<$BlogRSDUrl$>

28.11.05

Dagens Blix 

Kom, Hjarta, gjer din Rekneskap, / Kvar Livsdag upp du skrive!
Og set so Vinning upp mot Tap / Av alt ditt Verk i Live!
Kvat i dei mange Aar er gjort, / Kvat Vondt du heve drivet, –
Aa vit, at Allting, smaatt og stort, / Stend i Guds Bøker skrivet!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 134

Fleire attergløymer frå siste del av kyrkjeåret, dominert av alvor og dom. I dag Brorson: "Kom Hierte! Tag dit Regne-Bræt", med likninga om talentane som bibelsk grunnlag.

Sundagens Blix
Heile salmen
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Kategoriar:
# lagt inn 28.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Børs/katedral 

"- Vi nærmer oss jula, og tida er igjen kommet for norske artister som føler trang til å bekjenne sine bankkonti, skriver Ketil Stokkan i dette essayet, hvor han har sett på reglene for bruk av kirkerommet til konserter "i laveste avregningssjanger": - Resultatet avslører en uklar kirke drevet av lokale menighetsråd som er i utakt med kirkas egentlige innhold. Menighetsrådene velger å bygge sin tro og sine aktiviteter på en omvendt tolkning av at ”folkets røst er Guds røst” (vox populi, vox dei).
...
Jeg tror kirka sliter med en menighet som lider av åndelig fattigdom, og som derfor forsøker å komme soknebarna i møte ved å la disse få viljen sin. Og hva vil disse? Jo, de vil se og høre Se og Hør-galleriet synge julesanger, popballader og andre kjente, klarerte skillingsviser til en overkommerlig cover charge/inngangsbillett. Juleevangeliet har vi hørt, la oss få noe nytt, noe annet! Dersom det skulle dukke opp en eller annen teater eller filmkjendis på prekestolen, så er det også verdt en hundrelapp eller to."

Les meir i Ballade - nettavisa til Musikkinformasjonssenteret, 25.11.2005
(Ja, du hugsar vel Ketil Stokkan?)
# lagt inn 28.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.11.05

Elias Jung 

"Første gong eg såg namnet Elias Jung fekk eg to namneassosiasjonar. Ein gjekk i retning den nordnorske salmediktaren Elias Blix, den andre i retning den vidgjetne psykoterapeuten Carl G. Jung," skriv meldaren Oddmund Berge på musikksida groove.no. Men Avisa Nordland veit betre, under overskrifta "Ny melankolirock fra nord" (02.05.2005):
– En kompis av meg ga meg navnet Elias Jung. Det er kanskje inspirert av Elias Blix og Neil Young? Vet ikke. Men jeg likte navnet, og jeg liker Neil Young, sier Elias Jung til Avisa Nordland.
Bandet er Tromsø-basert, og EPen deira er gjeven ut av Guano Recordings i Kabelvåg, eit selskap som utmerkar seg med høg nynorskprosent på heimesida. Ikkje lat deg lure av at det står "Nyheter" i menyvalet.
# lagt inn 27.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Sjaa, Jesus stend i Stemnestova, / I Nasaret, paa Fedrajord.
Og alle maa hans Lærdom lova, / For i hans Munn er Livsens Ord.

Der stod han upp, steig fram til Bordet / Og las av heilag Bibelbok
Det store sæle Spaadoms-Ordet, / Som alle djupt i Hjartat tok.

Sjaa, yver meg er Herrens Ande, / Han salvad meg til Sannings Tolk,
Aa bera fram rundt um i Lande / Hans Fagnabod fyr Fatigfolk.

Han sende meg aa giva Helsa / Til deim som kjenner Hjartesaar,
Til blinde Syn, til Fangar Frelsa, -/ Aa ropa ut Guds Hugnads-Aar.

----------------------
Elias Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900), s. 5-7

Og sjølvsagt skal BlixBlog markere adventstida med adventstankar av Elias Blix. Det vil seie: Dei fire første strofene av Sjaa, Jesus stend i Stemnestova er no mest tankane til evangelisten Lukas. Dei kjem her med ei særleg adventshelsing til Per Halse.

