<$BlogRSDUrl$>

30.9.05

Hieronymus 

Det er minnedagen for den heilage Hieronymus i dag. Om du skulle lure på kvifor BlixBlog finn grunn til å markere den, kan du lese Henrik Syses "Signert"-spalte i Aftenposten.
# lagt inn 30.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.9.05

Dagens Blix 

Kvat tykkjer du um Jesus Krist? / Det maa du, Syndar, vita visst,
So du kann Herren svara.
For finn du ikkje Svaret fyrr: / Naar han ein Dag som Domar spyrr,
Daa vil du illa fara.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 126

Heile salmen
Måndagens Blix
# lagt inn 29.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.9.05

Ungbloggar 

Eg har så vidt nemnt den yngste nynorske bloggaren på nettet. No kan du sjølv sjå kva han har på hjartet i Bloggen til Guffen. Dette er ein ung mann vi kan vente oss mykje av (som Vinje og Aasen i si tid sa om Elias Blix).
# lagt inn 27.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.9.05

Blix, Bill, Baker 

Stein Kagge: "En dåm av så vel Elias Blix som Bill Evans og Chet Baker svever over rillene på Tore Johansens fjerde CD ..."

Les meir i Aftenposten.
# lagt inn 26.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Det store Bodord, Gud oss gav, / Som samanfatar alt hans Krav,
Det er det Ord: Du elska maa / Din Gud av Hjartans reine Traa.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 125

Ein kan seie mykje stygt om dogmatikk på vers.

Likevel, det er ikkje til å kome forbi at dette er eit framifrå stykke religionspedagogikk. Her finst, med enkle ord og bibelske vendingar, heile den klassisk lutherske læra om lov og evangelium, og den klassiske urkristne læra om kjærleikens makt. I desse dåpsopplæringstider er Blix-salmane verd eit fornya studium. Ein må nok gjere mange ting annleis i dag. Men noko har han å lære bort, den gamle og rutinerte religionslæraren.

Heile salmen
Sist sundags Blix
# lagt inn 26.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.9.05

Biskop 

Eg må hugse å nemne at vi har fått ny biskop her søraust i landet: Utnemninga av Helga Haugland Byfuglien var - same kva nokre generalsekretærar prøver å få spalteplass for å seie - høgst venta og lite kontroversiell. Velkomen skal ho vere.

Les meir på kyrkja.no.
# lagt inn 25.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.9.05

Sumargull 

No treng BlixBlog filologisk assistanse: Kjenner nokon ordet sumargull?

Dette er eit Blix-ord. Det gjekk opp for meg da eg fann det att i siste strofe av gravferdssalmen for svigermor Marie Hansen (på bokmål): "Her maa Høstens Løv / Falde af og dø i Muldet, / Siden gror dog Sommerguldet ..."

Min første tanke var Grundtvig. Det var eit villspor, så vidt eg kan forstå har G. ikkje nytta ordet.

Men Blix har brukt det før. I den første versjonen av "No koma Guds Englar", som stod i Svein Urædd 22.12.1870, førekjem det i tredje strofe: "I hardaste Vinter Gud Sumargull straar, / Og fagraste Knupp spring av Kviste." Likeeins i dei to første utgåvene av Nokre Salmar (hefte III/1875 og 1883).

Ikkje nok med det, alt i det tidlege diktet "Heimen", datert "Trumsøy" 30.11.1858, heiter det:
Dar jamt so kjennslafull
eg vandrade kring um dei Aakrar rike,
som med sitt herlegdyre Sumargull
meg helsade med Venleik utan Like,
og Tanken flaug til hann, som Markin kleder,
som med sitt gode Grøde Bonden gleder.
I ordbøkene til Ivar Aasen førekjem ordet ikkje. Men søk i metaordboka til Norsk ordbok gjev tre treff i setelarkivet. Det mest interessante sporet leier til den andre tidlege nynorskdiktaren frå Nordland, John Klæbo. I diktet "Nordland" (trykt i Songar og Sogor, 1898, s. 5) nyttar han ordet "Aakergull". Det minner jo om "Heimen" av Blix. Og i "Innmed Land II" (s. st., s. 15-17) finn vi strofa:
Fager Dal, so tarv du hysa / fridsæl Von med Lukka di.
Sumargull og Song vil lysa, / der ein Ulv sett stova si. -
Eg har ein mistanke om at "Ulv" kan vere ei misprenting for "Alv"; "Alvar" og "Alvheim" førekjem i dei to føregåande strofene, medan ulven verkar heller malplassert. Klæbo-dikta er daterte 1867 og 1869.

