<$BlogRSDUrl$>

30.1.04

Dagens Blix 

Til Gud eg lyfter Augat mitt, / Naar eg i Sorg og Trengsla sit.
Naar all mi Hugga burte er, / Til Gud mi Bøn um Hjelp eg ber.
Eg trur paa honom trøysteleg. / Han kann og vil nog verja meg.

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 49

Den gamle Thomissøn-salmen "Til Gud eg lyfter Augat mitt" vart først publisert i 1870-heftet av Nokre Salmar. Den er ikkje mykje endra her. Melodien er "O Fader vor i Himmerig." Om du ikkje heilt hugsar melodien, kan du jo høyre på denne versjonen til J. S. Bach.

Heile salmen.
Kjelde for musikkeksempel: Svend Christiansen
Førre utgåva (1870).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 30.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.1.04

Dagens Blix 

[Om navnet Mika:] --- Saavidt om Navnets Former. Dets Betydning er som allerede anført: “Hvem er som Jahve!”= hvem er ham lig! Det er en beundrende Exklamationssætning, der indeholder en stærk Benægtelse = “Ingen er som Jahve”, Ingen er hans Lige; Han er den absolut Uforlignelige, Mageløse og Enestaaende.
---
Naar nu tvende Forældre give sit Barn dette Navn, saa vilde de dermed visselig ikke blot udtale sin Tak for Guds uforlignelige Godhed, der havde skjænket dem dette Barn; men idet de gjorde denne Israels gode Bekjendelse til Barnets Navn, saa lagde de deri sit Hjertes Ønske, Haab el. Formening om, at dette Navn i Sandhed maatte blive hvad et Navn skulde være, nl. et Udtryk for Barnets Væsen; og de lagde dermed denne store Sandhed paa Barnet som en Opgave, det skulde realisere og gjorde den saaledes til dets Livs Løsen, for at det i sit Liv og Væsen skulde forkynde den Sandhed, som Navnet indeholdt.
---------------
E. Blix, Forelæsninger over Profeten Mika I,4-5
Nasjonalbiblioteket i Oslo, Håndskriftsamlingen, Ms 8vo 923,1
Udatert, men sannsynlegvis utarbeidd hausten 1877

Midt i ei lærd og lang utgreiing om namnet til profeten Mika kjem denne passasjen. Forfattaren er familiefar, han har til den aktuelle datoen fått fire barn, men mista det eine: Hans Peter, Marie, Signe (†), Helge. What's in a name?

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 29.1.04
Send innlegget til nokon du kjenner

28.1.04

Dagens Blix 

Paa Gud aaleine / Eg lit i Livsens Strid.
Hans Ord det reine / Veit Raad i rette Tid.
Han alle Stader / Meg fører fri og sæl.
Alt, som meg skader, / Han vender av so vel,
Den gode Fader, / Den Gud Immanuel.

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 48

"Paa Gud aaleine" vart det ikkje plass til i den siste kyrkjesalmeboka, Norsk Salmebok (1985), verken i bokmåls- eller nynorskutgåve. Det er synd. Salmen har hatt ein sikker plass i dansk-norsk salmetradisjon sidan 1600-talet. Melodien er staseleg, og heldigvis i bruk til andre tekstar òg.

Heile salmen.
Kjelde for musikkeksempel: Svend Christiansen
Førre utgåva (1870).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 28.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.1.04

Avhandlinga 

dette biletet ser du til venstre opponentens, professor Jens Peter Brochs, personlege eksemplar av Elias Blix si doktoravhandling frå 1879, De vigtigste Udtryk for Begreberne Herre og Fyrste i de semitiske Sprog. Til høgre ser du manuskriptet til opposisjonsinnlegget. Eg har vore i Handskriftsamlinga i dag, som du skjønar.

Send ein kommentar.
# lagt inn 27.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Skandaløse krøniker 

"Unikt tidsbilde fra universitetsmiljøet i hovedstaden i det 19. århundret." Det er overskrifta til Espen Søbyes melding av Nic Knudtzon, Professor, Dr. Ludvig Daaes erindringer og opptegnelser om sin samtid (Oslo: Novus, 2003) i Dagbladet i går.
Alt ved denne boka påkaller interessen, manuskriptets utgivelseshistorie er fascinerende: Historieprofessor Ludvig Ludvigsen Daae (1834- 1910) skrev erindringene i 1888- 93 og i 1901. Etter at han døde, ble manuskriptet overlatt til Universitetsbiblioteket. I 1931 ville bibliotekar Wilhelm Munthe publisere en revidert versjon til 100-årsdagen for Daaes fødsel i 1934. På grunn av økonomiske vanskeligheter ble det ikke noe av.

For noen år siden tok Nic Knudtzon, oldebarn av professor Daae, opp igjen utgivelsesplanene, nå selvfølgelig uten å stryke de skarpe uttrykkene i personbeskrivelsene som Munthe hadde vært redd for. Det har tatt tid, Knudtzons innledning er datert juni 2000, men nå er altså Daaes manuskript endelig offentlig.
Søbye legg mest vekt på sladder og skandaler frå 1800-talets universitets- og sosietetsliv, noko eg sjølvsagt er interessert i. Eg skal berre leggje til at Daae var ein nær ven og åndsfrende av Yngvar Nielsen, som eg ofte har sitert, og at desse to historikarane med sine klåre Høgre-sympatiar ofte kan gje viktige korrektiv til Venstre-historikarane, som har stått for den hegemoniske framstillinga av 1800-talet.

Derimot er Daae ikkje identisk med Blix sin regjeringskollega Ludvig Daae, juristen og arméministeren som skapte den første ministerkrisa i regjeringa Sverdrup. Han har òg etterlate seg nokre saftige dagboksoppteikningar og personkarakteristikkar, særleg frå storting og regjering.

Send ein kommentar.
# lagt inn 27.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Vaar Gud han er so fast ei Borg. / Han er vaar Skjold og Verja.
Han hjelper oss i all den Sorg, / Som Hjartat her vil herja.
Vaar gamle Fiend gram / Med Aalvor no fer fram.
Stor Magt og Lygn og List, / Det er hans Vaapen visst.
Paa Jord er ei hans Jamning.

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 47

Under overskrifta "Tru og Tillit" har Blix heile fem salmar i 1883-utgåva av samlinga si. Den første er Luther-salmen "Vaar Gud han er so fast ei Borg." Blix har arbeidd mykje med den sida førsteutgåva (1869). Salmen var svært populær. Ivar Aasen gjorde òg fleire omsetjingar, men han tykte Blix gjorde det betre.

Heile salmen.
Førre utgåva (1869).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 27.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.1.04

Sør-Arnøy 

Stor reportasje frå Gildeskål i Morgenbladet i helga som var. Diverre er bakgrunnen dyster:
Seks branner og ett spesielt motiv på 8135 Sørarnøy
For en uke siden ble en femtenåring siktet for en rekke branner på en liten øy i Nordland. Da hadde det lille lokalsamfunnet levd i redsel og mistenksomhet i nesten seks uker. Dette er historien om en idyll som brast.
Send ein kommentar.
# lagt inn 26.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

LK II 

Læring og kommunikasjon II er namnet på vårens modul i den faglitterære forfattarutdanninga. Første samling var i Oslo i helga. Artig å treffe dei andre att. Mange gode førelesningar. Denne gongen skal det handle mest om kommunikasjon i eit fleirkulturelt perspektiv.

Send ein kommentar.
# lagt inn 26.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Synd og Sorg er Systkin-Ord, / Fylgjast jamnan her paa Jord.
Synd fraa Gud oss heve skilt, / Difyr lider Hjartat ilt:
Hjartat, som fyr Gud er skapt, / Syrgjer, naar det Gud hev tapt.

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 46

"Synd og Sorg er Systkin-Ord" er identisk med førsteutgåva frå 1875. Du finn framleis salmen i Norsk Salmebok (nr. 400). Salmen er eit konsist uttrykk for kristen nådelære.

