<$BlogRSDUrl$>

30.5.08

Sekstiåttarar 

"Kanskje vi, heller enn å feire 40-årsdagen for våre foreldres studentopprør denne våren, skulle ta en skål for Hagbard Berner og generasjonen fra 1868. De ekte, norske sekstiåtterne."

Sindre Hovdenakk i Morgenbladet, om skiparane av Det Norske Samlaget. På etterskot vil BlixBlog ønskje Samlaget til lukke med 140-årsjubileet - og minne om at det neste år er 140 år sidan utgjevinga av "Nokre Salmar", første heftet.
# lagt inn 30.5.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.5.08

Trafikalt 

Korleis skriv ein "Elias Blix' gate"? Neppe slik ...
# lagt inn 29.5.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dansk 

Ikkje heilt nytt lenger, men eg har ikkje sitert artikkelen frå Forskning.no før:
– I åra etter 1814 ønskte svært mange å bevare det dansknorske språket slik som det var. Men dette har blitt sterkt underkommunisert i Noreg. Ikkje eingong riksmålsfolket har vore interesserte i dette, meiner den ferske doktoren Jens Johan Hyvik.
Det handlar om avhandlinga ”...hvorfor har Norge ikke et eget nationalt Sprog?" BlixBlog ønskjer dr. Hyvik hell og lukke i store kvanta.
# lagt inn 29.5.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

28.5.08

Eksistensielt 

Eit par veker har eg hatt liggjande eit "Innspel" frå kulturavisa Hordaland 10. mai 2008. Det er skrive av far til bloggarvidunderbarnet Guffen. Eg har tenkt mykje over dette skriftstykket dei siste dagane, særleg av følgjande grunn:
Eg var nyleg til stades då Anders Aschim presenterte ein ny biografi om Elias Blix. Eg kjenner Aschim litt, og etter foredraget hans ville eg gjerne ha han til å skriva ei helsing i biografien. Eg hadde det travelt, og på veg ned til scenegolvet tok eg dei to-tre siste trappetrinna i eitt steg. Det vart for mykje for det relativt nyopererte kneet mitt. Det svikta under meg, slik at eg på rekordtid låg og sprella på golvet.

Kneet var altså nyoperert. Eg opererte menisken i oktober, og eg trudde at kneet var i nokolunde god form igjen. Det var altså feil, smertene vart verre og verre, og etter nokre rundar i helsevesenet, der eg vart godt kjend med alle dokterane på helsestasjonen i Volda, og i tillegg fekk møta gamle kjende i helsestellet på Voss, viste det seg at eg måtte opererast på ny. Dei siste dagane har eg difor hinka rundt på krykkjer. Aschim seier at etter det han kjenner til, er det ingen som har ofra så mykje for å få namnetrekket hans.
Eg vil med dette få stadfeste det siste, ja, eg vil seie det så sterkt som at eg er HEILT SIKKER på at ingen har ofra så mykje for namnetrekket mitt.

Eg fekk artikkelen i handa på ei tid da eg så smått var begynt å reflektere over den eventuelle nytten av å ha investert såpass mykje tid av sitt eige liv i å skrive om andres - og det eventuelle utbytet for eventuelle lesarar som måtte finne på å investere så mange timar av sine eigne liv som det krev å lese denne boka. Eg har vore innom slike tankar i boka òg, til dømes på side 14:
På andre kjenner ein seg sjølv. Møte med menneskeliv frå ei anna tid kan vere ei hjelp til å sjå nye sider ved sitt eige liv og si eiga tid. Det er ein god grunn både til å lese og til å skrive biografiar.
Eg trur faktisk eg meinte (og meiner) det eg skreiv. Men innspelet i Hordaland gjer at eg må tenkje nytt og større om kva ein biografi kan gjere med livet til eit anna menneske. Det viser seg nemleg at den omtala episoden (som boka mi på eit vis var skuld i) verkeleg har fått skribenten til å reflektere vidare over sitt eige liv - men under overskrifta "Idiotskadar": Med utgangspunkt i uhellet med kneet gir han til beste ei tre på topp-liste over andre unødige sjølvpåførte lidingar som har råka han gjennom livet. Det er altså ikkje lesinga av mi geniale framstilling av Elias Blix' geniale liv som har framkalla desse refleksjonane, skribenten har ikkje eingong trengt å opne boka for å kome fram til desse erkjenningane (no veit eg frå andre kjelder at han har gjort det òg, han har faktisk lese temmeleg grundig, men det er ikkje poenget. Poenget er:)

Det er altså sant som dei seier: Når ei bok først finst der i det offentlege rommet, har forfattaren ingen kontroll over kva for verknader boka kan få.
# lagt inn 28.5.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Theologisk Bistand 

Elias Blix var engasjert i mangt og mykje, og det er ikkje alt eg har greidd å få med i biografien. Til dømes har eg oversett annonsen i Fædrelandet ein gong i februar 1889 for eit "Luthersk kristeligt Skolehjem" for unge jenter, drive av "Enkefru Laura Borchrewink - med Raad og theologisk Bistand af Professor Dr. E. Blix". Men no har Per Halse sett meg på sporet.
# lagt inn 28.5.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.5.08

