<$BlogRSDUrl$>

30.8.05

Usynleg 

At kronprinsessa opna USYNLIG - nasjonal konferanse om homofili i går, har vel dei fleste fått med seg. Men eg vil gjere merksam på kveldsprogrammet for i går:
"Å, eg veit meg eit land." Vi fraktes i båt til Elias Blix sitt rike - der vi får servert middag basert på lokale mattradisjoner
Omvisning og minikonsert i Gildeskål gamle kirke fra år 1130
Kine Hellebust synger Elias Blix
# lagt inn 30.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Riksarkivet 

I går opna lesesalen i Riksarkivet att etter byggeperioden.

Eg var ikkje der. Eg forretta i gravferda til Arne frå Vestre Aker kyrkje.

Med både Riksarkivet og Nasjonalbiblioteket i vanleg drift att blir det litt enklare å vere biograf.
# lagt inn 30.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.8.05

Valkamp 1882 


(frå Verdens Gang 07.10.1882)

I Kristiania var valdagen i 1882 torsdag 19. oktober. Men valet blei nokså kaotisk, og det måtte til ein ekstra dag. Det var framleis indirekte val, dei 3841 røysteføre mennene i Kristiania by skulle velje 76 valmenn, som saman med valmennene frå Hønefoss og Kongsvinger skulle peike ut 4 stortingsmenn. Kvinneleg røysterett ligg i framtida.

To tydelege alternativ stod mot einannan, ei "Venstre"-liste fremja av dei radikale avisene Dagbladet og Verdens Gang, i samråd med Arbeidersamfundet, og ei liste for "det konstitutionelle Parti" med Morgenbladet i spissen, sekundert av ein borgarkomité, Aftenposten og - med atterhald - Fædrelandet, pluss eit par mindre blad.

På toppen av Venstre-lista finn vi Elias Blix - og det er ikkje på grunn av plassen hans i alfabetet, i motsetnad til Høgre-lista er denne ikkje sett opp i alfabetisk orden.

Det hjelpte lite. Kristiania var og blei eit Høgre-reir. Alle Kristiania-valmenn var høgrefolk. Elias Blix oppnådde 773 røyster og blei 8. suppleant. Det var ikkje Kristiania-benken på tinget som fekk gjennom riksrett og parlamentarisme, der var det desse fire som kom til å sitje:

1, Høiesteretsadvokat Emil Stang. Høyre.
2, Rigsarkivar Michael Birkeland. Høyre.
3, Høiesteretsadvokat Jacob Thurmann Ihlen. Høyre.
4, Professor Frederik Wilhelm Bugge. Høyre.
# lagt inn 26.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Forståinga 

– Eg synest religion er noko forbanna skit.
(Andreas Hompland i Klassekampen, etter å ha uttala: "Men evna vår til å sjå og forstå desse fenomena, er ikkje det ho ein gong var".)
# lagt inn 26.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Elias 






# lagt inn 26.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.8.05

Salmeverkstad 

Verdensmusikk og internasjonalt salmeverksted på Trollvasshytta
Hva er en salme for vår tid? Det er temaet når et eksklusivt knippe salmediktere og musikere fra hele verden møtes på Trollvasshytta i Nordmarka i Oslo 28.-31. august. På møtet drøfter de hvordan "brennende tema" på den internasjonale dagsorden blir behandlet i nyere salmediktning.
Les meir på kyrkja.no
# lagt inn 25.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Korrektiv 

Straumbrev frå bror min:
Hei!

Jeg bladde igjennom bloggen for å se om du hadde noe på "Syng i stille morgonstunder". Det hadde du ikke. Jeg kom da over dine ti på og tre på topp-lister. Jeg vil tro "Syng i stille" fortjener en plass på lista over Blix mest sungne hits.

PS: Det er denne salmen som representerer Blix i MFs KH-pensum på grunnstudier!

