<$BlogRSDUrl$>

24.10.07

100 år 

Avisa Hordaland:
Nynorsk kyrkjemål 100 år
Hundre år er gått sidan «Tekstbok og Altarbok» på nynorsk vart godkjend for kyrkjebruk i Noreg. Sundag vart milepælen markert i Vangskyrkja [på Voss, AA].

Godkjenninga skjedde gjennom ein kongeleg resolusjon den 28. oktober 1907, kunne historikar Aslak T. Helleve fortelja, då han held føredrag under kyrkjekaffien etter gudstenesta i Vangskyrkja sundag.

- Men denne liturgien vart ikkje innrøysta i Vangskyrkja før i 1918, kunne Helleve deretter fortelja.

Elias Blix sentral
Det var med andre ord ein lang veg for nynorsken, sjølv på Voss. Alt i 1885 hadde Stortinget gjort vedtak om at «det norske folkesprog » skulle sidestillast med «vort alminnelige Skrive- og Bogsprog» som skulemål og offisielt språk. Landsmål og riksmål vart etter kvart dei offisielle nemningane.

Den som meir enn nokon var pådrivar for nynorsken i kyrkja var Elias Blix, gjennom salmane han sjølv skreiv eller attdikta frå slutten av 1860-talet og utover.
# lagt inn 24.10.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.10.07

Blix i Tromsø 

Medan biografimanuset mitt no har begynt på vegen til å bli fysisk bok, er lanseringa under planlegging. Den finn stad i samband med diktarens 172-årsdag 24. februar 2008, meir får du ikkje vite enno.

Veka etter arrangerer Kirkelig utdanningssenter i nord seminar over boka:
"Ein betre vår eingong", om Elias Blix

Dagskurs i forbindelse med lansering av ny bok om Elias Blix av Anders Aschim.
27. februar i Grønnåsen kirke, Tromsø kl 08.45-12.00.
Forfatteren deltar sammen med prof. Tove Bull
Arr: KUN
# lagt inn 13.10.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.10.07

Levert 

For eventuelle lesarar som framleis ser innom:

Inaktivitet på bloggen tyder annan aktivitet. I dag har eg levert heile Blix-biografien i manus til forlaget.
# lagt inn 12.10.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?