<$BlogRSDUrl$>

30.11.03

Advent-salmar 

På denne første sundagen i advent kan eg jo minne om dei to salmane for denne kyrkjeårstida som står i 1883-utgåva av Nokre Salmar. Begge er tekne med i Norsk Salmebok (1984):

Send ein kommentar.
# lagt inn 30.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.11.03

Advent 

Vi har tent det første adventslyset heime i kveld. kyrkja.no sin gjennomgang av advent-sundagane begynner slik:
Advent er tida for gigantiske tverrvendingar. Knapt noko anna tid i året gjer kyrkja så fenomenale C-moment som da. Men alle spranga mellom fortid og framtid har å gjere med ein som kjem verda i møte på overraskande vis.
Dei første vekene i det nye kyrkjeåret er ikkje akkurat rake vegen mot jul. For handelsstanden kanskje, men absolutt ikkje for kyrkja. Det er ikkje mykje å høyre om ein nyfødt unge i sundagspreikene i advent.

Les meir.
# lagt inn 29.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix på hebraisk 

Blix på hebraisk


Dette er det første verset (av ti) av Blix-salmen "Giv Gud den Æra han skal hava," nr. 135 i fjerde utgåva av Nokre Salmar (1891) - på hebraisk! Den norske teksten lyder slik (tone: "O lad din Aand nu med os være):
Giv Gud den Æra, han skal hava, / Og Kongen den, han hava skal,
So skal Guds Fred og Lukka lava / Paa Landet ned som Dogg i Dal.

Mannen bak gjendiktinga er rabbinaren Meyer Aschkanaze. Manuskriptet er udatert, men ifølgje Nasjonalbiblioteket i Oslo er det frå 1908. Diverre har eg ikkje Oskar Mendelsohn sine bøker om jødane i Noreg heime, så det er mykje eg ikkje veit om Aschkanaze. Han verka som rabbinar i Kristiania rett etter 1900, og var kjend både som ein ortodoks og stridbar mann. Det mest originale prosjektet hans var kan hende utgjevinga av Kongeriget Norges Grundlov paa Hebraisk (1904). I dag har eg trong til å sitere slutten av forordet til grunnlovsomsetjinga:
Ogsaa i fremtiden vil de senere generationer se af dette hebraiske værks linjer, at det norske folk har benyttet den opnaaede frihed til at hæve borgerretten over alt, uden hensyn til person eller stilling.

Send ein kommentar.
# lagt inn 29.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Løgna lever 

Trudde du verda gjekk framover? Magazinet 28.11.2003 fortel om ei ny norsk utgåve av Zions Vises Protokoller, i regi av Ørsta-mannen Stig Bergmann.
60 år gamle Bergmann har i flere år drevet både forlag og trykkeri i eget navn i Møre og Romsdalsbygda Ørsta. Nå har Bergmann trykt opp igjen den norske utgaven av verdens mest beryktede jødehatbok, Zions Vises Protokoller.

Magazinet har dessutan eit intervju med religionshistorikaren Terje Emberland om saka. Sjå òg NRK Møre og Romsdal 29.11.2003.

Det er grunn til å lese Magazinet med eit kritisk blikk. Dette er organet til "trusrørsla" i Noreg. Eg er, sant å seie, lite begeistra for den redaksjonelle profilen. Men meldinga om at denne gamle og lagnadstunge forfalskinga vert gjeven ut på nytt, skal ein ta alvorleg. Les denne artikkelen frå tidsskriftet Monitor 1-2000, eller Dagfinn Rian sin grundige dokumentasjon Den store løgnen: Myten om den jødiske verdenssammensvergelse og de såkalte Zions vises protokoller (Oslo, 1992).

Send ein kommentar.
# lagt inn 29.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

På kyrkjejakt 

NRK P2, kulturnytt 28.11:
Cellisten Truls Mørk leitar etter ei kyrkje der han kan spele inn si nye plate med Bach sine solosuitar for cello.
...

Dei siste dagane har blitt brukte til å kartleggje ledige kyrkjer i Oslo og omland. Men tida byrjar å bli knapp.
- Det hastar no, vi skal spele inn to suitar på dei neste tre dagane, så vi må skunde oss å finna ei kyrkje.
Innspelinga må vere ferdig før jul. Grunnen er at Mørk har fått låne ein svært sjeldan og verdifull cello til denne innspelinga.
- Det er ein av dei aller mest berømte Stradivarius-celloene, og det er kjempespanande for meg å få sjansen til å spele på instrumentet.
# lagt inn 29.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

28.11.03

Finnmarkslov 

Det blir kan hende mykje om nordnorske og samiske spørsmål på denne vevloggen i haust, men det har sine grunnar. Sametingspresident Sven-Roald Nystøs kronikk i Aftenposten i dag er det grunn til å lese i alle fall.
Finnmarksloven fratar samene retten til eierskap og besittelse av sine hevdvunne områder, og er derfor i strid med folkeretten. Dette er nå ettertrykkelig slått fast også i den uavhengige utredningen justisministeren selv bestilte. Sametinget ønsker samarbeid og dialog med norske myndigheter, men ikke samarbeid om å oppgi samenes rettigheter, skriver sametingspresident Sven-Roald Nystø.

Les heile kronikken.
Send ein kommentar.
# lagt inn 28.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Er her Nokon, som vil høyra / Største Under, kjent paa Jord,
Kom daa hit og laan ditt Øyra / Til det store Engleord:
"Jesus han er ikkje her, / Han or Grav uppstaden er.
Kvi vil de i Graver aude / Søkja Livet millom Daude?"

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 21

Nok ein salme for påska, den femte av seks. Nokon ny påskesalme gjev ikkje Blix oss i 1883-utgåva av Nokre Salmar, denne var alt med i 1870-heftet. Vi må vente på fjerde utgåve (1891). Der kjem ein ny original salme ("Ljos yver Grav") og ein omsett ("Krist stod upp av Daude"). Som eg har nemnt tidlegare, er denne salmen rekna mellom dei svakare, og den er gått ut av bruk.

Koralmelodiane "Af Høiheden oprunden er" og "Vær nu glad og vel tilmode" er nytta til to påskesalmar kvar, "Vær nu glad" til denne og til den einaste gjendiktinga mellom dei seks påskesalmane, "Som den gyllne Sol".

Eit par filologiske og stilistiske detaljar i dag òg. Det er stadig nokre tilfelle av overgang frå a til e i samansette ord: "Englaord" (vers 1, 1870) vert "Engleord" (1883); "Hjartaskaden" (vers 3, 1870) vert "Hjarteskaden". Dessutan er det tydeleg at Blix systematisk har rydda vekk ordet "ei" frå tekstane sine. Det er to døme her, i vers 1 og 3:
(1870:) Jesus er ei lenger her
(1883:) Jesus han er ikkje her

(1870:) Var vaar Frelsar ei uppstaden
(1883:) Um han ikkje upp var staden

Heile salmen.
Førre utgåva (1870).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 28.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.11.03

Kvensk 

Pressemelding frå Kulturdepartementet 26.11.2003:
Er kvensk et språk eller en dialekt? Dette spørsmålet behandles i en rapport som er sendt ut på bred høring av Kultur- og kirkedepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet.
...
Rapporten foreligger nå og konkluderer bl.a. med at de samfunnsmessige og språklige forhold som gjelder for den kvenske minoriteten gjør at kvensk kan betraktes som et eget språk og ikke en finsk dialekt.

Les heile rapporten (pdf-fil).
Send ein kommentar.
# lagt inn 27.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Professorsaka 

Som avslutning på gjennomgangen av brevskiftet Ole Richter - Elias Blix, rosina i pølsa (om eg får lov til å bruke eit slikt uttrykk): Nokre merknader til den konkrete saka som sterkast medverka til å drive Elias Blix over til Sverdrup-motstandarane i regjeringa, og som sannsynlegvis vog tungt da Blix 20. februar 1888 følgde Arctander, Astrup og Kildal, som veka før hadde trekt seg som statsrådar. Vi skal sjå at Blix' avgang nok var mindre "plusselig" enn Halvdan Koht (Sverdrup 3.421) vil ha det til. Det er ikkje soknerådssaka eg tenkjer på, den aktuelle saka gjeld noko så prosaisk som ei embetsutnemning. 2. desember 1887 skriv Blix eit langt brev til Ole Richter. Dette er det mest kjensleladde dokumentet eg kjenner frå Blix' hand, og da er dei breva han skreiv rett etter moras død i 1857 inkludert. Her skriv han:
Dernæst lidt om den i mit sidste Brev nævnte klassiske Professorpost og den ikke mindre klassiske Maner, hvorpaa den er bleven behandlet i den N. Regjering. Nu er vi da – heldigvis – endelig færdige med den her, og den vil en af de første Dage afgaa til den høieste og sidste Afgjørelse – quod Deus bene vertat!

Les meir.
Send ein kommentar.
# lagt inn 27.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Hovlands julekalender 

Du må ikkje gå glipp av Ragnar Hovlands julekalender frå Det Norske Samlaget:
Gler du deg til jul? Eller kvir du deg til å få heile slekta på besøk? I begge tilfelle vil du ha nytte av å abonnere på Samlagets Julekalender! Ragnar Hovland vil sørgje for at julestemninga held seg heilt fram til julaftan. Korleis feira ein jul i Luster på 50-talet? Kva drikk ein til julegraut? Er reinsdyr farlege? Kan ein bruke juletreet om att? Dette og svært mykje anna kan du får svar på. Kvar dag ei ny overrasking!

