fraa Hel / Bøtte han Brotet og Skaden.
Syndi er sonad og Saaret grødt, / Livet av Daude er atter født.

Kristus stod upp / Som det Livstre i Knupp, / Som i all Æva skal bløma.
Skapande Liv / Han alt Drepande driv, / Dauden fyr honom maa røma,
So ved det Livstre til Herrens Pris / Eingong me livna i Paradis.
Sjå no på desse to bibelske motiva:Heile salmen (.pdf-fil).
Kjelde for bibeltekstane: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 15.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.4.04

Dagens Blix 

Den Paaske er vel ljos og blid / Fyr deim, som kjenna Naadens Tid
Og saart med Syndi dragast!
For gjenom Jesu Grav me sjaa / At Englar fara til og fraa,
Og Sigers Kransar lagast.
Den Tid / Vaar Strid
Vel fekk Ende, / Sælt seg vende / Sorg og Saknad,
Daa Guds Son av Daude vaknad.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 68

Brorson. I 4. utgåve av Nokre Salmar har Blix praktisk tala ikkje gjort endringar i salmar frå tidlegare utgåver, heller ikkje her. Eit par endringar i teiknsetjing, og byte av preposisjon i siste lina i vers 3 ("Jesus stod or Grav med æra" - i staden for av). Det er alt.

Så desse salmane hadde funne forma si i 1883. I 1891-utgåva var det nyproduksjonen som stod i fokus. Og målet var ambisiøst: Ei fullstendig nynorsk kyrkjesalmebok.

Heile salmen (.pdf-fil).
Førre utgåva (1883).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 14.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.4.04

Emma 

På høg tid å introdusere:

EMMA ALVILDE MARIE BLIX, f. HANSEN
Da Christian Krohg i 1905 nede i Paris traff en ung mann som het Blix og var karikaturtegner, utbrøt han: "Så er De vel ikke sønn av kirkestatsråden?" "Jo nettopp," svarte ynglingen koldblodig.

Mange har sikkert delt Krohgs forbauselse over at den vittige karikaturtegner er sønn av den fromme salmedikter og alvorlige gransker i semittiske språk og gammeltestamentlig teologi. Forbauselsen pleier å gi seg når de får vite at karikaturtegneren også hadde en mor.

Emma Blix var født i Oslo i 1849 og døde der i 1927. Hennes far, snekkermester Hans Mathias Hansen, var en fremragende håndverker, som eksempelvis leverte møbler etter egne tegninger til Slottet, og man har nok lov til å tenke seg at Ragnvald Blix kan ha noe av sine kunstneriske anlegg fra ham – via sin mor. Tenker vi så på ånden i Ragnvald Blix' kunst, på hans blinkende vidd og karske humor, da kan det ha sin interesse å gjengi hva en av hennes andre sønner (hun hadde seks – og tre døtre) forteller: "Når det alltid hersket en livlig og naturlig stemning hjemme og når vi trivdes bedre hjemme enn ute, så var det ikke minst henne å takke, som med sitt muntre sinn aldri gikk trett i det daglige slit – – og bror Ragnvalds humoristiske sans tror jeg nok skriver seg meget fra henne."

Ulla Meyer, Norske mødre (Oslo: Jacob Dybwad, 1946), 138
Send ein kommentar.
# lagt inn 13.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Krist stod upp av Daude / I Paaske-Morgonraude.
So syng no høgt og hjarteglad / Hans Kyrkjelyd i kvar ein Stad:
Æra vere Gud i det Høge!

Krist stod upp med Velde, / Han Synd og Daude felde.
Vaar Synd er sonad, Livet kjøypt / Og Dauden er i Siger gløypt.
Æra vere Gud i det Høge!

Krist stod upp med Heider, / Han oss til Himmels leider.
Der lova me med Engleljod / Guds Son, som upp av Daude stod.
Æra vere Gud i det Høge!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 67

"Krist stod upp av Daude" var ny i 1891-utgåva av Nokre Salmar. "Etter Grundtvig", står det som kjeldetilvising. Det er om lag like sant som at Grundtvigs "Christ stod op af Døde" er "fritt etter Christ ist erstanden, 1000-t", som Norsk Salmebok (nr. 183) seier. Om ein samanliknar med bokmålsversjonen (Norsk Salmebok nr. 182), som med dei mange repetisjonane og det enkle folkevisepreget følgjer Grundtvig svært tett, ser ein at Elias Blix her i røynda har forma ein ny tekst over eit klassisk tema.