Per Kristian
Han har sjølvsagt rett i det, "Syng i stille morgonstunder" må inn mellom dei ti på topp. Men kven skal ut? Eg er redd det må bli "Himmelske Fader, herleg utan like". Men eg likar det ikkje.
# lagt inn 25.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.8.05

Arne 

Første prøve for sesongen i Oslo Symfoniorkester blei spesiell. Den opna med ei kort minnestund over Arne Evang Johannessen (48), mangeårig basstrombonist, muntrasjonsråd, ankermann og instrument- og utstyrsleverandør for orkesteret. Han blei brått sjuk for vel ei veke sidan og døydde sist laurdag. Arne starta og dreiv musikkbutikken Den Lille Basun i Oslo, med ein liten basunengel som logo, og han var svært aktiv som trombonist i svært ulike samanhengar, frå storband til symfoniorkester.



Det er vel ikkje så mange tilknytingspunkt mellom Arne og Elias Blix. Denne meldinga kjem helst under punkt 4 i redaktørplakaten for BlixBlog. Men han har vore ein viktig person for svært mange i og utanfor orkesteret vårt. Det er tomt på plassen hans, og den er viktig. Det var stilt eit minutt av prøvetida, og tida står nok litt stille for fleire av oss i desse dagane. Fred over minnet.
# lagt inn 22.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.8.05

Dagens Blix 

Undarlege Ting me sjaa. / Sælt det Auga og det Øyra,
Som dei Ting kann sjaa og høyra / Og i Sanning kjenna faa!
Herren yver Himmerike / Er i Tenars Skapnad send.
Som vaar Broder og vaar Like / Synleg fyr vaar Tru han stend.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 117

I dag er det likninga om den miskunnsame samaritanen som er evangelietekst for 14. sundag etter pinse. Men den gamle perikopen for "13. Sundag etter Tri-Eining" omfatta to vers meir: Lukas 10,23-37. Og det er desse to første versa som er emne for dagens Blix-salme. Dette er ein Blix-klassikar som har vore med heilt sidan 1870. Eg har tidlegare kommentert det intertekstuelle spelet med bibeltekstar. I dag må eg gå attende til bruken av melodiar. I 1870 oppgav Blix "Saligheden er os nær" som melodi, ein ny tone av Lindeman (sjå Norsk Salmebok nr. 84). Men i 1883 var det den gamle og kan hende meir kjende "Rind nu op i Jesu Navn" (NoS nr. 775). No, i 1891, er "Saligheden er os nær" komen attende.

Elles må eg korrigere ein trykkfeil frå tidlegare utgåver (av bloggen, altså, ikkje av Nokre Salmar): Det sjette verset omtalar besøket dronninga av Saba gjorde hos kong Salomo. Men dronninga er i 1. og 2. utgåve ikkje omtala som "Gudlaus Drottning", slik eg har kome i skade for å skrive, men som "Sudlands" ditto. Eg får skulde på dårleg kopi og dårlege briller, det er ikkje den gotiske skrifta si skuld ... Denne staden finn vi forresten den einaste endringa i denne utgåva, jamført med dei tidlegare:
Drottningi fraa Sudland for / Langan Veg og vilde finna
Salomon og Visdom vinna / Ved aa lyda paa hans Ord.
Heile salmen
Tidlegare kommentarar: 1870-, 1883-utgåva
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Sist sundags Blix
# lagt inn 21.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.8.05