Den andre setelen i arkivet til Norsk Ordbok gjev att setninga "Ein annan gong bruka han Sumargull til ridehest". Eit namn? Kjelda er frå Stor-Elvdal i Hedmark, men på setelen står også skrive: "Veit itte hå det menes med sumargull".

Den tredje setelen refererer til Høeg, Ove Arbo, Planter og tradisjon. Setelen er ikkje lett å tolke, og boka har eg ikkje. Men det ser altså ut til at "Sumargull" er belagt som (folkeleg) plantenamn. Kva for ei plante, i så fall?

Her tek eg gjerne imot hjelp. Skriv ein kommentar (bruk kommentar-peikaren under), eller send meg ein e-post.

Ha ei god helg!
# lagt inn 23.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dødsfall 


Torsdag 20. november 1873 døydde Marie Hansen, f. Saxen, mor til Emma Blix, av "kronisk Gastrit". Til gravferda torsdag 27. november hadde svigersonen skrive denne salmen.

Laurdag 29. november nedkom Emma med ei dotter. Ho fekk namnet Marie.

Det må ha vore ei rar tid.
# lagt inn 23.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.9.05

Valfridom? 

"... beklager, men nei, redaktørane ville ikkje ha ei fast spalte på nynorsk."

Spaltisten er Olaug Nilssen, og denne gongen er det Aftenpostens påtenkte A-magasin som spør først og angrar etterpå.
# lagt inn 21.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.9.05

Valfridom 

I dag har Ottar Grepstad, direktøren ved Nynorsk kultursentrum, halde den femte årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur - i Gamle Logen i Oslo.

Eg var til stades, i Bibelselskapet syntest dei det var ein fornuftig idé å bruke arbeidstid på ein slik stad. Temaet for talen, "Prinsippet nynorsk", er kalkert over nymarxisten Ernst Blochs store verk "Das Prinzip Hoffnung" (og det gjev positive assosiasjonar; Bloch har også vore inspirasjonskjelde for ein viktig forfattarskap innanfor tysk teologi, Jürgen Moltmann og hans "Theologie der Hoffnung". Parentes slutt).

Delar av innhaldet kan nok verke resirkulert frå tidlegare årstalar. Men analysen av begrepet valfridom er aktuell (sjølv om valkampen er over for denne gangen) og interessant.

Mykje gildt folk var til stades. Eg fekk mellom anna ein god prat med Roger Lockertsen, som var mellomlanda på veg frå Tromsø til Stavanger. Og så hadde eg gleda å helse på Aslak, sannsynlegvis den yngste nynorske bloggaren på nettet, kan hende med noko hjelp frå far Eirik Helleve. Aslak sjølv låg i barnevogn.
# lagt inn 20.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Voluspå 

Oslo Symfoniorkester og Oslo Bach-kor framfører "Voluspå" av David Monrad Johansen og "Ibsen-kantate" av Johan Kvandal (teksten er prestens tale ved grava frå "Peer Gynt"), under leiing av Iver Kleive:
Helgerud kyrkje, Bærum, tysdag 20. september kl. 19.30
Universitetets aula, onsdag 21. september kl. 19.30
og seinare på turné til Island. Dit skal eg ikkje vere med, det skal derimot Sissel Kyrkjebø, men eg skal spele bratsj denne veka.

Omtale av programmet kan du lese her
# lagt inn 20.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.9.05

