<$BlogRSDUrl$>

29.9.09

Fosse 50 

I dag fyller Jon Fosse femti år. BlixBlog helsar jubilanten og ønskjer til lukke med dei neste femti.
# lagt inn 29.9.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.9.09

Filosofinytt 

er det lite av på BlixBlog, sjølv om filosofar som Welhaven, Monrad og Pontus Wikner er viktige bipersonar i biografien til Blix. Så no er det på tide: Jon Hellesnes er 70 år, det blir markert både i Dag og Tid og i Morgenbladet, i sistnemnde publikasjon jamvel på leiarplass. Les kva Alf van der Hagen skriv om "Eit danna menneske".
# lagt inn 18.9.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmeføljetong 

(kan kanskje ikkje gå som "nytt" meir?)
Vårt Land:
Flere nei til ny salmebok
Motstanden mot den nye salmeboken blir stadig sterkere.
Blant dem som sier nei er flere bispedømmeråd, preses blant biskopene og Norsk hymnologisk forening.
Eg siterer sitatet frå Norsk hymnologisk forening (der er eg medlem, forresten):
Norsk hymnologisk forening har også avgitt en omfattende og kritisk uttalelse, hvor det heter at det «ikke haster» med å revidere dagens salmebok «som bare er 24 år gammel og ennå ikke skikkelig innsunget».
Oppdatering, same kveld: Les også Eyvind Skeies kommentar. Sitat:
Noe ikke alle vet er følgende:
Det var Kirkemøtet som initierte en nyordning av gudstjenester og liturgier i Den norske kirke, mens det var Kirkerådet som hang på en (eller to) nye salmerbøker.
Salmebokutgivelsen har derfor ikke den samme kirkelige status som liturgiarbeidet.
Her har Kirkerådet sannsynligvis vært for ivrige.
Om det er staben i Kirkerådet eller selve Kirkerådet som har vært pådriver her, kjenner jeg ikke til.
Men noen har drevet denne saken for fort gjennom, uten å sikre tilstrekkelig kirkelig konsensus.
Det gjelder både spørsmålet om kirken skal ha nye salmebøker - og hvordan disse skal se ut og organiseres.
Oppdatering, 19.09.09: Vårt Land:
Kirkerådsleder: Mulig å stoppe ny salmebok
– Men det vil i så fall bety at vi har kastet mange penger ut av vinduet, sier kirkerådsleder Nils-Tore Andersen.
# lagt inn 18.9.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix-nytt 

Siste høst med Elias Blix.
Dette er den illevarslande overskrifta over heile side 3 og 4 i Avisa Nordland i dag.
Etter 12 år har Tom Nyheim og Arve Iversen bestemt seg for at andre skal få overta driften av restaurant og kjøkken på diplomathotellet i Bodø. Det aller verste blir å si farvel til gamlefar på veggen.
...
Og på veggen henger Elias Blix - kanskje litt skeptisk til hvem som skal overta.....
Det handlar altså om Restaurant Blix, ein institusjon i Bodø. Om eg har ete der? Sjølvsagt.
# lagt inn 18.9.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Fosse-nytt 

Samlaget:
Stor feiring av Jon Fosses 50-årsdag i Oslo
29. september 2009 fyller Jon Fosse 50 år. I perioden 21.-27. september blir 50-årsdagen markert i Oslo.

Les detaljert program til Fosse-feiringa i Oslo
# lagt inn 18.9.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.9.09

Biografinytt: Bjørneboe 

Aftenposten:
- Bjørneboe undervurderes
Therese Bjørneboe er sterkt kritisk til at faren og andre i det antroposofiske miljø undervurderes menneskelig og intellektuelt i biografien om Jens Bjørneboe.
Den tidlegare nemnde fellesnemnaren mellom Olav Aukrust og Jens Bjørneboe - antroposofien - interesserer meg, ikkje minst biografane Jan Inge Sørbø og Tore Rem sine (re)konstruksjonar av fenomenet. Eg skreiv tidlegare: "Aldri før har påverknaden frå Rudolf Steiner og tilhengjarar vore så seriøst behandla som i desse to biografiane."