P. S. P. E. Rynnings Norsk salmeleksikon opgjev som opphavleg publikasjonsstad for denne salmen "Hjælp, 1899, nr. 1". Nokon som kjenner til denne publikasjonen? Det gjer ikkje eg, og ikkje finn eg den i bibliografiske databasar som BIBSYS eller SAMPER heller.

Tysdagens Blix
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Heile salmen
Kategoriar:
# lagt inn 27.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Advent hos Arne 

Første sundagen i advent er komen. Du kan t. d. markere det med å tenne det første adventslyset og lese adventstankane på bloggen hans Arne Berge. For BlixBlog har dei den openberre styrken at dei er tenkte på nynorsk. Dessutan er Arne ein gammal studie- og speidarkamerat, han er prest på Bryne og han er interessert i bibelsk arkeologi, mellom mykje anna.
# lagt inn 27.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.11.05

For morgonfuglar 

Er du tidleg oppe i morgon, kan du høyre min prosjektleiar og kollega i Bibelselskapet, Hans-Olav Mørk, i "Det skjedde i de dager" på NRK P1 kl. 07.40:
Hans-Olav Mørk er redaktør i forlaget Verbum. Førstkommende lørdag er han gjest i ukens "Det skjedde i de dager" - i samtale med Håkon Olaussen. Der forteller han bl. a. litt om noen av endringene - f. eks. i Fadervår.
Får du det ikkje med deg, kan du høyre reprisen på sundag. Men da må du stå enda tidlegare opp, programmet går kl. 05.40 ...

Kategoriar:
# lagt inn 25.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Prosten 

I same Vårt Land ser eg at min gamle studiekamerat prosten i Solør skal ha radiogudstenesta 1. sundag i advent:
Når prost Trine Færevåg leser
bibelteksten under søndagens
gudstjeneste, bruker hun for
første gang den nye oversettelsen
av Det nye testamentet.
Om Trine skal det leggjast til at ho som teologisk student skreiv spesialavhandlinga "En analyse av Elias Blix' salmer: med særlig henblikk på hvordan han bruker bibeltekstene". Ho er kan hende den einaste hymnolog som har tatt den utskjelte sjangeren "evangelierim" alvorleg.

Og sanneleg har ho sett "Underlege ting å sjå" opp på salmesetelen i Åsnes kyrkje. Altså, sit du heime er radiogudstenesta på NRK P 1 eit høveleg alternativ sundag kl. 11. Her i huset skal vi på familiegudsteneste i lokalkyrkjelyden.
# lagt inn 25.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Folkestad-salme 

Far min var på telefonen for å spørje om eg hadde lese dagens Vårt Land. Eg hadde ikkje det, ikkje papiravisa. Men også den kan kjøpast på Internett i våre dagar, så eg har fått med meg Unio-leiar, lærar og målmann (om han er venstre- og fråhaldsmann, veit eg ikkje, men han er sikkert oppvaksen med utsikt til Volda sentrum) Anders Folkestad sitt bidrag til spalta "Min salme"
Syng i stille morgonstunder
Syng i stille morgonstunder, ja kvifor
ikkje? I alle fall er det ei fin oppmoding
og ein god start på dagen.
Den vakre Blix-salmen er eit ja til
dagen og ein invitasjon til å gripe
han.

Ikkje underleg at dette var og er ein salme
i kategorien «høveleg song». Det var i alle
fall ikkje få av mine folkeskuledagar som
starta med denne songen. Som oftast var det
første verset. Vi likte det best slik. Dessutan
blir salmen noko meir alvorleg undervegs.
Dette er elles eit nokså vanleg Blix-kjenneteikn.
Det var heller ikkje sjeldan at nettopp
denne songen lydde i heimen, særleg tidlege
søndagsmorgonar.

– Syng i stille morgonstunder er for meg
framleis ein god og høveleg start på dagen.
Eg misunner forresten dei som kan «alle
versa» av songar og salmar. Til tider irriterer
det meg at eg har pugga for lite. Å pugge
og å repetere er undervurderte metodar
– enten det handlar om salmar eller anna.
Difor må eg vanlegvis ty til salmeboka når
denne genren er aktuell. Då er det oftast
salmar nettopp med ein optimistisk tone eg
føretrekkjer. Ein slik er Å leva det er å elska,
av voldingen Anders Vassbotn, også han
diktar og politikar.