Send ein kommentar.
# lagt inn 27.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blåmann frå Enebakk 

Eg fekk telefon frå Terje Aarset ved Høgskulen i Volda her om dagen. Han har funne ut at eg bur i Enebakk i Akershus. "Veit du kven som er Enebakks store dotter?" spurde han. Forslaget mitt om Ragnhild Jølsen vart overhøyrd, men så fekk eg soga om Opphavskvinna til Blåmann, slik parhesten til Aarset, Kristoffer Kruken ved Universitetet i Oslo, har fortald ho i Dag og Tid 9. november 2002. Soga er avdekka gjennom eit større detektivarbeid. Tidlegare har ingen visst kven Anne Haavie var. Men no veit vi det altså:

Anne Haavie, fødd Holmsen, kom frå Enebakk. Ho var fødd på Vik i Ytre Enebakk (den noverande gardkona på Vik er pianolærar for døtrene mine, forresten) i 1809, budde på Børter i Kirkebygda då ho vart konfirmert i 1824, flytta til Hobøl i 1830 og til Kristiania i 1856, og gifta seg med Ole Haavie frå Hobøl i 1857. Ole Haavie var lærar på Møllergata skole, og kollega av Rosa Kjeldseth, som vart gift med den gamle A. O. Vinje (1869). Melodien til "Blåmann" første gongen publisert (anonymt) i Ingvar Bøhns Norske Visor aat Skulom i 1871 (både Rosa og Aasmund Vinje døydde i 1870). Namnet til Anne er knytt til melodien i Folkesangbogen frå 1884. Sjølv døydde ho i 1888.

Det var kortversjonen. Kruken og Aarset har heile soga. Eg har sendt ho til redaktøren i Enebakk Avis. Han set nok ein av lokalhistorikarane sine på saka. Og det anar meg at det går mot ein lokal renessanse for "Blåmann, Blåmann, bukken min" i regi av Vik Musikkskole.

Eg har i det heile mykje glede av arbeidshestane Aarset/Kruken. Lett tilgjengeleg på arbeidsplassen min har eg Aasens Det norske Folkesprogs Grammatik (1848), Ordbog over det norske Folkesprog (1850) og Norsk Ordbog (1873). Og kven trur du har gjeve dei ut? Rett, Aarset og Kruken. Alt dei rekk!

Send ein kommentar.
# lagt inn 27.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Statt upp or Svevne! / No renn vaar Sol med Ljos.
Kvar som eig Evne, / Syng Jesu Lov og Ros!
Ein Dag er runnen, / Som inkje kjenner Kveld,
Ein Siger vunnen, / Som sonar all vaar Gjeld.
Paa denne Grunnen / Guds Kyrkja Paaske held.

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 20

Kvifor er det ingen som syng denne lenger? Blix er ein sterk påskediktar. "Statt upp or svevne" er den fjerde påskesalmen i 1883-utgåva.

Når det gjeld endringar, held tendensen seg: Salmane frå tredje heftet av Nokre Salmar (1875) er nesten ikkje endra. Her er det berre nokre gamle ortografiske kjenningar: "vardt" (1875) er vorte "vart" (1883), og "ikkje" (1883) har teke over for "inkje" (1875). Og så, lesarkonkurransen: Eitt ord er endra i siste vers. Kva for eit?

Heile salmen.
Førre utgåva (1875).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 27.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.11.03

Aztekarane 

SolsteinIkkje så mykje skriving i dag. Son min (12) har "Elevens val" på skolen denne veka. Valet fall på aztekarane. Så i dag har vi vore på Oslo-tur, til Etnografisk museum og Deichmanske bibliotek. Med heim frå fangst har vi mellom anna bilete av "solsteinen" med kalenderen på, og Åse-Marie Nesse sine barnebøker frå Mexico (denne og denne).

Send ein kommentar.
# lagt inn 26.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

So kom daa, sæle Paaskedag,
Med Sigersong um vunnet Slag,
Med Høgtid i vaar Vyrka!
Kom store Dag med Livsens Ord,
Med Ljos til alle Folk paa Jord,
Og lær deim Krist aa dyrka!
Kom klaar / Kvar Vaar,
Giv dei Arme / Livsens Varme, / Til det dagast
Og til evig Paaske lagast!

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 19

Av "Upp Hjarta, rør din beste Streng" gjev eg att det siste verset, det einaste som er heilt gjendikta sidan førsteutgåva (1870). Blix var nok, med god grunn, nøgd med denne påskesalmen sin. Men det er interessant å sjå korleis han arbeidde vidare med språklege detaljar som ikkje heilt svarte til Aasen-normalen. I denne salmen er det to døme, frå vers 4 og 5 (slutten av begge versa):
(1870+1883:) Den Song / Ein Gong, / Naar all Fagnad / Her er tagnad /
(1870:) Mot meg klinger /Sælt som naar til Helg det ringer.
(1883:) Sælt skal ljoda / Og meg heim til Høgtid bjoda.

(1870:) Upp du Daude! / I det aude / Hjartat klaarnar
Myrkret upp til ljose Mornar.
(1883:) Upp du Daude! / Sjaa dei raude / Morgonstraalar,
Som di Grav med Solgull maalar!

Heile salmen.
Førre utgåva (1870).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 26.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.11.03

Kyrkja og samane 

Kyrkjemøtet er avslutta. Mellom dei viktigaste og minst omtala sakene var utsegna om forslaget til ny Finnmarkslov:
Kirkemøtet for Den norske kirke mener en lov om forvaltning av grunn og naturressurser i Finnmark må ta utgangspunkt i at samene har rettigheter som urfolk. I kirkemøtevedtaket 21. november heter det: - Uansett hvilke forvaltningsmessige løsninger en søker, må samenes rett til land og ressurser utvetydig anerkjennes.

Kirkemøtet oppfordrer Stortinget til å sikre samenes rettigheter. Dette ses som en forutsetning for å skape gode vilkår for samarbeid mellom alle folkegrupper i Finnmark i forvaltningen av naturressursene i fylket. Kirkemøtet beklager at samenes rettigheter etter folkeretten ikke tydeligere er nedfelt i det foreliggende lovforslaget.

- Dette haster. Kirkemøtet oppfordrer derfor Stortinget til å sørge for at lovforslaget ferdigbehandles i inneværende stortingsperiode, heter det i vedtaket.

Kirkemøtets enstemmige vedtak der samenes rett til land og ressurser utvetydig anerkjennes, vil ventelig vekke oppsikt.

Om nokon har lagt merke til dette vedtaket i norsk presse, vil eg gjerne høyre om det. Men ein kan vel ikkje vente offentleg merksemd om eit kyrkjeleg utspel som ikkje handlar om sex.

Oppdatering, 26.11.2003: Vårt Land 17.11; Aftenposten 19.11; Sámi Radio 21.11; Bergens Tidende 21.11 (NTB); NRK Finnmark 24.11; Finnmark Dagblad 24.11

Odelstingsproposisjon 53 (2002-2003)
Send ein kommentar.
# lagt inn 25.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Peikaren 

Det er lenge sidan eg har lagt til nokon ny peikar i menyen til venstre. Bibelen.no vil vere ein gammal kjenning for folk som har vore innom BlixBlog tidlegare, men Bibelselskapets søkbare bibel fortener absolutt ein permanent peikar - og eit bokmerke i nettlesaren din. Målform vel du på startsida. No kan du til og med sjå bokmåls- og nynorskteksten (for det nye testamente nordsamisk med) parallelt; klikk på "Parallellvisning" på forsida.

Send ein kommentar.
# lagt inn 25.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Den Paaske er vel ljos og blid
Fyr deim, som kjenna Naadens Tid
Og saart med Syndi dragast:
For gjenom Jesu Grav me sjaa
At Englar fara til og fraa,
Og Sigers Kransar lagast.
Den Tid / Vaar Strid
Vel fekk Ende, / Sælt seg vende / Sorg og Saknad,
Daa Guds Son av Daude vaknad.

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 18

Eksamen er forbi, og "Dagens Blix" er attende, i dag med den andre påskesalmen i 1883-utgåva. Brorson-gjendiktinga "Den Paaske er vel ljos og blid" var mellom dei svakaste i første heftet, og det er store endringar her.

Sjå heile salmeteksten.
Førre utgåva (1869).
Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 25.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.11.03

Jon Fosse 

Dag og Tid nr. 47 har ei av bladets velkjende "forfattaraviser" som vedlegg. Denne gongen er det Jon Fosse som vert bretta ut over 36 sider.

Kva Jon Fosse og Elias Blix har felles? Nynorsken, sjølvsagt. Dessutan er Fosse ikkje uinteressert i bibelomsetjing. Han var ein av forfattarane som var med på oktoberseminaret i Bibelselskapet.

Send ein kommentar.
# lagt inn 22.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

SBL Annual Meeting 

I dag begynner det årlege møtet i den amerikanske bibelforskarorganisasjonen Society of Biblical Literature. Dette er utan samanlikning det største og viktigaste faglege møtet for denne yrkesgruppa, med fleire tusen deltakarar både frå USA og frå andre delar av verda. Denne notisen på forsida til SBL-vevstaden gjev eit inntrykk av proporsjonane:
Biblical scholars will gather in Atlanta November 22-25 for the 2003 Annual Meeting of the Society of Biblical Literature. The Society has organized over 220 sessions, and members will present more than 850 papers on the latest research in the field. The November edition of SBL Forum will report up-to-date news about the meeting and will focus on issues in the profession.

Elias Blix var aldri i Amerika. Men i dagane 2.-13. september 1889 vart det halde ein internasjonal orientalistkongress i Stockholm og Christiania. Eg har lurt mykje på i kva grad han var involvert i den. Kan hende finst det svar i Kyrkjedepartementet sitt arkiv, eg såg i katalogen at det finst ei mappe på orientalistkongressen der. Primus motor frå norsk side var den verdskjende egyptologen (og redaktøren av Nyt Norsk Tidsskrift) Jens D. C. Lieblein. Og Blix sin gamle lærar, teologen og semittisten Carl Paul Caspari, var hjarteleg til stades.

Send ein kommentar.
# lagt inn 22.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.11.03

Holmlia-nynorsk 

I går formidla LNK-nytt denne meldinga frå Nynorsk pressekontor:
Holmlia skole i Oslo har gått utradisjonelle vegar for å læra sidemålet. Elevane i to niandeklassar brukar nynorske lærebøker i KRL-faget. Nynorsk blir eit bruksspråk, ikkje berre knytt opp til ein forhatt sidemålsstil. Både lærar og elevar er nøgde med ordninga.

Send ein kommentar.
# lagt inn 21.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Studentmållaget 

Eg har visst ikkje presentert boka Studentar i målstrid, jubileumssoga til Studentmållaget, som kom tidlegare i år. Forfattarar er Oddmund Hoel, Olaf Allmenningen, Håvard Tangen og Geir Martin Pilskog.

