<$BlogRSDUrl$>

31.5.06

Norskstil 

Norsk avgangseksamen i vidaregåande skole er over for i år. Frå Aftenposten siterer BlixBlog to særleg interessante oppgåver:
Oppgave 3) Tekster: "Verner om sitt eget språk", fra VG, 20. august 2005, og "Ein simpl, silly draum", fra Aftenposten, 27. august 2005. Ta utgangspunkt i det vedlagte tekstmaterialet og skriv en artikkel med overskriften "Det norske språk i endring".

Oppgave 6) Ivar Aasen og Knud Knudsen la grunnen for to ulike språk- og litteraturtradisjoner i Norge. Skriv en artikkel der du presenterer grunnlaget for de to tradisjonene. I hvilken grad har den tospråklige situasjonen vært en ressurs for landet vårt?
# lagt inn 31.5.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

30.5.06

Nordleg næring 

Kirkelig fokus på miljø og næringsutvikling i nord
Mellomkirkelig råd for Den norske kirke møtes i Tromsø 31. mai - 2. juni. I samarbeid med Universitetet i Tromsø inviterer Mellomkirkelig råd til seminar der man retter oppmerksomheten mot aktuelle utfordringer i nordområdene.
Les meir på kyrkja.no

Oppdatering, 02.06.06: Referat frå seminaret.
# lagt inn 30.5.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Lauvskog 

"Vi sier som Elias Blix: Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord, og atter som eit under nytt liv av daude gror" (Rissa kommune presenterer vårleg lauvskog).
# lagt inn 30.5.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.5.06

Salmar og songar 

Så har eg hatt den første kontakten med paneldeltakarane til festspelsundagen 25. juni under Dei nynorske festspela i Ørsta/Volda, festspeldiktar Olaug Nilssen, festspelprest Kari Veiteberg og festsalmejuryleiar Oskar Stein Bjørlykke. Dette trur eg skal bli fint:
13.00-14.30 Salen, Ivar Aasen-tunet
Kva gjer ein salme god?
Olaug Nilssen, Oskar Stein Bjørlykke og Kari Veiteberg i samtale med Anders Aschim
Allsong: Salmar og songar vi gjerne høyrer
# lagt inn 23.5.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Grundtvig (post festum) 

Det mykje omtala Grundtvig-seminaret "Salmediktaren Grundtvig og det danske i det nynorske" fann stad sist laurdag. Roger Lockertsen fekk rett, det blei over 100 interesserte deltakarar.

Det heile tok til med konsert i Uranienborg kyrkje. Sigvald Tveit gjennomførte i fin stil som huskomponist, ensembleleiar og pianist (sjølv med berre ni operative fingrar. Den tiande var kraftig bandasjert. Sigvald hadde ikkje gått fullt så langt som den uvillige rekrutten i Peer Gynt, men det hadde vore nære på). Jon Eikemo las Jon Fosses gjendikting av Kædmon-kvadet.

Så var det seminar, arrangert av Nynorsklaget, Uranienborg kyrkjelyd og Norsk Hymnologisk Forening. Det var gildt. Den danske litteraturprofessoren Erik A. Nielsen heldt ei svært godt og konsist føredrag om salmediktaren Grundtvig. Om hans landsmann Jan Lindhart, biskop i Roskilde og retorikar-guru, må eg nok seie at denne gongen gjorde han større inntrykk som predikant (dansk-nynorsk høgmesse i Uranienborg kyrkje sundag) enn som føredragshaldar. Folkehøgskolerektor Arild Mikkelsen tala - entusiastisk og godt - om norsk folkehøgskolesoge. Dr. theol. Synnøve Heggem hadde spennande lesingar av bruremotiv i Grundtvig-salmane. Sjølv fekk eg avslutte med å seie noko om Grundtvig og Blix. Det kan du få høyre meir om ein annan gong. Eg trur det gjekk bra. Bjørn Kvalsvik Nicolaysen oppsummerte.

Og sundag var det gudsteneste. Lindhart preika, Ralph D. Kolnes var liturg på stavangernynorsk, kor og orkester under leiing av Alf Årdal og Grundtvig-salmar så det ljoma.
# lagt inn 23.5.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Noregs land 

Av ymse grunnar har det vore lite blogging i det siste. I dag er det tid til nokre små oppdateringar.