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 13.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.4.04

Dagens Blix 

Som den gyllne Sol kann brjota / Klaar igjenom kolsvart Sky
Og ein Straum av Straalar skjota, / So at Natt og Myrker fly:
So min Jesus or si Grav / Og det djupe Daudsens Hav
Upp seg reiste til vaar Fagnad, / Daa det Paaskemorgon dagnad.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 66

Kingo i dag, den andre påskedagen.

Heile salmen (.pdf-fil).
Førre utgåva (1883).
Påskedagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 12.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.4.04

Blix i Tromsø 

Det er ikkje alt eg får med i tide her på BlixBlog. Men eg får no nemne - post festum - at det var Blix-konsert i Elverhøy kyrkje i Tromsø 31. mars, med Kine Hellebust & Kammerkoret TRØKK. Du kan lese meir på Universitetstavla
# lagt inn 11.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Bergen 

Frå bt.no - Det skjer:
Konsert
Columbi Egg: Dvergmål
Møtested for både helfrelste og nysgjerrige folkemusikkinteresserte. Det er åpent for alle som ønsker å lytte til akustisk folkemusikk fra hele kloden. Musikalsk vert er Gabriel Fliflet. Firkløveret Øyonn Groven Myhren (sang, seljefløyte), Jon Anders Halvorsen (sang, munnharpe), Marit Mattisgard (sang, langeleik) og Turid Spildo Nerdrum (sang, hardingfele) synger og spiller Elias Blix sine salmer.

Tidspunkt: 12.4 kl 20:30
Sted: Ludvig Bar, Neptun Hotell
Telefon: 55 30 68 00
Adresse: Valkendorfsgaten 8
5012 Bergen


Oppdatering, 28.03.2004: Bergens Tidende var der!
# lagt inn 11.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

I Edens sæle Sumar/ Eit Livsens Tre av Rotom rann,
Og av kvar Kvist og Kumar / Sprang evigt Liv fyr alle Mann.
So Treet stod i Hagen / I Livsens rike Blom
Alt til den myrke Dagen, / Me fall i Synd og Dom.
Daa Herren Vegen stengde, / Som inn til Treet gjekk,
Og Dauden inn seg trengde / Og Vald i Verdi fekk.

So Verdi Treet misste, / Der ikkje meir vart til det spurt,
Og Ingen Vegen visste, / For Eden kvarv fraa Jordi burt.
Men Livet, Verdi vantad, / Daa ikkje utdøytt var,
For Herren atter plantad / Ein Livsens Aldegard.
Or Kristi Grav er runnet / Det Tre paa betre Vis,
Og Livet atter funnet, / Som kvarv fraa Paradis.

Der stend det Tre med Tryggje, / Er livt og fredlyst med Guds Ord;
Og Gud er Sol og Skyggje, / Og Anden fell som Dogg til Jord.
Det stend imillom Graver, / Men ned fraa kvar ein Knupp
Den raude Druva laver, / Som vekkjer Daude upp.
So bløma Daudens Hagar / Som Eden fyrr i Aust,
Og Herrens Aaker lagar / Seg til ein herleg Haust.

Ein Engel Treet gjæter / Med Sverdet logande som Ljon,
Men inn kvar Syndar læter, / Som set til Jesus Tru og Von.
Men den, som fyrst fekk smaka / Den Druva, Treet ber,
Han lengtar dit tilbaka, / Der alt hans Hjarta er.
Der mognar Livsens Grøda / Til Jesu Kristi Pris,
Der fær eg Himmelføda, / Der finn eg Paradis.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 73

Χριστος ανεστη! Kristus er oppstaden!

Med denne mest originale og dristige mellom påskesalmane til Blix helsar eg deg god påske. Salmen står sist mellom påskesalmane i siste utgåva av Nokre Salmar. Det er åtte av dei i alt, så vi har ein salme for kvar dag i den første store veka.

Alle utgåver (.pdf-fil).
Førre utgåva (1883).
Langfredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 11.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.4.04

Dagens Blix 

Aa du store Kjærleiks Under: / Gud ein Syndar elska kann!
Vaare Synder reiv isunder / Bandet millom Gud og Mann,
Me fraa Gud fòr alle villt, / Difyr gjekk det alle illt.
Daa fraa Gud, vaart Liv, me rømde, / Alle vart til Dauden dømde.

Men Guds Faderkjærleik grundar / Ut fyr oss ein Frelseveg.
For so saart hans Hjarta stundar / Til aa faa oss heim til seg.
Difyr maa Guds Son fyr oss / Som ein Syndar paa sin Kross
Smaka Daudens stride Stunder. / Aa du store Kjærleiks Under!