Studentmållaget er ein viktig institusjon for meg, dels fordi ein av Blix-sønene (Einar) var med der i studietida, men mest fordi det var dei som gav ut Fyrebilsbibelen (1921), den første fullstendige nynorske bibelomsetjinga, der Alexander Seippel hadde vore den drivande krafta.

Og no gjev Studentmållaget eit godt tilbod på boka.

Send ein kommentar.
# lagt inn 21.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Mikke Mus 75 

Eg har strevd lengje for å finne eit påskot til å markere 75-årsjubileet til Mikke Mus på denne sida. Men no har eg funne det: Det er ei glede å gjere merksam på Andeby Online, med den stolte forkortinga aol, Andeby kommunes offisielle nettstad - på nynorsk! Donaldistane finst framleis.

Send ein kommentar.
# lagt inn 21.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Tromsø-bok 2 

Nordlys melder:
I går ble Tromsø – en kjærlighetserklæring i bilder og ord lansert på Nerstranda, med bybilder på storskjerm og heftige rytmer fra Steinar Mortensen og Tor Egil Braseth.
Boka er en samling bilder fra byen, tatt fra «overskuddslageret» til fotografen, og fotografert både i forbindelse med jobb og fritid. Det meste er nytt, mens noe er fra noen år tilbake.
I tillegg har fotografen bedt en rekke skribenter skrive sine betraktninger om Tromsø.
– Det er blitt et veldig godt spenn, fra Per Parkér til ordføreren, fra presteskap til rock n´roll, sier [fotograf/forfattar Yngve] Olsen Sæbbe, og beskriver boka som lekker.
– Jeg er veldig fornøyd med resultatet.

Tidlegare i haust gav Gyldendal ut boka Tromsø forteller. Forlaget denne gongen? Nordlys forlag.
# lagt inn 21.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Eksamen 

Eg held på med eksamen i essay-kurset om dagen. Fristen er måndag. Då skal eg levere to tekstar og eit "refleksjonsnotat." Sjølv om vi har arbeidd med tekstane i heile haust, er det mykje å gjere i denne fasen.

Send ein kommentar.
# lagt inn 21.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Som Guds Son eg no deg kjenner, / Ser di Allmagt grant og greidt.
Di Uppstoda Alt umspenner, / Som eg meg til Sæla veit,
All mi Von paa Livsens Laup; / Ja min dyre Kristendaup
I din Daude og Uppstoda / Kann eg som i Likning skoda.

Du til Livet skal meg vekkja, / Naar i Grav eg sig i Koll.
Lat so svarte Jord meg dekkja, / Beini morkna upp i Mold,
Eld og Alda glupa meg: / Naar eg døyr i Tru paa deg,
Skal i Livsens Hamn eg landa, / Du stod upp og eg skal standa.

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 17

Av påskesalmen (etter Kingo) "Som den gyllne Sol kann brjota" gjev eg att vers 7 og 8. Vers 7, fordi det ikkje var med i første utgåva (1869); vers 8, som er kraftig hos Kingo, og endå meir hos Blix. Særleg er eg svak for "Eld og Alda". Men sidan austlendingar ikkje veit kva "Alda" er for noko, spanderer eg Aasens ordboksdefinisjon (1873):
Alda, f. 1. Bølge, især om de store Bølger i Havet.

I denne salmen har Blix gjort mange endringar sidan Nokre Salmar I (1869).

Sjå heile salmeteksten.
Førre utgåva (1869).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 21.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.11.03

Høgmesseliturgi 

Biskop Finn Wagle hadde på Kyrkjemøtet i går eit innlegg om høgmesseliturgien, på bakgrunn av eit innspel frå Ungdommens kyrkjemøte. Han sa mellom anna: "Forrige gang tok arbeidet med ny høymesseliturgi 16 år. Det er helt umulig å skulle tenke seg noe tilsvarende i dag. Mye må være gjort i løpet av 3-5 år."

Attende til 1880-åra, altså.

Send ein kommentar.
# lagt inn 20.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kunsthistorie-kladd 

Kunsthistorikar Tommy Sørbø til Nationen 19. november:
– Brudeferden i Hardanger er på en måte Sissel Kyrkjebø, Arve Tellefsen og Per Aabel i ett. Jeg er meget kritisk, for det er uttrykk for en kunstoppfatning som lærer unge mennesker at verden bare består av høydepunkter eller nederlag. Det er enten festligheter eller skipsforlis, det finnes ingen mellomting. Sånn sett har Brudeferden i Hardanger en intim sammenheng med Hotel Cæsar. På Tiedemans og Gudes tid reiste folk til Vestlandet i håp om å finne den verdenen de hadde sett i maleriet, men alt de fant var vanlige folk. I dag reiser folk til Oslo for å finne Hotel Cæsar. Men når de kommer fram innser de at det rett og slett ikke eksisterer.

Presentasjonen av boka Norsk kunsthistorie - en kladd finn du her.

Send ein kommentar.
# lagt inn 20.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Gode Hyrding! Konungs Vyrding, / Konungs Vyrding du ber med Skil!
Drott utan Like, som fyr ditt Rike, / Som fyr ditt Rike læt Livet til!
Gode Hyrding! Konungs Vyrding, / Konungs Vyrding du ber med Skil!

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 16

Den fjerde og siste langfredagssalmen, ein originalsalme av Blix, stod i tredje heftet av Nokre Salmar (1875). Bortsett frå infinitivsmerket (aa for at) og eitt ord til (lesarkonkurranse: Kva for eitt?) er salmen uendra.

NYTT: Sjå heile salmeteksten.
Førre utgåva (1875).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 20.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.11.03

Skumle soger 

På vevstaden til Aasen-tunet kan du no lese "Den kalde handa" og 33 andre skumle soger. I november var meir enn 70 skoleelevar på overnattingsbesøk i Aasen-tunet, og det er nokre av dei som har brukt natta til å skrive skumle forteljingar.

Send ein kommentar.
# lagt inn 19.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Jesus, dine djupe Vunder / Og din Daude saar og strid
Huggar meg i alle Stunder, / I all Naud, som Hjartat lid.
Renn meg nokot Vondt i Hug, / Til di Pinsla ser eg bljug;
Det skal Syndehugen kjøva: / Dine Saar med Synd ei høva.

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 15

Heller ikkje denne tredje langfredagssalmen (originaltekst: Joh. Heermann) er vesentleg endra sidan førsteutgåva. Hittil har det sett ut som Blix var minst nøgd med dei eldste salmane, dei frå første heftet av Nokre Salmar (1869). Men denne fekk altså stå, med kosmetiske endringar. Dei to siste linjene i femte og nest siste verset, til dømes:
(1869:) Ved din Daude er meg givet / Raad at standa upp til Livet.
(1883:) For din Naade vil meg giva / Raad aa standa upp og liva.

NYTT: Sjå heile salmeteksten.

Førre utgåva (1869).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 19.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.11.03

Oktoberkrisa 1887 

Dette har hendt:
I juni 1887 fall framlegget til "Lov om Menighedsraad og Prestevalg" i Odelstinget med eit brak. Det var kyrkjestatsråd Jakob Sverdrups store sak og det vestlandske lekfolks fanesak: Det demokratiet onkelen, statsminister Johan Sverdrup, hadde ført fram til siger i staten, skulle no brorsonen føra fram til siger i kyrkja. Jakob Sverdrup hadde statsministerens fulle støtte i dette som var blitt sjølve hjartesaka for "de Moderate". Men der var motstand, og innvendingane frå andre delar av Venstre tetna etter kvart som avgjerda nærma seg. Lovframlegget fekk slett ikkje stå på eigne bein: "Kirkesagen" vart fletta inn i maktkampen i Venstre, i Kielland-saka og leiarkrisa kring den aldrande statsministeren. Ho vart ei av dei store sakene som kløyvde Venstre, undergrov regjeringa og førebudde Johan Sverdrups fall. Ei brei lekmannsrørsle av "Oftedøler" stilte seg bak lovframlegget og ville ha "Demokrati i Kirken", medan ei anna rørsle reiste seg imot "den oftedølske Reaktion" og "Aandstyranni". Motstandarane sigra, og saka var død i ein mannsalder. Fyrst i desember 1920 vart "lov om menighetsråd" vedteken.

Berge Furre, Soga om Lars Oftedal, s. 495


Eg må arbeide grundig både med kyrkjesaka og Kielland-saka; i begge sakene var Blix den statsråden som førebudde den politiske handsaminga, medan Jakob Sverdrup spela ei viktig rolle i forhistoria. Men no er poenget å teikne konteksten for eit av dei viktigaste breva i korrespondansen Richter-Blix.

Etter nederlaget i kyrkjesaka vart det reist sterke krav om Jakob Sverdrups avgang, både i pressa, i partiet Venstre og innan regjeringa. For å gjere historia kort og personfokusert: Dei tre statsrådane Sofus Arctander, Hans R. Astrup og Birger Kildal kom til å utgjere ei opposisjonsgruppe innan regjeringa, som heldt hardt på at Jak. Sverdrup måtte gå. På den andre sida danna det seg ein Sverdrup-fraksjon; regjeringssjefen sjølv stilte seg bak nevøen. Han avviste at noko medlem av regjeringa skulle gå på grunn av nederlaget i kyrkjesaka. Sverdrup-slektningen Jacob Stang høyrde til denne fraksjonen, saman med Baard Haugland. Ole Richter, Aimar Sørenssen og Elias Blix var ein stad mellom borken og veden. I løpet av sommaren 1887 var det ein hektisk kontakt mellom dei tre "opposisjonelle" og Richter.

Konflikten spissa seg til i oktober. Denne kritiske fasen er grundig handsama fleire stader, mellom anna i Halvdan Kohts biografi om Johan Sverdrup (III, s. 392-402), i Per Fuglums Richter-biografi (II, s. 249-258), og i Reidar Sevågs om Hans R. Astrup (s. 155-161). Under ein regjeringskonferanse 10. oktober, der både Kristiania- og Stockholm-statsrådane var samla, leverte Arctander, Astrup og Kildal avskilssøknadene sine. Fleire kompromissforslag frå Sverdrup-fløya vart avviste.

