<$BlogRSDUrl$>

30.11.09

Målform 

BlixBlog vil i dag på det sterkaste tilrå studium av dagens bidrag frå kollega Jostedalsrypa: "Det underlege omgrepet målform". Ho prøver nok å gøyme bort teksten under ingressen "For svært spesielt interesserte", men det er ingen grunn til å la seg lure. BlixBlog må i så fall reknast mellom dei svært spesielt interesserte, ettersom teksten tek til med ei drøfting av stortingsdebatten om jamstellingsvedtaket i 1885, inkludert rolla til kyrkjestatsråd Elias Blix (om det er nokon der ute som ikkje har innhaldet av denne debatten heilt klårt for seg, finst det eit referat på side 324-329 i Ein betre vår ein gong).

"Utgangspunktet er rett og slett at eg lenge har lurt på kvifor nynorsk og bokmål vert kalla målformer, ikkje språk," skriv Jostedalsrypa. Etter ein tour de force gjennom omgrepshistoria (ja, dette er sikkert skrive i samband med ei eller anna forskarutdanning, men ikkje la deg skremme, det er både leseleg og eksistensielt) sluttar ho med hypotesen:
Den argumentasjonen og dei omgrepa ein har bygt forsvaret for sidemålet på, har kanskje ikkje vore til udelt fordel for elevane med nynorsk som fyrstespråk. Kanskje ville nynorskelevane har større fordel av at nynorsk vart handsama som eit eige fag, det vil seie som eit eige språkfag, det vil seie som eit eige språk – med ein eigen læreplan og ein eigen morsmålsdidaktikk som var betre tilpassa dei særeigne utfordringane som elevar med nynorsk som fyrstespråk står overfor. (Og som kanskje kan hente inspirasjon frå både læreplan i samisk som fyrstespråk og læreplan i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar.)
Eg er ikkje sikker, kan hende er ho ikkje det sjølv heller, men synspunktet fortener diskusjon.
# lagt inn 30.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.11.09

Nynorsknytt 

av det meir uroande slaget i Nationen i dag:
Ungdom droppar nynorsken
Skuleelevar i nynorskområde forlet nynorsk som hovudmål når dei sjølve får bestemme.
...
Gjennom pilotprosjektet Målstreken har Valdres Mållag, med støtte frå Noregs Mållag, spurt 414 elevar i regionen om språkhaldningar og språkskifte.

Resultata viser mellom anna at:

•75 prosent av elevane skiftar frå nynorsk til bokmål.
•Overgangen skjer tidlegare enn ein før har trudd: 37 prosent går over til bokmål mellom barneskule og ungdomsskule.
•«Innflyttarforeldre» er ik-kje årsaka til språkskiftet: 72 prosent av dei som har begge foreldra frå Valdres, skiftar frå nynorsk til bokmål.

Mange av skiftarane synest nynorsk er vanskelegare enn bokmål. Andre viser til at «bokmål er overalt og kan brukast overalt».
Tala gjeld altså Valdres. Tidlegare har nynorsken tapt Nord-Trøndelag og Hedmark. Tyder dette at målbeltet på austsida av Langfjella òg står for fall, og at nynorsk er i ferd med å bli eit reint vestlandsfenomen? Med mi nord- og austnorske bakgrunn har eg i så fall eit stykke sorgarbeid å gjere. Eller har målrørsla ein strategi for å møte denne utfordringa, noko anna enn frontforkorting?
# lagt inn 27.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.11.09

Nynorsknytt 

I siste nummer av Norsk Tidend finn du mykje interessant: Olaug Nilssen har skrive ein slags biografi (og er såleis ekstra kvalifisert til omtale på BlixBlog) om Sigvart Dagsland, Jens Kihl intervjuar Terje Aarset om Den nynorske songskatten, tilhøvet mellom Allkunne.no og nynorsk Wikipedia blir diskutert, og Norunn Askeland og Cecilie Falck-Ytter presenterer boka Nynorsk på nytt, ei idébok for studentar og lærarar. Norunn var ein av mange fødselshjelparar for Ein betre vår ein gong ved det faglitterære forfattarstudiet til Høgskolen i Vestfold.
# lagt inn 26.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Gildeskål-nytt 

