<$BlogRSDUrl$>

29.4.08

Sidan sist II: Salmenytt 

På salmefronten hender det mykje om dagen. Dette er viktig for framtida til norsk kyrkjesong. Oppdatering, 30.04.08: Eyvind Skeie peiker på ei av dei verkeleg store utfordringane i salmebokproduksjon i posten "Regning uten vert".
# lagt inn 29.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Sidan sist I: Støylen-nytt 

Noko Blix-nytt har eg ikkje å melde sidan sist. Men eit par Støylen-nyheiter bør nemnast.
# lagt inn 29.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Roma 

Det har vore tyst ei vekes tid på BlixBlog. Eg har hatt ei fin ferieveke i Roma saman med ei eg er glad i. Det var hennar første Roma-reise, sjølv var eg i byen for temmeleg nøyaktig 30 år sidan (med latinlæraren min frå gymnaset, Jostein Høgetveit, som reiseleiar). God blanding av kulturminne, folkeliv og mosjon (vi har gått mykje), sol og godt vêr heile veka. Eg må nok innrømme at Roma er litt for barokk for meg, det eine kunstverket slår det andre i hel. Av overraskingar som det ikkje står om i turisthandboka vår må særleg nemnast den store (årlege?) putekrigen på plassen foran kyrkja Santa Maria in Trastevere. Hundrevis av ungdommar var samla på plassen søndag ettermiddag og delja laus på kvarandre av hjartans lyst, medan eit stort politioppbod passa på at putekrigen ikkje utarta til krig med tørre nevar eller andre våpen.

No er det striskjorta og havrelefsa att.
# lagt inn 29.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.4.08

VG (sic) 

No står ikkje verda til påske. Trur du ikkje jamvel VG brukar spalteplass på å melde ein biografi om Elias Blix (papirutgåva, i dag):
Mange av oss var ikke overbegeistret for
salmesang da vi gikk på skolen, det var
liksom noe gammelmodig og oppstyltet
ved disse melodiene. Om læreren hadde
fortalt at "Nå livnar det i lundar", nærmest
var uttrykk for noe revolusjonært, ville vi
trodd det rablet for ham. Men så grensesprengende
var det faktisk da Elias Blix
opprinnelig skrev den, forteller Anders
Aschim i denne biografien om vår store
salmedikter.
...
Anders Aschim, som selv er teolog og
bibeloversetter, har gjort et svært godt arbeid
med denne boken - helt på høyde med hva
våre beste biografer presterer. Klokelig nok
er han forsiktig med psykologiseringen, for
Elias Blix’ liv var uløselig knyttet til strømninger
i hans samtid.
...
Det ferdigtegnede portrettet er ikke noe
glansbilde, for Aschim er klar på at også
Blix hadde sine svakheter. Men han får tydelig
frem at denne salmedikterens livsløp
representerer et verdifullt stykke norgeshistorie.
Meldinga er signert Sten Inge Jørgensen. Dette er, på den vesle plassen VG-meldarar har til disposisjon, ei svært god lesing av boka. For meg er Ein betre vår ein gong ei slags "Historia om Noreg" i åra fram mot unionsoppløysinga - slik den tar seg ut sett gjennom brillene til ein einskild aktør. Dette har meldaren fått med seg.
# lagt inn 20.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.4.08

Salmekutt 

Her er den nye salmeboken - Vårt Land: "Blant salmene som har falt ut, er svært mange skrevet av salmedikterne Brorson og Støylen. Også utvalget av Blix og Grundtvig er kraftig kuttet."

Vårt Land presenterer komitéforslaget til ny salmebok for Den norske kyrkja. No kjem tida for høyringssvar og lobbyverksemd ...
# lagt inn 19.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.4.08

Kongeleg 

Gjer som kongen: Besøk Gildeskål i sommar!
I løpet av tre dager skal kongeparet besøke fem kommuner på Helgeland og i Salten. Turen går med kongeskipet.

