<$BlogRSDUrl$>

31.5.05

Sjukehus 

Nynorsklaget ligg ikkje på latsida. Etter ei vellukka 17. mai-feiring og eit ditto salmeseminar er dei ute på nye jaktmarker:
Krever nye sykehusnavn
Navnene på St. Olavs Hospital, Blefjell sykehus og flere andre sykehus blir sterkt kritisert i brev som nynorskfolk har sendt til Kultur- og kirkedepartementet (KKD).
....
«Svært mange av desse nye namna tilfredsstiller ikkje oss som har tro på – og respekterar den norske språkarven. Mange av namna er ulogiske og ufilologiske, og svært mange bryt med norsk namneskikk. Det vil vera ei nasjonal skam om desse namna blir ståande», skriver Nynorsklaget.
Noko som minner meg om ein debatt i mitt ungdomsfylke Hedmark, der ein den gongen framståande ungdomspolitikar (det vil seie, det var den gongen han var ung) framsette det uimotseielege resonnement: "Hedmarkingar blir sjuke, og da kjem dei på sjukehus." Sidan har det vore slik. Men ikkje no meir. Veit du kva dei ærverdige institusjonane Sentralsjukehuset i Hedmark, Tynset sjukehus etc. heiter for tida? Sykehuset Innlandet HF! O tempora, o mores. Her er ein jobb å gjere.

Dessverre overspelar Nynorsklaget poenget sitt:
Der blir det også hevdet at St. Olavs hospital «er ikkje noko heldig namn». «Vi har ikkje tradisjon for å knyte helgennamn til sjukehusnamna her i landet», skriver Nynorsklaget.
Dette er, med respekt å melde, tøv. Eg er personleg fødd på St. Elisabeths hospital i Tromsø, og det skulle ikkje undre meg om framståande medlemmer i Nynorsklaget også er det. Noreg har ein meir enn hundre år gammal ubroten tradisjon med å knyte helgennamn til sjukehusnamna, sidan katolske ordenssøstrer i 1883 starta det som etter kvart blei Vår Frue hospital i Oslo. Eller meiner Nynorsklaget at ein tradisjon med katolsk bakgrunn pr. definisjon er unorsk???

Les meir hos NRK Trøndelag.
# lagt inn 31.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

30.5.05

Til sals 

"Reitan selger i Gildeskål". Les meir i Avisa Nordland eller Adresseavisen.
# lagt inn 30.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.5.05

Orheim 

I går var eg med på salmeseminar om vekkingsforkynnaren og -diktaren Matias Orheim i Uranienborg menighetshus. Mange hadde personlege inntrykk å formidle om den blinde predikanten og diktaren som har vitja nesten kvart einaste kyrkjesokn i landet for å preike, syngje, spele på fele og på glas(!). Sonedottera Åshild Orheim Haga fortalde om bestefaren og heimstaden. I dag er ho gardbrukar og vertskap på Orheimstunet.

Og i dag var det nynorsk høgmesse i Uranienborg kyrkje. Høg kjendisfaktor (statsråd Haugland - ikkje Baard, men Valgerd Svarstad H. - var tekstlesar) og mange Orheim-songar. Interessant å oppleve den lågkyrkjelege Orheim i dette høgkyrkjelege rommet, det gav nye dimensjonar til begge delar.
# lagt inn 29.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Kvat gagnar det ein gudlaus Mann, / Som Gods og Gull vil hava,
Um han all Verdi vinna kann / Og Skattar til seg grava,
Naar han den Skatten missa maa, / Som Gud i Himlom gjøymde,
Og ikkje fær hans Sæla sjaa, / Avdi at Gud han gløymde?

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 101

Nyskriven salme til 1891-utgåva. Evangeliesalme til 1. sundag etter treeiningsdag (2. sundag etter pinse), interessant nok: Ikkje så mykje over den gamle evangelieteksten om den rike mannen og Lasarus (Lukas 16,19-31) som over den nye om den rike bonden (Lukas 12,13-21). Den norske kyrkja auka talet på tekstrekkjer frå ei til tre frå nyttår 1887, det vil seie under Elias Blix si regjeringstid som kyrkjeminister (OK, Jakob Sverdrup spela ei vel så aktiv rolle når det galdt liturgireformene).

Heile salmen
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Fredagens Blix
# lagt inn 29.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.5.05

Kirkeklokken att 

Etter gjennomgangen av Blix-salmar i Nordmannen er Birger Hall sin tilgang til nye Blix-salmar klarlagt.

Birger Hall tok 30 salmar av Blix med i songboka Kirkeklokken (1890). 23 av dei henta han frå 2. utgåve av Nokre Salmar (1883). Dei sju siste fann han mellom dei 17 Blix publiserte i Nordmannen i løpet av 1889 og 1890. Med andre ord: Kirkeklokken er ikkje editio princeps for nokon salme av Elias Blix.

Eg har laga ei liste over Blix-salmar i Kirkeklokken.
# lagt inn 27.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Påminning 

Orheim-seminaret er i morgon!
# lagt inn 27.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Det gamle Katekismevers
Gud, lat oss i din Kunnskap mannast
so Læra maa i Livet sannast
og dagleg Framgang i oss faa,
til kristen Manndoms Maal me vinna,
at me hjaa deg maa Naade finna,
og du paa oss med Hugnad sjaa.
(Paa norsk ved E. Blix).
---------------
Nordmannen , 4. årgang, nr. 33, onsdag 30.09.1891

Ein ny tekst publiserte Blix i Nordmannen etter at Nokre Salmar, 4. utgåve var ferdig. Den kom ikkje med i Salmar og Songar (1900), og heller ikkje i jubileumsutgåva Salmar, songar og kvad (1936). Blix si eiga katekismeutgåve har eg ikkje for handa, men eg reknar med å finne verset der.

For dette verset høyrer til i den dansk-norske katekismetradisjonen, ikkje i salmeboka. Den første salmeboka eg har funne det i, er Landstads reviderte (1924). I Norsk Salmebok (1985) lyder verset slik (nr. 548), forma er den tradisjonelle:
Gud, la oss i din kunnskap fremmes,/ så det vi lærer, aldri glemmes,
men vokser med oss dag for dag!
At det kan modnes som du sådde / og vi hos deg må finne nåde
og du i oss ditt velbehag.
Mest overraskande er likevel handteringa av verset i Nynorsk salmebok (1925). Ei sak er at det er kome til eit vers 2, som ikkje Blix eller Landstads reviderte har; det er oppstått i dansk tradisjon på 1800-talet. Den verkelege overraskinga er at NN tilskriv (Bernt) Støylen æra for den norske utgåva - sjølv om vers 1 er identisk med Blix si utgåve frå 1891, med unnatak for fjerde lina, som i NN lyder "Til Kristi voksters mål å vinna".