Avisa Nordland, Næravisa, i dag:
150.000 til Blixjubileet
GILDESKÅL: I morgen skal formannskapet ta stilling til videre organisering av det forestående Elias Blix-jubileet. Rådmannen anbefaler at det engasjeres en prosjektleder og at det avsettes 150.000 kroner fra fond som skal være kommunens andel av prosjektfinansieringen for 2010. Det legges videre opp til utarbeidelse av forslag til en prosjektskisse. Denne sendes ut til samtlige lokalutvalg. Prosjektet foreslås ledet av representanter fra lokalutvalgene, Fellesrådet, Salten Museum, prosjektleder og virksomhetsleder for oppvekst og kultur.
Det er altså 175-årsjubileet for bygdas store son (1836-1902) det handlar om.
# lagt inn 26.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.11.09

Kunnskapsnytt 

frå Vårt Land:
– Som historieformidlere er biografiene svært viktige. Mye kunnskap om historie og kultur formidles gjennom biografiene og ut til et stort publikum, sier Espen Søbye. Han er kritiker og har selv skrevet mange biografier, blant annet om Arthur Omre og Rolf Stenersen.

– Men tror du det er derfor vi leser biografier, for å få historie- og kulturkunnskap?

– Ja, jeg tror rett og slett det er en av grunnene til at biografiene er så populære. Biografiene formidler kunnskap og synspunkter på historiske og sosiale fenomener, og det tror jeg leserne er interesserte i, sier Søbye og fortsetter:

– Du vet, det er nesten paradoksalt: Det er først og fremst biografier og lokalhistorie som formidler historie og utvikling i Norge.
# lagt inn 25.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.11.09

Disputas 2 (oppdatering) 

Oddmund L. Hoel blei visst ikkje podcasta, men han har vore raus nok til å leggje ut manuskriptet til prøveførelesinga si, pluss presentasjonen av avhandlinga. Du kan altså laste ned "Mål og maskulinitet. Kjønnsperspektiv på målsaka som ideologisk, kulturelt, språkleg og organisatorisk fenomen 1885-1940."
# lagt inn 23.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.11.09

Bruce & Blix 

Odd Nordstogas idé om et juleshow synes å være en slags variant av Springsteens heseblesende «Seeger Sessions»-turné, bare med norske/skandinaviske folketoner, Elias Blix-tekster og et visst, men ikke påtrengende, julepreg.
Sven Ove Bakke i Dagbladet, om julekonserten til Sissel K. og Odd N.
# lagt inn 22.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.11.09

Disputas 1 (oppdatering) 

Medan vi feirar målsogedoktorar: Dei som ikkje fekk med seg Per Halse sin disputas over avhandlinga "Gudsord og folkemål. Framveksten av nynorsk kyrkjespråk 1859-1908" live og i realtime, som det heiter på nynynorsk, kan høyre heile greia som podcast.
# lagt inn 21.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.11.09

Dr. Hoel 

Maratonløp for Oddmund Løkensgard Hoel i dag. Først prøveførelesinga ”Mål og maskulinitet. Kjønnsperspektiv på målreisinga som ideologisk, kulturelt, språkleg og organisatorisk fenomen 1885-1940”. ”Var målsaka kjønna”, spurte han, og gav tilhøyrarane litt meir enn det opplagte svaret ”ja”. Etter ei innleiing om kjønnsforsking og målsak fokuserte han på tre område, militariseringa (delar av målrørsla hadde ein forsvarsvilje over gjennomsnittet i tida omkring unionsoppløysinga og fram til første verdskrig; dette er òg eit viktig element i avhandlinga), det nynorske husmoridealet og målorganisasjonane. Han fann meir av feministiske spor enn tidlegare målhistorikarar har gjort, men her er stort rom for meir forsking. Det blei vel eigentleg tala meir om kvinnenes posisjon enn om målrørsla som mannsgreie, noko som òg blei påpeikt av andreopponenten mot slutten av disputasen.