Oscar II 

For tida les eg det andre og "norske" bandet av kong Oscar II, Mina memoarer, som førebuing til ei påtenkt studieferd til Sverige. For meg handlar det om statsrådstida til Elias Blix, sjølvsagt (1884-1888). Dette er fantastisk lesnad. Kungen er ei alt anna enn påliteleg kjelde til norsk politisk historie. Dette er ikkje ein konstitusjonell monark med seremonielle oppgåver, det er ein politisk aktør som held med Høgre og avviser parlamentarismen. Problemet er ikkje så mykje det han seier (vel, på sine stader det òg), det er meir det han teier om. Det desidert mest morosame avsnittet for ein Blix-forskar er dette, frå band II, s. 158. Det handlar om ministerkrisa i februar 1888:
Därtill kom ytterligare schism i statsrådet. Statsrådet Blix yrkade avsked. Enträget bad jag honom avstå från en avsikt, som ju ej från hans sida var föranledd på grund av situationen. Lika enträget vidhöll han sitt yrkande. Det egentliga skälet kände jag ganska väl till. Det var oenighet och fiendskap med statsrådet Jacob Sverdrup, som alltifrån början med oblida ögon sett Blix träda i spetsen för ett departement vars dagliga bestyr tvivelsutan Sverdrup skulle skött bättre. Söndringen mellan de två hade oupphörligt tiltagit. Blix, till utseendet så from, var dock under ytan lidelsefull; därtill en långsint man från Nordland! Nu tyckte han tiden vara kommen, att med egen fördel låta sin ovilja bryta ut, och då försvunno för honom hans förpliktelser både mot mig, staten och kamraterna. Alla dessa voro alltför lätta motvikter för att hindra eller ens hejda under en sådan kris. Jag måste slutligen ehuru ogärna bevilja hans fordran, och så voro blott 4 statsråd, utom statsministrarne, kvar i tjänst.
Kungen har rett i noko. Det var eit svært anstrengt forhold mellom Blix og Jakob Sverdrup. Men han teier altså om mykje, mellom anna om ei konkret sak som nok var den dropen som fekk begeret til å flyte over for Blix. I den saka var kongen sjølv eit kraftig irritasjonsmoment for Blix.

Men "En långsint man från Nordland" er ein sjeldsynt fargerik personkarakteristikk av Blix, eg må få nytta den som overskrift ein eller annan stad i boka.
# lagt inn 18.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

17. Sundag etter Trieinings-Helg.
124.

Tone 115: O lad din Aand nu med os være.
Gud gjerer Godt paa Kviledagen,
Han verkar alltid tru og mild,
Endaa han alt i Edens-Hagen
Gjekk inn til Helg i evig Kvild.

Ja, Gud kvar Dag i Verdi verkar
Og all sin Skapning uppe held,
Og all vaar Trong hans Auga merkar
Og blundar aldri, naar det gjeld.

Og liksom Faderen arbeider
Fraa fyrste Upphav alt til no,
So verkar Sonen alle Leider
Og ingen Dag seg unner Ro.


Han Kviledag og Kvardag helgar
Ved all sin Dag aa gjera Godt:
Han hjelper, lindrar, lyser, fjelgar
I Naud og Armod, Sorg og Sott.

So vil han og, at me skal gjera
Kvar Livsdag til ein Heilagdag,
Hans Namn forkynna og hans Æra
I alt vaart Liv, i Lyd og Lag.

Me skal paa Herrens Dag vel kvila
Og stillt oss styrkja i Guds Ord,
Men og hans Kjærleik lata smila
I all den Sorg og Naud paa Jord.

Han vil, at me i Helg og Vyrka
Hans dyre Fotfar fylgja maa,
At me skal Gud med Kjærleik dyrka,
Med Trøyst til alle Trengde sjaa.

So gjer og du paa Kviledagen
Og kvar ein Dag i Stilla Godt,
Til eingong du i Himmelhagen
Vert sett til Høgbords med din Drott!

Sjaa ogso: Det er so godt aa vitja. No. 43.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 124

Du får like godt ein heil salme som "Dagens Blix" i dag, ein av dei ufortent gløymde. Dette er Elias Blix på sitt mest typiske, ikkje berre hage-bileta ("Edens-Hagen" - "Himmelhagen"), men også dei mange bibelreferansane og den karakteristiske kvardagsteologien.

Kvifor er det ingen som syng denne?

Måndagens Blix
# lagt inn 18.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.9.05

Presteromanar 

Med det same eg er inne på bøker eg ikkje har lese (enno):

Lars Amund Vaage har gjeve ut romanen Tangentane i haust. Hovudpersonen er ein mannleg vestlandsprest som heller vil vere pianist. Eg registrerer at mottakinga har vore noko delt, men eg har no planar om å få lese boka i alle fall. Eg var svært gripen av Kunsten å gå.

I fjor kom Hanne Ørstavik med romanen Presten, til og med på same forlaget. Her er hovudpersonen ein kvinneleg finnmarksprest.