Heile salmen.
Førre utgåva (1875).
Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 26.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.1.04

Dagens Blix 

Jesus Krist, du Naadens Kjelda! / Jesus Krist, du Livsens Ljos!
Lat di Gjerning fyr meg gjelda, / Ver mi Rettferd og mi Ros!
Naar mitt Samvit vil meg saka, / Og eg maa Guds Vreide smaka,
Lær meg tryggt aa tru ditt Ord, / At eg er rettferdiggjord!

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 45

Vi er komne til avsnittet "Kristi Rettferd" i salmesamlinga, og til ein salme som var ny i 1883. Dette er dogmatikk på vers, ei lysande klår framstilling av klassisk luthersk teologi, på høgd med reformatoren sjølv. Du finn framleis salmen i Norsk Salmebok (nr. 339).

Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 23.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.1.04

Blix i Rindal 

Magne Bjørndal, sokneprest i Rindal på Nordmøre og studiekamerat av kona mi frå Menighetsfakultetet, fortel at han og kantoren skal ha eit Blix-program i pensjonistforeininga i neste veke. Takk for helsing, Magne, og lukke til!

Send ein kommentar.
# lagt inn 22.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Jul i Lårdal 

Eg har fått hyggjeleg helsing frå Audhild Sandnes i Lyngdal, opphavleg frå Lårdal i Telemark. Det er eit fint påskot til å minne om ein av merkedagane i soga om nynorsk kyrkjemål, juledagen 1884. For det var i Lårdal kyrkje, i dag i Tokke prestegjeld, at det for første gong vart sunge nynorske salmar i ei gudsteneste, mellom anna "No koma Guds Englar med Helsning i Sky". Den fine temautstillinga til Ivar Aasen-tunet presenterer hendinga under overskrifta Heilag ulydnad (plansje 3 i fila Elias Blix—7-12), med eit fint bilete av kyrkja:
Første juledag 1884 utøver kyrkjelyden i Lårdal kyrkje heilag ulydnad. Dei syng tre Blix-salmar under høgmessa sjølv om ingen Blix-salmar enno er godkjende for bruk i kyrkja. Seinare i julehelga gjer kyrkjelyden i Høydalsmo det same. Då prost Sønke Postimus Sønnichsen melder frå om hendinga til departementet, gjer han samstundes framlegg om at nynorske salmar må kome med i salmebøkene. Statsråden i departementet heiter Elias Blix. Han let etterfølgjaren sin overta saka, som blir lagd på is.

«I some Skular brukar me den vesle Salmeboki, som hev kome fraa ’Det norske Samlag’ aa lærer Borni sume av Salmarne. I Jole song me norske Salmar i Kyrkja or den Boki, og Folk sagde, at dei totte det var vent og gjekk godt.»

TORKEL OFTELIE «Fraa Høydalsmo», Fedraheimen 28. mars 1885
Soknepresten, prost S. P. Sønnichsen, skreiv altså alt i januar 1885 til Kyrkjedepartementet med framlegg om å tillate Nokre Salmar som tillegg til salmeboka. Eksperimentet i julehelga hadde vore vellukka, og kyrkjelyden ville gjerne halde fram med å bruke denne boka, som var komen i ny utgåve i 1883. Opphavsmannen til Nokre Salmar var anonym, men det var godt kjent at han heitte Elias Blix og var identisk med kyrkjeministeren. Denne noko kinkige dobbeltrolla var nok medverkande til at departementet la seg på ei svært varsam linje i saka. Trass i fleire liknande initiativ vart det ikkje noka godkjenning under regjeringa Sverdrup.

Men ting endra seg i 1891. Dette året kom det ei ny utgåve av Nokre Salmar, for første gong med forfattarnamn på tittelbladet, og det kom ei ny Venstre-regjering. På nytt fekk Kyrkjedepartementet brev frå Telemark med ønske om autorisasjon av den nynorske salmesamlinga, først frå prost J. L. Quisling i Fyresdal (ja, det er far til den Quisling), seinare frå kyrkjelyden i Lårdal. Dessutan sende Det norske Samlaget eit liknande framlegg. Den nye kyrkjeministeren, Vilhelm Wexelsen, handla raskt, over hovudet på og til stor irritasjon for biskopane. 4. mars 1892 vart det tillate å nytte Nokre Salmar i gudstenesta på stader der kyrkjelyden hadde gjort vedtak om det. Kyrkjelyden i Lårdal var ikkje først, men tidleg og samrøystes ute med vedtaket, medan Blix-salmane vart eit heitt stridstema mange andre stader. Dette har Kjell Haugland skrive om i "Me syngja skal den nye song: Striden om Blix-salmane", Syn og Segn 92 (1986), 343-348.

Send ein kommentar.
# lagt inn 22.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Seg, kvar skulde me vel ganga / Utan Jesus her paa Jord?
Han oss eine Hjelp kann langa, / For han heve Livsens Ord.
Fred me finna i hans Fang. / Var so Vegen nog so lang,
Det me vilde litet vyrda. / Jesus letta vil vaar Byrda.

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 44

"Naadekallet" har Blix sett som overskrift til denne salmen i 1883-utgåva. I førsteutgåva (1870) stod det ei tilvising til Matteus 11[,28]. Merk at salmen har fått ny melodi sidan sist. I 1870 var det "Jesu, dine dybe Vunder" som var oppgjeve. No er det "Vær nu glad og vel tilmode" - som du kan hende best kjenner til "Som den gylne sol frembryter".

Heile salmen.
Førre utgåva (1870).
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 22.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.1.04

Flaggdag 


I dag skal det flaggast på BlixBlog. Kona fyller år! Verda er urettferdig. Ho måtte bli 47 før åremålsdagen vart offisiell flaggdag.

Ja, eg har fått med meg at det er fødd ny tronarving. Eg er republikanar, men eg tykkjer det er fint kvar gong det kjem eit barn til verda. Gratulerer til familien - og til kona!

Flagg med løyve frå ITA's Flags of All Countries
Send ein kommentar.
# lagt inn 21.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Det er so godt aa vitja / Guds Hus og Heilagdom paa Jord.
Det er so sælt aa sitja / Og lyda paa Guds gode Ord.
Der er det godt aa tjelda / Fyr trøytte Ferdamann.
Der inn ved Livsens Kjelda / Gror Liv i aude Land.
Og der den Kjelda surlar, / Der byggja Fuglar smaa;
Den arme Duva kurlar / Og lengtar dit aa naa.

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 43

Skal eg plukke ut ein programsalme i produksjonen til Elias Blix, er denne ein sterk kandidat. Her finn du både det fine nettet av bibelske referansar, den doble forankringa i kvardagsliv og kyrkjerom, naturbileta og nasjonsbygginga på bibelsk grunn. Du må lese heile salmen. Du skal få nokre bibelreferansar til hjelp: Salmen stod første gongen i hefte III av Nokre Salmar (1875). Og vi syng den framleis i norske kyrkjer, sjå Norsk Salmebok nr. 574.

Heile salmen.
Førre utgåva (1875).
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 21.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.1.04

Takk til Hagen 

Og så var det dagens Hagen:
Carl I. Hagen krever å bli sitert på bokmål, selv om han intervjues av en nynorskavis eller nynorskjournalist. Det samme bør gjelde for nynorskbrukere som intervjues av bokmålsjournalister, mener Fremskrittspartiets formann.

- Jeg synes at når man blir sitert skal sitatet være korrekt, sier Hagen.

Når man oversetter bokmål til nynorsk, eller omvendt, blir det en oversettelse, og dermed ikke en korrekt gjengivelse, selv om meningen er klar, mener Hagen.
Men dette kan da ikkje vere noko problem? Kan ein ikkje berre slutte å sitere mannen?

Send ein kommentar.
# lagt inn 20.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Grammatikken 

Og før eg forlet Handskriftsamlinga: Av eit ark med blyantskrift går det fram at Blix den 5. februar 1867 fekk (eller kjøpte) eit eksemplar av Al-Mufassal av Broch. Han hadde teke teologisk embetseksamen våren før. No tok han praktikum, underviste i skolen - og utdanna seg vidare i semittiske språk.