Måndagens Blix.
# lagt inn 27.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmar i Nordmannen 

[Oppdatert 28.05.2005]
Torsdag 5. desember 1889 kan redaktør Nordlid stolt melde:
Nordmannen
hev den gleda aa kunna bjoda sine Lesarar Gerhardts kjende Adventsalme paa norsk og med det sama aa kunna segja deim, at Forfattaren av Nokre Salmar, som hev utført Umskrifti, sidan vil giva oss fleire salmar, baade originale og umskrivne.
Dei neste månadene kjem minst 19 nye salmar - originale og gjendikta - av Elias Blix på trykk (utan forfattarnamn eller merke, men no veit alle kven som har skrive dei) i Nordmannen før han publiserer dei i bokform, i 1891-utgåva av Nokre Salmar. Salmane er (nummer i Nokre Salmar, 4. utgåve i klammer):Alle salmane fekk heidersplassen øvst til venstre på framsida av bladet. Det er fleire interessante observasjonar å gjere her.
  1. Salmane er publiserte etter eit strengt kyrkjeårsprinsipp, som regel torsdagen før den sundagen i kyrkjeåret dei høyrer til i Nokre Salmar. Det gjeld også ein salme som "Gud signe vaart dyre Fedraland". I boka står den på 23. sundag etter trieining (svarar til 24. sundag etter pinse), denne sundagen var i 1890 den 16. november.
  2. Publiseringsaktiviteten fell i tre tydelege bolkar. Blix har først publisert salmar for advents- og juletida ("Renn upp, vaar Sol med Sæla" høyrer til trettandedag); ingen i openberringstida, januar/februar; neste bolk dekkjer fastetida, den stille veka og påskedag; så er det pause til seinhausten, og da kjem endeleg nokre salmar for slutten av kyrkjeåret, pluss starten på ein ny kyrkjeårssekvens, advent og jul.
  3. Ein mogleg teori om dette materialet kunne vere: Blix brukte året 1889-1890 til å lage salmebok. Han levde seg metodisk gjennom kyrkjeåret, las dei bibeltekstane som var aktuelle, dikta ein ny salme til dei sundagane der han mangla noko, og publiserte mange av dei i Nordmannen så snart dei var ferdige (i parentes: Det kunne tyde på at fedrelandssalmen først er skriven hausten 1890).
  4. Det veike punktet i teorien er alle hola. Kvifor har Blix i så fall ikkje publisert salmar til openberringstida og (det meste av) trieiningstida? Det var der han mangla mest!
  5. Dessutan, presten som var bladredaktør og diktaren som var salmebokredaktør var begge svært kyrkjeårsbevisste. Sjølvsagt er det mogleg at Blix forsynte seg og Nordlid frå eit forråd han hadde liggjande, med salmar som passa til neste sundag.
Torsdag 20.08.1891 har Nordmannen ein omtale av "Blix's Salmebok". Salmane "Eit Ljos paa Jordi med Jesus rann" [130] og "Aa lat din Ande med oss vera" [144] er avtrykte, men no er det altså boka som er originalpublikasjon, og bladet sekundært.

Og alt dette er i grunnen Terje Aarset si skuld (eller forteneste), det er han som har sett meg på sporet. Har eg fått med alt, tru?
# lagt inn 27.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Nordmannen 

I går var eg i avissamlinga til Nasjonalbiblioteket i Oslo og såg gjennom tidsskriftet Nordmannen (1888-1891). Om dette bladet fortel Johannes Arneson (100 år og minnest mangt, Oslo: Noregs Boklag, 1964), s. 92:
Men nokre år i førevegen var det starta eit lite blad som heitte "Nordmannen". Skikkelege venstrefolk og rettruande målstrevarar kunne ikkje finna seg i denne anarkismen [som Fedraheimen stod for i sin siste fase, AA]. Bladstyrar var presten Kr. Nordlid, bror åt bokhandlar Olaf Norli. Professor Blix stødde bladet med ein salme av og til, og skulemannen Matias Skard med gode artiklar. Ung og eldhuga målmann som eg var, ville eg gjerne stø bladet, eg og, etter fattig "leilighet". Frå hausten 1889 til ut i juni 1891 var eg huslærar hjå presten Baartveidt på Aukra i Romsdalen, og i den tida skreiv eg jamt i "Nordmannen". Eg var snart den trottugaste innsendaren. I nyårsnummeret 1891 takka Nordlid innsendarane for hjelpa i det framfarne året, og nemner ved namn tre stykke: Det var Blix, Matias Skard og Ola Ryfylking. Dette var løyndarnamnet mitt.
# lagt inn 27.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.5.05

Finnmarkslova 

Og så må eg hugse å nemne at Odelstinget vedtok Finnmarkslova her om dagen. Referatet til Finnmark Dagblad begynner slik:
Klemmene, håndtrykkene og smilene satt løst i Stortingets vandrehall etter at siste ord var sagt i stortingsdebatten om finnmarksloven i går ettermiddag. - En avkoloniseringsdag for Finnmark, var sametingspresident Sven-Roald Nystøs kommentar til lovvedtaket.
Til lukke med dagen.
# lagt inn 26.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.5.05

Testamentet 2 

Når eg er inne på den nynorske bibelsoga: Eg kom i hug denne passasjen frå eit brev Johan Einar Unger skreiv til Henrik Krohn 3. august 1871 (Nasjonalbiblioteket i Oslo, handskriftsamlinga, brevsamling 41). Unger skriv frå Kvam (Vikøy), der han er personellkapellan, takkar for sist i Bergen og fortel at han er utnemnd til nytt embete. Så kjem denne passasjen:
Mattheus-Evangeliet, som eg har gjenomseet til Helvt av, fekk me altfor stutte Stunder til at samraadast um; det er og synlegt at Grieg har so myket at staa i no med si nye Drift, so det er godt at hava Umrøme. Naar eg no kjem nærmare, kann me etter Tilhøve[?] faa Boki snart fraa oss, so ho kann koma ut til Jol.
Eg har lese og tenkt mykje over denne passasjen, og lurt på om "Mattheus" kunne vere skrivefeil for "Markus", den første nynorske bibeldelen, som Georg Grieg gav ut. Men det var i 1870. Aasen fekk boka før jul. Dette brevet må tyde at Georg Grieg, Henrik Krohn og Johan Einar Unger heldt fram med bibelomsetjing og tok Matteusevangeliet som gruppearbeid. Men eg har aldri høyrt om det frå andre kjelder. Og noko Matteusevangelium kom ikkje, dei involverte hadde nok for mykje å stå i med i 1871. Derimot gav Werner Werenskjold ut St. Johannes Evangelium i Bygdemaal fraa Vestre Thelemarken. Og Olaus Fjørtoft publiserte nokre bibelavsnitt i bladet sitt, Fram.