Nordlandsbesøket, som foregår fra 17. til 19. juni, er på mange måter en sjøreise fra Petter Dass sitt rike i Alstahaug til Elias Blix sitt fødested i Gildeskål.
(NTB/NRK Nordland)
# lagt inn 15.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Nordlys 

Og no er boka meldt i min tidlege barndoms avis, Nordlys i Tromsø (i går, 14. april). Meldaren er ingen ringare enn Tove Bull, ikkje berre professor i nordisk og tidlegare universitetsrektor, men jamvel ein av Blix-spesialistane i riket, ho har skrive hovudoppgåve om Blix-salmane og er forfattar av Blix-artikkelen i siste utgåve av Norsk Biografisk Leksikon. Tove Bull gav til beste ei grundig og kompetent lesing av biografien min under lanseringsseminaret i Tromsø. Og sanneleg gjer ho meg den store teneste å skrive bokmelding og gjere boka synleg i denne (for meg) viktige avisa.
Det er ein monumentalbiografi som no er utgjeven, 600 sider alt i alt, uvanleg velskriven og velkomponert. Først og fremst er det personen Elias Blix Aschim skriv om. Men boka er mykje meir enn ei forteljing om eit livsløp. 1800-talets politiske historie får ein framskoten plass, sjølvsagt fordi Elias Blix også spelte ei politisk rolle. Men her er ikkje berre politisk historie; boka gjev innsikt i språk- og kulturhistorie i det aktuelle tidsrommet, i sosialhistorie, i skole-, utdannings- og universitetshistorie og sjølvsagt òg for ein del i kyrkjehistorie.

Ei kort bokmelding kan på ingen måte gjere boka eller forfattaren rett. Fordi Elias Blix Ein betre vår ein gong var ei så lystfylt lesaroppleving for meg, kan eg ikkje rå andre til å lese boka på ein meir overtydande måte enn ved å ønskje meg fleire bøker frå Anders Aschims hand.

Om det er tillate å sende inn ei bestilling i ei bokmelding, har eg lyst å nemne at det samla nordnorske intellektuelle utflyttarmiljøet til Christiania i Blix' samtid kunne fortene ein kollektivbiografi, t.d. med arbeidstittel: Nordnorsk hjerneflukt til Christiania!
# lagt inn 15.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Ås (post festum) 

Fint med eit kortreist arrangement innimellom. I går kveld var eg med på enda eitt av desse trivelege samarbeidsprosjekta mellom kyrkjelyd og mållag i lokalmiljøet, denne gongen på Ås. Ikkje i kyrkja, for ein gongs skuld, men på biblioteket. I Follo går det fråsegner om kulturarrangementa i Ås bibliotek, så eg kjenner meg privilegert som har fått vere med på eit slikt.

Over 50 frammøtte på ein heilt vanleg tysdagskveld, engasjerte og kunnskapsrike spørsmål og kommentarar undervegs, og, som alltid: Allsong. Ingen Blix-kveld utan.
# lagt inn 15.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.4.08

I dag: Ås 

I kveld kl. 19.30 er eg i Ås bibliotek saman med kantor Jostein Grolid for å syngje og fortelje. Vel møtt!
# lagt inn 14.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Alversund 

Eg er på heimveg etter ein strålande kveld i Alversund kyrkje. Det er inga sak når ein kjem til eit lokalsamfunn med så mykje ressursar, ein drivande kantor, eit fint kammerkor (hyggeleg å høyre att arrangement som Bodø Domkor har sunge inn på plate - og høyre at dei fungerer svært godt i andre samanhengar òg), ein framifrå opplesar, Håvard Giezendanner (som uroppførte to ungdomsdikt av Blix, "Vinterkvæde" og "Skaldesnak"), flotte solistar og fulltonande allsong - frå medbrakte og innsamla eksemplar av Nynorsk Salmebok. Full kyrkje og god stemning.
# lagt inn 14.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.4.08

I dag: Alversund 

I kveld kl. 18.00 er eg med på salme- og allsongkveld i Alversund kyrkje i Lindås. Mange medverkande, kor, solist og opplesar, og fint program. Vel verd ein tur frå Bergen ...

I morgon: Ås bibliotek.
# lagt inn 13.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.4.08

Sakprosa 

Det er grunn til å gjere merksam på det nye radioprogrammet "Sakprosa" i NRK P 2. Fredag klokka ni, reprise laurdag klokka seksten. Du kan høyre når du vil, nettradio og podkast og kva det heiter for noko alt saman.

I dag var emnet biografi. Eg syntest vel ikkje programmet blei det heilt store, særleg ikkje samtalen mellom Ragnar Kvam, Ingar Sletten Kolloen og Marianne Egeland: Marianne Egeland freistar utan hell å bringe inn prinsipielle spørsmål og blir møtt med anekdotar frå Ragnar Kvam, medan Ingar Sletten Kolloen er mest opptatt av å ta rotta på Frode Grytten. Faktisk er Frode Gryttens einetale (med innlagt Kolloen-slakt) meir interessant, men denne holmgangen er ikkje spesielt overraskande, for å seie det mildt og forsiktig. Dette kan framleis bli betre.
# lagt inn 11.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Støylen-rapport 

Heh! Jamen rakk eg det meste av lanseringsarrangementet på MF i går, takka vere ein velvillig dagsorden i Bibelselskapets styre, der sakene "mine" kom først.

