<$BlogRSDUrl$>

31.12.03

Dagens Blix 

Fraa Betlehem eit Gitord gjeng, / Eit Gitord gjeng,
Um Kongeson i Krubbeseng. / Halleluja, Halleluja!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), s. 35-37

Ei einaste endring er gjort sidan førsteutgåva (1883): Blix har føyd til ei tilvising til den bibelske Salme 72 i overskrifta. Det tek brodden av hymnologen Egil Elseth si innvending mot det tiande verset:
Daa syng Guds Folk um Fred og Von, / Um Fred og Von,
Som Sus i Skog paa Libanon. / Halleluja, Halleluja!
Elseth (s. 124) kommenterer: "Målbunaden er vel norsk, men ikkje naturen." Men dette er ein direkte referanse til Salme 72,16. Ein kan samanlikne med "Libanons og Karmels glans, Sarons prakt og ynde" i Grundtvig-salmen "Blomstre som en rosengård," bygd på Jesaja 35. Ein kan like godt seie det motsette av Elseth: I ei linje som "Og Freden gror fraa Fjord til Fjell" (vers 9) maktar Blix å lokalisere Betlehem og Libanon i den heimlege naturen.

Kjelde for bibelsitata: Bibelen.no
Heile salmen (1891 - 1883).
Førre utgåva.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 31.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

30.12.03

Yngvar Nielsen (2) 

Eg har tidlegare sitert høgre-historikaren Yngvar Nielsen sin karakteristikk av nordlandsstudentane på 1860-talet. Nielsen har vore julelesnaden min i år. Skildringane hans av det politiske og det akademiske livet i siste del av 1800-talet er svært interessante, dels fordi dei byggjer på dagboksnotat, dels fordi Nielsen skriv historie frå taparens synspunkt. Eg manglar enno to band av minnebøkene hans, Fra Johan Sverdrups Dage (1913) og Erindringer fra et halvt Aarhundredes Vandreliv (1909). Her kjem nokre viktige lesefrukter frå det eg har fått med meg:

I En Christianiensers Erindringer fra 1850- og 60-Aarene (1910) fortel Nielsen (s. 238-239) at han hausten 1861 var aktiv målmann! Son hans, Roar Tank, gjev enno nokre opplysningar om dette i Idyll og arbeidsår: Professor dr. Yngvar Nielsen og hans krets (1956) (s. 35-37). Yngvar Nielsen er faktisk ei av dei viktigaste kjeldene når det gjeld det første "mållagsarbeidet" i hovudstaden. Elias Blix nemner han ikkje i denne samanhengen. Det er ikkje heilt klårt kor tidleg Blix kom med i det organiserte målarbeidet.

Under Oscar II's Regjering: Oplevelser og Optegnelser 1872-1884 (1912) er sterkare politisk ladd enn det første memoarbandet. Her nemner Nielsen Elias Blix ved fleire høve:

a) I samband med den politiske usemja innan Videnskabsselskabet hausten 1883, etter at filosofiprofessor Monrad hadde skrive den berykta "statskuppartikkelen" i Morgenbladet (s. 204).

b) I samband med Ole-Jacob Brochs mislukka forsøk på å skipe regjering under krisa i juni 1884 (s. 289):
Broch havde nu atter faaet to Neier, først fra Biskop Hvoslef, som paaberaabte sig Helbreds- og politiske Hensyn, og dernæst fra Justitiarius Broch, medens han selv var uvillig til at forhandle med Professor E. Blix, der blev foreslaaet af Venstre.
Blix var altså på tale som statsrådsemne alt på dette tidspunktet.

c) Frå tida rett før Johan Sverdrup skipa regjeringa si:
Det var indholdsrige Dage, disse sidste i Juni 1884, og mine Optegnelser fra dem er i tilsvarende Grad omfattende. Her er atter noget af dem: "27 Juni. - - - Professor Monrad nærede idag stor Frygt for, at Jakob Sverdrup, naar han kom ind til Stockholm, vilde gaa Kongen og Dronningen altfor meget under Øinene. Monrad havde som hans Lærer egentlig ikke havt noget at klage over ham. Men Kammeraterne havde aldrig rigtig kunnet udstaa ham, hovedsagelig paa Grund af Mandens Lyst til at insinuere sig hos [Skolebestyrer] Hartvig Nissen. Monrad mente, at Blix i Kirkedepartementet vilde være aldeles uskadelig for de kirkelige Interesser, men derimod komme til at lægge sig paa Agitation for Maalsagen.

Like politisk er Da Unionen skulde briste: Oplevelser og Optegnelser 1890-1895 (1915). Her refererer Nielsen rykte om at Blix, som var statsråd i åra 1884-1888, var aktuell kandidat til ein statsrådspost ved fleire seinare høve:

a) Johannes Steen skipa si første regjering i mars 1891. Her vart W. A. Wexelsen kyrkjeminister, etter at Nielsen i dagboka for 3. mars har notert:
Imidlertid gaar Rygtet, at Blix og Kildal, som allerede skal have givet sit Jaord, har trukket sig tilbage ...

b) I mai 1893 kom Emil Stang (Høgre) attende som statsminister, og Blix' ven A. Chr. Bang vart kyrkjestatsråd. Men deira felles nordlandsven Sivert Nielsen - og kan hende Blix sjølv - hadde hatt andre forventningar, om ei mindre utskifting innan Steens ministerium:
2 Juni. Om Aftenen den 29de var jeg hos Professor Bredo Morgenstierne sammen med Stang, Hagerup og Bang, som alle lod til at være ved godt Mod. Bang sagde, at han havde gaaet til Sivert Nielsen som en god Ven for at meddele ham sin Udnævnelse, men at denne havde modtaget ham uvenlig, hvilket ledede til et fuldstændigt Brud mellem dem. Bang var nu ikke naadig i sine Udtalelser om den anden.

Bang bestyrkede end mere, hvad jeg ogsaa har hørt fra andre Kanter, at Ministeriets Dannelse 2 Mai havde forpurret Sivert Nielsens Planer. Han havde ikke tidligere af sit Parti faaet Tilladelse til at modtage Kongens Anmodning. Men naar den tidligere Regjering 3 Mai havde faaet Stortingets Tillidsvotum og derpaa var blevet staaende, var det Tanken, at der skulde foretages nogen Personalforandringer, hvorved Sivert Nielsen og Blix skulde have faaet hver sin Taburet. At denne Plan røg i Lyset, har selvfølgelig vakt megen Ærgrelse.

Send ein kommentar.
# lagt inn 30.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

I fyrste Upphav var Guds Ord, / Sann Gud, av Gud upprunnet.
Ved det vart Himmel skapt og Jord / Og alt, som der er funnet.
I Ordet Livet rann / Med Ljos til alle Mann.
Det ned i Myrkret skein / Med Guddoms-Loge rein,
Men Myrkret inkje merkad.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), s. 33-35

Denne salmen er undervurdert. Den høver ikkje rundt juletreet, og heller ikkje ved familiegudstenesta på julaftan. Men den er ein stor juledagssalme, ein parafrase over Johannes 1, 1. Mosebok 1 og den nikenske truvedkjenninga. Salmen manglar det spesifikt norske vi gjerne vil forbinde med Blix. Men den er eit fint døme på det andre sentrale kjenneteiknet ved diktinga hans, bruken av tekstsamspel (intertekstualitet). Eg har i ein annan samanheng argumentert for at bibelparafrasane som Blix skreiv på 1880-talet, samtidig som han omsette Det nye testamentet til landsmål, har krav på særleg interesse:
Ei samanlikning mellom salmetekstar og bibeltekstar kan gje førstehands innblikk i prosessen som låg bak utforminga av det nynorske bibelspråket. Her går salmedikting og bibelomsetjing heilt parallelt. Dei to sjangrane har ulike grenser. Salmen er nok bunden i form, i rim og rytme. Men ei offisiell bibelomsetjing er òg bunden, av den hebraiske og greske grunnteksten. På ein måte kan salmen vere ein fristad for språkleg famling og eksperimentering.
Sjå sjølv:
Johannes 1
Bibelen (1887)
Johannes 1
Det nye Testamente (Blix, 1889/1899)
1 I Begyndelsen var Ordet og Ordet var hos Gud, og Ordet var Gud. 2 Det var i Begyndelsen hos Gud. 3 Alle Ting ere ved det blevne til, og uden det er end ikke en eneste Ting bleven til af det, som er blevet til. 4 I det var Liv, og Livet var Menneskenes Lys. 5 Og Lyset skinner i Mørket, og Mørket fattede det ikke.1 I Upphavet var Ordet, og Ordet var hjaa Gud, og Ordet var Gud. 2 Dette var i Upphavet hjaa Gud. 3 Alle Ting vart til ved det, og utan det vart ikkje til ein einaste Ting, som til er vorten. 4 I det var Liv, og Livet var Ljoset fyre Menneskjom. 5 Og Ljoset skin i Myrkret, og Myrkret tok det ikkje til seg [1899: tok ikkje imot det].
Kjelde for bibeltekstane: Bibelen.no.
Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 30.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.12.03