Elias Blix (1836 -1902) var teologen som
aldri praktiserte som prest. Men han var vitskapsmann
og professor, politikar , statsråd
og samfunnsdebattant. Han blanda seg med
fritenkjarane i Venstre, noko som i enkelte
miljø blei rekna som antikristeleg. Blix var
inspirert av Ivar Aasen, og at diktaren frå
Nordland skreiv på landsmål, gjorde han
ikkje mindre kontroversiell. Men at han er
ein av våre fremste salmediktarar, kanskje
den fremste, er dei fl este samde i. Lista av
Blix-salmar er lang, og mange har halde
seg godt. Blant desse står fedrelandssalmen,
Gud signe vårt dyre fedreland, langt framme.

Anders Folkestad utfordrar
Gerd Liv Valla.
Betre kunne vi ikkje sagt det sjølv, Anders. No ventar vi spent på Gerd Liv Valla.

Kategoriar:
# lagt inn 25.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Grundtvig 

Eg får skunde meg å formidle følgjande glade bodskap, motteke pr. e-post frå Roger Lockertsen:
Eg viser til tidlegare e-post om dato for salmeseminar om Grundtvig og det danske i det (ny)norske.

Av ulike grunnar er datoen fastsett til laurdag 20. mai.

Hovudforedragshaldar blir biskop Jan Lindhardt, Roskilde. Førebels tittel er "Grundtvig og Nordens mystikk"
Han kan du lese meir om på denne heimesida: http://jan-lindhardt.dk/

Folkehøgskolestyrar Arild Mikkelsen talar om Grundtvig si rolle for folkehøgskolane og norsk språk. Førebels tittel: "Grundtvig og det danske i det nynorske." Arild Mikkelsen kan du lese meir om - på svensk og finsk - her: http://www.kansanopistot.fi/kansanopistolehti/arkisto/2001_02/2001_02_arild.html

+ ein dansk fordragshaldar

Prest, dr. theol. Synnøve Heggem tok i vår doktorgrad på Grundtvig. Førebels tittel: "Brureretorikken i nokre utvalde Grundtvig-salmar".
Her kan du lese meir om doktorgraden hennar: http://www.tf.uio.no/forskning/st/heggem.html

Bibelomsetjar Anders Aschim avsluttar seminaret med foredrag med tittelen: "Blix og Grundtvig".
Aschim skriv for tida ein biografi om Blix og du kan sjå meir om det han held på med på: http://blixblog.blogspot.com/ der du òg finn lenke til heimesida hans.

Det blir oppsummering v/ professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen som innleiing til debatt.
Nicolaysen kan du lese meir om på http://www.forskning.no/Artikler/2004/juni/1086081722.31

Det blir Grundtvig i tonar v/ fyrsteamanuensis Sigvald Tveit og fleire. Sigvald Tveit kan du lese meir om på: http://www.hf.uio.no/imv/om-instituttet/ansatte/vit/sigvaldt.xml

Søndag 21. er det nynorsk - dansk høgmesse i Uranienborg kyrkje.
Uranienborg sinfonia deltek og biskop Jan Lindhardt preikar (NB! endå ikkje 100% avklart). Nynorsk liturgi - nynorske og danske Grundtvig-salmar.

Med vennleg helsing

Roger Lockertsen
Fyrsteamanuensis i nordisk språkvitskap
Universitetet i Stavanger
NO-4036 Stavanger, Noreg/Norvège
Tel: 51 83 14 54, Mobil: 916 88 539
Som du ser: Eg har mast meg til å få reflektere offentleg omkring eit tema som lenge har utfordra meg.

Kategoriar:
# lagt inn 25.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.11.05

Bibelhistorier 

Lise Fjeldstad les bibelhistorier på CD: "Bibelselskapet gir nå ut seks lydbøker med bibelhistorier for barn. Det er Norges kjæreste oppleser for barn, Lise Fjeldstad, som leser.

Lydbøkene blei lanserte i Fagerborg kyrkje i går. Det kan du lese om i Vårt Land: "Keiser Augustus og Augustus Gloop fra Charlie og sjokoladefabrikken går litt om hverandre når Lise Fjeldstad leser juleevangeliet for barna i Fagerborg menighetsbarnehage."

