<$BlogRSDUrl$>

28.2.06

Irritasjonsmoment 

Eg (og nokre andre lesarar) har stadig problem med at nettlesaren Internet Explorer ikkje vil laste inn heile BlixBlog, men berre les så langt som venstremargteksten rekk. Eg har framleis ikkje funne grunnen.

Men det hjelper ofte å klikke "Oppdater/Reload"-knappen, eller betre: Å klikke på det gilde biletet av Elias øvst i venstre hjørnet, eller enda betre: Å byte nettlesar. Bruk Firefox, til dømes. Den kjem snart på nynorsk (via nynorsk.no).
# lagt inn 28.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Latin 

"Etter sin ukentlige onsdagsaudiens 22. februar, oppfordret pave Benedikt XVI til en fornyelse i studiet av latin," melder katolsk.no.

Eg sit ein stad midt mellom Kiellands Gift og striden om det latinske professoratet ved universitetet (anno 1887-88) for tida. Men som gammal latinar (artium årgang 1977) må eg seie meg heilt samd med paven.
# lagt inn 28.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Ordsamlaren 

Nytt spel på www.aasentunet.no:
Ordsamlaren tek utgangspunt i over 100 ord Ivar Aasen samla på sine reiser og det er opp til spelaren å finne ut kva fylke desse orda kjem frå.

Ordsamlaren er ei forlenging av den geografiske presentasjonen av Ivar Aasens reiser som blei lansert før jul.

Prøv spelet her:
http://www.spel.aasentunet.no/Ordsamlaren
# lagt inn 28.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Syng i stille Morgonstunder,
Syng Gud Fader Lov og Ros!
Sjaa, hen gjerer nytt det Under:
Kallar fram or Myrkret Ljos!
Sjaa hans Sol all Skapning gylla,
Alt med Liv og Lovsong fylla,
Sjaa hans Kjærleiks Smil i Sky,
Sjaa kvar Dag hans Naade ny!

Gud si Sol læt dagleg renna
Yver alle utan Skil:
Deim, som vil hans Kjærleik kjenna,
Deim, som ikkje vakna vil.
Alle vil han til seg draga,
Alt han veit so vel aa laga:
Gjenom Sol og Regn i Sky
Byd han oss sin Naade ny!

Lær oss, Gud, kvar Dag aa telja,
Sjaa, kor snøgt vaar Livsdag lid!
Lær oss Livsens Veg aa velja,
Medan det er enno Tid!
Enn i Dag du vil oss kalla,
Snart kann Myrker paa oss falla,
Lat oss, medan det er Dag,
Fylgja Andens Naadedrag!

Gud, som skapte Sol og Stjerna,
Deg me syngja Takk og Lov,

At um oss du vilde verna,
Medan me i Myrker sov!
Lys og leid oss, Ljosens Fader,
Til vaar Sol i Gravi glader,
Vekk oss so til Morgon ny,
Dag med Solskin utan Sky!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 148

Du må nesten få heile denne salmen som morgonhelsing. Den andre strofa, som parafraserer Matteus 5,45, er ikkje med i nyare salmebøker.

Tallause skoledagar har teke til med denne salmen, som må vere mellom dei mest innsungne Blix-salmane. Mellom dei mange som har bore med seg "Syng i stille morgonstunder" gjennom livet, finn du folk som han Bjarne Løkebø frå Eikefjord (mellom Florø og Førde):
Eg har gode minner frå skuletida mi. I alle fall frå den songen som vi hadde. Vi lærde mykje songar i skulen. I alle fall om morgnane starta vi alltid med denne: "Syng i stille morgonstunder, syng Gud fader lov og ros. Sjå han gjevar nytt eit under: Kallar from av mørkret ljos"
- eller ho Ingeborg Reknes frå Eikemofossen i Masfjorden:
Skuledagen starta med -God morgon til læraren, og salmar som -Lova Herren, -Sjå dagen sprett eller -Syng i stille morgonstunder, var nesten obligatorisk. Men me lærde mange og lange salmevers som me laut pugga rett, dei fleste kan eg i dag og. Ein dag i veka var det songtime or skulesangboka, det var det kjekkaste eg visste.
- eller han Anders Folkestad frå Folkestad i Volda:
Ikkje underleg at dette var og er ein salme i kategorien «høveleg song». Det var i alle fall ikkje få av mine folkeskuledagar som starta med denne songen. Som oftast var det første verset. Vi likte det best slik. Dessutan blir salmen noko meir alvorleg undervegs. Dette er elles eit nokså vanleg Blix-kjenneteikn. Det var heller ikkje sjeldan at nettopp denne songen lydde i heimen, særleg tidlege søndagsmorgonar.
Det finst også mange innspelingar av denne salmen, dei fleste med ein folketone frå Telemark. Arve Moen Bergset gjorde denne til ein "hit" alt før stemmeskiftet, han har seinare gjort fleire versjonar med "Bukkene Bruse", "Dvergmål" har sunge den osb. Men Agnes Buen Garnås var tidlegare ute, plata "Når klokkune gjeve dur" kan du gjerne unne deg. Og så har Kine Hellebust laga eigen tone til "Syng i stille morgonstunder", den er artig, ein av dei betre på plata hennar, synest eg.

Torsdagens Blix
Heile salmen
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Norsk Salmeleksikon nr. 2107
# lagt inn 28.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.2.06

170 

I dag er det 170 år sidan Elias Blix kom til verda, 24. februar 1836, på garden Volden i Vågsgrenda i Gildeskål.
# lagt inn 24.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.2.06

Nye knappar 

Atom Site Feed Subscribe with Bloglines
Du har kan hende lagt merke til dei alt, ute i margen på sida, men her kjem forklaringa.

Vanlegvis les du ein versjon av denne sida som er laga i html-format. Men sida kan også lesast i xml-format. Om dette ikkje seier deg stort, gjer det ingen ting. Om du klikkar på "Atom/xml"-knappen, får du sjå korleis sida ser ut i xml-format. Det er eit heller keisamt syn. Men føremonen med xml-versjonen er at du ved enkle middel kan få melding med ein gong til din eigen datamaskin så fort det kjem noko nytt og spennande på BlixBlog. Til det treng du noko enkel programvare, ein såkalla "newsreader" ("nyhendelesar", må vel det tyde). Eller, enklast av alt: Du kan bruke programtillegget Bloglines til å halde deg oppdatert.