Dagens Blix 

No koma Guds Englar med Helsning i Sky, / Guds Fred og Velsigning dei bjoda.
No stig ifraa Jordi ein Helgasong ny, / Som skal gjenom Himmelen ljoda:
Guds Fred og vel møtt, / Du Barn, som er født!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), s. 31-33

Frå utstillinga i Ivar Aasen-tunet, "Nynorsken i årstal":
1884 • Første juledag syng Lårdal kyrkjelyd i Telemark Blix-salmen "No koma Guds englar". Først åtte år seinare blir det lov å syngje salmar på landsmål i kyrkjene.
Dette var første gongen det vart sunge nynorske salmar i gudstenesta i ei norsk kyrkje. Opphavsmannen til salmen var framleis anonym. Men på denne tida var det nok ikkje nokon stor løyndom at det var kyrkjestatsråden sjølv, Elias Blix, som var salmediktaren. Alt i 1871 nemner Olaus Fjørtoft Blix som opphavsmann til Nokre Salmar, i artikkelen "Nokre Or te Bondevenne og Maalmenn". Og i 1885 kom første bandet av J. B. Halvorsens statsstøtta prestisjeprosjekt Norsk Forfatter-lexikon. Her er salmane førte opp under namnet til Elias Blix.

Heile salmen (1891 - 1883 - 1875).
Førre utgåva.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 29.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

28.12.03

Dagens Blix 

Simeon i Alder graa / Lengtad heim med Fred aa fara.
Men Guds Ande sagde fraa, / At hans Livsdag skulde vara,
Til han fekk med Augom sjaa / Honom, som han stundad paa.

Simeon i Templet kjem / Inn ein Dag ved Andens Dragning,
Ser det Barn fraa Betlehem, / Ser Guds Frelsa frid i Dagning.
So han etter Lengting lang / Frelsarbarnet tok i Fang.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), s. 41-42

Det er sundagen etter jul i dag, og vi tek med eit typisk "evangelierim" av Blix. "Simeon i Alder graa" er ei attforteljing av det gamle evangeliet for denne sundagen, Luk 2,22-35, med den kjende "Simeons lovsong" eller Nunc dimittis.

Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no.
Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 28.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.12.03

Dagens Blix 

Det Folk, som sat i myrke Natt / Og djupe Daudeskugge,
Dei saag ei Sol i Auster spratt / Med Ljos og Liv og Hugge.
Dei saag so stor ein Dag / Eit Ljos med ukjent Lag
Som yver Jordi rann, / Og lyste vidt um Land
Med Sumar og med Sæla.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), s. 29-31

Og her kjem det aller første publiserte Blix-salmeverset att.

Heile salmen (1891 - 1883 - 1869).
Førre utgåva.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 27.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.12.03

Dagens Blix 

Kling no, Klokka! Ring og lokka,
Ring og lokka fraa tusund Torn!
Tona um Frelsa! Kalla og helsa,
Kalla og helsa med Fred Guds Born!
Kling no, Klokka! Ring og lokka,
Ring og lokka fraa tusund Torn!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), s. 28-29

Kyrkjeklokka spelar ei sentral rolle i universet til Elias Blix. Det kunne du høyre i går, i nest siste verset av "Jolemorgon i Nordland". Og du skal høyre det att om eit par dagar, i "No koma Guds Englar:"
No ljodar ein Lovsong fraa alle Guds Born, / Paa alle Folks Tungor dei kveda.
So vida som Klokkorna tima fraa Torn, / Stig Tonar av Hugnad og Gleda.
Men veit du kva som er originalmelodien til "Kling no, Klokka"? Det er "Her vil ties, her vil bies" - betre kjend som "Påskemorgen slukker sorgen"!

Innspelingar finst det MANGE av, men ikkje med den melodien.

Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 26.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.12.03

GLEDELEG JUL! 

Julehelsinga på BlixBlog måtte bli denne:

Jolemorgon i Nordland.

Upp ved Nordlands lange Strender
Under høge myrke Fjell
Sol seg snøgt til Skugge vender,
Ljos og Myrker misjamt fell.
Medan Sumarsoli straalar
Dag og Natt paa Fjell og Fjord
Og med Gullglans Landet maalar,
Daa det fagert er der nord.

Men naar Vetterstormar durar,
Snjoen fjell-imillom fyk,
Baaror bryt som høge Murar,
Sjoen kvit fyr Vinden ryk:
Daa si ljose Aasyn gjøymer
Under Hav den signad Sol,
Folk i Myrker gjeng og drøymer,
Ventar Solhov fram mot Jol.

So ein Jolemorgon tidleg
Derfraa drog eit Kyrkjelag.
Stjernor blinkad til deim blidleg,
Lovad ljos og fager Dag.
Snart dei Grannebaatar naadde,
Rodde fram i Reid og Rad.
Til Guds Hus dei trugne traadde,
Og i Kor dei Salmar kvad.

Daa eit Uve'r braadt fell yver
Land og Hav med Kov og Dam.
Snjo og Driv i Syni gyver,
Snaudt ein ser til Stamnen fram.
No er gode Raader dyre,
Her det gjeld um mange Liv.
No Guds Hand maa halda Styre,
Elder lukt til Havs dei driv.

Full av Folk den vesle Baaten
Duvar paa den ville Fjord.
Kvinnor rædde tek til Graaten,
Gluntarne paa Livet ror.
Kven skal Veg i Myrkret finna?
Dei ser ingi Leid og Med,
Ingi Raad til fram aa vinna:
Saart til Gud um Ljos dei bed.

Daa dei høyrer Klokka tima –
Alle Gluntar lyfter Hatt.
So dei ser ei Stjerna glima
Gjenom myrke Uve'rsnatt.
Sjaa, der stend ho yver Kyrkja
Og deim viser Veg til Liv:
Snjo og Sky, som vil deim myrkja,
Hennar Straalar sunder riv.

Heilag Hugnad daa dei kjenner,
Som um dei den Stjerna saag,
Som ein Gong dei vise Menner,
Lyste dit, der Jesus laag.
Til den Stjerna dei seg vender,
Daa i Land dei frelste kjem,
Og si Takk dei Jesus sender,
Stjerna blid fraa Betlehem.
-----------------------------------
Elias Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900), 136-139
Songen skal visstnok ha bakgrunn i ei konkret hending i Gildeskål juledagen 1847. Men her er hendinga tolka i ei bibelsk referanseramme. I Skrifta finn du både stjerna, vismennene og stormen.

Og med det ønskjer eg alle lesarar av BlixBlog ei signa julehøgtid.

Teksten i eige vindu.
Kjelde for bibelsitata: Bibelen.no
Send ein kommentar.
# lagt inn 25.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Den fagraste Rosa er funni, / Ho upp millom Klunger er runni:
Vaar Jesus den dyraste Blomen / Rann upp av ei Ætt under Domen.

Men Herren ei Rosa let bløma / All Verdi til Sæla og Søma.
God Ange til Himmels ho sender, / Vaar Jord til Guds Hage umvender.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), s. 26-28

"Den fagraste Rosa," som du her får første og tredje verset av, er ein Brorson-tekst. Men det er ikkje tilfeldig at Blix har festa seg ved nett denne og gjendikta den. Hagen er, som eg har sagt fleire gonger, eit sentralmotiv i Blix' lyrikk. Og det har han frå Bibelen, ikkje frå Gildeskål.

Salmen er spela inn i ulike folketoneversjonar av Sondre Bratland, Åsne Valland Nordli og Bukkene Bruse.

Heile salmen (1891 - 1883 - 1870).
Førre utgåva.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 25.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.12.03

Dagens Blix 

I denne søte Joletid / Me maa vel sæle vera
Og bruka all vaar Kunst og Id / Guds Naade høgt aa æra.
Ved den, som er i Krubba lagt / Me vil av all vaar Raad og Magt
I Hjartat søtt oss hugga.
Din Pris skal ljoda, Frelsarmann! / So vidt og breidt um Land og Strand,
At Jordi reint skal rugga.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), s. 24-26

Brorson på julaftan. Det passar bra. Her får både kjenslene og dogmatikken sitt. All verdas elende begynner på v, om du ikkje visste det frå før: vonlaus Villa (vers 2); Vesaldom og Vaade (vers 4). Frelsa har eit større register å spele på.

Sidan vi her i huset held på at det er juledagen som er høgtidsdag, vil eg vente med å ønskje deg god jul til i morgon. Men kjem du att da, har eg ei spesiell julehelsing til deg.

