<$BlogRSDUrl$>

28.12.10

Jubileumsnytt 

frå Avisa Nordland i dag:
# lagt inn 28.12.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.12.10

150-årsjubileum 

I dag er det på dagen 150 år sidan Elias Blix' litterære debut. BlixBlog markerer jubileet med ei republisering av "Frettnader um Livet i Nordland":

Dølen 34 Tillæg (09.12.1860)
Dette stykket er den litterære debuten til Elias Blix. Det stod på trykk anonymt i Vinjes vekeblad Dølen i det siste nummeret av denne årgangen. Stykket blei trykt på nytt i Syn og Segn 10 (1904), 289-294. Blix skreiv to framhald som ikkje blei publiserte i Dølen. Stykke nr. 2, som er fullstendig, er publisert posthumt i Syn og Segn 10 (1904), 367-371. Det tredje stykket, som ber tittelen ”Ei Siglingsferd”, er ufullført. Dette har eg publisert etter manuskript i Syn og Segn 115/1 (2008), 90-94.

Frettnader um Livet i Nordland.

I vaare Dagar, daa so mykit verdt gjort fyre at læra dei ymse Greinir af vaart Folkeliv at kjenna, og mangei Bok alt er prentad um Bygdartilstandet kringum i Landet, vil dat varlega [1904: vonlega] inkje verda illa upptekit, naar eg her freistar paa at giva eit og annat Drag af Livet uppe i Nordland. Dat er vel so, at Folkelivet heruppe inkje hever mange store Tilburdar at syna fram i Likning med mange andre Bygdir; men nokot kann dar daa altid vera, som sermerker Nordlendingen i hans Liv og Aatferd, og som kann vera forvitnelegt fyre andre at kjenna, um inkje af annan Grunn, so af dan, at Folk jamt ero mykit nyfikne paa dat, som hender langt burte i Afkrokarne af Verdi.

Fyrst maa dat daa merkjast, at dat er dan nørdste Deild af Nordland, eg mest vil halda mig til i denne Uppskrift. Denne Deild er ei Sjøsysla, Bonden er likasomykit elder endaa meire Fiskar enn Bonde; og dat verdt daa mest Frettnader um Fiskarlivet, eg her kann bjoda. – Den nordlendske Bonden hever nok ein Jordlut og dyrkar honom ogso paa dan Vis dat kann vera; men naar fyrst hardaste Onnirna ero umme, daa ser ein snart, at han inkje rett kann trivast paa Landjordi, daa verdt Sjøen hans daglege Arbeidsmark, Fisket hans kjæraste Dagverk. Som ein Sjøfugl trøyter han Dag etter annan paa denne Maaten, og um dat enn tidt hender, at han kjem i Land med nett so mange “Liv”, at han kann koka til Kvelds fyre seg og Huslyden sin, so skuvar han lika radt Baaten ut dan næste Morgon, og med fyrste Fuglen ligger han atter paa Fjorden og freistar som fyrr. Og er daa Lukka med honom, og han fær nokot, som munar, so er han glad og stolt af si Gjerning. Dat er hugsamt at høyra ein Gubbe af rette Slaget fortelja, kor mange store Kveitur han f. Ex. hever drepit i si Tid; hans gamle Andlit klaarast upp, og han talar med ein Eldhug, som er makelaus.

Etter Haustonnirna teker Mannen sine Sildagarn i Baatskutten og soknar Fjord ut og Fjord inn leitande etter Sild; ho er no reint umissande fyre Nordlendingen baadi til Husbruk og endaa meir til Agn til Lofotfisket, og spyrer du Mannen um Aarvegen, vil han som lidast [sic, 1904: tidast] svara: “Aa berre Uaar”, naar han inkje hever fengit Sild nok til Vettren. Dei gamle hava no ellst mange Merke paa, um dat skal verda godt Sild-Aar elder ei: dat er soleides eit godt Fyribod, at dar um Sumaren vexer myki Ber, iser Blaaber. Dei tvo Ting hanga no ihop med einannan maa vita.

Alt dette er daa berre Smaating i Likning med dat store Fisket, som Bonden med mykin Kostnad buar seg til, og som mest leikar honom i Hugen; dat er Skreidfisket i Lofoten. Til dette lyt han ofta draga langt burt fraa Heimstaden og vera burte tvo tri Maanadar; og dat er fyre honom nokot so ovstort, at Lofotreise [1904: Lofotreisi] berre verdt kallad Ferdi elder Utferdi (Utfala). “Kor mange Aar hever du vorit i Ferdi, og hever du gjengit fyre full Karl dar?” lyt ein spyrja Guten, naar ein vil vita, kvat Dygd dat er i honom, fyrr er han no inkje vaxin, og dan som inkje hever vorit med i Lofoten, er ingen god Sjømann. – Me vilja sjaa nokot nærare paa Fiskarens Utreidsla og Heimanferd.