----------------------
Elias Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900), s. 44-44

Langfredagssalme nummer to frå 1898 stod første gongen på prent i Norskt Barneblad 5. april. Tonen er "Jesus, dine dybe Vunder", her òg.

Heile salmen (.pdf-fil).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 8.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.4.04

Dagens Blix 

Kven er han med Klungerkruna, / Som so lognt i Dauden gjeng?
Kven kann tyda rett den Runa / Yver Krossen, der han heng?
"Jesus, han fraa Nasaret, / Jødekongen", er der sett.
So dei maa hans Kongsnamn sanna / Og det fyr all Verdi kanna.

----------------------
Elias Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900), s. 41-43

I 1898, sju år etter siste utgåva av Nokre Salmar, skreiv Blix to salmar til for langfredag. Dei tok han inn i Salmar og Songar. Denne ber overskrifta "Kristus vaar Konge", og går på melodien "Jesus, dine dybe Vunder". Salmen vart opphavleg prenta i det nynorske oppbyggingsbladet Stille Stunder 16. april 1898. Bladet kjem framleis ut. For alt eg veit, kan det vere den eldste nolevande periodiske publikasjonen på nynorsk. Påskenummeret fortalde diverre at redaktøren, forkynnar Alfred Hamre, er vorten sjuk.

Heile salmen (.pdf-fil).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 7.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.4.04

Dagens Blix 

Gode Hyrding! Konungs Vyrding, / Konungs Vyrding du ber med Skil.
Drott utan Like, som fyr ditt Rike, / Som fyr ditt Rike læt Livet til!
Gode Hyrding! Konungs Vyrding, / Konungs Vyrding du ber med Skil!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 65

Og denne originalsalmen frå 1875 avsluttar den store samlinga salmar for langfredagen i siste utgåve av Nokre Salmar. Egil Elseth seier om Blix (s. 138): "Dei fleste vil vel vera samde i at pasjonstida ikkje har løyst ut diktargivnaden hans." Eg synest ikkje det er heilt rettvist, sjølv om fleire hymnologar har sagt liknande ting. Om ein berre ser på originalsalmane, kan det vere at ein får eit slikt inntrykk. Men dei mange gjendiktingane høyrer òg med til biletet.

Heile salmen (.pdf-fil).
Førre utgåva (1883).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 6.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.4.04

Maalstriden 1861 

Eg har tidlegare (11. mars) sitert eit langt "Innlegg i Maalstriden" frå Christiania-Posten 12.03.1861. Reidar Djupedal har nemnt Elias Blix som forfattar, og eg reiste spørsmålet om korleis Djupedal kunne vite det, sidan innlegget var anonymt.

I dag veit eg svaret. Det er mellom dei mange verdifulle opplysningane eg har med meg heim att frå Finn Blix.

Torsdag 30. januar 1902 var heile nummeret av Symra vigd minnet om Elias Blix. Bladstyrar var Klaus Sletten. I bladet er heile "Innlegg i Maalstriden" frå 1861 trykt opp, med denne redaksjonelle kommentaren:
Innlegget i maalstriden stod aa lesa i "Christiania-Posten" 12. mars 1861. Det bar ikkje noko merke, men professor E. Blix hev i minsto til huslyden sin late ord falla um at han var forfattaren. Stykket er forvitnelegt i seg sjølv; det syner at motmennerne ikkje er komne stort lenger no enn for 30 aar sidan. Og det er kanskje det einaste innlegg i dagsens strid fraa professor E. Blix.

Han var frilynd og frihuga som faae, og veik aldri av fraa dei vegjer som førde ei stor sak fram. Men han var ein freda mann og vilde heller jamna striden enn hogga kvast fram i. Ein vil sjaa at han ikkje var plent so spaklynd i dei fyrste studentdagar.
Innlegg i Maalstriden (1861).
Send ein kommentar.
# lagt inn 5.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Barnebarn 

I dag har eg vore på Bygdøy. Ikkje for å bade eller gå på museum, men på vitjing til Finn Blix og Siri Salvesen, to av barnebarna til Elias Blix. Det var svært hyggjeleg og svært interessant. Mykje hadde dei å fortelje, mangt hadde dei å vise fram, og mange brikker fall på plass. Eg fekk låne ein god kopi av eit litt yngre Blix-bilete enn det som har pryda bloggen til no. Det kan vel vere på tide med litt variasjon.

Eg må takke mi gode studievenninne Unn Christensen. Det er ho som har formidla kontakten med familien.

