<$BlogRSDUrl$>

31.8.09

Valnytt 

Dei heidenske husramnane Hugin og Munin i den kristelege avisa Vårt Land:
Og så Venstre da
Lars Sponheim er på farten sent og tidlig for å overbevise velgerne om at Venstre ikke vil støtte en regjering med Fremskrittspartiet. Like fullt har Jensens og Sponheims parti noe viktig felles: Verken Fremskrittspartiet eller Venstre stiller til valg med program på nynorsk.

En leder i kollega Sunnhordland er preget av berettiget harme over Venstres svik, og vi sitererer:

«Det er enno nesten fire veker igjen, og ikkje for seint å snu. Inntil vidare får Johan Sverdrup, Elias Blix og alle dei andre rotera i gravene sine.»

Dette er ord som en slik situasjon krever.
Eg kan berre sitere Drøbak-baserte Fredrik Stabels alias, Darwin P. Erlandsen (mangeårig president i Dusteforbundet): "Tiltredes." Om nokon har gløymt kva dei las i kapitlet "Statsråd" i boka Ein betre vår ein gong: Johan Sverdrup sitt engasjement for målsaka var sterkt og tydeleg.
# lagt inn 31.8.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

30.8.09

Valnytt 

Norge IDAG 28.08.09:
Stoltenberg med sine rød-grønne hjelpere er i ferd med og avkristne Norge, dersom de får fortsette etter valget.

Dette blir det viktigste valget i Norges historie, der folket kan berge vårt land fra ulykke og undergang. Vår holdning til Israel må også legges om. Når en ser massemedias negative holdning, er det skremmende. Den som velsigner Israel, vil Gud velsigne. Hele verden skal ordne opp i det som skjer i Israel. Hadde dette skjedd i Norge, ville vi protestert mot det. Gud kaller Israel for sitt land, det er Han som bestemmer der.

Så la oss gå inn i høstens valgkamp med tro på at vi kan snu dette i riktig rettning, og vinne en viktig seier for vårt land. Elias Blix skrev fedrelandsalmen vår. Vårt heimland i mørker lenge låg. Etter 1000 års kristen påvirkning, er vi faktisk tilbake til dette mørker.
Frå eit lesarinnlegg signert Oscar Olsen. Eg er stort sett usamd i analysen (eg er ofte usamd med ting som står i Norge IDAG), men dette er ei røyst som får fram karakteristiske trekk ved ei side av Blix-resepsjonen. Notert fordi eg for tida funderer på om ein kan lære noko av historia, og i tilfelle kva.
# lagt inn 30.8.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

28.8.09

Prisnytt 

"Forfatteren Inger Bråtveit fra Suldal er tildelt årets Bjørnsonstipend" (NTB/Stavanger Aftenblad), og BlixBlog ønskjer hjarteleg til lukke. Siss og Unn er ei sterk historie og ein elegant samtale med Tarjei Vesaas' Is-slottet.
# lagt inn 28.8.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Operanytt 

Avisa Nordland:
Når operaforestillingen Carmen settes opp på Opera Nordfjord i oktober står to sangere fra Salten på scenen. Sangeren Kristian Krokslett får her sitt første større engasjement i nasjonal sammenheng.
Kristian Krokslett har tidlegare i karrieren mellom anna sunge Blix på ei boklansering i Gildeskål. Lat meg med det same slå eit slag for Opera Nordfjord (verdas einaste opera med nettside på nynorsk?) og operahuset på Nordfjordeid, lillebroren til det i Oslo du veit.
# lagt inn 28.8.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.8.09

Økumenikk-nytt 

Utsiktene til å få ein nynorsktalande pave er små, men ein nynorsktalande generalsekretær i Verdskyrkjerådet er heller ikkje å forakte. Olav Fykse Tveit kjem til å bli biskop når han kjem heim att frå Geneve, og det er ein svært god ting for Den norske kyrkja.