12. oktober kom eit nytt og overraskande initiativ. Richter skreiv, saman med Sørenssen og Blix, til regjeringssjefen om situasjonen som var oppstått med dei tre avskilssøknadene. Brevet sluttar slik:
Under disse Omstændigheder - da vi ved en saa stor Afgang maa anse Ministeriets Stilling væsentlig rokket, samt for at Deres Excellence ved den Rekonstruktion, der altsaa bliver en Nødvendighed, kan have muligst frie Hænder, finde vi at burde meddele at det er vor Agt at stille vore Pladse til Hans Majestæts Raadighed.

Kongen vart no informert om situasjonen. Dei næraste dagane var det ein omfattande korrespondanse pr. telegram og brev, særleg mellom Johan Sverdrup og kongen, men òg med Richter involvert. Det er kjent at kongen uttrykte støtte til Johan Sverdrup, og at Sverdrup var klar til å late dei aktuelle statsrådane gå og supplere regjeringa med nye folk (Koht III, 396). Det er òg kjent at Richter i desse dagane sette opp lister med aktuelle statsrådskandidatar, noko som helst tyder på at han førebudde seg til eventuelt sjølv å ta over som regjeringssjef (Fuglum II, 253-254). Kongen og statsrådsavdelinga i Stockholm (som i mellomtida var reist til Sverige att) kom til Kristiania 18. oktober. Det kom no til kompromiss. I statsråd 20. oktober la Arctander, Astrup og Kildal fram avskilssøknadene sine for kongen, men på kongeleg oppmoding gjekk dei med på å fråfalle søknadene og bli i stillingane sine inntil vidare. Når Stortinget kom saman, skulle ein prøve å avklare den parlamentariske situasjonen. Krisa var utsett til nyåret 1888.

Så vidt eg kan sjå, har ingen av dei som har skildra desse hendingane kjent til dette brevet frå Richter til Blix. Det fortel både at Blix alvorleg vurderte å gå som følgje av kyrkjesaka og at kongen (i alle fall i Richters tolking) ikkje fann ein regjeringskabal med Jak. Sverdrup som kyrkjeminister haldbar. Kva desse momenta har hatt å seie for forhandlingane i Kristiania 18.-20. oktober, er uvisst. Sannsynlegvis fortel dei meir om Richter sine haldningar enn om kongens. Men møtet Blix vart kalla inn til saman med Richter og Sørenssen kan ha vore viktig; Arctander uttala seinare at press frå kollegaer var ein viktig grunn til at det vart kompromiss 20. oktober. Brevet er datert Stockholm, 15. oktober 1887 og lyder slik (in extenso):
Kjære Ven og Kollega!

I vedlagte Telegram vil De se en liden Antydning af kongeligt Mishag i Anledning af vor Kollektivoptreden. Ved de Forklaringer, som der efter Kongens Ankomst idag har været Lejlighed til, tror jeg dog nok der er lykkedes Sørenssen og mig at paavise det følgerigtige deri. Særligt med Hensyn til Dem antog jeg ikke De ønskede tilbagekaldt, at Deres Stilling egentlig var den, at De ansaa det uforenligt med Deres Forhold til Kirkesagen at blive staaende naar tre andre Medlemmer af Raadet paa Grund af denne Sag fratraadte – at De ved at slutte Dem til Sørenssen og mig altsaa i Virkeligheden havde indskrænket Dem til noget mindre end De sandsynligvis vilde finde nødvendigt, dersom der ikke under Hans Majestæts Mægling kunde tilvejebringes en Vending i Sagen. Kongen havde det fuldkommen paa det Rene at Deres Udtræden vilde gjøre Stillingen aldeles uholdbar – med andre Ord at Jacob Sverdrup som permanent Kirkeminister er umulig. Jeg tror derfor ogsaa at Spørgsmaalet om hvorvidt Kongen med nogen Styrke vil paavirke Statsministeren i Retningen af at opgive Brodersønnen, ret meget vil bero paa om han af Dem selv modtager Bekræftelse paa hvad Sørenssen og jeg altsaa har ment at kunne fremstille som Deres Standpunkt.

Det vil jo iøvrigt, som der synes, gaa Slag i Slag, idet Kongen har bestemt sin Afrejse til Mandag Aften (med Extratræn). Vi kommer med det ordinære Hurtigtog – altså Kl. 11 Tirsdag, og tillader jeg mig at henstille om det kunne falde Dem belejligt at vi mødes hos Sørenssen for at faa en liden Samtale før Kongen ankommer.

Med mange Hilsener
Deres hengivne
O. Richter.

Det vedlagte telegrammet frå kongen, datert 14. oktober 1887:
Statsminister Richter og Statsrådsafdelningen
Stockholm

Meget misfornøiet over de uventede dimensioner sagen har taget og hvilket jeg hidtil opfatter som svaghed mod yderste venstre. Henstillen om din sørensens og Blix’s pladse til rådighed unødig da grundloven altid stiller dem så. Jeg håber at ikke alt for meget ondt kommer af dette. Telegraferer nu til Christiania om forberedelser for min ankomst.

Oscar

Korrespondansen Richter-Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 18.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kyrkjemøtet 

opna på Lillehammer i går, under hovudtemaet "Ei tenande kyrkje". Det varer fram til 22. november. Kirken.no gjev oppdatert informasjon. Men berre på bokmål?

Send ein kommentar.
# lagt inn 18.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Technomesse 

Og då er technomessa i Gjøvik fjellhall (omtala her) over. Referat finn du i Vårt Land og Oppland Arbeiderblad.

Send ein kommentar.
# lagt inn 18.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Eg aldri burt vil ganga, / So hald meg ved di Hand!
Eg fast ved deg vil hanga, / Naar du giv ut di And.
Naar du i Dauden bleiknar, / So sit eg ved din Fot
Og djupt ditt Bilæt teiknar / Inn i mi Hjarterot.

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 14

Paul Gerhardt er opphavsmannen også til denne andre salmen under overskrifta "Langfredag". Medan "Sjaa der Guds Lamb kjem gangande" kom i heilt ny versjon, er "Ver helsat, Hovud høge" nesten uendra sidan første utgåva, i Nokre Salmar II (1870). Det femte verset illustrerer den typen endringar på mikroplan som Blix førte inn sjølv der han var nøgd med første forsøket. Her er 1870-utgåva:
Eg vil ei fraa deg ganga, / So hald meg ved di Hand!
Eg fast ved deg vil hanga, / Naar du giv ut di And.
Naar du i Dauden bleiknar, / Eg siter ved din Fot
Og djupt ditt Bilæt teiknar / Inn i mi Hjartarot.

Orda ei og siter er eliminerte. Dei har nok vore rytmiske naudløysingar i utgangspunktet. Hjarta- går i denne utgåva konsekvent over til Hjarte- i samansette ord, i samsvar med Aasens ordbøker.

Førre utgåva (1870).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 18.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.11.03

Spott og salmar 

Eg har lova å fortelje noko frå seminaret "Spott og salmar: Religiøs ambivalens i den nynorske tradisjonen" (Ivar Aasen-tunet, 6.-7. november). Seminaret samla om lag 30 deltakarar, med bakgrunn frå litteratur, kyrkje, skole og anna språkleg verksemd.

Jan Inge Sørbø heldt opningsforedraget, i professoral kontakt med manuskriptet sitt, men innhaldet var spenstig nok. Garborg-diktet "Tvileren" fekk slå an grunnakkorden for utforskinga av tilhøvet mellom nynorsk og religiøs ambivalens:
Jeg tror paa Vorherre og nægter ham dog,/ jeg beder og bander tillige;
jeg gaar næsten kvalt under syndens aag/ og nægter dog Satans rige . . .
Jeg spotter om dagen, naar solens flom/ sig vælter om skogens klædsel,
jeg skjælver om natten for Herrens dom/ og gyser for hælvedes rædsel.

Sørbø teikna opp to ulike argumentasjonslinjer i målreisingsarbeidet, ei nasjonal og ei klassemessig. I den radikale og til dels anarkistiske delen av målrørsla (Fjørtoft, Steinsvik) fekk religionskritikken ein framtredande plass, medan leiande målfolk med nasjonsbyggande ambisjonar var skeptiske til religionskritikk (Aasen). Det har vore affinitet på den eine sida mellom den nasjonale argumentasjonsrekka og den religiøse språkbruken (Blix, Olav Aukrust), på den andre sida mellom religiøs opposisjon, folkeleg opprør og latter-kultur (Garborg - Sande - Jonsson - Fløgstad ...). Med Bakhtin i bakhand var Sørbø oppteken av å konstruere dette tilhøvet ikkje først og fremst som opposisjonelt, men som syklisk: Her er karneval og marknad - men ikkje heile året; faste- og pasjonstid høyrer òg med. Den karakteristiske ambivalensen til religion heng nøye saman med det indre spennet mellom nasjonalt og folkeleg i den nynorske kulturen, om eg forstod Sørbø rett.

Min gode studiekamerat Per Halse rykte brått fram i køen av talarar, fordi flyet med fleire av innleiarane, etter ein flytur som visstnok kunne gjere nokon kvar religiøs, vart nekta å lande på Hovden og ekspedert vidare til Sandane, med påfølgjande landevegstransport. Per arbeider med utviklinga av nynorsk som kyrkjespråk, med vekt på det eldste bibelomsetjingsarbeidet. Han gav eit historisk oversyn og nokre konkrete teksteksempel knytt til emnet "Helgespråk eller kvardagsmål? Spenningar rundt dei første bibelomsetjingane til landsmål."

Forfattarane Inger Bråtveit og Edvard Hoem gav oss lesingar av to forfattarskapar som på kvar sin vis eksemplifiserar det ambivalente tilhøvet til religion, dei til Ingvar Moe og Jakob Sande. Og Stephen Walton teikna opp "Ivar Aasens religiøsitet" i sitt "vandrande foredrag" i Aasen-tunet.

Torsdagskvelden var det boknatt. Om den har eg gjeve rapport ein annan stad.

Fredagen tala Oskar Stein Bjørlykke om "Nynorsk og religion i min generasjon" - det vil seie generasjonen som debuterte i slutten av 60-åra, medrekna Profil-krinsen. Han knytte òg nokre kommentarar til dei ulike litterære "krinslaupa," der religiøs litteratur gjerne har kome på eigne forlag og hatt eigne distribusjonskanalar. Det norske Samlaget har ambosjonar om å gjenspegle totaliteten av den nynorske kulturen, og der har religionen sin plass: "Så pass, men ikkje meir," med Bjørlykke sine ord. Nokre ord om nynorskens religiøse dimensjon hadde han òg. I ei skildring som Hermann Starheimsæters Nordvegen fann han til dømes nynorsk som religionssubstitutt.

