<$BlogRSDUrl$>

28.1.08

Blix i radio 

I dag har eg hatt mine "three minutes of fame" i NRK P2 - Kulturnytt (28.01.08 kl. 08.33 - tre-fire minutt inn i sendinga). Hyggeleg samtale med Bjørn Tore Pedersen frå NRK Nordland om Blix-biografien. Både "Å eg veit meg eit land" og "No livnar det i lundar" fekk plass.
# lagt inn 28.1.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.1.08

Lanseringa 

I dag har eg fått sjå prøvetrykk av februarnummeret til kulturpublikasjonen "Gildeskål Kirkeblad". Eg saksar denne kunngjeringa:
Velkommen til Blix-markering
23.-24.februar 2008

- Lansering av ny Blix-biografi
Helgen 23.-24.februar markerer vi at Anders Aschim kommer
med sin nye, store biografi om Elias Blix. For oss i Gildeskål og for
folk ellers betyr det at vi endelig får en gjennomarbeidet
Blix-biografi som gir nye perspektiv på vår egen salmedikter. På de
neste sidene kan du lese mer om boka og forfatteren.
Tidspunkt for markeringen er ikke tilfeldig. 24.februar er Elias
Blix’ fødselsdag. Han ble født på Våg 24.februar 1836.
Av deltakere kan vi foruten forfatteren nevne biskop, ordfører,
musikerne Magne Hanssen og Kristian Krokslett, Bodø Domkor,
samt elever og lærere ved Sandhornøy skole.
Arrangementet er et samarbeid mellom Gildeskål menighet, Salten
Museum og Gildeskål kommune.

Program for markeringen:
Lørdag 23.februar
Kl.14.00 Blix-dag i gymsalen, Sandhornøy skole. Hilsinger fra ordfører, biskop og forlag, foredrag ved forfatteren,
rollespill v/Sandhornøy skole, allsang, og musikalske innslag med Kristian Krokslett og Magne Hanssen,
servering av kaffe og kaker.
Kl.16.00 (ca) Fakkeltog til Blix-bysten på Våg (ca 1 km). Start ved Sandhornøy skole. Kransnedleggelse, tale, allsang.

Søndag 24.februar
Kl.11.00 Blix-gudstjeneste i Gildeskål Gamle Kirke ved Anders Aschim, biskop Tor B.Jørgensen og Kyrre Kolvik
Kl.18.00 Blix-konsert med Bodø Domkor og Anders Aschim i Gildeskål hovedkirke.
Entre kr. 100,-
# lagt inn 23.1.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.1.08

Utbrent? 

Debatten etter Frode Gryttens brevbrenningsførelesing for ei vekes tid sidan er vel i ferd med å brenne ut. Eit par kommentarar denne helga òg, men lite nytt.

Sven Egil Omdal tek utgangspunkt i Ingar Sletten Kolloens Klassekampen-utsegn "- Jeg tror det interesserer både norske biografer og det norske lesende publikum midt i ræva hva Frode Grytten har å si om biografien som sjanger" og markerer sin posisjon slik - både i Bergens Tidende og sitt eige Stavanger Aftenblad (19.01.07):
DE FLESTE AV OSS holder oss med gardiner fordi vi gjerne vil beskytte deler av vårt privatliv mot innsyn. Vi vet at det er mange der ute som bekjemper tristessen i egne liv ved å forsøke å se inn i andres. Vi vet også at de fleste kikkere står utenfor soveværelset, bare de helt spesielle står utenfor kjøkkenet. Derfor er det blitt et sjangerkrav at offentlige personers seksualliv skal avdekkes. De fleste får heldigvis lov til å dø først, men er du fremtredende politiker eller artist, er det ikke sikkert forlagene tar seg tid til å vente. Mannen med pennen sniker seg foran mannen med ljåen.