BlixBlog gratulerer og gler seg storleg.
# lagt inn 27.8.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.8.09

Biografinytt: oppdatert 

Oppdateringar på Aukrust-fronten legg eg inn under den opphavlege posten.
# lagt inn 23.8.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.8.09

Arkitektnytt 

"I bakgrunnen ser vi Blåbygget som ble tegnet av Elias Blix. Bygget sto ferdig i 1912."

Det er avisa Telen som har denne sensasjonelle opplysninga om posthum arkitektverksemd i dag. Det er nok ei prenteville, stort sett er det Helge Blix som har teke seg av arkitekturen i Blix-familien, så òg på Notodden.
# lagt inn 22.8.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.8.09

Valkamp 

Et storthingsvalg i vore dage giver oftest billedet af en kamp, hvis enkelte træk ikke sjelden udarter i den grad, at den i sig selv ophøjede handling frastøder ethvert finere anlagt gemyt. Personlige beskyldninger og tilrakninger, systematiske forvrænginger af sandheden, uredelig udvikling af programsagers historie og betydning og tildels selve programsagerne som frugter af vild fanatisme eller i bedste fald uklar idealisme er uadskillelige forløbere for og ledsagere af vor tids politiske valg.

(Walter Scott Dahl, Johan Sverdrup. Et storthingsbillede, 1899, 1.30)
# lagt inn 21.8.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.8.09

Prisnytt 

Bokhausten er i full gang (i konkurranse med valkampen). Eit av elementa er prisutdelingane. To gledelege registreringar i dag:

Gunnhild Øyehaug har fått Sult-prisen til "eit yngre og eminent forfattarskap". Så slepp ho å svelte ei stund framover.

Sigrid Merethe Hanssen, tidlegare vinnar av Blix-prisen, har fått Sigmund Skard-stipendet.

Sidan Øyehaug nok er oftare avbilda i norske medium enn Hanssen, er det sistnemnde du får bilde av her. BlixBlog gratulerer begge to!

# lagt inn 19.8.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.8.09

Biografinytt: Aukrust 

Eg er heimkomen frå Litteraturhuset i hovudstaden etter ei riktig vellukka lansering av Olav Aukrust-biografien til Jan Inge Sørbø, Ørneflukt og ormegard. Det må ha vore godt over 100 frammøtte, og mange måtte nøye seg med ståplass. Sverre Tusvik styrte det heile med relativt høg grad av sjølvdisiplin. Endre Skjåk ramma inn arrangementet med eit fint utval Aukrust-dikt.

På førehand har boka fått tabloid presse både i Gudbrandsdølen Dagningen ("«Kler av» Olav Aukrust i ny bok. Pikante detaljer om Olav Aukrust og svigerinnen avsløres i ny bok") og i Dagbladet ("- Hadde affære med konas søster. Kommer med intrikate avsløringer i ny biografi"). Det handlar - som vanleg - om kvinnfolk.

Trekanten Olav - Gudrun - Margit er tydeleg sentral i boka, der heile fire ulike kapitteloverskrifter refererer til "systrane tvo". Når eg for ein gongs skuld trur på forleggjaren si avvising av at dette er eit "mediestunt", skuldast det Sørbø sin fine presentasjon og diskusjon av tilhøvet mellom liv og dikting, korleis livet på mangfaldig vis verkar inn på diktinga til Olav Aukrust og omvendt. Eg ser at dette er ubehjelpeleg klisjéspråk, men eg finn ikkje anna kortform i kveld. Presentasjonen til Sørbø i kveld var i alle fall særs god og overtydande.

Cato Schiøtz tala om Aukrust sitt tilhøve til antroposofien, eit tema Sørbø har teke på alvor og gitt ei framstilling av som nesten er god nok for Schiøtz. Da får det vere bra.