Du kan til og med sjå film. Aviser er ikkje kva dei ein gong var.
# lagt inn 24.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.11.05

Kategoriar 

Denne bloggen renn vel ikkje nett over av datapreik. Men eg får no skrive nokre ord om den siste oppussinga.

Talet på meldingar har etter kvart passert 1200, og det hender eg har bruk for å finne att noko eg trur eg har skrive om ein gong i tida. "Finn"-funksjonen er sjølvsagt god å ha, men eg har lenge sakna eit system for å ordne meldingane tematisk, og ergra meg over at Blogger ikkje tilbyd nokon slik funksjon, "Kategoriar". Mange andre blogg-vertar gjer det, nemleg.

Vel, verda er full av lure og hjelpsame folk, så eg har funne ei slags løysing (meir nøyaktig skildra her), ved hjelp av bokmerketeneste del.icio.us. Det er ein del arbeid, men det ser ut til å verke.
# lagt inn 22.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Apostolat - atonalitet 

Frå apostolat til atonalitet er tittelen på morgondagens seminar i forskarnettverket i nynorsk skriftkultur. Undertittel: Om nynorsk terminologi.

Av særleg interesse for BlixBlog er bidraget til Per Halse kl. 11.00: "Stemnestove eller synagoge? Problemstillingar i tidleg nynorsk bibelmål." Personleg skulle eg også svært gjerne høyre Jan Inge Sørbø to timar seinare, om "Atonalitet på nynorsk. Eit blikk på Olav Gurvins Valen-avhandling." Den boka har eg visst ein gong prøvd å lese.

Men dessverre, eg er heime i Enebakk og langt frå Auditorium E, Sydneshaugen skole, Universitetet i Bergen. De får ha ein gild dag vestpå. Og dei neste dagane er det MONS.

# lagt inn 22.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Eit Ljos paa Jordi med Jesus rann, / Som vilde til Gud oss lysa.
Det straalar klaart fyre kvar ein Mann, / Som honom i Tru vil hysa.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 130

Vi er nesten gjennom kyrkjeårsdelen av Nokre Salmar, men det er nokre få attergløymer som må få vere med før jula kjem. Den første høyrer til på 21. sundag etter trieining (22. etter pinse) og var nyskriven i 1891. Den andre salmen til same sundag er "Mitt Hjarta, tru med tryggje".

Salmen har nokre svært typiske Blix-drag. Lys-motivet har, som så ofte, ei tydeleg forankring i Johannesevangeliet, ein bibeltekst Blix kjende ut og inn. I hans gymnaslærartid på Nissens og Gjertsens skoler skulle latingymnasiastane gjennomgå eit evangelium på gresk i religionsundervisninga i dei øvste klassene. Som regel var det Johannes. Vi kan rekne med at Blix var gjennom dette evangeliet saman med gymnasiastar eit titals gonger i løpet av åra 1866-1879. Og i 1889 hadde han ferdig omsetjinga si til landsmål, sjølve krona på verket i landsmålstestamentet.

Om ein vil, kan ein lese ein viss anti-intellektuell tendens i strofer som dei følgjande; kan hende jamvel ein kritikk av professorkollegaer med fritenkjartendensar, særleg innan naturvitskaplege fag:
So vidt um Jord og i Himmelrom
Ho leitar og Ljos vil vinna.
Men hennar Visdom er Vesaldom,
For Gud kan ho ikkje finna.

Ho les paa Himmelen som ei Bok
Og Vegen til Stjernor kjenner.
Paa Sol og maane ho trur seg klok,
Man daa etter Skuggar renner.

Ho granskar Veder og granskar Vind
Og spaar deira ymse Vende.
Men er so reint fyre Ljoset blind,
Som Gud oss i Kristus sende.
Men før ein dreg for bastante konklusjonar, bør ein - som vanleg er når det gjeld Blix-salmane - konsultere Bibelen, og særleg halmstrået denne salmen har av kyrkjeårstilknyting: Evangelieteksten frå den i si tid nye 1. tekstrekkje, Matteus 16,1-4.