Via Bloglines eller ein nyhendelesar kan du også abonnere på nyhende frå andre internett-sider som tilbyr slikt. Sjå etter bokstavar som "rss" eller "Atom", eller uttrykket "Site feed". Det er særleg nettaviser og bloggar som gjev deg dette alternativet, men også ein del andre nettsider, til dømes nynorsk.no.
# lagt inn 23.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Sjaa, Dagen sprett / I Auster-ætt!
Han Livet upp vil yngja.
Sjaa Skuggar fly, / Og Solglytt ny / No gyller Sky,
Og tusund Munnar syngja!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 147

Det er berre fire salmar att no av dei 150 i Nokre Salmar. Men det er fire av dei finaste, mest nytta og mest levedyktige. Eg tenkjer på morgon- og kveldssalmane. Her finst det ikkje dødpunkt.

Eg har tidlegare laga - og korrigert - uvitskaplege "Greatest Hits"-lister frå Blix' salmeproduksjon. I dag vil eg gå ein annan veg og spørje etter tyngdepunkt. Kan hende blir biletet da eit litt anna. Eg ser, kanskje særleg med grunnlag i resepsjonen, tre grupper som særleg viktige i salmediktinga til Blix:

a) Dei nasjonale salmane
b) Påskesalmane (sannsynlegvis er det somme som vil framheve julesalmane, men eg trur det er rett å karakterisere Blix som påskediktar)
c) Morgon- og kveldssalmane

Alternative synspunkt er velkomne.

"Sjå, dagen sprett" er vel den av dei fire morgon- og kveldssalmane som står mest utsett til. Den er ikkje så mykje i bruk, og den inneheld somme antikverte ord. Det er kan hende grunnen til at Norsk Salmebok har kutta ut det andre av dei fem versa, det som byrjar "I Morgonstund / Ved Uppstadmund / Eg vil min Skapar lova." Teksten er nokså enkel og rett fram, på sett og vis i slekt med "Herre Jesus Krist" som den deler tone med.

For meg fekk denne salmen ein renessanse i framføringa til Marit Mattisgard og Dvergmål. Siste linja gav jamvel namn til Blix-plata deira: "Song i himmelsalar".

Laurdagens Blix
Heile salmen
Førre utgåva (1883)
Norsk Salmeleksikon nr. 3415
# lagt inn 23.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.2.06

Analfabetisme 

Klassekampen har intervjua Roy Jacobsen, under overskrifta "Krigen mot islam". Jacobsen presterer mellom anna følgjande kraftsats:
Jeg tror islam bidrar til å opprettholde fattigdom og analfabetisme, blant annet ved at myndighetene kontrollerer flyten av informasjon.
Ein kan diskutere mangt av det han seier, men lat meg fokusere på analfabetisme. Eg vil påstå, utan å kunne talfeste det, at islam og jødedom gjennom historia gjennomgåande har vore betre på alfabetisering enn det kristne Europa, sjølv om vi har kome oss etter kvart. Grunnen? Den sentrale stillinga til dei heilage skriftene. I islam som i jødedommen fanst eit levande ideal om at kvar einaste gutunge skulle nå så langt i lesekunsten at ein sjølv var i stand til å lese den heilage teksten, somme stader og tider har det til og med vore vanleg at ein sjølv skulle skrive sitt eige private eksemplar av teksten (det er verd å minne om at lesekunne og skrivekunne er to ulike ting, det er mange som har lært å lese utan å kunne skrive).

Det er all grunn til å ha eit kritisk fokus på analfabetisme, særleg frå eit kvinneperspektiv; det har ofte ikkje vore høgt prioritert å lære kvinner lesing og skriving. Men å hevde at islam i seg sjølv bidrar til å oppretthalde analfabetisme, er vestleg hybris av heilt historielaust merke.
# lagt inn 22.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Toneleie 

"– Jeg synes generelt at sangene går for høyt i kirken. Det gjør at folk synger svakere, og ligger en oktav lavere enn organisten spiller, mener Rune Larsen.
Artisten har mye salmesang på samvittigheten. Han tror at han også har menighetenes sangstemmer bak seg i det han sier.
– Det er de flinke sangerne som tar i. Mitt inntrykk er at vanlige kirkegjengere synes sangene går for høyt, fastslår han" i Vårt Land. Det er ikkje alle organistar som er samde med han. NRK følgjer opp.
NRKs musikkjournalist Torkil Baden mener årsaken til at det er blitt vanskelig å synge de høye tonene er at vi i løpet av de siste hundre årene er blitt fysisk høyere.

Dermed blir strupehodet strukket, slik at stemmen vår blir dypere. På den måten blir det vanskelig å synge de lyseste tonene.
Baden er sjølv kyrkjemusikar med lang røynsle. Han er inne på noko der. I tillegg har moderne musikkinstrument pressa registeret oppover. Ein a i dag er høgare enn ein a på Bachs tid.

Eg er sjølv tenor, men eg har sympati for det Rune Larsen tek opp. Men skal tonehøgda leggjast ned, nyttar det ikkje berre å transponere ned dei eksisterande arrangementa i koralbøker og slikt. Dei er skrivne for ein bestemt frekvens og tapar seg mykje i klang om dei blir transponerte ned. Det finst mange døme i Norsk Koralbok. Det tydelegaste er Lindeman-tonen "Kirken, den er et gammelt hus". Nei, ny vin i nye skinnsekkar, nye arrangement til tonar som blir lagt ned, takk.
# lagt inn 22.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.2.06

Gravkapell 

Fædrelandsvennens reportasje Kritiserer trist gravkapell høyrer rett nok (ut frå dateringa 16.09.2005) til kategorien nest siste nytt, men BlixBlog publiserer gjerne eldre nyhende enn som så, så vi tek med denne også:

"I går ettermiddag viste kirkesjefen Fædrelandsvennen flere eksempler på behov for å gjøre noe med kapellet Helge Blix tegnet i 1927."