Send ein kommentar.
# lagt inn 5.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

So elskad Gud oss, at han gav / Sin kjære Son til Kross og Grav,
At ikkje me skal Dauden sjaa, / Men evigt Liv ved honom faa.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 64

Denne pasjonssalmen, med Johannes 3,16 som motto, var ny i 1891-utgåva av Nokre Salmar. Det visuelle elementet er sterkt understreka. Verbet "sjå" førekjem i sju av dei elleve versa. Betraktninga av Jesu liding er ein klassisk topos for langfredag, frå dei eldste kristne tider til Mel Gibson.

Og sju av versa finn du framleis i Norsk Salmebok (nr. 163).

Heile salmen (.pdf-fil).
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 5.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.4.04

Dagens Blix 

Jesus, dine djupe Vunder / Og din Daude saar og strid
Huggar meg i alle Stunder, / I all Naud, som Hjartat lid.
Renn meg nokot Vondt i Hug, / Til di Pinsla ser eg bljug;
Det skal Syndehugen kjøva: / Dine Saar med Synd ei høva.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 63

Denne kjende pasjonssalmen (av Joh. Heermann) var òg mellom dei Blix-gjendiktingane som fann forma si på første forsøket, alt i det første vesle salmeheftet (1869).

Heile salmen (.pdf-fil).
Førre utgåva (1883).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 4.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.4.04

Dagens Blix 

Ver helsat, Hovud høge, / Som blodat er og hædt!
Du Hovud, som til Løge / Med Tornekrans er klædt!
Du Hovud, som er saarat / Og fram med Spottord synt,
Men lyser no forklaarat / Med Sømd og Siger krynt!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 62

Gjendiktinga av Paul Gerhardts "O Haupt voll Blut und Wunden" er mellom dei Blix-salmane som fann forma si alt på første forsøket (1870). Salmen er gjennomgangsmelodi i Bachs Matteuspasjon. Høyr gjerne på den i løpet av den stille veka.

Heile salmen (.pdf-fil).
Førre utgåva (1883).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 3.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.4.04

Professor 

Professorutnemning 1879
Fra det academiske Collegium
ved det Kongelige Frederiks Universitet.
Christiania den 23 Juli 1879
J.-No. 262

Under 10de d. M. har det behaget H. M. Kongen at resolvere:

"At Universitetsstipendiat, Cand. theol. Dr. philos. Elias Blix naadigst udnævnes til extraordinær Professor i Hebraisk ved Universitetet fra 1ste Juli d. A. at regne med Forpligtelse til efter det academiske Collegiums nærmere Bestemmelse ogsaa at afholde theologiske Forelæsninger og til at deltage i den theologiske Embedsexamen."

Hvilket herved meddeles.

T. H. Aschehoug
p. t. Collegiets Formand

Til det theologiske Facultet
Send ein kommentar.
# lagt inn 2.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Sjaa der Guds Lamb kjem gangande! / Stilt fer han fram på Ferdi.
Sjaa yver honom hangande / All Synd og Skuld i Verdi!
Til Offerstaden Vegen ber. / Han segjer: No eg ferdug er
Fyr Adams Ætt aa strida.
Dei syna Kross og Pinsla fram. / Han svarar: Gjerna, Saar og Skam
Eg viljug er aa lida!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 61

Blix har mange salmar til langfredag, fem i Nokre Salmar (1891) og to i Salmar og Songar (1900).

"Sjaa der Guds Lamb kjem gangande" er ei gjendikting av ein klassisk tysk-luthersk salme, Paul Gerhardts "Ein Lämmlein geht und trägt die Schuld." Eg kommenterte 1883-utgåva nokså utførleg, og salmen er ikkje endra her.

Heile salmen (.pdf-fil).
Førre utgåva (1883).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 2.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.4.04

Dagens Blix 

Jesus, eg hjarteleg lengtar aa smaka / Sæla og Søta i Samfundet ditt!
Riv meg fraa alt, som vil halda tilbaka! / Drag meg til deg, som er Upphavet mitt!
Syn du meg klaarleg mi saaraste Sykja, / Syn meg den ovdjupe Skaden i meg!
So at seg Kjøtet til Dauden maa mykja, / Anden aaleine maa liva fyr deg!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), s. 103-105

Gjendiktinga av den kjende "Jesu, din søde Forening at smage" var mellom dei 13 første Blix-salmane som vart gjeve ut i 1869.

Heile salmen (.pdf-fil).
Førre utgåva (1883).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 1.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?