Det var altså eit driv i retning av ei nynorsk bibelomsetjing i åra omkring 1870. Men så blir det stille, fram til "den storearbeidsbolken" i 1880-åra. Kvifor? Er dette ein del av soga om 1870-talet som nynorskens ørkenvandring "Frå Dølen til Fedraheimen"?

Forresten, heilt stille blir det ikkje. Her er eit brev frå Elias Blix til Matias Skard (NBO, Brevsamling 514)
Kr.ia 18de Mai 1875.

Hr. Kand. Skar.

Eg takkar Dykk so myket fyre Brevet, som syner meg, at De alt er langt i Veg med ei norsk Bibelumskrift. Som Svar paa Dykkar Spursmaal kann eg upplysa, at eg ikkje har umsett nokot av Bibelen og iminsto enno ikkje paa lang Tid kann tenkja paa eit slikt Arbeid. De heve soleides full Grunn til aa halda fram, og eg [SIC] all Grunn til aa ynskje Dykkar Verk god Framgang. Gud signe Arbeidet!

Venlegast
E. Blix.
Per Halse held på å analysere dette materialet. Eg gler meg til å sjå kva han får ut av det.
# lagt inn 25.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Fornyinga 

Under overskrifta Nynorsk har fornya norsk kan du lese i Dagsavisen:
Nynorsk har vore den store fornyaren av det norske vokabularet dei siste hundre åra. Dermed kan du finna nye norske ord som «gravferd», «vedtak» og «rettferd» i riksmålsorganet Aftenposten i 2005.
Sanningsvitne er Sylfest Lomheim, Olaug Nilssen og Ragnfrid Trohaug. I morgon er det debatt om emnet "Skjer språkfornyinga på nynorsk?" i regi av Norsk Litteraturfestival/Sigrid Undset-dagene på Lillehammer. Problemstilling:
Så godt som kvart år sidan slutten av 1970-åra har ei kvinne debutert som forfattar på nynorsk. Desse kvinnene har gjort sitt til å endre nynorsk litteratur og dermed norsk litteratur generelt. Men kva er det dei gjer?
# lagt inn 25.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.5.05

Testamentet 

Eg har fått med meg kopiar av dei 23 breva frå John Klæbo til Anton Chr. Bang frå den såkalla Heggtveit-samlinga i Menighetsfakultetets arkiv i dag. Eg har nemnt dei før, og du skal få høyre meir om dei seinare. Dette er ei heilt ukjend og unytta kjelde til soga om den tidlege målrørsla. I dag har eg ein liten puslespelbrikke til soga om det nynorske nytestamentet - kan hende til litt glede for Jarle Bondevik og Per Halse, om ikkje anna.

Her ligg mellom anna eit langt brev, heile 12 sider, som student John Klæbo skreiv til fetteren sin, den seinare Oslo-bispen, under ein lang fottur. Brevet er påbegynt i Røldal, men avslutta i Kristiania. Det er datert 9/8, men først avslutta 25/8. Årstal skriv Klæbo ikkje. Eg veit det likevel, og har du litt tolmod, skal du òg få vite det.

1/3 av brevet, fire sider, går med til eit langt og entusiastisk referat frå samver med Henrik Krohn og Kristofer Janson under eit opphald på Loftesnes i Sogndal. Eg har ikkje tid til å transkribere heile brevet no, men sluttkommentaren frå dette avsnittet lyder slik:
Eg fær ogso her segja Deg, at Janson er meint paa at umskriva Testamentet, ifald Du inkje fær Tid dartil. -
No, dateringa. Den som har ordna brevsamlinga (sannsynlegvis H. G. Heggtveit sjølv, han gav ut skriftene til John Klæbo og skreiv ein liten biografi alt i 1888) har skrive "68?" med blyant på framsida av brevet. Eg trudde først at det rette måtte vere 1869. I UB i Bergen finst nemleg eit brev frå John Klæbo til Henrik Krohn datert 15. april 1870, der han vil "takka so mange Ganger fyr sisst! Ja, dei Sumardagarne paa Loftesnes! Aa, kor Saali mi og Hjartat hava laugat seg i dat ljose Minnet um den Vika!" Men to ting tyder på at Heggtveit (eller kven det no er) har rett: Året er 1868.
  1. I same brevet nemner Klæbo at han har møtt stiftsprosten i Tromsø, Fredrik Hvoslef, i Kristiania, og at han nett skulle bli vigsla til biskop. Det blei han i 1868.
  2. Av brev til Bang frå våren og hausten 1869 går det fram at Klæbo i sommarferien dette året var gjest hos han i kapellangarden på Gran på Hadeland.
To personar låg altså i startgropa sommaren 1868 med planar om å omsetje det nye testamentet til landsmål. Anton Chr. Bang hadde levert ei omsetjing av juleevangeliet, "Gudspjallet aa fyrste Joladagen," i Den norske Folkeskole 9. januar 1868. Kristofer Janson heldt sine Tri preikor i 1868, og gavdei ut samla i 1869. Dette kan du lese om i den forvitnelege boka til Jarle Bondevik, Og Ordet vart nynorsk. Ingen av dei kom til å realisere planane sine. Men tida var mogen. I 1870 kom Evangelium etter Markus, omsett av Georg Grieg.
# lagt inn 24.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Preikekunst 

I artikkelen "Homiletiske Strøbemerkninger. II" i Theologisk Tidsskrift for den evangelisk-lutherske Kirke i Norge for 1866 kunne nyslått kandidat i teologien Elias Blix lese følgjande gode råd frå hovudlæraren ved det praktisk-teologiske seminaret, Julius Bruun. Det er preika og predikanten det handlar om (s. 150-151):
... populær er derfor en uundværlig Egenskab ved en tale, der vender sig til populus. Men vi ville ogsaa erindre, at populus her ikke er vulgus mundi, men derimod populus dei [Guds folk, AA]. Dette har til Følge, at den Popularitet, vi fordre for Prædikenen, ikke er den vulgære, men den helligede. ...
At man hertil ogsaa søger det Ord, som bestemt og klart betegner Gjenstanden, følger af sig selv, ligesom at man i det Hele benytter det Sprog, der er Tilhørernes.
... ikke heller enhversomhelst Jargon eller i det Hele en særlig Dialekt ligesaalidt som ethvert Ord lader sig bruge paa Prædikestolen. Vi kunne her ikke gaa nærmere ind paa denne Sag, end blot at fremstille Fordringen, at Sproget skal være et løftet og et helligt; derefter faar Enhver prøve, forkaste og antage. Med det saakaldte "Maalstræv" har Prædikanten aldeles Intet at gjøre ...
Bruun skal snart få svar på tiltale. I Den norske Folkeskole står det ein skarp replikk til Bruun 22.11.1866. I løpet av 1868 og 1869 publiserer Kristofer Janson Tri preikor fyre det norske Landsfolket og Elias Blix Nokre Salmar, gamle og nye. Julius Bruun må reknast mellom dei mindre profetane.
# lagt inn 24.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.5.05

Hebraiske verb 

Over til noko viktigare enn nynorsk nettporno: I morgon disputerer Rolf Furuli for graden dr. artium ved HF-fakultetet i Oslo, på avhandlinga A New Understanding of the Verbal System of Classical Hebrew: An Attempt to Distinguish Between Semantic and Pragmatic Factors. Her er pressemeldinga frå fakultetet:
Etter mer enn hundre år med forskning har man ikke klart å komme fram til en forståelse av verbsystemet i klassisk hebraisk som kan forklare alle de funksjoner verbene har. I avhandlingen A New Understanding of the Verbal System of Classical Hebrew An Attempt to Distinguish between Semantic and Pragmatic Factors presenterer Rolf J. Furuli en helt ny forståelse av hele verbsystemet, som er helt annerledes enn de tradisjonelle oppfatninger.