Doktorgradsprøva 

Heller ikkje doktorgradsprøva til Blix var noka mediehending. Men Dagbladet refererer i det minste pressemeldingar frå universitetet. 7. november 1876:
Meddelelse fra Universitetet. Universitetsstipendiat Kand. Theol. E. Blix afholder Onsdag den 8de ds. Kl. 5 Em. Paa Auditoriet No. 4 sin 3die Prøveforelæsning for den filosofiske Doktorgrad over det ham med 3 Dages Forberedelse opgivne Emne: ”Interpretation af Job 36,26-33”.
Så veit eg ikkje berre dagen, men også timen og staden. Denne meldinga stod også i Aftenposten. Dei to første førelesningane er ikkje nemnde: 11.10.1876: sjølvvalt emne, "de semitiske Pronominalrødder"
25.10.1876: "det ham med 10 Dages Forberedelse opgivne Thema: “om Tilstandsbetegnelser (Hâl og Hâl-sætninger) i Arabisk og, saavidt de kunne paavises, ogsaa i andre semitiske Sprog." Neppe publikumssuksessar. Så, 10. november 1876:
Meddelelser fra Universitetet. Disputations-Akten, ved hvilken Kand. Theol. E. Blix skal forsvare sin Afhandling for Doktorgraden i Philosophi: ”De vigtigste Udtryk for Begreberne Herre og Fyrste i de semitiske Sprog”, afholdes Onsdag 15de November Kl. 12 paa den theologiske Examenssal, Prof. Dr. Caspari og J. P. Broch fungere som ordinære Opponenter.
Timen og staden er ny, resten visste eg frå før. Lite nytt frå fronten i dag, med andre ord. Men det er ei god kjensle å ha eit forskingsbibliotek å gå til att.
# lagt inn 19.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Nokre Salmar III 

Det tredje heftet av Nokre Salmar var, også i Dagbladet, ein nesten anonym publikasjon - i sterk kontrast til det første heftet (1869), som avisa gjorde mykje ut av. Aasen har notert "Faaet 'Nokre Salmar' III" i dagboka si under 6. september 1875. Den einaste staden der heftet er synleg i Dagbladet, er i denne annonsen laurdag 25. september:
I Kommission hos Undertegnede er udkommet:
Hugaljo. Av John Lie, Pris 36 Sk.
Nokre Salmar, gamle og nye III. Pris 12 Sk.
P. T. Mallings Boghandel.
Carl Johans Gade ved Egertorvet.
Malling spanderte berre denne eine annonsen. Og Det norske Samlaget nemner han ikkje med eitt ord.
# lagt inn 19.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Hallane 

Første besøk i det gjenopna bygget til Nasjonalbiblioteket i Oslo i dag. "In diesen heiligen Hallen" (Sarastro i Mozarts Tryllefløyta) er mykje som det var før, når det gjeld den ærverdige utsmykkinga og delar av interiøret. Mykje anna er heilt nytt og moderne. Trådlaust internett, t. d., nett no sit eg og bloggar på direkten frå ein avislesesalsplass. Mykje glas og børsta stål i det som er nytt av interiør.

Spesiallesesalen (m. a. Handskriftsamlinga) har fått store og gode rom med fine arbeidsplassar. Mikrofilmlesesalen, der eg sit no, har fått nye leseapparat (det var på høg tid). Nett her er nok overlyset ei ulempe, det er ikkje lett å få god nok kontrast på skjermen for gamle auge.

For å kjenne at eg ikkje berre er turist, går eg gjennom Dagbladet for 1875 og 1876. To viktige hendingar i livet til Elias Blix er utgjevinga av det tredje heftet av Nokre Salmar i september 1875 og doktorgradsprøva i oktober-november 1876. Det tredje heftet er den sterkaste av alle enkeltsamlingane, men så vidt eg kan sjå, fekk det så godt som ingen publisitet.