Helge Blix (1877-1952) var nest eldste son til Elias Blix og bygningssjef i Kristiansand. Kapellet ved Grim kyrkje er verneverdig, men oppussing er lov.
# lagt inn 21.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.2.06

Byste 

Mange aviser har formidla denne NTB-meldinga i helga, Romsdals Budstikke får vere representant for dei:
Kjell Magne Bondevik skal hedres med en byste utenfor Bjørnsonhuset.

Det er nyhetsbyrået NTB som melder dette lørdag kveld. Ordfører Jan Petter Hammerø bekrefter overfor nyhetsbyrået at bysten skal avdukes i forbindelse med Kristelig Folkepartis fylkesårsmøte i Molde første helga i mars.
Ein høveleg kommentar kan vere den gamle sjøoffiser og stortingsrepresentant Ketil Motzfeldts dagboksnotis frå 01.07.1884, dagen før statsrådane for første gong i historia fekk møte i stortingssalen:
Ved Eftermiddags-Mødets Slutning, da allerede endel Medlemmer vare hjemgaaede og Forsamlingen var i Opløsning, blev af Præsidenten (Steen) refereret Andragende fra Hølaas m. Fl. om Tilladelse til at opstille Joh. Sverdrups Buste i Forsamlings-Salen, og derhos blev foreslaaet at foretage Sagen strax. Jeg gjorde Indsigelse, mente at Spørgsmaal om at stille op her Buste af levende Mand forekom nu for første Gang, og at Sagen derfor burde udlægges.
Saka kom opp til debatt i stortingsmøtet 4. juli. Motzfeldt stemte, ikkje overraskande, mot prosjektet.

Og no lurar eg berre på når Kjell Inge Røkke kjem på sokkel som parhest til Bondevik i Molde.
# lagt inn 20.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.2.06

Karikatur 

I Dagbladet laurdag 18. februar skriv universitetsbibliotekar Bredo Berntsen om "Karikatur og sensur". Sitat:
Våre fremste karikaturtegnere gjennom tidene - Olaf Gulbransson og Ragnvald Blix - opplevde imidlertid de tyske myndighetenes misbilligelse da de tegnet i det briljante bladet Simplicissimus som ble grunnlagt i 1896. Det ble ledet av Thomas Theodor Heine som samlet rundt seg en stab av ypperlige tegnere og skribenter. Heine selv ble fengslet så ofte - blant annet for majestetsfornærmelse - at han måtte ta i bruk sin bror som «Sitzenredakteur».
Så er Ragnvald Blix dregen inn i debatten om Muhammad-karikaturane.

Vel, når sant skal seiast, var ikkje Berntsen først ute. Både Fædrelandsvennens Finn Holmer-Hoven (10.02.06) og VG (08.02.06) var tidlegare.

No er ikkje religion noko spesielt hyppig tema hos Ragnvald Blix, men det førekjem. Ein og annan jøde spelar ei rolle i utkanten av dei skarpe antinazistiske teikningane frå siste verdskrig. Eit knippe andre, for den som greier å ta tidskoloritten (frå Simplicissimus 1909-1911):

RELIGIONSUNDERVISNING VED DET ENGELSKE HOFF (konge med slåbrok og langpipe til religionsundervisande prest): "De får ikke innprente den unge prinsessen vår religion så dypt at det blir vanskelig for henne å gå over til en annen når hun gifter seg".

OM BARNEDÅPEN (lærar til skoleklasse): "Hva gjør nu en kristen mor, som vil sørge godt for sitt lille barn, før noe annet, - nå, Else?"
"Hun stevner faren for underholdningsbidrag."

PASTOREN PÅ EKTESKAPSMARKEDET: "Denne damen tror jeg ville være et passende parti for herr pastoren. Hun er riktignok fattig, men meget from." "Kjære venninne, skaff meg heller en rik, ugudelig en, så jeg kan ha gleden av å omvende henne!"

Og ein svært tidstypisk, frå 1935:
OXFORDISME. "Elskede, jeg er så lykkelig - jeg har bekjent offentlig at jeg har bedradd deg --"
(Tok du den? I så fall må du kjenne litt til eit viktig fenomen i mellomkrigstidas kyrkjeliv her i landet, den såkalla Oxfordrørsla.)

Mitt yndlingssitat frå Ragnvald Blix gjeld likevel hans fars gode ven, Oslo-biskopen Anton Chr. Bang:

Da den svensk-norske kirke i Paris skulle feire 100 års jubileum, kom biskop Bang ditned. Chr. Krohg ville intervjue ham [for Verdens Gang[, men ble ikke sloppet inn. Han kom til meg og beklaget seg. "De kjenner ham jo godt, kan De ikke oppsøke ham og spørre ham ut?" Jo da, jeg slapp inn og ble mottatt hjertelig og uten mistanker. Siden gikk jeg hjem og tegnet ham og ga Krohg karikaturen. Bang var ingen vakker mann.

Så kom Verdens Gang med 2 intervjuer, det første var undertegnet Chr. Krohg, og der sto bare at biskopen ikke hadde villet motta ham, derfor sendte han Blix i stedet. Det annet, også skrevet av Krohg, var undertegnet Ragnvald Blix. Det var et langt frekt intervju, ikke et sant ord.

Men Bang var en overlegen mann. Da jeg noen tid etter traff ham på gaten i København, og han vennlig spurte hva jeg bestilte der og jeg, som sant var, svarte at jeg karikerte danske diktere, ønsket han meg guds velsignelse hertil.