Hausten er afliden: dat berer fram til Jol. Fraa Bergen hava Jegtirna ført heim Korn og Hamp, Traad og meir, som til Fisket høyrer. No verdt dar eit Liv og ei Annsemd i Garden, som er sjeldsynt. Mannen helder paa med at bøta gamle Garn, binda nye, setja upp Lina og gjera alt greidt paa si Sida. Kona vøler um Klædnaden hans; og so bakar ho so fint Braud, som ho hever Raad til, kliner Lefsur og steller alt som til ei stor Høgtid. Midt i dette Staak og Stell kjem no dan stille Jolehelg og dreger Mannens Tankar fyre nokre Dagar burt fraa Ferdi; men naar Trettanddagen er umme, daa er dat Ferdtid, og Mannen maa afstad. Baaten reidest ut, Karlarne samlast fraa Grannegardarne og leggja Ferdatyet i Baaten, so lenge han kann bera; Resten verdt skipat inn i Jegti, som skal koma baketter. Dan Dagen, daa Mannen skal beda Hus og Heim Farvel, er ein stor Dag. Heile Huslyden fylger honom til Baats; dar gjever han deim Kistemat af dat betste, som Kista hans kann bjoda. Og naar han so hever sagt Kona og Kjenningarne sine Farvel, skuvar han af; Seglet vindest upp; “Lukkeleg Reis!” lyder dat fraa alle Kantar, medan Kona stender stirande etter Baaten, som berer hennar kjære burt, til nærmaste Odd gjøymer Seglet fyre hennar Auga. – Ho vender heimatter med dat faste Fyremaal at stræva so med Ferøkt og heile Husstyr, at Mannen kann fegnast ved si Heimkoma, um vaar Herre unner henna at sjaa honom atter; og so tryter ho dei lange Vettrmaanadar, ofta utan Spurnad til Mannen, fyrr Vaarn fører honom heim. Me fylgja honom i Ferdi og skoda dat mest forvitnelege i hans Stell og Aatferd.

Baaten stryker afstad med blaasande Byr elder skrider jamt fram under dei sjøvane Karlarnes sterke Aaretak. Heimstaden er snart kvorvin burt, og Ferdi krever Mannens heile Tanke og Gaum. Dat berer lidt [1904: tidt] yvir harde Fjordar i Storm og klingande Kulde; Baarurna ganga høge og slaa yvir Baaten inn paa Fiskaren; um ein Augneblink er Skinnhyret hans islagt, og dat glimar af honom som af ei Isbræda. Som tidast leggja fleire Baatar Lag med einannan, og dan haalaste Siglaren lyt daa bida dei seinaste. Han driver eit Bil fyre Vinden, til dess Sellarne naa fram. “Velkommen etter.” – “Takk, som bidad!” heiter dat fraa dei ymse Sidur – og so upp med Seglet og afstad. Soleides gjenger dat paa, til Myrkret byrjar at verda deim til Meins, og dei verda samde um ei Hamn Natti yvir.

Naar mange Baatalag taka upp paa same Stad, verdt dar stort Staak og Stim utetter Kvelden; Folk sviva upp og ned, att og fram som ein Straum. Fyrst skulo no alle hava Hus yvir Hovudet, og etter kvert som Baatarne lenda, fær ein sjaa Mann etter Mann skrita upp til Gards med ei Tunna paa Ryggen, so ein skulde tru, dei gingo til Mylna; dat er Sengklædi, dei bera upp. So lenge Stovugolvet og Loftet røkkja til, verdt dat utmælt likasom i Teigar, kvert Baatalag fær sin Teig. Men naar dar inkje lenger er Rum, lyt dan arme Fiskaren krøkja seg ned i Uthusi elder i Baaten, dar han tjeldar med Seglet; dat er tidt ufysne Nætter. Ellest er dat no inkje alle, som Folk ero lika godviljuge til at laana Hus; ein og annan er so leid til at slaast og gjera Ugagn paa dan Maaten, at ein naudlega vil taka deim inn. Fyrr hava no ymse Bygdir vorit meir namnkjende fyre slikt enn andre, og ein kunde daa stundom høyra Folk fraa slike Stadir segja somso, naar dei bado um Hus: “Me ero nok fraa dan namngjetne Staden, men me slaast inkje lel.”