Sjølvsagt blir dei to presteromanane samanlikna, og sjølvsagt er det prestar og andre som synest det er interessant at presten er blitt slik ein populær litterær figur. Om dette har eg ikkje noko djupsindig å seie, sidan eg ikkje har lese dei aktuelle bøkene (det er visst ikkje alle som ser noka hindring i det, men eg gjer).

Men eitt bidrag til ei historisk-biografisk lesing av bøkene kan eg ikkje dy meg for; historisk-biografisk lesing av litteratur er no eingong fullstendig intellektuelt ukorrekt for tida. Kva har desse to forfattarane felles, forutan prestefiguren og forlaget? Jau, begge har vore ivrige bibellesarar i seinare år; dei har nemleg hjelpt Bibelselskapet som konsulentar for den reviderte omsetjinga av det nye testamentet.
# lagt inn 17.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

I Glas og Ramme 


Som nemnt har Samlaget denne veka lansert Jørgen Løvland: Vår første utanriksminister av Per Eivind Hem. Eg fekk med meg lanseringa, som fann stad torsdag i lokala til Nobelinstituttet.

Boka er blitt ei 600 sider stor, grundig, vel illustrert og dokumentert framstilling av livet til setesdølen, læraren, målmannen, venstremannen, pressemannen, stortingsmannen, statsråden og leiaren i Nobelkomitéen - med ei unionsoppløysing, ein rettskrivingsreform og talrike jernbane- og telefonlinjer på samvitet.

Det vil ta meg noko tid å kome gjennom boka. Men dette vesle avsnittet (s. 264) må få plass alt i dag:
Professor og salmediktar Elias Blix var nok den som hadde største æra for at landsmålet etter kvart vann innpass i kyrkja, og våren 1901 var Løvland med og skipa til stor fest for Blix. Då Elias Blix døydde den 17. januar 1902, var det difor mange som sørgde. Salmar som "Gud signe vårt dyre fedreland", "Med Jesus vil eg fara" og vårsalmen "No livnar det i lundar" hadde festa seg i hjarta til folk rundt om i heile landet. Løvland tinga denne våren blitete av Blix til veggen heime, og skaffa eit til Froland også [til broren Anders, AA] - for "Jeg ved, Blix er en Husven hos eder i sine Salmer, saa Du lyt sætte ham i Glas og Ramme".
# lagt inn 17.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.9.05

I dag 

kl. 11.00 lanserer Samlaget biografien om Jørgen Løvland, skriven av Per E. Hem. Medan du ventar på at boka kjem i butikken, kan du jo vitje nettutstillinga Jørgen Løvland og1905 hos Aust-Agder fylkeskommune.
# lagt inn 15.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.9.05

Sørsamisk 

kyrkja.no
- Innsatsen for å styrke sørsamisk språk og kultur er for dårlig. Både Sametinget, norske og samiske utdanningsinstitusjoner og kirkens menigheter må nå oppdage at situasjonen er kritisk.

Dette sier leder av Samisk kirkeråd, Oddvar Andersen. Sammen med sine rådsmedlemmer drar han torsdag til et av de sørsamiske kjerneområdene; Majavatn i indre Helgeland. Der inviterer Samisk kirkeråd til temamøte om sørsamisk språk og kultur. I et stort samisk telt på stevneplassen i Majavatn samles tilreisende og lokale for å snakke om "Å uttrykke gudstroen gjennom språket og kulturen".
Les meir
# lagt inn 14.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Nytt kontor 

I dag var eg for første gong på jobb i det nye kontoret til Bibelselskapet, Bernhard Getz' gate 3, like ved Templet (Frelsesarmeen) i Oslo. Det er byggeplass der enno, Kyrkjas Naudhjelp skal flytte inn i halve huset seinare i haust, men 3. og 4. etasje er ferdig - eller nesten, da. Det blir fint, trivelege, opne rom. Eg er berre på kontoret ein dag i veka, og denne første arbeidsdagen har gått med til å få bøker opp i hyller.

Ein finn mykje interessant ved slike høve. I dag fann eg mellom anna eit eksemplar av Gesenius' hebraiske grammatikk (Rödigers utgåve frå ca. 1880) med eit lite supplementshefte inni - tre-fire handskrevne sider med eit "Tillæg" om aksentane "efter Prof. Dr. E. Blix".
# lagt inn 14.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.9.05

Harald frå Hordaland 

Bergens Tidende presenterer den nye Hordalandsbenken på Stortinget. Framgangen til Framstegspartiet er skummel, synest eg. Men førebels prøver eg å gle meg over lyspunkt.