Heile salmen (1891 - 1883 - 1870).
Førre utgåva.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 24.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.12.03

Yngvar Nielsen 

Historikaren, geografen, journalisten og den notoriske Høgre-politikaren Yngvar Nielsen (1843-1916) er ei interessant kjelde til mange trekk i Elias Blix' biografi. Nielsen tok artium og begynte som student ved Universitetet same året som Blix, i 1860. Seint i livet skreiv han ein serie minnebøker, basert på dagbøker og anna materiale. I En Christianiensers Erindringer fra 1850- og 60-Aarene (Christiania: Gyldendal, 1910) får vi i ein lang passasje (s. 213-221) høyre om inntrykket av Blix og dei andre studentane frå Nord-Noreg på 1860-talet. Utdrag:
I de samme Aar var der en ikke ringe nordlandsk Invasion ved Universitetet. Det var da, at Elias Blix og A. Chr. Bang reiste sydover saavelsom den nyvalgte Nordlandsæpræsentant, Kirkesangeren fra Vik i Brønnø, Sivert Nielsen. Alle skulde de gaa over i nye Forhold, mod hvilke de nu saa hen med spændt Opmærksomhed. Ole Tobias [Olsen] var kanske allerede i Forveien kommen sydover; og i det samme eller i det næste Aar kom der til Christiania en anden ung Nordlænding ved Navn Carl Johan Nielsen. Disse og andre Nordlændinger holdt altid sammen og kunde gjerne siges at danne et sluttet Forbund, - noget i Lighed med de svenske Nationer. Gjennem sin Dygtighed og sin ualmindelige Energi vandt de snart Respekt. Medens Sivert Nielsen hurtig naaede en ledende Stilling i det offentlige Liv, klarede de øvrige med forbausende Lethed alle Vanskeligheder paa den akademiske Løbebane. Man sagde ofte om de Studenter, der havde begyndt som Seminarister, at de kunde holde ud 30 Arbeidstimer i Døgnet, og det skulde næsten kunne passe paa de Nordlændinger, der var mine Samtidige. Medens de arbeidede ved Skoler og underholdt sig selv, kunde de læse mindst ligesaa meget som vi andre, der blev underholdt hjemme eller hjemmefra. Sine Examina tog de med en forbausende Glans, som Regel forrest i Rækkerne.

Ole Tobias var i Grunden bleven for gammel for at tilegne sig Ungdommens Lærdom. Han var original og havde Vanskelighed for at gribe andres Meninger. Medens Blix navnlig ved Anden Examen stod som den første af alle, laa hans ældre Ven gjerne meget tilbage og kunde ikke mere end klare sig. De var begge med i 1860. Bang kom et Par Aar efter. Ovenpaa et smukt Arbeidsliv ved Universitetet har han og Blix gjort rask Karrière og begge naaet de høieste Stillinger, som kunde bydes. Der gik da store Ord om disse flinke Nordlændinger, som kunde bryde sig selv Vei. Saa blev det som en Selvfølge, at alle Nordlændinger skulde forudsættes at være ligesaa flinke og ligesaa store Lys, som Blix og nogle Aar senere Bang.
...
Dette er blevet noksaa langt. Men de nordlandske Studenter gav i flere Dele Russen baade fra 1860 og fra flere andre Aar dens særegne Præg.
Send ein kommentar.
# lagt inn 23.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Or Høgdi ned i Verdi skin / Ei Morgonstjerna klaar og fin
Med Sanning og med Naade.
Du Jesse Rot og Davids Kvist, / Min Hjartans Brudgum, Jesus Krist!
Meg huggar i all Vaade.
Mi Sol / I Jol,
Væn og herleg, / Mild og kjærleg! / Gaavor gjæve,
Ljos og Liv til meg du heve.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), s. 21-24

I serien "Reformasjonskoralar i nynorsk språkdrakt" er turen i dag komen til Philipp Nicolai, "Wie schön leuchtet der Morgenstern." I Norsk Salmebok finn du denne under "Openberringstida" (nr. 89), ikkje under "Jul", og førstelinja er endra til "Ei morgonstjerne klår og fin frå Herren ned i verda skin". Det var vel i-formene som ikkje vart så enkle å skrive om, tenkjer eg.

Ulikt dei tidlegare har denne salmen vore gjennom ein del endringar mellom andre og fjerde utgåva. Eg skal ikkje trøytte deg med detaljar, du kan samanlikne sjølv, om du er interessert i slikt. Men eg må få peike på det nye flotte bokstavrimet som innleier vers 3:
(1870/83:) Du Eignastein og Perla god
(1891:) Du Glimestein med gullrein Glod
Eit par ordboksdefinisjonar til hjelp (Aasen, Norsk Ordbog, 1873):
eigna (adj.), ypperlig, fortræffelig.
Glimstein (i') m. Steen med en vis Glands og Farve; Ædelsteen.
Heile salmen (1891 - 1883 - 1870).
Førre utgåva.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 23.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.12.03

Christiania 1860 

Det beste hjelpemidlet til å visualisere korleis hovudstaden såg ut da Elias Blix kom dit, finn du i biletgalleriet til Byarkivet i Oslo: Bykartet frå 1860, "opprinnelig Fredrik Peter Leganger Næsers oversiktskart til hans store økonomiske opptegning av Christiania i årene 1858/1860."

Oppdatering: Vel, det ALLER beste er kan hende "Oslo Strandgate, Gamlebyen og Jernbanen sett fra Ekebergbakken. Litografi ved P. R. Nordahl Grove etter tegning av John Fr. Kirchner, ca. 1860," nytta som forsatsbilete og som illustrasjon på s. 67 i Erik Henning Edvardsen, Ibsens Christiania (Oslo: Damm, 2003). Men eg har ikkje funne noka attgjeving av dette biletet på verdsveven.

Send ein kommentar.
# lagt inn 22.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Hovudstaden 

"Saa kom jeg med Dampvognen ind i Hovedstadens Vrimmel, udenfor Byen var der mørkt, derinde skinnede en liden Maane fra hvert Gadehjørne; det var Gaslygterne."

Slik skildrar Elias Blix det første møtet sitt med Kristiania, 10. september 1859, i brev til Johan Amundsen, ein klassekamerat frå seminaret i Tromsø.

Eg har vore i Tromsø på 1850-talet mykje av hausten. I førre veka sende eg eit råutkast til kapittel 2 i biografien (Tromsø-kapitlet, om du skulle lure på det) til forlaget. Det er mange lause trådar enno, men no trur eg nokon annan må sjå på det. No begynner eg på kapitlet om studietida, det vil stort sett seie 1860-talet.

Møtet med hovudstaden vert altså introdusert gjennom to sentrale modernitetssymbol: Toget (jamfør innleiinga til Vinje, Ferdaminni) og gaslyktene. Med det er samstundes eit av dei sentrale problema mine introdusert. For det er verken tog eller gaslykter å finne i den litterære produksjonen til Blix. Faktisk er byen fullstendig fråverande i diktinga hans. Fortel det noko om Elias Blix? Eller om salmetradisjonen? Eller om kristendommen?

No er det gjort forsøk på å dikte salmar som er både moderne og urbane. Erfaringa er vel på den eine sida at desse salmane fort blir forelda, på den andre sida at moderne og urbane menneske gjerne syng førmoderne og rurale salmar. "Paradise lost"? Her er det lett å bli romantikar, særleg når jula nærmar seg. Nokre vil her minne om at Bibelen begynner i ein hage, men endar i ein by. Andre vil seie at byen - og moderniteten - i seg sjølv er framandgjerande, og at mennesket "eigentleg" høyrer heime ein annan stad.

Eg oppfattar i høg grad Blix si dikting som eksil-dikting. Det gjeld salmane, som lengtar attende til Edens hage og framover til himmelen, og det gjeld songane, som gjerne syng om ein nordnorsk barndom songaren definitivt har forlate. Eg strevar med å finne gode analytiske grep. Desse trekka er jo ikkje unike for Blix; tvert om trur eg bakgrunnen for gjennomslagskrafta til diktinga hans ligg her: Det er så mange som kan kjenne seg att. Er heimlengsel naudsynt for å kunne syngje Blix-salmar?

Heile brevet.
Kjelde for bibeltekstane: Bibelen.no
Send ein kommentar.
# lagt inn 22.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Programvare 

Eg får til med noko datapreik att - det høyrer til sjangerkonvensjonane på vevloggar, har eg skjøna. I serien "nynorske dataprogram eg brukar":

1. Eg har vore patriot og lasta ned nettlesaren Opera, eg òg - i nynorsk språkdrakt. Blogger-redigeringa er litt enklare på Internet Explorer, men Opera er brukbar til det meste.

2. Som førebuing til vårens bibelomsetjararbeid har eg installert ein del spesialisert programvare frå United Bible Societies - pluss den norske DataBibelen frå SigveSaker. Det er ikkje så mange datafirma som har nynorske heimesider, men dette har.