Åse Bjørg Høyvoll Kallestad oppsummerte hovudoppgåva si, Da Gud kom tilbake i norsk litteratur: En lesning av fire norske romaner fra 1900-tallet. Dei fire romanane er av Dag Solstad (Professor Andersens natt), Hanne Ørstavik (Like sann som jeg er virkelig), Jon Fosse (Morgon og kveld) og Erlend Loe (Naiv - super). Ho teikna eit bilete av Guds retur til litteraturen, i fire punkt: Underkasting under noko som er større enn ein sjølv. Ein fråverande Gud, ein som ikkje er til stades i skaparverket; saman med distanseringa av Gud frå skaparverket heng tendensar til gnostisisme og mystikk. Og endeleg tala ho om underkasting utan frelse; ho var i det lengste usamd med Eivind Tjønneland (som har skildra 90-talsforfattarar "på lemenmarsj mot Gud"), men enda med å gje han rett i å sjå ein "regressiv, innadvendt og passiv tendens". Fråveret av ein frelsar gjer at den einskilde må "korsfeste seg selv for å gå oppreist." Men det metafysiske behovet, lengten etter "Gud" er her eit heilt individuelt prosjekt, ikkje knytt til religiøse fellesskap.

I den avsluttande panelsamtalen rakk vi innom dei fleste temata som hadde vore oppe til diskusjon, før Ragnar Hovland fekk siste ordet, det vil seie, dei litterære personane han har skapt "Med Indrebø-bibelen i bagasjen." All ære til Ivar Aasen-institusjonane (instituttet og tunet) for arrangementet.

Send ein kommentar.
# lagt inn 17.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Richter-Blix 

Av korrespondansen mellom Ole Richter og Elias Blix (skriftprøve på Richters handskrift her) kjenner eg så langt 15 brev og eitt telegram frå Richter, pluss eitt brev og eitt konsept frå Blix. I tillegg finst det fem brev frå Richter til Blix i Handskriftsamlinga ved Nasjonalbiblioteket i Oslo. Dessutan er det gode utsikter til å finne den andre halvdelen av korrespondansen i Richters privatarkiv, i Vitenskapsmuseets bibliotek i Trondheim. Så langt har eg dette å melde om innhaldet i korrespondansen:
  1. Mykje må karakteriserast som lobbyverksemd; Richter legg rett som det er inn eit godt ord for søkjarar til stipend, legat og embete. Dette er forresten ein sjanger som er godt representert i resten av brevmaterialet òg. Denne passasjen, frå eit brev datert 19. mai 1887, seier mykje om korleis ein tenkte om denne typen påverknad. Tru korleis det fungerer i styringsverket i dag?
    Jeg har været anmodet om at meddele Frøken N. N. en Attest i Anledning af, at hun søger Understøttelse af C. Schous Legat.

    Da jeg fandt det mindre passende af en Statsraad i det Hele at afgive Attest i en Anledning, hvor Afgjørelsen beroer paa Regjeringen eller et Regjeringsdepartement, undslog jeg mig for at meddele saadan, uagtet jeg ikke veed Nogen, hvem jeg med større [...] kunne give et anbefalende Vidnesbyrd end den nævnte Ansøgerinde.

    Men dette hindrer mig dog ikke i, at jeg herved underhaanden henvender mig til Dem med Oplysning om, at Ansøgerinden er en i enhver Henseende ganske særdeles elskværdig og agtværdig Dame, strævsom og arbeidsom, samt i saare trængende Kaar. Det skulde derfor glæde mig, om hun i sin fortrykte Stilling kunde erholde Hjælp af det Legat, hun nu søger.

  2. Så er det dei lokale sakene. Richter var nært knytt til Nord-Trøndelag, og han engasjerte seg både i ei sak om sletting av ein gammal kyrkjegard og i ombygginga av Ytterøy kyrkje.

  3. To brev gjeld ei konkret universitetsreform. Det er tydeleg at departementet arbeidde med stillingskategorien adjunktstipend, og at ein ønskte å unngå at folk sat med denne typen rekrutteringsstipend i årevis. Men det er òg tydeleg at det ligg politiske ugler i mosen her; ei reform kunne til dømes nyttast til å bli kvitt høgre-historikaren Yngvar Nielsen. Her har kong Oscar II personleg engasjert seg. Nielsen stod kongen nær, og han spela ei betydeleg politisk rolle både foran og bak kulissene. To utdrag som fortel mykje, både om saka og om Richter:
    (25.03.1887:) Forholder det sig saa at Yngvar Nielsens Fjernelse fra sin Stilling som Universitetsstipendiat er forestaaende? ... Men skulde ikke ialfald en saadan Forholdsregel kunne undgaaes? I hvormeget det end kan være i virkeligt Medfør af hensigtsmæssigere Regler for Adjunktstipendiernes Andvendelse, saa frygter jeg for at det i dette specielle Tilfælde vil faa eller blive givet Udseende af politisk Forfølgelse. Og skulde man ikke søge at undgaa selv Skinnet deraf?

    (31.01.1888:) Kongens Betænkelighed knyttede sig til Bestemmelsen om 5 Aar som ordinært Maximum, idet han særligt frygtede for at denne vilde kunne blive til Skade for Stipendiater, der med Hjemmel af gjældende Praxis havde faaet en fast Stilling; deriblandt specielt Yngvar Nielsen, og bragte han paa Bane Spørgsmaalet om en Reservation, hvorefter Bestemmelsen ikke skulde have retroaktiv Kraft. Jeg troede at kunne forsikkre ham om at den nye Regel vilde blive anvendt med al Hensynsfuldhed ligeoverfor hvad der kan ansees som etableret Forhold og at Forskriften specielt med Hensyn til Y. Nielsen ikke vilde gribe ind til hans Skade. Disse mine Udtalelser haaber jeg da maa blive retfærdiggjorte, men vil Kongen iøvrigt undertvivl tale med Dem om Sagen.

    Den forsiktige Richter fann det til og med naudsynt å telegrafere til Blix 02.02.1888 for å vere sikker på at saka var i orden.

  4. Eit brevkonsept (frå Blix til Richter, udatert, sannsynlegvis hausten 1886) handlar om utkastet til ny høgmesseliturgi. Dette er ei kyrkjehistorisk interessant sak. Dessutan er det ei av mange saker der eg har problem med å sortere roller mellom Blix og Jakob Sverdrup. Komitéen som skulle revidere høgmesseliturgien var sett ned i november 1885; på dette tidspunktet var Jak. Sverdrup kyrkjeminister (Blix var i Stockholm), og han var sjølv med i komitéen, saman med mellom andre Gustav Jensen (seinare stiftsprost i Kristiania, sentral i alt arbeid med liturgi og salmebok i tida 1880-1920). Den nye, alternative høgmesseliturgien vart godkjent i januar 1887 (Helge Fæhn, Gudstjenestelivet i Den norske kirke, s. 312). Brevet frå Blix syner at kong Oscar personleg hadde engasjert seg og kome med forslag til endringar i utkastet frå komitéen. Men Blix og komitéen held fast på det opphavlege forslaget, og avviser kongens innvendingar.

  5. Aller mest interessant er ein serie dokument som kastar lys over dei interne stridene som leidde til splittinga av Sverdrup-regjeringa. Dette må eg kome attende til i større detalj. Det gjeld for det eine dokument frå oktober 1887, som fortel om stemninga etter nederlaget i soknerådssaka og fram mot "oktober-avtalen", som så vidt avverga splitting av ministeriet i første omgang (Oppdatering, 18.11.2003: Oktoberkrisa 1887); for det andre frå desember 1887 og januar 1888, om den saka som meir enn noko anna skapte avstand mellom Blix og Sverdrup-fraksjonen i regjeringa: Utnemninga av professor i latin ved Universitetet. (Oppdatering, 27.11.2003: Professorsaka)

Oktoberkrisa 1887.
Professorsaka.
Send ein kommentar.
# lagt inn 17.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix-prisen 2003 

NRK Nordland melder:
Blix-prisen for 2003 ble tildelt Tore Elias Hoel fra Harstad. Det skjedde under den nordnorske bokdagen i Vadsø i helgen.

Hoel fikk prisen for ungdomsboka "Glaskula".

Blix-prisen er en minnepris etter dikterpresten [SIC] Elias Blix fra Gildeskål og hans frue Emma, og går til nordnorske forfattere som skriver nynorsk eller dialekt.

Omtale av boka i Avisa Nordland (14.11.2003).
Oppdatering, måndag kveld: Utvida omtale på NRK Litteratur, og Samlagets eigen presentasjon.
26.11.2003: Les intervju med Tore Elias Hoel på vevloggen til Nordnorsk Forfatterlag (ved Endre Lund Eriksen).

Send ein kommentar.
# lagt inn 17.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Sjaa der Guds Lamb kjem gangande! / Stilt fer han fram på Ferdi.
Sjaa yver honom hangande / All Synd og Skuld i Verdi!
Til Offerstaden Vegen ber. / Han segjer: No eg ferdug er
Fyr Adams Ætt aa strida.
Dei syna Kross og Pinsla fram. / Han svarar: Gjerna, Saar og Skam
Eg viljug er aa lida!

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 13

Denne omsetjinga, av Paul Gerhardts pasjonssalme "Ein Lämmlein geht und trägt die Schuld," fortener ein meir utførleg analyse enn det eg har høve til her. Det er i røynda ei ny gjendikting Blix legg fram, samanlikna med det første forsøket i Nokre Salmar hefte I (1869). Medan 1869-versjonen hadde 8 vers, har 1883-versjonen fått 10, som originalen og Brorsons danske gjendikting (som ligg til grunn for Landstads salmebok). Til samanlikning: I 1869 lydde det første verset slik:
Sjaa der Guds Lamb kjem gangande! / Til Dauden stilt han skride.
Sjaa yver honom hangande / All Synd i Verdi vide!
Til Pinebenken Vegen ber. / Han segjer: “No eg ferdug er
Fyr Adams Ætt at strida.”
Dei syna alle Plagor fram. / Han svarar: Pinsla, Saar og Skam
Eg viljug er at lida!”