Send ein kommentar.
# lagt inn 20.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Disputasen 

15. november 1876 disputerte Elias Blix for den filosofiske doktorgraden, på avhandlinga De vigtigste Udtryk for Begreberne Herre og Fyrste i de semitiske Sprog: Et Bidrag til semitisk Etymologi. Eg har lese avhandlinga, og eg vågar nesten å påstå at eg er det einaste nolevande menneske som har gjort det.

I dag har eg funne eit materiale eg ikkje trudde eksisterte lenger: Den ordinære opponenten Jens Peter Broch sitt personlege eksemplar av avhandlinga, med sirlige notat, og manuskriptet til opposisjonsinnlegget! Dessutan var det lagt inn ein del dokument med formalitetar kring disputasen. Dette materialet er eg sikker på at ikkje noko nolevande menneske har lese. Om det er mogleg å få noko ut av det som kan opplyse den vanlege lesar, står det att å sjå.

Send ein kommentar.
# lagt inn 20.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Pappeskene 

Grunnen til introduksjonen av Broch nedanfor er besøket mitt i Handskriftsamlinga i dag. Eg hadde fått løyve til å gå gjennom leivningane etter J. P. Broch, som ikkje er ordna enno. Det kan ein forstå. Det meste er førelesningar eller notat om arabiske, syriske og hebraiske tekstar, med sporadiske innslag av sanskrit og persisk. Eg vil tru at norsk bibliotekarkompetanse på desse felta er noko begrensa, for å seie det slik.

J. P. Broch var eit av desse vidunderlege ordensmenneska (Ivar Aasen var ein annan) som aldri kastar eit papir dei har skrive noko på. Dermed inneheld pappeskene etter han mykje materiale som kastar lys over tilhøva i Elias Blix sitt akademiske departement, frå manuskript til førelesningar han høyrde som nybyrjarstudent i hebraisk, via meir avanserte innføringar i semittiske språk, til administrasjon av undervisninga i semittiske språk. Men perla i åkeren (vel, noko overdrive, men biletet er meir bibelsk enn "rosina i pølsa") skal du få ovanfor.

Send ein kommentar.
# lagt inn 20.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

J. P. Broch 

I dag vil eg introdusere Jens Peter Broch (1819-1886), stipendiat i semittiske språk ved Det kongelige Fredriks Universitet i Kristiania frå 1845, professor frå 1866, og utgjevar av den første boka på arabisk som vart trykt i Noreg (1859): Ei kritisk utgåve av mellomaldergrammatikaren Zamakhsharis verk Al-Mufassal.

Jens Peter Broch ("Petter" i familien) var bror til den meir kjende realisten, politikaren, nesten-statsministeren og metermålaren Ole Jacob Broch. For oss er det relasjonen til Elias Blix som er det viktige. På 1860- og 70-talet var Broch læraren til Blix, og etter kvart vart dei kollegaer.

Send ein kommentar.
# lagt inn 20.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Guds Ord det er eit heilagt Sverd, / Som saara maa ei syndug Verd,
Men og kann Saaret grøda.
Snart talar Gud i heilag Logn, / Snart tek han Toresky til Vogn,
Hans Ord i Ljonet gløda.
I Eld / Paa Fjell
Fer han neder, / Gjenom Veder / Harmen tonar,
So Guds Log mot Syndi ljonar.

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 42

Originalsalme av Blix, under overskrifta "Guds Ord", først trykt i hefte II av Nokre Salmar (1870). Det intertekstuelle spelet med bibeltekstar har eg kommentert tidlegare. I dag vil eg berre peike på bruken av 1. Korintarbrev 2,9/Jesaja 64,3 i det siste verset:
Tenk daa, naar Syni klaarad er, og utan Sky eg skoda fær
Den Sol, som her skal renna!
Det Augat aldri her fekk sjaa, /Det Hjartat aldri her kom paa,
Eg klaart og grant skal kjenna.

Kor god / Ein Ljod
Daa mitt Øyra / Skal faa høyra! / Og mitt Auga
I ein Straum av Ljos seg lauga!
Denne skriftstaden må ha vore viktig for Blix. Han har òg nytta den i andre verset av "Undarlege Ting me sjaa".

Heile salmen.
Førre utgåva (1870).
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 20.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.1.04

Nahum 

I dag er det Qumran-prosjektet sin dag. Det hastar, redaktøren skal ha omsetjingane til 15. februar. Dagens profet er Nahum, ein streng herre som har tala Ninive og assyrarane midt imot ein gong på 600-talet f. Kr. Her kan du finne friske bilete av denne typen:
2,12 Kvar er løvehiet, hola åt ungløvene, der løve og løvemor gjekk og ingen skræmde løveungen? 13 Løva røva det ungane trong, ho drap for løvinnene, fylte sine hi med rov og sine holer med fengd.
Kva det tyder? Vel, for ein kommentator i det siste førkristne hundreåret handlar det sjølvsagt om ting i samtida. Han nyttar "Den vreide løva" som symbolnamn på prestefyrsten Aleksander Janneus (103-76 f. Kr.), ein kar som ikkje gjekk av vegen for å krossfeste motstandarane sine.

Send ein kommentar.
# lagt inn 19.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Guds Ord det er vaar Fedrearv, / Til Søner skal det ganga.
Den Ætt, som kjem, lik den som kvarv, / Ved Ordet trutt skal hanga.
Gud giv og oss den Ros: / Ditt Ord det er vaart Ljos!
So lenge Verdi stend, / Det lyse i vaar Grend
Som Ervegull i Ætti!

(Etter Grundtvig.)

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 41

Og dette er heile salmen - først trykt i hefte II av Nokre Salmar (1870), men ein revidert versjon kom alt i hefte III (1875).

Førre utgåva (1875).
Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 19.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.1.04

Minnedag 

Elias Blix døydde 17. januar 1902, for 102 år sidan i dag. Han hadde ein svulst på hjernen.

Du kan markere dagen med å høyre Bodø Domkor syngje "Fred, det er eit fagert ord."

Send ein kommentar.
# lagt inn 17.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.1.04

Mika 

I dag har eg sendt første utkast til revidert omsetjing av det første kapitlet i profeten Mika til dei andre medlemmene i omsetjargruppa "Eufrat" - Jon Fosse, Sverre Bøe og Hans-Olav Mørk frå Bibelselskapet. Vi er i gang!

Om du skulle lure på det: Dei andre omsetjargruppene heiter Pisjon, Gihon og Hiddekel. Kvifor?

Send ein kommentar.
# lagt inn 16.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Anden yver Vatnom sveiv, / Liv i Løynd han lagad,
Skapte Ljos og Myrkret dreiv, / Og paa Jord det dagad.
So vart Livet født paa Jord / Gjenom Vatn ved Anden.
Fram det urde paa Guds Ord / Utan Tal som Sanden.

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 40

Denne salmen om "Daupen", ny i 1883-utgåva, er mellom mine absolutte favorittar. I Norsk Salmebok finn du den på nr. 616. Her vever Blix med heile det bibelske spekteret, skapinga i 1. Mos 1, floden i 1. Mos 9 (dette verset vart diverre borte i nyare salmebøker), forteljinga om Jesu dåp, pinsedags-forteljinga, Paulus-orda frå Tit 3 og Rom 6 - og sikkert enda nokre trådar eg ikkje har fått auge på. Han spenner ein open himmel over døypefonten, der "me døypa vaare Smaa".

Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 16.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.1.04

CD-en er komen! 

Bodø Domkor melder at plata Brim og båra: Bodø Domkor syng Elias Blix er ferdig og til sals! Gratulerer til koret. Smaksprøver og bestilling her. Denne må du ha!

Send ein kommentar.
# lagt inn 15.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Den Naud og Trengsla, som eg lid, / So lenge Kyrkja er i Strid,
Den skal eg fulla gløyma,
Naar med Guds Heilage eg kved / Ein Sigersong i evig Fred,
Og Tonar fram skal strøyma, / Som Ingen her kann drøyma!

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 39

Kingos salme om "Den sigrande Kyrkja," først trykt i hefte II av Nokre Salmar (1870).