Hugsar du Harald? Ikkje det? Han hadde til og med eigen blogg. Vel, no gjer det ikkje noko, han slapp å sitje på tinget.

Så no får han vonleg tid til å lese Kjartan Fløgstads vesle pamflett Brennbart. Harald hadde ikkje gjort heimeleksa si, så han kom i skade for å ta del i ein idrett som Fløgstad alt hadde gjort grundig greie for dei skadelege konsekvensane av: Bokbrenning, i dette tilfellet av nynorske ordlister.

Jau, visst finst det lyspunkt, jamvel i slokna stjerner.
# lagt inn 13.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Ny salmebok 

kirken.no:
Den norske kirke skal få ny salmebok. Kirkerådet vedtok på sitt møte 8.-9. september at det innenfor rammen av prosjektet Reform av kirkens gudstjenesteliv fram mot 2010, skal utarbeides en ny salmebok og at den skal utkomme som to bøker. En bok skal inneholde kjernesalmer fra eldre og nyere tid, og fornyes ved hver hovedreform av gudstjenestelivet. Den andre boka skal være et tillegg som kan fornyes oftere og være en utprøving av nytt materiale. Dagens Norsk Salmebok er fra 1985, mens det kom et tillegg med nyere salmer i 1997.
Les meir
# lagt inn 13.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Adjunktstipend 

I går var eg i Riksarkivet att, for første gong etter nyopninga. Fint og luftig er det blitt, med nytt inngangsparti i underetasjen og romsleg katalogsal. Lesesalen er den same gamle, men mikrofilmsamlinga er flytta, så det er blitt betre plass der også.

Prosjektet var å kartleggje prosessen som gav Blix adjunktstipend i 1875 i universitetsarkivet. Den var meir kompleks enn eg har visst om.

Etter studieopphaldet i Leipzig oktober 1871-juli 1872 (Blix si innberetning, datert 5. desember 1872, finst i universitetsarkivet) heldt Blix fram som lærar i religion og hebraisk ved Nissens latin- og realskole i Kristiania. Men vinteren 1873 blei eit adjunktstipend ledig ved universitetet, fordi teologen Fredrik Petersen fekk embete som res. kap. i Skien. Blix søkte stipendet og la ved framifrå attestar frå professorane Delitzsch, Fleischer og Krehl i Leipzig, pluss professor J. P. Broch i Kristiania (søknaden, datert 30. januar 1873, ligg i universitetsarkivet. Attestane er i Nasjonalbiblioteket, handskriftsamlinga). Eg visste frå arkivet til Teologisk fakultet at Blix hadde ein teologisk konkurrent, S. R. Gunnersen, men at fakultetet einstemmig innstilte Blix.

No veit eg at det var seks andre søkjarar, og at Blix ikkje fekk overta Petersens stipend, slik eg hittil har trudd. Botanikaren Axel Blytt stod før han i køen.

Men det var berre eit spørsmål om tid. Alt ved den ordinære stipendutdelinga 25. juni rykka Blix inn som ein av dei ni stipendiatane ved universitetet. Litt morosamt er det at det blei eit stipend ledig nett da fordi Johan Storm var blitt professor i moderne språk. Den dag i dag er Johan Storm den kan hende internasjonalt mest kjende norske filolog gjennom tidene, særleg på grunn av den fonetiske forskinga hans. For målfolk er han nok meir kjend som den filologisk mest skarpskodde av alle "motmenn" og riksmålsfolk. Eg har fått ein kopi av hans Det nynorske Landsmaal: En Undersøgelse (1888) (takk, Per!), det til da mest kompetente angrepet på målrørsla. Storm kjende dialektane godt. Nok om det.

1. juli 1873 tok altså Elias Blix til i stipendiatstilling ved universitetet. Men han slutta ikkje som lærar. Stipendet på 230 spesidalar var ikkje nok til å forsørgje ein familie som blei stadig større. Blix hadde sine religions- og hebraisktimar (rett nok færre enn før) ved Nissens og Gjertsens skoler heilt til han blei professor i 1879.
# lagt inn 13.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Valvake 

Nei, BlixBlog hadde ikkje valvake. Men eg var seint heime i går kveld, så resultatet var klart.