Salmen er eit kraftig uttrykk for ei luthersk-ortodoks forsoningslære, der Jesu blodige offerdød vert utmala i sterke fargar. Blix legg seg nær Brorsons gjendikting, men ikkje heilt. Linjer som Brorsons (vers 4)
Hvor saa man da det Offerlam / udi sit Blod at flyde;
Hvor saa man da hans Hjerte slaa, / Hver Aare som en Bæk at gaa,
Hans Rosenkinder blegne!

finn ein ikkje hos Blix. Det aktuelle verset blir noko mindre blodig og noko meir maskulint:
Du med ditt Blod paa Krossens Tre / Fyr mine Brot maa bøta,
Lid Hjarteverk og Spott og Spe, / So det ein Stein maa grøta.
Ditt Hjarta ber all Helheims Harm, / Til saart med Sukk det brest i Barm
Og Livet ut maa bløda.
Guds Lamb! kor kann eg løna deg, / At du vart saarad so fyr meg,
So meg du kunde grøda!

Førre utgåva (1869).
Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 17.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.11.03

Riksarkivet 

Eg kjem til å vere i Riksarkivet i dag, mest for å leite i kyrkjebøker, litt for å sjå etter eit par opplysningar eg manglar om lærarseminaret i Tromsø.

Oppdatering, fredag kveld: Eg har sett gjennom Jakob Sverdrups privatarkiv i dag. Medan det er 44 brev frå Jakob Sverdrup til Elias Blix i mitt materiale (og 3 til i Handskriftsamlinga, Nasjonalbiblioteket), er det berre teke vare på 4 brev andre vegen i Jak. Sverdrups arkiv. Her er elles "post factum"-notatbøker "Nedskrevet i 1888 af Statsraad Sverdrup væsentlig efter Optegnelser i Aarene 1885-88". Brevsamlinga må vere eit utval. Eg har Jak. Sverdrup mistenkt for å ville redigere sitt eige ettermæle. Det har forresten vore fleire instansar inne. Brevsamlinga inneheld dette kortet:
Denne Pakke, der indeholder Breve til Statsraad Jak. Sverdrup fra Statsminister Sverdrup, Statsraaderne Blix, Haugland, Schjøtt, Liljedahl m. fl. fra Tiden 1883-1890 samt forskjellige Dokumenter og Brevkopier[?] hvoriblandt særlig Meddelelser fra Statsminister Richters sidste Dage og om Kriserne ham ang. ogsaa i 1885 - bør ikke brændes, men har ikke særlig Interesse netop nu.
Om 20-30 Aar bør en af Statsraad Sverdrups Børn gjennemlæse disse Aktstykker og muligens lade Rigsarkivet [...]dre deraf.

Bergen 5/5 1903 Ole Vollan

Men framleis kan eg ikkje finne noko som stadfestar Reidar Bolling si påstand om at Elias Blix hadde friplass på lærarseminaret i Tromsø det siste året der (1854-1855). Derimot fann eg fasade- og planteikningar av bygninga seminaret heldt til i på den tida, den såkalla Amtmannsgården. Det kunne bli ein bra illustrasjon i boka.

Send ein kommentar.
# lagt inn 14.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Sjaa no vil Jesus draga / Inn i den Mordarstad,
Endaa dei honom laga / So stort eit Blodebad.

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 12

Denne gjendiktinga av Kingos pasjonssalme stod først på trykk i hefte II av Nokre Salmar (1870). Den gongen stod salmen under overskrifta "Passionen," no står det "Palmesundag" over.

Den viktigaste endringa gjeld versemålet. Av grunnar som eg tidlegare har gjort greie for, var Blix nøydd til å stryke to stavingar i siste linje, og det i alle dei tolv versa.

Førre utgåva (1870).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 14.11.03
Send innlegget til nokon du kjenner

13.11.03

Ole Richter 

Før eg presenterer innhaldet i breva frå Ole Richter til Elias Blix, kan nokre ord om brevskrivaren vere på sin plass. Per Fuglum har skrive Richters biografi, i to band (1957 og 1964).

Ole Richter (f. 1829) var jurist og trønder. Dessutan var han det vi i dag ville kalle eit politisk dyr. Han sat på Stortinget i tida 1862-1878, hadde presidentverv både i Odelstinget og Lagtinget, og var svært ambisiøs både som person og som politikar. Han stod heile tida for ein sentrumspolitikk, noko som ikkje hadde dei beste konjunkturane i den sterke polariseringa som rådde på 1880-talet, med riksretten og regjeringsskiftet i 1884 som klimaks. Samstundes var han ofte usikker. Diplomatiske evner hadde han utan tvil. I åra 1878-1884 var han norsk-svensk generalkonsul i London. Han var på tale som regjeringssjef i 1884, men det vart konkurrenten hans, Johan Sverdrup, som fekk den rolla. Richter vart norsk statsminister i Stockholm og leiar av statsrådsavdelinga der. I tillegg til regjeringa i Kristiania sat det ein person med tittel av "statsminister" og to statsrådar i Stockholm, med ein mellomting mellom politiske og diplomatiske oppgåver.

Elias Blix kom til Stockholm i juli 1885 for å vere eitt år ved statsrådsavdelinga. Han møtte ein Richter som stridde med store psykiske vanskar. Kona hans var død tidlegare på året, og Richter hadde opplevd mykje motgang i politikken. I denne situasjonen viste Blix både politisk handlekraft og personleg empati. Richter hadde stor respekt for han, noko som til dømes går fram av desse linjene i eit brev han skreiv til Bjørnson 27. juni 1886 (dette brevet - og Bjørnson sin bruk av det - kom forresten av andre grunnar til å felle han som politikar, men det er ei anna historie):
Statsraad Blix. Jeg kjender ikke en ædlere Natur. Han hører til dem, der aldrig vil svige i en snever Vending - han er tvers igjennem Hæderen og den varmhjertede Patriot. Dette ligger det mig paa Hjerte at have faaet Dig sagt.

Blix gjekk ut av regjeringa 24. februar 1888, nokre dagar etter dei tre statsrådane Arctander, Astrup og Kildal. Det var ein konsekvens av aukande intern strid i Sverdrup-regjeringa.

Richter vart sitjande - under tvil. Men 15. juni 1888 døydde han, for eiga hand, i Ministerhotellet i Stockholm. Sjølvmordet er framleis ei av dei mest omtala og omdiskuterte hendingane i norsk politisk historie. Richter var på ny inne i ei djup psykisk krise. Johan Sverdrup hadde kravd avgangen hans, etter at Bjørnstjerne Bjørnson hadde "avslørt" interne tilhøve i regjeringa, på bakgrunn av brev frå Richter. Dei har båe vore skulda for å ha drive Richter mot undergangen, og det er eit inntrykk det er vanskeleg å kome unna. Bjørnson bearbeidde skuldingane på sin måte, litterært, i skodespelet "Paul Lange og Tora Parsberg" (1898).

Send ein kommentar.
# lagt inn 13.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Skrivande bønder 

I dag lanserer Samlaget den nye boka til Jostein Fet, Skrivande bønder. Vel, vi som var på Boknatta i Aasen-tunet for ei veke sidan, fekk med oss tjuvstarten. Lanseringa finn stad på Høgskulen i Volda.
"Lesande bønder" fekk stor fagnad, og mange har sett fram til den nye boka. Fet si forsking har ført til at vi må revidere og nyansere mykje av det vi hittil har trudd om lese- og skrivekunne i det gamle norske bondesamfunnet. I ein internasjonal samanheng er denne type historisk orientert ”literacy”-forsking svært aktuell, og Fet si forskning har fått begeistret mottaking blant fagfolk på feltet.
...
I Skrivande bønder analyserer Fet kva bøndene har skrive. Han følgjer slektsledd i innskrifter i biblar, allmanakkar, huspostillar og annalar, gripande sitat frå talrike brev, ulukkelege (og vellukka) kjærleiksbrev, skrekkskildringar frå soldatar i krigen (1808), klagesongar og innskrifter om ulukker og uår. Fet analyserer den språklege kompetansen til skrivarane – norvagismane, ortografien og korleis dei valde sine skriftlege førebilete. Fet gjennomgår også utviklinga av skriveopplæringa i skulen.

Oppdatering, fredag 14. november: Les omtale av presentasjonen i Sunnmørsposten.

Send ein kommentar.
# lagt inn 13.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Vil du dette dyre Namn / Trugen i ditt Hjarta skriva,
Skal du aldri undan driva: / Det skal leida trygt din Stamn.
Or di Leid du aldri villest, / Gjeng so mot deg Storm og Flod;
I det Namnet Stormen stillest, / Og so vert daa Enden god.

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 11

Nyårssalmen "Gamleaaret seig i Hav" stod alt i første heftet av Nokre Salmar (1869), som salme nummer to. Blix må ha vore nøgd med denne tidlege salmen (med god grunn), for endringane er små og ortografiske (til dømes skriv han no verbet verte konsekvent med t; vert, ikkje verd).

Men eitt vers er utelate, det opphavlege vers 5. Det kan ein forstå. Andre linja i dette verset inneheldt noko så sjeldsynt hos Blix som ein rytmisk snublestein:
So ho skin fraa Jol til Jol / Med uminkad Glans og Rode ...

Det er det siste verset som er sitert her. Samanliknar vi dei fire siste linjene med førsteutgåva, får vi eit inntrykk av korleis Blix arbeidde vidare, heilt ned i dei små detaljane, for å rette opp eit halvgodt rim (og kan hende for å bli kvitt eit "ei"). Men eg tykkjer no "Storm og Straum" var flottare.
Or di Leid du ei skal villast, / Ber so Storm og Straum imot;
I det Namn all Storm skal stillast, / Og so verder Enden god.

Førre utgåva.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 13.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.11.03

Brageprisen 

Brageprisen er delt ut i kveld - utan fjernsynet, men stas på bøker gjer dei likevel. Eg er særleg glad for tildelinga av fagbokprisen til verket om norsk innvandrarhistorie, redigert av Knut Kjeldstadli, på Pax forlag.
- Trebindsverket beskriver og drøfter innvandring til Norge gjennom 1100 år, og viser at nasjonalstaten og norskinger ikke kan tenkes uten innvandrere. Forholdet mellom innvandrere og innfødte er komplekst og sterkt historisk betinget. Verket gjenforteller norgeshistorien på en fyldig, utfordrende og ny måte. Det er lærerikt og maner til ettertanke, mener juryen.