Eg kom for seint, men eg rakk presentasjonane til forfattaren og redaktøren (Sverre Tusvik, som også har vore redaktør for boka mi) og føredraget til biskop emeritus Andreas Aarflot. For ikkje å snakke om familiekoret som framførte Støylen-salmar i god sunnmørsk tradisjon. Riktig gildt var det, og ei slags symbolsk oppreising post mortem for Bernt Støylen, som i heitaste kyrkjestriden på 1920-talet var persona non grata på MF (Ole Hallesby har rolla som mørkemann i denne soga).

Ikkje store presseoppbodet det eg kunne sjå, men eg møtte att mange av mine eigne teologiske lærarar og nokre kollegaer som arbeider med nynorsk kyrkjespråk og salmetradisjon.

Mykje stas på familien Runde frå Ulsteinvik i desse dagar, også over neste generasjon.

Oppdatering: Du kan sjå bilete frå lanseringa her.
# lagt inn 11.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Klimarapport 

I natt gjekk isen på Våg, mitt lokale vesle vatn i Ytre Enebakk.

Isgangen på Våg er min personlege målestokk på klimakrisa. Da vi flytta til Ytre Enebakk for fjorten år sidan, heitte det at Vågisen gjekk 1. mai. Dei siste åra har det stort sett vore kring 15. april. Det kunne vore verre i år, men det er urovekkjande nok.
# lagt inn 11.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.4.08

I dag: Støylen 

Påminning: I dag lanserer Olga Støylen Runde Bernt Støylen. Ein biografi ved eit seminar på Menighetsfakultetet i Oslo kl. 17.00.

Les meir om arrangementet hos Menighetsfakultetet eller Samlaget.
# lagt inn 10.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.4.08

Bibelspråk 

"Nei, eg skal ikkje blande meg i debatten om bibelomsetjinga. Det vil seie at det skal eg nok."

Dette er innleiinga til ein høgst lesverdig kommentar av Andreas Skartveit i Stavanger Aftenblad i dag, under overskrifta "Bibelen er grunnlag for språket". Her er det tenkt mykje klokt om tilhøvet mellom bibelspråk og normalspråk, Skartveit er innom både Luther-bibelen og Gustav Vasas bibel og kva dei har hatt å seie for utvikklinga av det tyske og svenske språket. Fleire døme følgjer, til slutt dette:
Om bibelen har tapt posisjon i vår sekulære verd, så lever han vidare, i kunst, språk og historie, ofte på uventa vis. Det kan kanskje vere på sin plass å minne om det når vi akkurat har fått den første biografien om filologen, bibelomsetjaren og salmediktaren Elias Blix.

Vi og vårt bibelspråk har ei anna historie enn svenskane. Vårt bibelspråk var dansk då det svenske språket vart til. Hos oss hende det lite før Ivar Aasen. Så fekk vi vår målrørsle, som vi er åleine om i Norden. Og kanskje det var i kyrkja, med bibelspråket og salmane, at målrørsla henta dei største sigrane. Sjølv har eg site i ei Oslokyrkje 17. mai der vi song tre nynorsksongar. Slik skulle det vere,og eg trur kanskje eg var den einaste som la merke til det.

Då Bodø-Glimt spela cupfinale på Ullevål, song publikum unisont «Å eg veit meg eit land». Som på Wembley: «Abide with me». Elias Blix i fotballfinale på Oslo vestkant. Det er språkhistorie, bibelspråkhistorie og salmespråkhistore, for å vere nøyaktig. Kort sagt: Historie.
Amen.
# lagt inn 9.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Fædrelandsvennen 

Grundig om Blix, og vel fortent
Omfangsrik, grundig og godt dokumentert biografi om teologen, lingvisten, politikaren og framom alt vår første nynorske salmediktar. ... Einskilde stader kan biografen bli vel tung på labben og detaljrik, og det vantar noko på redigeringa, men alt i alt er dette er eit prov på at den klassiske biografien basert på gode kjelder, distanse i tid og eit interessant livslaup framleis har ein viktig plass i sakprosalitteraturen. Ei god bok å fordjupe seg i når det lauvast i li!
Det er Alf Kjetil Igland som har skrive denne hyggelege meldinga i Fædrelandsvennen i dag (papirutgåva).

Med dette har Ein betre vår ein gong. Elias Blix runda si tiande bokmelding. Eg er overvelda, så mykje respons hadde eg nok ikkje rekna med. Det er altså sant at biografien er ein sjanger som blir møtt med stor interesse i det offentlege rommet.