Blix: En kavalkade gjennom 50 år (Oslo: Dreyer, 1952),15-16

# lagt inn 19.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.2.06

Enda meir Ibsen 

Morgenbladet har ei stor Ibsen-dekning denne helga. Lasse Midttuns intervju med biografen Ivo de Figueiredo er visst tilgjengeleg for alle. For å lese meldinga til Ståle Dingstad må du vere abonnent. Nokre utdrag:
Kildearbeidet er etter min oppfatning det viktigste ved boken. Det viser en bred orientering, stor nøyaktighet og godt skjønn.
...
Nå kan man ikke få med seg alt i en biografi. Det er heller ikke målsettingen. Her og der kunne derfor gjerne de mørke flekkene forblitt mørke. Men der biografen ikke har gode nok kilder, ser han ingenting i veien for å supplere med gamle myter. Og der han har gode kilder, går han likevel ikke av veien for å holde fast ved mytene. Det synes jeg er problematisk.
...
Ivo de Figueiredo er best som historiker. Som litteraturhistoriker er han mindre selvstendig, henvist til Ibsenhåndboken og andre sekundære kilder. De to viktigste kildene til Ibsens dramatikk utelater han helt. Det er Holbergs dramatikk og tidens aviser.
...
En biografi kan aldri si alt. For denne biografen gjelder det likevel å si så mye som mulig – til så mange som mulig.
Ut fra forestillingen om å gi noe til alle, må man innrømme at han har lyktes. Ivo de Figueiredo er Ibsen-forskningens svar på John Carew: Med spisskompetanse som historiker har han levert en faglig og folkelig fremstilling som kan sjarmere i alle miljøer. Og på sikt, det vil si når neste bind foreligger, kan han sikkert skyve Michael Meyers biografi over sidelinjen og ta opp konkurransen med historikeren og Ibsen-biografen fremfor noen – Halvdan Koht.
# lagt inn 18.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Ditt Minne, Jesus, er so søtt, / Det Gleda giv i Hjartat stødt.
Men søtare enn alt daa er / Du sjølv, naar du er med oss her.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 146

Det er visst lenge sidan du har fått ein salme no. Til gjengjeld skal du i dag få den lengste av samtlege Blix-salmar, gjendiktinga av nattverdsalmen "Jesu, søde Hukommelse" (eller "Din dyre ihukommelse", eller "Jesu dulcis memoria"), heile 35 strofer. Eg må innrøme at eg har vanskeleg for å mobilisere den store begeistringa, dette er for søtt, inderleg og individualistisk etter min smak. Men salmen har vore mykje sungen, i tallause gjendiktingar. Opphavet er uvisst. Blix og tradisjonen tilskriv Bernhard av Clairvaux salmen, i Norsk Salmebok (nr. 635, ny nynorsk gjendikting av Arve Brunvoll) heiter det berre: "latinsk 1100-t". Det er nok Johann Arndts Paradisis Urtegaard som har skaffa salmen den faste plassen i dansk-norsk tradisjon.

Januar-Blix
Heile salmen
Norsk Salmeleksikon nr. 2071
# lagt inn 18.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.2.06

Nye Tider 

Fred er komen, Fridomen er grunnfest i gamle Norig,
me hev fenget Johan Sverdrup til Ministar.

Torsdag den 26de Juni Kl. 12 utnemnde Kongen:
Til Statsministar:
Johan Sverdrup, Statsministar i Kristiania.
Generalkonsul Ole Richter, Statsministar i Stockholm.
Til Statsraadar:
Landsdomar Ludvig Daae.
Landsdomar Aimar Sørensen.
Prest Jakob Sverdrup.
Bonde Baard Haugland.
Byrettsdomar Jakob Stang.
Professor Elias Blix.
Lensmann Arctander.
Den tiande er inkje utnemnd endaa.

Det utrulege hev hendt, me kann inkje Gud fulltakka.

Norig hev vunnet att sin Heider fraa forne Dagar, inkje med blodugt Sverd, men med Sanning og Retts gjæve Vaapen.

Fremst skrid no Norig millom Nordlandi, no er me kanskje det friaste Folk i Verdi.

No vert her sælt i gamle Norig, no skal me byggja paa heimleg Tuft.

No skal Kvarmanns Dugleik finna sin Plass; no skal kvart sant Krav i Folket koma til sin Rett.

Det som Mannsaldrar hev stridt for, det som vaare beste Menn hev blødt for, det som me hev vonat, men aldri kunnat tru – det hev me naatt, Fred i Landet, Samarbeid millom Konge og Folk. No vert Kongedømet fast i Landet.

Lat Bakstrævet dundra, dei vil tverrast burt som ein Røyk.

Me vil minnast Dagen, me vil heidra Kongen, me vil takka vaare gjæve Menn. Heider og Heppa fylgje vaar fyrste Mann – Johan Sverdrup. Tvo Dagar skal kransa hans Minne: den 9de Juni 1880 og den 26de Juni 1884; 17de Mai er den 3dje Blomen i denne Kransen. Tri Fargar i Flagget vaart, og tri Festdagar for Folket – denne Jonsokdagen skal inkje verta den minste. No sit det i Styret Menn som hev vaar fulle Lit; kor her vert trygt og godt i Landet! Ein Bonde er komen inn i Kongens Raad.

Lenge, lenge skal dette Styret standa!

Fire fullgode Maalmenn hev me fenget i Regjeringi – og so Statsministaren sjølv den 5te. Menn som i Stortinget hev talat so gildt for vaar Sak, og Professor Blix, so varm ein Hug for Maalsaki er det faae som eig, ein Meistar i skriva Landsmaalet; saart vil det norske Samlaget sakna hans gjæve Pen, men Hjelpi hans fær me att paa andre Leider, ingen Talsmann for oss kunde me heller ynskja i Kongens Raad enn han.

Lyfte upp Hovudet Maalmenn og vere hugheile, no tarv ingen blygjast lenger.

No skal Maalsaki verta eit av dei fyrste Arbeid i Landet. Tidi er komi, no norske Menn og Kvende, lat oss arbeida, fast og utføyteleg, so hev me Sigeren i Hende.

Lat oss visa oss som Fridoms verduge Søner.

Striden er endt, Arbeidet skal taka til. Fred og Sæla skal byggja i Dal og Fjord.

(Fedraheimen 28.06.1884)

------

Nynorsk høgstil anno 1884. Det blei litt meir kvardag og krangel etter kvart.
# lagt inn 17.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.2.06

Statsreligion 

Eg meiner å ha proklamert det synet her på BlixBlog at kyrkja bør skiljast frå staten. Eg finn det naudsynt å proklamere at eg også er i mot andre former for statsreligion. Om du skulle lure på kva som er den norske statsreligionen, kan du lese Vårt Land i dag:
Sogneprest Nils Øyvind Kjøl i Vestfold flytter gudstjenesten i Vivestad kirke to timer førstkommende søndag. I stedet rigger han opp en storskjerm foran alteret i kirken.
...
Han flytter gudstjenesten to timer og inviterer menigheten til å komme og se på herrestafetten i kirken.