Men det står mykje anna artig i avisa som kastar lys over tilhøve i den tida. Som Hamar-gut gjennom det meste av skoletida må eg koste på meg denne:
Til Diligensefarten mellem Lillehammer og Støren, der til næste Aar tænkes sat i Gang, er der, som vi for nogen Tid siden berettede, konstrueret Prøve-Vogne af 3 forskjellige Fabrikanter, en i Drammen, en i Kristiania og en paa Hamar. I forrige Uge ankom de tre Vogne til Lillehammer, og en Bedømmelseskomite, bestaaende af Bureauchef Voss paa Post-Departementets Vegne, samt Amtmand Meinich, Sorenskriver Meidell og Lensmand Dahl fra Birid, foretog Prøveturer med de forskjellige Vogne i fuldt belæsset Tilstand, hvorved, efter hva H. St. beretter, den af Hr. Norseng paa Hamar konstruerede Vogn paa det fuldstændigste gik a f med Seiren.
(Dagbladet 20.10.1875)
# lagt inn 19.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.8.05

Liberal 

Undertegnede Borgere i Kristiania anse det under de alvorlige politiske Forhold, hvori vi for Nærværende befinde os, for en bydende Nødvendighed, at der nedlægges en Protest mod de Opfordringer til Lovbrud, som ere fremkomne i Anledning af Rigsrettens Dom, samt mod den Agitation, som er sat i Gang, og som ikke kan andet end svække Agtelsen for vore forfatningsmæssige Institutioner.

Vi tro, at Øjeblikket er kommet til at indbyde Meningsfæller til Dannelse af en liberal politisk Forening i Kristiania med det Formaal:

"Paa Grundlag af Forfatningen og Foreningen med Sverige at virke for et konstitutionelt Samarbejde mellem Storting og Regjering og en derpaa bygget politisk Udvikling i Overensstemmelse med Tidens Krav".
Slik lyder innbydinga til skiping av Kristiania liberale Forening, datert 7. mars 1884 og underskriven av 62 kjende borgarar i hovudstaden, mellom dei 12 professorar ved universitetet, mellom dei Elias Blix.

Du kan lese heile lista på første side i Verdens Gang for 11. mars 1884.
# lagt inn 18.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.8.05

In memoriam 

"Broder Roger, grunnleggeren av Taize-bevegelsen i Frankrike, er død etter å ha blitt knivstukket av en kvinne under en aftenbønn som han ledet tirsdag," melder Vårt Land.

90 år gamle broder Roger var altså grunnleggjar av denne tverrkyrkjelege rørsla som har hatt så mykje å seie for fornying av spiritualitet og gudstenesteliv, også i Den norske kyrkja. Mellom anna har Korsvei-rørsla motteke sterke impulsar frå Taizé.

Det er tillyst Taizé-bøn i Paulus kyrkje i Oslo fredag 19. august kl. 20.

Meir om drapet på broder Roger på katolsk.no.
# lagt inn 17.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.8.05

Valkamp 2 


Framleis inspirert av Framstegspartiet, Adbusters og Ragnvald Blix.
# lagt inn 16.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Valkamp 


Etter idear frå Framstegspartiet og Adbusters, og tileigna Landsfaderen frå Spania.
# lagt inn 16.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.8.05

Purisme 

Eg ser det som ei plikt å bringe vidare denne bodskapen, som eg har motteke i eit straumbrev (høgnorsk for e-post):
Dear Sir,

At last the High Icelandic langage centre is on-line. We found a decent web-designer. www.hafronska.org

We called our pure form of Modern Icelandic High Icelandic, after Høgnorsk, the most conservative form of Nynorsk.

The last atoms of Danish, Latin, Greek, German or whatever influence has been forced out of the language without impoverishing it. The Old Norse language was rich and countless Old Norse words are revived.

I hope you enjoy the web-site

Best Regards,
Timbur-Helgi Hermannsson, nýyrðaskáld
Og da kan det høve å leggje inn ein peikar til den relativt ferske bloggen til mållagsleiar h. v. Endre Brunstad med det ambisiøse namnet Purisme ...
# lagt inn 14.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Lat deg upp, du bundne Munn, / Lat deg upp, du dauve Øyra!
Jesus byd, og same Stund / Mannen tala kann og høyra.
Og kvar ein, som Jesus fann, / Sælt det Ordet sanna kann.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 116

Effata er arameisk og tyder "Lat deg opp!" Blix er god i arameisk og veit godt at ordet eigentleg sluttar på konsonanten chet og at "effata(ch)" altså ikkje rimar på "halleluja". Men det uroar han ikkje. Evangeliet for dagen står i Markus 7,31-37.

