<$BlogRSDUrl$>

30.6.11

Blix-utstilling 

Viktig melding frå han Oscar på museet (Salten Museum Gildeskål):

UTSTILLINGSÅPNING
Ordfører Walter Pedersen åpner vår nye utstilling om Elias Blix på Prestegårdslåven lørdag 2.juli kl.12.00. De gamle Olsokfilmene fra 50 og 60-tallet vil bli vist utover dagen. Velkommen til alle!

Følg Gildeskål kirkested på Facebook her.

# lagt inn 30.6.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.6.11

Festspelpreika 

Guds kjærleiks tenar vera

Preike ved gudsteneste i uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
under Dei nynorske festspela, 26.06.2011

I.

Kjære kyrkjelyd.

Eller: Kjære festlyd.

For det er det vi er når vi kjem saman til gudsteneste, kvar einaste gong vi møtest i heimekyrkjene våre, og ikkje mindre når vi samlast til festspel.

Og vi har mykje å feire ved gudstenesta under Dei nynorske festspela i 2011.

Vi feirar 175-årsjubileet til Elias Blix. Salmediktaren, bibelomsetjaren, språkmannen og politikaren blei fødd i Gildeskål rett sør for Bodø i 1836. Ingen enkeltperson har hatt meir å seie for utviklinga av det norske kyrkjespråket. Barnekoret frå Hjørundfjord hjelper oss med å finne tonen, og vi har ingen problem med å stemme i. Blix-salmane har eigenskapar som gjer at menneske av alle slag kan syngje dei med si eiga stemme og bruke dei som sine eigne ord.

Vi feirar Bibelen. På altaret ligg Ivar Aasens velbrukte Bibel, utgitt av Det Norske Bibelselskap i 1854. Bibelen betydde mykje for Ivar Aasen, heilt frå barndommen hans her i Hovdebygda. Så mykje at Aasen brukte ufatteleg mange arbeidstimar på å gje Bibelen norsk språkdrakt, saman med jubilanten Elias Blix og eit par andre gode medarbeidarar gjennom det meste av 1880-talet. Og det skal vi vere glade for. Når Abraham snakkar til den rike mannen i 1854-bibelen hans Aasen, seier han: ”Søn! Kom i hu at du har annammet dit Gode i din Livstid.” I haust kjem det ei ny norsk bibelomsetjing. Det skal vi feire her i tunet og i Volda kyrkje den 26. oktober. Men dokker har alt fått ein trailer – er det ikkje det det heiter på nynorsk filmspråk? – alt i dag, for dei bibeltekstane festspeldiktar Bjørn har lese for oss, er frå denne nye omsetjinga. No seier Abraham: ”Kom i hug, barnet mitt, at du fekk alt det gode medan du levde.”

Framfor alt feirar vi kjærleiken. Festspela i år har kjærleik som tema. Denne gudstenesta, ja, kvar einaste gudsteneste, er ei feiring av kjærleiken: Guds kjærleik til den verda og dei menneska han har skapt. ”Sjå hans kjærleiks smil i sky, sjå kvar dag Guds nåde ny”. Kjærleiken som er sterkare enn døden.

II.

”Det e’ mang’ slags kjærlighet” song visesongaren Jan Eggum ein gong for lenge sidan. Og det er det sanneleg i Bibelen òg. Diktar Bjørn har lese for oss den kjende forteljinga om den rike mannen og Lasarus. Her snakkar Jesus om fleire slags kjærleik. Eg trur det blir tydelegare for oss om vi også les det som kjem like før i Lukasevangeliet. Der står det:

”Ein slave kan ikkje tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre eller halda seg til den eine og forakta den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.”
Så står det noko interessant: ”Alt dette høyrde farisearane, og pengekjære som dei var, spotta dei Jesus.” (Lukas 16,13-14)

Og fortel altså Jesus soga om den rike mannen og den fattige Lasarus. Til farisearane, som på denne eine plassen i Bibelen blir karakteriserte som ”pengekjære”, den opplysninga finst ingen annan stad.

No skal eg vakte meg vel akkurat her for å lage billege poeng av andre folks fordommar om sunnmøringar. Det finst slike som ville kunne finne på å mumle noko både om fariseisme og om pengekjærleik, men det er berre fordi det er så greitt å få ting til å handle om nokon annan når dei tek til å bli ubehageleg nærgåande.

”De kan ikkje tena både Gud og Mammon”, sa Jesus. Ikkje til rå og omsynslause kapitalistar, men til dei frommaste av dei fromme.

”Mammon” høyrest ut som ein litt mystisk og skummel og eksotisk guddom. Men ordet var eit heilt vanleg ord i det arameiske språket som Jesus snakka. Det tyder ”pengar”, rett og slett. Ikkje mystisk eller eksotisk, men kanskje skummelt likevel? På norsk snakkar i faktisk om å tene pengar. Alle vi som er lønsmottakarar eller næringsdrivande, gjer det. Dette er eit av dei mest ubehagelege uttrykka eg veit om i norsk språk, for det tvingar oss til å stille det ubehagelege spørsmålet: Kan ein både tene Gud og tene pengar?