Ved bruk av moderne datateknikk og nye språklige analysemetoder har Furuli over en periode på ti år studert og analysert 79 574 verb i Det gamle testamentes hebraisk tekst, i Dødehavsrullene og i andre gamle hebraiske dokumenter. Derved har for første gang den totale forekomst av verb i klassisk hebraisk blitt analysert i samme studie. Målet har vært å finne konjugasjonenes iboende mening, og på grunnlag av denne å kunne forklare deres funksjoner. Konklusjonen er at hebraisk bare har to konjugasjoner og ikke fire, som er universelt antatt, og disse to blir gitt nye definisjoner.

Hvis konklusjonene i avhandlingen blir akseptert, vil det bety at det er behov for å oversette flere tusen verb i Det gamle testamente på en annen måte enn det som er gjort i 1978/85-utgaven av Bibelen. Mange verb som er oversatt med fortid, bør oversettes med nåtid, og andre verb som er oversatt med fortid eller nåtid, bør oversettes med framtid. Dessuten bør modalitet, som uttrykker ønske og vilje, få en bredere plass i teksten.
Rolf er ein gammal kjenning frå mellomfagsstudiet mitt i hebraisk for tjue års tid sidan. Eg er på veg til prøveforelesninga nett no.

Roald Helgheim har gjort eit halvhjarta forsøk på å begripe emnet i siste Dag og Tid (ikkje i nettutgåva. Det gjer ikkje noko om du går glipp av den artikkelen ...). Det skal bli artig å høyre reaksjonane til opponentane. Rolf har rett i at dei hebraiske verbformene ikkje først og fremst uttrykkjer ulike tidstrinn. Det er ikkje noka ny oppdaging. Men ingen har hittil greidd å forklare bruken av dei hebraiske verbformene 100 % tilfredsstillande, så det er ei svært ambisiøs oppgåve han har teke på seg. Eg har ein mistanke om at vi vil få høyre innvendinga "sirkelargumentasjon" eit par gonger i morgon.

Det har vore disputert over eit liknande emne ein gong tidlegare ved Universitetet i Oslo. Onsdag 18. desember 1889 disputerte cand. theol. Jørgen Alexander Knudtzon på avhandlinga Om det saakaldte perfektum og imperfektum i hebraisk. Opponentar var professorane Elias Blix og Alexander Seippel.
# lagt inn 23.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens jubel 

Dagbladet i går:
Noregs Mållag mener det er en milepæl at det har kommet ei nynorsk pornoside på internett.
- Dette bekrefter at nynorsk er et fullverdig bruksspråk, mener leder Steinulf Tungesvik.
Eg kjenner meg ikkje trygg på at Elias Blix ville ha skrive under på dette, sjølv Christian Krohgs Albertine var for sterk kost for han.

Men enno manglar det "fullverdige bruksspråket" noko: Når kjem Sjå og høyr?
# lagt inn 23.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Upp alle Ting, som Gud hev gjort, / Hans store Namn aa prisa!
Det minste, han hev skapt, er stort / Og kann hans Allmagt visa.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 100

Brorson på sitt mest Blix'ke.

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1869-, 1883-utgåva.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 23.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.5.05

Dagens Blix 

Alt det, som komet er av Kjøt, / Som Kjøt maa døy og kverva.
Men det, som er av Anden født, / Kann eine Livet erva.
Vaart Liv ved Adams Ugjerd kvarv, / Me fødde er til usæl Arv:
Med Synd, til Dom og Daude.

Og skal me daa Guds Rike sjaa, / Maa Gud oss atter føda.
Ved Vatn og Ande Livet maa / I Hjartat ovan fløda.
Og dette himmelfødde Liv, / Det Synd og Daude undan driv:
Det gamle burt er gjenget.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 99

Ny Blix-salme av 1891-årgang, ein av dei mange som blei skriven til ein særskild sundag og ein bestemt evangelietekst. Treeiningssundag er den store dåpssundagen i kyrkjeåret, og salmen er dikta over den tradisjonelle evangelieteksten, Johannes 3,1-15. Her er vi i den interessante situasjon at Elias Blix sjølv har omsett bibelteksten til nynorsk (1889).

Denne salmen er ikkje lenger i levande bruk. Den kom med i Nynorsk salmebok (1925), men ikkje i Landstads reviderte (1924). Dogmatikken er traust og biletbruken tradisjonell, men det er ingen dårleg tekst.

Heile salmen.
Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 22.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kulturteori: blogging 

Blogging har vore eit fenomen av akademisk interesse ei god stund alt, her i landet særleg takka vere Jill Walker i Bergen og Torill Mortensen i Volda.

BlixBlog har òg fått studentar på besøk, sjå omtale under overskrifta Lynvisitt i blogosfæren 25. januar i år.

Kulturteori: blogging (med problemstillingane "Hva er blogging? Hvem blogger? Hvordan foregår det? Er det journalistikk?") er prosjektarbeidet til ei gruppe 2. klassingar på journalistutdanninga ved Høgskolen i Oslo. Dei har avslutta prosjektet, som blei gjennomført i januar og februar.

# lagt inn 22.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

April 1905 

Nytt frå Romsdals amt - april 1905
Ein annan diktar det er mykje usemje om, er Elias Blix. På denne tida hadde han vore død i fleire år, men salmane hans var framleis kontroversielle fordi dei var skrivne på landsmål. Alt i 1892 vart Nokre Salmar – ei stor samling med 150 Blix-salmar – autoriserte til bruk i den norske kyrkja. Men mange kyrkjelydar ville ikkje vite av landsmålet hans, og slett ikkje berre i byane. Ein søndag i april blei såleis Blix-salmane nedrøysta i Aukrakyrkja med 190 mot 53 røyster. Og Aukrakyrkjelyden var ikkje åleine i Romsdals amt om å avvise salmane til Blix: mannen som skreiv "Gud signe vårt dyre fedreland", "Med Jesus vil eg fara" og "No livnar det i lundar".
NRK Møre og Romsdal
# lagt inn 22.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Hokus Pokus 

denne sida kan du mellom anna høyre Horten-gruppa "Hokus Pokus" spele låta Etterhvert - "a song inspired by an old Norwegian traditional song called 'No Livnar Det i Lundar' by Elias Blix".