Oppdatering 27.11.2003: Tromsøflaket presenterer Norsk innvandringshistorie.
Send ein kommentar
# lagt inn 12.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix-prisen 

Nordlys omtalar den nord-norske bokdagen, som finn stad i Vadsø førstkommande laurdag. Her blir årets Blix-pris delt ut til ein nord-norsk forfattar.

Oppdatering: Meir informasjon om bokdagen, frå Vadsø bibliotek.
# lagt inn 12.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Skriftspråk 

"Mange barn i Afrika får øydelagd skulegangen fordi undervisninga går føre seg på språk dei ikkje meistrar. No får dei hjelp av Universitetet i Oslo." Slik innleidde Vårt Land i går eit intervju med professor Birgit Brock-Utne om eit prosjekt som gjeld språk i skolen i afrikanske land.
Ho fann at undervisinga på skular og universitet i heile Afrika nesten utelukkande føregår på europeiske språk. Pedagogen greip fatt i emne, og er i dag koordinator for eit forskingsprosjekt som er direkte knytta til språk i skulen. ...

Engasjement. Brock-Utne skisserer tre grunnar for engasjementet:
– Det er klare pedagogiske grunnar til kvifor elevar bør få opplæring på eit språk dei meistrar, ein må ganske enkelt forstå kva læraren seier for å kunne ta til seg kunnskap. Vidare handlar språk om kultur, og kulturelle omgrep og tenking blir formidla gjennom språklege termar. Og endeleg, språk handlar om identitet. Ein kan spørje seg kva det gjer med menneska at språket ein vanlegvis snakkar ikkje blir sett på som høgverdig nok for skular og universitet, seier professoren som har sitt daglege virke ved det utdanningsvitskaplege fakultet ved Universitet i Oslo.

På dette området kan ho få med seg mykje erfaring både frå målrørsla, frå samiske miljø, og frå norske misjonsorganisasjonar.

Send ein kommentar.
# lagt inn 12.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Sigmund Skard 

Bærum bibliotek inviterer til Sigmund Skard-matiné i Bærum Kulturhus, Sandvika, laurdag 15. november kl. 13.00-15.30.

Les meir.
# lagt inn 12.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Fraa Betlehem eit Gitord gjeng, / Eit Gitord gjeng,
Um Kongeson i Krubbeseng. / Halleluja, Halleluja!

Hans Rike gjeng so langt som Sol, / So langt som Sol,
Og evig stend hans Kongestol. / Halleluja, Halleluja!

Hans Velde naar fraa Hav til Hav, / Fraa Hav til Hav.
Men Rettferd er hans Kongestav. / Halleluja, Halleluja!

Hans Ord som Dogg um Morgon fell, / Um Morgon fell,
Og Freden gror fraa Fjord til Fjell. / Halleluja, Halleluja!

Gud vere Lov i høgste Høgd, / I høgste Høgd!
No er eg glad og sæl og nøgd. / Halleluja, Halleluja!

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 10

"Fraa Betlehem eit Gitord gjeng" er den første nye salmen i denne utgåva av Nokre Salmar. Melodien er "Et Barn er født i Betlehem." Lindeman utgav sin melodi, den vi nyttar i dag, i 1871. Eg veit ikkje kor fort den kom i bruk; middelaldermelodien er framleis teken med som alternativ i Norsk Salmebok (1984), men eg veit ikkje om nokon kyrkjelyd som nyttar den i dag.

Denne er mellom dei gløymde Blix-salmane. Kan hende er grunnen rett og slett populariteten til "Et barn er født i Betlehem". Blix når nok ikkje dei heilt store høgdene i denne salmen, og kan hende ikkje det heilt folkelege heller; melodien og versemålet treng ei enkel vise. Men det er mange interessante trekk her likevel. Eg har gjeve att versa 1, 5, 6, 9 og 12 (det siste), og markert dei mest opplagte bibelske allusjonane. I siste verset kjem forresten det Gloria som vi mista i andre utgåva av "Det Folk som sat" hin dagen.

To spørsmål skulle eg gjerne hatt svar på:

1. "Hans rike gjeng so langt som Sol" lyder bibelsk. Men er det det? Eit kjent hymnologisk motiv (Wexels: "Så vide om land som sol mon gå"; Watts/Smemo: "Jesus skal rå så vidt som sol"), men kvar kjem det frå?

2. Eg er ikkje heilt nøgd med referansen til 5 Mos 32,2 når det gjeld lina "Hans Ord som Dogg um Morgon fell." Betre forslag? Eg har ein vag mistanke om at her må ein leite i utanombibelsk jødisk eller orientalsk tradisjon. Men her er det sjølvsagt biografen i meg som gjerne vil at professoren i semittiske språk skal påverke salmediktaren i Blix.

Kjelde for bibelsitata: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 12.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.11.03

Bøker, bøker 

Av familiære grunnar vert eg sitjande mykje heime dei neste vekene. Men i dag har eg vore på bytur, dels for å treffe Sverre Tusvik og sjå nybygget til Samlaget, dels for å hente ut litteratur om Sverdrup-ministeriet 1884-1888 i Universitetsbiblioteket (som heldigvis har opna att, etter sikring av takplatene).

Så no kan eg stengje meg inne med brevbunken.

Send ein kommentar.
# lagt inn 11.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

I djupaste Myrker vart Himmelen klaar, / Daa Stjerna av Jakob seg viste.
I hardaste Vetter Gud Sumargull straar, / Og fagraste Knupp spring av Kviste.
Guds Fred og god Jol / Med Sumar og Sol! / Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

Der ute ligg Jordi so isende kald, / Og svart stend kvart Tre uti Skogen.
Men Isai Stuv, som til Frelsa er vald, / Skyt Livskvisten fager og mogen.
Guds Fred med den Tein / Av grønkande Grein! / Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 9

"No koma Guds Englar" fann forma si på første forsøket (i Nokre Salmar III, 1875). Her er det berre ørsmå endringar: "Velsigning" for "velsignad" i vers 1, "Menneskjeborn" for "Menneske-" i vers 2, "vart" for "vardt" i v. 3, "So vida" for "So vide" i v.6 og 7.

Eg nemnde "Stjerna av Jakob" frå 4. Mosebok 24,17 i går. Eg tek med det aktuelle salmeverset, og verset etter, som spelar på Jesaja 11,1. Dei får representere den iscenesetjinga av bibelske bilete i norsk natur som er så karakteristisk for Blix.

Kjelde for bibeltekstane: Bibelen.no
Førre utgåva (1875).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 11.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.11.03

Richter-brev 


Hjertelige Hilsener til Statsraadinden og alle mine smaa Venner - særligt liden Guddatter. Deri deltager ogsaa min Søster.
Levvel!
Deres ærbødige og hengivne
O. Richter

Slik sluttar det første av dei 15 breva i denne brevsamlinga frå Ole Richter (1829-1888), statsminister og sjef for statsrådsavdelinga i Stockholm, til kyrkjeminister Elias Blix. Dette er datert 25. november 1886, dei andre er frå året 1887, det siste er datert 15. januar 1888. I løpet av det året Blix var statsråd i Stockholm (1885-1886) kom han til å stå Richter særleg nær. "Liden Guddatter" er Borghild Margrethe, nest yngste barnet til Blix, fødd i Stockholm 15. mars 1886. Helsinga til "Statsraadinden" og "smaa Venner" kjem att i mange av breva.

Send ein kommentar.
# lagt inn 10.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Om å sitere 

Morgenbladet er på veg over i tabloid. Jon Hustad tok i helga tak i kjeldebruken i Karsten Alnæs-bestseljaren Historien om Norge. Han påviser ei rad tilfelle der lange passasjar er siterte frå andre forfattarar utan at dette er kreditert på ein rimeleg synleg måte. Alnæs lovar i reportasjen å "endre praksis."

Saka var oppe i Kulturnytt i NRK P2 fredag, og Dagsavisen følgjer opp saka i dag, i eit intervju med Tor Bomann-Larsen.

Send ein kommentar.
# lagt inn 10.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Sidemål 

Sidemål har sin verdi er tittelen på Synne Skouen sin kommentar i Aftenpostens spalte "Signert" fredag 7. november. Kommentaren ligg ikkje ute på nett (men finst i tekstarkivet, for abonnentar), så eg siterer nokre utdrag. Skouen tek utgangspunkt i Ragnar Hovlands innlegg i Dagsavisen 1. november (som eg har kommentert her) og i den kanadiske tospråklege situasjonen.
Hovland på sin side viser til hvor vellykket en integrert
norskundervisning kan være, altså når bokmål og nynorsk går
hånd i hånd. Det tror jeg ham på. Og så etterlyser han
bokmålfolks støtte. Den skal han få.
I min barndom fantes en moster - hun ville ikke hete tante
- som het Klara Semb. Hun kom fra Oslo, men ble en
foregangskvinne for folkedans og sang i Norge, sammen med
Hulda Garborg. Vikajenta Klara la dessuten helt om, og
snakket konsekvent nynorsk. Det er mulig hun knotet verre,
men hun ga seg aldri. Og ikke slapp undertegnede unna å gå
og danse og synge i Bondeungdomslaget heller. Det har jeg
hatt mye igjen for.

Skyr nynorsk
Slik faller jeg helt selvsagt ned på Hovlands side i
debatten. Det handler om nødvendig friksjon og anstrengelse
i tilegnelsen av egen kultur, og forståelse av hvor vi er i
verden. Det er her Toronto kommer tilbake. Jeg liker å tro
at all historisk strid til tross, så profitterer dagens
canadier på å høre hjemme i et land som ikke kan ignorere
«de andre», verken offentlig eller privat. I Norge kan det
av og til se ut som om problemet er at forskjellen mellom
språkene ikke er stor nok. Men åpenbart tilstrekkelig til at
de store avisene og bokklubbene skyr nynorsk, fordi det, som
Hovland påpeker, som vanlig handler om hva som lønner seg.
Her skal NRK få en blomst: Det er der du daglig finner
nynorsk og dialekt i riksmediene. Ihvertfall i radio. Hvem
tenker over at Åshild Ulstrup, Are Kalvø eller Marta Norheim
ikke snakker bokmål? Bortsett fra fjortiser og
språk-kverulanter? Vi andre syns faktisk det klinger helt
normalt.
Hei moster Klara i himmelen: Du ser, eg har ikkje gløymt
deg.