Send ein kommentar.
# lagt inn 22.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Du vere lovad, Jesus Krist! / Du Mann er vorten sant og visst,
Som Broder vaar du komen er, / Og difyr gledest all Guds Her. / Halleluja!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), s. 20-21

Om "Frå høge himmel kjem eg her" er den klassiske lutherske salmen for julaftan, er dette den for juledagen. Det er synd den held på å gå i gløymeboka. Om du har høyrt Bachs Juleoratorium i år, har du til dømes fått med deg både det sjette verset (del 1, nr. 7) -
Han er til Jordi komen arm, / At du skal kvila ved hans Barm
Og vera baade glad og rik, / Hans kjære, sæle Englar lik. /Halleluja!
- og det siste (del 3, nr. 28):
Det gjorde han, at me derpaa / Hans store Kjærleik kunde sjaa.
Di skal kvar Kristen vera glad / Og lova honom allan Stad. / Halleluja!
Heile salmen (1891 - 1883 - 1875).
Førre utgåva.
Laurdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 22.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.12.03

Dagens Blix 

Fraa høge Himmel kjem eg her, / Og Tidend god til Jord eg ber,
So fagert Bod eg fører med, / Og derum no ein Song eg kved.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), s. 17-19

I Salmar og Songar (1900) har vi framleis att salmen om "Vismennerne frå Austerland," men den høyrer trettandagen til. Vi vender attende til Nokre Salmar, no i "4de aukade Utgaava" frå 1891, som vart godkjend til kyrkjebruk året etter og etter kvart trykt som vedlegg til Landstads salmebok. Tredje utgåva, som du sjeldan høyrer noko om, var eit uendra opptrykk av 1883-utgåva, gjort av Mons Litleré i Bergen.

Og "Jolehelg" begynner med Luther. "Vom Himmel hoch" er den klassiske julaftan-salmen i den lutherske tradisjonen. Ved gjennomgangen av 1883-utgåva har eg vore oppteken av alle endringane Blix har gjort. Frå 1883 til 1891 er salmen uendra. Ein kan ha to teoriar om det:
1. Blix hadde funne forma og var nøgd med 1883-utgåva av salmen.
2. Blix hadde det så travelt med å dikte nye salmar til denne utgåva at han ikkje hadde tid til å forbetre dei han hadde frå før.

I dag prøver eg å få til ein salme-synopse, slik at du sjølv kan samanlikne dei ulike versjonane av Blix si gjendikting:

Heile salmen (1891 - 1883 - 1870).
Førre utgåva.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 20.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.12.03

Enebakk 1743 

"Heretter blir det en fest å komme på avveie i Enebakk!"

Nei, sitatet er ikkje frå foreininga "Venner av Fridtjof," men frå høgkulturelle Morgenbladet i dag. Det er Håkon Gundersen som har lese første bandet i Norge i 1743, utgjeve av Riksarkivet og Solum forlag. Han vil no byte ut NAFs vegbok og leggje denne i hanskerommet.

Og skulle du kome på avvegar i Enebakk, Håkon, er det berre å stikke innom på ein kaffekopp.

Les meir - men berre om du er abonnent.
# lagt inn 19.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Lærarutdanning 

"Universitetet og Høgskolen i Tromsø slår kreftene sammen for å lage Norges beste lærerutdanning. Målet er å vinne kampen om studentene," fortel Tromsøflaket (Universitetet i Tromsø) i dag. Det gamle Tromsø Skoleærerseminarium utviklar seg stadig.

Les meir.
# lagt inn 19.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Språkkultur 

Portrett av påtroppande språkdirektør Sylfest Lomheim i LNK-nytt (Landssamanslutninga av nynorskkommunar) 17.12.2003:
- Eg likar den tanken at bokmål og nynorsk skal sjåast i samanheng. Me skal ta vare på det norske språket, og det er ikkje sikkert at det betyr ei rivalisering. Norsk språkkultur er ikkje eldre enn omkring hundre år. Og hugs, landsmålet er det eldste. Først i 1907 fekk me riksmålet.

Lomheim fryktar ikkje den nye måldebatten som rasar. Frontlinene er heilt annleis i dag enn for berre nokre år tilbake, og han forsikrar om at nynorsken står sterkare enn nokon gong.
Les meir.
# lagt inn 19.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Kom og kjenn den store Gleda, / Som alt Folk paa Jordi gjeld!
Kom og høyr Guds Englar kveda / Sæle Ord um Jolekveld!
Dei deg lovar fager Lagnad, / Mannaætt i Sud og Nord!
Herrens Hugnad, Fred og Fagnad / Lovar dei den fallne Jord.

----------------------
Elias Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900), s. 16-18

Mykje er trygt og tradisjonelt i denne julesalmen. Her er englesong og kyrkjekokker og fred og glede. Men det er òg ein del gode bilete og formuleringar. Du kan gjerne blåse støvet av denne teksten no i jula. Ta skapningens lovsong i vers 5, til dømes. No må du tenkje deg attende til den gongen jula var kvit:
Sjaa, all Skapning med vil vera / I den store Helgarkor!
Stjernehimmelen kann bera / Lovsong fram i gyllne Ord.
Jordi kann seg fagert fjelga, / Skinande i kvite Skrud.
Dei seg vil fyr Herren helga, / Dei i Ljos vil lova Gud.
Eller den jordiske og den himmelske kyrkjelyden sin kosmiske julesong (v. 2):
Sjaa den Folke-Heren fara / Kyrkjeferd so glad og nøgd,
Dei vil Englesongen svara: / Æra vere Gud i Høgd!
Og jamen er det ein liten fugl her òg (v. 6):
Lat oss daa dei Engleordi / Syngja glad som Fugl paa Kvist!
Og så melodien. "O, du store Seireherre," står det, med "Här är ljuft och godt" i parentes. Dette må da vere ein "kristeleg forvendt" bruk av Gunnar Wennerbergs "Här är gudagott att vara" ("Examenssexa på Eklundshof") frå "Gluntarne"? Dette skulle eg gjerne ha hjelp til å finne ut av. Kjenner nokon songen "O, du store Seierherre"?

Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 19.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.12.03

Dagens Blix 

Lat Harpa laata / Med høge Helgarljod!
Syng um den Gaata: / Guds Son i Kjøt og Blod!
Han vilde vera / Vaar Ven og Broder blid,
Vaar Byrde bera / Og standa i vaar Strid
Og sæle gjera / Oss so til evig Tid.

----------------------
Elias Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900), s. 13-15

Handverket kunne han, den gamle. Bokstavrim var eit verkemiddel han nytta mykje, og dette verset har gode døme:
Harpa - høge Helgarljod
vilde vera vaar Ven
Broder blid - Byrde bera
Tonen er "Paa Gud alene" (same melodi som "Fra fjord og fjære"). Biletbruken er ikkje så original. Men sjå på det fjerde verset:
Ja, lat oss prisa / Vaar Broder Jesus Krist!
Vaar vesle Visa / Han vil daa høyra visst.
Paa veike Vengjer / Ein Smaafugl høgt kann naa.
Og Hjartans Strengjer / I Songen Ljod kann faa,
Som upp seg trengjer / Til Gud fraa Tungor smaa.
Den vesle fuglen finn vi att i fleire av songane i det same heftet, som "Songen," "Songfuglen" og "Ute og heime".

Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 18.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.12.03

Dagens Blix 

Lat alle Tungor gløda / I Lovsong vidt um Land,
For Jesus let seg føda / Som Heimsens Frelsarmann!

Fraa sæle Himmelsalar / Han vilde stiga ned
Til oss i Daudens Dalar / Med Frelsa, Liv og Fred.

----------------------
Elias Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900), s. 11-13

Har du høyrt denne før? Ikkje eg heller. Tonen er "Med Straalekrans om Tinde."

Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 17.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.12.03

150-årsjubileum 

I dag er det nøyaktig 150 år sidan det første litterære arbeidet eg kjenner til av Elias Blix.