Heile salmen.
Førre utgåva (1870).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 15.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.1.04

Kortversjonen 

Og her kan du sjå kva stud. theol. Hartvig Halvorsen fekk med seg frå førelesninga til stipendiat Elias Blix over Mika 1,1 hausten 1877:
Overskriften: i coll. - alle ord af Herren.
Haja ikke = være, men ske, forefalde. Må ofte på norsk gjengives med “komme” = . Så også her = Guds ord skede sc. kom til Micha cf. Jerem 1,4.11, cf. Luc 3,1 & 2.
Viser at ordet ikke kom fra, men til Ms. hjerte. Han er ikke profet af sit eget hjerte men af Herren. Her objectiveres ordet som noget udenfor liggende. Rigtign. kommer Herrens ånd med ordet cf. Num 24,2 fg, men af denne stående formel ser man at det ikke blot er ånden, men også ånden levendegjort i ordet. cf. Jerem 1,9. Her er verbalinspirationen given.

(Micha bog efter Stipendiat Blix’ forelæsninger hausten 1877; ms, referat av Hartvig Halvorsen; Nasjonalbiblioteket i Oslo, Håndskriftsamlingen, Ms forel 69)
Send ein kommentar.
# lagt inn 14.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Overskriften (v. 1). Her[rens] Ord, som skede til M[ika]

er kollekt[iv] omfattende alle de Ord, Herren talede til M[ika] -

, her ikke i Betydning være, men i Bet. ske, eg[entlig] forefalde, indtræffe, komme til, der er Grundbet[ydningen] (arab[isk] ... falde og deraf forefalde). Derfor maa det oftere paa Norsk gjengives med kommer, som i det bekjendte (kom over); ligesaa (der kom). Paa lign[ende] Maade ogs[aa] det gr[æske] f. E[xempel] Mk 1,11 . Saaledes ogs[aa] i Formelen Guds Ord skede sc. kom til En, der er meget hyppig for Prof[eterne] (Jerem 1,4.11 osv; i det ny T[e]st[amente] ??? Luk 3,1: I Keiser Tiber[iu]s' 15. Aar skede Guds Ord til Joh[annes] ).-

viser, at Ordet ei kom fra hans eget Hjerte, men til det; han er ei Profet af sit eget Hjertes Drift Ex [= 2 Mos] 13,2, Num [= 4 Mos] 24,13 , men er sig klart bevidst, at hans Ord kom udenfra, fra Herren. Hermed objektiveres Ordet som Noget udenfor ham, der kommer ham imøde. Eg[entlig] er det jo Herrens Aand, der kommer til ham med Ordet, det kan man se af Steder som Num 24,2-4: Og Guds Aand kom over ham, og saa framførste sit Sprog og sagde: “Saa siger Bil[eam] Beors Søn, saa siger Manden med det opladte Øie; saa siger han, som hører Guds Ord og skuer den Almægtiges Syn” osv. Det er alts[aa] Aanden, som kommer over ham og giver ham det opladte Øie og Øre, saa han hører Guds Ord og har sine Syner. Men af den staaende Formel paa vort og de anførte Steder () ser man, at det ikke blot er Aanden, men ogs. Udtrykket, Aanden legemliggjort i Ordet, som kommer til Profeten. Aand og Ord kan ikke adskilles. Det er ikke blot Tanken, som indaandes i hans Hjerte (inspireres) ogsaa Ordet lægges ham i Munden (s[e] Jer 1,9) (cf. Jes 51,16)
-------------------------------------
Elias Blix, Forelæsninger over Profeten Mika 1,1 (manuskript; Nasjonalbiblioteket i Oslo, Håndskriftsamlingen, Ms 8° 923,1)

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.

# lagt inn 14.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.1.04

Nordisk meisterskap 

Dagsavisen, 12.01.2003:
En ny undersøkelse utført for Nordisk språkråd har sett på det skandinaviske språkfellesskapet og hvor flinke nordmenn, dansker, svensker og svensktalende i Finland er til å forstå hverandres språk. Og tallenes tale er klar.

Nordmenn har nesten en tredjedel bedre forståelse av de nordiske språkene enn svensker og dansker. Vi forstår drøyt 60 prosent av våre nabospråk, mens de andre nordisk-talende bare forstår rundt 40 prosent.
- Nordmenn er skandinaviske mestre i nabospråksforståelse, sier førsteamanuensis i nordisk ved Universitetet i Oslo, Arne Torp.
...
- Grunnen til at nordmenn har lettest for å forstå nabospråkene er at språket vårt har mange gloser til felles med danskene og en uttale som ligger nær opp til den svenske, sier Torp.

Dialektene har en sterkere stilling i Norge enn i Sverige og Danmark. Nordmenn er derfor mer åpne for å forstå folk som snakker annerledes enn vi selv.
- De har dialektforskjeller i Sverige også, men der legger de om til rikssvensk om de har forskjellig dialekt. Og i Danmark er jo dialektene nærmest utradert, sier Torp.
Nordmenn, særlig på Østlandet, har fått mye passiv kunnskap om svensk gjennom svensk fjernsyn og svenskspråklig dansemusikk og annen populærmusikk.
Og eg vil berre føye til: Sidemålsundervisninga må ha vore svært vellukka, som treningsprogram betrakta.

Les meir.
Send ein kommentar.
# lagt inn 13.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Far utor / Dine Skor! / Her du stender paa heilag Jord:
Her er Staden av Herren vard, / Her er Himmelens Fyregard.
Her er Guds Kyrkja og Hus, /Her er Guds Kyrkja og Hus.

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 38

I dette eine vesle verset er dei bibelske forteljingane om Moses ved den brennande tornebusken og Jakobs draum henta heim og sette i scene i ei landsens norsk kyrkje.

Heile salmen.
Kjelde for bibeltekstene: Bibelen.no
Førre utgåva (1870).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 13.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.1.04

4Q252 

Når eg får moka meg ut frå huset i dag, skal eg til Oslo og treffe dei andre Qumran-omsetjarane. Denne gongen har eg omsett ein liten kommentar til tekstar frå 1. Mosebok frå "Dødehavsrullane", med den opplysande forkortinga 4Q252, det vil seie manuskript nummer 252 frå hole 4 ved funnstaden Qumran.

Send ein kommentar.
# lagt inn 12.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Det største Under her paa Jord / Er Jesu Kristi Rike.
Det eig ein Herlegdom so stor, / Som reint er utan like.

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 37

Gjendiktinga av Grundtvigs "Vidunderligst af Alt paa Jord" (1829/1853) er ny i 1883-utgåva av Nokre Salmar. Salmen stod i Landstads salmebok (1869), med eitt vers meir.

Heile salmen.
Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 12.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.1.04

Oslo-mål 

Jo, eg HAR fått med meg at Oslo bystyre vil søke om fritak for skriftleg sidemålsundervisning for elevar i vidaregåande skole, og eg likar det ikkje.

Mellom dei meir interessante kommentarane er denne leiaren i Aftenposten Aften (8. januar) og Vidar Kvalshaug sin kommentar i Nationen (9. januar).

Send ein kommentar.
# lagt inn 10.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.1.04

"Kristne" språk 

Språknytt 3-4 (2003) inneheld ein interessant artikkel av Stig R. Frøyshov om «Kristne» språk i Midtøsten. Han gjev ein kort presentasjon av språka til dei kristne minoritetane i ein del muslimske land:
I tillegg til sin tro karakteriseres disse
kristne minoritetene av andre kulturelle
særtrekk som for eksempel ikkearabiske
språk. Noen av språka tales
ennå, i moderne dialekter, andre brukes
bare i den kristne gudstjenesten.
Liturgien inntar i østkirkene generelt
en plass som religionens sentrale handling,
og liturgiens konservative vesen
har bidratt til å bevare eldgammel
språkkultur midt i annerledes og ofte
fiendtlige omgivelser.