Nasjonaldagen er passert. Tradisjonen tru drog eg inn frå Ytterbygda i Enebakk for å hjelpe hovudstaden til ei verdig feiring. Oslo Symfoniorkester har teke del i Oslo kommunes festkonsert (same procedure as every year). Eivind Grovens "Hjalarljod" var ei kjærkommen avveksling frå Svendsens "Festpolonese". Griegs a-moll-konsert, som vanleg, og mange fine innslag frå musikk/dans/dramalinjene i Oslo-skolane.

Dagen derpå kunne eg gle meg over det velkjende kulturorgan Møre-Nytt (Ørsta), som 16. mai hadde ei heilside om Garborgs nasjonalsong "Gud signe Noregs land", signert Terje Aarset. Alt den mannen veit! Fint studentbilete av Garborg, og faksimile av førsteutgåva. Songen stod på trykk under tittelen "Norsk Fedralandssong" i "Fedraheimen" onsdag 15. mai 1878.

No ventar verda på at Terje Aarset skal samle artiklane sine om klassiske nynorske songar i bokform. Den boka bør bli å finne i kvar møblert heim, saman med eit høveleg utval songbøker.
# lagt inn 23.5.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.5.06

Grundtvig att 

I dag i Aftenposten (Oslopuls): "Støvet forsvant og en saftig Grundtvig har trådt frem for Jon Fosse de siste månedene. Dagens salmediktere er bare sjelden så direkte og kraftfulle som 1800-tallets, mener salmeekspert."

Salmeeksperten er Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, og høvet er Grundtvig-seminaret laurdag, sjølvsagt.

Sjå òg omtale i Vårt Land.
# lagt inn 18.5.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.5.06

Dagens Blix 


Noregs Vaar.
Lenge, mit Land!
I Løyndom du stundad
Ventande Vaarens
Varme og Liv.
Lang var dan Vinter,
Som laag yvir Landet
Dyljande Soli
Med Dima og Driv.

Folket dat fagna
I framande Velde
Sukkande sat
Innum stengjande Mur,
Rett som naar Fuglen,
Fangad i Flugti,
Siter og sturar
Sutsam i Bur.

Stundom dat strævad
Muren at sprengja,
Bandet at brjota
I brennande Harm:
Magti var minkad,
Munad so litet;
Faafengt me freistad
At fria vaar Arm.

Fridom og Frelsa
Trælkade Folket
Vonad daa vist
Ved Himmelens Maatt;
Difyre bar dat
Brennande Bønir,
Sukkar um Sæla
Til Drottarnes Drott.

Herren os høyrde
Himlen os unde
Atter ein Mai
So undarleg mild.
Vaarsol seg synte,
Snjofennir braanad
Isbredir smeltad
Ved Straalarnes Smil.

Fedrarne saadde
Follrike Frøet,
Himlen gav Saadet
Solskin og Regn,
Gledeleg glimad
Grønande Aakren
Fruktirna fagre
I Fridomens Hegn.

Lydt uppi Lid
Og lauvade Skogar
Vengade Skarar
Sungo i Sky;
Tusende Tungur,
Som tagde so lenge,
Livnande lovad
Ljoset dat ny.

Fagraste Mai,
Du møyprude Maanad!
Nordmenn so glade
Nemna dit Namn.
Vænaste Vaarsol!
Stendigt os verma,
Lys os paa Leid
Til ein lukkeleg Hamn!
17de Mai 1860.
----------------
Syn og Segn 9 (1903) 193-195

Våren 1860 las Elias Blix til examen artium. Han rakk litt anna òg, mellom anna å skrive nasjonale vers på målet. Han publiserte dei ikkje, manuskriptet kom først på trykk posthumt.

Fedrelandssalmen (1890)
Diktet "17de Mai" (1860)
Salme til 17. Mai (1899)
# lagt inn 17.5.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.5.06

Sesong 

«No livnar det i lundar, no lauvast det i li» er Elias Blix’ betegnelse på tiden vi er inne i nå. Våren er også begynnelsen på andre ting enn naturens våkning fra vinterdvalen. «Jeg velger meg april», skrev Bjørnson. Og sant nok; det er ingen tvil om at både april og mai er måneder med mye vårsymbolikk i.

Hvor stor betydning man i dag skal legge i konfirmasjonen som en av samfunnets overgangsriter, er usikkert, men som privat markering har den i hvert fall ikke mistet sin glans og sin betydning. I tillegg er den et eventyr fordi den er en av flere anledninger der samfunnet vårt får vist frem sine mange flotte ungdommer.