Biskopen 

"En 'bannlyst' biskop" er overskrifta over meldinga av Olga Støylen Rundes Bernt Støylen. Ein biografi i Dagbladet i dag. Da høver det å nemne kronikken i Sunnmørsposten frå 15. mai om same boka med det same, den hadde overskrifta "Ein modig biskop". Olga er velsigna med dei same meldarane som eg var tidlegare i vår, Espen Søbye i Dagbladet og Birker Løvlie i Sunnmørsposten. Ein må seie at boka kjem bra frå det, sjølv om Søbye finn boka "i enkelte partier drøy å komme gjennom". Vi får glede oss over høvet til å gje Dagblad-meldarar og lesarar eit høve til vaksenopplæring i nynorsk kyrkjehistorie.
# lagt inn 25.5.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.5.08

Salmefest 

Pressemelding frå Norsk hymnologisk forening:
Salmefest 2008

Ny salmebok – nå igjen?

Norsk hymnologisk forening (NHF) arrangerer Salmefest 13.-15. juni
ved Sankta Katarinahjemmet Oslo. Med temaet ”Ny salmebok – nå igjen?” inviterer NHF til refleksjon og samtale omkring den raske takten og de nye tendensene i salmefornyingsarbeidet. Vi vil få anledning til å prøve ut deler av det materialet som inngår i det kommende forslaget til ny salmebok for Den norske kirke. Selv om forslaget lanseres offisielt først etter sommeren, vil NHF åpne for en forberedende samtale om saken. Forelesere under salmefesten blir prost Tore Kopperud, biskop emeritus Per Lønning, førstelektor Vigdis Berland Øystese, høgskolelektor Harald Myklebust og førsteamanuensis Irene Bergheim.

Fullstendig program med praktiske opplysninger finnes på:

www.liturgisksenter.no

Stig Wernø Holter
# lagt inn 21.5.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.5.08

Innkjøpsordning 

"Det er strålende at Norge nå får en rausere politikk for sakprosa. Men hvor mange bøker om krigen og gamle helter trenger vi egentlig?" Ingunn Økland har ein lesverdig kommentar (ho har ofte det) i Aftenposten i dag der ho reflekterer om innkjøpsordninga for sakprosa. Ho påpeiker mellom anna "et urimelig antall biografier om norske menn" mellom dei innkjøpte bøkene. På den eine sida kan eg vere samd i det. På den andre sida må eg innrømme at eg håpar Kulturrådet finn plass til minst éin biografi til om ein norsk mann i neste innkjøpsrunde ...
# lagt inn 20.5.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Arendals Tidende! 

Jau, ryktet om ei bokmelding i papiravisa til Arendals Tidende for laurdag 19. april viser seg å tale sant. I dag dumpa avisa ned i postkassa mi med ei hyggeleg helsing frå utgjevarane. Det er Arne Bergersen som har meldt Ein betre vår ein gong, under den lovande tittelen "Glitrande om ein gigant". Her får eg dele æra med forlaget:
Med respekt for Blix og livsverket hans er boka skrive på nynorsk. Saman med ei velforma disponering av stoffet gjev boka eit særs solid inntrykk. Språket flyt naturleg og greit i moderne språkformer. Samlaget kan god nynorsk! Blix var forresten med på å skipa dette forlaget. Både forfattar og forlag har all ære av dette verket. Alle kulturinteresserte vil ha glede av å lese boka.
...
Forlaget fortener ekstra ros for alle dei mange gode biografiane sine. Denne boka om Blix er nummer atten. Bra!
Og det siste må vere ei helsing til sjefredaktør Sverre Tusvik, som har redigert dei fleste av desse biografiane, min eigen inkludert.
# lagt inn 20.5.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.5.08

Dagens Blix (post festum) 

Nasjonaldagen i går er eit bra høve til eit gjestespel for den gamle spalta "Dagens Blix". Eg sit på nokre upubliserte Blix-tekstar, mest ungdomsarbeid på dansknorsk. Eit par av dei er sagadikt, og her kjem eit av desse:

Haakon den gode.

1. I Bretland hist ved Doversund
Ung Hakon stod en Morgenstund,
det lyse Blik var vendt mod Fjorden,
mens Tanken søgte hen til Norden.

2. Den fløj til Norges Kyster ud,
men der den mødte tunge Bud:
Fra Norge brat var Freden vegen,
og Luren lød til Hildeslegen. –

3. Thi højlagt gamle Harald var,
den grumme Erik Kronen bar;
for Herredømmet helt at nyde
selv Brødres Blod han lod udgyde.

4. Men Hákon sligt i hjertet skar,
han ganger til sin Fosterfar;
Han Skibe faar, han Sejlet hejser,
fra Bretlands Kongestad han rejser.

5. Da atter han i Norge staar,
til Ladejarlen flux han gaar;
og trofast de hinanden sværge
mod Vold og Ufred Land at værge.