Ein har gjerne kalla Blix "salmediktaren i kyrkjebenken". Men i denne salmen står han på preikestolen. Første vers fortel evangelieforteljinga, om korleis Jesus møter "ein mann som var døv og hadde vondt for å tala" og opnar både munnen og øyra hans (spørsmålet om Jesus her brukar tradisjonelle magiske teknikkar, kan liggje i vår samanheng. For Blix er ikkje det noko poeng). Men så er han predikanten som vender seg til eit syndar-du: "Syndar, du er denne Mann". Tiltalen minner om gamleprofeten Natan, som fortalde kong David gode historier for så å snu moralen mot han sjølv. Men her er bodskapen til predikanten heilt annleis positiv.

Først i siste strofe finn Blix att plassen sin i kyrkjebenken i Uranienborg kyrkje: "Jesus, kom du og til meg, / Naar av Synd er tungt mitt Øyra."

Heile salmen
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Måndagens Blix
# lagt inn 14.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.8.05

Folkerøysting 

1905:Norge, Sverige & unionen. http://www.nb.no/baser/1905/index.html

Eg har vist fram dette før. Men det er på denne dagen det eigentleg høyrer til.

Frå databasen 1905: Norge, Sverige & unionen (Prosjekt 1905).
# lagt inn 13.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Sjefen 

I Vårt Land i dag står det eit stort intervju med min nye sjef, forlagssjef Turid Barth Pettersen i Bibelselskapet og Verbum Forlag - om tru.
# lagt inn 13.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Bibliotek 

Måndag opnar Nasjonalbiblioteket i Oslo att. Både Aftenposten og Dagsavisen har vore og sett på huset for oss.
Morgenbladet (eg trur du kan lese den fritt i dag, seinare må du nok vere abonnent) er meir oppteken av indre "Uro i Nasjonalbiblioteket: Få dager før åpningen av Nasjonalbiblioteket anklages leder Vigdis Moe Skarstein for å skape en lukket organisasjon uten åpen meningsutveksling."

Og i morgon opnar World Library and Information Congress: 71st IFLA General Conference and Council i Oslo Spektrum og Hotel Plaza, under mottoet "Libraries - A voyage of discovery". Biblioteka kan vel trenge litt drahjelp i desse valkamptider.
# lagt inn 13.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.8.05

Tonen 

Første livsteikn frå Per Halse etter ferien, med ei artig opplysning:
3. og 4. mars i 2004 skreiv du om målsongen som Blix laga til den store marknaden i 1898. Eg veit ikkje om du har lese Halvdan Koht sine minne om "ei av dei små storhendingane" som tilskipinga var, men han fortel m.a. dette om opningsfesten 1. september:

"Der var songkor som bar fram både det diktet "Modersmålet" som Elias Blix hadde skrivi til marknaden og Christian Sinding hadde sett tone til, og Garborgs "Gud signe Noregs land" med ny tone av Kristian Wendelborg"
(Syn og Segn 1948:340)
Nei, dette hadde eg ikkje lese. Eg er spent på om tonen er å finne nokon stad. Eksperten på Sinding er Per Vollestad, veit eg. Den biografien kjem i haust ...

Per fortel elles at han er i startgropa for eit heiltids forskarår. Det passar meg bra, Per arbeider med det nynorske bibelspråket, og eg kjem snart til 1880-talet og Blix sitt engasjement for den saka. Dessutan er det han vel unt. Lukke til!
# lagt inn 12.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Halvvegs 

Eg skal ikkje påstå at det er ei halv bok eg har sendt frå meg til forlaget i dag. Men råstoff til ei halv bok er det: Samanhengande utkast til første hovuddel av biografien om Elias Blix, fire kapittel som dekkjer tida 1836-1872. Han er nett komen attende til Kristiania frå Leipzig, med familie, det vil seie fru Emma og nyfødd son Hans Peter.