Kjelde: Aftenposten
Send ein kommentar.
# lagt inn 10.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Det Folk, som sat i myrke Natt / Og djupe Daudeskugge,
Dei saag ei Sol i Auster spratt / Med Ljos og Liv og Hugge.
Dei saag so stor ein Dag / Eit Ljos med ukjent Lag
Som yver Jordi rann, / Og lyste vidt um Land
Med Sumar og med Sæla.

Ei Stjerna upp av Jakob stig! / So var den gamle Spaadom.
Men mang ei Ætt i Gravi sig / I Venting, Von og Traadom.
Dei venta tusund Aar: / Daa rann den Stjerna klaar
Og tendrad Dag paa Jord; / For trufast er Guds Ord,
Hans Lovnad Ja og Amen.

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 8

Den aller første salmen som lesarane møtte i første heftet av Nokre Salmar (1869) er heilt omarbeidd her. Det gjeld ikkje berre ortografi og morfologi. Endringane er gjennomgripande. Det andre verset lydde til dømes slik i førsteutgåva:
Det Stjerna var av Davids Hus, / Som helge Feder saago;
Men Davids Hytta fall i Grus, / Og Federne alt laago
I Gravom tusund Aar: / Daa rann den Stjerna klaar
Og tendrad Dag paa Jord; / For trufast er Guds Ord,
Hans Lovnad Ja og Amen.

Her er den bibelske hovudreferansen bytt ut. "Davids Hytta" (1869) spelar på Amos 9,11. Men "Stjerna ... av Jakob" (1883) finn vi i Bileam-oraklet, 4. Mosebok 24,17. Den siste teksten har òg ein viktig plass i "No koma Guds Englar," som vi skal sjå på i morgon.

Blix har til og med utelate eit heilt vers frå førsteutgåva, noko som sjeldan hender. Det gjeld det opphavlege fjerde verset, som gav att Gloria, englesongen på Betlehemsmarkene:
“Gud vere Lov i høgste Hægd! /Guds Fred med heile Jordi!
Og yver Mannens Ætt hans Tægd!”

Eg er ikkje sikker på at salmen vann på det.

Kjelde for bibeltekstane: Bibelen.no
Førre utgåva (1869).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 10.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.11.03

Dagens Blix (ekstra) 

Raud- og gulkledde fotballtilhengarar set preg på Oslo. Det er cupfinale mellom Rosenborg og Bodø/Glimt på Ullevål stadion i dag. Glimt har skaffa seg ein ny kampsong. Her markerer vi dagen med første vers av den gamle, og med vers 6, sidan det er sundag.

Barndomsminne.
(Fraa Nordland).

Aa eg veit meg eit Land / Langt deruppe mot Nord
Med ei lysande Strand / Millom Høgfjell og Fjord.
Der eg gjerna er Gjest, / Der mitt Hjarta er fest / Med dei finaste Band.
Aa eg minnest, eg minnest so væl dette Land!

I min Heim var eg sæl, / Avdi Gud var attved,
Og eg kjende so væl, / Kor det andad Guds Fred,
Naar til Kyrkja me for, / Naar me heime heldt Kor, / Og med Moder eg bad.
Aa eg minnest, eg minnest so væl denne Stad!

-----------------------
Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900), s. 133-136
Første gongen trykt i Den 17de Mai 13. august 1896.

Domprosten i Bodø, Tor B. Jørgensen, har elles avlagt denne lovnaden i ei feststemt stund på Rockefeller i går, melder Avisa Nordland:
– Hvis Glimt viner cupfinalen skal jeg ha en Glimt-drakt under prestekjolen hver eneste søndag neste år.

Det er godt det ikkje er utanpå.

Oppdatering: Domprosten slepp. 3-1 til Rosenborg.

Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 9.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.11.03

Essay 

Eg blir mykje borte i helga. Det er siste samling på essay-kurset i det faglitterære forfattarstudiet laurdag og sundag.

Send ein kommentar.
# lagt inn 8.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Boknatt 

Seminaret "Spott og salmar" var svært vellukka. Det skal eg òg fortelje meir om sidan. Her kjem berre nokre bilete frå "Boknatta" i Aasen-tunet torsdag 6. november.

Jostein FetJostein Fet gjev ein førpremiere på den nye boka si, Skrivande bønder.

Rolf SagenRolf Sagen les frå Alltid likt å lese om krigen.

Inger N. BråtveitInger Bråtveit med debutboka Munn mot ein frosen fjord, som ho fekk Nynorsk litteraturpris for i fjor.

PauseMellomøktene i kaféen var òg eit viktig innslag.

Endre Lund EriksenHelga Eriksen las mellom anna frå Ruts bok.
Oppdatering, laurdag 15. november: Og her kjem straffa for ikkje å ta barnelitteratur på alvor. Den andre boka Helga Eriksen las frå, barneboka Flugepapir (illustrert av Gry Moursund) fekk Brageprisen onsdag.

Endre Lund Eriksen (biletet), kjend for barneboka om Pitbull-Terje, presenterte Ingen kan stoppe meg no.

Ragnar HovlandRagnar Hovland fekk Sunnmørsprisen under boknatta. Det kan du lese meir om i Sunnmørsposten.

Hoem/SommerroOskar Stein Bjørlykke innleidde siste leseøkt, før boknatta vart avslutta ved midnattstid med Edvard Hoem og Henning Sommerro (biletet).

Send ein kommentar.

# lagt inn 8.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Nye brev 

Eg er nett komen heim frå nokre heilt spesielle dagar i Ivar Aasen-tunet. Det er mykje å fortelje, men midnatt er passert, så det meste får vente. Men eg fortelje at eg vende heim med kopiar av 150 brev til Blix i kofferten! Eg har berre visst om breva eit par veker. Dei er i familiens eige, og er for tida stilte til disposisjon for Aasen-tunet av Leiv Erik Blix Bondevik, Ålesund (tippoldebarn til Elias Blix).

Dei fleste breva er frå statsrådstida til Blix på 1880-talet. Eg har lese gjennom dei 15 breva frå Ole Richter. Statsministeren i Stockholm som fekk slik ein trist ende var kan hende Blix sin næraste kollega i statsrådet. Her er òg nokre brev frå Johannes Steen, som leidde stortingsmajoriteten i denne perioden. Men framfor alt er her svært mange brev frå Jakob Sverdrup, Blix sin kollega og konkurrent om kyrkjeministerposten. Dette materialet har eg store forventningar til. Dei kan kaste nytt lys over interne tilhøve i regjeringa Sverdrup.

Dessutan er det mange andre. Berre ein smakebit i kveld, eit situasjonsbilete eg fall for med ein gong. Følgjer du denne peikaren, kan du sjå ein faksimile av dette brevet frå stortingsrepresentant Sivert Nielsen frå Nordlands amt, Blix sin næraste ven på Stortinget:
Hr. Dr. Blix!

Jeg gratulerer! Med 85 Stemmer er Din Professorgage i dette Øieblik bevilget.

Din
S. Nielsen

Storthingssalen
12-5-79

Send ein kommentar.
# lagt inn 8.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.11.03

Dagens Blix 

So blømer Guds Kyrkja med Æra / Og yndeleg Grøda kann bera,
I Krist skal ho anda og liva, / Han Væta til Vokstren vil giva.

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 7

Brorson-salmen "Den fagraste Rosa" (ja, vi er i jula framleis) stod først i Nokre Salmar II (1870). Dei mange, men små variantane syner korleis Blix stadig arbeidde med språket og luka ut framandelement, her dativen "Kristo" og den unorske verbforma "giver". I førsteutgåva var dette (fjerde) verset av salmen slik:

So blømer Guds Kyrkja med Æra / Og yndige Frugter kann bera,
I Kristo ho andar og liver. / Han Væta til Voksteren giver.

Førre utgåva (1870).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 7.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.11.03

Dagens Blix 

Um Natti enn er nog so svart, / Ho flyr, naar Soli renner.
So flyr min Hugverk vel og snart, / Naar rett eg ser og kjenner,
At Gud so reint usegjeleg / Fraa evig Tid hev' elskat meg
Og vart min Bror og Like
Eg gløymer aldri desse Ord, / Som klang herned fraa Englakor:
Guds Fred paa Jorderike!

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 6

Brorson-salmen "I denne søte Joletid" har Blix arbeidd ein del med sidan Nokre Salmar II (1870). Slutten av dette femte verset lydde opphavleg slik:

At Gud so reint usegjeleg / Fraa evig Tid hev elskat meg
Og er min Broder vorden.
Eg gløymer aldri desse Ord, / Som klungo ned fraa Englakor:
No er det Fred paa Jordenn'!

På mikroplan kan vi notere at infinitivsmerket ikkje lenger er "at", men "aa," medan "inkje" er erstatta av "ikkje".

Førre utgåva (1870).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 6.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.11.03

Dagens Blix 

Or Høgdi ned i Verdi skin / Ei Morgonstjerna klaar og fin
Med Sanning og med Naade.
Du Jesse Rot og Davids Kvist, / Min Hjartans Brudgum, Jesus Krist!
Meg huggar i all Vaade.
Mi Sol / I Jol,
Væn og herleg, / Mild og kjærleg! / Gaavor gjæve,
Ljos og Liv til meg du heve.

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 5

Lite er endra sidan gjendiktinga av Philipp Nicolais julesalme stod på trykk første gongen i Nokre Salmar II (1870). Eit ord i første verset, ei line i det siste.

Men Blix har slutta å bøye namnet "Jesus" i kasus. "Jesu" i vokativ og "Jesum" i akkusativ/dativ er skifta ut. Så "Min dyre Brudgum, Jesu Krist" vert her "Min Hjartans Brudgum, Jesus Krist".

Førre utgåva (1870).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 5.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.11.03

Voldaveiret 

Og den som skal til Volda, må sjølvsagt innom ein av kultstadene på verdsveven, www.voldaveiret.no. Og ikkje berre for "veirmeldinga" si skuld. Ta ein titt på bileta òg.

Send ein kommentar.
# lagt inn 4.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?