Vi fekk jamvel sjå fire minutt Olav Aukrust på kinolerretet - i ei birolle i filmen "Presteenken" (stumfilm frå 1921 av Carl Th. Dreyer, etter ei forteljing av Kristofer Janson). Her gestaltar Olav Aukrust ein "mager prestekandidat" som prøvepreiker kyrkjelyden i svevn under konkurranse om eit ledig presteembete. Fantastisk. Soga om korleis Olav Aukrust gjekk til filmen finn du i boka.

Vel. Dikta til Aukrust flyg framleis vel høgt for meg, og orda blir meg i største laget. Men eg gler meg til å lese om denne bipolare (mine ord, ikkje Sørbøs!) diktaren med Sørbø som vegvisar. Eg har stor respekt for han som ein fin lesar og ein framifrå biograf.

Oppdatering, dagen derpå: Sidan du kanskje ikkje har tilgang til papirutgåva av GudbrandsdølenDagningen (Lillehammer Tilskuer blei borte i forrige fusjon) skal du få del i dagens resultat av møtet på førstesida mellom litteraturvitskapen og "det folk vil ha":

Det dobbeltsidige oppslaget inne i avisa er heldigvis noko meir nyansert. Om du lurer på kva dei hugsar av Aukrust-dikt i Gudbrandsdalen, kan faktaruta fortelje deg det:
"Mest kjente dikt: 'Ein [sic] naki grein', 'Aktion på Tande', 'Bilbeistet', 'Einsleg', 'Bøn', 'Fjell-Norig'"

Oppdatering, 21.08.09: No kjem meldingane av Ørneflukt og ormegard. Den mest interessante står i Gudbrandsdølen Dagningen (skandaleavisa du veit), under overskrifta "Edruelig om Aukrust". Den er skriven av ingen ringare enn Arne Næss-biografen Truls Gjefsen. "Olav Aukrust, odelsgutten fra Bøverdalen som ble nasjonalskald, er et ønskeemne for en biograf", skriv han som ingress til ei eksemplarisk bokmelding, poengtert, sympatisk, men ikkje ukritisk. Dessverre er GD gjerrige med kva dei legg ut på nett. Men sjølvsagt formidlar avisa òg (i går) lesarrespons av typen "Lat fjellnoregskalden Olav Aukrust få væra i fred, 80 år etter at han er død."

I Morgenbladet er det ei bokmelding av Trond Berg Eriksen, og Cato Schiøtz nyttar den faste bokspalta si på Olav Aukrust. Dag og Tid har òg eit stort oppslag, to sider, intervju med forfattaren og nokre sitat, men inga melding så langt.

Oppdatering, 23.08.09: I Aftenposten har Ingunn Økland meldt boka. "Udetonert bombe" er overskrifta. "Forfatteren vegrer seg for å fråtse i pikant materiale. Dermed er historien om Olav Aukrust blitt en sympatisk og noe tam biografi." For lite dyneløfting, med andre ord? Eg finn denne meldinga litt meir surmaga enn det Sørbø har fortent. Men det er gode observasjonar her òg: "Her møter vi for en gangs skyld en biograf med ambisjoner om å nytolke et forfatterskap. ... Forfatterskapet får en fruktbar biografisk omdreining i Ørneflukt og ormegård – uten at dikteren reduseres til hans livshistorie."

Oppdatering, 28.08.09: Mykje Aukrust i Dag og Tid denne veka. Den omfattande bokmeldinga til Ronny Spaans er eit svært viktig bidrag til samtalen om Aukrust og biografien hans. Spaans har mykje godt å seie om boka, men han slepp ikkje "dilemmaet ved Aukrust, norskdomspatosen, som tydelegvis har vore den store bøygen også for Sørbø." Han har òg nokre kritiske og høgst konstruktive merknader om den idéhistoriske bakgrunnen til Olav Aukrust: "Sørbø kunne med føremun vist til ny forsking om mellomkrigspoesi, knytt til omgrepa «nordisk modernisme» og «vitalisme», der det er sett spørjeteikn ved mange sanningar frå eldre litteraturforsking" (sannsynlegvis Spaans' eigen baby, men det er greitt, innvendinga er to the point); "Aukrust hadde større affinitet til norskdomsideologi enn antroposofi. Det spesifikt mellomalder-norske og krypto-katolske ved Aukrusts mystikk finn ein ikkje att hos Steiner, som kultus av Draumkvæde-skalden og Heilag-Olav." Noko som minner meg om at eg har grave altfor lite i bakgrunnen for Olavsjubileet i 1930, ein gedigen kyrkjeleg-nasjonal happening som i dag verkar temmeleg framandarta, men som nok fortel mykje om det ideologiske klimaet i mellomkrigstida i Noreg.
# lagt inn 18.8.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.8.09