Les meir på NRK Urørt.
# lagt inn 22.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.5.05

Dagens Blix 

Kvitsundagen Kyrkjehagen,
Kyrkjehagen ber Sumarskrud.
Blomarne mange yndeleg Ange,
Yndeleg Ange ber upp til Gud.
Kvitsundagen Kyrkjehagen,
Kyrkjehagen ber Sumarskrud.

---------
Andvake nr. 23, 10.06.1871

No har eg samla funna mine av tidlege Blix-tekstar i tidsskrifta Den norske Folkeskole, Svein Urædd og Andvake (1860-1871). Du kan også studere korleis "Kvitsundagen Kyrkjehagen" har utvikla seg frå versjon til versjon.

Gårsdagens Blix.
# lagt inn 21.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.5.05

Dagens Blix 

Guds Fred!
(Tone: Det hendte sig Jefta den Gileads Mand.)
No syngja Guds Englar sin Helgarsong ny,
Guds Fred dei oss bringa og bjoda.
No stig yver Jordi ei Helsning i Sky,
Som skal gjenom Himmelen ljoda:
Guds Fred og vel møtt
Du Barn, som er født!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

Til Frelsa den Fyrste er korad og krynd
Og komen til Løysning og Lukka
Fyr Menneskeborn, som er fødde i Synd
Og saart alt i Vogga maa sukka.
Guds Fred med dei Smaa,
Som honom fekk sjaa!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

I djupaste Myrker vardt Himmelen klaar,
Daa Stjerna av Jakob seg viste.
I hardaste Vinter Gud Sumargull straar,
Og fagraste Knupp spring av Kviste.
Guds Fred og god Jol
Med Sumar og Sol!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

Der ute ligg Jordi so isande kald,
Og svart stend kvart Tre uti Skogen,
Men Isai Stuv, som av Herren er vald,
Skyt Livskvisten fager og mogen.
Guds Fred med den Grein
Av grønkande Tein!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

No Stjerna fraa Betlehem lyser um Land
Fraa Høgsal til armaste Hytta.
Det ljosnar so vænt yver Dalar og Strand,
Der Straalarne innum faa glytta.
Guds Fred yver Mold!
Vaar Sol og vaar Skjold,
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

No Helgarljod stiger fraa Harpa og Horn,
Og heilage Kvæde me syngja.
Og Tonarne strøyma fraa Klokka i Torn
Og høgt upp til Himmelen dynja.
Alt klinger i Kor:
Guds Fred yver Jord!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

Lat Gjetordet ganga fraa Grend og til Grend,
So vidt som ei Tunga kann mæla,
Um Sonen, som er oss fraa Himmelen send
All Verdi til Siger og Sæla.
"Guds Fred!" stig i Høgd
Fraa Kyrkja i Bygd:
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

Guds Fred med meg fylgje fraa Vogga til Grav,
Meg hugga i saaraste Suter!
So segjer eg, naar eg fraa Verdi fer av
Og døyande Hovudet luter:
Guds Fred og far vel!
No sovnar eg sæl.
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!
IX.
---------------------
Svein Urædd 2, nr. 51/52, Torsdagen den 22de Desember 1870

Kvifor du får ein julesalme som "Dagens Blix" midt i pinsetida? Fordi eg - etter tips frå Terje Aarset - omsider har gått gjennom dei tidlege landsmålstidsskrifta Svein Urædd (1869-1870) og Andvake (jan.-jun. 1871) på jakt etter Blix-salmar. Eg har funne fire salmar som var publiserte der før dei kom i Nokre Salmar, alle under merket IX. I tillegg nytta Blix dette merket den eine gongen han publiserte ein salme i Den norske Folkeskole. Det kan godt vere fleire, eksemplaret til Deichmanske bibliotek av Svein Urædd er ikkje komplett. Særleg manglar ein god del av 1870-årgangen. Eg må sjekke ei mikrofilmutgåve i eit anna bibliotek.

Salmane eg har funne med merket IX. under, er:Dei to første blei tekne inn i hefte II av Nokre Salmar, som kom i 1870, dei tre siste i hefte III (1875). Det er interessant kor mykje som har hendt med "No koma Guds Englar" sidan denne førsteutgåva. Her kan du sjå dei seinare versjonane.

Interessant er det også at Blix publiserte i Andvake, eit tidsskrift hans ven og læremeister Ivar Aasen var skeptisk til, fordi redaksjonen ikkje heldt seg til rettskrivinga hans.

Onsdagens Blix.
# lagt inn 20.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.5.05

Grannespråk 

I kronikken "Den norsk-svenske samtalen" i Aftenposten i dag diskuterer Dag Frømyr i kva grad nordmenn og svenskar forstår dei andres språk, og kvifor - eller kvifor ikkje. Kronikken er ikkje utan relevans for sidemålsdiskusjonen. Dette avsnittet, til dømes:
Språkforholdene i vedkommende land, "det språklige klima", virker også inn på den språklige bevissthet i en nasjon. Hos oss står dialektene sterkt. For mange er det en del av identiteten å snakke og holde på dialekten. Det første vi ofte ønsker å vite, er hvor vår samtalepartner kommer fra. Selv om dennes dialekt avviker fra vår egen, er vi dyktige til å oppfatte likheter og forskjeller. Vi har to offisielle skriftspråk med mange former å velge blant, enten radikale, normaliserte eller konservative. Alt dette fører til en livlig språkdebatt i landet vårt, og det skal vel godt gjøres å treffe en nordmann som ikke har sin mening om språk.

I Sverige har dette vært annerledes. Landet har ett språk, rikssvensk med grunnlag i Gustav Vasas bibeloversettelse på 1500-tallet. Siden Sveriges storhetstid har dette språket blitt sett på som bærebjelken i landets kultur. Et vitnemål om stabiliteten er at den siste skriftspråksreformen fant sted i 1906.

Dette sterkt regelbundne språket setter klare føringer for talemålet som vanligvis legges opp mot riksnormen, altså idealet blir at en snakker som man skriver. Resultatet har blitt en klar svekkelse av dialektene, i hvert fall sammenlignet med Norge. I Sverige er da stikkordene for å karakterisere språkforholdene orden og stabilitet, mens hos oss er det variasjon og mangfold.