BlixBlog er nøgd med at det blir regjeringsskifte, og spent på kven som blir kyrkjestatsråd. Det blir vel ingen professorpolitikar denne gongen, neppe ein vestlandsprest heller.
# lagt inn 13.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Ver glad, mi Saal, og far med Fred, / Naar eingong du skal stiga ned
Imillom Daudens Skuggar!
Fylg med din Frelsar Jesus Krist! / Han aldri vil deg leida mist.
Hans Kjærleik mildt deg huggar / Og inn til Ro deg ruggar.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 123

Også denne dødssalmen har vore med sidan 1870. Opphavsmann er Jakob Johan Lund.

Heile salmen
Tidlegare kommentarar: 1870-, 1883-utgåva
Sundagens Blix
# lagt inn 13.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.9.05

Dagens Blix 

Dauden gjenom Verdi gjeng/ Og vil rydja Liv or Lande,
Mansens Barn som Blom i Eng/ Bleiknar fyr hans kalde Ande.
Under denne myrke Magt/ Er alt Liv paa Jordi lagt.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 122

15. sundag etter treeining (16. etter pinse) er ofte kalla "haustens påskedag". Evangelietekst er Lukas 7,11-17.

I år fell dagen på 11. september, ein dato som i seinare år er blitt eit dødssymbol.

Heile salmen
Tidlegare kommentarar: 1870-, 1883-utgåva
Måndagens Blix
# lagt inn 11.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.9.05

Nytt nytestamente 

Frå kyrkja.no:
Det Norske Bibelselskap arbeider med en ny oversettelse av Bibelen. Det nye testamentet i ny oversettelse foreligger nå i en første utgave (NT2005).
Etter anmodning fra Det Norske Bibelselskap har Kirkerådet vedtatt at det i en forsøksperiode kan leses fra prøveutgaven den nye oversettelsen av Det nye testamentet i kirkens gudstjenester. Forsøksperioden varer fra Første søndag i advent 2005 til Siste søndag i kirkeåret 2007.
- De menigheter som ønsker å ta i bruk denne prøveutgaven, skal fatte vedtak om dette i menighetsrådet. Det er altså opp til hver enkelt menighet å avgjøre om de ønsker å lese fra den nye oversettelsen i gudstjenestene, sier direktøren i Kirkerådet Erling J. Pettersen.
Les meir.
# lagt inn 9.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.9.05

Valkamp att 

Vårt Land: "Kristne ledere går ikke av veien for å anbefale partier i valgkampen. De bør tenke seg nøye om, advarer prost Trond Bakkevig.
...
– Man bør tenke seg nøye om. Man må tenke på om det man sier og gjør virker splittende eller samlende. Og hvis man markerer seg i forhold til et parti eller et regjeringsalternativ, må man gjøre det slik at det ikke virker umulig for kristne å innta andre standpunkter."

Vel, det var friskare forhold på 1880-talet. Eg har ofte fundert over korleis stemninga kan ha vore i Uranienborg kyrkje i Oslo, der Venstre-statsråd Elias Blix kvar sundag sat under preikestolen til den markante Høgre-presten J. C. Heuch. Eg trur Bakkevig (som forresten har vore statssekretær for Arbeidarpartiet) overdriv problemet. Det er høgt under kyrkjetaket.

For ordens skuld: BlixBlog er tilhengar av regjeringsskifte. Men ein kan nok ikkje seie at redaksjonen talar frå nokon leiande posisjon.
# lagt inn 7.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Ofte- 

I går stod det ein kronikk i Aftenposten om det interessante tema Den katolske kirke og Hitler.

Men akk, verda er ikkje som før, ikkje korrekturlesinga i Aftenposten heller. Forfattaren bar det i norsk teologisk miljø ukjende namnet Bernt T. Oftedal.

Sjølvsagt kom det eit kraftig dementi og ei orsaking i avisa i dag. Menighetsfakultetets leiande katolikk, Sp-politikar h. v., professor Bernt T. Oftestad er ingen ætling av den lågkyrkjelege presten, entreprenøren og moderate Venstremannen Lars Oftedal.
# lagt inn 7.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.9.05

Dagens Blix 

Syrg, min kjære Fader, du! / Eg vil ikkje syrgja
Og i veik og vesall Tru / Um mi Framtid spyrja.
Syrg du fyr meg all mi Tid, / Syrg fyr meg og mine!
Gud, allmegtug, god og blid, / Syrg fyr alle dine!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 121

Ein av mine eigne favorittsalmar, sjølv om Blix for min del ikkje kjem til å erstatte bokmålsversjonen, innlært alt i den tid skoledagen opna med bøn og salmesong.