Det er noe ekstra høytidelig over 14-årige gutter i sin første dress, med den første slipsknuten tilpasset av far. De blir litt strammere og rettere i ryggen enn vanlig, og gir både familie og samfunn en liten klump i halsen. Det samme gjelder unge jenter, kanskje i sin første bunad.

Våren er den tiden på året da barnefødslene statistisk er hyppigst i antall. Det er da fødeavdelingene og fødestuene ved våre sykehus vanligvis har den travleste arbeidsperioden. Stolte og slitne nybakte foreldre viser frem nye verdensborgere, som ser dagens lys for første gang sammen med vårens grønne gress og grønne blader på trærne.

Årets vanligste termindato er 23. april. Noe som også betyr at sommeren som snart kommer, er den vanligste tiden der folk lykkes med å motvirke det ikke spesielt hyggelige fallende folketallet i regionen vår . . .
Helgelands Blad på leiarplass 08.05.06

Eg vel meg Elias Blix, Bjørnson har eg aldri kunna fordra.
Har eg nemnt at vi har konfirmant i år?
# lagt inn 12.5.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Ombygging 

Ny nettstad
www.aasentunet.no endra form og struktur 10. mai.

— Nettstaden har vakse ut av si gamle form. Vi hadde også behov for eit nytt verktøy til å halde orden på dei fleire tusen filene på nettstaden, derfor var tida no inne for ei større omlegging av heile nettstaden, seier informasjonsleiar Gaute Øvereng ved Nynorsk kultursentrum.

— Vi har flytta meir enn 3500 filer over i eit nytt system, og endra ganske radikalt på formgivinga på nettstaden. Den viktigaste endringa for brukaren er at det blir lettare å finne fram på nettstaden og at den er penare å sjå på, meiner informasjonsleiaren.
Ikkje noko å seie på det. Problemet for nettstader av typen BlixBlog er berre at alle gamle peikarar herifrå til sider på (det gamle) aasentunet.no neppe verkar meir.

Medan vi er inne på slikt: Også Grundtvig-byen er nyleg bygd om. Men her ser det ut til at dei gamle peikarane framleis fører til målet.
# lagt inn 12.5.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.5.06

Kædmon-kvadet 

I kveld blei det banka på helvetes port.
Så dundrar den rullande tora.
Herolden var sterk og hans ord var fullstort.
No lytta det alt under jorda!


Nei, dette er ikkje Blix. Det er opninga av N. F. S. Grundtvigs "I Kveld blev der banket paa Helvedes Port" (etter den angelsaksiske munken Caedmon) - i heilt ny nynorsk gjendikting av Jon Fosse.

Les meir i Vårt Land - og kom på Grundtvig-seminar i Uranienborg 20.mai!

P. S. Denne teksten er kan hende best kjent i Noreg i samband med ei vidt publisert kulturhistorisk hending: Bjørnsons brot med kristen tru generelt, Vonheim-folket spesielt og Christopher Bruun individuelt.
# lagt inn 11.5.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.5.06

Salmekonkurranse 

Nynorsk salmekonkurranse engasjerer
- Vi har opplevd stor interesse for konkurransen om nye nynorske feiringssalmar som vi lyste ut i vinter, seier informasjonsleiar Gaute Øvereng i Nynorsk kultursentrum. No er det berre ein knapp månad igjen til innleveringsfristen og på tide å gjere den siste finpussen på bidraga for salmeskrivarar over heile landet.
Les meir (aasentunet.no) - og skriv ein salme.
# lagt inn 5.5.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.5.06

1. mai 

Hva revolusjonaritet angår, har jeg dette å si: Fars tilknytning til arbeiderbevegelsens organisasjoner omfattet deltagelse i Arbeiderungdomslaget i 1930-årene og som voksen mann i Fagforeningens Mandskor. I sin hvite sangerlue stod han sammen med sine kompiser og framførte 'Gryr i Norden' og 'No livnar det i lundar' foran den gamle Basarbygningen på Stortorvet hver 1. mai. Han hadde god sangstemme, og det så ut som karene satte pris på å bidra til markeringen. Etterpå dro vi hjem og spiste eggedosis, og satt i husveggen og registrerte bønder og andre borgerlige tradisjonen tro vanhellige dagen med kroppsarbeid.

Karin Sveen, Klassereise: Et livshistorisk essay (Oslo: Oktober, 2000), s. 72.
Den omtala Basarbygningen ligg på Hamar.
# lagt inn 1.5.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?