Send ein kommentar.
# lagt inn 16.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix om Aasen 

Brev frå Elias Blix til Johan Amundsen 13.04.1859 (utdrag):
Det er jo denne Bog [Fritjofs Saga], som ihøstes gav Løsenet til en Strid, der stadig siden den Tid har opfyldt Avisernes Spalter og sat Sprogmænderne i Fyr og Flamme. Da det er saa sjelden jeg skriver, undskylder Du vel at jeg griber Lejligheden til at sige nogle Ord herom. Bogens Forfatter er den berømte I. Aasen. Født paa Sunmøre og uden anden Lærdom end andre Bondebørn, skrev han for flere Aar [SIC] en liden Gramatik over det sunmørske Maalføre (Dialekt), der blev indsendt til det Kongl. Videnskabsselskab i Trondhjem og gjorde saadan Opsigt at Selskabet strax bød ham Midler til at rejse Landet rundt for at samle Emner til en alm. Gram. og Ordbog over Landsmaalet i hele Norge. Dette gjorde han da og efter 6-7 Aars grundige Samling og dybe Studium udgav han 2 Verker: “det norske Folkesprogs Gram.” og “Ordbog over det n. Folkespr.” der begge vare saa fortrinlige, at selv udenlandske Videnskabsmænd kaldte det et Mesterværk. Videnskabsselsk. optog ham i 1852 som sit ordentlige Medlem; Regjeringen tilstod ham en aarlig Løn til at opholde sig i Kristiania og blot sysle med Studiet af Folkespr. og dets Modersprog: Oldnorsk. Og i Sandhed! Han viste sig denne høje Tillid og Paaskjønnelse værdig; han synes vel at være født Sprogforsker, alle fremmede Sprog han har lagt sig efter, har han ligesom drukket ind; dog er det særlig i det norske at hans Skarpsindighed har bragt fast utænkelige Frugter for Dagen. Danskerne kalde ham “Norges lærdeste og dybsindigste Dyrker af det german. Sprogstudium”. Hans store Idé er da ved fuldstændig Udsondring og kritisk Behandling af hvad der er det fælles for alle Bygdemaal at fremstille et norsk Bogmaal, forstaaeligt for alle Nordmænd. I dette “Landsmaal” har han alt skrevet flere Bøger; og i dette er ogsaa “Fridtjofs Saga”, det er en Bearbejdelse af den oldnorske prosaiske Forælling, ikke af Tegnérs svenske Digt af samme Navn. Selv Norskens Modstandere siger, at Bogens Maal vidner “ligesaa meget om Forfatterens dybe Studium af det Oldnorske, som om hans fine Øre og rene Smag for de vægtigste Ord og mest velklingende Ordlag i det norske Folkemaal” og “at kun én Mand i hele Norge kan bedømme baade Fortrinnet og Vanskeligheden ved et saadant Arbejde, næmlig Hr. A. selv”; her tør de altsaa ikke mukke; men hvad de i Aviserne skrige om, er den “ravgale” Idé at ville forberede et nyt Bogmaal; de sige, Dansken er vort Morsmaal og Landsmaalet blodt “vanslægtede Dialekter,” altsaa omtrent som den jydske Dialekt!! Slige Oplysninger er det Antinorskerne (imod-) har opvartet med i Bladerne, og det uagtet baade den lærde Prof. Munch og Aasen tydelig har bevist, at det er 2 ligesaa forskjellige Maal som Dansk og Svensk, og hvo tvivler da om, hvilket af disse 2, der er norsk! Dette er Sagens nuværende Stilling; Aasen svarer næsten aldrig i Avis, da han anser det bedre at arbejde end at kjævle med forskruet Blindhed og Vankundighed. Du vil vel kalde mig en Ultranorsk, og det for [SIC] saa være, men det er mit faste Haab, at vort Maal vil sejre da Landets bedste og lærdeste Kræfter have laant det sin stærke Arm. Og Aasen er ikke alene; nej mange af vore yngre Videnskabsmænd have leveret vægtige Indlæg i Striden, og Modstanden er for det første forstummet. Overretssagføre A. O. Vinje, Telemarking af Fødsel, udgiver allerede en Avis (“Dølen”) i en lignende Dialekt; jeg holder Bladet, og det huger mig godt. - Maaske ved Du alt dette før, og har jeg saaledes kjedet Dig ganske forfærdelig; men, tilgiv! Du ser jo jeg er “Norskhedsmand, ialfald i Meningen; thi ellers kan jeg desvære kun lidet gagne.

Og argumenta i målstriden har ikkje forandra seg mykje på 144 år.

Send ein kommentar.
# lagt inn 16.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Saddam Hussein 

Nei, du vil ikkje finne stoff om Saddam Hussein på BlixBlog. Men du kan jo kaste eit blikk på Jim Davilas "Verd å tenkje over"-arkiv på PaleoJudaica.com.

Send ein kommentar.
# lagt inn 16.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Sæle Jolekveld! / Englar Høgtid held,
Syng i Dag den same Songen, / Som dei song den fyrste Gongen
Yver Betlehem: / Sjaa, din Frelsar kjem!

----------------------
Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby), s. 9-11

Tonen var "Vaag, o Sjæl, og bed" (eller, om du vil, "Konge er du visst"), teksten er eit originalprodukt av Blix. Norsk Salmebok (nr. 67) har prøvd å introdusere ein ny melodi, men forsøket har ikkje vore vellukka. Det er synd, for dette er ein julesalme som har vore mykje i bruk somme stader.

Det er dei to første og dei to siste av dei seks versa som har kome med i Landstads reviderte og i Norsk Salmebok.

Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 16.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.12.03

Dagens Blix 

Her kjem me, dine arme smaa, /Vaar Jesus, til din Stall aa sjaa.
Send oss ditt Ljos i Hjartat inn, / So Vegen fram til deg me finn!

Med Song so spring me deg imot / Og kysser Dusti fyr din Fot.
Aa signad Stund, aa sæle Natt, / Daa du vart fødd, vaar Sjæle-skatt!

----------------------
Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby), s. 7-9

I BlixBlogs julespesial skal vi gå gjennom alle dei 17 julesalmane til Elias Blix, pluss nokre salmar for romjula, nyårshelga og trettandagen. Vi begynner med dei siste han gav ut, i Salmar og Songar (1900).

Brorson-salmen "Her kommer dine arme Smaa" var med i Landstads salmebok (1869), men på melodien "Fra Himlen høit jeg kommer her". Veit nokon når Schulz' melodi vart teken i bruk i Noreg? Blix sin nynorske versjon (lett oppdatert) står i Norsk Salmebok på nr. 43.

Heile salmen.
Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 15.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.12.03

Kirkelig Kulturverksted 

Ballade 12.12.2003:
'Det begynte med Hallesby Det var en frekkhet, men den var alvorlig ment. Salmedikteren og den kirkelige opprører Olaf Hillestad søkte Menighetsfakultetets 'Hallesby-stipend' for å studere britiske jazzmesser. Ingen tenkte den gang i 1963 at rytmer hadde noe i kirken å gjøre. Man hadde nok med å holde takten.' Slik begynner NRK-kjendis Tomm Kristiansens historie om norges eldste uavhengige plateselskap, Kirkelig Kulturverksted, som Ballade har fått lov til å bringe videre. Kristiansens svært omfattende artikkel følger KKVs utvikling og arbeid fra begynnelsen i 1974 til idag; fra Forum X, via Blomster i Soweto, til Kulturkirken Jakob.

Og om ikkje Elias Blix har fått nokon eigen CD på Kirkelig Kulturverksted, er han representert til dømes på Sondre Bratland si etter kvart klassiske juleplate Rosa frå Betlehem (1992).

Les meir.
# lagt inn 13.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix-CD 

Enno eit CD-prosjekt med Blix-tekstar! Eg har underteikna eit støtteskriv for prosjektet til Bodø Domkor og Bondeungdomslaget i Oslo. I søknaden deira til Kulturrådet og Kulturdepartementet om økonomisk støtte heiter det mellom anna:
Som ein fylgje av minneåret om Elias Blix [2002], har Bodø Domkor saman med Bondeungdomslaget i Oslo ynskje om å gje ut ei CD med Elias Blix sine salmar. Noka slik innspeling på grammofonplate finst ikkje før. I tillegg til sjølve grammofonplata, er det tanken at det skal gjevast ut eit notehefte som songkor kan få attåt CD`en.

Arbeidet med innspelinga er alt godt i gang, og ein vonar å få ut plata får årsskiftet 2003/2004. Denne innspelinga vil ikkje berre verta ei nyskaping innanfor religiøse plateutgjevingar i Noreg, men vil venteleg nå eit publikum langt utover dei som vanleg vis kjøper religiøs musikk. Plate med medfylgjande notehefte vil i tillegg vera til stor hjelp for songkor over heile landet som vil ha Elias Blix sine salmar og songar på programmet.

Du kan altså ikkje få kjøpt denne som julegåve i år. Men Kine Hellebust sin Blix-CD er i sal. Til neste år kjem Dvergmål, og, får vi vone, Bodø Domkor.

Send ein kommentar.
# lagt inn 13.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Gratulerer, Jo! 

Bok og Samfunn 10.12.2003:
Forfatteren Jo Eggen har fått Språklig samlings litteraturpris for 2003. Prisen deles ut årlig til en forfatter som skriver et folkelig, radikalt bokmål
...
Jo Eggen er født i 1952 og bosatt i Oslo. Han debuterte på Gyldendal i 1980 med diktsamlinga «Ting og tings skygger» i 1980. For denne utgivelsen fikk han Tarjei Vesaas' debutantpris. Den siste diktsamlinga hans heter Forholdninger, og kom i 2001.