Det står kvinner bak denne salmen, først grevinne Ludämilia Elisabeth av Schwarzburg (1640-1672), så generalinne Birgitte Kristine Kaas (Huitfeldt) (1682-1761). Sistnemnde er i vår tid like kjend som spøkjelse (bla deg ned til "Elingaard herregård"), historia om henne har jamvel produsert ein middels kriminalroman.

Det ser ut til å vere W. A. Wexels som har finpussa bokmålsteksten. Den stod i salmesamlinga hans (1840) og i det såkalla "Christiania-tillegget" til Evangelisk-christelig Psalmebog.

Heile salmen
Gårsdagens Blix
# lagt inn 5.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.9.05

Konsulentfråsegn 

Eg har visst ikkje nemnt noko om responsen på førsteutkastet til halve Blix-biografien, det eg sende forlaget sist månad. Eg skal nok ikkje seie så mykje heller. Men eg må vel ha lov til å seie at eg har fått ei svært kompetent, svært positiv og veldig hyggeleg konsulentfråsegn tilsendt for ei vekes tid sidan. Eg tek til å tru at det kan bli bok av dette ...
# lagt inn 4.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Nett no 

(sundag kl. 18.00) tek konserten "En hyldest til Knut Nystedt" til, i Universitetets Aula i Oslo.

Norsk musikklivs grand old man fylte 90 i går og blir kraftig feira i dag. Fire av dei beste kora i landet tek del i konserten.

Elias Blix spelar ei avgrensa rolle i Nystedts produksjon, det er meir av bibelske tekstar og nyare salmediktarar. Men Nystedt har da gjeve ut eit arrangement av "No koma Guds englar" for damekor og fløyte (Lyche, 1979). Og eit av dei tidlege orgelverka hans, opus 4 frå 1940, heiter Variasjoner over folketonen "Med Jesus vil eg fara". Her på bloggen er det dessutan grunn til å nemne Orheim-songane frå det nynorske feltet, og det symfoniske diktet Spenningens land (op. 19, 1947) frå det nordnorske. Det siste må det vere lov å karakterisere som eit av gjennombrotsverka hans. Tittelen er henta frå Eivind Berggravs bestseljande bok med minne frå bispetida i Hålogaland.

Som du skjønar: Eg er ikkje i Aulaen. Eg burde ha vore der, Nystedt er ein viktig person for meg, frå tida i studentkoret "Schola cantorum" tidleg på 1980-talet.

Men eg kan no ønske til lukke med dagen!
# lagt inn 4.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Kor godt det er i Jesu Armar / Som Barn paa Fang aa sovna inn
Og fri fraa alt, som Hjartat harmar, / Ved Naaden verma Hug og Sinn!
Kvi vil du so deg Otte gjera? / Gud kann di Sorg aaleine bera:
Han er i Morgon som i Dag.
Han, som so tru deg heve voret / Og ved sitt Blod deg Kjærleik svoret,
Eig enn det same Hjartelag.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 120

Evangeliesalme for 15. sundag etter treeining/16. etter pinse, over den vakre evangelieteksten frå Bergpreika, Matteus 6,24-34.

Dette er ei gjendikting, etter den tyske pietisten Ulrich Bogislaus von Bonin (1682-1752), fortel underteksten i Nokre Salmar. Den fortel ikkje at Brorson er mellommann. Men det er inga overrasking, dette kunne godt vore ein brorsonsk originaltekst. Mellom den sundagsskolesentimentale opninga og slutten får vi ei preike over naturens evangelium, som kan minne om "Upp alle ting, som Gud hev gjort", men som ikkje når dei same høgdene.