III.

”Det er ikkje gale å ha pengar. Det spørst korleis ein handterer dei”, vil somme seie.

Og det sekstande kapitlet i Lukasevangeliet gir dei faktisk langt på veg rett i det. Tidlegare i same kapitlet har Jesus fortalt ei anna soge om dette. Eg vil ikkje røpe kva for ei, eg vil heller gi folk eit påskot til å nytte søndagen til å gå heim og lese Bibelen sjølv.

Problemet til den rike mannen er at Mammon har fått han til å gløyme korleis ein tener Gud. Jesus samanfatta det slik, med ord frå Det gamle testamentet, eller ”Moses og profetane”, som han helst sa: ”Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.”

Problemet til den rike mannen er at han ikkje har forstått at den fattige Lasarus rett utanfor porten hadde krav på hans merksemd, ja, kjærleik. Han skulle ha visst det. Om han ikkje forstod det av sjølve situasjonen, hadde Moses og profetane tala temmeleg tydeleg om korleis ein skal møte fattige medmenneske. Kjærleiken Bibelen talar om er ikkje abstrakt, den ligg ikkje på kjensleplanet. Kjærleik er konkret og viser seg i handling.

Etikk har blitt etterspurt vare i seinare år i samfunns- og næringsliv. Ofte tenkjer eg at det er ei god utvikling. Det kan vere vanskeleg å vite kva som er rett. Røyndommen er ofte samansett og uoversikteleg. Men somme gonger snik ein ubehageleg tanke seg inn: Kan det vere slik at vi veit så altfor godt kva situasjonen krev av oss, kva det er rett å gjere, men at vi gjer ting vanskelegare enn dei er for å sleppe?

IV.

Gøymd i forteljinga om den rike mannen og Lasarus ligg det òg ei soge om ein enda djupare kjærleik.

Når det går opp for den rike mannen kor feil han har teke i livet, bed han Abraham sende Lasarus attende frå dei døde til dei levande slektningane sine. ”Då vender dei om”, seier han. Men han får avslag. Dei har alt dei treng, dei har Moses og profetane.

Vi er heldigare stilte enn den rike mannen og brørne hans.

Vi òg har Moses og profetane. Vi veit kva krav livet stiller til oss, kva Gud ventar av oss.

Men vi har meir. For nokon har kome til oss frå dei døde. Resten av Lukasevangeliet handlar om det, om Jesu liding, død og oppstode. Om kjærleiken som er sterkare enn døden.

”Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så vil dei heller ikkje la seg overtyda om nokon står opp frå dei døde.” Evangelieteksten sluttar der. Spådomen til Abraham kan verke pessimistisk. Men den opnar samtidig for eit alternativ, ei utfordring, og det er der preika må slutte: Våg å tru på kjærleiken, på kjærleiken som er sterkare enn døden. Som Paulus skreiv i Romarbrevet (5,8): ”Gud viser sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.”

Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage ande
som var og er og vere skal éin sann Gud frå æve og til æve.

# lagt inn 26.6.11 3 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.6.11

Folkefest for Blix 

Ferieplanar? 

Søndag 14. august, Gildeskål kirkested:

Morgenbønn i Gildeskål gamle kirke

Utegudstjeneste på bergene kl. 11.00.

  • Bishop Trevor av Dover og Canterbury deltar sammen med biskop Tor B. Jørgensen og sokneprest Eivind Ørum

Forestillingen Små øyeBlix kl. 13.00

  • Nyskrevet stykke av Ragnar Hovland, med utgangspunkt i Elias Blix-tekster
  • Med Eva Dons og Lasse Kolsrud
  • Musikk av bl.a. Knut Reiersrud

Eva Dons og Lasse Kolsrud i Små øyeBlix

Elias Blix - Jubileum 2011 - Folkefest 12.- 14. august

# lagt inn 23.6.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Bispen om Blix 

Bispen er biskop Tor i Sør-Hålogaland. Les meir på bloggen hans.

Blix og Thomas, Gildeskål og Canterbury

12.-14. august er det lagt opp til en omfattende sommermarkering i Gildeskål. Her blir det Blix-inspirert folkefest tre dager til ende. Elias Blix er en folkelig skikkelse ikke bare på grunn av den salme- og sangskatten han har gitt oss, men også gjennom sitt arbeid for det norske språket og i sitt politiske engasjement for demokrati og folkelig deltakelse i samfunnet. Derfor hører også nye røster og formater med i hyllingen av Elias Blix. Gildeskål kommune skal ha stor takk for det brede perspektivet de har lagt på dette Blix-året.

Biskopens Ark: Blix og Thomas, Gildeskål og Canterbury

# lagt inn 23.6.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.6.11

Blix på festspel 

Festspelavisa for Dei nynorske festspela. Eg seier nokre ord om Blix-jubileet og friluftstudstenesta søndag på side 17. Vel møtt!
Open publication - Free publishing - More dans
# lagt inn 21.6.11 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i salmeboka 

Spalta "Rett på sak" i Avisa Nordland (papir) i dag: Kjellrun Kr. Trohaug skriv om "Elias Blix i den nye salmeboka".