Vi skal i denne artikkelen se nærmere
på de «kristne» språka i de muslimske
statene i Midtøsten. Betegnelsen
«kristen» henger sammen med
at disse språka i prinsippet bare tales
av kristne befolkningsgrupper. Språka
er bærebjelker i disse gruppenes kulturhistorie
og truede eksistens. Språka
er gresk, syrisk, koptisk og armensk,
og landa er Tyrkia, Syria, Egypt, Irak
og Iran. Dessuten tas to land med som
ikke er muslimske eller islamdominerte,
men som har viktige muslimske
minoriteter og mange av de samme
kirkene: Libanon og Israel-Palestina.
Les meir.
# lagt inn 9.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Vaar Herre er ein Hyrding god, / Og inkje Vondt deim rører,
Som fylgja vil med hugheilt Mod, / Der denne Hyrding fører.

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 36

Dette tykkjer eg er ein svært karakteristisk Blix-salme. Her lar Blix fleire bibelske tekstar spele saman på ein scene henta frå norsk natur. Gjetar hadde han vore sjølv, som gutunge. Pastorale-motivet er for så vidt tradisjonelt, og tekstkombinasjonen Blix nyttar ligg i dagen: Johannes 10 (Jesus som den gode hyrdingen), Lukas 15 (likninga om den bortkomne sauen) og Salme 23 (Herren er min hyrding). Men det er fint gjort, og salmen har fått ein plass i Norsk Salmebok (nr. 310). Og det er ikkje tilfeldig at Blix i 1883 gjev frå seg ein ny salme med motiv frå Johannesevangeliet. Blix omsette personleg to av bøkene i det første Landsmålstestamentet: Romarbrevet, som kom ut i 1882, og Johannesevangeliet. Omsetjinga av Johannes kom først ut i 1889, da Blix var ferdig som kyrkjeminister.

Heile salmen.
Kjelde for bibeltekstene: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 9.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.1.04

Dagens Blix 

Jesus, du er den Himmelveg, / Som til Gud Fader oss leider.
Frelsa det er aa finna deg, / Liv og uvisnande Heider.
Du er all Skapnings Ljos og Liv; / Verdi daa enn i Myrker sviv,
Vinglande vilt millom Graver.

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 35

Denne mest johanneiske av alle Blix-salmane er framleis mellom dei mest sungne. Med god grunn.

Heile salmen.
Kjelde for bibeltekstene: Bibelen.no
Førre utgåva (1875).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 8.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.1.04

Amerikansk Jesus 

R. Scott Appleby melder boka American Jesus: How the Son of God Became a National Icon av Stephen Prothero i New York Times - "a cultural history of Jesus as American image and icon."
Ecce homo. 'Behold the man!' Pontius Pilate exclaims in the Gospel of John, referring to the scourged Jesus of Nazareth standing before him, clad in purple cloak and wearing a crown of thorns. Which man, however, are we to behold? The anointed one of God — the Messiah, the Christ — proclaimed in the ancient Christian creeds as the incarnate God and second person of the Trinity? Thomas Jefferson's Jesus, recast as the Enlightened Sage and shorn of his miracles, resurrection and divinity? Or the amiably countercultural hippie-cum-rock-superstar whose personality cult, fostered by the 'Jesus freaks' of the 1960's, was marketed by their slick boomer counterparts in the 70's?
Les meir.
# lagt inn 7.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Undarlege Ting me sjaa. / Sælt det Auga og det Øyra,
Som dei Ting kann sjaa og høyra / Og i Sanning kjenna faa!
Herren yver Himmerike / Er i Tenars Skapnad send.
Som vaar Broder og vaar Like / Synleg fyr vaar Tru han stend.

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 34

"Kristi Dag" har Blix sett til overskrift over denne salmen, frå eigenproduksjonen, først publisert i andre heftet av Nokre Salmar (1870). Salmen er uvanleg rik på bibelske allusjonar, sjølv til Blix å vere. Nokre døme på den intertekstuelle veven:
Heile salmen.
Kjelde for bibeltekstene: Bibelen.no
Førre utgåva (1870).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 7.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.1.04

Asbjørnsen 

Projekt Gutenberg-DE minner meg forresten om ein minnedag: Vår store eventyrforteljar Peter Christen Asbjørnsen døydde 6. januar 1885. Du kan jo sjå korleis eventyra til Asbjørnsen og Moe tek seg ut på tysk. Om du heller vil ha dei på norsk, får du hjelp av Dokumentasjonsprosjektet.

Send ein kommentar.
# lagt inn 6.1.04
Send innlegget til nokon du kjenner

Paratext 

Eg skal mykje i Bibelselskapet denne veka. I dag og i morgon får omsetjarane i det norske GT-prosjektet (GT tyder framleis "Det gamle testamentet" i mitt vokabular) ei innføring i dataprogrammet Paratext, utvikla av United Bible Societies for bruk i bibelomsetjingsarbeid til kva språk som helst. Instruktøren er visst henta inn frå Nederland.
Oppdatering, same kveld: Instruksjonen på engelsk med nederlandsk aksent vart erstatta av klingande Vågå-mål: Hans Johan Sagrusten er ein mann med mange talent.

Send ein kommentar.
# lagt inn 6.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

No møte aalmennt Kristenfolk, / Og syng med Lyst og Gleda!
At me som Naadens trugne Tolk / Kann takka Gud og kveda
Um Frelsa, som han heve gjort, / Det Naadens under sant og stort,
Det dyrt han heve kostat.

----------------------
[Elias Blix,] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 33

Gjendiktinga av Luther-salmen "Nun freut euch, lieben Christen g'mein" er mellom dei nye tekstane i 1883-utgåva av Nokre Salmar, under overskrifta "Frelsa i Kristo." Dette er ein av dei klassiske lutherske salmane som er i ferd med å gå i gløymeboka, og det er synd. Norsk Salmebok har ei ny bokmålsomsetjing av Øystein Thelle (nr. 322), men salmen vert ikkje mykje brukt. Ein kan sjølvsagt seie at dette er dogmatikk på vers, 2. trusartikkel i ortodoks luthersk resepsjon. Men ein kan òg seie at denne salmen er eit særleg godt uttrykk for ein viss type frelsesoppleving. Blix har lagt mykje i denne salmen, både av arbeid og av sjela si.

Dessutan: Melodien er ein av dei finaste reformasjonskoralane eg veit om. Ja, Blix oppgjev melodien til julesalmen "Guds Søn er kommen til os ned"; den er fin nok, men salmen har òg sin eigen melodi. Du kan lyde på den i dansk koralboksversjon her. Eller i J. S. Bachs, frå 371 Choräle, eller H. L. Hasslers, frå Kirchengesänge.

Kjelde for Luther-teksten: Projekt Gutenberg-DE
Kjelde for musikkeksempla: Svend Christiansen
Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 6.1.04
Send innlegget til nokon du kjenner