Sundagens Blix
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Heile salmen
Kategoriar:
# lagt inn 22.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Gildeskål kyrkje 

På vevstaden til Salten museum finn du no ei fin samling sider om barndomskyrkja til Elias Blix, Gildeskål gamle kyrkje.
Kategoriar:
# lagt inn 22.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.11.05

Dagens Blix 

Seg, kvar skulde me vel ganga / Utan Jesus her paa Jord?
Han oss eine Hjelp kann langa, / For han heve Livsens Ord.
Fred me finna i hans Fang. / Var so Vegen nog so lang,
Det me vilde litet vyrda. / Jesus letta vil vaar Byrda.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 132

I fjerde utgåve av Nokre Salmar står denne under 26. sundag etter trieining, sikkert på grunn av tilknytingspunkta til evangelieteksten, Matteus 11,25-30 (og no kan du gle deg over den nyaste omsetjinga av denne kjende teksten. Om du får bokmålsteksten opp når du følgjer peikaren, kan du gå til Bibelen.no og velje "Nynorsk" i høgre spalte). Men salmen har vore med heilt sidan 1870, da under den lange overskrifta "Kome hit til meg alle de, som arbeida og ero tyngde, eg vil giva dykker Kvild."

Vel, dette er slett ikkje den einaste bibelteksten Blix spelar på, sjølvsagt. Sidan eg for tida arbeider med Jesaja, må eg nesten peike på allusjonen til Jesaja 1,18 i strofe 3: "Var di Synd som Blodet litad, / Der ho vert som Snjoen kvitad."

Tysdagens Blix
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Tidlegare kommentarar: 1870-, 1883-utgåva
Heile salmen
Kategoriar:
# lagt inn 20.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.11.05

Nytestamentet 



Så har Bibelselskapet lansert det nyaste nytestamentet, NT 05. På vevstaden deira kan du lese forlagssjef Turid Barth Pettersens grunngjeving for å gje ut ei ny omsetjing.

Les om NT 05 i
Vårt Land 16.11.2005
Dagen 17.11.2005
NRK, Kulturnytt 17.11.2005
(men les også den litt meir nyanserte fråsegna til leiaren i Presteforeningen, 17.11.2005)
Bokmelding (Tom Egil Hverven) i NRK, Kulturnytt 17.11.2005
Kronikk i Fædrelandsvennen (Hallvard Hagelia, medlem av Oversettelsesutvalget) 16.11.2005
Bergens Tidende 17.11.2005
Magazinet 17.11.2005
Nettmøte der Hans Kvalbein (leiar i Oversettelsesutvalget) svarer på spørsmål frå lesarar av Vårt Land, 17.11.2005
Nynorsk.no 17.11.2005
Bok og Samfunn 16.11.2005
Morgenbladet (intervju med Hanne Ørstavik, "Guds korrekturleser") 18.11.2005
Stavanger Aftenblad 18.11.2005
Kristelig Pressekontor

Vårt Land 25.11.2005 (redaksjonell kommentar ved Jon Magne Lund før 1. sundag i advent. Den nye omsetjinga blir teken i bruk i mange kyrkjelydar ved gudstenesta den dagen)
"Det skjedde i de dager", NRK P1 26.11.2005 (intervju med Hans-Olav Mørk)
Fredriksstad Blad, 26.11.2005
Dag og Tid, 17.12.2005 (Ola Breivega)
Kategoriar:
# lagt inn 16.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Nasjonal prøve (2) 

Og så var det svara på Terje Aarsets nasjonale prøve for frilansteologar, med oppgåvetekst frå Språknytt:

Side 9: Tidlegdateringa av nynorsk liturgi til 1892 er nok for radikal. Men det blei høve til å innføre nynorske salmar i gudstenesta det året.
Side 14: Arne Garborg skal ha æra for mykje, men ikkje for "Gud signe vårt dyre fedreland".
Kategoriar:
# lagt inn 16.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.11.05

Dagens Blix 

Syrgje ei fyr deim, som sova / Med Guds Fred so søtt i Grav!
Dei paa nytt skal Herren lova / Høgt fyr Kvila, han deim gav,
Ja fyr Siger yver Dauden, / Ungdomsliv i Morgonrauden,
Helgaferd paa Himmel-Stig / Til den Sal, som aldri sig.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 140

"Domedag" står det til overskrift over denne Grundtvig-salmen i den nynorske førsteutgåva, Nordmannen 20.11.1890. Men det er dei lyse, ikkje dei mørke eskatologiske fargane Grundtvig (og Blix) har funne fram frå paletten. Det var W. A. Wexels som brakte denne som så mange andre Grundtvig-salmar til Noreg (i salmebokutkastet sitt, ikkje i Kristiania-tillegget. Men den stod i Landstads og Hauges salmebøker), og den har ein plass i salmeboka til denne dag (NoS nr. 854).