Disputasen skulle altså avviklast same dag. Ingen lettvinne løysingar av den grunn, dette var disputas i full skala. Doktoranden gav sjølv ein kort og konsis presentasjon av ”Målreising og modernisering i Noreg 1885-1940”. Avhandlinga (589 sider brutto) drøftar målrørsla sitt tilhøve til dei to historiske prosessane nasjonsbygging og modernisering, det siste ved hjelp av tre område: urbaniseringa, industrialiseringa og framveksten av arbeidarrørsla. Problemstillinga reiser to spørsmål, for det eine om grunnane for den raske framgangen til målrørsla i første del av perioden, for det andre om moglege føresetnader alt i denne fasen for tilbakegangen etter siste krig. Førsteopponenten, Torbjörn Nilsson frå Södertörns högskola, fokuserte særleg på moderniseringsbegrepet og på dei val og avgrensingar doktoranden her hadde gjort når det galdt studieobjekt og metodiske innfallsvinklar. Eg likte forma, opponenten hadde brote innlegget opp i ni teser, med godt rom for svar frå doktoranden. Da gjer det ikkje så mykje om eit par av ordvekslingane blir noko mindre engasjerande, det var nok av gode spørsmål og svar. Andreopponenten, May-Brith Ohman Nielsen frå Universitetet i Agder, hadde ei meir monologisk form, men med aukande rom for doktoranden og klar stigning mot slutten av innlegget. Ho etterlyste alternative innfallsvinklar. Om eg forstod ho rett, reiste ho mellom anna spørsmålet om dreiinga i fokus for den offentlege debatten frå nasjonsbygging til sosiale problem og velferd, særleg i 1930-åra, kan ha hatt noko å seie for stagnasjonen til målsaka. Mest interessant fann eg likevel sluttsekvensen, der doktoranden blei utfordra på spørsmålet om korleis og i kva grad hans eige målpolitiske engasjement har påverka spørsmålsstillingane og tilnærmingane hans, til dømes valet om å studere elitesynspunkt framfor eit breiare praksisfelt. Tilhøvet mellom forskarsubjekt og forskingsobjekt er hermeneutisk svært interessant, men denne drøftinga fekk for lite rom, synest eg. Endeleg opponerte Ottar Grepstad frå Nynorsk kultursentrum ex auditorio. Det blei ein kort, men interessant samtale om behovet for å historisere begrepet ”språk”, som oftast berre blir tatt for gitt. Er ”norsk” eitt eller to språk? Er nynorsk ”meir enn eit språk”, og kva meiner ein i så fall med det?

Alt i alt ein svært interessant dag, vel verd turen til Trondheim. Det synest nok òg sambygding Arnhild Skre, som fekk mykje mat til sitt neste prosjekt (biografien om Hulda Garborg), vil eg tru. Elles var det svært hyggeleg å treffe att Torlaug Løkensgard Hoel, ei av mine gode hjelparar frå den faglitterære forfattarutdanninga. Ingen går frå henne utan auka frimot til å uttrykke seg skriftleg. Namnelikskapen med dagens doktorand er ikkje tilfeldig, dei er mor og son. Gildt var det òg å helse på den strengaste kommisjonen til Oddmund, kone og barn. Hyggelege gjensyn var elles forleggjaren og konsulenten til ei bra bok om Blix, Sverre Tusvik og Ottar Grepstad.
# lagt inn 20.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Prisnytt: Blix-prisen 

Enda viktigare enn Brageprisen er sjølvsagt (for BlixBlog) utdelinga av minneprisen for Emma og Elias Blix. Den går i år til Bodø-artisten og produsenten Are Bredal Simonsen. Juryen seier mellom anna:
I nordnorsk språkdrakt, med umiskjenneleg bodødialekt, skriv han poplåtar som skildrar liva våre i stort og smått; tekstane hans evnar å vise lyttaren magien i kvardagen og augneblinken, som i til dømes den særs vellykka poplåta “paradis”. Songen held fram bitte små glimt av Paradis; her er dei små gledene i kvardagen, eit glimt at lys januar, ein sms frå ein gammal venn, og glømte skattar ein finn igjen. Slik løftar Bredahl Simonsen det kvardagslege til noko større, poetisk, og han maktar å skape ein høgare himmel over dei små liva våre. Og på dette viset blir tekstane hans også små kvardagssalmar i livet til det moderne mennesket; melodien er smart pophandverk og tekstlinjene løfter blikka våre og lar oss sjå kvardagslivet vårt i eit nytt lys som skapar undring. Det er ei gåve å få ein sms av ein gammal venn, eller kjenne det første lyset i januar, og orda til Bredahl Simonsen får oss til å stoppe opp ved akkurat dette.
Dette er eit spennande val, eit slag "crossover", kan hende. Det er altså for TEKSTANE sine musikaren Simonsen blir prisa. Les heile grunngjevinga hos Avisa Nordland.
# lagt inn 20.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Trondheim 

BlixBlog bloggar i dag frå Trondheim, på veg til Oddmund Løkensgard Hoels alt mykje omtala disputas over avhandlinga "Målreising og modernisering i Noreg 1885-1940".
# lagt inn 20.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Prisnytt: Brage 

Så er vinnarane av Brageprisen kåra. BlixBlog gratulere dei utvalde, særleg dei to som er mest nærskylde med interessefeltet her: Noregs nye barnebokdronning Maria Parr og bibelomsetjar Karl Ove Knausgård, meir kjend som romanforfattaren eller hovudpersonen med same namn.
# lagt inn 20.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.11.09

Song i Aasentunet 

Aasentunet:
Terje Aarset om den nynorske songskatten
Søndag 22. november handlar det om ord og tonar frå den nynorske songskatten i Aasen-tunet.
...