5.1.04

Aasen i Tromsø 

Eg lever for tida i Kristiania på 1860-talet, etter nokre månader med 1850-talets Tromsø. Men ferdig med Tromsø er eg ikkje. Det skuldast ikkje berre at eg sjølv skriv "Tromsø" i rubrikken for fødestad i offentlege papir, men òg at eg har fleire uløyste spørsmål om Tromsø-tida til Elias Blix. Eg skulle til dømes gjerne visst kvar han budde i åra 1855-59. Men særleg er eg oppteken av den plutselege omvendinga til målsaka, tilsynelatande utan at det var noko miljø for slikt i byen. Eller var det andre Aasen-sympatisørar i byen? Ivar Aasen sjølv var i alle fall i Tromsø ein gong, sommaren 1851:
Endelig kan jeg da fortælle, at den saa længe omtalte Reise til Nordlandene virkelig er fuldført, og jeg kan saaledes skryde af at have varet oppe i det høie Norden lige til Tromsøe, at have talt med Saltværinger, Skolper ( ): Lofotinger), Senjinger og Trumsinger, at have seet Solen staae høit paa Himmelen ved Midnat, og at have tilbragt omtrent en Maaneds Tid under en, saa at sige, stedsevarende Dag.
(Brev til C. R. Unger, 2. august 1851, Brev og dagbøker 1.209; jfr. brev til L. J. Daae 9. august 1851)
Dagboka til Ivar Aasen fortel at Tromsø-opphaldet varte frå 13. til 18. juli 1851:
13. Til Tromsø Kl 5 om Morgenen. Stærk Regn paa Veien. Faaet Huus hos Høker U. Rist. 14. I Tromsø. Talt med Christie, Trosdal, Nielsen o. fl. En Udflugt til Gaarden Tresletten, i Selkab med Christie og flere. Vakkert og meget varmt Veir. 15. Talt med Klokker Bjørke (fra Sdm.), Uhrmager Kvarme og fl. Læst Svenska Folksagor och Äfventyr af Hyltén-Cavallius og Stephens. Eddalæren af F. Magnus[s]en. 16. Søbad. Hos Christie faaet "Æsthetiske Smaablomster". 17. Læsning. Fremdeles stærk Varme (21 Grader i Skyggen). 18. Forberedelse til Hjemreisen. Afsked med Christie og Bjørke. Ombord i "Prinds Gustav" og afreist Kl. 7 om Aftenen. Erindring: Tromsøs Omegn, vakker og vel bebygget; Tisnæs, Balsfjorden, Malangen, Gibostad (Midnat). Godt Veir.
(Brev og dagbøker 3.178)
Her er det nemnt ei rad personar Aasen har hatt kontakt med i Tromsø:
Johan Koren Christie (f. 1814, kjøpmannsson frå Kristiansund) er den enklaste å identifisere. Han var teologisk kandidat, adjunkt ved Middelskolen, redaktør av Tromsø-Tidende, og ein av dei sentrale figurane i miljøet av wergeland-liberale embetsmenn i byen. Hans "Æsthetiske Smaablomster fra ultima Thule" vart trykt som bilag til Tromsø-Tidende. Christie forlet Tromsø i 1855 (Ytreberg 1.337. 436-37).
Nils Peter Trosdahl (f. 1789, lensmannsson frå Lom) var sorenskrivar i Tromsø i åra 1838-53 (Ytreberg 1.530).
Hans Bjerke var klokkar i Lyngen. Han er nemnt som eigar av "flere gårder på Vanna" ca. 1850 i Karlsøy bygdebok. Aasen har sjølv identifisert han i eit brev til broren Jon frå nyttårsaftan 1868:
Jeg takker for Hilsningen fra Hans Bjerke; det er vist den samme som engang var bosat i Lyngen indenfor Tromsøe. Han var tilstede ved et Formandskabsmøde i Tromsøe, da jeg var der i 1851, og ved den Leilighed kom jeg da til at tale med ham. Han er egentlig en Søndmøring og saavidt jeg mindes barnefødt i Jøringfjorden.
(Brev til Jon Aasen 31.12.1868, Brev og dagbøker 2.78)
Å identifisere ein Nielsen er som å finne nåla i høystakken. Utsiktene burde vere betre når det gjeld urmakar Kvarme, men så langt har leitinga vore utan resultat. I ei lang liste over handverkarar i byen nemner Ytreberg urmakarane Ole J. Ørstad, dansken Kofoed og trønderen Ulrich Noch (1.343.345.346), men ingen Kvarme.
Og endeleg, verten til Aasen, Hans Ulrich Rist. Han var kjøpmann og gjestgivar i byen, men hadde lagt ned det meste av geskjeften ved denne tid (Ytreberg 1.227-28).

Men det er ingen ting som tyder på at Aasen-vitjinga i Tromsø har hatt noko å seie for Elias Blix, verken direkte eller indirekte. Han kom til byen to år seinare, og har neppe kjent nokon av dei nemnde personane. Bomtur, altså.

Oppdatering, same ettermiddag: Det hjelper å ha ei mor frå Lyngen. Ein telefon gjev følgjande funn, formidla av far, frå Emil Larssens Lyngen bygdebok 1.112, 127, 216: Hans Bjerke var fødd på Møre i 1797. Han kom til Lyngen i 1825 og var klokkar der i heile 40 år. I ti av desse åra var han jamvel lensmann. Han fekk avskil med pensjon i 1865 og reiste attende til Sunnmøre. Hans Bjerke døydde i 1876, 80 år gammal.

Det vil seie at Bjerke hadde to kollegaer vi etter kvart kjenner godt: Både Ole Johannesen og Carl Johan Nielsen hadde nokre år som lærarar i Lyngen på 1850-talet før dei reiste til Kristiania og starta "Den nordlandske Forening" i lag med Elias Blix.

Send ein kommentar.
# lagt inn 5.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kor lenge? 

Juleferien er over, kona er på jobb og ungane på skolen, og freden har senka seg over heimekontoret mitt. Men det tyder ikkje at jula er slutt.

Før jul tok Ragnar Hovland opp mange djupe og viktige spørsmål i Samlagets julekalender (eller adventkalender, som Hovland sjølv korrekt meiner det bør heite): Behovet for julehefte, korrekt åtferd på julebord, oppskrifter på julemat og -drykk, m. m. m. Men eit viktig spørsmål gløymde han å drøfte: Kor lenge varer jula?

Eg nektar konsekvent å svare "Takk, det same" til folk som ønskjer "Vel overstått" alt første juledag. Slike har konsumert jula på førehand. Nei, jula begynner først når helga vert ringt inn julaftan om kvelden. Og ho varer minst til trettendagen, 6. januar. Personleg held eg på tjuandedagen, 13. januar. Og sidan juletreet (prima vare, lokal produksjon frå han Torvald på Ungersness) enno ikkje har teke til å dryse, skal eg argumentere for synet mitt på heimefronten i år òg.

Send ein kommentar.
# lagt inn 5.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Nettverka 

Ein biografi er per definisjon individ-fokusert. Men i ein ny Elias Blix-biografi ville eg gjerne setje ord på nokre sider ved den større sosiologiske samanhengen som eg trur er heilt avgjerande for forståinga av Elias Blix si historiske rolle. Eg har introdusert begrepet "nettverk" i samband med nokre av dei sosiale romma Blix dels gjekk inn i, dels var med på å konstruere da han kom til hovudstaden som framandelement i tida rundt 1860. Ottar Grepstad har fleire stader i Det nynorske blikket (Oslo: Samlaget, 2002) reflektert over nettverka si rolle i målrørsla. I essayet "Askerkretsen: Mytar står for fall" formulerer han innsikta eg prøver å nærme meg:
Målfolk laga sine eigne nettverk lenge før sosiologane hadde funne opp begrepet. ...
Det var altså ikkje Arbeidarpartiet som fann på kunsten å snakke saman. Det har alle større opposisjonelle rørsler nytta seg av, om enn med vekslande hell. Det er klart at dette har skjedd i stort omfang innanfor kyrkja og kristne organisasjonar. Like klart er det at målfolk gjorde det lenge før Einar Gerhardsen sette ord på denne organisasjonstaktikken. Den som vil forstå meir av den kulturelle makta målrørsla faktisk har utøvd, gjer klokt i å sjå etter slike mønster. Romantikkens dyrking av det skapande individet er heilt ute av stand til å gripe sentrale trekk ved det norske organisasjonssamfunnet som tok form frå 1860-åra og framover (s. 372-374, mi utheving).
Likeeins i "Språk og institusjon":
Frå mange historiske framstillingar er det velkjent at målsaka og organisasjonssamfunnet historisk sett er jamgamle. Noko slumpetreff var dette slett ikkje. Då Aasmund Olavsson Vinje baud inn mellom andre Ivar Aasen til det første kjende mållagsmøtet i Kristiania 13. mars 1859, var Noreg på veg inn i meir organiserte former. Det kunne skipast lag for det meste, og så skjedde. Den individuelle makta skrumpa inn til fordel for den kollektive, og nye arenaer tok form. (s. 381).
Sidemerknad om "mållag": Aasen nemner eit par slike "lag" i mars 1859. Men det før omtala "mållaget" frå 1861-63 har eit meir organisert preg.

