<$BlogRSDUrl$>

30.3.09

Akademisk 

To slitarar på Vestlandet kan ta seg ein særs velfortent påskeferie i år (sannsynlegvis er det familiane deira som har fortent det mest), etter å ha levert særs kompetente bidrag til soga om norsk målreising.

Torsdag 12. mars leverte Per Halse avhandlinga "Gudsord og folkemål. Framveksten av nynorsk kyrkjespråk 1859-1908" for graden Ph.D. (eller korleis det no skal skrivast på nynorsk) ved Teologisk fakultet, Universitetet i Oslo.

Og fredag 27. mars leverte Oddmund Løkensgard Hoel "Målreising og modernisering i Noreg 1885–1940" for den same graden ved NTNU i Trondheim, historisk-filosofisk fakultet.

BlixBlog gratulerer både kyrkjehistorikaren ved Høgskulen i Volda og historikaren ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Vi andre kan sjå fram til uvanleg solide ordskifte om viktige emne i løpet av året.
# lagt inn 30.3.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Facebook 

Etter lang tids vegring: No er eg òg på Facebook. Eg har ikkje vore overtydd om velsigninga med dette, trass i entusiastiske tilrådingar frå fleire hald. Det var Ragnhild som leverte det avgjerande argumentet på Ankalterud i helga med forslaget om ei Facebook-gruppe for "Grotid"-miljøet. Det blir eit fint høve til å halde litt meir enn årleg kontakt med menneske eg set stor pris på.
# lagt inn 30.3.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Post festum 

I serien "Post festum", notis frå Vestnytt 28.03.2009
Ein betre vår ein gong
Elias Blix kveld på Nesse
bedehus søn. 29. mars kl.
17.00. Paul Odland kåserer.
Sang av Kretsmannkoret.
Vær med og ta søndagskaffien
på bedehuset den ettermiddagen.
Alle hjertelig
velkommen
Eg er trygg på at dette blei eit solid arrangement, Paul Odland har lese ei god bok om Elias Blix.
# lagt inn 30.3.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.3.09

Grotid 

Denne helga ser eg fram til eit årleg høgdepunkt. Det er ikkje den ekstra timen nattesøvn eg tenkjer på, men det årlege seminaret på Ankalterud gard på Nordsinni, "Grotid", oppkalla etter vår faglitterære skytsengel Gro Dahle. I år er vi 13 gamle studentar frå den faglitterære forfattarutdanninga som møtest, med oss har vi Jon Ewo som inspirator.

Oppdatering, 29.03.09: Vi er glade attende frå det årlege møtet vårt. Det heldt same høge kvalitet som vanleg. Som skriveøving for Jon Ewo har eg, saman med ein lege og ein kulturarbeidar, vore med på å utvikle bokprosjektet Hvordan bli rik, vakker og berømt. Selvhjelpsbok til det gode liv for ungdom. Målgruppa er i alderen 14-16 år, og framsida vil bli utstyrt med teksten "Advarsel: Vanedannende". Redaktørane er alle i femtiåra og kunne vore foreldra til dei potensielle lesarane, så vi har inga tru på at dei vil høyre på oss i noko fall.

For urolege lesarar og kommentatorar som har lurt på om eg sov over frukosten i dag: Nei da, det gjekk bra. Alle stilte klokka rette vegen. God sommar ...
# lagt inn 27.3.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Optimisme 

Til tross for all snøen er vi optimister og sang «No livnar
det i lundar» av Elias Blix, og Eva Holm deklamerte et nydelig vårdikt
Møtereferat frå Tønsberg lokallag av Landslaget for offentlige pensjonister, Tønsbergs Blad 26.03.2009
# lagt inn 27.3.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Personleg 


(sitert i Vårt Land 20.03.2009)
# lagt inn 27.3.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.3.09

Aasen digitalisert 

Frå i dag finn du Ivar Aasens Brev og dagbøker i digital utgåve - med Reidar Djupedals merknader - på vevstaden til Aasentunet. Høvet er markert med eit passande seminar.
# lagt inn 23.3.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Begge delar 

"Biografi - fortelling eller historie?" spør NRK som overskrift til ei sak om biografiseminaret på Litteraturhuset i helga. Temperaturen har visst vore høg. Eg var på svigermorbesøk på Sørlandet i helga, så eg fekk ikkje med meg dette arrangamentet i regi av Livssogelaget (alias Norsk biografisk selskap). Men eg har klare meiningar om spørsmålet: Alternativet er falskt.
# lagt inn 23.3.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.3.09

Toppkandidaten 

Per Ståle Lønning byrjar valkampen 17. mai i Kvinnherad og Bømlo, melder Sunnhordland. Saman med Steinar Bastesen (ex Kystpartiet) frontar han partiet "Tverrpolitiske folkevalgte":
Førstekandidaten i Hordaland held tale på sjølvaste nasjonaldagen både på Fjelberg og Meling.
- Det blir ikkje ein tale for hedningar, seier Lønning.
- Kan du utdjupa?
- For å seia det slik: Me må ikkje ha kome så langt her i landet at det ikkje går an å sitera første verset til Elias Blix: 'Gud signe vårt dyre Fedreland'. For meg er det ein føresetnad når eg stiller til val at det ligg kristne grunnhaldningar i botn.
Vel, så vidt eg veit finn ytringsfridom stad i dette landet, så sitatretten skulle det ikkje vere nokon fare med. Det står att å sjå kva dette prosjektet kan bli til, "folkevalgte" ser for meg ut som eit friskt forsøk på profetisk tale.
# lagt inn 18.3.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.3.09