Blix har mykje til felles med Grundtvig, ikkje minst den nære tilknytinga til bibelteksten, i dette tilfellet 1. Tessalonikarbrev 4,13-18.

Sundagens Blix
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Heile salmen
Kategoriar:
# lagt inn 15.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

I morgon 

I morgon er det lansering av NT 05, siste nytt i nytestamente frå Det Norske Bibelselskap. Boka heiter no "Det nye testamentet" på bokmål også. Nytestamentet blir å få kjøpt til ein rimeleg penge (98,- for paperbackutgåva er ikkje ille). Og alt no kan du lese den nye NT-omsetjinga elektronisk, i den nyoppussa utgåva av vevstaden Bibelen.no. Om det er nynorskutgåva du er mest interessert i (og det er det vel. DET ER VEL DET?), vel du "Nynorsk" øvst i høgre kolonne.

Tenesta "Dagens bibelord" er visst ikkje på plass enno, men den kjem nok. Det er fleire nye tenester, du kan høyre delar av "Lydtestamentet", til dømes, eller sjå Lukasevangeliet på tegnspråk. Det første har eg fått til å fungere i dag, det andre ikkje.
Kategoriar:
# lagt inn 15.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Nasjonal prøve 

Her i huset har vi trudd at nasjonale prøver var på veg over på historias skraphaug. Kva skal ein elles med regjeringsskifte, seier tenåringane mine. Men kunnskapsminister Djupedal må ha gløymt noko. I går kom det ei oppgåve frå den kjende Volda-norsklærar Terje Aarset, med tilleggsopplysninga: "Dette er eit ledd i nasjonale prøver for frilansteologar." Oppgåva lyder:
Les du Språknytt? Sjå om du finn noko merkeleg på side 9 og (særleg) side 14.
Jo, eg les no Språknytt, og pliktoppfyllande som eg er, har eg sendt inn svar på oppgåva. Det skal du få høyre om i morgon.

Men eg må prøve å få ein prat med kunnskapsminister Djupedal. Han er sikkert ein vitug mann, far hans har skrive noko av det beste som er på marknaden om Elias Blix.
Kategoriar:
# lagt inn 15.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.11.05

Dagens Blix 

Vakna upp! so ljodar Luren
Fraa Sions Vaktmann høgt paa Muren:
Statt upp, Guds Stad, Jerusalem!
Midnatts Myrker dimmer Jordi;
Daa ljoda ned som Ljon dei Ordi:
Upp, kloke Møyar, Herren kjem!
Han kjem med Velde ned.
Statt upp, ta Lampor med!
Lat deim lysa! Paa Jesu Ord
Stig upp fraa Jord,
Upp til det store Brudarbord!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 139

26. sundag etter trieining hadde andre tekstar før enn no, mellom anna den djupt alvorlege likninga om brurmøyane (Matt 25,1-13). I Philipp Nicolais storslegne salme "Wachet auf, ruft uns die Stimme" er det meir vekt på vona enn på åtvaringa. For nokon av oss er denne salmen uløyseleg knytta til J. S. Bachs kantate nr. 140 med same tittel, og særleg til versjonen av det midtre verset for tenor solo med obligat i unisone strykarar (også sett ut som orgelkoral, av Bach sjølv, i Schübler-koralane).

Landstad si gjendikting "Sions vekter hever røsten" er flott. Men Blix ligg nærare den tyske originalen. På mange måtar likar eg denne versjonen betre. Har nokon prøvd å framføre Bach-kantaten med Blix sin nynorske salmetekst?

Men ingen av dei norske versjonane kjem opp mot Nicolais eigen i starten av andre strofe:
Zion hört die Wächter singen,
Das Herz tut ihr vor Freuden springen,
Sie wachet und steht eilend auf.

Zion Vægter-Raabet hører,
En himmelsk Glæde Hjertet rører,
Hun vaagner og staar freidig op.