Poenget mitt er at Elias Blix i høg grad beherska spelereglane og verkemåten til det nye organisasjonssamfunnet, ja, langt på veg sjølv er eit produkt av det. Han gav mykje, og fekk mykje: Han tok på seg tillitsverv i mange ulike samanhengar, noko vi skal kome attende til. Men han fekk òg mykje draghjelp, både frå det nordnorske og det nynorske nettverket sitt, og ikkje minst frå det politiske. Tverrsambandet mellom dei ulike nettverka skal ein heller ikkje oversjå.

Elias Blix var rett mann til rett tid. Frå ein sosial og geografisk periferi arbeidde han seg til ein sentrumsposisjon som akademikar i hovudstaden, heilt politisk korrekt for det framveksande Venstre-partiet, som dessutan var sympatisk innstilt til målrørsla. Dette kjem særleg tydeleg fram på det punktet der Elias Blix for alvor vert ein offentleg person: I stortingsdiskusjonen om løyving til ekstraordinært professorat for han i 1879.

Men organisasjons- og nettverksbygging var noko han alt hadde lært i Tromsø. Og no (1860) hjelpte desse kunnskapane han i gang i Kristiania.

Send ein kommentar.
# lagt inn 5.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Upp alle Ting, som Gud hev gjort, / Hans store Namn aa prisa!
Det minste han hev skapt, er stort / Og kann hans Allmagt visa.

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 32

Etter tre veker med julesalmar held vi fram i andre hovuddelen av Nokre Salmar i 1883-utgåva: "Salmar med ymist Innhald." Gjendiktinga av Brorson-salmen "Upp alle Ting" var med alt i det første salmeheftet (1869). Denne salmen fortener ein renessanse. I mangt tykkjer eg Blix overgår Brorsons original. Til dømes det åttande verset:
(Brorson:) Hvad skal jeg sige, naar mit sind / I havets dybe grunde
Kun dog saa lit kand kige ind, / Og seer saa mange munde?

(Blix:) Kvat skal eg segja um den Mengd, / Som gjeng paa Havsens Grunnar
Kven mæler all den Dypt og Lengd: / Kven mettar desse Munnar?
Eg veit kven av dei to som var fiskar.

Heile salmen.
Førre utgåva (1869).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 5.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.1.04

Gravstaden 

Det kom ein haug attgløymde filmar frå framkalling her om dagen, mellom anna med desse bileta av gravstaden til Elias Blix på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Eg har vore innom der nokre gonger, men bileta er vel frå august, tenkjer eg.

Send ein kommentar.
# lagt inn 4.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

I Austerland der gjekk eit Ord / Um Kongen utan Like,
Som skulde verta fødd paa Jord / Og grunna der Guds Rike.

----------------------
Elias Blix, Salmar og songar (Oslo: Huseby, 1900), s. 18-20

Slik begynner Elias Blix sin versjon av forteljinga om "Vismennerne fraa Austerland," etter Matteus 2,1-12. Det er nok ikkje plass til så mange ved sida av Grundtvigs "Deilig er den himmel blå", så denne er det nok ikkje mange som hugsar.

Og med denne salmen for "Trettandedag" avsluttar vi BlixBlogs julespesial. I morgon er det kvardag.

Kjelde for bibeltekstane: Bibelen.no.
Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 4.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.1.04

Skeisesesongen 

No, laurdag kveld, snør det utanfor. Skeisesesongen er kan hende over for denne gongen. Vi skal ikkje klage. Hos oss i Ytre Enebakk har vi hatt uvanleg god skeiseis i nesten ei veke. Her kan du sjå nokre glimt frå dagens tur på Vågvatnet og Langen.

Send ein kommentar.
# lagt inn 3.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Landsmålsnettverket 

To nettverk var særleg viktige for den unge Elias Blix i studietida på 1860-talet. Eg har introdusert det eine, det nordnorske. Det andre er det nynorske. Blix må ha kome med i dette nettverket svært tidleg i Kristiania-tida. Dølen heldt han alt i Tromsø, sannsynlegvis frå starten i 1858. Korleis den personlege kontakten med Vinje vart etablert, veit eg ikkje. Men det første trykte arbeidet av Blix eg i det heile kjenner, "Frettnader um Livet i Nordland", stod (anonymt) på trykk i Dølen alt i slutten av 1860.

To andre sentrale personar i nettverket av tidlege landsmålsfolk i hovudstaden var Hans Ross og Ivar Aasen sjølv. Desse to stod sentralt i eit av dei tidlegaste organiserte tiltaka i målrørsla. Hausten 1861 møttest eit meir eller mindre formalisert "Maallag", først heime hos Hans Ross, seinare i Studentersamfundets lokale. Etter Aasen si dagbok ser det ut til at laget har hatt samlingar mest kvar laurdag frå 5. oktober 1861 til påska 1862. Så nemner dagboka nokre "Maallag" att frå 3. november 1862, men det siste i denne sekvensen er "Et lidet Maallag" 4. februar 1863. På dette punktet er det at Yngvar Nielsen overraskande kjem til som ei viktig kjelde til det indre livet i "Maallaget". Det aktuelle avsnittet i En Christianiensers Erindringer lyder slik:
Til alle andre Adspredelser i dette Semester [hausten 1861], medens jeg tog tredie og sidste Afdeling af Anden Examen, kom endnu min Deltagelse i en Forening af Maalmænd. Min stærke patriotiske Begeistring havde hurtig ført mig op i den Retning, kanske nærmest gjennem mit Bekjendtskab med Marius Nygaard, og det varede ikke længe, inden jeg var optaget i den ivrigste Kreds, om selve Ivar Aasen som Midtpunkt. Der stiftedes en Maalforening, der senere kaldtes Maalfelaget, og som havde sine Møder hos Cand. theol. Hans Ross, paa hans Værelse i en Gaard paa Carl Johans Gade, den samme som nu tilhører Grand Hotel. I mine Notitser findes omtalt et Møde Lørdag 5 Oktober, hvori 33 deltog, medens "flere var hindret fra at møde, deriblandt K. A. Winterhjelm." Ivar Aasen oplæste en liden Skisse, som han havde kaldt Yver Jostedalsbreden, og som gjorde megen Lykke. Skuespiller Georg Krohn læste derefter op et Stykke af 1001 Nat, som en af hans Venner, Grieg, havde oversat paa Maalet. Næste Møde holdtes 12 Oktober, og derefter samledes vi 20 Oktober, da Tallet var steget til 36. I disse to Møder havde Krohn læst mere af 1001 Nat, Qvam, den senere Statsminister, havde fortalt noget fra Bolkesjø, og Nygaard havde læst op af Olavssagaen.