Og når han ikkje skriv, spelar han bratsj, mellom anna i Oslo Symfoniorkester. Jo og eg var pultkameratar på Juleoratoriet sist helg. Gratulerer med prisen, Jo!
# lagt inn 13.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.12.03

Lærarskolen 2 

Denne fasadeteikninga viser hovudbygningen til Amtmannsgarden i Tromsø, der skolelærarseminaret heldt til. Teikninga er frå 1854, altså frå den tida Blix gjekk på seminaret. Klikk på biletet for full storleik.
Amtmannsgarden 1854. Riksarkivet

Kjelde: Kyrkjedepartementets arkiv, Riksarkivet
Fotografi av bygningen (1875/76)
Send ein kommentar.
# lagt inn 12.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Kom Heilag Ande, Himmeltrøyst, / Du Hjartans Von og Vinning!
Kom ned og leid oss med di Røyst, / Med Ljos og Raad og Minning!
Kom til din Kyrkjelyd, / Og Kristus fyr oss tyd!
Lat Livet i ditt Ljos, / Som Elvi til sin Os,
Til Himmerike renna!

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 31

Denne siste av pinsesalmane er den tredje nyskrivne salmen i denne utgåva (etter "Fraa Betlehem eit Gitord gjeng" og "Still no dine Strengjer"). Biletet "elv mot os" er i dag helst knytt til Anders Hovden og "Fagert er landet." Men han var over tjue år seinare ute.

I Norsk Salmebok (nr. 225) er det siste av dei fire versa teke ut. Det inneheld noko så sjeldsynt hos Blix som ein kommentar til tidsanden:
Naar Vantru stormar fram, / Og Lygn i Lærdoms Ham
Vil syna, Gud er daud / Og Kyrkja snarleg aud,
So syn deim, at du liver!

Med denne salmen er vi gjennom første hovuddelen i 1883-utgåva av Nokre Salmar, høgtidssalmane. "Salmar med ymist Innhald" begynner vi med på nyåret. Men frå i morgon og ut året: BlixBlogs julespesial.

Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 12.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.12.03

Dagens Blix 

Kvitsundagen, Kyrkjehagen, / Kyrkjehagen ber Sumarskrud.
Blomarne mange yndeleg Ange, / Yndeleg Ange ber upp til Gud.
Kvitsundagen, Kyrkjehagen, / Kyrkjehagen ber Sumarskrud.

Kristendomen rann som Blomen, / Rann som Blomen av Kristi Grav.
Og denne Rosa skal ikkje frjosa, / Skal ikkje frjosa og falla av.
Kristendomen rann som Blomen o. s. v.

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 30

Denne pinsesalmen stod i tredje heftet av Nokre Salmar (1875), og er så å seie uendra her. Sidan det snart er jul, tek eg med rose-motivet frå vers 2, som altså ikkje berre førekjem i julesalmar. Medan vi er inne på det: Blix har gjendikta "Den fagraste rosa er funne" (Brorson). Men "Det hev ei rose sprunge" er ikkje hans tekst, det er Peter Hognestads.

Heile salmen.
Førre utgåva (1875).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 11.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.12.03

Vulkan-salme? 

Du har sikkert fått med deg forskarane frå Texas State University som har slege fast at den raude himmelen på Edvard Munchs kjende bilete "Skrik", måla i 1893, har bakgrunn i noko han observerte ti år tidlegare, i 1883. Meldinga har gått som ei farsott i norske medium i dag. Vi tek NRK - fordi det er lettvint. Vil du ha meir, kan du vitje New York Times.
I analysen, som ble publisert tirsdag i magasinet Sky & Telescope, hevder professor Donald Olson og hans kolleger at en masse som ble kastet ut i atmosfæren fra et stort vulkanutbrudd på den indonesiske øya Krakatoa forårsaket et sterkt rødt lys på himmelen i Europa fra november 1883 til februar 1884. Og at det var dette lyset Munch så da han ble inspirert til å male "Skrik".

I sin dagbok skrev Munch han fikk inspirasjon til å male bildet fra en opplevelse utenfor Kristiania (nå Oslo) ved solnedgang: "Plutselig ble himmelen blodrød, skyer som blod og ildtunger hang over den blåsvarte fjorden og byen. Jeg sto alene, skjelvende av bekymring. Jeg følte et stort endeløst skrik som gjennomtrengte naturen", skrev Munch.

Kunstekspertane er noko avventande. Det er jo nokre år frå 1883 til 1893, og det kan jo hende at kunstnarar har andre tankar bak fargevalet sitt enn å representere eit synsinntrykk dei har hatt. Men dei er sjølvsagt sjanselause mot ei god historie som denne.

Her er det grunnlag for ei vekstnæring. Dette må jo ha vore synleg for alle verdas kunstnarar. Eg lyser med dette ut følgjande konkurranse: Kva for ein Blix-salme kan vere skriven på inspirasjon frå vulkanraud kveldshimmel over Kristiania 1883-1884?

Kjelde for biletet: Munch-museet
Send eit forslag.
# lagt inn 10.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Qumran 

I dag er det møte i omsetjargruppa for Qumran-bandet (eller "Dødehavsrullane", om det seier deg meir) i bokklubb-serien Verdens hellige skrifter. Vi skal drøfte Habakkuk-kommentaren, mellom anna.

www.qumran.no
Send ein kommentar.
# lagt inn 10.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Kved upp, Guds Folk, syng høgt i Kor! / No er det Kvitsunhelg paa Jord,
Guds Ande kjem med heilag Glod. / Kved upp, Guds Folk, med Helgaljod!

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 29

Den aller beste av pinsesalmane til Blix, men altfor lite sungen. Den som kan lage ein ny melodi som kan få folk til å syngje denne i kyrkja, i heimen og i radio, skal få ein premie av meg.

Heile salmen.
Førre utgåva (1875).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 10.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.12.03

Lærarskolen 

Habakkuk-kommentaren er levert, og eg er attende i Tromsø på 1850-talet.

I bygningen som ligg til høgre på dette biletet gjekk Elias Blix på lærarskolen i åra 1853-1855. Den gamle amtmannsgarden låg rett nord for der Tromsøbrua kjem over sundet i dag. Framleis heiter gata der Seminarbakken.

Da Knud Knudsen tok dette biletet av huset, ved midnattstid ein sommardag på 1870-talet, var det flytt lenger sør på øya og gjorde teneste som "Schmidts Hotel."

Kjelde for biletet: Knudsen-samlinga, Universitetsbiblioteket i Bergen.
Send ein kommentar.
# lagt inn 9.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Riddar Fosse 

Aftenposten:
- Jeg syns jeg må ha lov til å være litt stolt nå. Det skal bli stas å bli en fransk chevalier, sier forfatteren og dramatikeren Jon Fosse.

I dag mottar han den prestisjefylte franske ordenen Ordre National du Mérite, som tilsvarer vår egen Kongens fortjenstmedalje. Overrekkelsen finner sted i den franske ambassadørboligen i Oslo. Etterfulgt av åpningen av en utstilling av den franske kunstneren Pierre Dubas tegninger til Fosses teaterstykke "Nokon kjem til å komme" ...

Og i jula kan vi få med oss TV-versjonen av Jon Fosses og Berit Nesheims stykke om Suzannah Ibsen (Bergens Tidende 08.12.2003).

Oppdatering: Og Nynorsk kultursentrum, Samlaget og Det Norske Teatret arbeider med å få i stand eit eige Fosse-arkiv.

Send ein kommentar.
# lagt inn 9.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Fraa Himmelen Guds Ande for, / Guds Ande for,
Og løyste Tungeband paa Jord. / Halleluja, Halleluja!

Han kom som Jesu Kristi Tolk, / Som Kristi Tolk,
Med Tungor ny' til alle Folk. / Halleluja, Halleluja!

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 28

Pinsesalme til julemelodi: "Et barn er født i Betlehem." Dette er ei enkel lita vise på 11 vers, av Grundtvig. Eg har skrive litt om Grundtvig-salmane i samband med førsteutgåva (1870). Denne salmen er praktisk tala uendra. Men ein kan jo merkje seg at det tidlegare "Pintse" konsekvent er vorte til "Kvitsun" i 1883-utgåva.

No som det nærmar seg jul, kan vi jo fundere på kva for ein melodi denne salmen vart sungen til. L. M. Lindeman sin melodi til "Et barn er født i Betlehem", som er einerådande i dag, er datert 1871 i Norsk Koralbok - det vil seie: Etter første utgåve av "Fraa Himmelen Guds Ande for", men før denne utgåva. Spørsmålet er kor fort den vart teken i bruk. Eg veit ikkje kor lenge den gamle middelaldermelodien heldt seg, men det må ha vore ei god stund, for den er framleis trykt som alternativ melodi i salme- og koralbøkene.