For svensker generelt fører dette til en mer rigid språkholdning. En blir mer bundet til en fast norm, og får mindre sans for avvik og nyanser. Derfor blir en svenske mindre i stand til å forstå sider ved norsk enn tilfellet er motsatt vei.
Les meir i Aftenposten
# lagt inn 18.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Kvitsundag (Landst. 20).
Du Loge av Guds Kjærleiks-Eld, / Du Himmel-Visdoms Klaare,
Som ned paa dine Vitne fell, / Lys upp i Hjarto vaare!
Me um ditt Ord er samlad her, / Vis oss, at Kristi Lovnad er
Eit evigt Ja og Amen!
Vaar Frelsar, som til Himmels for, / Me ventar paa ditt Lovnads-Ord,
Velsign oss allesaman!

-------------
Luthersk Kirketidende VI/2, nr. 21, laurdag 24.05.1902

Under overskrifta "Til Minde om Professor Dr. Blix" publiserte Luthersk Kirketidende i tre nummer sommaren 1902 sju utrykte Blix-salmar. Dei fleste er nynorske versjonar av vers som hadde ei fast liturgisk plassering. Blix var ein aktiv pådrivar for nynorske gudstenester.

Den første av desse små samlingane inneheld nynorske versjonar av Birgitte Kathrine Boyes høgtidsvers eller "preikestolvers," som har vore sungne før preika på høgtidsdagar. I Landstad lyder pinseverset slik:
O Lue fra Guds Kjærlighed, / O Visdom fra det Høie,
Som faldt paa dine Vidner ned, / Oplys vor Troes Øie!
Om Ordets Lys vi samles her, / Viis os, at Kristi Løfte er
Et evigt Ja og Amen!
O himmelfarne Frelsere, / Vi vente din Forjættelse,
Velsign os allesammen!
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 18.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Pinsesalmar 

Du skal få ein symbolsk pinsesalme som "Dagens Blix" i dag. Eg rekk ikkje over alle. Men det gjer ikkje så mykje, eg presenterte alle dei ni pinsesalmane i siste utgåve av Nokre Salmar i fjor. Her får du ei samla oversikt:

90. Kom, heilag Ande, til oss ned (M. Schirmer/S. Jonassøn)
91. Den Gjerd er Gud til Vilje gjord (Sacer/S. Jonassøn)
92. Gud, heilag Ande, rett oss lær (Ringwald/S. Jonassøn)
93. Lys upp og klaarna, Saal og Sinn (Kingo)
94. Du, som Sorg kann svala (B. Schmolck)
95. Fraa Himmelen Guds Ande for (Grundtvig)
96. Kved upp, Guds Folk
97. Kvitsundagen Kyrkjehagen
98. Kom, Heilag Ande, Himmeltrøyst
# lagt inn 18.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.5.05

Fedrelandssalmen 

Om du ikkje fekk fedrelandssalmen som "Dagens Blix" i dag, kan du ty til Møre-Nytt for laurdag 14. mai. I dette kulturorganet med utgjevingsstad Ørsta har nemleg Terje Aarset skrive ein stor artikkel om "Gud signe vårt dyre fedreland". Vonleg får vi artikkelen i eit meir riksdekkande medium også, eller i bokform, for den er grundig og viktig. Her er eit stort tilfang av lite kjend informasjon om korleis salmen blei til, om korleis den blei teken i bruk, om alternative melodiar og mykje anna.

Her kan du mellom anna få vite at det ikkje er så sikkert at salmen blei skriven under eit Lillehammer-opphald vinteren 1889, at den første gong blei publisert i tidsskriftet Nordmannen torsdag 13. november 1890, at Thorvald Lammers song salmen så tårene trilla i andletet til Bjørnstjerne Bjørnson under ein olsokkonsert i Nidarosdomen i 1897, at nokre stortingsrepresentantar hadde planlagt å reise seg og syngje "Gud signe vårt dyre fedreland" etter vedtaket om unionsoppløysinga 7. juni 1905, men at oppsongaren feiga ut, at salmen blei mykje brukt i samband med folkerøystinga same haust, at det endelege gjennombrotet kom da salmen avslutta kroningsgudstenesta i Nidarosdomen 22. juni 1906, og at den straks etter blei teken inn i den danske folkehøgskolesongboka.
# lagt inn 17.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

17de Mai.
So rann han atter upp dan Dag,/ daa me vaar Fridom fingo,
daa Feder slog eit Hovudslag/ og ut med Siger gingo:
Daa Noregs Menn med Kjempehand/ seg løyste ut av Træleband
og helsade sin Heidersdag/ med ljose Framtidsvonir.

-----------
Manus datert 1860. Publisert i Syn og Segn 9 (1903), s. 195-197.

Som du kan hende har skjøna, eg har vore bortreist i pinsehelga. Men i dag skal du få "Dagens Blix" att.

Til grunnlovsdagen hadde du kan hende venta "Gud signe vaart dyre Fedraland," men den kjem ikkje før utpå hausten. Derimot skal du få eit lite kjent ungdomsdikt. "17de Mai" er datert 1860, men blei ikkje publisert så lenge Elias Blix levde. I 1860 las Elias Blix for fullt til artium. Han tok eksamen i august dette året. Men alt på dette tidspunktet var han begynt å skrive dikt og songar i landsmålet. Eit anna patriotisk dikt, "Noregs Vaar," er også datert 17. mai 1860.

Desse ungdomsversa er kraftpatriotiske i ein grad vi knapt er i stand til å ta alvorleg i dag. Men alt desse tidlege dikta inneheld tankar, bilete og språklege vendingar vi finn att i fullmogen form seinare, sjå berre på "No livnar det i lundar," "Gud signe vårt dyre fedreland" eller "Det folk som frægt vil vera."

Les meir.
Måndagens Blix.
# lagt inn 17.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17. mai 



Til lukke med dagen!
# lagt inn 17.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.5.05

Jamstellingsvedtaket 

I dag er det 120 år sidan "jamstellingsvedtaket" i Stortinget, og det kan høve å hente fram Tove Bulls artikkel om "Elias Blix og framveksten av det nynorske kyrkjespråket":
Som kyrkjeminister var han den i regjeringa som formelt stod ansvarleg for å setje det såkalla jamstellingsvedtaket frå 1885 ut i livet, altså det vedtaket som sidestelte landsmålet med "det almindelige Skrift- og Bogsprog" som offisielt språk i landet. Hundre år etter, den 12. mai 1985, overleverte representantar for styret i Noregs Mållag eit målarstykke av Elias Blix til representantskapet i Stortinget for å minnast han som ein av fedrane til jamstellingsvedtaket. Slik sett har Blix spelt ei svært sentral formell rolle for utbreiinga av landsmålet/nynorsken i skolen og det offentlege språklivet. Kva rolle han spelte reelt for 1885-vedtaket, er derimot ikkje nærmare utgreidd.
Og her har eg framleis ei uløyst oppgåve. Eg trur nok, som Tove Bull antyder, at det var andre innan Venstre som spela ei større rolle i prosessen fram mot vedtaket. Det må eg kome attende til. Men dagen kan vi jo feire. 12. mai er dessutan fødselsdagen til mor mi, bryllaupsdagen til svigermor og dåpsdagen til eldste dotter mi. Gratulerer, alle i hop!