I November og December holdtes Møderne i en af Salene i Studentersamfundets Restauration. Her fortsattes der som Regel med Oplæsning af Reiseskisser paa Maalet bl. a. af Eberhard Nielsen, senere Politimester paa Kongsberg. Ivar Aasen underholdt os i denne Tid med at læse op af en populær Encyklopædi, som han havde skrevet sammen; det var Fysik og Astronomi paa Maal, og dermed underholdt saa den store Sprogforsker os. I dette Semester begyndte ogsaa A. O.Vinje at komme i denne Forening. Men han var der ikke regelmæssig. ... Hvad mig selv angaar, holdt min Interesse for denne Sysselsrettelse med Maalet, i Form af populære Encyklopredier og Oversættelser fra 1001 Nat, sig ikke længe. Under et Ophold i Bergen i den paafølgende Sommer sagde jeg til mine Venner blandt Maalfolket, at de ikke længer maatte gjøre Regning paa mig, og siden vendte jeg aldrig tilbage. (s. 238)
Vel, Y. Nielsen var ivrig nok så lenge det stod på. Sonen Roar Tank refererer dette avsnittet frå dagboka til faren - på landsmål!
Den 20. October 1861. I Maalfelaget ero me nog no 36. Dei siste gongerne, me hava voret dar, hava Krohn, Qvam og Nygaard leset upp fleire stykkje i maalet. Krohn las meir af "1001 nott", Qvam las nokot upp fraa Bolkesjø og Nygaard nokot af Olafssogo. Den 5. for Ole Bull ut til England med eimbaaten "Scandinavian". Med dan same eimbaaten foro nog og dei tvo morsyste[r]ne mine Thora og Helga til England fraa Kristiansand, no sist. . . . Den 6. November 1861. I Maalforeningens sidste Møde oplæste Ivar Aasen en populær Fysik og Astronomi. Senere ud paa Aftenen, efterat jeg var gaaen i Studentersamfundet, oplæste ogsaa Skuespiller Krohn Noget. Møderne holdes i Studentersamfundets Gaard, i den inderste af de 3 Sale i Restaurationslokalet. (R. Tank, Idyll og arbeidsår, s. 35)
Verken Nielsen eller Aasen nemner Elias Blix i samband med denne krinsen. Første gongen Blix er nemnd med namn hos Aasen ser ut til å vere ei innførsel i dagboka 26. februar 1865: "Hos Bliks [SIC]". Men han har nok vore der, utan å gjere mykje ut av seg enno. Han omtala dette forumet seinare:
Paa aarsmøtet [i Det norske Samlaget] 1897 heldt professor Blix ein tale fyr dette "fyrste maallaget i Kristiania", "som Hans Ross var far fyre". (T. Mauland, "Det norske samlaget 1868-1908," Syn og Segn 12 (1908), 225-262.
"Mållaget" hadde tydelegvis ikkje noka lang levetid. Eg har enno ikkje klårt for meg kor aktiv Blix var i dei uformelle nettverka seinare på 1860-talet, som dei såkalla "Kvervingsdrykkjone" og "Døleringen". Men i "Det norske Samlaget" er han i alle fall på plass frå starten i 1868, jamvel i styret. Der finn vi òg ein svært nær ven frå det nordnorske nettverket i hovudstaden. Carl Johan Nielsen har ein viktig plass i Elias Blix' biografi. Han skal kome att ved mange høve.

Send ein kommentar.
# lagt inn 3.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Eit Barn er født, ein Son oss send, / Ein Son oss send,
I Betlehem, i Juda Grend. / Halleluja, Halleluja!

Hans Namn er Under, stor i Raad, / Ja stor i Raad,
Og Gud i Velde, sterk i Daad. / Halleluja, Halleluja!

Til Fredarfyrste er han sett, / Han inn er sett,
Og Riket reist i Davids Ætt. / Halleluja, Halleluja!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), s. 37-38

"Sjaa den nye Joletekst Esaias 9, 6. 7" har Blix skrive over denne salmen. Og melodien kan du få gjette. Første, andre og fjerde verset får du her. Sjølv den mest ihuga Blix-tilhengar lyt nok vedgå at dette er eit hastverksarbeid. Det syner seg alt i det formelle. Andre linja skal i denne forma repetere slutten av første, men her må ei rad naudløysingar takast i bruk.

Kjelde for bibeltekstane: Bibelen.no.
Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 3.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.1.04

Filo-vevlogg 

Siste tilskot til den bibelfaglege blog-verda (*blog = vevlogg) er norsk: Philo of Alexandria Blog, med den bibelske dataguruen Torrey Seland frå Volda som skrivar. Vel møtt, Torrey!

Send ein kommentar.
# lagt inn 2.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Fordom til Federne so jamt / Gud ved Profetarne talad.
Anden med Syner løyndomsamt / Ned til Guds Maalsmenner dalad,
Andad deim løynt i Hjartat inn / Ordet um den, som kjem og vinn
Frelsa og Liv aat all Verdi.

Men i den sidste Tid herned / Gud gjenom Sonen oss sende
Ordet um Frelsa, Liv og Fred / Fagert til Jordrikes Ende.
Sonen, som er Guds eiget Ord, / Kom som hans Kjærleiks Røyst til Jord.
Sjølv er han Frelsa og Livet.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), s. 37-38

Epistelsalme for juledagen, parafrase over Hebr 1,1-5. Tonen er av L. M. Lindeman: "Kirken den er et gammelt Hus". Den anonyme forfattaren av Hebrearbrevet er ein av dei bibelske favorittane mine. Dette er salmedikting på veg mot bibelspråk. Saman med Johannesevangeliet høyrer Hebrearbrevet til dei vanskelegaste omsetjaroppgåvene frå Det nye testamentet. Her er ei abstrakt begrepsverd og innfløkt syntaks. Johannes Belsheim var hovudansvarleg for omsetjinga av Hebrearbrevet i det første landsmålstestamentet (1889), medan Blix hadde ansvaret for den gjennomsedde utgåva (1899).

Kjelde for bibeltekstane: Bibelen.no.
Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 2.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.1.04

Midgards filologi 

Endeleg eit høve til å kommentere Ringenes herre. På Forskning.no kan du lese artikkelen "Ringenes herre og alvespråkene":
John Ronald Reuel Tolkien elsket ord. Han fant opp sine egne språk fra han var liten gutt. Det fantastiske universet omkring Ringenes herre ble til for at alvespråkene hans skulle ha et sted å eksistere.
Artikkelen presenterer mellom anna filologen Helge K. Fauskanger og vevstaden hans, Ardalambion. Midgards filologi er eit studium verd, til og med på universitetsnivå.
Både universitetet i Texas og universitetet i Illinois i USA har i år satt opp nye språkkurs for studentene, som handler om Tolkiens simulerte språk. I Texas heter det: LIN 312: Linguistics of Tolkien's Middle Earth.
Send ein kommentar.
# lagt inn 1.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Nordlandsforeininga 

Tromsø-seminaristane som kom til Kristiania for å arbeide og studere rundt 1860, danna eit nettverk som var godt synleg for andre (jfr. Yngvar Nielsens skildring av nordlandsstudentane) og svært viktig for dei sjølv (jfr. det første brevet Blix skreiv til Amundsen frå hovudstaden). Nettverket vart formalisert da "Den nordlandske forening" vart skipa på hybelen til stud. theol. Ole Tobias Olsen 11. oktober 1862, i første omgang med ti deltakarar. Dette er den eldste innflyttarforeininga i Oslo; "Nordlændingernes Forening" eksisterer framleis.

Det er ikkje bevart protokollar for laget frå tida før 1900. Men foreininga har gjeve ut to jubileumsskrift som gjev tydelege inntrykk frå denne tida: Ole Tobias var tydelegvis sjefsideologen i denne krinsen, som samla seg om formålet "direkte og indirekte at virke for Nordlands fremgang saavel paa aandslivets som næringslivets omraade" (1912-festskriftet, s. 9). Mellom anna drøfta han ambisiøse jernbaneplanar med venene.

Dei fleste stiftarane hadde gått ved seminaret i Tromsø. Mange av dei var no studentar. Samanlikninga med "Det norske Selskab" i København på 1700-talet (1912-skriftet, s. 10 og 23) er god. Dette nettverket skal i høg grad bidra til å utvikle ein særeigen nordnorsk identitet i åra som kjem. Tre av stiftarane var, ved sida av studium, lærarar ved Nissens skole: Elias Blix, Carl J. Nielsen og O. Johannesen.

Les om ein annan del av Tromsø-nettverket (22.03.2004)
Send ein kommentar.
# lagt inn 1.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

GODT NYTT ÅR! 

# lagt inn 1.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Gamleaaret seig i Hav, / Sidste Dag i Dauden bleiknad;
Men i Aust det atter kveiknad, / Nyfødd Sol stod upp or Grav.
Ljoset fram or Myrkret stiger / Som paa fyrste Skapningsdag.
Sol og Dag er fødd til Siger, Myrkret dømt til Nederlag.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), s. 43-45

Nyårshelsinga på BlixBlog er ein av dei mest vellukka salmane som alt stod i det første vesle heftet frå 1869. Sidan vi ofte kjem til å dvele ved nordnorske naturopplevingar, kan det vere på sin plass å påpeike at biletbruken i denne salmen ikkje fungerer på stader med mørketid. Men hald ut, lyset er på veg nordover òg. Eg har fjerne minne om skolefri og soldag i slutten av januar frå Tromsø på 1960-talet.

Heile salmen (1891 - 1883 - 1869).
Førre utgåva.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 1.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?