– Vi kan ikke konkurrere med en topp sportslig begivenhet, sier han til Tønsbergs Blad.
Han mener at flyttingen av gudstjenesten er en ren nødvendighet.

– Herrestafetten er OLs høydepunkt og noe alle vil ha med seg. Ettersom den starter klokken 10 og varer til klokken 12, kunne vi risikere at ingen andre enn meg, organisten og kirketjeneren dukket opp i kirken, sier den sportsglade presten.
Av frykt for konsekvensane skal eg avstå frå å nytte ytringsfridommen min til å seie mi hjartans meining denne gongen. Eit tidlegare oppgjer med fotballtrua har lært meg at ein ikkje bør tulle med det heilage, folk som lever og brenn for slikt er truande til litt av kvart.
# lagt inn 16.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Meir Ibsen 

I dag er det Ibsen i alle kanalar, etter gårsdagens utgjeving av Mennesket, første del av Ivo de Figueiredos biografi.

Meldingar
Intervju og presentasjonarMykje mytologi og lokalpatriotisme, altså. Så ventar vi på ein ny biografidebatt.
# lagt inn 16.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.2.06

Grundtvig-seminaret 

Salmediktaren Grundtvig og det danske i det nynorske
er tittelen på arrangementet Uranienborg kyrkjelyd, Norsk hymnologisk forening og Nynorsklaget skipar til helga 20.-21. mai 2006. Programmet er tredelt:

KONSERT
Laurdag 20. mai 2006
kl. 10.00–10.40
Uranienborg kyrkje
Sigvald Tveit

SEMINAR
Laurdag 20. mai 2006
kl. 10.55–15.45
Uranienborg Menighetshus
Daasgt. 17, 0259 Oslo

Erik A. Nielsen, Arild Mikkelsen, Synnøve Heggem, Anders Aschim, Jan Lindhardt, Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

HØGMESSE
Søndag 21. mai 2006
kl. 11.00
Uranienborg kyrkje, Oslo
Grundtvig-salmar

Eg ser særleg fram til å høyre dei danske deltakarane, professor Erik A. Nielsen og biskop Jan Lindhardt. Lindhart skal også vere predikant ved høgmessa på sundagen.

Fullstendig program og påmeldingsslipp.
# lagt inn 15.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Heilage bøker 

Under den lite originale overskrifta Bibelsalg til himmels melder Dagbladet i dag:
Denne uka er «Det nye testamentet» på toppen av Boklista, som utarbeides av Den norske Bokhandlerforening.
No FØR Anne B. Ragde på lista, altså. Sjefane mine, forlagssjef Turid Barth Pettersen og Hans-Olav Mørk, er intervjua.

Også Koranen sel godt for tida. "Dobbelt så mye som før," melder same avis.
# lagt inn 15.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Ibsen 

I dag kjem første del av den nye Ibsen-biografien til Ivo de Figueiredo, Henrik Ibsen: Mennesket. Vi får vel høyre ein del om den i dagane framover. Ingunn Økland melder boka i Aftenposten i dag. Mottakinga hennar er litt lunken: "En stilsikker Ibsen-biografi for vår tid, uten bebudede nytolkninger av forfatterens liv og virke."
Etter som fortellingen tar form, foregir forfatteren stadig oftere å korrigere Ibsen-forskningen. Men når alt kommer til alt, viser det seg at hans egne tolkninger og kilder i liten grad avviker fra tradisjonen. Dermed oppstår det en slags overbudsstemning i "Mennesket" - og det på helt avgjørende punkter i Ibsens biografi.
Meir entusiastisk er Tom Egil Hverven i NRK:
Ivo de Figueiredos biografi tegner til å bli den beste biografien som er skrevet for et allment publikum. Det første bindet beskriver fyldigere enn tidligere biografer hva som var problematisk i Ibsens forhold til Norge.
Og i ettermiddag går diskusjonen i Boktilsynet på NRK P 2.
# lagt inn 15.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.2.06

Logen 

Oscar Berg (Salten Museum Gildeskål) har eg også fått ei gild sending frå. Han fortel mellom anna: "No har eg og funne eit bilete frå 1910 (??) som syner Elias
Blix Minneloge i Gildeskål." Er dei ikkje flotte?

# lagt inn 12.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Grieg 

Aage Myksvoll har gjort meg merksam på den fantastiske digitale tilrettelegginga av brev til Edvard Grieg i Bergen offentlege bibliotek. Her er Elias Blix omtala i fleire brev. Dei fleste er frå norske komponistar som har skrive til Grieg for å få anbefaling om offentleg stønad, og Blix er nemnt i eigenskap av kulturminister. Dette gjeld brev frå Catharinus Elling (31.12.1884), Ole Olsen (12.01.1885 og 18.07.1885, og Johan Selmer (05.06.1885). Det kan vere av interesse å nemne at Olsen, Selmer og Blix var samtidig i Leipzig i året 1871-72. Ole Olsen var dessutan sentral i Nordlændingernes Forening. Vurderingane deira av statsråd Blix er nokså ulike.

I tillegg er det eitt brev frå Karl Svensen (27.09.1898). Han sender Grieg ein melodi til Blix-diktet "Modersmaalet" og bed om respons. Det finst altså minst ein tone i tillegg til Sindings.

# lagt inn 12.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Ryktebørsen 

Av dei meir underhaldande delane av Bernadotte-arkivet er Yngvar Nielsens brev til sin elev og ven kronprins Gustaf (seinare kong Gustaf V), spesielt dei frå hausten 1883, medan riksrettssaka mot regjeringa Selmer stod på. Her er sterke (Høgre-)meiningar og ein flora av kraftige personkarakteristikkar og rykte. Her er eit om Venstre-høvdingen Johannes Steen, Elias Blix sin tidlegare overlærar og sjef, no stortingspresident og seinare statsminister (formidla 17.09.1883):
Rektor Steen skulde forleden dag reise ud til en middag hos en radikal kjøbmand Lunde ved en af vestbanens smaastationer. Uheldigvis kom han ind i hurtigtoget, der ikke stanser ved disse; men han vilde alligevel ud og præsenterede sig for konduktøren som "Storthingspræsident Sten," der vilde af ved Sandviken eller Slæbenden. "Nu er De kun jernbanepassager Sten," skal konduktøren have svaret, "og maa gaa med til Asker." Ved dette absolute veto blev det.
# lagt inn 12.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Oscar II 

Eg er heime att etter ei veke i selskap med kong Oscar II. Det har vore svært lærerikt, ikkje minst å bla i korrespondansen mellom kongen og Johan Sverdrup.