Les meir i Språknytt nr. 1/2002
# lagt inn 12.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.5.05

Ministerhotellet 

"Journalist Odd Inge Skjæveslands bok "Ministerhotellet" handler om den glemte maktarenaen i Stockholm, som huset de første norske statsministerne. Kunstnere som Verdi og Strindberg ble inspirert av husets historie."

Les meir i Aftenposten - om huset der Elias Blix hadde bustad og arbeidsplass i året 1885-1886, som norsk statsråd i Stockholm.
# lagt inn 11.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Det største Under her paa Jord / Er Jesu Kristi Rike.
Det eig ein Herlegdom so stor, / Som reint er utan like.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 87

Grundtvig-salmen "Vidunderligst af Alt paa Jord" gjendikta Blix til 1883-utgåva av Nokre Salmar.

Blix har mykje felles med Grundtvig i biletbruken. Her er mykje lys og vekst, natur og årstider. Og ikkje minst: Begge kan sin bibel godt. Blix følgjer Grundtvig nokså tett i denne salmen. Du skal få ein liten katalog over opplagte bibelske referansar i dag også: Lat meg også peike på eit par karakteristiske Blix-grep i gjendiktinga.Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Tidlegare kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 11.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.5.05

Student 

Avisutklipp frå Morgenbladet tysdag 4. september 1860 med notis om immatrikuleringa dagen før i "Universitetets Festivitetssal" (noverande Gamle festsal). Dei som har fått laud som hovudkarakter ved examen artium er nemnde ved namn. Tala i parentes er samla poengsum og talet på fag kandidaten har vore oppe til. Karakterskalaen går frå 1 til 6. Lågaste tal er beste karakter.

Studentane som kjem frå dei lærde skolane er nemnde først, privatistane sist. "Seminarist Elias Blix-Pedersen" blei dimittert av cand. mag. (= cand. philol.) Fredrik Gjertsen. På 70-talet arbeidde han som lærar ved privatskolen til Gjertsen.
Kjelde: Nasjonalbibliotekets digitale avisbibliotek
# lagt inn 10.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Guds Kyrkja stend og stirer / Til Himmels upp, der Herren for.
Av Lengsla Augat tirer, / Ho ser og stundar paa hans Ord:
At han skal atter venda / Og henta heim si Brud,
Og all vaar Trengsla enda, / Og føra oss til Gud;
Der me uti hans Sæla / Skal fagnast utan Trot
Og aldri turva fæla, / At me skal skiljast aat.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 86

Attende til helgetorsdag, vi har to salmar att til denne dagen. Kronologisk er dette den første av dei, "Guds Kyrkja stend og stirer" kom alt i det første heftet (1869).

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1869-, 1883-, 1891-utgåva
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 10.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.5.05

Dagens Blix 

Den Veg til Livet er so trong, / Der sjeldan Rosor anga;
Men Klungrar veksa mangeing Gong / Og fast ved Foten hanga.
Det sting og brenn, / Og Blodet renn, / So tidt eg saar og magtlaus stend
Og kvider fyr aa ganga.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 89

Utelatinga av denne Blix-klassikaren i Norsk Salmebok er ei synd eg ikkje veit om det er tilgjeving for. Dette er Blix på sitt mest Brorsonske, trur eg. Salmen avslutta det første heftet, og den stod sentralt i den tidlege Blix-resepsjonen. Jørgen Olafsen valde å sitere nett denne som døme på arbeidet til den nye salmediktaren i den første Dagblad-meldinga 27. april 1869. Og den kom med i Birger Halls Kirkeklokken (1890).

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1869-, 1883-utgåva.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 9.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.5.05

Romararne 

Siste nytt frå Norsk Språkråd (ved Jon Grepstad): No finn du heile Apostelen Pauli Brev til Romararne (1882) i faksimileutgåve på vevstaden deira, i den framifrå avdelinga "Faksimilebiblioteket". Her finn du også mange andre tidlege nynorske tekstar.

Dette var den første bibeldelen som Det norske Samlaget gav ut, med offentleg stønad. Om du treng latinske bokstavar, har eg transkribert teksten her. Transkripsjonen er gjort etter 2. utgåve (1889), det var den som kom med i det første landsmålstestamentet (same år). Merk at kyrkjelyden i Roma har skifta namn i mellomtida, frå "Romararne" til "Romarne".
# lagt inn 8.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

No lid det nær til Kvitsunfest: / Gud heilag Ande, ver vaar Gjest!
Du, som fraa Æva utan Slut / Fraa Fader og fraa Son gjeng ut!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 88

Det står att to salmar for helgetorsdag. Dei skal du få seinare i veka. I dag er det sjette sundag etter påske, og evangelieteksten frå Johannes 15,26-16,4 er forklåringa på pinsestemninga i denne salmen. Dei to siste linene av første strofe er henta frå 3. trusartikkel i den nikenske truvedkjenninga.

Det er Kingo som er opphav til salmen. Landstad gjev att hans originaltekst så godt som ordrett, og Blix sin versjon (ny til denne utgåva av Nokre Salmar) ligg òg svært tett på originalen. Ein kortversjon av "Nu nærmer sig vor Pintse-Fest" finn du no på nr. 213 i Norsk Salmebok: "Kom, sannhets Ånd, og vitne giv" (her med Grundtvig som mellommann).

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Fredagens Blix.
# lagt inn 8.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.5.05

Dagens Blix 

Still no dine Strengjer, / Ande, lyft no Vengjer,
Stig med Song i Sky!
Alle, som kann mæla, / Syng idag um Sæla
Rundt i Bygd og By!
Mann og Møy / Um Land og Øy,
Kristenfolk fraa alle Leider, / Syng til Jesu Heider!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 85

Den første av tre salmar til helgetorsdag (Kristi himmelfartsdag, for dei som måtte trengje den presiseringa). Salmen var nyskriven til 1883-utgåva. Dette er sjølvsagt ein av favorittsalmane mine, amatørfiolinist og -bratsjist som eg er. Strengeleik-motivet har eg kommentert før.

Motivet "Ande, lyft no Vengjer" skulle eg gjerne hatt litt hjelp til. Kva for ein "Ande" er det tale om, Guds eller songarens? Og kva for "Vengjer"? Dua er jo eit tradisjonelt symbol for Den heilage ande, men er vanlegvis ikkje knytt til beretninga om Jesu himmelfart?

Det er ein rik bilettradisjon kring Kristi himmelferd. Eg er som vanleg mest oppteken av den intertekstuelle vevnaden av bibelske motiv. Forteljinga er å finne i Lukas 24,45-53 og Apostelgjerningane 1,1-11. Men salmen inneheld ei stor mengd allusjonar til andre bibelstader. Den raude tråden er, noko overraskande, å finne i Hebrearbrevet. Les gjennom heile kapittel 1 og 2, pluss 6,19-20, saman med dei fire første strofene av Blix-salmen. Ja, du kan gjerne lese heile brevet, forfattaren av Hebrearbrevet og Elias Blix har mykje felles. Dei er begge gode rabbinarar, som brukar det bibelske universet for alt det er verdt.