Raakast no nokre Kjenningar her, so fylgja dei einannan til Baaten, taka seg ein Dram og kosa seg paa dan Maaten atpaa Dagens Stræv og Møda; Andre ganga upp med Kost og Eldgogn, og sidstpaa samlast alle til Kvelds. Her verdt no lang og livande Røda um, kor mange Klør han hever sett, kvat kver hever røynt, og kvat Fagnaverk han hever gjort. Mange hava dan vakre Sed, at dei halda Kveldsbøn og syngja ei Salm, fyrr dei leggja seg. Sidan byrjar dan betste Eventyrmakaren at fortelja; dei andre høyra paa med største Gaum og læ og skjemta millomaat –; og soleides gjenger dat med Laatt og Løge, tildess Forteljaren tagnar, og alle sovna.

Dan Dagen, daa Fiskaren naar fram til sitt Rorver, er han so glad, at eg trur mangein Utvandrar inkje er stort gladare, naar han hever vunnit fram til “dan nye Verdi.” Fiskarens Hus er ei Rorbud med Gruva i, Ljore i Taket og “Billar” elder Sengir langs med baade Langveggirne. Her samlast no Hovudsmannen og Karlarne hans, drikka kverandre til med eit “Velkomen i Budi!” og godrøda og ero so fornøgde, som um dei vaaro komne heim; dat einaste som vantar, er at deira Konur og Systrir og andre Skyldingar ero so langt burte, og difyre lyt deira Tanka [1904: Tanke] millomaat leika med deim dar heime.

Kringum Kyndelsmessa byrjar Fisket at ganga paa; Fiskararne greida sine Garn elder egna Lina og draga ut og setja. Hittil hever dat i mange Ver vorit so, at kvert Baatalag hadde sitt Sett elder Havstykke til at setja Reidskapen i, og alle laut paa same Tid ro ut og draga upp. Um Morgonen, naar dat var Sjøvedr, saag ein daa Baat ved Baat liggjande greid og ventande, at Tilsynsmannen skulde vinde [1904: vinda] upp Flagget elder blaasa i Ludren. Naar dette Teikn er givet og dei sleppa laust, er dar eit Braak, so dan eine vil brjota Aarirna af fyre dan andre, til dei ero komne utum dat tronge Utlaupet og setja Segl til.

Naar alt gjenger greidt, er Børnskapen snart uppdregin; men naar Setningarne ero drivne ihop med Sidemannens, og Fiskararne verda liggjande og greida Vase, verdt dat tidt sein Kveld, fyrr dei koma i Land og faa si Fengd vel paa Hjell.

Men verst er dat, naar Landvinden møter Fiskaren so sterk, at han lyt driva undan, og anten lata Livet i Vestfjorden elder stivfrosen og halvdaud finna ei Hamn paa Innlandet etter ei lang Vettrnatt paa ein open Baat, – drivande millom dynjande Bylgjur.

I langvarugt Uvedr, naar Fiskararne hava Landleiga [1904: Landlega], fær ein sjaa mange Slags Verk: Sume arbeida: binda Garn, gjera Skjeidir, Ausur og Dallar og annat Trearbeid; andre sova medan dei orka; og so er dar no ein og annan Galning, som sviver ute heile Dagen, drikkar [1904: drikker] seg ein Dram endr og daa, driver Narreverk, so Folk bisna umkring honom, elder slaast og styrer paa dan Maaten; dette sidste verdt daa alt meir og meir sjeldsynt.

Hovudsmannen er Husbonden i Laget og setter kver Karl til sitt af dat, som til Samarbeidet høyrer. Man naar Sumarmaal er umme, og han daa vil halda lenger paa, kunna Leigkarlarne leggja seg kvar og neita at vera med paa Sjøen; men aalmennelega er dat no Slutt paa Fisket kring desse Tidir. Naar Heimhugen fyrst rr [1904: er] komin yvir Mannen, hever han dat mykit annsamt med at koma afstad. Han turkar Garni, klavar upp Lina og teler Fisken på Hjellen, som fyrst i Juni Maanad skal verda hentad. Han hever selt so mykit Fisk, at han hever Pengar til at kaupa noko “Lofotnytt” til deim, han hever heime. So snart Vinden blæser god, legger han skundsamt i Baaten og dreger burt, latande Budi tom og aude etter seg. Vaaren er no so vidt framliden, at Fiskaren kann ferdast baadi Natt og Dag, til han naar heim og verdt fagnad af sin Huslyd, som no lenge med Lengsla hava skodat ut yvir Fjorden etter kvert Segl, dei saago der ute.
# lagt inn 9.12.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.12.10

Gildeskål-nytt 

Avisa Nordland i dag:
GILDESKÅL: Selger Blix-biografi Gildeskål kommune gjør oppmerksom på at Anders Aschims Blix-biografi nå finnes i alle dagligvarebutikkene i kommunen, og oppfordrer til å kjøpe den for å sjekke Blix-kunnskapene.
"Tiltredes", som Darwin P. Erlandsen ville sagt.
# lagt inn 2.12.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?