Alf Kjetil Igland er elles eit aktuelt namn i biografiverda, dessverre som ikkje-biograf.
# lagt inn 9.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.4.08

Aftenposten 

"En salmedikters klassereise."

Det er overskrifta over meldinga av Ein betre vår ein gong. Elias Blix i Aftenpostens søndagsnummer. Ingress:
Et imponerende stort materiale om den kjente salmedikteren, men fremstillingen burde ha vært bedre redigert.
Eg har visst ei stund at Dag Kullerud kom til å melde boka for Aftenposten, og det har eg hatt store forventningar til. Kullerud er sjølv ein rutinert biograf med litterære ambisjonar (Hans Nielsen Hauge, Ole Hallesby), og han er i dag den viktigaste kommentatoren til aktuelle kyrkjespørsmål i norsk presse.

Meldinga er balansert, grunnleggjande positiv, men ikkje ukritisk: "Gjennom sakene Blix var opptatt av, etablerer Aschim store scener med et rikholdig persongalleri. Men av og til tapes Blix av syne i detaljrikdommen. ... En mer stringent redigering ville ha gjort boken mer tilgjengelig." Denne kritikken er i slekt med den Espen Søbye alt har framført i Dagbladet.

Eg registrerer at heller ikkje Dag Kullerud kjem til rette med tittelen:
Derimot er det vanskelig å se at undertittelen "Ein betre vår ein gong" representerer en tråd, eller nøkkel. Den vitner riktignok om et dypere motiv bak den språklige og nasjonale vekkelsen Blix tok del i, men den utgjør ingen linje i selve teksten.
Eg var ikkje så overraska over at Espen Søbye ikkje forstod den, men Kullerud, som kan si salmebok, er eg meir overraska over. Får eg tid, skal eg gje mi eiga tolking for eventuelle interesserte lesarar.

Det er eit par andre poeng i meldinga til Kullerud som eg òg gjerne vil reflektere vidare over. For det eine er konsulentfråsegna hans om framstillinga av den berømte preikestolepisoden i Gildeskål interessant og verd å diskutere. For det andre: Eg hadde kanskje håpa at Kullerud ville sjå nokre sider ved Blix og boka som kan vere relevante i dagens kyrkjelege og politiske debatt, men som eg ikkje uttrykkeleg har tematisert. Han skreiv rett nok ein kommentar i Aftenposten i går om "Salmer som tegn i tiden", men eg trur det finst meir.

Kjem tid, kjem råd. God søndag!<
# lagt inn 6.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.4.08

DagenMagazinet 

Frå hymnologen Nils-Aksel Mjøs fekk eg i dag tilsendt eit annotert eksemplar av DagenMagazinet for 1. april. Datoen gjer ein jo litt mistenksam, men når førstesida har eit fint bilete av Blix og teksten "Eineståande biografi om Elias Blix" med tilvising til side 11, må eg jo slå opp.

Det er Paul Odland (ved Norsk Lærerakademi) som har meldt Ein betre vår ein gong i denne avisa. Det er tydeleg at både han og andre har hatt boka som påskelektyre. Odland har late seg begeistre:
Det er ei stor bok, og eit storhende at boka no kom ut; og ho handlar om ein stor mann ... Flott er det også at Aschim går så grundig til verks som han gjer, når det gjeld Blix sitt engasjement med bibelomsetjing. Han er ein større føregangsmann på dette området enn mange er klar over. ... Eg har berre ein negativ merknad etter å ha storkost meg med Blix-biografien: Det er synd at det ikkje finst sjutal på terningen!
For meg personleg er det ekstra hyggeleg at denne meldinga står i DagenMagazinet. Avisa er nemleg på leiarplass (27. mars) heller kritisk til det bibelomsetjararbeidet eg utfører til dagleg.
# lagt inn 3.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Ås 

Fekk du ikkje med deg presentasjonen min på Mari menighetssenter i kveld? Det var synd, for kvelden blei riktig fin.

Men fortvil ikkje, nytt Blix-arrangement kjem snart i Follo:
"Ein betre vår ein gong"
ELIAS BLIX

Mandag 14. april kl. 19.30 på Ås Bibliotek/Store salong
Forfattar Anders Aschim presenterer boka om salmediktaren, bibelomsetjaren, målmannen og politikaren Elias Blix.
Les meir på heimesidene til Ås kyrkjelyd, som er arrangør saman med Ås bibliotek og Ås mållag.