Med all respekt for ræva til Ingar Sletten Kolloen, mektig som den er, slutter jeg meg til Gryttens standpunkt. Se og Hør blir ikke mer aktverdig om det utgis med 634 sider, stivt bind og fotnoter.
Trond Haugen i Dagsavisen (19.01.07) leverer på si side følgjande bidrag:
I virvaret av perspektivrike, velformulerte og engasjerte standpunkter er det allikevel fristende å spørre om biografidebatten i siste instans dreier seg om noe så enkelt – og komplisert – som forskjellen på den gode og den dårlige forfatterbiografien.
Sjølv finn eg det freistande å peike på at dei fleste som har teke ordet i denne debatten, ikkje har høyrt kva Grytten har sagt (ikkje eg heller). No er det kanskje like greitt å vente til førelesinga hans er trykt før ein leverer fleire sterke meiningar?
# lagt inn 20.1.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Arktisk 

Dagens Radiofront i NRK P 2 byr på arktisk stoff i samband med Tromsø Internasjonale Filmfestival. Tre minutt ut i sendinga (20.01.) kan du høyre eit interessant intervju med litteraturvitarane Henning Wærp og Nils Magne Knutsen. Dei to er sentrale personar i prosjektet Arctic Discourses og den tidlegare omtala konferansen i februar.

Sjølvsagt er det innslag om filmen "Kautokeino-opprøret". Den må eg få sett. Her fortel eg kvifor.
# lagt inn 20.1.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.1.08

Spørsmålet 

Dag Solstad var sterkt kritisk til Fredrik Wandrups Olaf Bull-biografi og mente den la seg mellom ham som leser og diktningen til Bull. Solstad vil vel med tiden selv bli gjenstand for en biografi, og det vet han nok. Hvordan forbereder han seg på det?
Marianne Egeland i Morgenbladet (abonnement), med eit diskret råd om bål i hagen etter førebilete frå Henry James, under overskrifta "Etterlyser nye spørsmål" og ingressen "Er biografidebatten virkelig en debatt?"
# lagt inn 18.1.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.1.08

Lista 

I dag: "Noen av vårens biografier" (Dagsavisen).

Wergeland på topp, sjølvsagt, men eg registrerer at Samlaget er samanlagtvinnar: 5 av 8 titlar.

Dessutan sørgjer Tore Rem for at biografidebatten etter "Gryttenforelesninga" held fram i eit konstruktivt spor. Han er ein bra kar, dessutan er han frå Hamar.
# lagt inn 16.1.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Favorittsalme 

Lesaroppgåve: Kva for ein Blix-salme er vald ut til salmeplata "Sorgen og gleden" - redigert og co-produsert av kronprinsesse Mette Marit?

Svaret finn du i Vårt Land.

Surprise?
# lagt inn 16.1.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.1.08

Blix i Aasen-tunet 

SØNDAG 2. MARS
15.00–16.30 Salen, Ivar Aasen-tunet
Å, eg veit meg ein song
Anders Aschim presenterer den nye biografien om Elias Blix
Allsong til tonefølgje på flygel og trøorgel
I samarbeid med Det Norske Samlaget

Les meir om vårprogrammet til Ivar Aasen-tunet
Heile programmet
# lagt inn 15.1.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Brevbrenning 

"Brenn mine brev! Eg tar ikkje nasjonalt ansvar."

Punchline for Gryttenforelesninga, opningsarrangementet i serien "Forfattarforelesninga" på Litteraturhuset i Oslo i regi av Norsk Forfattersentrum. Biografihatar Frode Grytten skal ha halde ei gneistrande førelesing sist laurdag, 12. januar, og debatten er i full gang. Grytten har karakterisert biografien som "dei intellektuelles Se og Hør". Etter referata å dømme legg Grytten seg på ei linje som ligg nær Roland Barthes, han som talar om "forfattarens død". Vel, Grytten er kanskje meir verkorientert der Barthes er lesarorientert. Død over forfattaren, leve verket. Temperaturen er altså upåklageleg, men det er vel ein viss fare for at debatten hamnar i sekken med gjensidig personutskjelling. Den er for viktig til det. Det lar seg skilje ut minst to interessante temata for vidare diskusjon.

a) Det eine er det evige spørsmålet liv og verk. Tilfører kunnskap om forfattarens liv noko som helst til lesinga av verket? I tilfelle, kva?