No er Sverdrups regjeringstid nokså grundig handsama av tidlegare historikarar, og mange har også nytta dette materialet i Bernadotte-arkivet. Eit og anna nytt har eg likevel å kome med, fordi eg frå andre hald har fått tak i kjeldemateriale som ikkje har vore tilgjengeleg for andre som har skrive om perioden. I alle fall på tre punkt har eg ny eller meir nøyaktig informasjon enn det ein tidlegare har kjent til:
  1. Konflikten mellom Elias Blix og Jakob Sverdrup om kyrkjedepartementet i juni-juli 1886. Jak. Sverdrup hadde styrt departementet medan Blix var statsråd i Stockholm eitt år, og det oppstod ei heftig usemje om kven som no skulle vere kyrkjestatsråd. Kompromissløysinga blei at Jak. Sverdrup fekk ha departementet nokre månader ekstra for å få fullført ein del saker han var midt oppe i, men så tok Blix over.
  2. Den såkalla "oktober-krisa" i 1887. Etter at framlegget til lov om sokneråd fall i Odelstinget sommaren 1887, sprakk Sverdrup-regjeringa. Fire statsrådar, Elias Blix inkludert, gjekk ut av regjeringa i februar 1888. I månadane før var det drive eit intenst politisk spel, mellom anna under interne forhandlingar i statsrådet i oktober 1887.
  3. Saka om professoratet i latin ved universitetet i Kristiania (oktober 1887-april 1888). Meir enn noko var det nok denne einskildsaka som dreiv Blix ut av regjeringa.
Derimot har eg lite nytt å melde om korleis Blix kom inn i statsrådet i 1884, eller om jamstellingsvedtaket i 1885 eller Kielland-saka (1885-1887) eller soknerådssaka (1887). Det vil seie, eitt og anna har eg frå andre kjelder, og eg har nokre tankar om kor meir kan vere å finne.

Visste du forresten av Oscar II personleg engasjerte seg i spørsmålet om ny høgmesseliturgi for den norske kyrkja? Her måtte kyrkjestatsråden gjere greie for ei rad konkrete punkt som kongen helst hadde sett lagt nærare den svenske liturgien, ser det ut til.
# lagt inn 12.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.2.06

Stockholm att 

I dag bloggar BlixBlog frå Stockholm. Eg sit pal i Riksarkivet denne veka, med materiale frå Bernadotteska Arkivet, brakt inn med bud frå Ulriksdal slott. I dag har eg gått gjennom ein heil del brev i privatarkivet til kong Oscar II. Det eine frå Blix (desember 1887) visste eg alt så nokonlunde innhaldet av, eg har funne ein kladd Blix hadde arbeidd svärt mykje med tidlegare. Men eg har også lese mange interessante brev frå Ole Richter og särleg frå Johan Sverdrup. Eg kjem til å ha ein god del nytt å fortelje om Blix si tid som statsråd, utan at eg skal rröpe alt her, berre nemne at eg har mykje materiale som kastar lys over tilhövet mellom Elias Blix og statsrådskollega Jacob Sverdrup. Det er også ein del krydder til velkjende episodar som nederlaget i soknerådssaka og "Albertine-saka", den siste fölgde kongen nöye med på. Og så er det den saka som sannsynlegvis hadde mest å seie da Blix trekte seg som statsråd i februar 1888: Professorposten i latin ved universitetet.

I morgon held eg fram med Sverdrup-breva. Eg har endeleg nok arbeid for heile veka.
# lagt inn 7.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Melling 

BlixBlog har gleda av å helse den nystarta bloggen Musikk og litteratur vel mött. Bloggförar er Aage Myksvoll (han og eg har ei felles fortid som musikkstudentar for 25 år sidan, mellom anna med Vivaldis konsert for fire feler i h-moll, så vidt eg kan hugse), musikklärar m. m. m. på Fjellhaug skoler.

Aage presenterer for tida den lite kjende komponisten Einar Andreas Melling /1880-1949). Melling var född i Bergen, blei tidleg blind, men utdanna seg til ein framifrå organist, som både improviserte og komponerte. Av särleg interesse i denne samanhengen er det at Melling har skrive ein melodi til Blix-salmen "Gud signe vårt dyre fedraland", utgjeven i utgåve for sang og klaver på Warmuth, Kristiania i 1907, ifölgje verklista. Ytterlegare informasjon finn du her.
# lagt inn 7.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Merkedagar 

Det har vore litt travelt i det siste, så BlixBlog har ikkje fått markert

5. februar og 100-årsjubileet til Noregs Mållag. Festtalen til Olaug Nilssen kan du lese i hennar (Eit) eige rom med utsikt.

6. februar og Samefolkets dag. Helsinga frå sametingspresident Aili Keskitalo kan du lese på heimesida til Sametinget.

Post festum: Til lukke med dagane!
# lagt inn 7.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.2.06