Sion høyrer Vaktmann kveda;
Ho vaknar og stend upp med Gleda,
Av heilag Hugnad Hjartat brenn.
Fredagens Blix
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Heile salmen
Kategoriar:
# lagt inn 13.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.11.05

Budsjettkommentaren 

www.aasentunet.no 10.11.2005:
Regjeringa Stoltenberg føreslår å løyve 1,5 millionar kr til eit allment nynorsk leksikon på Internett i 2006. - Dette har kvar einaste nynorskbrukar og mange andre grunn til å gle seg over, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. - No følgjer regjeringa Stoltenberg opp det som står i kulturmeldinga frå 2003, som stortingsfleirtalet slutta seg til i 2004 og som også kom tydeleg fram i Soria Moria-erklæringa.
Les meir
Kategoriar:
# lagt inn 12.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.11.05

Dagens Blix 

Den Naud og Trengsla, som eg lid,
So lenge Kyrkja er i Strid,
Den skal eg fulla gløyma,
Naar med Guds Heilage eg kved
Ein Sigersong i evig Fred,
Og Tonar fram skal strøyma,
Som Ingen her kann drøyma!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 132

Salme nr. 2 til helgemessesundag er den Kingo-salmen som Blix har gjeve overskrifta "Den sigrande Kyrkja". Eg har endeleg funne Kingos originaltekst, "O! kiere siel, frygt aldrig meer / Naar alting surt i verden er" (Landstad nr. 558). Den er svært ulik, Blix har i røynda skrive ein ny salme.

Onsdagens Blix
Tidlegare kommentarar: 1870-, 1883-utgåva
Heile salmen
Kategoriar:
# lagt inn 11.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.11.05

Dagens Blix 

Far utor / Dine Skor!
Her du stender paa heilag Jord:
Her er Staden av Herren vard,
Her er Himmelens Fyregard.
Her er Guds Kyrkja og Hus,
Her er Guds Kyrkja og Hus.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 131

Til helgemessesundag har Blix sett opp to gamle kjenningar. Den første er kyrkjesalmen frå 1870. Her er det ecclesia triumphans - den sigrande kyrkja - han syng om. Salmen renn over av bibelske allusjonar. Den første strofa er retta til Moses og til Jakob, som eg alt har vist. Så kjem, i rad og rekkje, allusjonar til Og dette er berre dei aller mest opplagte allusjonane i strofene 2-6. Slutten spelar mellom anna på Openberringsboka, men også på andre eskatologiske bibeltekstar.

Laurdagens Blix
Tidlegare kommentarar: 1870-, 1883-utgåva
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Heile salmen
Kategoriar:
# lagt inn 9.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmar i mai 

Nynorsklaget og Uranienborg kyrkjelyd har etablert ein tradisjon, og i går kom denne meldinga i e-postboksen:
Vi melder med dette om at vi arbeider med nytt salmeseminar i Uranienborg i mai 2006. Mest aktuell helg er 27. - 28. mai, alternativet er 6.-7. mai.

Tema har førebels tittel: "Salmediktaren Grundtvig - det danske i det nynorske." Vi reknar med at programmet skal bli godt i år òg, og gjev dykk med dette høve til å ikkje planlegge anna dese to helgene. Vi er tilbake med meir informasjon seinast i januar 2006.

Med vennleg helsing

Roger Lockertsen
Fyrsteamanuensis i nordisk språkvitskap
Universitetet i Stavanger
Kategoriar:
# lagt inn 9.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Prosa 

Dessutan kom det nytt nummer av Prosa i dag - mellom anna med ei stor og velviljug melding av Per E. Hems biografi om Jørgen Løvland. "Den er herved anbefalt!" (Ruth Hemstad)
# lagt inn 9.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Festskriftartikkel 

Mykje gildt lesestoff i postkassa mi i dag. Novus forlag har gjeve ut Mot rikare mål å trå, eit festskrift til Tove Bull i samband med 60-årsdagen hennar (men å kunngjere det på heimesida si har forlaget ikkje greidd).

