<$BlogRSDUrl$>

30.7.09

Det norske 

I Kirke og Kultur nr. 2 for i år har Mette Elisabeth Nergård eit intervju med Jørgen Norheim (sist omtala her på BlixBlog). Du skal få eit klipp:
- Du har mange referansar til det norske i bøkene dine. Titlane på nokre av romanane dine er frå kjende norske songar (Liten svein i bærskog ut og Ingen er så trygg i fare). Du er ei blanding av Mads Berg, Elias Blix og NSB. Er dette ironi?

- Vi voks opp med Elias Blix, Ivar Aasen, Anders Hovden og eg lærte å setje pris på salmeskatten og dei nasjonale songane. Vel har eg eit humoristisk sideblikk til alt dette, men like fullt er det ein tradisjon som eg vedkjenner meg. Alle salmeskattane og songskattane og dikta, dei er vove inn i meg. Eg voks opp i eit heilnorsk bygdesamfunn på 60-talet med ein lærargenerasjon som nesten hadde opplevd 1905 - i alle fall 1914 og som var nasjonaldemokratiske, kan vi seie.

Han held fram:

- Viss du går tilbake til målrørslas barndom i byrjinga av 1900-talet, vil du sjå at folk var forbausande europeiske. Arne Garborg vart kalla 'jærbuar og europear', og det første Det norske Samlaget gjorde var å gi ut dei europeiske klassikarane. Å vere ein minoritet - altså nynorskbrukar, vil seie at ein er fullt klar over det fleirkulturelle, dei større samanhengane. Nynorskminoriteten måtte skjerpe seg, pleie sin eigen tradisjon, vere litt betre enn majoriteten, hegemoniet. Eigentleg finn eg den norske fleirspråklege situasjonen fruktbar. Minoriteten må kjempe for å gjere seg gjeldande. Nei, det norske i bøkene mine er ikkje berre fleip sjølv om eg har humor i forhold til det og sjøl om det er absolutt nødvendig å sjå det som del av noko større, konkluderer Norheim og legg til: - Ein treng ikkje vere innskrenka sjøl om ein held den norske kulturen fram.
Jørgen Norheim er pendlar, bur i Berlin og arbeider i Oslo
# lagt inn 30.7.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.7.09

Frå Hamsun til Blix 

Avisa Nordland 21.07.2009:
I over 30 år har Arve-Gunnar Heløy komponert musikk til Hamsuns dikt. I kveld har han konsert på Steigarheim hvor lyrikken blandes med perler fra den klassiske gitarens 500-årige historie.
...
– Cd-en med nye Hamsunlåter har arbeidstittel «En ø i havet», og er et prosjekt som går parallelt med en innspilling av klassisk gitarmusikk. Foreløpig har han ferdig 23 klassiske kutt, men også det må redigeres. Og som ikke det var nok, er han midt i arbeidet med å tonesette tekster av Elias Blix.
# lagt inn 25.7.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Biografinytt 

Eg får prøve å få med noko av det meir interessante på biografifronten i ferietida. Skal vi sjå.
# lagt inn 25.7.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.7.09

Kjeldebruk 

Så er sommarens debatt om kjeldebruk i gang. Denne gongen handlar det om ein roman, Kjartan Fløgstads kritikarroste Grense Jakobselv. Historieprofessor Tore Pryser sette diskusjonen i gang med ein kronikk i Dagbladet 14. juli. Her skriv han mellom anna:
Med økende forbauselse under lesningen oppdaget jeg i disse Tour de France-tider at jeg med min egen forskning var blitt en godt benyttet «hjelperytter» for Fløgstad.
Den medfølgjande dokumentasjonen kan du lese sjølv, eg hoppar rett til konklusjonen:
I romaner som i stor grad bygger på virkelige aktører og hendelser som ikke er oppslagsord i leksikon og Wikipedia, bør det også sies noe om kildegrunnlaget.
Om dette går altså debatten. Nokre utvalde klipp finn du på Sakprosabloggen (du følgjer vel med på den?), men i Morgenbladet står Fløgstad sjølv fram som alt anna enn angrande syndar.