6. Da Folket ungen Hákon ser,
for Harald de ej sørger mer.
”Der er han atter op af Dage;
han atter Norge skal indtage.”

7. Og Norges Mænd de kaared ham;
da maatte Erik fly med Skam,
og Hakon nu til Alles Glæde
indtager Haralds Kongesæde. –

8. Han længe førte Norges Ror,
i Fred og Fejde lige stor,
men størst i grumme Sverdetrætte
paa Karmø, Stord og Freidøslette.

9. Men da han heden maatte gaa,
da sørged Store, sørged Smaa.
Hans Daad blev sunget højt af Skalder,
ham Hákon gode Saga kalder. –

Tromsø, 30/5 58.
[Manuskript i Nasjonalbiblioteket i Oslo, Ms 4to 4483:2]
# lagt inn 18.5.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.5.08

St. Olav 

Første tidsskriftmeldinga, så vidt eg veit, av Ein betre vår ein gong står i siste nr. av det katolske kulturtidsskriftet St. Olav (nr. 4-5 for i år), som nett er kome ut. Tove Bull har alt meldt boka i Nordlys, men i St. Olav har ho fått heile fire sider til disposisjon. Det er eg svært glad for, for dette er ei uvanleg kompetent og grundig lesing av boka. Meldinga byggjer på seminarinnlegget hennar ved Tromsø-lanseringa i februar. At Tove Bull liker det ho les, er sjølvsagt eit ekstra pluss. Eg tillet meg å sitere ein passasje om aspekt ved boka som andre meldarar ikkje har skrive så mykje om:
Språk og form
Desse to ulike opptaktene til biografien viser oss ein uhyre formmedveten biograf. Eitt er at han skriv uvanleg godt, noko anna at han komponerer minst like godt. Det er ein sakprosatekst Aschim har forfatta, og hadde det ikkje vore for at det ville vore ei stygg undervurdering av sakprosa eller normalprosa å seie at denne teksten er blitt så god som han er blitt ved at forfattaren også nyttar skjønnlitterære verkemiddel, ja, da hadde eg sagt det slik. La meg heller formulere det litt annleis: Boka er uvanleg velskriven; ho avslører høgt stilmedvett og disiplinert og gjennomarbeidd bruk av ymse retoriske verkemiddel.
# lagt inn 16.5.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.5.08

Arendals Tidende? 

Det er ikkje alt eg får med meg. Til dømes er eg først i kveld blitt merksam på at Arendals Tidende skal ha hatt ei melding av Ein betre vår ein gong i april - via nettsida lokalhistorie.no:
[Publisert 2. mai 2008 ]
Biografi om Elias Blix
Teologen Anders Aschim har skrevet biografien Ein betre vår ein gong om teologen og salmeskriveren Elias Blix (f. 1836) fra Gildeskål. Tittelen på boka er hentet fra Blix’ salme No livnar det i lundar. Boka er på 474 sider med ytterligere 125 sider noter, tillegg og register, og anmelderen Arne Bergersen i Arendals Tidende mener at boka ikke bare er en personbiografi, men i stor grad en kulturhistorie fra siste halvdel av 1800-tallet. [Kilde: Arendals Tidende, 19. april 2008.]
No spekulerer eg over korleis eg skal finne eit eksemplar av den aktuelle avisa.
# lagt inn 15.5.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.5.08

Lokalnytt 

Nytt nummer av Menighetsblad for Enebakk og Mari kom til pinse. Her står det eit lite referat av Blix-kvelden på heimebane 3. april. På same sida er det eit intervju med ein annan Enebakk-biograf: Arnhild Skre fortel om arbeidet sitt med Ragnhild Jølsen. Boka kjem til hausten.
# lagt inn 13.5.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.5.08

VG (reprise) 

Eg veit ikkje kva slags reprisepolitikk dei har i landets største avis, men i dag står Sten Inge Jørgensens melding av Ein betre vår ein gong. Elias Blix på ny på trykk i VG, som tidlegare har publisert nøyaktig same tekst 20. april. For meg er jo det berre fint, for meldinga var riktig god.
# lagt inn 4.5.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.5.08

Nynorsk salmenytt 

Ivar Aasen-tunet: "Tre av salmane som blei sendt inn til salmekonkurransen Nynorsk kultursentrum arrangerte i 2006, er med i forslaget til ny salmebok som blir sendt ut på høyring til hausten."
Dette er det glede over ved Nynorsk kultursentrum. Men det er òg skepsis: "Vi ser at nynorskandelen går ned, til 36,8 %. Det er også betenkeleg at ingen av salmane til bruk ved gravferd er på nynorsk. Vi ser at salmebokutvalet har skrive ein merknad om at dei bør få inn nokre nynorske salmar her, og det er definitivt på sin plass, seier [Gaute] Øvereng."
# lagt inn 2.5.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.5.08

Meldingar og slikt 

Her samlar eg bokmeldingar og anna stoff om biografien Ein betre vår ein gong. Elias Blix (Oslo: Samlaget, 2008). Posten blir oppdatert etter kvart.

Bokmeldingar

Annan omtale
# lagt inn 1.5.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?