Og når det gjeld Magnhild Bruheim sine forståingsproblem knytte til bokmålsteksten av "Et barn er født i Betlehem," viser eg til kommentaren frå i går.

Heile salmen.
Førre utgåva (1870).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 9.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.12.03

Nynorsk Linux 

For balansen si skuld, denne meldinga frå Bergens Tidende:
Microsoft meinte ein nynorsk versjon av Office-programma ville kosta rundt 30 millionar kroner og bad staten om stønad. Gaute Hvoslef Kvalnes (24) har gjort jobben for Linux, på dugnad.

Les meir.
# lagt inn 8.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blixtille 

Magnhild Bruheim er Innside-skribent i Dag og Tid denne veka. Her gjer ho greie for nokre "Uoppklarte songmysterium". Magnhild, kjend som ivrig avskrivar av slagertekstar frå Ønskekonserten, fortel:
I "Førstereisgutten" av Stordahl og Engedahl finn eg i slagerboka mi frå barndommen linja "livet er ikke blix til å ha". Eg skjønte at det i hovudsak tyder at livet ikkje er så lett, for det var eg klar over alt den gongen. Og Blix var jo til dømes namnet på ein salmediktar. Havet, derimot, hadde eg aldri sett. At det kunne vera blikkstille, var noko eg lærte i vaksen alder.

Dette problemet har ho altså oppklart. Det uoppklarte, derimot, gjeld julesongen "Et barn er født i Betlehem":
Men eg har ennå ikkje fått svar på kven dei ti er som gler seg i Jerusalem. Kanskje er det ikkje så mange som ti lenger, heller. Er det i det heile tatt grunn til at nokon skal gle seg i Jerusalem?

Det ser eg slett ikkje bort frå. Gleda har, heldigvis, sine eigne vegar. Det hender framleis rett som det er at det vert fødd eit barn i Betlehem, eller i Jerusalem, og at nokon gler seg over det.

Send ein kommentar.
# lagt inn 8.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Macho-Blix 

Håkon Gundersen i Morgenbladet (krev abonnement) har vore på teambuilding nordafor saman med andre barske og fuktfrie mannfolk.
Å eg veit meg eit land langt der oppe mot nord, med ei lysande strand mellom høgfjell og fjord. Der eg gjerne er gjest, der mitt hjarta er fest med dei finaste, finaste band. Å eg minnest, eg minnest so vel dette land!

Vi må få med innflygingen. Den er en fest, hver gang. Under oss, mellom høyfjell og fjord, har vi den lysende strand, altså den stranden, og det høyfjellet og den fjorden som Elias Blix "minnest so vel", han var født like under her. Det behøver man ikke være for å mene at Sandvikssanden i Gildeskål overgår alle heimlege strender, og den er ikke mindre hvit i mørketiden, som er den tiden da lyset faktisk er mest iøynefallende, showpreget, må man nesten si. Teologiprofessor og senere statsråd Blix var blant stifterne av Nordlændingernes Forening, og var del av kretsen hvor navnet Nord-Norge ble oppfunnet like før forrige århundreskifte.

Ikkje verst det, Håkon. At Blix var filologisk professor (i hebraisk) og ikkje teologisk, som mange trur, spelar i denne samanhengen mindre rolle. Men det kan vere artig å minne om at Blix var ein tidleg og ihuga friluftsmann. Lenge før Gore-tex, Skandinavisk Høyfjellsutstyr og "teambuilding" var funne opp, nytta han somrane til lange fotturar i fjellet - i Sør-Noreg.

Send ein kommentar.
# lagt inn 8.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Lys upp og klaarna, Saal og Sinn! / No blæs so kraftig Andens Vind.
No renn hans Dag so ljos og fjelg, / Den blide sæle Kvitsunhelg!
So lat oss lova Jesus Krist; / Sin Lovnad heldt han sant og visst!

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 27

Det er eigentleg berre det første verset som er endra i 1883-utgåva av Kingos pinsesalme "Klaer op mit Hjerte, Sjæl og Sind." Statt upp, mitt Hjarta, gjer deg klaar! / No byrjar Andens Naadeaar (1870) gav kan hende for mykje av advent-assosiasjonar?

Heile salmen.
Førre utgåva (1870).
Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 8.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.12.03

GT 

GT har i mine krinsar ikkje noko med bilar å gjere, det er ei forkorting for Det gamle testamentet. I dag skal eg først på fagseminar om bibelomsetjing i Oslo, saman med resten av omsetjargruppa og dei fleste andre gammaltestamentlarane i landet, pluss nokre frå Sverige. Vi skal høyre mykje om erfaringane med den nye svenske bibelomsetjinga, Bibel 2000.

Deretter reiser eg og bratsjen til Kongsberg, for å spele til Juleoratoriet for alle saman med resten av Oslo Symfoniorkester. Konserten er laurdag kl. 18 i Kongsberg kyrkje.
Oppdatering, 08.12.2003: Laagendalsposten var der.

Send ein kommentar.
# lagt inn 5.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Den Gjerd er Gud til Vilje gjord, / Som paa hans Ord me grunna.
No gav du, Jesus, oss det Ord: / Du Anden vil oss unna.
So kjem eg her til deg: / Giv det, du lovad meg!
For Ordet av din Munn / Det kjem or Hjartans Grunn.
Du sviklaus stødt er funnen.

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 26

Ny utgåve av "Den Id er Herren tekkjeleg, Som Grunn i Ordet heve" (første: 1869). Framleis pinse. Denne gongen nemner Blix Sacer som opphavsmann, ved sida av Søren Jonasøn.

Heile salmen.
Førre utgåva (1869).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 5.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.12.03

Habakkuk 

Om du tykkjer det vert lite nytt om Elias Blix om dagen, ligg grunnen her. Eg held på med ei omsetjing frå hebraisk av den kommentaren til profeten Habakkuk som vart funnen mellom "Dødehavsrullane" ved Qumran i 1947.

Du hugsar ikkje heilt kva boka til profeten Habakkuk handlar om? Du er neppe åleine. Han vert helst rekna mellom dei "små" profetane. Vårt Lands humoristiske avdeling Hugin og Munin deler kvart år ut "Habakkuks ærespris" til ein mindre profet frå året som gjekk, gjerne ein med mindre presise spådommar.

Men eg skal no gjere min innsats for profeten. Eg kjem attende i mars 2004. Da skal eg revidere den norske omsetjinga av sjølve profetboka for Bibelselskapet - saman med Jon Fosse, ser det ut til.

Send ein kommentar.
# lagt inn 4.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Flaggdag 

Statsministerens kontor 03.12.2003:
Samefolkets dag offisiell flaggdag i Norge
-Jeg er svært glad for å kunngjøre at samefolkets dag fra 6. februar 2004 blir offisiell flaggdag i Norge. Det er mitt ønske at flagging på samefolkets dag – både med det norske og det samiske flagget rundt i det ganske land – skal vise at samisk kultur er sterk og levekraftig, sier statsminister Kjell Magne Bondevik.

Les heile meldinga.
# lagt inn 4.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Kom, Heilag Ande, til oss ned! / Lys inn i Hjartat med din Fred, / Du Guddoms Ljos og Stjerna!
Du Sannings Sol, som aldri sig,/ Giv at me Sannings Veg og Stig / Ved deg maa fylgja gjerna!
Leid meg / Den Veg!
Lys fyr Fotom! / Riv med Rotom / Ut dei Tankar,
Som fraa Myrkheim til meg vankar!

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 25

Er det mørkt og trist rundt deg? På BlixBlog kan du oppleve pinsehelg alt på førjulsvinteren! Ny utgåve av den første pinsesalmen Blix publiserte, ei gjendikting etter M. Schirmer og S. Jonassøn. 1869-utgåva var slett ikkje dårleg, men Blix har gjort større og mindre endringar i kvar einaste strofe likevel.

Eg har lyst til å peike på ein samanheng eg trur er sentral i Blix' univers. Fjerde verset av denne salmen begynner slik:
Du dyre Balsam, Livsens Saft! / Du vil oss giva Kjempekraft / At me må standa sterke,
Imot vaar arge Fiendsmann / Og med di Verja vinna kann, /Og bera høgt ditt Merke!

Her er trekk som peikar mot den seinare fastetidssalmen "Jesus, lyft ditt ljose merke." Men stikkordet kjempe- minner dessutan om dei sterkt nasjonale ungdomsdikta til Blix, som vi har sett døme på tidlegare ("Dat norske Maalet", "17de Mai"). Samanhengen mellom folkeånda og Heilaganden er vel kjent hos Grundtvig. Samspelet mellom kristning og nasjonsbygging er eit grunnleggjande ideologisk trekk hos Blix, som vi skal få rikeleg høve til å studere seinare.