Neste utfordring er å skrive noko begripeleg om doktoravhandlinga hans (1876). Neste glede er å skrive noko om det tredje heftet av Nokre Salmar (1875). Det er der alle dei finaste står. Men eg trur eg har fortent ei moderat feiring først.
# lagt inn 12.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.8.05

Ny kulturavis! 

Lista over kulturaviser blir no å utvide med Adresseavisen, som har lagt om førstesida i nettutgåva. Dei må satse på eit liv etter Rosenborg der i redaksjonen ...
# lagt inn 10.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.8.05

Dagens Blix 

Jesus Krist, du Naadens Kjelda! / Jesus Krist, du Livsens Ljos!
Lat di Gjerning fyr meg gjelda, / Ver mi Rettferd og mi Ros!
Naar mitt Samvit vil meg saka, / Og eg maa Guds Vreide smaka,
Lær meg trygt aa tru ditt Ord, / At eg er rettferdiggjord!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 115

I motsetnad til gårsdagens er dagens Blix (opphavleg frå 1883) framleis mellom dei levande. Du finn den til dømes på CD-plata til Bodø Domkor.

Heile salmen
Tidlegare kommentar
Gårsdagens Blix
# lagt inn 8.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.8.05

Dagens Blix 

Gud, eg er ein syndug Mann, / Full av Synd som Havsens Sand!
Fyr ditt Auga reint og klaart / Kjenner eg mi Synd so saart.
Ho meg yver Hovud stig, / So eg under Byrda sig.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 114

Denne salmen for 11. sundag etter Trieinings-Helg = 12. etter pinse har heller ikkje vore nokon Blix-suksess. Dette er tollarens song.

Heile salmen
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Måndagens Blix
# lagt inn 7.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.8.05

Dagens Blix 

Den ærede Oversætterinde af dette lille Skrift har anmodet mig om at gjennemse hendes Arbeide og ledsage det med et Par anbefalende Ord. Jeg har da gjennemgaaet Oversættelsen, og det er mig en Glæde at udtale, at Oversætterinden efter mit bedste Skjøn har løst den ingenlunde lette Opgave paa en særdeles heldig Maade: det er lykkedes hende at gjengive Luthers Tanker med Troskab i en klar og værdig Form. Forøvrigt vil Bogen anbefale sig selv. Luthers Navn er den bedste Borgen for, at Læseren her vil finde en rig Skat af ægte kristelig Belærelse og Opbyggelse. Maatte da den lille Bog blive mange til Velsignelse!

Kristiania i September 1882.

Dr. E. Blix.
----------------------
Føreord til Den 23de Davids Psalme: udlagt af Dr. M. Luther. Oversat af G. Thurmann. Med Forord af Professor Dr. E. Blix (Christiania: Nils Lund, 1882; 2. opplag: Den 23de Davids Salme, Kristiania: Lutherstiftelsen, 1914)

Ein sjeldan gong kjem eg over ein ukjend Blix-tekst. Da er det gjerne prosaiske ting som dette vesle og upretensiøse føreordet til ei norsk omsetjing av Luthers utlegging av Salme 23. Dagens lesarspørsmål: Kven er "Oversætterinden" G. Thurmann?

Andre nummer i denne eksklusive serien finn du til dømes her, her og ikkje minst her.

Gårsdagens Blix
# lagt inn 1.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Ny jobb 

Det er 1. august i dag. Eg er ikkje lenger vikarierande hebraisklærar ved Menighetsfakultetet. Dette er min første arbeidsdag i ei halv stilling i Bibelselskapet, førebels for eitt år, og eg er på veg for å møte Hans-Olav Mørk, som er prosjektleiar for arbeidet med revisjon av bibelomsetjinga.
# lagt inn 1.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?