Heile salmen
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix
# lagt inn 4.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.9.05

Segner 

Med det same eg er inne på Salten Museum: Eg har visst ikkje gjort merksam på den fine samlinga med "Historier og sagn fra Gildeskål" som blei lagt ut på vevstaden deira i vår. Her er også ein del segner om prestar og kyrkjer, mellom dei fleire som handlar om "presten Berg" - det er vel Blix sin konfirmantprest, det?
# lagt inn 3.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Nye gamle brev 

Oscar Berg ved Salten Museum (Gildeskål bygdesamling m. m.), min vegvisar til Elias Blix si heimbygd, har sendt meg kopiar av to brev frå Elias Blix til lærar og kyrkjesongar Hans Hansen, begge daterte i august 1854. Dette er dei eldste breva eg kjenner frå Elias Blix si eiga hand, og dei er svært interessante, sjølv om dei er korte. Elias Blix begynte på andre året på lærarskolen denne månaden, og han fortel om dårleg skinn- og mjølhandel med russarane (russeskutene er få dette året på grunn av Krim-krigen, engelske krigsskip trugar dei russiske nordhamnene), om bankforretningar i byen og om mottakinga av den eitt år yngre sambygdingen Hans Nicolai Hansen (Sør-)Sandnes ved seminaret.
# lagt inn 3.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Festskrift 

"Mot rikare mål å trå" er tittelen på heidersskriftet for professor og tidlegare universitetsrektor Tove Bull. Det kjem seinare i haust. Eg var merksam på utgjevinga, men ikkje på innhaldet - før Terje Aarset venleg gjorde meg merksam på artikkelen til Aud-Kirsti Pedersen (Tromsø): "Elias Blix - den første nordnorske målmannen."

Les meir.
# lagt inn 3.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Paa Gud aaleine / Eg lit i Livsens Strid.
Hans Ord det reine / Veit Raad i rette Tid.
Han alle Stader / Meg fører fri og sæl.
Alt, som meg skader, / Han vender av so vel,
Den gode Fader, / Den Gud Immanuel.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 119

Denne salmen fekk ikkje vere med i Norsk Salmebok. Eg meiner det var ei feilvurdering. For det eine skulle den fått vere med av reine pietetsomsyn, om den er aldri så lite sungen i våre dagar. Dette er ord som generasjon på generasjon av forfedrane og -mødrene våre har gjort til sine. Dessutan meiner eg framleis at det er ein god salme, i all si einfaldige trusvisse.

Blix har gjort nokre endringar i slutten av strofe 2 sidan sist. Før:
Han vil og vera / Min Styrke og min Skjold,
Og fri meg gjera / Fraa Vondskaps Magt og Vold
Og so med Æra / Meg reisa upp av Mold.
No:
Han vil og vera / Min Styrke og min Skjold,
Og sæl meg gjera / Naar her eg sig i Mold,
Og heim meg bera / Til Livsens grøne Voll.
Eg likar den eldste versjonen best. I innleiinga til strofe 5 held Blix framleis på vokativforma "No, Jesu milde!" Det er ein del slike i dei eldste salmehefta, men dei fleste er blitt borte i seinare utgåver.

Heile salmen
Tidlegare kommentarar: 1870-, 1883-utgåva.
Torsdagens Blix
# lagt inn 3.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.9.05

Dagens Blix 

All Verdi ligg i Vesaldom, / Alt Liv det visnar burt som Blom,
Kvart Hjarta saart maa sukka.
All Skapning lid og ligg i Verk, / Men du, vaar Frelsar mild og sterk,
Giv Lækjedom og Lukka.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 118

Det handlar om helse på 14. sundag etter treeiningshelg/15. etter pinse, om Jesus som lækjar. Men underforteljingar som den takknemlege samaritanen (Lukas 17,11-19) og den sjuke ved Betesda-dammen (Johannes 5,1-15) har alt i Bibelen dobbel botn, og enda meir i seinare tradisjon: "Den saare Sykja er mi Synd" (strofe 4).

Strofe 7 lokaliserer denne salmen, men på ein slik måte at den høver til begge desse evangelietekstane. Det er samaritanen som ropar "Krist, miskunna meg!" Men nokre få linjer seinare er det Betesda-dammen som er opphaldsstad.

Og sjølvsagt lever den som syng (samaritanaren alias den lamme ved Betesda alias ein vanleg, gjennomsnittleg syndar) i eit rikt bibelsk univers. Eg har ikkje tid til å teikne det intertekstuelle kartet i dag, men det omfattar terrengdetaljar både frå Jesajaboka, Salme 51 og ymse Paulus-tekstar.

Heile salmen
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Sist sundags Blix
# lagt inn 1.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?