Den nynorske songskatten er både ei oppslagsbok, eit rikt faglitterært kjeldeskrift og spennande lesnad for alle som har interesse for norsk folkesong. På søndag får heile møtelyden vere med i allsong på fleire av desse songane. Magnar Åm spelar piano, Siv Kristin Aurdal er forsongar og syng i tillegg solo på nokre songar.

Terje Aarset er førsteamanuensis i norsk språk ved Høgskulen i Volda. Han har redigert og gjeve ut ei rekkje bøker innanfor emna språk, litteratur, bibliografi, lokalhistorie og musikk. Aarset er aktiv musikar og arrangerer musikk, særleg for kor.
Der skulle vi ha vøri, Kal. Eg får trøyste meg med boka, den er utruleg flott.
# lagt inn 17.11.09 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmenytt 

frå Kyrkja.no:
Ny salmebok utsettes

- Høringen gir ikke grunnlag for å utgi en salmebok i to bind nå. Vi vil utrede alternativer for veien videre med salmebokarbeidet, og legge disse alternativene frem til drøfting på møtet i Kirkerådet i mars 2010.

Dette sa Kirkerådets direktør Jens-Petter Johnsen til Kirkemøtet 17. november.
# lagt inn 17.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.11.09

Blix på MF 

"Minnet som filosfisk modus"
Elias Blix heldt sitt indre aktivt gjennom minne-akta:

"I min heim var eg sæl avdi Gud var attved, og eg minnset [sic > minnest] so vel kor det anga Guds fred// Når til kyrkje me for, når me heime heldt kor/når med moder eg bad/Å eg minnest så vel denne stad".
minns
Det indre sacrum vart levandegjort ved minnet. Den røynde og lærde hebraiskprofessoren på denne måten varpe [sic > tok vare?] på sin indre barndom. Det var nok det som gjorde han til diktar.
Pater Arnfinn Haram OP i tale til praktikumskullet sitt ved jubileumsfesten sist helg.
# lagt inn 16.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.11.09

Disputas 2 (oppdatering) 

Som før nemnt, fredag 20. november er det doktorgradsprøver for Oddmund Løkensgard Hoel ved NTNU i Trondheim. Det gjeld avhandlinga "Målreising og modernisering i Noreg 1885-1940". Dette har eg tenkt å få med meg.

På Krundalsbloggen kan du lese om generalprøva i heimen før disputasen.
# lagt inn 15.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.11.09

Platenytt 

Frode Hermanrud melder Kyrkjebø/Nordstoga i Oppland Arbeiderblad (berre "Oppland" mellom vener):
For Strålande jul seiler opp til å bli årets flotteste julealbum, såpass tøff tør jeg å være. Mye av grunnen er at det er så tydelig at dette ikke er noe hastverksprosjekt hvor de i hui og hast har spilt inn noen kjente julesanger. Her finnes nok av tradisjonelle sanger, men det er av typen hvor Elias Blix har stått for oversettingen, som i Den fagraste rosa som med sin flotte orkestrering og lette spellemannstakter seiler opp som et av albumets aller flotteste spor.

Det er lite julenisser og dombjeller på albumet. Partyfaktoren er lav, til gjengjeld gir Kyrkjebø/Nordstoga noe så sjeldent som et julealbum hvor detaljene og musikken spiller hovedrollen.
# lagt inn 14.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Grimstad 

Annonse i Grimstad Adressetidende
FORMIDDAGSTREFF
tirsdag 17. nov. kl. 11.00
Terje Sandkjær og Oddrun Vik fremfører
et program om Elias Blix.
Mye fellessang og god bevertning.
Velkommen!
IMI-HUSET
# lagt inn 14.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.11.09

Prisnytt 

Språkrådet: "Forfattar Stephen Walton får i dag Språkprisen 2009 for framifrå nynorsk i sakprosa." Walton blir prisa for bøkene Den teksta versjonen. Amerikanisering og modernitetens intellektuelle (2006) og Skaff deg eit liv. Om biografi (2008). BlixBlog ønskjer hjarteleg til lukke!
# lagt inn 12.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.11.09

Biografinytt: Bjørnson 

Den store biografihendinga nett no er første del av Edvard Hoems verk om Bjørnstjerne Bjørnson. Med det målhatet Bjørnson etter kvart la for dagen, løyver eg han berre desse linjene på BlixBlog. Han hadde visst ei anna haldning i ungdommen, forresten.