Heile salmen.
Førre utgåva (1869).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 4.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.12.03

Olje 

forskning.no 02.12.2003:
Skal det åpnes for oljeboring i Barentshavet og utenfor Lofoten? Forskningsmiljøene er sterkt kritiske, fordi vi mangler kunnskap. Regjeringen vil bestemme seg før jul.

Føre var?
Oppdatering, 03.12.2003, kveld: Dei har (delvis) skjønt det!

Send ein kommentar.
# lagt inn 3.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Medlemsjuks 

NRK: "Økokrim frafaller et krav på flere millioner kroner mot de seks som er tiltalt for medlemsjuks i Norsk Målungdom."

Bra for dei. Men som leiar i lokalt friviljug arbeid for barn og ungdom har eg enno ikkje tilgjeve AUF det skjemaveldet omkring medlemsregistreringa som vi vart påførte på grunn av nokre litt for smarte hovud i einskilde ungdomsorganisasjonar. Eg skal nok ikkje gløyme Målungdommen så lett heller.
# lagt inn 3.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Den ANDRE Blix 

OK, OK: Eg får ta med meldinga frå Scanorama om at Hans Blix er kåra til Scandinavian of the Year. Og det får vere nok SAS-reklame.

Oppdatering: Og Hans Blix er framleis aktiv og klar for nye oppgåver.
# lagt inn 3.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Guds Kyrkja stend og stirer / Til Himmels upp, der Herren for.
Av Lengsla Augat tirer, / Ho ser og stundar paa hans Ord:
At han skal atter venda / Og henta heim si Brud,
Og all vaar Trengsla enda, / Og føra oss til Gud;
Der me uti hans Sæla / Skal fagnast utan Trot
Og aldri turva fæla, / At me skal skiljast aat.

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 24

Av salmane frå det første heftet av Nokre Salmar (1869) er denne mellom dei som er endra minst. Ei viktig endring gjeld pronominalreferansane for Herrens "brud" - frå "ho" i 1860-utgåva til "vi" i 1883. Den tradisjonelle identifiseringa Kristi brud = kyrkjelyden vert eksplisitt.

Begge helgetorsdagssalmane til Blix kom med i Landstads reviderte salmebok (1924), men ingen av dei i Norsk Salmebok (1984).

Heile salmen.
Førre utgåva (1869).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 3.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.12.03

In memoriam 

I dag var gravferda til Leif Olfot (f. 1914) frå Enebakk kyrkje.

Leif Olfot var fiskebilsjåfør i mange år, og busett i Enebakk. Dei siste åra var han på sjukeheimen, og eg vart kjend med han der. Når prest og organist var på si faste vitjing onsdag ettermiddag, var Olfot til stades så sant han greidde det.

Leif Olfot var ein av mange menneske eg har møtt, ulike stader i landet, som i Blix-salmane hadde funne ei tolking av livet sitt og trua si dei kunne identifisere seg med. Det spela nok ei rolle at han opphavleg kom frå Gildeskål og var stolt av sambygdingen sin. Men det var meir.

Kva for strenger er det eigentleg Blix-salmane rører ved, hos så mange og så ulike menneske? Det spørsmålet er ein av dei sentrale grunnane mine til å arbeide med biografien til Blix.

Leif Olfot er ein av dei eg har lært av. Så dette vesle minnesmerket skal han ha. Fred med minnet hans.

Send ein kommentar.
# lagt inn 2.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Nynorsk Salmebok 

Det er mange hol i boksamlinga mi. Det mest akutte er Nynorsk Salmebok. Den skulle eg svært gjerne hatt eit eksemplar av. Har nokon der ute ei å selje?

Send ein kommentar.
# lagt inn 2.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Still no dine Strengjer, / Ande, lyft no Vengjer, / Stig med Song i Sky!
Alle, som kann mæla, / Syng idag um Sæla / Rundt i Bygd og By!
Mann og Møy / Um Land og Øy,
Kristenfolk fraa alle Leider, / Syng til Jesu Heider!

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 23

Endeleg ein nyskriven salme! Det er berre tolv slike i 1883-utgåva av Nokre Salmar. Denne salmen til helgetorsdag ("Kristi Himmelfartsdag", om bokmålsfolk ikkje skjønar kva eg meiner) er den andre av dei (den første var julesalmen "Fraa Betlehem eit Gitord gjeng").

Det er ei utakksam oppgåve å skrive salmar spesifikt for helgetorsdag; slike salmar vert berre nytta ein dag i året, og da er heile kyrkjelyden bortreist. "Still no dine Strengjer" er heller ikkje i bruk meir.

Strenger er det ein del av i salmedikting, mest på grunn av harpespelaren David. I Norden er det vel Grundtvig som har den mest profilerte bruken av biletet ("Strengen er av gull"), men det er da ein del strengeinstrument hos Blix med, viktigast i "Upp Hjarta, rør din beste Streng" (påske) og "Kved upp, Guds Folk, syng høgt i Kor" (pinse).

Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 2.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.12.03

Microsoft Office 

Det er nok litt lite dataprat på denne vevloggen. "Bloggarar" merkjer seg ofte ut ved stor interesse for datatekniske løysingar og nyhende. Eg kan i det minste melde at no har eg òg installert Microsoft Office 2003, med den mykje omtala nynorske språkpakka. Så langt ser det ut til å fungere.

Nynorsk.no (11. og 20.11.2003) har meir.
Send ein kommentar.
# lagt inn 1.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Formålsparagraf 

Elias Blix sitt livsprosjekt var i høg grad pedagogisk. Det pedagogiske prosjektet er ein samnemnar for salmedikting og omsetjing (av Bibelen og katekisma), lærargjerning og skolepolitikk. Som kyrkjeminister fekk Blix mellom anna sett ned den kommisjonen som førebudde skolelova av 1889.

Dette som apropos til Aftenpostens kronikk 30.11.2003, skriven av Inge Eidsvåg, med tittelen "Skolens kristne formålsparagraf - en nødvendig revisjon." Debatten om skolens plass i eit fleirkulturelt norsk samfunn er viktig. I kronikken gjev Eidsvåg att dette forslaget frå ei gruppe samansett av representantar frå ulike religionar og livssyn, etter initiativ frå Verdikommisjonen:
Grunnskolen skal - i forståelse og samarbeid med hjemmet - hjelpe til med oppdragelsen av elevene. Den skal utvikle elevenes evner, åndelig, kroppslig og sosialt, slik at de får lyst til å lære og mot til å leve. Grunnskolen skal gi dem livsopplysning og almenkunnskap, nødvendige ferdigheter og gode holdninger.

Den videregående opplæringen skal utvikle forståelse, dyktighet og ansvar i forhold til fag, yrke og samfunn, og hjelpe elevene og lærlingene i deres personlige utvikling.

Skolens opplæring skal bygge på den kristne og humanistiske kulturarven, gi rom for religiøst, livssynsmessig og kulturelt mangfold og gjøre elevene fortrolige med fellesmenneskelige verdier.

Skolen skal styrke elevenes moralske bevissthet og inspirere til nestekjærlighet og omsorg. Den skal fremme likeverd og likestilling, åndsfrihet, toleranse og evne til kritisk tenkning. Den skal styrke respekten for menneskerettigheter og demokratiske verdier, og oppøve til praktisk medansvar for mennesker og miljø.

Opplæringen skal tilpasses evnene og forutsetningene til den enkelte elev og lærling. Skolen skal arbeide for å hindre at noen blir utsatt for mobbing, rasisme eller annen krenkende behandling.

Heile kronikken.
Send ein kommentar.
# lagt inn 1.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

I Edens sæle Sumar / Eit Livsens Tre av Rotom rann,
Og av kvar Kvist og Kumar / Sprang evigt Liv fyr alle Mann.
So Treet stod i Hagen / I Livsens rike Blom
Alt til den myrke Dagen, / Me fall i Synd og Dom.
Daa Herren Vegen stengde, / Som inn til Treet gjekk,
Og Dauden inn seg trengde / Og Vald i Verdi fekk.

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 22

Den siste salmen for påskehelga i 1883-utgåva, og utan tvil den mest originale. Salmen var alt med i 1870-heftet. Men her har den fått ein ny melodi, "Min sjel, min sjel, lov Herren," som er om lag tre gonger så lang som den opphavlege. Det fører til ei fullstendig omarbeiding. Tilfellet er, så vidt eg veit, unikt mellom Blix-salmane. Det fører likevel ikkje til store endringar når det gjeld innhald. Det heiter gjerne at lyset er Blix sitt sentraltema. Eg har sagt det før, og eg kjem til å repetere det ved kvart einaste høve: Hagen er like karakteristisk. "For Herren atter plantad / Ein Livsens Aldegard" (vers 2).

Heile salmen.
Førre utgåva (1870).
Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 1.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?