Aud-Kirsti Pedersen har skrive nokre sider om "Elias Blix: den første nordnorske målmannen" - høgst passande, sidan hovudoppgåva til jubilanten er ein av dei viktigaste analysene av Blix-salmar. No er nok ikkje denne artikkelen aleine nok til å rettferdiggjere innkjøp av boka, den byggjer på sekundærlitteratur og gjev ikkje noko nytt. Men her finst mykje anna også. Kjell Venås skriv om "Nynorsk nasjonalisme", til dømes, det er fleire artiklar om samisk og om minoritetsspråk, sjølvsagt ein bolk om "Språk og kjønn", og så finn du Enst Håkon Jahrs artikkel om Tove Bull til Norsk biografisk leksikon i usensurert utgåve. Den er skriven på radikalt bokmål, men utgjevarane av NBL har retta i riksmålsretning. Jahr røper følgjande effektive triks:
Eg fann ut at eg ville ikkje ha det slik. Dei neste fem artiklane til Norsk biografisk leksikon skreiv eg derfor på nynorsk. Det gjekk greitt. Da rettar redaksjonen berre dersom forfattaren gjer ortografiske eller andre feil. Sjølve formvalet bryr dei seg ikkje med.
# lagt inn 9.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.11.05

Blix-prisen 

"Blix-prisen for 2005 er tildelt Tromsø-lyrikeren Tove Myhre (f. 1964). Hun debuterte som forfatter i 2004 med diktsamlingen «Strupesong»."

Les meir i Bok og Samfunn.

Hos Nordnorsk Forfatterlag får du dessutan vite at "Blixprisen ble utdelt under bokdagen i Bodø sist lørdag," og at Tove Myhre er kulturjournalist i Tromsø-avisa Nordlys.
# lagt inn 7.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.11.05

Dagens Blix 

Gud signe vaart dyre Fedraland / Og lat det som Hagen bløma!
Lat lysa din Fred fraa Fjell til Strand / Og Vetter fyr Vaarsol røma!
Lat Folket som Brøder saman bu, / Som Kristne det kann seg søma!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 136

Fedrelandssalmen hadde fortent ein mykje grundigare analyse enn det eg rekk i dag. Om opphavet til salmen har eg ikkje noko nytt å bringe i forhold til kva Terje Aarset alt har funne fram tidlegare i år. Men det du kanskje aldri har tenkt over, er den opphavlege kyrkjeårsplasseringa av salmen. "Fedralandet" (Blix sin orignaltittel, i manuskriptet og i editio princeps, bladet "Nordmannen" for 13.11.1890) høyrer til på 23. sundag etter treeining, og evangelieteksten handlar framleis om å gje keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er.

Første strofe ei ei bøn. Eg insisterer sjølvsagt på at "Hagen" fedrelandet skal likne på, er Edens hage.

Så kjem dei strofene vi aldri syng 17. mai. Strofe 2 og 4-5 er eit stykke religiøst-nasjonal historieforteljing.

"Vaart Heimland i Myrker lenge laag" - det er vel den førkristne tida songaren siktar til, før Gud "sende ditt Ord til Norigs Fjell, / Og Ljos yver Landet strøymde."

Men i strofe 4 høyrer vi at "atter seig Natt paa Landet ned / med Trældom og tunge Tider." Kva siktar songaren til her? Sannsynlegvis til dansketida og "400-årsnatta".

I strofe 5 kjem omslaget: "Og Morgonen rann, og Myrkret kvarv .... Du atter oss gav vaar Fridoms arv ... Du vernad vaart Folk og gav oss Fred, / Og Landet med Log me bygde." Dette må vere 1814 tolka som Guds inngrep i historia. Her går songaren inn i ein (venstre-)nasjonal historieskrivartradisjon med opphav hos Wergeland.

Men denne utgåva av Venstre-tradisjonens Noregshistorie er kraftig teologisk forankra: Det er i denne konteksten vi finn verset "Vil Gud ikkje vera Bygningsmann, Me faafengt paa Huset byggja" (ein bibelsk referanse, til Salme 127,1) og utsegna om det grenselause gudsordet i den lite sungne strofe 3:
Men Ljoset og Livet i ditt Ord, / Det ingen kann setja Stenge.
Um Fjellet er høgt og Dalen trong, / Ditt Ord heve daa sitt Gjenge.
Måndagens Blix
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Heile salmen
# lagt inn 5.11.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?