Det skal bli interessant å følgje denne debatten. Personleg har eg stor forståing for synspunkta til Pryser. Eg meiner ikkje at ein roman skal vere utstyrt med eit vitskapleg noteapparat, men det finst gode måtar å gjere dette på. Jørgen Norheim har til dømes utstyrt Adjutanten (ja, eg har lese den no. Tematikken er i nær slekt med Fløgstads, nokon bør lese desse to bøkene saman. Bra emne for ei semester- eller masteroppgåve?) med eit "Etterord" på to sider der han mellom anna skriv:
Men ein skjønnlitterær forfattar, om han skriv "historisk" eller ikkje", vil ofte vera avhengig av ei viss kjeldegransking. Avhengig av forfattarens fantasi kan han då finne på å integrere i sitt eige det han har lese hos andre. For å unngå spekulasjonar om plagiat kan det i slike tilfelle vera nyttig å vise kvar han har henta ting frå. Men annleis enn i faglitteraturen skal lesaren sleppe å bli informert om alt ein skjønnlitterær forfattar har lese. Her er eit utval kjelder denne forfattaren har brukt: [ei liste på ni titlar følgjer]
For meg er dette ei grei og framfor alt ærleg løysing.
# lagt inn 20.7.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Korsvei 

Sidan sist har eg vore på Korsvei-festivalen i Seljord - ei sameining av spiritualitet, kreativitet, praktisk miljøengasjement og internasjonal grasrotsolidaritet som eg trivst godt med. Dessutan er dette ein stad der tenåringane våre (vi har framleis to) gjerne blir med. Nynorskprosenten er nok litt låg her, men songheftet er slett ikkje verst. Hans Johan Sagrusten har til dømes nokre framifrå gjendiktingar av "songar frå vest" (John Bell/Graham Moule).
# lagt inn 20.7.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.7.09

Bibelcampen 

"Å vitja Dei nynorske festspela er som å vitja ein bibelcamp," skriv festspelmeldar Sjur Haga Bringeland i dagens Dag og Tid (papirutgåva). Frå min profesjonelle synsstad i Bibelselskapet må eg vel seie at det kunne vore verre.

Av særleg interesse for BlixBlog er meldinga av gudstenesta søndag (der bibelomsetjarkollega Jan Ove Ulstein var predikant). Eg siterer slutten av meldinga:
Ein salme som ikkje fungerte heilt, var tonesetjinga til Hauge-diktet "Det er den draumen med ber på". Salmen, som kom etter truvedkjenninga, er med i det nye framlegget til salmebok. Dette sette ein støkk i meg: Melodien er vakker som kunstmusikk, men som salme er tonen for komplisert: Melodien har heile 19 lause forteikn; frasene er usymmetriske; han byrjar med ein pause, og sju slike fylgjer; toneomfanget er på 11 tonar (ein oktav pluss ein minska kvart), og melodien er heile 17 takter lang.
...
Eg skal ikkje generalisera for mykje, men kyrkjelyden på Aasen-tunet stadfeste atterhaldet mitt til den nye salmeboka: Jamvel etter at organisten hadde spela gjennom melodien, og kyrkjegjestene hadde sunge han to gonger, lét det ikkje bra. Grunnen er enkel: Salmen er for vanskeleg.

Eg sette mest pris på Blix' "Gud signe vårt dyre fedreland" (nr. 739 i Norsk salmebok), noko kyrkjelyden såg ut til å vere samd i: Dei klåre sunnmørsrøystene fylte det profane amfiet med høgkyrkjeleg salmesong på ein genuin og naturleg måte.
Eg veit ikkje kva som er spesielt høgkyrkjeleg med salmesong, og eg irriterer meg mildt over inflasjonen i bruk av kolon. Elles finn eg kommentaren interessant.
# lagt inn 3.7.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?