Post festum 

Frå Stavanger Aftenblad 14.03.2009:
Blix i Riska gamle kirke
Det blir Blix-konsert i Riska gamle kirke søndag kl. 19.00. Hjalmar Arnø framfører sanger og salmer av Elias Blix, akkompagnert av Sjur Sørskår.
Og det var altså i går ...
# lagt inn 16.3.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Religion og politikk 

I bladet Møre (14.03.2009, papirutgåva) har signaturen P.H. førehandsomtale av eit kyrkjeakademiarrangement i Aasen-tunet torsdag 19. mars. Under overskrifta "Religion og politikk" skriv han mellom anna:
Oppropet [Til Christendommens Venner i vort Land] var underskrive av alle biskopane og over sytti andre geistlege saman med mange framståande leke kristenleiarar. Utspelet vekte harme i vide krinsar, og ikkje minst mellom kyrkjefolk som var engasjerte på venstresida. Året etter vart parlamentarismen innført. Då vart det openbert korleis oppropet hadde misbrukt kristendomen i politisk ærend, og Johan Sverdrup sette saman ei regjering som korkje kunne kallast gudlaus eller revolusjonær. Mellom dei fyrste Venstre-statsrådane var teologane Elias Blix frå Gildeskål og Jakob Sverdrup frå Sogndal.
Sunnmøringane får møte litt av eit panel:
Dei tidlegare statsrådane Helen Bjørnøy (SV) og Valgerd Svarstad Haugland (KrF) held innleiingar om kristendom og politikk. I tillegg stiller Ørsta-ordføraren Gudny Fagerhol (Ap) og tidlegare stortingsrepresentant Jørgen Holte (Sp) til eit diskusjonspanel. Bygdefolket får også høve til å stille spørsmål og lufte meiningar om kva som bør vere dei grunnleggjande sakene fram mot valet til hausten.
Tek eg ikkje mykje feil, løyner signaturen P.H. ein god kollega som har god greie på nynorsk kyrkjeleg skriftkultur.
# lagt inn 16.3.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Hadsel 

Bladet Vesterålen 14.03.2009, papirutgåva) har intervjua prostiprest Ole Kristian Kristiansen i ein serie der folk får "ti kjappe" spørsmål om heimkommunen sin:
Er du aktiv i kultur og foreningsliv i hjembygda di?
- Jeg er aktiv i Hadsel Kirkekor. Det er utfordrende og meningsfullt å holde på med, og det gir oss mye sangglede. Og vi har fått veldig god tilbakemelding. Og dessuten så er det interessant med poesi – nå for tiden jobber vi med Elias Blix. Så det er utfordrende.
# lagt inn 16.3.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Meløy 

Salten Museum kunngjer:
18.03.2009
Historisk onsdag: Elias Blix, ved Oscar Berg
Gammelbakeriet på Ørnes
Dørene åpner kl 19.00, foredraget begynner kl 19.30
"Historisk onsdag" er ein føredragsserie i regi av Salten Museum på Ørnes Handelssted i Meløy kommune. Oscar Berg er ein gammal ven av BlixBlog-lesarar, berre prøv søkjefeltet.
# lagt inn 16.3.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Politikarsong 

"Politikerne synger inn partisjelen", melder NRK, med Jo Saglie ved Institutt for samfunnsforskning som ekspert:
Det synges i samtlige norske partier, med unntak av Fremskrittspartiet. Og det sier også litt om partikulturen, mener statsviteren og samfunnsforskeren.
At det ikke synges i Frp har nok med medlemmenes bakgrunn og forankring å gjøre. Andre partier har større tilhørighet i miljøer med sterk sangtradisjon, sier Saglie.
Partiene i sentrum og på venstresiden synger mest, men også Høyre-folk stemmer i en gang iblant. I allsangen finner vi spor etter Høyres konservative arv. Landsmøtet i 2005 ble for eksempel innledet med Ja, vi elsker og avsluttet med Gud signe vårt dyre fedreland, sier han.
Tenkte vi det ikkje. BlixBlog får med dette stadfesta enda ein fordom om Framstegspartiet. Forsamlingar som ikkje syng er triste greier. At eit Høgre-landsmøte sluttar med ein nynorsk salme, derimot, er kan hende eit teikn på at verda går framover. Dette ville vore utenkjeleg i Elias Blix si levetid. Den sosialistiske songtradisjonen blir sjølvsagt kommentert. Eg registrerer at færre og færre syng Internasjonalen, snart er det berre musikkorps og instrumentalversjonar 1. mai. I KrF står jo songen sterkt. Men kor blei det av Venstre?
# lagt inn 16.3.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.3.09