Adjutantnytt 

NRK.no:
"Adjutanten" i Verdt å lese
Frå 21. august kan du høyre opplesingar frå Jørgen Norheims roman "Adjutanten".
# lagt inn 17.8.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.8.09

Blix i haust 

Eg har ikkje fullt så mange arrangement med Blix i fokus i år som i fjor. Men eg skal opptre offentleg ved to høve, begge blir salmekveldar i kyrkjer:

Sundag 25. oktober i Hamar domkyrkje
Onsdag 4. november i Grinilund kyrkje, Bærum

Du skal få ei påminning når det nærmar seg.
# lagt inn 16.8.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.8.09

Fleire Dønna-menn 

Helgelands Blad, 14.08.09 (papirutgåve):
Bangstua fram fra skyggen
En mann fra Dønna holdt kroningstalen til Norges første konge etter 500 år!

Ordene kommer med utropstegn og stor entusiasme når Ronald Sigerstad snakker om Anton Christian Bang. Gutten som endte opp som professor, statsråd og biskop etter å ha blitt født på Dønna i 1840 – i det hvitmalte huset vi står og ser på akkurat nå.

Sigerstad tar sats igjen.
– Når vi faktisk har huset som han ble født i, er det en unik mulighet for Dønna kommune til å dokumentere en meget stor person. Dette kan bli et fantastisk fyrtårn i Dønna!
Det finst altså eldsjeler som vil gjere barndomsheimen til Anton Christian Bang til museum. Denne munnfullen er kanskje litt stor for meg:
«I Herøy og Alstahaug slåss folk om å trekke veksler på Petter Dass. I Dønna blir biskop Bang langt på vei tiet i hjel», skriver han.
Men det er som kjent vanskeleg å bli profet på heimstaden sin.

Eg har eit nært forhold til Bang av mange gode grunnar, mellom anna står den store bibelsamlinga hans lett tilgjengeleg på arbeidsplassen min. Dessutan var han ein nær ven av Elias Blix. Eg får vere så ublyg denne gongen med å minne om at eg har skrive ein artikkel om Bang sitt engasjement for målsaka. "Evangelisten frå Dønna" stod i Årbok for Helgeland i fjor. Bang er mannen bak den første nynorske omsetjinga av juleevangeliet.
# lagt inn 15.8.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.8.09

Biografinytt 

frå Litteraturhuset:
Ormegard og ørneflukt
Erotikk, dekadanse, antroposofi og nasjonalisme
Tirsdag 18. august kl. 1900
Nedjma
Gratis

Liv og dikt hos Olav Aukrust. Aukrust-biograf Jan Inge Sørbø syner korleis den visjonære Olav Aukrust vaklar mellom helvete og himmelrike. Advokat Cato Schiøtz kommenterer Aukrusts forhold til antroposofien. Endre Skjåk, skodespelar og musikar kjend frå gruppa Lomsk, les og syng. Stumfilm med Aukrust på lerretet.


Arrangør: Det Norske Samlaget
Eg må innrømme at Olav Aukrust gir meg litt pustevanskar. No er eg spent på om Jan Inge Sørbø kan hjelpe meg med det.
# lagt inn 14.8.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.8.09

Dønna-diktarar 

Helgelands Blad 11.08.2009:
Hans H. Skei (63) er professor i litteraturvitenskap ved Universitetet i Oslo, og hadde kommet for å snakke om Dønna-dikterne John Klæbo og Ole E. Rølvaag da Helgeland Museums avdeling i Dønna arrangerte bokkafé fredag.