Dette er altså dagen etter arrangementet i Alversund.
# lagt inn 3.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

I dag: Ytre Enebakk 

I kveld kl. 19.00 er det Blix-kveld i Mari menighetssenter i Ytre Enebakk (Kart). Her er eg på heimebane. Du skal syngje (saman med dei andre som måtte finne på å møte fram) og eg skal fortelje. Organist Håvard Oudenstad blir med og spelar. Det er ei særleg glede for meg, for Håvard og eg har samarbeidd i dei fire åra eg var kapellan i Enebakk.
# lagt inn 3.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.4.08

Støylen 

Denne bloggen er visst blitt like sjølvopptatt som alle andre av arten. På tide å setje lyskastaren på noko anna: No i april lanserer Olga Støylen Runde sin nye biografi om Bernt Støylen. På ei før-lansering i Aasentunet fredag 4. april kan du oppleve "Ein vårkveld med Bernt Støylen" (les meir i Vikebladet).

Hovudarrangementet ved lanseringa er eit seminar på Menighetsfakultetet i Oslo torsdag 10. april kl. 17.00-19.00. Eg er stygt redd for at eg ikkje får med meg lanseringa, det er styremøte i Bibelselskapet denne ettermiddagen og eg skal stå til ansvar for eit knippe nye bibeltekstar. Men det er ingen grunn til at ikkje du skulle gå dit. Det blir mykje song, og føredrag både av forfattaren og av Andreas Aarflot, som òg har interessert seg for den gamle salmediktaren, prestelæraren og biskopen.
# lagt inn 2.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Festspel 2008 

I dag er programmet for Dei nynorske festspela 2008 gjort kjent. Temaet er "Dialog", dagane 25.-29. juni og staden Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda - og omegn. Her er det mykje fint. Den musikalske festspeldiktar Lars Amund Vaage , meir musikk, meir litteratur, utstillingar og ymist anna. Sjå programmet. Festspelpredikant i år er Per Lønning. Og så får du Paal-Helge Haugen og Dante til kyrkjekaffien.
# lagt inn 2.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Sunnmørsposten 

I dag er Ein betre vår ein gong. Elias Blix meld i Sunnmørsposten av Birger Løvlie, teolog og førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda. Løvlie er sjølv forfattar av ein fin Matias Orheim-biografi. Ein svært kompetent meldar, med andre ord.

Eg har ikkje tid til å sitere nett no, men meldinga er absolutt lesverdig, mellom anna fordi Løvlie legg vekt på litt andre aspekt enn andre meldarar.

Oppdatering, kl. 16.00: No har eg fått sett på papirutgåva av Sunnmørsposten. Det er ikkje berre ei skarve bokmelding, det er ein heilsides kronikk Birger Løvlie har fått på trykk! Ikkje nok med det, han skal òg ha æra for at vevstaden nynorsk.no har oppdaga Blix-biografien min. Eg skal la vere å sutre over at dei ikkje har oppdaga den før og at dei ikkje oppgjev forfattarnamn.
# lagt inn 2.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.4.08

Stavanger Aftenblad 

Salmedikting og venstrepolitikk er den velvalde (om eg må seie det sjølv) tittelen på bokmeldinga av Ein betre vår ein gong. Elias Blix i Stavanger Aftenblad i dag (papirutgåva). Det er Jan Inge Sørbø som har skrive også denne meldinga, men vinklingane er til dels andre enn i Morgenbladet-meldinga hans. Eit sentralt avsnitt i Aftenblad-meldinga lyder slik:
PIONER: Det ein likevel sit att med etter lesinga, er eit sterkt inntrykk av dei kulturelle og politiske prosessane det norske samfunnet gjekk gjennom i denne tida. For det første mobiliteten: at det gjekk an for nye grupper å skaffa seg utdanning, og skifta plass i samfunnet. Dernest det store politiske oppgjeret, der dei breie folkelege rørslene sette makt mot konge og regjering. Blix var statsråd i Johan Sverdrups regjering etter det parlamentariske opprøret i 1884. Og - som ein del av dette- det språklege opprøret, der ein frå norsk side insisterte på å få sitt eige skriftspråk.
Da har eg greidd å få fram det eg ville, sjølv om Sørbø forsiktig antyder at eg "dokumenterer ... grundig - av og til for grundig kanskje" og nok "kunne ... dramatisert litt meir, men det er i det objektive han har sin forse. Samtidig gir han gode lesingar av nokre av salmane." Denne siste setninga set eg særleg stor pris på, Jan Inge Sørbø er sjølv ein skarp lesar av nynorsk lyrikk. Sluttsetninga:
Med denne biografien har Blix fått eit monument han fortener, som ein slags nynorskens nest viktigaste mann.
# lagt inn 1.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?