På Facebook finst aksjonsgruppa Revolusjonen for Blix & Co. Gruppa har visstnok no vunne kampen for å bevare "Det er so godt å vitja" i den nye salmeboka. Ein av dei sterkaste kyrkjesalmane i norsk tradisjon har vore utryddingstruga.
# lagt inn 21.6.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix-meny 

under MIDTSOMMERTREFFET 2011, søndag 26. juni, Inndyr Havn:

- Bevertning: Salg av grillmat, Elias Blix – lakseburgere, rømmegrøt,
kaffe/kaker mm

nordlending.no : MIDTSOMMERTREFFET 2011

# lagt inn 21.6.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.6.11

Hurtigruta 

Sjølvsagt følgjer BlixBlog signingsferda til Hurtigruta på NRK 2. Ho passerte Gildeskål søndag i høgmessetida. Det er framleis mogleg å få med seg Fugløya og Sandhornet akkompagnert av "Å eg veit meg eit land", og ikkje minst Ragnhild Sælthun Fjørtofts korte, men gode introduksjon til Elias Blix og verket hans ved passering Mårnes. Finn deg eit passande punkt på kartet mellom Ørnes og Bodø, klikk og sjå. 2 dagar, 15 timar og 30 minutt skulle gi deg songen til Bodø Domkor, 2 dagar og 16 timar omtrent, så nærmar du deg Mårnes.
# lagt inn 20.6.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.6.11

Jesu målform 

var sannsynlegvis arameisk, men han kunne sikkert hebraisk og kanskje litt gresk. Helga har heilt rett.

Jesus snakka ikkje bokmål

(15.06.2011)

– Det er viktig at ungane som veks opp, ikkje trur at Jesus snakka bokmål, seier Helga Hjetland i aksjonsgruppa Språkleg rettferd i trusopplæringa. Gruppa krev at barn over heile landet får lovfesta rett til trusopplæring på si eiga målform.

Jesus snakka ikkje bokmål - Noregs Mållag

# lagt inn 16.6.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Nordnorsk Magasin 

Dessutan publiserer eg i dette og neste nummer nokre ukjende ungdomsdikt av Elias Blix – på dansk.

NORDNORSK MAGASIN 2 - 2011 er ute!

Kysthistorie:

I magasinets sommernummer kommer kysthistoria vår til syne i artikler om jektefart, om forlis og redningsdåd, om hurtigrutemuseum og om bygda Haugnes på Andøya som forsvant da NATO bygde Andøya Flystasjon. Vi har tatt en titt i mestersnekkeren Høs-Knut sin verktøykasse fra 1826, og vi har besøkt en fjerde generasjons jordbærbonde i Rana. Dette og mer med i sommernummeret av Nordnorsk Magasin!

Nordnorsk Magasin

# lagt inn 16.6.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.6.11

Blix i Avisa Nordland 

Og i Avisa Nordland i dag hadde Kjellrun Kr. Trohaug - ho underviser i norsk ved Universitetet i Nordland - ein fin kronikk om "No livnar det i lundar" som pinsesalme. Berre i papirutgåva, men du kan kjøpe den som pdf-fil her. Side 3.
# lagt inn 11.6.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Helgedagen 

Helgedagen er kyrkjelydsbladet for Time, Bryne og Undheim sokn. I juni-nummeret finn du mykje godt Blix-stoff, mellom anna ein fin jubileumsartikkel av Leif Andenes.
# lagt inn 11.6.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.6.11

Krokslett & Gryt + Blix 

Om du er i Steigen eller Meløy, kan du få med deg avslutninga på denne Elias Blix-turneen, noko eg tilrår på det sterkaste. Kristian Krokslett kjenner eg frå lanseringsarrangementet for Blix-biografien i 2008.

På turne for "Den Kulturelle Spaserstokken

# lagt inn 8.6.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.6.11

Busstur til Blix 

Avreise frå Bodø. Framleis nokre få ledige plassar.

Historisk tur 18. juni

DIS-Salten Slektshistorielag arrangerer historisk tur til Elias Blix’ Gildeskål lørdag 18. juni 2011. Start sommeren med en innholdsrik busstur i vakker natur og historiske fotefar.

Historisk tur 18. juni | DIS-Salten Slektshistorielag

# lagt inn 4.6.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Urframføringa 

til Bodø domkirkes sangskole kan du lese om og sjå bilde frå på nettsidene til Avisa Nordland.

Blix-framføring

Korene hadde i tillegg til annen musikk urframføring av ”No lauvast det i li” i anledning 175- årsjubileumet for Elias Blix. No livnar det i lundar og Å, eg veit meg eit land var blant sangene som satte publikum i vårstemning.

Sang inn sommeren | an.no

# lagt inn 4.6.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.6.11

Forseinking 

Eg er lei for at eg er seint ute med denne:

Elias Blix ute av drift
Dato: 27.05.2011, 00:01
Slutt: 27.05.2011, 23:50
Elias Blix er ute av drift grunnet teknisk.
Erstatningsbåt er ventet kl. 17:00

- Torghatten Trafikkselskap

# lagt inn 2.6.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?