Dette står eg framleis ved. Eg har ikkje lese boka til Rem. Men av somme meldingar og av reaksjonane til Therese Bjørneboe i dag kan det sjå ut som om Rem har dårlegare gehør for metafysikk enn Sørbø. Eg ser ikkje bort frå at denne skilnaden kan ha noko med biografane sin biografi å gjere. Eit opplagt emne for ei komparativ undersøking. Eg melder meg ikkje til å utføre oppgåva, men det må da vere eit framifrå emne for ei mastergradsoppgåve i eit eller anna fag?
# lagt inn 17.9.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmenytt 

"Bjørgvin vil droppe ny salmebok
– Den gamle er god nok."
fortel Vårt Land i dag.
# lagt inn 17.9.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.9.09

Salmenytt 

1. Ikkje så veldig nytt, kanskje, men Dag og Tid (papirutgåva) i dag inneheld enda eit sterkt kritisk innlegg om framlegget til ny salmebok. Under overskrifta "Ei rasering av den nynorske salmetradisjonen" har Jarnfrid Kjøk mellom anna med eit moment som ikkje har vore så mykje framme:
Med tekstene går eit stort tonestoff ut, til dømes med Støylen tonestoff frå mellomalderen, reformasjonstida og 16-, 17- og 1800-talet. ... Med Blix og Støylen går mange salmetonar av norske salmetoneskaparar ut, særleg Ludvig Mathias Lindeman (1812-1887) og til dømes Jakob Hveding Sletten (1872-1936)
2. Noko meir hyggeleg: Nestor i norsk salmedikting Svein Ellingsen er 80 år i år, og det blir markert både med nyutgjeving av salmane hans og med ein biografi skriven av Eyvind Skeie. Ingen av bøkene er på marknaden enno, men følg med. Den som ventar på noko godt ...
# lagt inn 11.9.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Biografinytt 

Oi, no er det vanskeleg å følgje med. Det skjer så mykje interessant.

Olav Aukrust: Eg prøvde ei stund å følgje med på mottakinga av Jan Inge Sørbøs fine biografi, i tillegg til å få lese boka sjølv. Eg har forsømt meg, ser eg. Har registrert fine meldingar og oppslag både i Klassekampen, Dagsavisen og Stavanger Aftenblad - men dei ligg ikkje på nett.

Jens Bjørneboe: No er fokus ein annan stad. Første del av Tore Rem sitt opus magnum om Jens Bjørneboe er på marknaden. Morgenbladet begynte alt førre veka med seksten(!) sider Bjørneboe-stoff, blant anna heile diktet "Mitt hjerte" sitert på leiarplass. Dette diktet betyr forresten mykje for meg. Eg skal ikkje foreslå det teke inn i den nye salmeboka, eg er nok for streng slik med kva som bør vere med, men det er sanneleg ein betre kandidat enn fleire av dei andre dikta som har kome med i framlegget.

Denne veka kjem meldingane. Dei er gode, til dels overstrøymande. Det er hyggeleg. Eg har stor respekt for Tore Rem både som fagperson, som entreprenør og som forfattar. Dessutan kjem han frå Hamar ...

Det var i si tid Fredrik Wandrups Bjørneboe-biografi som sette i gang den "biografibølgja" vi biografar visstnok framleis siglar på. Men det skal bli hardt å overgå Rem, ser det ut til av Morgenbladet (Erik Bjerck Hagen), Bergens Tidende (Pål Gerhard Olsen) og andre bokmeldingar (som hittil ikkje er å finne på nett). Sjå òg intervju i Aftenposten, Klassekampen, NRK.

Eitt interessant fellestrekk mellom Bjørneboe- og Aukrustbiografiane ligg i vektlegginga av antroposofien. Aldri før har påverknaden frå Rudolf Steiner og tilhengjarar vore så seriøst behandla som i desse to biografiane.

Ragnhild Jølsen: No har dei første annonsane for Arnhild Skre sin Jølsen-biografi stått på trykk. Meir lokalpatriotisme følgjer. Her finst det forresten også ein Bjørneboe-link. Folk i Ekebergdalen i Enebakk hugsar godt Bjørneboe frå den tida han budde i nærmiljøet her medan han skreiv "Drømmen og hjulet", romanen der Ragnhild Jølsen er hovudperson.
# lagt inn 11.9.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.9.09

Alternativ jul 

Stavanger Aftenblad 03.09.09:
Det betyr ingen «O helga natt», ingen «Glade jul» eller «Deilig er jorden». På denne juleplaten kommer religiøse folketoner, svenske julesanger, danske julesanger, en Elias Blix-tekst Nordstoga har satt melodi til og en irsk sang som er oversatt til norsk. Innpakningen er kassegitar, kontrabass, litt folketoner og strykere. Ingen pompøse greier altså.
Sissel Kyrkjebø og Odd Nordstoga gir ut juleplate.
# lagt inn 4.9.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?