Har du god tid (eg har ikkje det i dag), kan du også leite gjennom Johannes' openberring. Eg får slutte for i dag med å leggje fram nokre andre tydelege allusjonar: Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Tidlegare kommentar.
Onsdagens Blix.
# lagt inn 6.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.5.05

Blix på Sørlandet 

Dvergmål er framleis på turné med helgasongar av Blix. Men no må du skunde deg, og dessutan vere på Sørlandet. I går var det Laget idrettshus i Risør, siste sjanse er i dag: Lyngdal kulturhus kl. 19.00.

Les meir.
# lagt inn 4.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Herre Jesus Krist! / Eg veit so visst,
Du er min Frelsar aaleine.
Eg trur paa deg. / Fylg du med meg!
Paa all min Veg / Meg huggar ditt Ord det reine.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 84

Eg har visst ikkje kommentert denne salmen noko særleg tidlegare. Danske Hans Christensen Steen (1544-1610) er ein diktar som høyrer reformasjonshundreåret til. Salmen er ei nokså enkel og tidlaus vise om tillitsfull Kristus-tru. Det er interessant å sjå kva Blix har gjort med Sthens tekst. Innhaldet følgjer han nokså tett. Men medan Sthen har eit heller fritt (seinare tider vil kan hende seie: udisiplinert) forhold til rytme (typisk for 1500-talet, mange døme i Thomissøns salmebok), er Blix sin tekst langt meir metrisk.

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1870-, 1883-utgåva.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 4.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.5.05

Avanonymisering 

Eg har mykje å takke min gode ven Per for, seinast denne kommentaren. Per har heilt rett, og eg raudnar over å bli avslørt i slurv. Eg har utsett lesinga av brevet Blix skreiv til presten og visebokredaktøren Karl Seip, datert 21.09.1884 (Nasjonalbiblioteket i Oslo, Handskriftsamlinga, Brevsamling 439). Sitat:
Deres Ønske om at optage en eller flere af mine Salmer i Deres Bog er det mig naturligvis en Glæde at imødekomme, og naar jeg selv skulde yttre nogen Mening om Valget, saa er jeg ganske enig i, at det bliver en eller flere af dem, De har nævnt (f. Ex. No. 40). Mod Angivelsen af Forfatteren vil jeg nu ikke gjøre nogen Indvending, efter at N. Forfatterleksikon allerede har røbet Anonymiteten; og det tør være saa meget nødvendigere, som man tildels har begyndt at sætte andre Navn under mine Salmer (se Ullmanns Sangb., der f. Ex har taget min Salme No. 10 og foræret Grundtvig - som om han ikke var rig nok før!)
Blix refererer vel til 1883-utgåva av Nokre Salmar. Nr. 40 er "Anden yver Vatnom sveiv," han var tydelegvis nøgd med den; men Seip tok den ikkje inn. Nr. 10, som Viggo Ullmann altså meinte måtte vere av Grundtvig, er "Fraa Betlehem eit Gitord gjeng". Ullmann må ha oppfatta den som ei omsetjing av "Et barn er født i Betlehem".

Same år gav Seip ut ei utvida utgåve av En liden Visebog for Hjemmet (Kristiania: Aschehoug), som med det passerte 50 000 i opplag! I tillegget tok han med desse fire salmane - med forfattarnamnet "Blix":

243. No Soli bak um blaae Fjell
244. No livnar det i Lundar
248. Synd og Sorg er Systkin-Ord
249. Dauden gjenom Verdi gjeng

Dermed er denne publikasjonen, og ikkje Birger Halls Kirkeklokken (1890) den første staden der salmane er publiserte under forfattarens namn.

Namnet til forfattaren av Nokre Salmar har, etter det eg no veit, følgjande publiseringshistorie:
  1. Dei to første hefta blir publiserte anonymt i 1869 og 1870. Forfattaren er kjent i private kretsar (sjå t. d. brev frå John Klæbo til Anton Chr. Bang, frå Ivar Aasen til Johannes Belsheim).
  2. Olaus Fjørtoft røper forfattarnamnet i "Nokre Or te Bondevenne og Maalmenn" i 1871: "Do maa eg ta unda ein prestlærd Mann, som heite Blix, som hev skrive nokre gilde Salma, som hev vorte vel mottekne over heile Lande. Han skriv Norsk, so kvar Mann kjenne paa Flekken, at ein hev mæ ein norsk Maalmann aa gjera. Men han e og Bondegut." Men denne publikasjonen hadde ikkje noko stort opplag. Eg veit ikkje eingong om Blix sjølv har lese den, han var utanlands i året 1871-1872.
  3. Tredje heftet av Nokre Salmar kjem ut i 1875, ei ny samla og utvida utgåve i 1883, begge anonymt.
  4. Jens B. Halvorsen skriv om Blix i Norsk Forfatter-Lexikon band 1, s. 353-354. Her oppgjev han Blix som forfattar til Nokre Salmar. Det står 1885 som publiseringsår, men verket kom ut heftevis, og vi skjønar av brevet frå Blix til Seip at artikkelen alt er komen ut sommaren 1884.
  5. Karl Seip publiserer fire tekstar av Blix med forfattarnamn i viseboka.
  6. Mons Litlere gjev ut eit nytt opptrykk (3. utgåve) av Nokre Salmar i 1888, framleis utan forfattarnamn på tittelbladet.
  7. Birger Hall publiserer 23 Blix-salmar med fullt forfattarnamn i Kirkeklokken, 1890 (og 1891)
  8. Elias Blix publiserer sjølv ei ny utgåve av Nokre Salmar i 1891, og skriv endeleg namnet sitt på tittelbladet.
# lagt inn 3.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Sæl den, som rett i Jesu Namn / Med Bøn kann falla Gud i Famn!
Han fær i Sanning det, han vil, / Som Jesus sjølv oss sagde til.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 83

5. sundag etter påske har bøna som tema og Johannes 16,23-28 som tradisjonell evangelietekst.

Salmen er ei gjendikting, etter Laurentius Laurentii (1660-1722), ein av pietismens store salmediktarar, fødd i det den gong danske Slesvig, verksam som kantor i Bremen. Til Blix er den nok komen via Brorson og Landstad (nr. 404). Det er allusjonar til fleire bibeltekstar enn den nemnde evangelieteksten alt i deira utgåve, men det er karakteristisk for Blix at referansane er tydelegare og fleire i hans versjon av salmen. Sjå særleg Matteus 7,7-11.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Blix for førre veka.
# lagt inn 3.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?