Truloving 

Når denne bloggen blir privat, er det helst privatsfæren i Blix-familien på 1800-talet det handlar om. Men frå tid til annan hender det jo at eige privatliv krev sin plass: Under Tromsø-opphaldet fekk eg gladmelding frå S., eldste dotter mi, som har trulova seg med K. på 21-årsdagen sin.
# lagt inn 13.3.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Tromsø 

Klokka 00.30 i natt var eg heime etter nokre fine dagar i Tromsø. Eg skulle hatt ski, det var strålande vinterver og -føre (bortsett frå eit tjukt islag over det meste av fortau og slikt i byen, dei må ha hatt eit drabeleg mildver for ei stund sida). Men eg har stort sett halde meg innandørs, på Statsarkivet og UB. Eit besøk på landets beste folkebibliotek blei det òg høve til.
# lagt inn 13.3.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.3.09

Beste bibliotek 

Dagbladet og tidsskriftet Prosa har sett fokus på folkebiblioteka i det siste. No har lesarane kåra det beste folkebiblioteket i landet. Resultatet blei Tromsø bibliotek, fortel Dagbladet i dag. Biblioteksjef Paul Henrik Kielland kommenterer:
Vi i Tromsø bibliotek har nok fått uttelling for beliggenhet og nye, flotte lokaler, og det gir sterke signaler til landets politikere om at disse faktorene er viktige for et folkebibliotek. Men det viktigste er at kåringen og bibliotekserien har skapt oppmerksomhet om bruken av bibliotekene, og synliggjort hva de betyr for et lokalmiljø. Det er helheten i tilbudet som teller.
Gratulerer. Ja, det er veldig triveleg i dei nye og lyse lokala til Tromsø bibliotek. Eg skal til Tromsø over helga, vonleg er det litt feiring att enno.
# lagt inn 6.3.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix på Notodden 

Dersom vi ikke hadde revet for fote, kunne vi i 2036 ha markert 200-årsjubileet for salmedikteren Elias Blix sin fødsel med seminar i «Blåbygget» på Sentrumskolen, festforestilling med mye salemesang [sic] i Notodden Teater og utstilling av Ragnvald Blix sine arbeider i Hydros festivitetslokale som på folkemunne het Lasarettet.
I avisa Telen (papirutgåva) i dag har Edgar Gundersen ein fin artikkel om Helge Blix (1877-1952), son til Elias og bror til Ragnvald, ein av arkitektane som har prega bybildet på Notodden.
På Notodden har han tegnet, så langt jeg har klart å finne ut (takk til Ragnar Moen for bistand):
- Hele Grønnebyen (1906 - 1911).
- Noen av husene på Villamoen (1908 – 1915).
- Festivitetslokalene for Hydros arbeidere (ca 1910), seinere ombygd til Lasarett, revet.
- «Blåbygget» på Sentrumskolen (1912), revet.
- Notodden Teater (1914), revet.
Skolebygget og festivitetslokalet var som skapt i pappa Elias sin ånd, bygg for kunnskap, salmesang og fest i «høvelige» former. Ta en titt på gamle bilder av kinoen, et bygg hvor alt kunne foregå, også narrens (lillebroren Ragnvald) ablegøyer.
...
Jubileet jeg nevnte innledningsvis kan vi aldri feire, kommunen reiv jo alle bygningene. Men 1970-åras planer om å rive halve Grønnebyen og sette opp en bensinstasjon på tomta blei det heldigvis ikke noe av.
# lagt inn 6.3.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.3.09

Fritt etter Blix 2 

"No livnar det i lundar,
no dukker skiten fram,
og dei som eiger hundar,
dei eiger ikkje skam."

Tekst på skilt i turområde, Kristiansund N, sitert i eit lesarinnlegg i Sandefjords Blad. Både språkvask og anna reingjering ser ut til å vere ønskeleg.
# lagt inn 4.3.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Tenk på noko anna 

"Kan Språkrådet nå tenke på noe annet enn å presse mer nynorsk inn i VG, Aftenposten og Dagbladet?" spør redaktør Per Arne Madsen i Aftenposten.

Kan VG, Dagbladet og Aftenposten no tenkje på noko anna enn hijab?
# lagt inn 4.3.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens post 

Vi bekrefter med dette at utdanningslånet ditt i Lånekassen er innfridd. Vi håper du har hatt glede og nytte av utdanningen din.
# lagt inn 4.3.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.3.09

Allkunne 2 

Dag og Tid har intervjua Eirik Helleve i høve ny jobb, under overskrifta "Skal avløysa Allkunneboka".

Eg har jo visst om Norsk Allkunnebok, men ikkje om det fine atlasbandet som blir omtala i Dag og Tid. Slik er det å vekse opp i bokmålsland. No viser det seg at ekspertkommentatorane hans Guffen dreg fleire ukjende band fram i lyset. Både "Norsk Fåkunnebok" og "Norsk Vankunnebok" er komne for dagen. Eg får gå på antikvariat.net.
# lagt inn 1.3.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?