Gammalt nytt 

Før helga får eg referere mitt vesle bidrag til debattsidene i Morgenbladet i dag:
Cicero og Cato
I det mediekritiske essayet "Speilvendingstrikset" i Morgenbladet 27. januar skriv komponist Helge Iberg mellom anna: "Det sies jo at Cicero alltid avsluttet sine taler i det romerske senatet med følgende parole: 'For øvrig er jeg av den mening at Khartago bør ødelegges.' Sammenlignet med andre politiske eller militære problemer var utfordringen fra det nordafrikanske kontinentet den største trusselen mot det romerske samfunnet, mente Cicero."
Cicero (106–43 f.Kr.) var ein stor talar som visste å nytte det offentlege rommet, men i dette tilfellet er han neppe det beste førebiletet for dei "revolusjonære speilknusere" Iberg gjerne vil at seriøse mediefolk skulle vere. Khartago var øydelagd alt under den tredje puniske krigen, i 146 f.Kr. Cicero opptrer her som ein rein etterplaprar, sitatet "Praeterea censeo Carthaginem esse delendam" må han ha etter den noko eldre senator Cato den eldre (234–149 f.Kr., nytta som hovudperson i Ciceros filosofiske dialog "Om alderdom"), og haldninga måtte verke temmeleg reaksjonær på eit tidspunkt da den romerske dominansen over dei vestlege delane av Nord-Afrika var udiskutabel. Kva for ein moral det eventuelt skulle liggje i dette for seriøse mediefolk, har eg ikkje heilt klårt for meg. Kan det vere "Sjekk aldri ei god historie"?
Ikkje akkurat Blix, men i det minste nynorsk. Det blei litt lektoralt, kan hende. Og eg var visst ikkje heilt snill denne gongen (ikkje denne gongen heller). God helg!
# lagt inn 3.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Barndomsnytt 

I dag er eg entusiastisk. Eg har lese gjennom eit manuskript av "sogneprest O. E. Flovik" datert 23. august 1914 med tittelen Et besøk i prof. dr. Elias Blix barndomshjem. Det er Oscar Berg, Salten Museums Gildeskål-avdeling i eigen person, som har sendt meg kopi av dei seks sidene. Så vidt eg veit, har dette aldri vore publisert. "Proveniensen er usikker, men jeg har mistanke om at det var blant en del papirer som ble samlet opp i et skap på prestegården under en vakanse", seier Oscar. Autentisiteten er i alle fall sikker. Dette er ei svært verdifull kjelde. Soknepresten har møtt både brukaren av barndomsheimen til Blix, halvbroren Peder Olsen, og heilbroren, Ole Ravik. Her kan ein kontrollere mykje av anekdotestoffet kring barndommen til Elias Blix, og i tillegg finst det ein del opplysningar eg aldri har sett før. Nokre utdrag:
(frå samtalen med Peder Olsen, Våg:)
Vi faar vite, at huset, hvor Elias sin opvekst [SIC], ikke længer eksisterer og vor vert peker paa tomten i nærheten der huset hadde staat. Tomten dækkes nu av frodig græs og vild blomster
...
Han hadde en inderlig glæde i sin mor; faren døde ved et ulykkestilfælde da Elias kun var 3 aar. En sten i fjeldet løsnet og traf Peder Vaag i hodet, mens han stod og fældte bjerk.
Av moren faat i arv dette fromme sind. Han syntes om at leke sammen med søskend [SIC] og gjevnaldrende [SIC] fra gaardene. Men i nærmere besittelse av læsekunsten gled leketankerne ut av barnesindet.
Bøkerne i morens reol fik nu i Elias en usvikelig ven, og i samfund med dem blev Elias gjætergut ad aarene professor.
I opveksten altid tjenstvillig mot moren. Mange aar gjætergut for gaardens buskap. Paa sine skoglige færder glemte han mindst av alt niste for aanden. Indunder Vaagsliens herlige bjerkehegn har Elias tilbragt mange interessante læsetimer.
Han var til like musikalsk og førte nu og da farens violin med til skogs, men da han ikke kunde præstere et saa fængslende spil som hin Grækenlands Orfeus, til hvis toner klipper og skov og dyr lyttet, hændte det, at buskapen han var sat til at gjæte, kom ind paa godtfolks eng og Elias fik i næste stund bruke sine ben like flittig som han i forveien hadde ført buen.

(frå samtalen med Ole Ravik:)
Vi hilser paa professorens bror. En ser straks ansigtets store likhet med den lærde brors.
...
Ole beretter videre med stille glæde om sin avdøde digterbror. Elias Blix fik sin første undervisning av en prestesøn Peder Bruun. Denne lærte ham skrivning, læsning og regning. Senere nøt han non [SIC] skolegang hos klokkeren i Gildeskaal, Hansen. Blev av ham ført frem til konfirmation. I den tid stod barn efter dygtigheten og Elias hævdet med glans den øverste plads paa kirkegulvet konfirmationsdagen. Det var i de gamle[?] enkle tider med gudfrygt og god kirkesøkning og ungdommen nødte pligtskyldig frem paa provste- og bispevisitaser. Og her var Elias et lys.
Saalænge han var hjemme, var han altid tilstede, naar moren holdt andagt. Efter tidens vis viedes særlig lørda[gs]kvælden til fromhetsøvelser.
Efter konfirmationen blev Elias Blix hjemme i 3 aar. Han tok i denne tid 3 gange til Lofoten paa fiske. Som sin store aandsfælle og ven A. Chr. Bang hadde ogsaa Blix en opslaat bok mellem angler og line. En gang i Lofoten blev han alvorlig syk av nervefeber og det stod om livet.
...
Som cand. theol. reiste han nu og da sammen med provst[?] Daae i Gildeskaal og assisterte ham ved katekisationer og skoleeksamener.
...
Siden 1856 [SIC, skal vere: 1866] var professor Blix ikke hjemme i Gildeskaal. Han hadde flere gange tanke om at gjeste Nordland, men det blev kun med "tankens trækfuglskare" han gjorde færden. Men han vedlikeholdt forbindelsen med hjemmet og fædrenebygden ved breve.
I 1902 var 4 av Blix’s børn nordpaa og avla besøk paa sin berømmelige fars fædregaard.
...
Professor Blix’s bror Ole Ravik er født 1839, han er fisker og gaardbruker. I 1863 kjøpte han Ravik, hvor han føder 8-9 kyr. Han har faat diplom fra den norske meieriforening for gjetost. Hans hustru Gjertine, født Mentzoni, har staat sin mand trolig bi i hans lange virkedag. De har hat 7 barn. Har nu overgit gaarden til den ældste søn.
...
Før avskeden foreviget fotograf Viking [som var med presten på turen, AA] besøket. Han og et billede av gaardens folk og mig. De elskværdige gamle i forgrunden. Den herlige li og fossen i bakgrunden kom ogsaa med. Efter det første tillatelige blunk meddelte hr. Viking, at det var lykkedes ham ogsaa at faa selve fosseduren med. Men her blev vi vantro.
...
Om Gildeskaals menighet er at melde, at den endnu ikke har tat Blixsalmerne i bruk.
Personleg er eg ikkje minst glad for fela, den var ny for meg. Og hugs fromheitsøvingane på laurdag!
# lagt inn 3.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.2.06

Daud 

Den siste sendinga frå Per Halse får eg referere før eg legg meg. Den inneheld ein artikkel frå Norsk Skoletidende (nr. 40 – 1. årg.) 1869, side 316-18. Bladet kom ut på Hamar, og var redigert av Nils Hertzberg, cand. theol. og seminarstyrar. Det handlar om det nyleg utgjevne første heftet av Nokre Salmar:
Jeg, som skriver dette, er en Bonde, der er glad i sit Maal, og snaut nok har jeg nogensinde taget en Bog saa glad, som da en god Ven i Byen sendte mig 'Nokre Salmar'.