b) For det andre: Sjølv om den siste årgangen norske biografiar på ingen måte kan karakteriserast som tabloid (ein kan forstå at Sigrun Slapgard er fornærma), kan det vere grunn til kritiske spørsmål mot forlag og presse. Dagens oppsummering i Dagsavisen er ganske god, og eg siterer eit par vituge synsarar til slutt:
Mediekritikk
Selv om forfatterne Dagsavisen har snakket med forsvarer sjangeren de opererer innenfor, er det flere av dem som er enige i Frode Gryttens kritikk av medienes jakt på «skandaleoppslag» basert på avsløringer i biografier.

– Jeg har ingen problemer med å slutte meg til kritikken av et system hvor forlag og media gjør om biografiene til en slags avansert avsløringsjournalistikk. Det drar sjangeren ned i søla, sier Ivo de Figueiredo.

– Det er massemediene som bruker biografier til å lage «sensasjoner», ikke biografiene som er sensasjonelle i seg selv. Biografien er en høyverdig litterær sjanger i Norge, sier Bomann-Larsen.

– Da jeg lanserte Jakob Sande-biografien var det påfallende mange journalister som spurte om jeg hadde «noe sensasjonelt» å fortelle. Ingen spurte om jeg hadde «noe nytt», eller «noe interessant». De ville bare ha skandaler, forteller Ove Eide.
# lagt inn 15.1.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Vårlista 

til Det Norske Samlaget finn du no på nett. Mykje interessant sakprosa for lesarar av BlixBlog, eg trur vi seier det sånn.
# lagt inn 15.1.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Tittel 

Ein betre vår ein gong.
Elias Blix. Ein biografi.
# lagt inn 15.1.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2. korrektur 

I dag (nei, i går, klokka passerte nettopp midnatt) har eg levert 2. korrektur på boka og brukt opp den siste angrefristen. Det ser fint ut, Samlaget har flinke folk på produksjonssida.
# lagt inn 15.1.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.1.08

Blix i Lofoten 

"I ettermiddag holder sogneprest i Buksnes, Tore Bjørsvik, ettermiddagsgudstjeneste på menighetshuset på Leknes, og musikalsk står dikteren Elias Blix sentralt."

Les meir i Lofot-Tidende.
# lagt inn 13.1.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.1.08

Biografiskred 

"Biografiskred på Samlaget". Overskrift på NTB-melding i dag, attgjeven i AVIS2. "Nynorskforlaget Samlaget har klar en rekke biografier denne våren, samt ny essaysamling fra Einar Økland." Nokon i forlaget gjer jobben sin, ser det ut til. På Samlaget si biografiliste kan du lese om Elias Blix, Geirr Tveitt, Bernt Støylen og Torvald Tu - pluss bonussporet til Stephen Walton (han med "Skaff deg eit liv!")
# lagt inn 3.1.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.1.08

Nytt (biografi)år 

Godt nytt år!

Eg trudde det var lurt å vente med biografiutgjevinga til etter det store biografiåret 2007, men i dag melder Nationen om "Biografi-boom i vår." Ja, ja. Ein skal konkurrere med jubilantar som Henrik Wergeland, Geirr Tveitt, Olav H. Hauge og Henrik Wergeland. Eg skal ikkje klage, både min eigen Blix-biografi og Olga Støylen Rundes Støylen-biografi er tildelt spalteplass. Det er sjølvsagt berre jug og fanteri og marknadsføring når forlaget har fått avisa til å skrive at "Samlaget kjem også med den første biografien av salmediktaren, politikaren og fiskarbondesonen Elias Blix (1836 – 1902)". Det har vore fleire før, med Reidar Bolling (1953) som den viktigaste. Men denne blir i alle fall størst. Sjølv ser eg mest fram til Stephen Waltons Skaff deg eit liv! Om biografi, der han "drøftar sjangeren med kritisk blikk.

– Kva skjer når ein biograf prøver å skaffe seg eit liv, livet til ein annan person, spør Walton i boka."
# lagt inn 2.1.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?