Noen og tjue litteraturinteresserte møtte opp, og i den lune solkroken til Nordvika gamle handelssted fikk de høre Skei fortelle om de to og lese litt fra det de har skrevet, før det ble åpnet for spørsmål og kommentarer.

Ved bordet nærmest Skei satt Jon Austad (85) og lyttet interessert. Den tidligere kommunepolitikeren, lokalhistorikeren og skolesjefen var lærer for klassen til Skei da han gikk på framhaldsskolen på Glein i 1959-60, noe professoren ikke unnlot å kommentere.
Høgst lesverdig. "John Klæbo er totalt ukjent og glemt for de fleste i Norge.
- Men vi må ta vare på ham. Han kom jo herfra", seier Skei, som sjølv har skrive ein fin artikkel om Klæbo i boka Vegen til bøkene. Artiklar om norsk litteratur (2003).

Ja visst. Lesarar av Ein betre vår ein gong vil kjenne Klæbo (og fetteren og sambygdingen hans, biskop Anton Christian Bang) frå miljøet rundt Elias Blix. Eg får kanskje vere så ublyg å nemne at forfattaren av denne boka også har skrive den vesle artikkelen om John Klæbo for Allkunne.
# lagt inn 12.8.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.8.09

00-talet 

Det var haust. Eg hadde flytta til Bergen for å starte på mitt vaksne liv. Eg skulle studere! Kultivere mitt lovande intellekt, og la det som hagen bløma (før syndefallet), godt hjelpt av stimulerande medstudentar og lærde professorar. Det var den første hausten i resten av mitt liv ...
Korleis det gjekk vidare med Agnes Ravatn, kan du lese i Morgenbladet for i dag. Dei intertekstuelle referansane held ho i alle fall styr på, inkludert den til 1. Mosebok kapittel 2 og 3.

Oppdatering, 14.08.09: Les heile innlegget til Agnes Ravatn.
# lagt inn 7.8.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Trojanske hestar 

DDE til Operaen, FrP til Det Norske Teatret. Er det rart ein blir uroleg for norsk kulturliv?
# lagt inn 7.8.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.8.09

196 

"Ivar Aasen vart fødd 5. august 1813 i Hovdebygda i Ørsta på Sunnmøre."

Ivar Aasen-tunet feirar dagen med å kunngjere neste års festspeldiktar under Dei nynorske festspela. Det blir Rønnaug Kleiva.
# lagt inn 5.8.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.8.09

Likestilling 

NRK Møre og Romsdal:
Kyrkja blir skulda for å drive språkleg diskriminering. Papira som er sende ut til kyrkjevalet er stort sett på bokmål.

Leiaren i likestillingsutvalet i Møre og Romsdal, Reidun Klock Tjervåg, seier ho er provosert:

- Eg synes dette er lite respektfullt ovenfor ein stor del av medlemmene i Den norske kyrkja, seier ho.
Forsvaret? "Dårleg tid". For å sitere Charlie Brown i bokmålsutgåve: "Jeg gremmes".

PS: Ting kan tyde på at nettjournalisten heller ikkje har hatt så god tid ...<

Oppdatering, 04.08.2009:
Heller ikkje Noregs Mållag er nøgd med Kyrkjerådet.

Oppdatering, 05.08.2009:
Og i dag har Reidun Klock Tjervåg eit innlegg i Sunnmørsposten om saka.
Sjøl har eg skrive til Kyrkjerådet at eg ikkje kjem til å røyste ved soknerådsvalet med mindre eg blir likestillt med bokmålsfolket og altså får valkortet på mitt eige mål.
Dette handlar om likestilling og respekt.
# lagt inn 2.8.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?