Les meir i Aftenposten, Klassekampen, Dagsavisen, , Romsdals Budstikke eller kor du vil.
# lagt inn 7.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salme- og biografinytt: Ellingsen 

Nestor i norsk salmedikting, Svein Ellingsen, fylte 80 år i sommar. Denne helga blir han og salmane hans feira i Uranienborg kyrkje. Eg skal til høgmessa i morgon, seminaret i dag og konserten i morgon kveld får eg dessverre ikkje med meg.

Eyvind Skeie har skrive biografi om Ellingsen, utgitt på Verbum forlag saman med ei fin utgåve av Ellingsens samla salmar, En bønn er gjemt i hjerteslagets rytme. Salmer gjennom femti år.
# lagt inn 7.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.11.09

Blix som kjem 

No har eg ikkje fleire Blix-arrangement på kalenderen i haust. Men til våren har eg to avtaler.

Sundag 24. januar blir det "Minnest du songen?" i Nore Neset kyrkje i Os, Hordaland. Sjølv er eg betre kjend i Os i Østerdalen, men eg blir nok hjulpen til rette. Prestefolket Anny og Kaare Bakke arbeidde for Misjonsselskapet på Hamar den tid eg budde der. Måndag 25. januar skal eg besøke Kongshaug musikkgymnas, det skal bli spennande.

Torsdag 29. april blir det Blix-kveld i den nye Gulset kyrkje i Skien.
# lagt inn 6.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix som var 

Det går mot helg, og det er tid for ei lita oppsummering av den siste vekas Blix-arrangement.

Allehelgensdagen var eg i Hamar domkyrkje, som eg frekventerte ganske ofte i ungdommen. Bra med folk på ein mørk sundagskveld, mange gamle kjente, god song og god stemning. Domkantoren var blitt liggjande med influensa, men Hans Jacob Børresen gjorde ein heltemodig innsats på orgelkrakken, så det gjekk godt. Sidan dette var eit misjonsmøte, fekk eg jamvel sjansen til å seie litt om Blix og misjonen. Det har eg visst aldri gjort før. Mannen har skrive eit par misjonssalmar, og han hadde fleire kjenningar som blei misjonærar. Men eg kjenner ikkje dokumentasjon på at han sjølv engasjerte seg organisatorisk i denne rørsla. Indremisjon og israelsmisjon var han i nær kontakt med i Tromsø og Leipzig, veit eg. Særleg hyggeleg var det å få helse på (oldebarn) Inga Blix, tekstilkunstnar busett på Hamar.

Onsdag gjekk turen til Grinilund kyrkje i Bærum. Det blei òg ein veldig fin kveld, med songgruppe frå "Nabokoret", møteleiing ved Ragnar Telhaug og tonefølgje ved dirigenten Liv Klevstrand. Det var slett ikkje vanskeleg å målbere målsaka i Bærum under slike tilhøve. Songarane ramme inn det heile med ein av dei første salmane til Blix, "Gamleåret seig i hav" (1869) og ein av dei siste, "Jesus i Ljosbragd på Berget" (1900).
# lagt inn 6.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.11.09

Blix i Norum (Sogndal) 

Ein kommentar frå prestekollega Egon Askvik fortener førstesideplass på BlixBlog:
Blix-kveld i Norum kyrkje kl. 18.00
15.11.2009 18:00
Blix-kveld i Norum kyrkje kl. 18.00 v/ Egon Askvik
(sjå nettsida til Kyrkja i Sogndal)
# lagt inn 3.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Disputas 2 (oppdatert) 

NTNU har sendt ut den offisielle kunngjeringa om doktorgradsprøva til Oddmund Løkensgard Hoel (historie) fredag 20. november, tidlegare omtala her. Disputasen gjeld altså avhandlinga "Målreising og modernisering i Noreg 1885-1940". Siste nytt er emnet for prøveførelesinga: "Mål og maskulinitet. Kjønnsperspektiv på målsaka som ideologisk, kulturelt, språkleg og organisatorisk fenomen 1885-1940." Eg ser ikkje bort frå at Oddmund nett no er i ferd med å tigge om hjelp heime, han står bloggaren Jostedalsrypa nær, ein sjeldan fugl som mellom anna står bak denne særs gode og nyttige publikasjonen.
# lagt inn 3.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Disputas 1 (oppdatert) 

BlixBlog - no òg som journalistisk kjelde. Avisa Møre kjem ut i Volda:

Men kor var Møre-Nytt (Ørsta)?
Oppdatering, 04.11.09: Fleire bilde (i fargar) og meir om doktorgradsprøva hans Per finn du på nettsidene til Høgskulen i Volda.
# lagt inn 3.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?