Først Søndagskvelden kom, fik jeg nogle Grander ind til mig, og vi sang og leste Salme efter Salme, og vi syntes alle meget godt om dem, ja saa godt, at vi vare enige om, at vore gamle vakre Salmetoner først fik sit rette Udtryk, naar Ordlaget var sligt.
Innsendaren reagerer rett nok på eitt ord: Dauden blir i sterkaste laget. Han er ikkje den einaste som har meint det. "Kunde det da skjemme Maalet ud, om man brugte Formen Døden for Dauden?" spør han. Men redaktøren, som kjenner Hardanger-målet godt, forsvarer ordet og legg for eiga rekning til:
Hvorfor skulde det Sprog, som er det naturlige Udtryk for Ens Tanke og Følelse (og det er det vakre alderdomsagtige Bygdemaal i Hardanger) ikke ogsaa være det friskeste og sandeste Udtryk, naar man taler med sin Gud?
Men ein ting veit verken Per eller eg: Kven var den anonyme Hardanger-bonden som skreiv i "Skoletidende"?
# lagt inn 2.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Completorium frå Ørsta 

Men før eg kjem meg til Sverige skal eg til Hadeland, meir presist: Til Tingelstad kyrkje på Brandbu for å spele. Ved konserten sundag kveld kl. 18.00 framfører orkesteret mitt Haydns Nelson-messe, saman med koret Schola Sancti Petri, dirigent Trond Kverno og eit svært godt solistlag. Meir kan du lese i Oppland Arbeiderblad.

Lesarar av BlixBlog vil nok ha vel så stor interesse av det andre verket, Trond Kvernos Completorium in noctibus - med undertittelen "Variasjonar over folketonar frå Ørsta". Verket er framført før, i ein versjon for kor, solistar, orgel og blåsarar. Men ein ny versjon med fullt orkester blir uroppført sundag. Terje Aarset og Per Halse burde jo ha gått på sine bein frå Ørsta for å få med seg den opplevinga, men det er litt seint å begynne no.

Eg har ei særleg personleg glede av å medverke her, eg har kraftige røter på Hadeland. Farfar kom frå ein av Aschim-gardane, som ligg i lia rett nedfor Tingelstad kyrkje. Fleire av gardane er i dag drivne av mine tremenningar.
# lagt inn 2.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Bestseljar 

Tønsberg Blad melder i dag - under overskrifta Bibelsalget til himmels:
Det nye testamente er en av landets mest solgte bøker for tida.
Interessen for den nye utgaven av den gamle boka er så stor at førsteopplaget på 34.000 snart er utsolgt. Nå må forlaget starte pressa på nytt for at det skal bli nok til alle som vil ha.
Og det er mange. Siden forrige måling har boka klatret åtte plasser på Bokhandlerforeningens bestselgerliste og er nå inne på tredjeplass i sjangeren skjønnlitteratur. Foran "Harry Potter". Foran "Da Vinci-koden". Foran alle. Unntatt Anne B. Ragdes "Eremittkrepsene" og C.S. Lewis' "Legenden om Narnia".
(via Bok og Samfunn)
# lagt inn 2.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix-biografinytt 

Dei kommande tre vekene har eg permisjon frå Bibelselskapet og samanhengande skrivetid til disposisjon. Neste veke kjem eg til å vere i Stockholm for å arbeide med arkivmateriale frå Bernadotteska arkivet, særleg Oscar IIs privatarkiv.

Elles har eg fått ein del svært interessant materiale tilsendt i løpet av den siste veka, frå dei gode hjelparane Oscar Berg i Gildeskål og Per Halse i Hovdebygda. Du skal få høyre om det i løpet av morgondagen.
# lagt inn 2.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Fosse-nytt 

Aftenposten har eit stort oppslag med tittelen "Vårløsning for Fosse", i samband med kveldens urpremiere på Jon Fosses "Rambuku".
# lagt inn 2.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Løvland-nytt 

Eg har forsømt meg når det gjeld Løvland-nytt i det siste. Så eg har ikkje referert utanriksredaktør Bjarte Botnens melding i Vårt Land (18.01.2006) av biografien som Per Eivind Hem har skrive. Det må eg rette på. Botnen er svært begeistra, og sluttar slik:
Og nå er det en glede å kunne slå fast at den kloke og sterke mann har fått en biografi som er ham verdig og som gir et nært og nyansert bilde bilde av en stor politiker som passet inn i en vanskelig, men spennende tid. Dette tjener Per Eivind Hem til ære – og boken er en stor glede for oss andre.
# lagt inn 2.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.2.06

Spørjekonkurranse 

"Første juledag 1884 song Lårdal kyrkjelyd i Telemark salmen 'No koma Guds englar' under høgmessa i kyrkja. Det hadde dei ikkje lov til. Salmen var dikta av den personen som då var kyrkjeminister i Noreg, men salmen var ikkje godkjend til bruk i kyrkjene. Kven var kyrkjeminister i 1884?

a) Elias Blix
b) Bjørnstjerne Bjørnson
c) Arne Garborg"

Slik lyder dagens spørsmål i spørjekonkurransen "Viljen til språk".
Svar her.
(Via Per Halse)

Og da får eg drive litt Samlagsreklame med det same: I dag lanserer Samlaget boka Viljen til språk av Ottar Grepstad - same veke som Noregs Mållag markerer 100-årsjubileet sitt.
# lagt inn 1.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?